Kunnskap og råd for rike og reine hav

Like dokumenter
Kunnskap og råd for rike og reine hav

Kunnskap og råd for rike og reine hav- og kystområde. Vi skal være internasjonalt leiande innan marin forsking og rådgiving.

Kunnskap og råd for rike og reine hav

Faglig strategi

~ Organisasjon. ~'... A"Dt t. ihre KT-0R '... Andre typar stillingar. Den faglege verksemda ved Havforskingsinstituttet er organisert i

Det store bildet og økt produksjon av sjømat fra havbruk? Øivind Strand

FAKTA & FIGURAR HAVFORSKINGSINSTITUTTET

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET I NORD

FAKTA & FIGURAR HAVFORSKINGSINSTITUTTET

Barentshavet kaldare enn i fjor. Kva betyr det? Nokre smakebitar frå rapporten Havets ressurser og miljø 2009

OECDs prinsipper og retningslinjer for tilgang til offentlig finansierte data sett fra Havforskningsinstituttet

Utfordringer og prioriteringer for Havforskningsinstituttet. Tore Nepstad Adm. dir.

Havforskningsinstituttets forskningsplan

Visjoner og perspektiver for Dokken og Havbyen Bergen

Lofoten - for torsk og torskefiskerier men ikke for olje?

DATALAGRINGSMERKER. torskens ferdskriver

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET, TROMSØ HAVFORSKNINGSINSTITUTTET

Lodda i Barentshavet Grunnlaget for forvalting før, no og i framtida Vi ser fram mot 2015

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Kolmule i Barentshavet

Kolmule i Barentshavet

Framleis gode utsikter for torskefiskeria? Bjarte Bogstad, Havforskingsinstituttet Klippfiskseminar, Ålesund

Kolmule i Norskehavet

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Statusrapport akvakulturforvalting og fiskeri per mars 2016

«Marine ressurser i 2049»

Klimaendringer og fiskeri status og u3ordringar. Barents 2033 Kirkenes Bjarte Bogstad, HavforskingsinsBtuCet

Fiskeriverksemd i Hordaland

Risikorapport norsk fiskeoppdrett

Seismikk-plankton Påverkast mattilgangen for fisken?

REFERANSEFLÅTEN. samarbeid mellom næring og forskning

Flerbestandsforvaltning Hva tenker vi i Norge om dette?

Makrell i Norskehavet

MILJØOVERVÅKNING HAVFORSKNINGSINSTITUTTET

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i

~as A. tl3utiotd.,er. HA V FORSK N l NGS l N ST l TUTTET. [. 9- o all -~ ] (V-~ft-ni~k.~o~ , Å FORSTÅ ØKOSYSTEMER..

Miljøkonsekvenser av petroleumsvirksomhet i nordområdene. Erik Olsen, leder av forskningsprogram for olje og fisk

Nils-Arne Ekerhovd. NORKLIMA forskerkonferanse Bergen, oktober, Samfunns- og Næringslivsforskning AS (SNF)

Framlegg til tiltak og eksempel på tiltak for betre vassmiljø

Fjorder i endring. klimaeffekter på miljø og økologi. Mari S. Myksvoll,

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Austevoll. havbruksstasjon HAVFORSKNINGSINSTITUTTET

Barentshavet er eit overgangshav

FØRE-VAR-BESKATNING AV FISKERESSURSANE I BARENTSHAVET

Klimaendringenes effekter på havet. [tütäw _ÉxÇz

Prøvetaking av sild og kolmule frå kommersielle fangstar til Havforskingsinstituttet

RESSURSOVERVÅKNING HAVFORSKNINGSINSTITUTTET

FORMANNSKAP. Framlegget kan skade miljøet fordi:

Fiskeri og havbruk muligheter og motsetninger

Planlegging for akvakultur og fiskeri i raud sone

Odd Nakken Havforskningsinstituttet

Gyting og gytevandring - kva har vi kunnskap om og kva manglar. Harald Gjøsæter Faggruppe Bunnfisk harald@imr.no

Fiskeri. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 5

Førde, 14. mars 2015 John A. Gladsø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Innspill til Fiskeri- og kystdepartementets strategi for miljømessig bærekraftig utvikling av oppdrettsnæringen.

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden i Avslag i perioden i Laks og aure i sjø 22

Er havet uttømmelig - eller er det fisk nok til alle?

