Kopiert fra gammel hjemmeside: Jon Rømmesmo: HELLERISTNINGANE I HOLE



Like dokumenter
Kulturhistoriske registreringar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Kva er økologisk matproduksjon?

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Brukarrettleiing. epolitiker

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Einar Kleiven har leita etter elvemusling i Vest-Agder, nærare bestemt i nokre bekkar i Mandalselva og i Nesheimvassdraget på Lista.

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kom skal vi klippe sauen

KULTURBÅTEN M/S NYBAKK BLIR AMBASSADØR FOR GULATINGET TUSENÅRSSTADEN FOR SOGN OG FJORDANE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Frå novelle til teikneserie

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Minnebok. Minnebok NYNORSK

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Til deg som bur i fosterheim år

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

SOGN & FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Bilete og figurar i Word

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

KULTURHISTORISK REGISTRERING

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk


Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

M/S NYBAKK SI HISTORIE


Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

mmm...med SMAK på timeplanen

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

BUSKERUD FYLKESKOMMUNE. Utviklingsavdelingen ARKEOLOGI. Helleristningene i Skogerveien - Drammen

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Plassebakken Barnehage

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

VOLLASETRA I SUNNDAL

Sagn. Det finnes flere ulike typer fortellinger. Noen av disse fortellingene kaller vi sagn og myter.

8. Museum og samlingar

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

/

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

S.f.faste Joh Familiemesse

6. trinn. Veke 24 Navn:

Årsplan i samfunnsfag for 3.årssteg Læreverk: Cumulus (Aschehoug) Lærebok, elevbok, kopieringsoriginalar, nettstad:

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

a) 5 5 b) 7 9 c) 1 0 d) 5 10 Teikn ei tallinje frå 6 til 6. Merk av tala så nøyaktig som mogleg. 2,6 3,8 5 5,9 5,6 0,1 3,8

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Brukarrettleiing. For bruk av datamaskin/projektor i undervisningsrom

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Informasjon til elevane

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Transkript:

Kopiert fra gammel hjemmeside: Jon Rømmesmo: HELLERISTNINGANE I HOLE Dei fleste helleristningar er frå bronsealderen. I Hole har vi helleristningar på Sundvollen og ved garden Berget lenger ute mellom Utvika og Nes. Ristningane på fjellsida ved Berget er laga med sikker linjeføring. Det ser ut til at kunstnaren ( kunstnarane ) kjente godt til skipa dei laga bilete av. Kanskje har dei vore med og laga desse skipa. Dei har fått ulik utforming på fjellveggen. Ser vi her individuelle skip som har trafikert Tyrifjorden for 2 3000 år sidan? Først til helleristningane på SUNDVOLLEN: Ristningane på den horisontale steinflata ved gamleskolen på Sundvollen er av eit heilt anna slag. Dei er ikkje så profesjonelt utført og viser stokkbåtar for 5 6 7 personar, som padla. Ein stokkbåt vart laga av ein trestamme. (Det var også ein tofura båt på steinen. Den ser ikkje ut til å vere fullført). Steinen var kan hende ein offerstein. Dersom den var det, har det her runne mye dyreblod kanskje også menneskeblod. I tillegg til båtristningane er det tre skålgroper og to minne om soldyrkinga, som vi veit var vanleg i bronse- og jernalder: konsentriske sirklar. Vi kan tenke oss at denne staden også vart bruka som festplass. På biletet av helleristningane ser vi at det meste er laga med ristaren plassert på nedsida av biletet. Men i alle fall ein båt og solmennesket er laga frå den andre sida. Er det gjort seinare enn det andre på steinen? Denne båten og den store tofura er meir i slekt med ristningane ved Berget. Figuren, som eg har kalla solmenesket, meiner eg svarar til dei figurane vi finn på andre helleristningar i Vestfold og Østfold. Kanskje har ristaren hatt eit vagt minne om spiralen, som ofte blir brukt andre stader? Korleis vart stokkbåtane laga? Dei vart laga av store trestammar, som dei hogg og skava innmaten ut av. For eksempel lindetra eigna seg godt til dette. Det kan hende dei kjende den teknikken vi har sett i bruk i seinare tider med å brette eller tvinge ut den øverste kanten av båten? Sjå teikningane. Stokkbåtar er heilt ned til vår tid laga på denne måten:

Helleristning Sandefjord (Hauge, Haugen) TYRIFJORDEN (og elvene) VAR VEGEN og var det enno i fleire tusenår. I 1905 for eksempel var det enno dampskipskaier kring Tyrifjorden og skip i rutefart. Sia har vegane teke over. BERGET: Ein gong på 1850-talet var det ein mann som rodde langs med berget ved garden Berget i Hole. Han leitte etter eit minnesmerke om ei ulykke. Det var hogge inn i bergsida ein stad. Det var eit nygift par som var omkomne i ein storm på fjorden. Så nøye såg han etter at han oppdaga helleristningar, som var over 2000 år gamle. Det var vanskeleg å sjå dei, for viss det hadde vore farge i streka, så var den borte for lenge sidan. Til no er det funne ristningar av minst 7 tofura skip. Dei to lengst i nord stemner mot nord, dei fem andre mot sør, mot sola. Eitt av dei er ein mindre robåt. Det er også ei ristning av ein labyrint. Heilt for seg finn vi ved Nes ei stor steinhelle med to sirklar på sol og måne. Eitt av skipa frå Berget. Etter: Fornminner i Buskerud, Oslo 1985. Av ristningane kan vi ikkje finne noko, som tyder på at dei er skapte i eit bonde- eller jegarsamfunn. Det er ingen bilete av dyr her. Det einaste er stamnen på noen av båtane. Han viser eit hestehovud. Hesten kom hit i bronsealderen og vart sikkert brukt som eit symbol på styrke. Var dette eit lite samfunn av krigarar eller røvarar? Ein litt mindre spennande moglegheit er det at dei kanskje dreiv med transport. Frå Berget hadde dei godt oversyn over ein stor del av fjorden. Kor lang tid var dei her dei folka, som laga ristningane? Det veit vi ikkje. Hestehovud frå ristning i Berget: Hestehovud frå ristning i Østfold. Vestsida av Tyrifjorden var ein gamal transportveg mot Oslofjorden og havet og tilbake mot innlandet.(seinare vart vegen over Lier mest brukt.) Både aust og vest for Tyrifjorden var det utrygge og farlege skogsområde.

Så litt om båtane: Dei hadde plass til ca. 11 16 padleårar. Båtane var bygd opp av trestammar, som vi må tru var bøygd i varme og damp. På spantane, som gjekk på tvers av skipet, var det anten trekt dyrehuder, eller det var trebord, som var sydd saman med bastsnorer. Korleis vi veit det? Les skildringa her om det danske jernalderskipet frå Als i Danmark: Linnaeus reise til Lappland 1732. Båt sydd med bastsnor eller snor laga av sener. Sideborda kunne lagast ned til 1,2 cm tjukke.

Foto: Ulf Güssow

Ein labyrint var opprinneleg til å gøyme seg i. Ein som gjekk inn i den ville gå seg vill. Den første vart bygd i det gamle Hellas av kong Minos for å gøyme Minotaurus, som var sonen til dronninga.. I bronsealdrens Norge finn vi labyrinten m.a. som helleristning på Berget og på smykker truleg som eit magisk vern.

Berget, Hole: Helleristning Ein av helleristningsbåtane frå Berget med 12 padlarar, 1 rorkar og 1 skipsførar (?). Foto: Ulf Güssow.

