SAMNANGER KOMMUNE 1 av 8 MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 24.10.2012 Møtetid: 13:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller ugildskap må meldast snarast råd til ekspedisjonen (tlf. 56 58 74 00 eller e- post adm@samnanger.kommune.no), som vil kalla inn varamedlem. ordførar/leiar av utval 1
2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 010/12 12/628 Lønstillegg til uorganiserte i lokale lønsforhandlingar Oversikt faste saker Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av protokoll frå førre møte Delegerte vedtak/referatsaker Utvalet sitt kvarter 2
SAMNANGER KOMMUNE 3 av 8 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jan Erik Boge Arkivkode: FE-500 Arkivsaksnr: 12/628 Løpenr: 12/5472 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Administrasjonsutvalet 24.10.2012 010/12 JEB LØNSTILLEGG TIL UORGANISERTE I LOKALE LØNSFORHANDLINGAR Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Det skal til neste møte leggjast fram sak om lønstillegg til uorganiserte i lokale lønsforhandlingar. Det må i saksutgreiinga mellom anna gå fram kva som er gjeldande rett på dette området, samt kva praksis nabokommunane har. Dokument som er vedlagt: Uttale frå Sivilombodsmannen frå 2002 Retningslinjer for god forhandlingsskikk Dokument som ikkje er vedlagt: Hovudtariffavtalen, Lønspolitisk plan for Samnanger kommune Kva saka gjeld: Dei fleste tilsette i kommunen er løna etter kapittel 4 i den kommunale Hovudtariffavtalen (HTA). Tilsette i denne gruppa får løna si fastsett både gjennom dei sentrale tariffoppgjera og i lokale lønsforhandlingar i kommunen. Lokale lønsforhandlingar for tilsette som er løna etter kapittel 4 i HTA, skjer vanlegvis annakvart år (ein gong per tariffperiode). Det er i dei sentrale tariffoppgjera det vert bestemt om det skal vera lokale lønsforhandlingar i tariffperioden, samt kor stor forhandlingspotten skal vera. Forhandlingspotten vert fastsett som ein prosent av den samla lønsmassen til dei tilsette som er løna etter kapittel 4 i HTA. Prosentsatsen varierer frå tariffoppgjer til tariffoppgjer. 3
4 av 8 I tariffoppgjeret 2012 vart det avtalt at det skal gjennomførast lokale lønsforhandlingar hausten 2012 for tilsette som er løna etter kapittel 4 i HTA. Forhandlingspotten er 1,2 prosent av lønsmassen. For Samnanger kommune utgjer dette om lag 700.000 kroner. Forhandlingane vert gjennomført mellom representantar frå kommuneadministrasjonen (med stabssjef som forhandlingsleiar) og representantar frå dei aktuelle fagforeiningane i Samnanger. Dei lokale lønsforhandlingane i Samnanger vart gjennomført 17. og 18.10.2012. Det har vore ei tilbakevendande utfordring i lokale lønsforhandlingar i Samnanger at kommuneadministrasjonen og fagforeiningane er usamde om kva reglar som skal gjelda for lønstillegg til uorganiserte (tilsette som ikkje er medlemmer i ei fagforeining). Dette var eit problem også i årets forhandlingar. For å unngå dette problemet i framtidige forhandlingar, er kommuneadministrasjonen og fagforeiningane samde om at det skal leggjast fram sak i administrasjonsutvalet om kva praksis kommunen skal følgja i framtidige lokale lønsforhandlingar. Noverande situasjon: Dei lokale lønsforhandlingane startar ved at arbeidsgjevar legg fram eit første tilbod. Dette tilbodet skal ikkje omfatta meir enn 50% av forhandlingspotten. Fagforeiningane meiner at dersom arbeidsgjevar vil gje lønstillegg til uorganiserte, må desse personane takast med i første tilbod. Alle fagforeiningane er samde om at arbeidsgjevar undervegs i forhandlingane ikkje skal gje lønstilbod til andre uorganiserte enn dei som er med i første tilbod. Fagforeiningane meiner i utgangspunktet også at lønstilboda til uorganiserte ikkje skal aukast undervegs i forhandlingane, med unnatak av i tilfelle der det vert gitt auka gruppetillegg undervegs i forhandlingane (til dømes til alle sjukepleiarar). Kommuneadministrasjonen