Lokalisering-allokeringsanalyse i høve skulestruktur. Innspel til Skulebruksplan 2012

Like dokumenter
ANALYSE AV TAL PERSONAR SOM BUR INNAFOR EIN AVSTAND PÅ 45 MINUTT MED BIL FRÅ UTVALDE REGIONSENTER I SOGN OG FJORDANE.

AUD-rapport Berekning av dispensasjonar frå skuleskyssordninga. Grunnlag for svar til helse og opplæringsutvalet.

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde.

Kollektivreisetid og skulestruktur i Hordaland

NOTAT Reisetidsanalyse

NOTAT Framtidig sentralitet

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

HORDALANDD. Utarbeidd av

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Elevtalsframskriving

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Bestandsplan søre Kvinnherad og Åkrafjorden årsleveområde for hjort

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Om Fylkesprognoser.no

Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Endring i sonestruktur

Nærpolitireforma - høyringsfråsegn

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

E39 Stord Os Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

Bustadbehov i Bergensregionen

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Varehandelstatistikk til bruk i utvikling av senterstruktur- og kjøpesenterpolitikk i Hordaland AUD-rapport nr

Arealanalyse av bustadbygginga i Bergensområdet. på 2000-talet. Nr. 7-15

Arbeidsliv

Karakternivået i grunnskulen og den vidaregåande skulen

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

Kostnader for bussar i kø i Bergensområdet

Samla oversikt over talet på innbyggjarar og befolkningsutvikling i kommunane i Helse Fonnaområdet:

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

2014/

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Velkomen til plannettverk om sentrumsutvikling! Sentrumsutviklingsarbeid er utettervend... del bord med nokon du ikkje kjenner frå før!

Om Hordaland fylke FYLKESROS HORDALAND

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

3.3 Oversikt over ulike hovudalternativ

Folketal, demografi og prognose for Nordhordland. Folketal pr og prognose

Bestandsplan Sogndal og Luster årsleveområde for hjort

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Å løyse kvadratiske likningar

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

RAPPORT SPØRJEUNDERSØKING FERJESAMBANDET KVINNHERAD STORD. Undersøkinga er gjennomført i juni-august

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref Stina Nordbak 15/

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

6-åringar på skuleveg

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Tabell E-fk viser kriteriedata som ligg til grunn for berekninga av indeksverdiane som er vist i tabell D-fk.

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Ullensvang. Prognosar for folketalet, August AUD-rapport nr

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Barnehagebruksplan for Klepp kommune

Delområda i Kvam. Prognosar for folketalet, August AUD-rapport nr

Redusert eigendel elev-pc

tapte årsverk i 2011

Orienteringar: Solbakkenprosjektet Arbeidet så langt m.o.t. PLO prosjektet Samhandlingsreforma og kva som ligg så langt i den økonomiske pakken

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Regionalt kjøp av kollektivtransport på veg, sjø og skinner. Mona Haugland Hellesnes, fylkesvaraordfører i Hordaland

Kartlegging av verksemder som søkjer driftstilskot frå Hordaland fylkeskomme

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Eksamen våren Fag: MAT1001 Matematikk 1P-Y. Eksamensdato: Tysdag 13. mai Kunnskapsløftet. Vidaregåande trinn 1. Yrkesfag.

2P-Y eksamen våren 2018 løysingsforslag

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Delområda i Kvam. Prognosar for folketalet, April AUD-rapport nr

Velkomen til Hordaland og regionsenteret Nordheimsund. Bård Sandal Fylkesdirektør regional utvikling

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Kommunens bekrefta DOK: Nytt vedlegg til FDVavtalen

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

Delrapport 2 Modell 2

Transkript:

Lokalisering-allokeringsanalyse i høve skulestruktur. Innspel til Skulebruksplan 2012 Desember 2011 AUD-rapport nr 13-11

Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune Analyse, Utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Lokalisering-allokeringsanalyse i høve skulestruktur. Innspel til Skulebruksplan 2012 Publikasjonsserie/nr: AUD-rapport nr: 13-11 http://www.hordaland.no/aud-rapportar Dato: 23. desember 2011 Forfattar: Torbjørn Eidsheim Bøe Tlf: 55 23 93 02 E-post Torbjorn.Boe@hfk.no Hordaland fylkeskommune og Norge Digitalt (gjeld alt innhald) 2

