Tussa og elbilar
Tussa og elbilar I Tussaområdet står transport for om lag 30 % av den totale energibruken, derav om lag 50 % knytt til personbilar Fossilt drivstoff er nær 100 % dominerande innan segmentet Utviklinga i marknaden og teknologien for elbil, ligg naturleg utanfor Tussa sitt fokusområde Ein vesentleg barriere for utvikling av volum på elbil i dag kan vere manglande utbygging av ladestasjonar Tussa ønskjer som ein regional aktør å bidra til ei ansvarleg miljøutvikling, ved å vere ein aktiv partnar og tilretteleggjar for utbygging av lokale ladestasjonar for elbil i regionen
Fordeling av energiforbruk 2006 Kjelde SSB Noreg 212 TWh I 2006 1,1 6,1 16,4 53,6 22,8 Tussaområdet 1,3 TWh I 2006 5,9 11,4 51,4 31,3 Elektrisitet Fossilt brensel til transport Fossilt brensel til anna bruk Biobrensel
Tussa og elbilar Transnova lanserte i 2009 eit støtteprogram for ladepunkt for elbilar Tussa Kraft valde på slutten av året, etter å ha blitt kjend med tilbodet, å gå aktivt ut med oppmoding til lokale aktørar om å søkje innan programmet Enøk-senteret som gjennomførte jobben med informasjon om sjølve søknadene, fekk i løpet av knappe 14 dagar sendt i overkant av 30 søknader frå bedrifter og kommunar Søknadene vart handsama etter først til mølla-prinsippet og interessa var så stor at søknadene våre dessverre ikkje kom i posisjon Erfaringa viser likevel at interessa er der, at det er viktig å arbeide aktivt med problematikken og at nokon bør ta ei pådrivarrolle i dette.
Nosituasjon Opplysningsrådet for Vegtrafikken oppgir følgjande registrerte el-køyrety i regionen pr. 2009. Ulstein 1 Think Vanylven 1 Reva Volda 1 Think og 1 Reva Hornindal 1 Kewet/ Buddy Ørsta 1 Buddy Altså totalt 6 el-køyrety Atterhald om komplett liste Truleg er talet noko høgre knytt til leasing og bedrifter med anna adresse
Bilforhandlarane Eit utval av bilforhandlarane i regionen gjev følgjande signal Generelt positive til el-bilar, MEN samstundes Ei noko avventande halding Fleire viser til kjeda sine prioriteringar og program for lanseringar framover Tilgjengelege ladepunkt er essensielt når dei skal føre produkt til marknaden.
Trafikkmønster generelt Tal frå Transportøkonomisk institutt viser: Gjennomsnittleg køyrelengde for dei som køyrer bil var i overkant av 40 km pr. dag 1/3 av kjørelengde var til og frå arbeid Dei såkalla korte reisene dominerer dei daglege reisene I 2005 var 40 % av reisene kortare enn 3 km nasjonalt. Nærare 40 % av desse til fots, medan om lag 50 % er utført med bil Det betyr at mykje av den ordinære bilkøyringa vår i det daglege vil kunne dekkjast innafor elbilteknologi som er tilgjengeleg no For å sikre større fleksibilitet og tryggleik vil utbygging av ladepunkt no vere strategisk
Plassering av ladepunkt Ved arbeidsplassane Ved handlesenter, ved kultur- og idrettsarena I kommunesentra Ved trafikkpunkt der ein skiftar transportform ( Bil båt, buss, fly)
Rolledeling senario Kommersielle aktørar, handel osb. og arbeidsgjevarar vil ut frå posisjonering og aukande forventing i marknaden gradvis tilretteleggje for el-lading for sine målgrupper i sitt nærområde Ålmente tilgjengelege ladepunkt vil i introduksjonsfasen vere viktig for utvikling av elbil som transportløysing. Her må truleg offentleg sektor/ kommunane/ kraftselskapet aktivt på banen Kommunane i regionen har no anten vedteke eller er i ferd med å vedta klimaplanane sine. Ei aktiv samhandling omkring ladestasjonar og gradvis implementering av el-køyrety vil kunne vere ein oppfølgjar til dette.
Aktuelle lokasjonar? Tentativ framlegg/ skisse ålmente ladepunkt Hareid v/ buss/ hurtigbåtområde Ulsteinvik v/ buss/ Torgallmenningen Fosnavåg v/ buss/ Vågsplassen Larsnes Fiskå Lauvstad v/ ferjekai Folkestad v/ ferjekai Volda v/ bussterminalen Hovden flyplass Ørsta v/ bussterminalen Hornindal
Takk for merksemda