Rene og rike hav inn i evigheten

WWFs visjon for oppdrettsnæringen i Lise Langård & Maren Esmark, WWF Norge

HAVFORSKNINGSTEMA KLIMA OG FISK. Hvordan påvirker klimaendringer våre fiskeressurser?

Først av alt vil jeg takke for invitasjonen til å komme hit, dernest vil jeg legge til at jeg på langt nær kan presentere alt som

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET ~ INSTITUTE OF MARINE RESEARCH

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET, FLØDEVIGEN

Forslag til etablering bevaringsområder for hummar i Sognefjorden.

Økologi er samspelet mellom dei levande organismane

Ressursutviklinga. Nordeas fiskerisamling Bekkjarvik oktober Harald Gjøsæter

Hvilke prinsipper forvalter vi bestandene etter i dag? Ingolf Røttingen Representantskapsmøte i Fiskebåtredernes forbund Bergen

Fiskarane sine ordningar no og i framtida. Statssekretær Vidar Ulriksen Fiskerikonferanse Norsk Sjømannsforbund 17. april 2008

2P eksamen våren 2018

AMBISJON VERDIAR. Kunnskap og råd for rike og reine hav- og kystområde. Vi skal vere internasjonalt leiande innan marin forsking og rådgiving.

ORGANISERING AV NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

Nye artar å fiske etter langs norskekysten? Otte Bjelland

REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK GJENNOMFØRING AV HANDLINGSPROGRAMMET

Matre. havbruksstasjon HAVFORSKNINGSINSTITUTTET

Forslag til etablering bevaringsområder for hummar i Sognefjorden.

HAVFORSKINGSINSTITUTTET

Aurebestandar i Ullensvang statsallmenning

Status for de pelagiske bestandene

Rullering av forskrift om tarehausting i Hordaland

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden Avslag i perioden Laks og aure i sjø 12

Heilskapleg vassforvalting i eit kystsoneperspektiv

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

- Raudåtebestanden er så stor at menneskehjernen ikke kan fatte det

Kjære landsbygdminister Sven-Erik Bucht, kjære alle sammen, Det er alltid hyggelig å besøke en nær og god nabo og samarbeidspartner som Sverige.

Har fiskeri- og havbruksnæringa trong for reint vatn?

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning

Kva er økologisk matproduksjon?

Integrert akvakultur har stort potensiale til å redusere påvirkning fra fiskeoppdrett

Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet NYTT BYGG. - ny marin akse i Bergen

Høyring - forslag til innretning av havbruksfondet. Uttale frå Gulen kommune. Saksnummer Utval Møtedato 002/16 Formannskapet

REGULERING AV FISKET ETTER ROGNKJEKS I NORDLAND, TROMS OG FINNMARK I Notat. Vurdering av bestandssituasjonen av Rognkjeks.

2P-Y eksamen våren 2018

REGULERING AV FISKET ETTER ROGNKJEKS I NORDLAND, TROMS OG FINNMARK I Notat. Vurdering av bestandssituasjonen av Rognkjeks.

Næringsliv i Berge g ns n regi g o i n o e n n

Forurensning i norsk vårgytende sild i Norskehavet

Forvaltningsplan for raudåte

NORSKEKYSTEN ETT AV VERDENS RIKESTE FISKEFELT I FARE. HVA HAR SKJEDD?

Romlig fordeling av sjøfugl i Barentshavet

Hvordan bringe fiskerne nærmere forskningen og forvaltningen? Ole Arve Misund

Transkript:

Kunnskap og råd for rike og reine hav

Foto: Stillbilde fra videoopptak Illustrasjon: John Ringstad VISJON Kunnskap og råd for rike og reine hav- og kystområde. S AM F U N N S O P P D R AG Instituttet skal utvikle det vitskaplege grunnlaget for berekraftig forvalting av ressursane og miljøet i dei marine økosystema. F O R MÅL Å forske, overvake og gi råd knytt til marine økosystem og akvakultur. Vi skal utforske havets og kystens miljø og biologi tene som rådgivarar for Fiskeri- og kystdepartementet, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, andre myndigheiter, fiskerinæringa og anna næringsverksemd i spørsmål om forvalting av havets og kystens biologiske ressursar og miljø gjere forskingsresultata kjende for forvalting, næring og samfunnet utvikle teknologi som grunnlag for fiske og fangst Instituttet skal ha ei fri og uavhengig rolle i alle faglege spørsmål. 2 KUNNSKAPSTRÅLING Økosystema under havoverflata er svært varierte. Frå ørsmå algar til store kvalar, frå gyting til hausting, frå overflate til botn, frå fjordar til opne hav, frå lokale straumar til klimaendringar. Havforskings instituttet skal ha kunnskap om heile spekteret. Vi sender fartøy til sjøs, set ulike instrument i sjøen for å samla data, tek prøver med håvar og trålar. Vi gjer eksperiment på stasjonane og i laboratoria våre for å læra meir om kva som skjer i havet og i oppdretsanlegga. Her kan du lesa om nokre av dei artane vi forskar på, og få eit innblikk i breidda i arbeidet som vert utført på. 3