har hatt som utgangspunkt at fagorganiserte og uorganiserte i utgangspunktet skal behandlast lønsmessig likt. Kommuneadministrasjonen har hatt som praksis at det undervegs i forhandlingane kan leggjast inn lønstillegg til uorganiserte som ikkje er med i første tilbod. Føresetnaden for dette er at det undervegs i forhandlingane vert avtalt lønstillegg til fagorganiserte frå stillingsgrupper som ikkje er med i første tilbod. Vurderingar og konsekvensar: Fagforeiningane sitt utgangspunkt: Fagforeiningane er opptekne av at lokale lønsforhandlingar skjer mellom arbeidsgjevar og fagforeiningane, og at fagforeiningane berre forhandlar for tilsette som er fagorganiserte. Uorganiserte tilsette har ingen forhandlingsrett i lokale lønsforhandlingar. Fagforeiningane meiner i utgangspunktet at resultatet av lokale lønsforhandlingar bør visa at det løner seg å vera fagorganisert. Ei av fagforeiningane har meldt frå om at dei meiner det er å undergrava forhandlingssystemet/partsforholda dersom lønstillegg som vert gitt til fagorganiserte i forhandlingane også automatisk vert gitt til uorganiserte. Ei av fagforeiningane tok i forhandlingane 17. og 18.10.2012 opp at dei meiner kommuneadministrasjonen sin praksis er i strid med Hovudtariffavtalen sine Retningslinjer for lokale forhandlinger - God forhandlingsskikk (sjå vedlegg). 4
5 av 8 Fagforeiningane hevdar også at Samnanger kommune sin praksis skil seg frå praksisen i dei fleste andre kommunar, til dømes Os, Fusa og Stord. I desse kommunane vert det i følgje fagforeiningane normalt ikkje gitt andre lønstilbod til uorganiserte enn det som vert lagt ut i første tilbod. Kommuneadministrasjonen sitt utgangspunkt: Som nemnt tidlegare i saksframlegget har kommuneadministrasjonen sitt utgangspunkt vore at fagorganiserte og uorganiserte skal behandlast lønsmessig likt. Frå vår side er det ønskjeleg at alle tilsette er fagorganiserte, men som arbeidsgjevar har me plikt til å ivareta også uorganiserte. Dette er same prinsipp som vert gjeld i dei sentrale lønsoppgjera, der same lønstillegg vert gitt til fagorganiserte og uorganiserte. Kommuneadministrasjonen meiner det er problematisk dersom tilsette med same stilling/arbeidsoppgåver, utdanning og ansiennitet vert skilde lønsmessig på bakgrunn av om dei er fagorganiserte eller ikkje. Forslag til vidare framdrift i saka: Kommuneadministrasjonen har ikkje hatt høve til å utgreia saka tilstrekkeleg til administrasjonsutvalet sitt møte 24.10.2012. Me foreslår derfor at administrasjonsutvalet gir kommuneadministrasjonen i oppgåve å utgreia saka og leggja den fram for endeleg behandling på neste møte i utvalet. Bakgrunnen for tilrådinga er at det er fleire juridiske forhold som bør sjekkast ut før administrasjonsutvalet får saka til endeleg behandling. Me viser her mellom anna til vedlagte uttale frå Sivilombodsmannen frå ei sak i ein norsk kommune i 2002. Det er nødvendig å sjekka nærmare kva som er gjeldande rett per i dag på dette området før administrasjonsutvalet får saka til endeleg behandling. 5
6 av 8 Forskjellsbehandling av uorganisert arbeidstaker ved utbetaling av lønnstillegg etter lokale forhandlinger (sak 2002-2042) Forskjellsbehandling av uorganisert arbeidstaker ved utbetaling av lønnstillegg etter lokale forhandlinger (sak 2002-2042) Sivilombudsmannens årsmelding. Referat av saker. 