Innhald 1. Målsetting for analysen... 4 2. Datagrunnlag, metode og feilkjelder... 4 2.1. Datagrunnlag... 4 2.2. Metode... 4 2.3. Feilkjelder og veikskapar... 5 3. Resultat... 6 3.1. Generell forklaring... 6 3.2. Kriterium for lokalisering... 6 3.3. Hovudfunn...6 4. Diskusjon av resultat... 7 4.1. Skilnader i lokalisering ved 60 minuttar maksimal køyretid... 7 4.2. Skilnader mellom lokalisering ved 45 og 60 minuttar... 8 4.3. Konsekvens for skulestruktur... 8 Vedlegg... 9 Tabellar Tabell 1: Tal på utvalde stadar. Namnet referer til karta i vedlegg 1-4... 6 Figurar Figur 1: Kartet viser utvalde stadar i 2011 og 2040 (60 minuttar maksimal køyretid) som ikkje samanfell med utvalde stadar frå motståande år gitt ein buffer på 5 km frå den utvalde staden... 7 3

1. Målsetting for analysen Målsettinga for analysen er å kasta lys over ein diskusjon rundt skulestruktur. Analysen i seg sjølv søkjer å finna optimal plassering og tal på stadar dersom ein skal maksimera dekning (til busette i alderen 16-19 år) og minimera talet på utvalde stadar, innanfor ei maksimal køyretid. Ut frå dette kan analysen kan gje eit bidrag til diskusjon omkring ein skulestruktur, som sjølvsagt vil omfatta langt fleire parametrar. Analysen søkjer ikkje å gi eit svar på optimal plassering av skular. 2. Datagrunnlag, metode og feilkjelder Kapittelet skildrar datagrunnlaget, den anvendte metode og feilkjelder 2.1. Datagrunnlag Lokalisering og allokeringsanalysen tar utgangspunkt i folketalsdata frå SSB, tettstaddata frå SSB, Skulepunkt og vegnett frå Nasjonal Vegdatabank (NVDB). Tettstadar for 2011 er henta frå SSB og følgjer SSB sin definisjon av tettstad: Ei samling hus der det bur minst 200 menneske og avstanden mellom bygningane normalt ikkje er meir enn 50 meter 1. Tettstaddata er omarbeida for analyse og eit punkt for kvar tettstad er laga i kvart tettstadpolygon. Vegnettet som er brukt er opphavleg frå NVDB, men er tilrettelagt for nettverksanalyse av firmaet Geodata og Hordaland Fylkeskommune. Nettverket inneheld informasjon om estimert køyretid for kvar veglenke ved oppgjeven fartsgrense. Tidskostnadar ved sving i kryss er ikkje kalkulert. For ferjestrekningar er det berre estimert overfartstid. Andre faktorar som ventetid og frekvens, er ikkje berekna. Folketal er henta frå SSB folketalsdata på rutenett (1*1 km ruter). SSB-datasettet inneheldt tal for totalt folketal i kvar rute. Ut frå rutenettet er det laga eit punktdatasett, med 1 punkt i det geometriske senter av kvar rute der folketalet >= 1. Vidare er det estimert folketal for gruppa 16-19 år i kvart punkt. Estimeringa er gjort ved å bruke prosentdelen 16-19 år på kommunenivå for å finne talet på personar mellom 16-19 år i kvart punkt. Det er også gjort ei estimering av folketalet i kvart punkt for årstalet 2040 for kategorien 16-19 år. Estimeringa for kvart punkt er gjort ved å bruke folkeframskriving på kommunenivå for aldersgruppa 16-19 2. Prosentdelen på kommunenivå er brukt til å finne talet på personar i kvart punkt. 2040 er det lengste framskrivinga går pr i dag, og er vald for å få størst mogleg forskjell i datasetta slik at analysen vil kunne få fram klare tendensar. Skulepunkt er tilrettelagt ved geokoding ut frå data henta Hordaland fylkeskommune sin database. 2.2. Metode Analysen er gjort i ArcMap med network analyst. Køyringane er gjort mha. Modelbuilder. Analysen allokerer folkesetnad til tettstader/skulepunkt, vidare kalla aktuelle stader. Dette gjev ein premiss for kor mogelege lokaliseringar kan bli gjort. Talet på aktuelle stader må avgrensast, og opp mot ein diskusjon rundt skulestruktur er vurderinga at tettstadar og dagens skular vil vera ei hensiktsmessig avgrensing. Andre avgrensingar kunne vore gjort. Kriteriet er at eit minimum av aktuelle stadar skal 1 En hussamling skal registreres som et tettsted dersom det bor minst 200 personer der, og avstanden mellom husene skal normalt ikke overstige 50 meter. Det er tillatt med et skjønnsmessig avvik utover 50 meter mellom husene i områder som ikke skal eller kan bebygges. Dette kan for eksempel være parker, idrettsanlegg, industriområder eller naturlige hindringer som elver eller dyrkbare områder. Husklynger som naturlig hører med til tettstedet, tas med inntil en avstand på 400 meter fra tettstedskjernen. De inngår i tettstedet som en satellitt til selve tettstedskjernen. http://www.ssb.no/emner/02/01/10/beftett/ 2 tal frå SSB henta frå http://statistikk.ivest.no/hf/ 4

