Folkestyre og rettferd for alle



Like dokumenter
Miljø, rettferd og folkestyre

Sogn og Fjordane SV vil:

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

ETNE VENSTRE

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Ei god framtid for alle!

Eit liberalt Sogn og Fjordane

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Program for. Årdal Venstre

Program for Masfjorden Venstre

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

Kommunedelplan for oppvekst

STRATEGISK PLAN

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Program OSTERØY HØGRE

SOGN driftig raus ekte

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Pedagogisk plattform

Rådgjevarkonferansen 2009

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Til veljarane i Tysnes

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Politisk program for Jølster KrF

Program for. Sykkylven Venstre

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

KrF vil legge til rette for ei positiv utvikling der vi kombinerer det særeigne med framtidsretta satsing.

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

INTERNASJONAL STRATEGI

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Program for. Seljord Venstre

Avdeling for regional planlegging

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

FORSLAG TIL ORGANISERING, METODE OG FRAMDRIFTSPLAN

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Ål Venstre. Ål Venstre

Ole Aasaaren Regionsjef

Program for Bømlo Venstre

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Stortingsmelding om kultur. Innspelsmøte 17. januar 2018

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Transkript:

Folkestyre og rettferd for alle SV er eit sosialistisk parti og det skal speglast att i alt arbeide vi vil gjere i Sogn og Fjordane dei komande åra. Sogn og Fjordane SV er for deg som set miljø, likskap, og rettferd for alle først. Vi arbeidar for eit levande folkestyre, og for eit solidarisk, fleirkulturelt og inkluderande fylke som går saman om store viktige, felles løft. Vi vil vere med å skape eit fylke der folk ynskjer å busetje seg og bli buande. Eit fylke med gode fellesskapsløysingar, som tek i bruk kompetansen og arbeidslysta til alle innbyggjarane, og med lokalsamfunn der folk skapar eigne arbeidsplassar. Små forskjellar mellom folk skapar gode lokalsamfunn, og er ein føresetnad for å redusere fattigdom. SV har tru på at vi kan få til dette ved god fordeling, framtidsretta næringsutvikling, berekraftig naturbruk og effektiv distriktspolitikk. Folkesamansettinga i Sogn og Fjordane er i endring. For tida vert det fleire eldre og færre unge. Dette gjev nye økonomiske utfordringar for fylkestinget og det kan bli viktig å gjere naudsynte endringar i organiseringa av tenestene. Ta vare på miljøet Flott kulturlandskap, urørt natur og miljø er nokre av Sogn og Fjordane sine store fortrinn. Vi har derfor eit særleg ansvar for å bruke føre-var-prinsippet og ta miljøomsyn. SV skal vere den konsekvente forkjemparen for natur- og miljøinteresser i fylket. Sogn og Fjordane har mange verneområde og natur- og landskapskvalitetar som gjer oss til eit attraktivt reisemål. Naturvern og sikring av biologisk mangfald er viktig og det er viktig å sikre lokal oppslutnad om dette. Lokalsamfunn som er stolte av og opptekne av sine naturkvalitetar er det beste vernet vi kan få. Skal vi løyse dei globale miljøproblema må vi handle lokalt. Sogn og Fjordane har føresetnadane for å bli eit føregangsfylke i klima- og energipolitikken. Vi må både satse på å redusere forbruket, legge til rette for ny, miljøvenleg kraftproduksjon og klimatilpassing i plan- og byggearbeid. Ein kilowattime spart er betre enn ein ny produsert, og fylkeskommunen skal i sine bygg og innkjøp vere ein pådrivar for energisparing, bruk av alternative energikjelder og redusert forbruk og ein skal ta ei tilsvarande pådrivarrolle i høve til arealplanlegginga i kommunane. Gjennom ei styrking av ENØK-fondet kan fylkeskommunen òg stimulere til energisparing og forbruksreduksjon i kommunar og verksemder. - Arbeide vidare for vern og bruk, slik at lokalsamfunn kan nytte seg av verneområda gjennom til dømes eit naturbasert reiseliv og anna verdiskaping. - Satse på større lokal medverknad i forvaltninga av verneområde og utprøving av friviljug kontrakt med grunneigarar med mål om at dei sjølv sikrar eit godt vern naturen. - Legge føre-var-prinsippet til grunn for næringspolitikken. Gruvedrift med fjorddeponi i Vevring er eit tydleg døme på inngrep som SV går imot. - Arbeide for at fylkesdelplanane for småkraft og vindkraft gir ei reell og balansert prioritering mellom ny kraftproduksjon og landskapsomsyn, og er i samsvar med nasjonale føringar. - Krevje at fylkeskommunen fyrst og fremst kjøper varer og tenester lokalt. Det må stillast strenge krav om miljøomsyn og samfunnsansvar i alle utlyste anbod.