2002 Sak 2002-2042 Lønnsforhøyelse etter lokale forhandlinger ble for A som uorganisert arbeidstaker iverksatt tre måneder senere enn for de organiserte arbeidstakerne. A gjorde overfor ombudsmannen gjeldende at dette var ulovlig diskriminering av uorganiserte arbeidstakere. A hevdet at han hadde krav på etterbetaling av lønnsforhøyelsen. Ombudsmannen kom til at kommunens vektlegging av de ansattes organisasjonstilknytning var usaklig og således rettsstridig. Kommunen ble bedt om på nytt å vurdere å etterbetale lønnsforhøyelse til A for den aktuelle perioden. Etter fornyet vurdering besluttet kommunen å etterbetale lønn til A. Ved de lokale lønnsforhandlingene i 2000 og 2001 besluttet kommunen å innvilge den definerte arbeidstakergruppen fagkonsulenter lønnsforhøyelse med to lønnstrinn hvert år. I denne forbindelse fattet Administrasjonsutvalget vedtak om at lønnsforhøyelsen for de uorganiserte arbeidstakerne skulle iverksettes tre måneder etter virkningsdatoen for lønnsforhøyelsen. Ved brev til kommunen gjorde A gjeldende at forskjellsbehandlingen mellom organiserte og uorganiserte arbeidstakere var i strid med rundskriv nr 13/2001 fra Kommunenes sentralforbund. A fremmet i denne forbindelse også krav om etterbetaling for den aktuelle perioden disse to årene, men kommunen avslo kravet. Saken ble tatt opp med kommunen, som ble bedt om å opplyse om det var riktig at lønnsforhøyelsen ble iverksatt tre måneder senere for de uorganiserte arbeidstakerne, og i så fall gjøre rede for begrunnelsen for dette. I kommunens svar het det blant annet: «Administrasjonsutvalgets vedtak ble iverksatt i forbindelse med lokale forhandlinger i 2000 og 2001. Grunnlaget for Administrasjonsutvalgets vedtak, var at ansatte som er organiserte og betaler sin fagforeningskontingent ikke skal tape på å være organiserte. En utbetaling med samme virkningstidspunkt for organiserte og uorganiserte ville i realiteten innebære en forskjellsbehandling til fordel for de uorganiserte. Det vil etter utvalgets mening være feil om det skal lønne seg å være uorganisert, man spør seg hvilket forhandlingssystem vi da ville fått.» Kommunens svar ble forelagt A, som meddelte at han ikke hadde ytterligere å bemerke i saken. I mitt avsluttende brev til kommunen uttalte jeg: «Kommunen har som arbeidsgiver plikt til å ivareta alle arbeidstakernes interesser også i lønnsspørsmål, uavhengig av hvorvidt og eventuelt hvor de ansatte måtte være organisert. Videre tilsier prinsippet om organisasjonsfrihet at lønnsog arbeidsvilkårene til de ansatte i det offentlige ikke bør være avhengig av arbeidstakernes organisasjonsforhold. I kommunene, som i den offentlige forvaltning for øvrig, gjelder det forvaltningsrettslige prinsipp om likebehandling, det vil si forbud mot usaklig forskjellsbehandling. Dette prinsipp gjelder også kommunen som arbeidsgiver. Det klare utgangspunkt er derfor at kommunen har plikt til å behandle alle ansatte i samme type stilling likt, også med hensyn til avlønning. Det som her er sagt må likevel ikke forstås dithen at det generelt ikke vil være rettslig adgang til å gjennomføre lønnsjusteringer for en bestemt gruppe ansatte eller enkelte arbeidstakere, herunder organiserte og uorganiserte, dersom det til grunn for justeringene ligger forutsetninger som ikke har å gjøre med de berørte ansattes organisasjonstilknytning. Det kan være tilfelle når det skal forhandles lokalt om lønnsjusteringer i stillingers/arbeidstakeres arbeids- og/eller ansvarsområde eller andre konkrete forhold knyttet til bestemte ansatte eller grupper av ansatte ligger til grunn, eller det er tale om spesiell avlønning som en personlig ordning, jf også hovedtariffavtalen kapittel 4, pkt. 4.3.1 til 4.3.3 og kapittel 5. Jeg viser til ombudsmannens tidligere uttalelser i tilsvarende saker, inntatt i ombudsmannens årsmeldinger 1972 side 28, 1994 side 103-107 (især på side 106) og 1995 side 119-122 (især på side 121). Kommunen har i sitt brev hit opplyst at lønnsforhøyelsen ble iverksatt senere for de uorganiserte arbeidstakerne for å kompensere for de organiserte arbeidstakernes utgifter til fagforeningskontingent. Jeg forstår kommunen slik at den finner det urimelig dersom de uorganiserte arbeidstakerne skal motta de samme fordeler under lønnsoppgjøret som de 1 2
