Folkemusikkarkivet i Telemark 2014
Framsida: Folkemusikkarkivet har vore i Tuddal hjå Knut Buen. 2
ÅRSRAPPORT Om Folkemusikkarkivet i Telemark Folkemusikkarkivet i Telemark blei etablert av Telemark fylkeskommune i 1998/99. Det er vedteke mål og retningsliner for arkivet. Hovudmål er å ta vare på dei rike folkemusikktradisjonane i fylket og å sikre at folkemusikken også i framtida vil vere ei levande kulturytring. Ein søker å oppnå desse måla ved å drive innsamling, arkivering og formidling. Telemark kulturnettverk har driftsansvar for arkivet, medan fylkeskommunen er arbeidsgjevar for arkivaren. Driftskostnadene er delt mellom fleire partar. Fylkeskommunen løyver midlar til 100% stilling, og øvrige kostnader skal vere eit spleiselag mellom kommunar og andre brukarar. I 2014 har elleve kommunar bidratt til dette spleiselaget, det er ein mindre enn foregåande år. Dei deltakande kommunane er: Bø, Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Notodden, Sauherad, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje. Kari Lønnestad har vore tilsett i 100% stilling. Innsamling Arkivet skal dokumentere fortida og nåtida på folkemusikkområdet i Telemark. Arkivet driv innsamling ved eigne opptak og innlån og kopiering av materiale. På denne måten har det I 2014 kome inn ca 40 timar lydopptak og 8 timar videoopptak til samlinga. Av lydopptaka er 16,5 timar opptak som arkivet sjølv har gjort, resten er materiale som har kome inn frå andre samlarar. Blant materialet frå andre samlarar er opptak frå to større lydbandsamlingar som har kome inn til arkivet på eit tidlegare tidspunkt, men ikkje blitt gjennomgått og registrert før nå. Arkivet arbeider kontinuerleg med å byggje opp ei samling av skriftleg materiale. Avisklipp, artiklar m.m. blir samla, og enkelte bøker blir kjøpt inn. Vidare blir opptaksverksemda ofte dokumentert med foto, og arkivet tek også imot fotomateriale frå private. Samlinga har hatt følgjande tilvekst i 2014: EIGNE OPPTAK Konsert med gruppa Sty, lyd- og videoopptak Intervju med Tone Groven Holmboe, lydopptak Lars Ingar Meyer Fjeld, lyd- og videoopptak Intervju med Knut Buen, lydopptak Intervju med Lisa Halvorsen, lydopptak 3
Opningskonsert Telemarkfestivalen, lydopptak Bestillingskonsert Telemarkfestivalen, lydopptak Program om Alfred Amundsen, videoopptak Løndalsspelet, Telemarkfestivalen, lyd- og videoopptak Minnekonsert Gjermund Haugen, videoopptak Frå helgesamling i Tiljetakt (Bygda dansar), videoopptak Det er gjort opptak med spelemannen Lars Ingar Meyer Fjeld. ANDRE OPPTAK Heidi Løvlund, lydopptak frå Roger Berlin, Sverige Knut Ufs, lydopptak frå Asbjørn Storesund Kjetil Løndal, diverse kappleiksopptak mm, lydopptak som har tilhøyrt Emil Skogen, frå Knut Eggum Johansen. Gudmund Manheim, Eivind O. Loftsgarden, Anund Roheim, Bjarne Herrefoss, Torleiv Lykka mm, lydpptak som har tilhøyrt Knut Loftsgarden, frå Hæge Manheim Svein Haugetrå, lydopptak frå Tor Johan Bøen Neri Tjønnheim, Johannes Dahle, Olav Fyrileiv, Bergit Tjønn, Johannes Bakken mm, lydopptak som har tilhøyrt Neri Tjønnheim, frå Kåre Tjønnheim FONOGRAM FolkLab, DVD frå NRK Téka, Hungarian