Foto: Terje van der Meeren Foto: Kjartan Mæstad KAN LAGRA CO 2 I SØVNE Feit og fin utpå hausten går raudåta, Calanus finmarchicus, i dvale i djuphavet vinteren over. Saman med danske forskarar er vi i gang med å undersøke raudåta sin aktivitet i den biologiske karbonpumpa i havet, mellom anna med bruk av sine forskingsfartøy. Sidan det er så store mengder raudåte i våre farvatn, er det viktig å forstå kva rolle arten spelar i transport av karbon frå overflata til djuphavet. Den årlige tilveksten av raudåte er godt over 75 millionar tonn. Raudåta er hovudføde for makrell så vel som sild, lodde og kolmule. Raudåta trivst best i tempera turar mellom tre og åtte grader. Kaldtvannsartane C. glacialis og C. hyperboreus som lever i polare havom råde er endå meir næringsrike enn raud åta. Andre i hoppekrepsfamilien som raudåta tilhøyrer er betre tilpassa varmare vatn, utan at desse artane er like næringsrike. Kor tid raudåta kjem opp frå vinterdvalen for å gyta kan ha stor innverknad på kor godt denne arten si gyting klaffar med syklusen til andre artar og dermed kor produktivt havet er. Følgjer klimaendringar og forskar på kva dei inneber for fiskeri og akvakultur Har ei rekkje lange data seriar på straum og temperatur Samlar inn, forvaltar og deler data Utviklar ny reiskap for forsking og fangst PUMPAR SEG FULL AV BAKTERIAR Om ein svamp kan kallast ein eigen organisme, er ikkje forskarane heilt sikre på. Den er ikkje stort meir enn ei samling celler eller ein koloni om du vil som samarbeider. Men samarbeidet er effektivt. Kvar einaste kilo svamp kan filtrera 1000 liter vatn kvar dag og fjerna så mykje som 95 prosent av bakteriane i vatnet. Utan denne filtreringa hadde det vore langt fleire bakteriar i havet. Kålrabisvampen (Geodia barretti) på biletet er tilsett farge for å visa straumen av vatn ut av svampen. Desse enkle organismane utgjer ein viktig del av faunaen på havbotnen, men det er mykje vi ikkje veit om rolla deira i økosystemet. Svampar, med kålrabisvamp som den vanlegaste arten, finst langs heile norskekysten og langt opp i Barentshavet. Ser på korleis svampar kan brukast til å studera konsekvensar av oljeaktivitet Kartlegg botnfauna, overvakar forureining og måler straumar i hava våre Bidreg til kartlegging og definisjon av naturtypane på havbotnen 4 5

