Skrivekurset på Voss Januar 2002:

Like dokumenter
Erfaringar frå skrivekursa i Hordaland

OK, seier Hilde og låser.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Veslefrikk. Mai Helsing Oddbjørg, Vibeke, Gunn-Iren og Elida

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Av en født forbryters dagbok

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Egil Christophersen til minne.

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Månadsbrev for Blå, april 2016

Å halde ein læresamtale

Frå dikt til teikneserie

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Eg hugsar den dagen eg kunne lesa. Det har eg aldri gløymt. Eg sat på golvet ved sida av bokhylla, og så kunne eg lesa. Då kunne eg velja sjølv.

Årsplan for Norsk

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Det skjer på biblioteket i sommar. Sommaropningstid. 13. juni 22. august. Fjell folkeboksamling. Fjell folkeboksamling

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom Haugesund kommune og Haugesund sjukehus, Helse Fonna Dato: 23.februar.2015

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Helsestasjonen i Volda vil gjerne foreslå Bra mat kurs for innvandrar til innovasjonsprisen 2015.

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Månadsbrev for Februar

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Heilt einig. Litt einig

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Litterære verkemiddel

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Last ned Tid for tale - Liv Marit Aksnes. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tid for tale Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Månadsplan for Hare November

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 6 - Mai. Denne gongen er det Afrika Zambia som me skal ha fokus på. * * *

6. trinn. Veke 24 Navn:

Elevundersøkinga 2016

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Til deg som bur i fosterheim år

SAMARBEID HEIM OG SKULE

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Norsk 2. klasse

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

Handlingsplan for godt skulemiljø for skuleåret (Olweus) Revidert oktober 2016

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

MÅNADSBREV FOR SEPTEMBER:

Bibelmeditasjonar om bøn

Sluttrapport. VossaAktiv! Prosjektnummer: Prosjektleiar: Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors. Søkjarorganisasjon: Norges Røde Kors

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Dato og stad. Stord Petanqueklubb er arrangør av Norgesmesterskapet i Petanque 2018.

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Å skape og presentere ei framsyning

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Barn og unge sin medverknad i barnevernet.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Halvårsplan, hausten 2011

Velkomen som konfirmant

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING I TYSNESBARNEHAGANE

Skuleåret 2017/2018.

Til medlemane i Voss Husflidslag

Månadsbrev Januar `18

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Bibeltimar over Nehemja 1-4

Bruk av driftsmidlar Frifond

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

Brukarrettleiing E-post lesar

Månedsbrev Bikuben april 2016

Transkript:

Skrivekurset på Voss Januar 2002: I oktober 2001 starta Prosjekt Eldrepedagogikk i samarbeid med biblioteket ved SILK, Tvildemoen opp eit kreativt skrivekurs for eldre i Voss kommune. Lærarar på kurset er Oddgeir Synnes og Mona Steiner Sæle, og til no har det blitt arrangert fem møte. Ulikt dei andre kursa, er det her overvekt av menn - i alt er vi seks menn og to kvinner forutan lærarane som annankvar tysdag møtest i biblioteket til SILK på Tvildemoen. Og det er litt av ein gjeng vi har fått samla! Som de ser av tekstane som er lagt ut, og som etter kvart vil bli lagt ut, finn vi tekstar som femnar breitt både når det gjeld stil og innhald - og kvaliteten på produkta er det ikkje noko å seie på. Mona S. Sæle og Magnhild Vestrheim Halle Skjervheim og Knut Mørkve Olav Tvilde, Lars Jørdre og Marta Ringheim Arefjord

Februar 2003: Det er er vel åtte månader sidan kurset på Voss vart avslutta, men deltakarane held fram med å møtast. Eitt av desse møta kan du lese om her: Skrivekurset på Voss vart formelt avslutta i juni 2002. Men deltakarane hadde så mykje på hjarta at skrivinga laut halde fram. Etter kursslutt har dei møttest kvar fjortande dag heime hjå kvarandre for skriving, opplesing og oppleving. Tysdag 4. februar vart vi lærarane inviterte oppover for å vere med på eit av skrivesamkoma deira. Her ser vi skrivegruppa saman med kurslærar Mona Steiner Brekkan og Halvor på fire og ein halv månad! Denne gongen fann møtet stad heime hjå Olav. I lekse hadde dei fleste førebudd tekstar til oppgåva "Rasteplass", men her var også rom for andre løysingar. Det vart ei herleg stund, som tekstane kan gi eit lite innblikk i. Berre synd at Knut og Sigmund ikkje var til stades denne gongen. Derimot var det gledeleg å få treffe Sigbjørn Lien som har kome til som nytt medlem av skrivegruppa.

