om mønsterbøker for brevoppsett i norsk mellomalder

Like dokumenter
ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar Krav til sakshandsaming. Samnanger kommune

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Brødsbrytelsen - Nattverden

Vigsling av evangelist

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Vigsling til andre tenester

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Fokus på oppdraget! (skjermbilder på imf.no/erik)

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Refleksjon og skriving

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Til deg som bur i fosterheim år

Morfologioppgåva om Kongo-swahili

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I TINGRETTANE. Nynorsk

Skuleåret 2017/2018.

Høyringssvar frå Bjørgvin biskop om ordning for vigsel og vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd - Vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR

Saksbehandling kva er no det?

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

FELLES RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV SIVILE SAKER I LAGMANNSRETTANE. Nynorsk

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Helgatun / Danielsen

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Forbønn for borgarleg inngått ekteskap

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Tilgangen til og vidarebruken av informasjon kva seier regelverket. Ole Knut Løstegaard Lovrådgjevar, Lovavdelinga i JD 15.

Skjell Rådgivende Biologer AS FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN. Fangststatistikk. Skjelmateriale

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Varslingsrutinane kjem ikkje i staden for men som eit tillegg til annan avviksrapportering.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Søknad om auke i fellingsløyver på hjort jakta 2017 Lærdal bestandsplanområde for hjort

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

KOMMISJONSDIREKTIV 95/17/EF. av 19. juni 1995

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

Søknad om Anbodsgaranti

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging. Nord-Fron kommune Vinstra ungdomsskole

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Visthus Skjermbilder: imf.no/blog

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Eksamensoppgave i GEOG Befolkning, miljø og ressurser

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Lov om endringer i barnelova (farskap og morskap)

Framflyt. Modellverktøy for flytteprognosar

Høyring om ny forskrift om registrering og offentleggjering av mellombalansar, og endringar i Forskrift om gebyr til Brønnøysundregistrene

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Bruk av reiserekning i Agresso

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Transkript:

om mønsterbøker for brevoppsett i norsk mellomalder av Jan Ragnar Hagland Det har i ulike samanhengar vore stilt spørsmål om, og i tilfelle i kva grad, (sein)mellomalderens norske brevskrivarar har hatt mønsterbøker å stø seg til ved utforming av ulike slags brev. Men særleg presise svar på det er ikkje å finna i faglitteraturen om emnet. Dette vesle innstikket ønskjer difor å gi litt meir substans til dette spørsmålet enn det som har vore tilgjengeleg til no og vil så gjera ved å ta fram eit faktisk mønsterbrev i Hirdskråens kap. 36 (H 36) og ved å drøfta tilvisingane til bréfabók konungsens i kap. 36 og 21 av dette lovverket. Her får vi, om ikkje anna, handfast og påliteleg kunnskap om at mønsterbøker har funnest i landets sentral-administrasjon, i alle fall frå andre halvdel av 1200-talet og frametter. Detaljert innsyn i korleis slike formularbøker har vore utforma går likevel ikkje fram av dette lovmaterialet. i kyrkjeleg samanheng må slike bøker i nokon monn òg ha vore tilgjengelege på latin, men også her vantar vi kunnskap om detaljert innhald i bøker som vart nytta her i landet. spørsmålet om (sein)mellomalderens norske brevskrivarar har hatt mønsterbøker å gå etter eller ei, har vore stilt i ulike samanhengar utan å ha fått så mykje meir enn svevande svar. i sine avsluttande merknader i framstillinga av literacy i norsk seinmellomalder seier t.d. Hagland (2005, 107) det slik: i nokon monn har det nok funnest brevbøker eller mønsterbøker for korleis brev skulle setjast opp. Utan vidare utdjuping er det her vist til Berulfsen, som held fram at biskop arne i Bergen tidleg på 1300-talet truleg byrja på eit verk om korleis diplomer og andre brev skal skrives (Berulfsen 1948, 132) m. v. Trass i dette og liknande er det helst lite av konkret materiale det er vist til i litteratur der spørsmålet om mellomalderlege mønsterbøker for brevoppsett har vore drøfta. Det kan difor vera grunn til å løfta fram utdrag frå ein tekst som elles er kjend nok, utan at fenomenet som skal oppta oss her, er gjeve spesiell Maal og Minne 2 (2015): 129 135

