Sakshandsamar, innvalstelefon Edvard Høgestøl, 55 57 20 45 Vår dato 11.03.2016 Dykkar dato 10.01.2016 Vår referanse 2016/681 331.1 Dykkar referanse 15/2571 Os kommune Postboks 84 5202 Os Os kommune - budsjett og økonomiplan 2521016-2019 Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15. desember 2015. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til auke i skatteøyret for kommunane frå 11,35 prosent i 2015 til 11,8 prosent i 2016. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr 521,9 mill. i skatt på eige og inntekt for 2016. I 2015 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 6,0 prosent. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2014 til 2015 også med 6,0 prosent. Kommunen sitt skattenivå i 2015 var 93,8 prosent av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2016 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2016 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 prosent av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 prosent av differansen mellom 90 prosent av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr 978,74 mill. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2016 er no oppdatert med førebelse innbyggjartal per 01.01.2016 og innkomen skatt i 2015. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal per 01.01. 2016. For innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga med aldersfordeling er grunnlaget innbyggjartal per 01.07.2015. Dei budsjetterte frie inntektene er om lag kr 9,6 mill. lågare enn prognosen. Desse ekstra midlane, om prognosen held, vil kome godt med framover, jf. rådmannens kommentarar. Eigedomsskatt Kommunen har ikkje eigedomsskatt. Pris og kostnadsvekst Den samla pris- og kostnadsveksten i kommunane (kostnadsdeflatoren) er i statsbudsjettet 2,7 prosent. I det inngår pårekna lønsvekst også med 2,7 prosent. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3,5-4 prosent av lånegjelda (når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Fylkesmannen tilrår kommunane at dei ordinære avdraga minst er på dette nivået. Kommunen har budsjettert med kr 55,1 mill. i ordinære avdrag, utanom avdrag på formidlingslån. Det kan synast som om budsjetterte avdrag er innanfor intervallet i tilrådinga. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Netto driftsoverskot i budsjettet er om lag kr 28,5 mill. Ein stor del vert sett av til disposisjonsfond. Kommunane er i tidlegare år tilrådde å ha eit netto driftsoverskot i prosent av driftsinntektene på minst tre prosent, basert på prinsippet om formuebevaring. Momskompensasjon frå investeringar har til og med 2013 vore inntektsført i driftsrekneskapen. Frå og med 2014 blir momskompensasjonen frå investeringar i staden inntektsført direkte i investeringsrekneskapen. På denne bakgrunn reduserte Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi i sin rapport frå november 2014 det tilrådde nivået for netto driftsoverskot, i prosent av driftsinntektene, frå 3 prosent til 1 ¾ prosent for kommunane generelt. 2
Fylkesmannen si vurdering er at netto driftsoverskot bør vere noko høgare enn 1 ¾ prosent av driftsinntektene for å kunne handtere svingingar i inntektene og for å ha stabilitet i tenestene. Kommunen sitt netto driftsoverskot på 2,3 prosent av sum driftsinntekter for 2016. Det er, som kommunen sjølv skriv, viktig med tanke på at åra som kjem er venta å bli vanskelege og velfylte driftsfond ei stor føremon. Framover i økonomiplanperioden fell resultata, og er negative for 2018 og 2019. Mykje av fallet skuldast eit nedtrekk i skatteinntekter på kr 10,- mill. p.a. frå 2017 grunna forventa effektar av endringar i inntektssystemet. Samstundes aukar finansutgiftene grunna store investeringar/gjeldsauke. Denne auken vert til ein viss grad møtt av auka avgiftsinnbetalingar då mange av investeringane i økonomiplanperioden er sjølvfinansierande. Utgiftene elles er lagt inn med «normal» auke. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter Kommunen legg fram ein ambisiøs investeringsplan framover, og har som vanleg sett lengre enn økonomiplanen, om enn berre med eit år denne gongen. Investeringsramma i sjølve planperioden er kr 1,2 mrd., med kr 852,- mill. i låneopptak. Kr 324,1 mill. er ordinære investeringar. Kr 295,- mill. er prosjekt med delvis ekstern finansiering (som gir kr 138 mill. i Husbank-finansiering). Kr 558,1 mill., dvs. nær halvparten av investeringane i perioden, er investeringar i VAR og dermed potensielt sjølvfinansierande. Det største prosjektet er utan tvil «OHARA», som er eit sentralreinseanlegg der investeringane starta i 2015. I økonomiplanperioden 2016 2019 er prosjektet budsjettert til kr 326,8 mill. Rådmannen skriv at «Osingane må førebu seg på avgiftsauke og tronge rammer for tenestene i åra som kjem». I 2016 er det planlagt investeringar for til saman kr 404,- mill., der kr 94,7 mill. er ordinære investeringar, kr 138,- mill. er investeringar med delvis ekstern finansiering og kr 171,3 mill. er avgiftsfinansierte prosjekt. Dei tre største investeringane i 2016 er Luratunet omsorgssenter (kr 120,- mill., med tilsvarande investering i 2017), OHARA (kr 110,- mill.) og utviding av Lunde barneskule (kr 40,- mill.) Investeringane i 2016 vert i hovudsak finansierte med lån (kr 309,4 mill., der kr 171,3 mill. er potensielt avgiftsfinansiert). Andre større finansieringskjelder er mva-kompenasjon (kr 43,1 mill.), unytta lånemiddel (kr 17,2 mill.) og sal av eigedom (kr 17,- mill.). Tilskot frå Husbanken, kr 138,- mill., er budsjettert inn i 2017. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld per 31.12.2014 for kommunane samla i fylket, utanom Bergen, til kr 69.840,- per innbyggjar. I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr 72.861,-. Det er ein sjuandeplass på fylkesstatistikken, men ser vi på gjeld i prosent av brutto driftsinntekter er kommunen den med tredje høgast gjeld i fylket, noko som i stor grad skuldast relativt låge inntekter i kommunen. 3
Når kommunen si totale gjeld vert vurdert, må ein ta omsyn til at så og seie all relevant gjeld ligg i kommunekassa, og ikkje t.d. i aksjeselskap. Delen av gjelda som er potensielt sjølvfinansierande vil også auke framover. Hovudkonklusjonen er likevel at gjelda er høg. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket, utanom Bergen, har eit gjeldsnivå som ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Landsgjennomsnittet si langsiktige lånegjeld ved utgangen av 2014 var kr. 65.503,- per innbyggjar. Pensjonsforplikting er ikkje medrekna. Oppsummering Kommunen har låge frie inntekter pr. innbyggjar, faktisk nest lågast i fylket, og ingen ekstra inntekter frå eigedomsskatt og kraft. Kommunen har fondsplasseringar som gir avkastning i normalår, men budsjetterer ikkje med det. Drifta er etter måten billig, og viljen til innsparingar har vore stor. Rådmannen skriv at 2015 var første året på lenge det ikkje var direkte eller indirekte kutt i rammene til tenesteområda. Disposisjonsfondet har hatt ein nedgang nokre år, men er no stigande. I 2016-budsjettet vert det lagt til nær 27,- mill. i fondet. Siste inntektsprognose gir kommunen nær ti millionar meir enn budsjettert. Om prognosen held vil kommunen dermed få ytterligare midlar som kan leggast til fondet, alt anna likt. Framover i økonomiplanperioden fell netto driftsresultat. Det vert negativt i periodens to siste år. Det er årsaka til at kommunen ønskjer å sette til side pengar i 2016. Kommunen har lagt til grunn kr 10,- mill. i lågare inntekter frå 2017 som effekt av nytt inntektssystem. Om framlegget til nytt inntektssystem vert vedtatt, kan denne føresetnaden under visse omstende vise seg fornuftig. Kommunen si gjeld er høg, og vil auke kraftig i åra som kjem. Sjølv om over halvparten av investeringane i økonomiplanperioden er sjølvfinansierande, eller gir tilskot, vil investeringane verte ei belasting. Rådmannen skriv at det må vere eit mål å redusere investeringane ned frå 2019. Med så store summar involverte kvart år, er det avgjerande å unngå overskridingar og forseinkingar. Innbyggjarane må også vente seg høgare avgifter, og strammare rammer. Fylkesmannen er samd i det. Investeringsprogrammet er svært ekspansivt. Utgiftene til renter og avdrag aukar med kr 34,21 mill. frå 2016 til 2019. Det er ein auke på 37,6 % frå eit allereie høgt nivå. Kommunen har ikkje oppsamla premieavvik og er såleis i ein betre posisjon for åra som kjem enn mange andre kommunar. SIO-prosjektet er eit forsøk med statleg finansiering av omsorgstenester i regi Helsedirektoratet. I forsøket skal det prøvast ut om statlege tildelingskriterier og statleg sette budsjettrammer gir auka likebehandling på tvers av kommunegrenser. Her vert det eit uttrekk frå kommuneramma tilsvarande utgifter til omsorgstenestene i året før forsøksperioden. Kommunen er med i forsøket. Det må tas omsyn til når ein ser på budsjetterte inntekter og utgifter for sektoren. 4
Kommunen sine budsjettdokument er eit eksempel til etterfølging. Dei er klåre og logiske. Det gjer innhaldet lettfatteleg. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: KPMG Postboks 4, Kritianborg 5822 BERGEN 5