Vårsol og skriving på Voss Mai 2004: To år etter at skrivekurset var ferdig, held framleis deltakarane på Voss koken. Den 26. mai var eg invitert til Voss for å treffe gjengen att, og sjå korleis det gjekk med skrivinga: Skrivegruppa på Voss samla rundt kaffibordet Juni 2004 For to år sidan hadde eg gleda av å vere ein av to lærarar ved skrivekurset på Voss. Etter 12 skriveøkter vart kurset avslutta i juni 2002. Deltakarane hadde då skrive tekstar i ulike litterære sjangrar som haiku-dikt, novelle, forteljing og kåseri, og dei hadde førebudd og framført munnlege forteljingar. Men noko slutt på skrivinga ville ikkje deltakarane finne seg i. Dei hadde framleis mykje uskrive, og kurset hadde synt at skriveevnene absolutt var til stades. Resultatet vart at skrivegruppa heldt fram med jamlege møte. Så ein gong i månaden treffast dei heime hjå kvarandre og les opp tekstar til oppgåver dei har kome fram til i fellesskap. Men sjølv om gruppa har blitt "sjølvstyrande" er det godt at dei ikkje gløymer sine tidlegare lærarar. Den 26. mai vart eg invitert til Voss av skrivegruppa. Denne gongen var det Magnhild og Martha som hadde tatt initiativet til ein guida tur med ymse stopp rundt om i Voss kommune. Etter kaffistopp med innlagde foredrag på Norheim, enda turen til slutt i Voss sentrum. Der var det duka for middag og dessert, og ikkje minst ein smakebit av tekstane dei hadde skrive til denne samlinga. Temaet denne gongen var "Ei oppleving", og det var retteleg ei oppleving å høyre korleis deltakarane hadde løyst denne oppgåva på ulikt vis.

Skrivegruppa samla på Norheim med Lønahorgi i bakgrunnen. Frå venstre: Olav K. Dugstad, Olav Fr. Tvilde, Magnhild Vestrheim, Marta Ringheim Arefjord, Sigbjørn Lien, Lars Jørdre og Knut K. Mørkve. Magnhild Vestrheim kåserer over farne tider på Voss.

Skrivekurset på Radøy Mai 2002 Skrivekurset på Radøy vart starta opp 16. april som eit samarbeid mellom Prosjekt Eldrepedagogikk og Radøy kommune. Vi er så heldige å få møtast i den gamle prestegarden på Manger, same hus som den kjende Michael Sars budde i då han var prest på Manger. Lokala forpliktar, og det er kjekt å kunne melde at tekstane som kjem frå Radøy svarar til dei høge forventningane vi hadde ved oppstarten av kurset. Vi har no hatt fire samlingar før vi tok sommarferie. I august startar vi opp att og held fram med samlingane i prestegarden. Gro Borgund, Maren Hole og Svanhild Grindheim under avslutningskurset no i vår. Gro Borgund, Maren Hole og Svanhild Grindheim under avslutningskurset no i vår. Berit Kvalvik og kursleiar Oddgeir Synnes prøver å smile naturleg

Skrivekurset i Fyllingsdalen Oktober 2003: Skrivekurset i Fyllingsdalen blei starta i april 2003. Annankvar torsdag møtast vi i kafeen på Borghilds Minne i Lillehatten til skriving, opplesing av tekstar og til samtalar over kaffikoppen. Latteren sit laust - her er mykje moro, men og alvor som blir formidla gjennom dikt, noveller og forteljingar. Kurset har resultert i mange fine tekstar. Men kurset har framleis ein del møter att å sjå fram til før vi nærmar oss avslutning ved juletider. Her kjem det til å kome mange fleire tekstar etterkvart, så følg med! Inger-Karin og Annie i ivrig samtale Randi og Kjell studerer ei nyskriven novelle

Skrivekurset ved Slettebakken Menighets Eldresenter November 2003: Skrivekurset ved Slettebakken Menighets Eldresenter blei starta i mars i år. Lesarar av Eldreveven har lenge kunne gleda seg over mange av dei fine tekstane som har kome fram på kurset, og no kan ein også sjå nokre av skribentane på bileta under. Kurset har vore svært vellukka, og det er vemodig at det nærmar seg slutten. Men sjukeheimen ved styrar Janneke Eide har planar om at skrivegruppa skal halde fram, og fleire tilsette har vore på kurs for nye kurshaldarar hos Prosjekt Eldrepedagogikk. Så her blir det mykje spennande å sjå fram til! Johanne, Janneke og Borghild under skrivegruppa 13. november. Thomy og Ewald Elna og kursleiar Odd i lystig lag.

Stine, Lilly og Solveig lytter til ein av tekstane om romantikk før i tiden.