Jan Ragnar Hagland merksemd. Tekstutsnittet finst i kong Magnus Håkonssons skipan frå 1273(74) som er innarbeidd i kapittel 36 av Hirdskråen (H 36). i formalitetane som denne skipanen føreskriv for den som skal overta ei sysle av kongen, er det gjeve eit så godt som ferdig utforma brevoppsett som mottakaren av sysla skal gi til kongens kanselli, representert ved kanslaren. Berre variable detaljar som dato, avsendar etc. står opne for utfylling. Dette, som det heiter, fordi det ikkje skal vera tvil om kva som er kongens eigedom eller kva vissøyren er i sysla det gjeld. Brevmalen til utfylling for den som skal overta ei sysle, er då formulert som følgjer i denne paragrafen av Hirdskråen:... þa skal slikt bref með hanganda inzsigli sinu fa kanceler þa er han tækr syslu bref sem her fylgir at þui siðr þurfi at efazt i um æignir konongs eða uisa øyri i syslu hans. ollum guðs uinum oc sinum þæim sem þetta bref sea eða høyra. sender.n. queðiu guðs oc sina. ek uil at þer uitið a þæim vættri er liðnir varo fra burðar tima drottens vars sva marger vætr oc næfni huersu marger eru oc a þæim vættre rikis.n. konongs oc a þæim dægi fek mer min herra þa syslu sina.n. firir sins herradoms saker sem guð þacke honum. iatta ek honum þui i mot sem ek skal giærna hallda. hverge skal ek oc briota hans æið ne min a hans þægnum sem han hæuir mer ifir skipat. helldr vera miskunsamr við þa er firir uankunnenda saker eða ofmikilla nauðsynia falla i nokorar sæktir. en ræfsingasamr þæim ollum er með ilzsku oc ofkappe gera till þæs. vægen skal ek oc vera uið landzseta hans æftir þui sem frammazt ber mer oc æignir hans uæl byggia oc husa lata sva at enga aðra muni skal ek þar firir hafa huarke giafer ne væizlur. uisa øyrir hans skal þat mund fram koma oc i þæim stað með skilum oc rettom skorðum þæim hans umboðs manne sem han skipar till með goðom græiðskap. en þesse uar þa uisøyrir mins herra er ek tok uiðr syslunne oc nefni han allan. skal ek firir han fulla skynsemd gera huart sem han væx eða minkar a huærium.xij. manaðom sva oc firir væizlur oc niðrfoll ef þau ero i með rettre ræiknan æftir þui skilorðe sem nu er mælt. til þessa iatta ek guði oc minum herra minni tru. Þetta bref uar gort a þui are fra burðar tima vars herra Jhesu Christi oc a þui are rikis.n. konongs a þan kalendes eða nones eða iðus. [Delar til utfylling markert med kursiv.] 130

om MØnsTeRBØKeR FoR BReVoPPseTT i norsk MelloMalDeR Omsetjing:... [den] skal slikt brev, med sine segl hangande på, gjeva kanslaren når han tek imot syslebrevet, (formulert) som her følgjer, så det seinare ikkje skal vera tvil om kongens eigedomar eller vissøyren i sysla hans: Til alle guds og sine venner som dette brev ser eller høyrer, sender.n. guds og si helsing. eg vil de skal vita at den vinteren då det frå vår Herres fødsel var lide så mange vintrar [og nemna kor mange det var] den vinteren i styringstida til kong N. og på den dagen gav min Herre meg den sysla si N. med omsyn til herredømet han hadde og som gud måtte løna han for. eg samtykte til gjengjeld at det skal eg inderleg halda, og eg har svore på at eg skal vera han påliteleg og tru, både openbert og i det løynde. eg skal på ingen måte bryta hans eller min eid mot dei av tegnane hans han har sett meg over, men heller vera miskunnsam mot dei som av vankunne eller alt for stor naud forbryt seg på nokon måte; men strengt refsande mot alle dei som med vondskap og ovmot gjer slikt. skånsam skal eg òg vera med leiglendingane hans, som best eg kan. eigedomane hans skal bygslast vél bort og byggjast med hus, på slikt vis at eg ikkje skal ta andre fordeler av det, korkje gåver eller anna yting. Dei faste innkomene av sysla frå han skal alle leggjast fram på den tid og den stad med utgreiingar og rette frådrag til den av hans ombodsmenn som han set til det, med god orden. og dette var dei faste innkomene frå min Herre då eg tok over sysla [og han skal nemna dei alle] eg skal kvar tolvte månad gjera full rekneskap (for innkomene) anten dei veks eller minkar. likeins og for veitsler og tap om det finst etter rett rekneskap, i samsvar med den avtalen som no er sagt fram. Dette samtykkjer eg med min truskap for gud og min Herre. Dette brev var gjort i det året frå vår Herre Jesu Kristi fødsel og i det styringsåret til kong N. på den (eller den) calendas eller nonas eller idus. Brevet har, som vi ser, med det formelle apparat som skulle til i eit mellomalderbrev etter internasjonal standard: Det har ei innleiing (protokoll) med eit inscriptio (ein adressat) som i eit slikt brev er ope: Ollum guðs uinum oc sinum þæim sem þetta bref sea eða høyra. Til protokollen høyrer òg ein helsingsformel (salutatio): sender.n. queðiu Guðs oc sina. Vidare har brevmalen med ein kunngjeringsformel, eit publicatio eller promulgatio som i dette tilfellet er ganske langt og nøye spesifisert: Ek uil at þer uitið a þæim vættri er liðnir varo fra burðar tima drottens vars sva marger vætr [oc næfni huersu marger eru] oc a þæim vættre rikis.n. konongs oc a þæim dægi fek mer min herra þa syslu sina.n. firir sins herradoms saker sem guð þacke honum. Deretter kjem det her eit ferdig utforma narratio (sjølve bodskapen eller tekstinnhaldet i brevet). som vi ser, får vi på dette viset eit 131