veljast ut, men med ei optimalisert dekning til busette innanfor ei maksimal køyretid. Metoden er heuristisk og gjev ei tilnærma optimal løysing. Reisetid er vekta etter folketalet i kvart punkt. Eit befolkningspunkt med høgt folketal gi ei høgare vekta reisetid enn eit befolkningspunkt med lågare folketal trass identisk reisetid til ein aktuell stad. Dette påverkar igjen kva aktuelle stadar som blir vald, sidan analysen søkjer å minimera summen av vekta reisetid som vert allokert til ein aktuell stad. Blant alle dei aktuelle stadene finn analysen det minste talet stadar som skal til for å ha ei best mogeleg dekning til befolkningspunkta, men innanfor ei definert maksimal køyretid. Samanhengen mellom reisetid og vekta reisetid er lineær i denne analysen og kan framsettast slik: (cost df = λ * impedance df ) der d = demand point (befolkningspunkt) og f = facility (aktuell stad), cost df = transformert nettverksimpendans mellom aktuell stad og folketalspunkt. λ = 3 impendansparameter som vil vera 1 ved ein lineær samanheng Linjene i kartet er rette mellom punkt for folketal og tettstadar. Årsaka til rette linjer er kartografisk. Kalkulasjonen er gjort via vegtrase. Det er brukt 2 ulike maksimale køyretider. Desse er 45 og 60 minuttar. Dersom ingen av folketalspunkta kan nå eit aktuell stad innan maksimal køyretid vil ikkje punkta bli allokert. 2.3. Feilkjelder og veikskapar Det er berre gjort ei berekning for reisetid med bil. Kollektivtilbod som buss, snøggbåt og tog er ikkje med. Ferjestrekningar er med, men utan at det blir tatt omsynt til ventetid. Endringar i vegnettet vil påverka reisetider. Det er ikkje lagt inn framtidige endringar i vegnettet. Enkelte folketalspunkt blir ikkje lokalisert. Dette gjeld få tilfelle, men kan skuldast både feil i vegnettdata, plassering av folketalspunkt for langt frå veg, eller at området ikkje har veg\ferjetilkopling. Folketalet i kvart punkt er ei estimering og vil vera unøyaktig. Kategorien 16-19 år er berekna ut frå prosentdelen denne aldersgruppa utgjer på kommunenivå, noko som vil gje dels store avvik frå reelle tal. Framskrivinga både på kommunenivå og vidare estimering på punktnivå er usikker. Folketalspunkta kan gi inntrykk av høgare nøyaktigheit enn det som er tilfelle. Punkta representerer eit område på 1 * 1 km. Endringar over tid i folkesetnaden si geografiske utbreiing er ikkje berekna. 3 Avsnittet Impendance Transformation på http://help.arcgis.com/en/arcgisdesktop/10.0/help/index.html#//004700000050000000.htm 5