7 av 8 Forskjellsbehandling av uorganisert arbeidstaker ved utbetaling av lønnstillegg etter lokale forhandlinger (sak 2002-2042) organiserte når de ikke betaler fagforeningskontingent. Dette er imidlertid ikke kommunens anliggende, og en forskjellsbehandling fra kommunens side basert på de ansattes organisasjonstilknytning, herunder deres betalingsforpliktelse i forbindelse med medlemskapet, er usaklig og således rettsstridig. Etter dette finner jeg at kommunen ikke hadde adgang til å utsette iverksettelsestidspunktet for lønnsforhøyelsen for de uorganiserte arbeidstakerne. På denne bakgrunn anmoder jeg om at kommunen på nytt vurderer spørsmålet om etterbetaling.» Etter dette aksepterte kommunen å etterbetale lønn med tillegg av renter til klageren. 2 2
8 av 8 Vedlegg 3 Retningslinjer for lokale forhandlinger God forhandlingsskikk Det vises til HTA kapittel 3 punkt 3.2.1. Med utgangspunkt i dette vedlegget utformer de lokale parter retningslinjer for gjennomføring av lokale forhandlinger. Hensikten er å sikre gode prosesser slik at partene lokalt kan gjennomføre reelle forhandlinger. De lokale parter bør gjennomføre årlige evalueringsmøter om de lokale lønnsforhandlingene. Lønnspolitiske drøftinger Drøftingsmøter etter HTA kap. 3 pkt. 3.2.1 er lønnspolitiske drøftingsmøter, der partene drøfter bruken av alle forhandlingsbestemmelsene. Arbeidsgiver har ansvar for gjennomføring av lønnspolitiske drøftinger og forhandlinger. Det er arbeidsgiver som innkaller partene til drøftings- og forhandlingsmøter. Drøftingsmøter legges så tidlig at organisasjonene og arbeidsgiver får tid til å arbeide med konkrete krav og tilbud. Der forhandlingene desentraliseres, bør det i tillegg til et samlet drøftingsmøte også gjennomføres drøftingsmøter på desentralisert nivå. De parter som lokalt blir enige om det, kan gjennomføre forhandlingene etter forhandlingssammenslutningsmodellen. I drøftingsmøte tar partene blant annet opp Erfaringer fra tidligere forhandlinger Forhandlingsforløp Gjensidig informasjon om forhandlingsutvalgenes sammensetning Hvem som omfattes av forhandlingene, herunder forholdet til de uorganiserte Lokal lønnspolitikk og -kriterier. Det skal tilstrebes enighet om kriteriene Tydelighet i prioriteringer og begrunnelser Hvilken statistikk og hvilke lønnsopplysninger arbeidsgiver skal legge frem i forbindelse med forhandlingene Rutiner for informasjon av forhandlingsresultater Tillitsvalgtes rett til å få faktiske opplysninger om lønnsvilkår ved lokale forhandlinger I forbindelse med lokale lønnsforhandlinger etter HTA kap. 3, 4 og 5 har tillitsvalgte rett til innsyn i lønnsopplysninger som er relevant for forhandlingene. For selvstendige rettsubjekter som er organisert etter særlov (f.eks. lov om interkommunale selskaper og aksjeloven) gjelder den samme rettigheten, dog slik at tillitsvalgte før utlevering av opplysninger plikter å undertegne en taushetserklæring. Eventuell oversendelse av opplysningene elektronisk må skje innenfor rammen av personopplysningsloven. Gjennomføring av forhandlinger etter kap. 4 pkt. 4.A.1 Følgende legges til grunn ved gjennomføring av lokale forhandlinger etter pkt. 4.A.1 dersom partene lokalt ikke blir enige om annet: Partene lokalt nedsetter et beregningsutvalg som fastsetter pottens størrelse for arbeidstakere som er omfattet av forhandlingene etter pkt. 4.A.1. Partene lokalt berammer tidspunkt for oversendelse av krav fra arbeidstakerorganisasjonene til arbeidsgiver. Organisasjonene gis anledning til å begrunne sine krav før arbeidsgiver i felles møte legger fram første tilbud. Første tilbud bør gjenspeile krav både fra organisasjonene og arbeidsgiver og ikke omfatte for stor del av den samlede pott. Tilbudet skal omfatte eventuelle tilbud til uorganiserte, angitt på stillingskategori. Organisasjonene argumenterer for sine gjenstående krav før det gis ytterligere tilbud. Organisasjonene gis mulighet til å være oppdatert om tilbud som gis underveis, ved at også påfølgende tilbud presenteres i fellesmøter. Underskriving av protokoller utstår til hele potten er fordelt og organisasjonene har fått oversikt over samlet bruk av potten.