Jan Ragnar Hagland bortimot ferdiglaga skriv til utfylling. Denne brevmalen i Hirdskråen har endeleg med ein eskatokoll, eller avslutning, der det er sett av plass til datering av brevet, slik vi jamnast ser det elles i det i bevarte brevtilfanget: Þetta bref uar gort a þui are fra burðar tima vars herra Jhesu Christi oc a þui are rikis.n. konongs a þan kalendes eða nones eða iðus altså ope for utfylling av dato, både med omsyn til årstal etter kristi fødsel, kongens styringsår og dag i året. Vi har her altså ein ferdiglaga standard brevmal for eit spesifikt føremål innført i sjølve lovboka for kongens hird. at denne malen må ha støtta seg på anna skriftleg hjelpetilfang i kongsadministrasjonen, ser vi til slutt i dette kapittel 36 av Hirdskråen. Det dreiar seg der om ei påminning om kor viktig det er å skriftfesta saker som har vore oppe til doms, ettersom dårleg minne eller gløymsle (vanminni) i slike tilfelle kan føra til fiendskap. Til hjelp for den som skal skriva ned slikt, er det sett opp ei liste med sju punkt som må vera med i eit slikt rettsreferat, markert med (1) til (7) i det følgjande: at þæim verðe þæim mun lettare er skra skal. þa høver þan hat at hafa at (1) fyrst se græindr sa vætr oc sa timi a.xij. manaðom er dømt var malet. þar nest (2) huærrir døma. eða um hueria eða (3) huat dømt var oc (4) þat með a kvæddum nofnum. oc at (5) græint se huersu mykit huerr skal taka eða luka eða firir huat niðr falla eða minka manz giolld eða sarbøtr eða aðrar rettar bøtr ef þau atuik eru a. eða (6) með huærium sala stæfnum oc (7) huar lukaz skal. með þæim hætte sem stendr i brefabok konongsens. Omsetjing: For at det skal bli monaleg lettare for den som skal skriva det ned, då høver det å gjera det slik at (1) først blir det gjort greie for kva vinter og tid på året saka vart pådømd, dinest (2) kven som dømde, (3) om kven eller kva det vart dømt, og det (4) med namns nemning; at det (5) vert gjort greie for kor mykje kvar skal ta imot eller betala, eller kvifor mannebøter eller sårbøter eller andre rettsbøter fell bort eller minkar, om det ligg slik til, eller (6) kva betalingsterminar (som gjeld) og (7) kor det skal betalast på det vis som det står i kongens brevbok. Desse innslaga i Hirdskråen kan altså daterast til første halvdel av 1270- talet og markerer tydeleg eit steg i utviklinga av ein administrativ literasitet i landets styre og stell. Det sist siterte innslaget i teksten held 132