3. Resultat Kapittelet skildrar resultatet gitt i kart som vedlegg 1 til 4. Overskrift på karta referer til årstal (for folketal) og maksimal køyretid brukt i analysen. Tabell 1 syner talet på utvalde stadar ved kvar analyse og namnet på kartet. Ein ser at det ved 60 minuttar maksimal køyretid blir det vald ut 17 stadar for begge årstal, mens det ved 45 minuttar maksimal køyretid blir vald ut 29 stadar for begge årstal. Tabell 1: Tal på utvalde stadar. Namnet referer til karta i vedlegg 1-4. Namn på kart: 2011, 45 minuttar 2011, 60 minuttar 2040, 45 minuttar 2040, 60 minuttar (vedlegg 3) (vedlegg 1) (vedlegg 4) (vedlegg 2) Tal utvalde stadar: 29 17 29 17 3.1. Generell forklaring Karta viser utvalde stader (oransje sirklar) der folketalspunkta (16-19 år) er allokert til. Av alle dei aktuelle stadane (sjå metodedel) har dei utvalde stadane ei tilnærma optimal plassering i høve til kriteria (eit minimum tal på stadar med maksimal dekning til busetnad innanfor ei maksimal køyretid). Det er gjort fire lokalisering-allokeringsanalyser, høvesvis for folketal for 2011 og 2040, med ei maksimal køyretid på 45 og 60 minuttar for begge årstala. Dei utvalde stadene er symbolisert med storleik etter kor mange personar (16-19 år) som er allokert til staden. Symboliseringa bruker naturlege brot for å laga kategoriar. Skilja mellom kategoriane er sett der skilnaden mellom verdiane er relativt stor. Denne måten å symbolisera på er vald for å fram variasjonen mellom dei låge verdiane i talmaterialet då like kategoriar skjuler variasjonen. Naturlege brot er uegna til samanlikning mellom kart. For samanlikning er difor talet for allokerte personar til kvar utvalde stad merka i kartet. Folketalspunkta representerer folketalet for 16-19 år inndelt i 5 kategoriar etter naturlige brot. Linjene mellom folketalspunkta og utvald stad viser kva utvald stad punktet er allokert til. Enkelte folketalspunkt har ikkje linjer inn til ein utvald stad. Dette skuldast at desse folketalspunkta ikkje er allokert til ein stad. Årsaka til dette er i hovudsak at analysen ikkje har greidd å allokera dei til eit aktuelt punkt innanfor den maksimale køyretida. 3.2. Kriterium for lokalisering Utgangspunktet for lokalisering av dei utvalde stadane er ei utveljing av tettstadpunkt og punkt der det pr i dag ligg skular. Kva av desse punkta som blir vald er avhengig av kor mange folketalspunkt som kan dekkast innan maksimal køyretid, og vektinga av kvart punkt. Som skildra i metodedelen er den vekta reisetida høgare for eit punkt med mange folk enn for eit med færre. Analysen kan dermed gje eit bidrag til diskusjon omkring ein skulestruktur sett i lys av køyretider og befolkning, men analysen i seg sjølv seier berre noko om dei mest sentrale tettstadpunkt/skulepunkt dersom ein skal maksimera dekning og minimera talet på utvalde punkt. Analysen har ingen tak på kor mange folk som kan bli allokert til ein utvald stad. Ein skule må sjølvsagt ha eit tak på talet på elevar. I høve diskusjonen rundt skulestruktur og elevtal kan ein gjera ei vurdering av summen av personar mellom 16 til 19 år som blir allokert til ein utvald stad. Analysen bruker berre bilnettet. Den tar ikkje omsyn til kollektivtransport, og ferjestrekk har berre ein estimert tidsbruk for overfart. Folkegruppa 16-19 år vil i stor grad bruka kollektivnett. Transport med bil vil likevel gi ein peikepinn på tid med busstransport, men det er viktig å vera klar over dette når ein vurderer resultatet. 3.3. Hovudfunn Vi ser ut frå Tabell 1 at det ikkje er endring i talet på utvalde stader mellom dei to årstala så lenge maksimal køyretid er den same, mens det er forskjellar i lokalisering av stadar i analysane for 60 minuttar maksimal køyretid. Ein finn ikkje ulik lokalisering mellom analysane for 45 minuttar maksimal køyretid. 6