Foto: Jan de Lange Foto: Jan H. Sundet 7 DEN EVIGE JEGER Makrellen manglar symjeblære og må vere i konstant bevegelse for ikkje å søkka. All aktiviteten gjer makrellen glupsk. Ein stor bestand dekkjer stadig større havområde. No er han å finna frå Nordsjøen i sør til Bjørnøya i nord, frå Finnmarkskysten i aust til langt vest av Irland og Island. Makrellen et nærast kva det skal vera artsfrendar inkludert men favorittmaten er små krepsdyr, deriblant raudåte. Den raske makrellen har fordelar i kampen om maten i Norskehavet, der han beitar på same dyreplankton som sild og kolmule. Overvakar over 40 fiskebestandar i norske farvatn med hjelp av eigne forskingsfartøy og leigde fiskebåtar Gir årleg kvoteråd på desse bestandane. Dei aller fleste råda er utarbeidde gjennom samarbeidet i Det internasjonale råd for havforsking (ICES) Brukar og utviklar ekkolodd og sonarar som er viktige reiskap for å overvaka fiskebestandane Overvakar straum, temperatur og saltinnhald i havet for å forstå kva som skjer i økosystema Studerer elementa i økosystemet i kystsonen frå minste plankton til sel NYKOMMAR I NORD Vi finn stadig meir snøkrabbe i Barentshavet. Snøkrabben høyrer naturleg heime i farvatna frå Japan og opp til Beringstredet, og frå nordaustkysten av USA og nord til Vest-Grønland. Russarane oppdaga snøkrabben midt på 1990-talet aust i Barentshavet. Om snøkrabben har kome dit for eigen maskin over eller rundt Polhavet, eller er frakta dit med ballastvatn, er ikkje forskarane sikre på. har til no registrert eit par hundre dyr i våre havområde, medan russarane finn meir snøkrabbe enn kongekrabbe i Barentshavet. No ser forskarane med spaning på kva rolle snøkrabben vil få i økosystemet i Barentshavet, der det hittil berre har vore små bestandar av trollkrabbe og pyntekrabbe. Snøkrabben lever på djupare vatn og føretrekkjer lågare temperaturar enn kongekrabben. Er det største polarforskingsinstituttet i Noreg Har samarbeidd med russiske havforskarar sidan 1957 Følgjer nøye konsekvensane av eit varmare hav i nord Studerer korleis introduserte og invaderande artar påverkar økosystema våre Studerer øko systema i alle dei store hav områda våre 6 7

Foto: Camilla Utgård Foto: Oddgeir Alvheim 8 9 PLUKKAR LUS AV LAKSEN I norske farvatn er det i hovudsak seks leppefiskartar. Dei finst for det meste langs skagerrakkysten og Vestlandet, men nokre har også nådd nord til Lofoten. Leppefisk finn ein oftast i tang- og tareskog. Vaksne leppefiskar er gjerne stadbundne og lever av virvellause botndyr, men nokre av artane er også kjende som pussarfisk eller rensefisk. Bergnebb, grøngylt og berggylt reinskar annan fisk for parasittar, og er dermed godt eigna til å halda lusa av oppdretts laksen. Leppefiskane kan hjelpa til med eit problem, men auka hausting av leppefisk kan også føra til uønskt påverknad av kystnære økosystem. Gjer årleg ei risikovurdering av norsk oppdrett. Lakselus og røming er dei største utfordringane for ei berekraftig oppdrettsnæring Har utvikla modellverktøy som gir auka kunnskap og forståing for korleis og kor fort alt frå lakselus til forureining og fiskeegg vert spreidd i fjord- og kystsystema Har kartlagt lakselusa sitt arvestoff (genom), det kan brukast til å utvikle nye medikament mot lusa Forskar på fiskens oppveksttilhøve og generelle velferd Skal undersøkje om det er muleg å utvikle ei vaksine som forhindrar at oppdrettsfisk blir kjønnsmoden Forskar på oppdrett av leppefisk etter at fisket har auka kraftig DELER KUNNSKAP OM HAVET På tokt med Dr. Fridtjof Nansen mellom Mauritius og Seychellane for nokre år sidan, kom Oddgeir Alvheim over ein leppefisk han aldri før hadde sett. No er det stadfesta at dette er ein ny art, som har fått namn etter oppdagaren Novaculops alvheimi. Dr. Fridtjof Nansen har i 30 år vore spydspissen i instituttets arbeid både for å kartlegga marine ressursar og etablera berekraftig forvalting i over 60 utviklingsland, først og fremst i det sørlege Afrika. Nansen-programmet er finansiert av Norad og vert utført i nært samarbeid med FAO (FN sin matvareorganisasjon). har eit utstrekt samarbeid nasjonalt og internasjonalt om overvaking og datahandtering. sitt Fiskerifaglege senter for utviklingssamarbeid (CDCF) koordinerer bistandsprosjekt i samarbeid med Fiskeridirektoratet, NIFES, Veterinærinstituttet og Mattilsynet Fiskeri, akvakultur og olje/fisk/miljø er hovudsamarbeidsområda Utviklingssamarbeidet, som er finansiert av UD/Norad, omfattar i dag 14 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Namibia var eit av hovudsamarbeidslanda våre til 2005. Landet er no ranka som det 5. beste landet når det gjeld berekraftig fiskeriforvalting Eit nytt Nansen-fartøy er under planlegging og vil vere klart i 2016 8 9