Dei to helleristningsbåtane som er lengst i nord stemner mot nord. ("Nord og ned"?). Dei andre båtane stemner mot sør mot sola. (Foto: Bjarte Rømmesmo) Berget. Helleristning nr. 7. "Robåt". Foto: Bjarte Rømmesmo Vi har brukt svart og raud farge på bileta for å gjere ristningane synlege. LABYRINTAR.

www.bealljecohkka.no Bilde:Harald Sunde. Dette er eit foto av labyrinten på Holmengrå. Den var ca. 10 m i diameter og var bygd opp av steinar og jord. Labyrintar av dette slaget har det vore over store delar av verda. Dei vart laga frå 1000 år før Kristus til fram på 1800talet. I dag er dei fleste borte. Nokre av desse kan vi spore ved hjelp av stadnamn. Labyrinten har vore bruka i opent landskap, som den på Holmengrå, (til gudsdyrking opptog og ritualer i heidensk tid(?)). meir sjeldan på helleristningar som på Berget i Hole. på yttervegg Seljord kyrkje. på kyrkjegolv, f.eks Chartres-katedralen (som symbol på menneskelivet?). på kvinnesmykker frå bronsealderen (magisk hjelp til å få barn?). Revidert 09.05.2006 Rømmesmo/Viktil

Jon Rømmesmo Skip i bronsealdertradisjon i Danmark På øya Als i Danmark har ein funne eit slikt skip, som vart datert til ca. 350 før Kristus, altså eldre jernalder like etter bronsealderen. Skipet vart funne i det som nå er ei myr, og det var så godt bevart at danskane rekonstruerte det og prøvde det ut. Det var eit effektivt og godt skip, lettrodd (med padleårar) og ser ut til å ha vore eit krigsskip, som var erobra av danskar og sia ofra til gudane senka ned i ein liten innsjø. Det var lagt krigs- og kjøkenutstyr i skipet utstyr for ca. 100 personar. Åtaksstyrken kunne ha vore på 4 sånne skip som Hjortspringbåten. Skipet var bygd opp av lind, med ein kano i botn, og så var det sydd på med snor av lindebast to breie fjøler på kvar side. (Lindebast var kanskje ikkje sterk nok til eit havgåande skip.) Slår du opp på Hjortspringbåden på internett, finn du foto av båten. Du kan og finne ein videosnutt der båten blir padla fram. Padlarar kunne ro ein båt som denne tvers over Tyrifjorden, frå Berget til Tyristrandsida på ca. 45 minutt. I parantes til slutt: Flåten og stokkbåten kom sikkert først. Men det er også ei lang historisk utvikling bak dei båtane vi ser på helleristningane ved Berget i Hole. Danskane rekonstruerer no eit skip frå 1600 år før Kristus, Rørbyskipet. Det liknar og på våre skip frå Berget; men dei, som rekonstruerer skipet, (Hjortspringbådens Laug) meiner det var trekt med skinn i staden for å ha sideflater av trebord. Vi finn båttypen på eit bronsesverd frå Danmark.

Hjortspringbådens Laug, Danmark Skipet med prins Henrik. Foto: Weile, Sebbe Als. Hjortspringbådens Laug. Fra Åbenrå fjord. Foto: Otto Uldum 09.02.2006 Rømmesmo/Viktil

Jon Rømmesmo: For skoleelevar: Liv i krig og fred i bronsealderen. Helleristningane frå bronsealderen på Sundvollen og ved Berget er veldig enkle. På Sundvollen er det mesta berre båtar og ved Berget skip. Berget har i tillegg ein labyrint. (Den er sjeldan som helleristning.) Bilete av dyr og menneske finst ikkje her berre strek, som skal symbolisere menneske. Men vi er så heldige at vi kan gå til den svenske vennskapskommunen vår: Tanum. Der kan vi oppleve noko meir av fortida og møte menneske og dyr frå bronsealderen. Dersom du bruker lenkane, kan du og sjå korleis husa såg ut i den tida. Bronsealderskip. Hole. Norge. Det var 14 mann som padla + ein mann som styrte og ein hadde kommandoen. Helleristning. Skip. Tanum. Sverige På helleristninga frå Tanum ser vi at det er to menn som er viktigare enn dei andre, ein foran og ein bak. Dei har hjelmar med horn på hovudet. Det ser ut til å vere 12 padlarar her.