Village Music, CD frå Havasréti Pál Rosekolla. Vokal folkemusikk frå seterlivet, CD frå Norsk Folkemusikksamling BØKER, PERIODIKA Baklid, Herleik (red.): M. B. Landstad Skrifter 2, Sagn. Oslo 2014. Frå Nasjonalt Landstadsenter Folkemusikk, tidsskrift utgitt av FolkOrg Haugan, Anne Svånaug: Takt og tonar. Folkemusikksenteret i Buskerud 2011. Kvedarposten, medlemsblad for Norsk Kvedarforum Lie, John: Knut Trondsen. Fortælling fra Telemarken. Kristiania 1921. Munnharpa, medlemsblad for Norsk Munnharpeforum Mæland, Jostein: Ervesylvet. Folkemusikksoga for Vossabygdene. Voss 1991. Frå Arne Bjørndals samling. Reynolds, Hans: Porsgrunns-maal. Ordsamling og Porsgrunnsviser. Oslo 1952 Telnes, Jørund: Skrifter I-II. Utgjevne ved Rikard Berge. Risør 1925. Vinje, A. O.: Storegut. Oslo 1951. Årbok for norsk folkemusikk 2012. Utgitt av FolkOrg 2013. Årsskrift for Notodden historielag 2001. Frå Hans Frømyr. Søyland, Sveinung (red): Musikk og tradisjon. Norsk Folkemusikklags årsskrift 2014. ANNA MATERIALE Diverse klipp samla av arkivet 4
Diverse materiale (klipp, artiklar m.m.) frå Bjarne Bratås Ca 50 stk foto Arkivering Folkemusikkarkivet skal arkivere alt materiale på ein fagleg forsvarleg måte og slik at det er lett å finne fram i. Arkivet nyttar databasen FIOL for registrering av opptak. Denne blir nytta av dei fleste folkemusikkarkiva i landet. Vi har lisensavtale med Folkmusikens Hus i Rättvik, Sverige, som har ansvar for oppgradering og vidareutvikling av FIOL. Det har også dette året blitt arbeidd med å hente inn etterslep på registrering. Ved utgangen av 2014 var det registrert 19.463 objekt (postar) i databasen, ei auke på 734 det siste året. Det har blitt registrert både opptak og visetekstar i denne databasen. Arkivet har i tillegg ein enkel database for diverse skriftleg materiale. Avisartiklar utgjer hovudtyngda her, men samlinga inneheld også anna artikkelstoff, bøker, småtrykk, brev, notat m.m. I skriftdatabasen var det ved årsskiftet registrert 8241 postar, ei auke på 422 postar siste år. Vidare var det registrert 829 foto. Eit anna arbeidsfelt dette året har vore systematisering og sikring av papirbasert materiale. Det er kjøpt inn eigna arkivemballasje og utstyr til ein reprostasjon. Som følgje av aukande mengd materiale i samlinga har arkivet hatt utfordringar med plassmangel. Denne situasjonen er noko betra hausten 2014 etter at ein fekk disponere eit ekstra rom til hyllelagring og ein besøksplass. Formidling Det innspela og arkiverte materialet skal gjerast tilgjengeleg for mange og ulike brukargrupper. Arkivet tek imot forespørslar frå publikum som resulterer i tenester av forskjellig slag - informasjon, besøk i arkivet, tilrettelegging og utkopiering av opptak eller skriftleg materiale m.m. Informasjon blir også formidla gjennom heimesida til arkivet, som blant anna inneheld ein enkel søkbar katalog over registrert musikk og dans i samlinga. Nytt av året er at det nå også er lagt ut ein katalog for skriftdatabasen. Her kan ein søke i artikkelstoff og liknande. For begge desse samlingane gjeld at berre nokre smakebitar av sjølve materialet er lagt ut på nettsida, det øvrige må ein vende seg til arkivet for å sjå eller høyre. Men det er aktuelt å gå vidare med utlegging av fritt materiale, og arkivet har dette året gjort avtale med Telemarkskilder, digitaliseringsprosjektet til Høgskulen i Telemark, om publisering av ei manuskriptsamling. 5