- Arbeide for at alle fylkeskommunale verksemder og verksemder der fylkeskommunen er eigar vert miljøsertifiserte. - Innan samferdsle satse særleg på rimelegare kollektivtransport og utbygging av gang- og sykkelvegar der desse gjev størst miljø- og tryggleikseffekt. - Styrke ENØK-fondet for kommunar og private verksemder. - Krevje at det skal stillast strenge miljøkrav ved tildeling av oppdrettskonsesjonar. Ved tvil skal miljøomsyn vege tyngst. - Leggje til rette for meir publikumsvenleg kollektivtrafikk basert på reisevaneundersøkingar. Leggje særleg til rette for arbeidsruter som kan erstatte privatbiltrafikk. Ein framtidsretta næringspolitikk Sogn og Fjordane SV vil ha ein grøn og berekraftig næringspolitikk. Vi er difor imot Nordic Mining sine planar i Naustdal, og ukritisk plassering av kraftliner i naturen. Det er ei god samanheng mellom naturvern, lokal verdiskaping og næringsutvikling i fylket. Vi vil ha eit levande næringsliv i Sogn og Fjordane tufta på dei lokale føresetnadane våre. Dei gode industrimiljøa våre gjer at miljøteknologi har ei stor framtid i Sogn og Fjordane. Vi må ha eit næringsliv som etterspør kompetanse og tilbyr spennande arbeidsplassar. Dei offentlege verksemdene i fylket lagar gode kompetansemiljø og gjev eit godt grunnlag for etablering av anna næringsverksemd. For å sikre at viktige samfunnsoppgåver som transport og energiproduksjon blir løyste, er det viktig å bevare den fylkeskommunale eigarskapen i dette. Kommunane er førstelinjetenesta i tiltaksarbeidet. Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg må samarbeide tett med kommunane om å gje næringslivet dei beste vilkår for nyetablering og vidareutvikling. Jordbruk og fiske er næringsberebjelkane i Sogn og Fjordane og må sikrast levedyktige inntekter. - Arbeide for fleire statlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. - Arbeide for betra vilkår for grønne arbeidsplassar, og strengare krav til miljøomsyn for industriverksemder. - At Sogn og Fjordane skal går føre i satsinga på berekraftig naturbasert reiseliv, tufta på lokale aktørar, produkt og verdiar. - Sikre ei levedyktig inntekt for vestlandsbonden, og tilskotsordningar som sikrar ein variert bruksstruktur. - Arbeide aktivt for at kompetansen til innvandrarane i fylket i større grad skal nyttast. Internasjonal arbeidskraft er naudsynt for Sogn og Fjordane, og også dei skal sikrast rette løns- og arbeidsvilkår. - Vidareutvikle spennande forskings- og utviklingsmiljø som Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. - Arbeide for at kystaktivitetar innan oljesektoren, maritime og marine næringar også sikrar arbeidsplassar på land i Sogn og Fjordane. - Satse på knoppskyting i eksisterande verksemder, og slik sett skape nye og spennande arbeidsplassar tufta på kompetansen som alt er her. - Sikre utvikling av lokalsamfunna ved å arbeide for naudsynte samferdsleprosjekt. Gode døme er gul midtstripe på E39, Stadt Skipstunnel og stegvis realisering av Kystvegen mellom Ålesund og Bergen. - Opne for bompengefinansiering for å sikre tidleg ferdigstilling av vegprosjekt og av miljøomsyn. - Gjere Sogn og Fjordane til eit føregangsfylke innan offshore vindindustri. - Styrke jordvernet gjennom strengare praktisering av gjeldande lover.