Analysen syner store skilnadar i tal på utvalde stadar og lokaliseringa av dei, mellom 45 og 60 minuttar maksimal køyretid. 45 minuttar maksimal køyretid gjev fleire utvalde stadar enn 60 minuttar maksimal køyretid. Det er også ein tendens til at analysane for 45 minuttar lokaliserer eit mindre tal personar til kvar utvalde stad. Som forventa trekk større byar og tettstadar til seg utvalde stadar fordi metoden gir høgare vekta reisetid dess høgare folketal. I enkelte tilfelle blir svært små tettstadar vald ut, der folketalspunkta omkring har låge verdiar. 4. Diskusjon av resultat Tabell 1 syner at analysen ikkje gjev endring i talet på utvalde stader for 2011 og 2040 så lenge maksimal køyretid er den same. Dette kan forklarast ved at endringar i den geografiske utbreiinga av busetnaden ikkje er berekna (sjå kap 2.3). Minimum tal på stader vert difor det same ved begge årstala. Det er vanskeleg å seia noko om korleis ei estimering av endring i utbreiing av folkesetnad hadde gitt seg utslag på analysen, men truleg ville ikkje utslaga vore særleg store sidan mykje av auka busetnad skjer innanfor dei områda som pr. i dag har busetnad. Ein ser også at 45 minuttar maksimal køyretid gir fleire utvalde stadar enn 60 minuttar. Dette er ein naturleg følgje av at dekningsgraden er mindre ved 45 min, og at analysen søkjer å maksimera dekningsgrad. 4.1. Skilnader i lokalisering ved 60 minuttar maksimal køyretid Trass i at talet på utvalde stadar er det same ved lik maksimal køyretid varierer lokaliseringa noko mellom 60 minuttar maksimal køyretid for 2011 (vedlegg 1) og 2040 (vedlegg 2). Forskjellen kan forklarast ved at framskrivinga endrar folketalet som igjen endrar vektinga av folketalspunkta. Kart (2040, 60 minuttar) i vedlegg 2 syner at Os kommune får ein utvald stad (Nordvik) for 2040, også vist i detaljkart figur 1. Dette kan truleg forklast ved at Os aukar mykje i folketal. Dersom analysen skulle behalde strukturen for 2011 ville den vekta reisetida som er forbunde med folketalspunkta frå Os bli stor. Analysen finn dermed at den samla vekta reisetida blir mindre ved å velje eit tettstadpunkt i Os. Ein følgje av lokaliseringa i Os er at busetnad rundt Eikelandsosen (figur 1 og vedlegg 2) blir lokalisert til både Os og til ny lokalisering; Oma. Folkesetnaden rundt Rosendal blir då allokert til Sunde/Valen nær Husnes. Figur 1: Kartet viser utvalde stadar i 2011 og 2040 (60 minuttar maksimal køyretid) som ikkje samanfell med utvalde stadar frå motståande år gitt ein buffer på 5 km frå den utvalde staden. 7