om MØnsTeRBØKeR FoR BReVoPPseTT i norsk MelloMalDeR klårt fram kor viktig det er at dommar blir skrivne ned og med det sikrar at saker rettsstellet har teke avgjerd om, blir ståande uendra for ettertida. Det å lita på munnleg overlevering og minne er for risikabelt og kan føra til ufred, heiter det. Det munnlege og det skriftlege er altså uttrykkeleg og klårt sette opp som motsetnader, der verdien av det skriftlege er understreka og framheva. Her er då tilvisinga til brefabok konongsens vesentleg. Korleis er det å oppfatta i denne samanhangen? nemninga bréfabók har tradisjonelt vore skjøna slik Hertzberg (1895, 113) gjer det: sporteltaxt og formularbog for skrivelser fra det kongelige kancelli eller andre myndigheder. Her er det nok dette med sporteltakstar som har fanga mest interesse i litteraturen, og då ikkje minst med grunnlag i måten Hirdskråen brukar omgrepet på i ein annan samanheng (H 21). Der er det tale om kanslarens inntekter, og følgjande er sagt om dei: scal han hafa v. marka bol vm fram þæt sem han tækr fyrir þau bref sem ut lœysazt slikt firir huært sem vattar i brefa bok han skal ha fem markebol i tillegg til det som han tek for dei brev som blir løyste slik ut, for kvart slik det seiest i brevboka. Funksjonen som formularbok har altså ikkje påkalla tilsvarande interesse. Men døma som her er siterte frå H 36, viser oss nok ikkje di mindre klart nok konturar av kva bréfabók konungsins hadde av formularisk innhald kring 1270. Hirdskråen gir oss likevel ikkje grunnlag for å meina at bréfabók konungsens har innehalde seriar av ferdigskrivne brevoppsett for spesielle føremål, slik vi ser det i første sitatet her frå H 36. om så var, ville det ikkje ha vore trong for eit slikt innslag i sjølve Hirdskråen som dette mønsteret for det vi må oppfatta som ei såkalla mottakarutferding. Det vil seia at mottakaren av eit dokument syter for den skriftlege utforminga av det. Pålegga om skriftfesting av domsavgjerder mot slutten av H 36 er, som vi ser i det føregåande her, lausleg utforma, einast med ei påminning om kva innhaldsmoment som må vera med. i dette ligg inga openberr tilvising til eit føreliggjande mønster for ei slik skriftleg handling. Men brevmønsteret og tilvisingane i Hirdskråen til formelbøker for brevoppsett gir oss likevel påliteleg, om enn indirekte, kunnskap om at slike bøker har funnest i landets sentral-administrasjon, i alle fall frå andre halvdel av 1200-talet og utetter. Detaljert innsyn i korleis slike formelbøker har vore utforma og har sett ut på norsk, vantar vi derimot framleis. i nokon grad kan ein nok ha bygd direkte på internasjonale mønsterbøker av slikt slag, slik Berulfsen (1948, 132) er inne på. Han viser såleis til at biskop arne i Bergen (1305 14) i sitt bibliotek må ha hatt ei 133

Jan Ragnar Hagland slik bok, ei Summa dictaminum Bernardi. i den samanheng gir Berulfsen eit oversyn over den vrimmel av summa dictaminis som var i bruk [ute i europa] i senmiddelalderen (op. cit., 122 30). Han går likevel ikkje i detalj inn på korleis dette slags mønsterbøker såg ut eller var bygde opp. Dette kan sikkert nok undersøkjast nærare enn det Berulfsen gjer. Men det vil i alle fall ikkje kunna gi oss anna enn svært indirekte og til - svarande usikker kunnskap om korleis mønsterbøker på norsk har sett ut. ettersom føremålet med innstikket her einast har vore å gi litt meir substans til spørsmålet om eksistensen av brevbøker i norsk mellomalder enn det som har vore framme i litteraturen om dette temaet, skal vi ikkje prøva her å rekonstruera ei innhaldsside i slike bøker med grunnlag i til - svarande europeiske bøker. Til det var nok variasjonen også på det området for stor. Litteratur Berulfsen, Bjarne. 1948. Kulturtradisjon fra en storhetstid. En kulturhistorisk studie på grunnlag av den private brevlitteratur i første halvdel av det 14. hundreår. oslo: gyldendal norsk Forlag. Hagland, Jan Ragnar. 2005. Literacy i norsk seinmellomalder. oslo: novus forlag. Hertzberg, ebbe. 1895. glossarium. Norges gamle Love indtil 1387. Femte Bind. Christiania, s. 57 864. Hirdskråen = Hirdskraa, udgiven af Kong Magnus Haakonssön. Norges gamle Love indtil 1387. andet Bind. Christiania 1848, s. 387 450. Abstract Did norwegian scribes in late medieval time have pattern-books to go by when composing charters of various kinds, it has been asked over the years. answers to this question other than general assumptions have, however, not been given. The present contribution aims at providing at least some minor substantial evidence to illuminate the question by directing the attention to an actual model charter included in the norwegian law of the king s guard (the Hirðskrá) ch. 36, and by discussing the term bréfabók konungsens used in chapters 36 and 21. This legal 134

om MØnsTeRBØKeR FoR BReVoPPseTT i norsk MelloMalDeR text provides sufficient evidence to show that pattern-books were used by scribes in the royal chancery at least from the second half of the 13 th C onwards. We still do not know, however, the exact content of such books nor how they were composed. in ecclesiastical contexts patternbooks in latin must have been available to some extent. Details on the content of such material used in norwegian settings remain as yet unknown. Jan Ragnar Hagland institutt for språk og litteratur, ntnu no-7491 Trondheim jan.ragnar.hagland@ntnu.no