Den gode skulen Skulane i Sogn og Fjordane har lukkast med mykje. Grunnskulane har gode resultat i nasjonale samanlikningar. Vi har lite fråfall, gode eksamensresultat og elevar som trivst. Desentralisert skulestruktur gjer at relativt mange elevar kan bu heime og skulane er viktige kompetansesenter i lokalsamfunna. Den store utfordringa i vidaregåande skule er å kunne halde på og styrke kvaliteten samstundes som elevtalet går markant ned. Opplæringa skal gje solide fagkunnskapar, gode strategiar for læring, kritisk tenking, kreativitet og evne til å finne løysingar. Skulen er òg verdiformidlar og tradisjonsberar, byggjer lokal tilknyting, internasjonal solidaritet, demokrati og engasjement. Økonomi skal ikkje vere til hinder for nokon til å ta vidaregåande opplæring. Nedgongen i elevtalet framover gjer det naudsynt å sjå grundig på korleis vi organiserar det vidaregåande skuletilbodet. For SV er det eit mål at flest mogleg skal få bu heime i skuletida. Difor må vi satse på spesialisering og arbeidsdeling mellom skulane i kombinasjon med utnytting av ny kommunikasjonsteknologi. Sogn og Fjordane skal vere eit føregangsfylke når det gjeld å kombinere spesialisering og høgt fagnivå med desentralisert skulestruktur. Lærarane er den viktigaste faktoren for ein god skule. Bibliotekarar, miljøarbeidarar, rådgjevarar, skulehelseteneste og arbeidslivskontakt er viktige tilleggsressursar fagleg og sosialt. Skulane må kunne nytte andre læringsarenaer enn skulen, til dømes gjennom samarbeid med verksemder, museum, den kulturelle skulesekken og høve til ekskursjonar og internasjonal utveksling. Her i fylket har vi fire folkehøgskular som gjev eit variert tilbod og som mellom anna gjer seg nytte av dei lokale naturkvalitetane. Folkehøgskulane er og viktige institusjonar for kultur og samfunnsliv i lokalmiljøa. Høgskulen i Sogn og Fjordane er viktig, for å gje utdanning til ungdom, tilrettelagt utdanning for vaksne og etter- og vidareutdanning for arbeidslivet i fylket. Tilbodet på høgskulen bør vere attraktivt for studentar frå heile landet. Slik som resten av høgskule-noreg må høgskulen utvikle masterutdanningar innanfor nokre sentrale felt. Framtidig arbeidsliv er kunnskapsbasert og høgskulen og Vestlandsforsking er sentrale i utvikling av ny kompetanse. Forsking har både ein eigenverdi og næringsverdi. Kunnskapsbedriftene skal i tillegg til å vere utdannings- og forskingsinstitusjonar bidra til regional utvikling. Her er koplinga til fylkeskommunen, lokalt næringsliv, og andre aktørar sentralt. Forsking og høgare utdanning er viktig for ein kritisk samfunnsdebatt. Kvaliteten på samfunnsdebatten vil tene på at fleire med tilknyting til våre institusjonar deltek. - At vidaregåande skule skal bidra til sosial utjamning og til å gje alle like mogelegheiter. - At fylkeskommunen ikkje skal kjøpe ulovlege læremiddel. Læremiddel må ligge føre på nynorsk og ha god kvalitet. Bøker og alle læremiddel skal vere gratis. Skulane må kunne velje læremiddel utifrå pedagogiske grunngjevingar. - At vidaregåande skular tek eit aktivt ansvar for hybelbuande elevar i samarbeid med foreldre og kommunar. - Styrke medverknad frå elevane i skulen - At lærarane skal kunne prioritere tida til undervisning - At fylkeskommunen skal vere ein profesjonell, moderne, attraktiv og raus arbeidsgjevar. Og sikre leiarutdanning og etter- og vidareutdanning av lærarane. - Halde på og sikre rekruttering av lærarar med høg fagleg og pedagogisk kompetanse. - Styrke andre yrkesgrupper i skulen som kan bidra til å sikre god trivsel, godt skulemiljø og at elevane gjer rette utdanningsval - Satse på fleire lærlingplassar i både offentleg og privat verksemder. - Starte ei yrkesutdanning der elevane har praksis og undervisning parallelt heilt fram til fagbrev. Dette vil vere eit viktig utdanningsalternativ for ein del ungdom. - Sikre ungdom rett til å ta påbygging til generell studiekompetanse etter fullført fagbrev. - Sikre fagskulen med tilbod innanfor tekniske og maritime fag, og vurdere etablering av nye tilbod innanfor helse- og omsorg.