Foto: Anders Thorsen FORSKINGSFARTØY s fartøy er dei viktigaste reiskapane for innsamling av data innan marine ressursar og miljø. Holmfjord i Porsangerfjorden Avdeling Tromsø G.O. SARS Byggjeår: 2003 4067 brt. 77,5 m LOKALITETAR OG STASJONAR JOHAN HJORT Byggjeår: 1990 1851 brt. 64,4 m Forskingsstasjonen Matre Parisvatnet i Øygarden Bergen G.M. DANNEVIG Byggjeår: 1979 171 brt. 27,9 m Forskingsstasjonen Austevoll Guddalselva i Kvinnherad Forskingsstasjonen Flødevigen FRÅ EGG TIL SKREI Her er starten på ein torsk. Larven er nesten klar til å bryta ut av egget. På eit tidspunkt ser kvar einaste lofottorsk slik ut. Og det er ikkje reint få. 50 millionar egg kan kvar einaste hotorsk gyta i løpet av levetida. Når skreien som er den største torskebestanden i verda kjem inn til Lofoten og gyt, er det fullt av torskeegg i havet. Det er målt nesten 16 000 egg i sjøen under kvar kvadratmeter overflate. Samstundes slit torsken langs kysten og i mange fjordar. Dei aller fleste fiskeegg av torsk og andre artar vert det aldri fisk av. Det er viktig å forstå kva som påverkar rekruttering, reproduksjon, og helsa til fisken. Ikkje berre for vill fisk, men også den i oppdrett. Lodda er torsken sin yndlingsmat. Difor vert den forvalta i eit økosystemperspektiv der ein sikrar at det er nok lodde som mat til torsken før det vert opna for fangst. Studerer korleis alt frå klima endringar og forureining påverkar livet i havet, deriblant rekruttering Har eit godt samarbeid med russiske havforskarar om overvaking i Barentshavet Tilrår at Lofoten og Vesterålen ikkje vert opna for oljeverksemd, mellom anna fordi 70 prosent av dei viktigaste fiskebestandane er innom her tidleg i livet HÅKON MOSBY Byggjeår: 1980 701 brt. 47,2 m DR. FRIDTJOF NANSEN Byggjeår: 1993 1444 brt. 56,8 m Eigar: NORAD har meir enn 800 tilsette sitt budsjett er om lag 1 milliard kroner Vi er på sjøen meir enn 2000 døgn i året med eigne og leigde fartøy for å forske, overvake og samle data opererer fem forskingsfartøy som også vert brukte av andre norske og inter nasjonale forskarar er sentral samarbeidspartnar i Framsenteret og Bjerknessneteret Vi har forskingsfasilitetar i verdsklasse og kontor på Svalbard 10 11

HAVFORSKINGSINSTITUTTET Institute of Marine Research Nordnesgaten 50 Postboks 1870 Nordnes NO-5817 Bergen Tlf: 55 23 85 00 Faks: 55 23 85 31 E-post: post@imr.no AVDELING TROMSØ Sykehusveien 23 Postboks 6404 NO 9294 Tromsø Tlf.: +47 55 23 85 00 Faks: +47 77 60 97 01 2013 Havforskningsinstituttet. Grafisk design: John Ringstad FORSKNINGSSTASJONEN FLØDEVIGEN NO 4817 His Tlf.: +47 55 23 85 00 Faks: +47 37 05 90 01 FORSKNINGSSTASJONEN AUSTEVOLL NO 5392 Storebø Tlf.: +47 55 23 85 00 Faks: +47 56 18 22 22 FORSKNINGSSTASJONEN MATRE NO 5984 Matredal Tlf.: +47 55 23 85 00 Faks: +47 56 36 75 85 FISKERIFAGLIG SENTER FOR UTVIKLINGSSAMARBEID Centre for Development Cooperation in Fisheries Tlf.: +47 55 23 85 00 Fax: + 47 55 23 85 79 E-mail: post@imr.no REDERIAVDELINGEN Research Vessels Department Tlf.: +47 55 23 85 00 Faks: +47 55 23 85 32 AVDELING FOR SAMFUNNSKONTAKT OG KOMMUNIKASJON Tlf.: 55 23 85 38 Faks: 55 23 85 55 E-post: informasjonen@imr.no www.imr.no Biletet viser Sonal Patel, som er utvald til ordninga Yngre toppforskar i havbruk. (Foto: Beate Hoddevik Sunnset) Framsidebiletet er frå strandnottrekket på Sørlandet. Aktiviteten er gjennomført kvart år sidan 1919. (Foto: Espen Bierud)