Statistikken viser følgjande tal på tenester og besøk: 2011 2012 2013 2014 Forespørslar 95 129 119 90 Besøk 121 134 118 156 Besøk nettsida, brukarar økter Utkopiering opptak, minuttar stk objekt 2079 746 1416 631 490 837 1846 773 641 857 1209 591 Forutan å yte tenester til enkeltpersonar som vender seg til arkivet, driv arkivet også formidlingsverksemd gjennom ulike presentasjonar, utgjevingar, kurs o.l. Viseboka som arkivet gav ut i 2012 har blitt selt, og blir også bruka på arkivets eigne songkveldar. Arkivet brukar Facebook til publisering av små og store hendingar. Stikkord frå formidlingsverksemda i 2014: Songkveldar, fire arrangement Open temakveld i samband med grunnlovsjubileet: Lyden av 1814 Innslag på grunnlovsjubileumsarrangement i Bø Lagt ut speleliste på Wimp som del av formidlingsprosjekt på folkemusikk.no Presentasjon for gruppe frå HiT Starta opp forprosjekt i samarbeid med HiT for bokverk om folkemusikken i Telemark Vidareutvikling av heimesida på nett med m.a. publisering av skriftkatalog Presentasjon for 8. klassetrinn ved Bø ungdomsskule Samarbeid med regissør Aaslaug Vaa om prøvevising av film om kvedarar i Vinje Arkivet har hatt besøk av elevar frå Bø ungdomsskule. Foto Øystein Akselberg, Bø blad. 6
Fagleg oppdatering, representasjon m.m. Arkivaren deltar kvart år på ymse kurs, seminar og møteverksemd på vegne av arkivet. Ho blir også i blant nytta som fagperson i ulike samanhengar. I meldingsåret har ho site i interimsstyre for Telemark folkemusikksenter deltatt på representantskapsmøte i stiftinga Nasjonalt Landstadsenter hatt presentasjon og deltatt på seminar for folkemusikkarkiva i landet site i referansegruppe for prosjektet Digitale verktøy i folkemusikkarkivene i regi av Opplandsarkivet/Rff REKNESKAP OG BUDSJETT Driftsrekneskap Budsjett 2015 Rekneskap 2014 Budsjett 2014 Rekneskap 2013 Inntekter: Div. salsinntekter 10 000 18 044 10 000 24 953 Tilskot fylke 30 000 - - - Tilskot kommune 139 000 140 000 157 000 157 000 Andre tilskot - - - Refusjonar 6 000 16 233 12 000 20 773 Sum inntekter 185 000 174 277 179 000 202 726 Kostnader Lønnskostnader 1 46 000 44 536 60 000 36 474 Kostnader lokale 42 000 44 838 35 000 35 882 Inventar/kontor- og opptaksutstyr 2 60 000 8 946 25 000 18 452 Vedlikeh/rep/lisensar 7 000 2 264 7 000 2 717 Div. rekvisita 15 000 17 279 10 000 4 880 Tlf./porto/frakt 12 000 12 573 20 000 17 858 Reise/diett/overnatting 12 000 11 825 12 000 8 977 Marknadsføring 1 000 553 3 000 Møte/konferansekostnader 1 000-2 000 550 Andre kostnader 5 000 6 150 2 000 3 035 Tap på fordringar 3 000 Sum kostnader 201 000 148 964 179 000 128 826 Årsresultat (16 000) 25 313-73 900 1 Telemark fylkeskommune er arbeidsgjevar for arkivleiar og lønn vert betalt ut direkte derfrå 2 Videokamera (30'), stillbildekamera (10'), bærbar datamaskin (10'), eksterne HD (6'), lydkort (4') 7