- At fylkeskommunen gjennom partnarskap og økonomisk støtte skal bidra til å auke forskingsaktiviteten ved Høgskulen og Vestlandsforsking. - At Sogn og Fjordane skal vere eit føregangsfylke innan entrepenørskap i skulen og næringstilpassa undervising. - Arbeide for å oppretthalde ein desentralisert skulestruktur. - At den vidaregåande skulen skal vere offentleg eigd og driven. Dette er den einaste måten ein kan oppretthalde ein desentralisert struktur, sikre breidde i linjeval og likeverdige høve til opptak for alle elevar i Sogn og Fjordane. Kulturfylket Sogn og Fjordane skal vere eit kunst- og kulturfylke, og SV vil satse på dette i alle delar av fylket. Kunst og kultur skal gje livsglede og trivsel for deg som bur her, samstundes som det skal gje folk lyst å flytte til og starte næring i lokalsamfunna. Nynorsk språk og litteratur er ein naturleg og nødvendig del av satsinga. - Styrkje ungdommens fylkesting ved at dei får tildelt kr 500 000 til å støtte kulturtiltak for barn og unge. - Arbeide for tenlege bibliotektilbod i heile fylket og setje biblioteka betre i stand til å følgje med i den teknologiske utviklinga. - Styrke kulturinstitusjonane og kulturminnevernet i fylket. Vi må byggje vidare på faste institusjonar som musea våre, Opera Nordfjord, Sogn og Fjordane Teater, Folkemusikkfestivalen og andre. - Halde oppe ordninga med distriktsmusikarar og arbeide for eit utøvingsstipend for unge, lokale kunstnarar. - Bruke den kulturelle skulesekken til å styrkje lokale kunstnarar og viktige kulturinstitusjonar som musea og distriktsmusikarordninga. - Sikre betre arbeidstilhøve for kunstnarar i fylket, gjennom stipendordningar, tilgang på atelier- og utstillingsplass og offentlege oppdrag. - Arbeide for å auke tippemidlane til fylket og prioritere anlegg for barn og unge og tiltak knytt til folkehelse og friluftsliv, og prioritere barne- og ungdomsidrett gjennom låg utleigepris for idrettshallane i fylket. - Halde fram arbeidet knytt til regionale kulturbygg og vurdere ei ordning med driftsstøtte til slike bygningar. - Sikre vidare støtte til festivalane rundt i fylket, og prioritere festivalar for barn og unge og tiltak som understrekar eigenarta i fylket, som nynorsk og lokal kultur. - Styrkje stillinga til friviljuge organisasjonar, både økonomisk og gjennom å delegere rett til å fordele midlar på visse område. - Sikre at offentlege kulturinstitusjonar, arkiv, bibliotek og museum har tilbod som syner at Sogn og Fjordane er eit fleirkulturelt samfunn. - Bevare og styrke ordningane Heim for ein 50-lapp, transportordning for ungdom i distriktet, og utvide ungdomskortordninga til 20 år. Likeverdig og godt helsetilbod Sogn og Fjordane SV meiner helsetenestetilbodet skal vere likeverdig for alle uavhengig av kvar den einskilde bur, alder eller økonomi.

Fylkeskommunen har ansvar for tannhelsetenesta i fylket. Den viktigaste utfordringa er å sikre rekrutteringa av tannlegar i heile fylket. Andre deler av helsetilbodet er det kommunane, helseføretaka og staten som har ansvar for. Sogn og Fjordane SV meiner at Stortinget må vedta ein nasjonal helseplan som tek stilling til overordna prioriteringar og ansvarsfordeling. Føretaksmodellen må avviklast og styringa av sjukehusa må overtakast av folkevalde på nasjonalt og regionalt nivå. Sogn og Fjordane SV vil oppretthalde sentralsjukehuset i Førde, og lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid med akuttberedskap og fødetilbod. Desse tre sjukehusa skal saman sikre eit nært og fagleg godt tilbod for innbyggjarane. Samhandlingsreforma vil endre oppgåvene mellom kommunane og sjukehusa. SV er spesielt oppteken av at kommunane skal få nødvendig økonomiske overføringar for å utføre sine nye plikter. Ambulansetenesta er avgjerande viktig i vårt spreiddbygde fylke. SV vil setje av tilstrekkeleg med ressursar for å sikre høg kvalitet og god beredskap. Barnevern, barne- og ungdomspsykiatri og rusomsorg er prioriterte satsingsområde i SV sin politikk. Barn, unge og familiar som av ulike grunnar slit, har størst behov for eit godt offentleg hjelpeapperat. Våre samla helsetenester må til sjuande og sist dømmast ut frå korleis vi tek vare på dei svakaste i samfunnet. Den generelle velferdspolitikken må iverksetjast gjennom å setje kommunane og NAV i stand til å yte effektive tenester med god sørvis.