4.2. Skilnader mellom lokalisering ved 45 og 60 minuttar Ved 45 minuttar maksimal køyretid (tabell 1 og vedlegg 3 og 4) ser ein at talet utvalde stader går opp for å kunne dekke flest mulig folketalspunkt men samstundes minimere talet på utvalde stadar. Dette gir også ein tendens til at færre folk bli allokert til kvar utvalde stad. Det er verdt å merke seg at talet på folketalspunkt som ikkje blir allokert til ein utvald stad også aukar. Dette er fordi punkta ikkje når ein aktuell stad for lokalisering innan 45 minuttar. Ved begge dei maksimale køyretidene vil folkerike områder trekkja utvalde stadar mot seg. 45 minuttar maksimal køytetid må gje fleire utvalde stadar men samstundes må dei plasserast nærare områder med høgare folketal for å minimere samla vekta reisetid. Dette forklarar tendensen til at 45 minuttar maksimal køyretid har fleire utvalde stadar (men lågare allokert folketal) i og rundt områda med høg busetting enn ved 60 minuttar. Analysane på 45 minuttar har altså fleire utvalde stader å fordele, og alle vil trekkast mot stader med høgt folketal samstundes som kravet om maksimal dekning skal takast omsyn til. Kravet om dekning innan maksimal køyretid gjev seg også utslag i at enkelte utvalde stadar får svært få personar allokert til seg fordi folketalspunkta ikkje ligg innanfor dekning til område med høgare folketettleik. Utveljing av stad på Fedje ved 45 minuttar maksimal reisetid er eit døme på dette. Aktuelle stader er som nemnd alle tettstadar og skular. Tettstadar vil i utganspunktet ha høgare folketal enn spreiddbygde strøk. Dagens skular er plassert i og rundt tettstader. Kva som er aktuelle stadar gjev sjølvsagt ein premiss om at det berre er område med ein noko høgare folketettleik som kan veljast ut, men det er svært stor skilnad mellom folketalet i tettstadane. Talet på aktuelle stader er også høgt i høve til utvalde stader, då det er heile 479 aktuelle stader (sjå kart vedlegg 5). Analysen er også meint å gi eit innspel til planlegging av skulestruktur. Ut frå dagens plassering av skular er det lite truleg at spreiddbygde strøk skal vera aktuelle for lokalisering av skular. 4.3. Konsekvens for skulestruktur Vi ser at det er stor skilnad på kor mange personar (16 19 år) som blir allokert til dei utvalde stadane (tabell vedlegg 6). I høve til ein diskusjon rundt skulestruktur må resultata difor brukast indirekte. Dei utvalde punkta varierer mellom å allokere eit folketal langt under det elevtalet ein skule bør ha til å allokere eit folketal langt over det elevtalet ein skule kan ha. For å bruka resultata i ein diskusjon rundt skulestruktur må ein difor gjera ei vurdering av kor mange skular området rundt eit utvald punkt bør ha for å dekkja det folketalet som er allokert til staden, eller om det allokerte folketalet er tilstrekkeleg til å ha ein skule. Ei slik vurdering vil kunne gi ein indikasjon på ein skulestruktur der utgangspunktet er ei utveljing av tettstadar/skulepunkt ut frå parametrane folketal og reisetid. Som det mellom anna går fram av kapittel 2.3. Feilkjelder og veikskapar) er det fleire parametrar som ikkje er med i denne analysen, men som må vurderast i diskusjonen rundt skulestruktur. I forlenginga av dette veit vi at skular i større eller mindre grad er fagspesifikke, og at det er fritt skuleval. Dette kompliserer diskusjonen ytterlegare. Kompleksiteten i ein heilskapleg diskusjon rundt skulestrukturen går altså langt utover det ein kan avleia frå denne analysen. 8

Vedlegg 9

vedlegg 1

Vedlegg 2

Vedlegg 3

Vedlegg 4

Vedlegg 5

2011, 45 minuttar 2040, 45 minuttar Utvalde stadar Allokert folketal* Utvalde stadar Allokert folketal* Årås 447 Årås 566 Årstad videregående skole 9531 Årstad videregående skole 12591 Bergen 5030 Bergen 6912 Bergen 69 Bergen 89 Dale 246 Dale 263 Dimmelsvik 174 Dimmelsvik 184 Eidfjord 54 Eidfjord 71 Eikelandsosen 237 Eikelandsosen 277 Etne 196 Etne 217 Fedje 22 Fedje 15 Granvin 164 Granvin 126 Hausvik 1180 Hausvik 1441 Kinsarvik 103 Kinsarvik 92 Knappskog 1338 Knappskog 1653 Leirvik 1418 Leirvik 1660 Leknes 1275 Leknes 1748 Norheimsund 440 Norheimsund 423 Odda 314 Odda 280 Odda 103 Odda 93 Oma 117 Oma 120 Røldal 29 Røldal 26 Rosendal 79 Rosendal 84 Skulestadmoen 488 Skulestadmoen 526 Storebø 263 Storebø 339 Sunde/Valen 427 Sunde/Valen 452 Sveio 328 Sveio 460 Svortland 519 Svortland 591 Våge 164 Våge 146 Vossevangen 231 Vossevangen 250 2011, 60 minuttar 2040, 60 minuttar Utvalde stadar Allokert folketal* Utvalde stadar Allokert folketal* Årås 469 Årås 581 Åsane videregående skole 3785 Åsane videregående skole 5113 Bergen 12919 Bergen 13103 Bergen 69 Bergen 89 Dale 267 Dale 284 Eikelandsosen 874 Etne 216 Etne 195 Husnes 703 Kinsarvik 256 Kinsarvik 231 Leirvik 2265 Leirvik 2713 Leknes 1126 Leknes 1535 Norheimsund 544 Nordvik 4665 Rosendal 224 Norheimsund 546 Skarde 413 Oma 265 Storebø 263 Skarde 379 Sunde/Valen 462 Storebø 339 Våge 164 Våge 179 Vossevangen 784 Vossevangen 836 * 16-19 år