Liten båt. Bronsealder med 5 mann ombord. Hole. Norge. Ein av dei var vel sjefen? Fiske i bronsealderen. Tanum. Sverige. Desse to båtane var ikkje stokkbåtar og dei var ganske lette. Den vesle utveksten bak på kjølen på båe båtane var vel ein stabilisator, ei tyngde for å hindre at båtane velta. Bronsealder. To oksar og ei vogn, Tanum. Sverige. Vogn og oksar er bretta ut så det blir mest mogleg tydeleg korleis dei ser ut.

Bronsealder. Pløying med to oksar. Tanum. Sverige. Denne plogen kallar vi ard. Den er laga heilt av tre. Krigar frå bronsealderen.tanum. Sverige

Mann med spyd og skjold. Tanum. Sverige. Krigarar med runde skjold er som regel frå ei eldre tid enn dei med 4-kanta skjold. Krigar. Tanum. Sverige Lurblåsarar med hjelm. Tanum. Sverige I bronsealderen var keltarar og norrøne menn ofte nakne når dei kriga eller dyrka gudane sine.

Hestar og menneske. Tanum. Sverige. Mann med skjold, pil og boge. Tanum. Sverige. Dei bileta frå Tanum, som du har sett her, har vi endra på den måten at vi har gjort dei så tydelige som mogleg. Det har vi gjort fordi tida har tært på helleristningane, gjort noko av dei mindre synleg. Linken til helleristninger i Tanum viser korleis dei ser ut på bergflatene no. Klikk på linkane til: Vitlycke museum: Med m.a. helleristningar og bronsealderhus. Helleristninger i Tanum: Bruk kartet. Klikk på dei raude rundingane. Universitetet i Bergen: Avsnittet om bronsealderen. Arbeidsoppgåver. Fornminne i Rogaland: Bronsealderen: Klikk på dei blå rundingane. Her er det illustrasjonar - bilete frå livet i bronsealderen, m.a. av drakter. Stavanger museum. 25.03.2006 Rømmesmo/Viktil

Jon Rømmesmo: Litteratur: Gro Mandt / Trond Lødøen: Bergkunst. Helleristningar i Noreg. Det norske samlaget, 2005. (Hovedverk om helleristningar i Norge.) Anders Hagen: Bilder i berg. Anders Hagen. Johan Grundt Tanums forlag. 1966. Olav Nordheim Mikael Holmberg: Bilde i berg. Samlaget 1997 (for barn). Einar Østmo: Helleristninger av sørskandinaviske former på det indre Østlandet: fylkene Buskerud, Akershus, Oslo, Oppland og Hedemark 1990. FORNMINNER I BUSKERUD rapport om toppografisk-arkeologisk registrering for det økonomiske kartverket. Hole kommune. Universitetets oldsaksamling. Oslo 1985. (ISBN 82-7181-047-2) Thor Heyerdal og Per Lillieström: Ingen grenser. J. M. Stenersens forlag A/S 1999. (ISBN 82-7201-270-7). Steinar Moe og Einar Østmo: Norske helleristninger Utgitt til OL 1994 (ISBN 82-993126-0-4). Knud Vagn Valbjørn: Hvad Haanden former er Aandens Spor. Hjortspringbåden rekonstrueres. Hjortspringlaugets Forlag 2003. 18.09.2006 Rømmesmo/Viktil

Linker : Hjortspringbåten i Danmark Dansk side om helleristninger Vitlycke museum i Tanum i Sverige Helleristninger i Tanum Universitetet i Bergen Fornminner i Rogaland Stavanger museum