Omtale av eit prosjekt for utvikling og utprøving av eit indikatorbasert system for retningsanalyse av regionale klimagassutslepp Innleiing

Like dokumenter
Frå tilpassing til omstilling i Sogn og Fjordane. Samhandling for Grønt skifte

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

INTERNASJONAL STRATEGI

Korleis vurdere effekten av ein regional klimapolitikk?

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Frå plan til handling

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

Funn frå AREALKLIM: Analyse av historiske Naturskadehendingar og pågåande planprosessar

FYLKESDELPLAN FOR KLIMA OG MILJØ

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Søknadskjema Lokal Agenda 21-midlar, 2011

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Plan for forvaltningsrevisjon

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Klimatilpassing på regionalt og lokalt nivå Erfaringar frå Sogn og Fjordane

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Indikatorevaluering. Innspel til Distriktssenteret Presentasjon halde I Distriktssenteret sine lokale i Sogndal, 20. april 2010

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad. Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Klimagassutslepp i Time kommune. Status og grunnlag for evaluering av tiltak i. KDP Energi og klima

Framskriving i Nasjonalbudsjettet grunnlag for klimaforliket

Vilkår for å nå målet om eit berekraftig reiseliv

Bilag 1 Oppdragsgjevar sin spesifikasjon av tenesteytinga

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

Naturskadehendingar: Korleis brukar vi tidlegare hendingar til å planleggja for betre tilpassing til framtidige hendingar?

2014/

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Arbeidsprogram for energi-, miljø- og klimaplan. Framlegg til arbeidsprogram

Plan for forvaltningsrevisjon

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Hyllestad kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteke i kommunestyresak 64/16 den

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Høring av statlige planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning i kommunene

Regional planstrategi for Vestland - løypemelding om utfordringar for samfunnsutvikling i Vestland fylke

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Læreplan i klima- og miljøfag

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Klimagassutslepp frå produksjon og forbruk

Stryn kommune. Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Vedteken i kommunestyresak 56/16 den

Austrheim kommune PLANPROGRAM for Kommunedelplan for klima- og energi.

ORGANISASJONSAVDELINGA Personalseksjonen - Org avd

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Funn fra Arealklimprosjektet. Presentasjon i et møte med Statens naturskadefond Sogndal,

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

ÅRSMELDING 2016 KONTROLLUTVALET I HJELMELAND

Plan for forvaltningsrevisjon

Regionreforma kva gjer vi? Tore Eriksen, fylkesrådmann Møte med Stortingsbenken, 23.oktober 2015

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Medie og informasjonsplan. Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

3) Vassområdeutvala kjem med innspel om viktige utfordringar og prioriteringar i vassområdet til dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Plan for forvaltningsrevisjon Revidert plan Tysnes kommune

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Energi og klimaplan for Sykkylven kommune Planprogram

MØTEPROTOKOLL. Arbeidstakarrepresentant Anne Siri Bentsen. Vara var kalla inn men kunne ikkje møte. BHT ved Inger Johanne Lomheim SAKLISTE

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Finnøy og Rennesøy kommunar

DATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Arealplan - oppstart forprosjekt «Nye Førde sjukehus»

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

Andre kommunesamling i prosjektet «Samhandling for Grønt skifte» Skei Hotell juni DAG 2

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Fagdag for næringsmedarbeidarar

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Plan for forvaltningsrevisjon

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Arbeidspakke 3: Hvordan bruke lærdommene til bedre arealplanlegging? Av Carlo Aall Vestlandsforsking

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

Transkript:

Notat 27.11.2009 Omtale av eit prosjekt for utvikling og utprøving av eit indikatorbasert system for retningsanalyse av regionale klimagassutslepp Innleiing I perioden 1995-97 gjennomførte Vestlandsforsking eit utviklingsprosjekt finansiert av KSforsking der ein saman med to kommunar (Ålesund og Stavanger) og ein fylkeskommune (Akershus) utvikla og prøvde ut eit verktøy for retningsanalyse i høve til målet om ei berekraftig utvikling. I perioden 2001-03 deltok Sogn og Fjordane fylkeskommune i eit utviklingsarbeid finansiert av KS-forsking og gjennomført av Vestlandsforsking og Stiftelsen Idébanken. Prosjektet gjekk ut på å utvikle eit styringssystem for realisering av målet om ei berekraftig utvikling (prosjektet Berekraftige kommunar i praksis ) 1. Indikatordelen av dette systemet er seinare vidareutvikle gjennom prosjektet Livskraftige kommuner 2. Retningsanalyse er ein del av dette styringssystemet, og Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomførte sin første retningsanalyse i samband med årsmeldinga for 2002. Det blei laga ei retningsanalyse også for 2003 3. Sidan den tida har ambisjonane om å gjennomføre årlege retningsanalysar vore forankra i Fylkesplanen for Sogn og Fjordane 4 - utan at dette har ført til at det faktisk har vore gjennomført slike analysar sidan 2004. I mars 2009 vart Fylkesdelplan for klima og miljø vedtatt i fylkestinget med eit overordna mål om at Sogn og Fjordane fylke skal ta sin del for å nå dei nasjonale måla om å bli klimagassnøytral i 2030. I fylkesdelplanen vart det føresatt at det skal settast i gang eit prosjekt som skal utvikle eit system for retningsanalyse med klimaindikatorar. Desse indikatorane skal vise utviklinga i utslepp av klimagassar i Sogn og Fjordane for både dei produksjons- og forbruksrelaterte utsleppa. Prosjektet skal også utarbeida fornuftige referansebanar for dei ulike sektorane, for på den måten å styrke kunnskapsgrunnlaget for klimaarbeidet i fylket. Det nye i høve til eksisterande system for retningsanalyse er at ein no ønskjer å avgrense fokuset til utslepp av klimagassar. Vidare er det nytt i høve til eksisterande system for kartlegging av klimagassutslepp at fylkeskommunen ønskjer å utvikle indikatorar for også for dei forbruksrelaterte utsleppa; ikkje berre dei produksjonsrelaterte utsleppa. 1 Sjå omtale her: http://old.ks.no/templates/page.asp?id=4759 2 http://livskraftig.bedrekommune.no/more/reports/ 3 Groven, K., Aall, C. (2004): Berekraftmelding 2004. Kva retning går utvikling i Sogn og Fjordane i høve til målet om ei berekraftig utvikling? VF-notat 1-2004. Sogndal: Vestlandsforsking. (http://www.vestforsk.no/www/download.do?id=1045) 4 Sjå t.d. http://www.sff.kommune.no/sff/k2pub.nsf/viewattachments/c1256b3b0048da1dc1256e3f00425ff1?opendocument&fra me=yes 1

Mål, avgrensingar og problemstillingar Det overordna målet for prosjektet er styrke kunnskapen om korleis regionale styresmakter kan bidra til arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar knytt til både produksjon og forbruk. Prosjektet er avgrensa til dei prosessar og verkemiddel som fylkeskommunen kan gjennomføre med utgangspunkt i plan- og bygningslova. Konkret er prosjektet avgrensa til å utvikle eit system for å vurdere måloppnåing av gjeldande Fylkesdelplan for klima og miljø, der måloppnåinga skal gjerast gjennom eit indikatorbasert system for retningsanalyse. Dette prosjektet omfattar likevel ikkje oppfølginga av Fylkesdelplan for klima og miljø som gjeld drift av den fylkeskommunale organisasjonen og driftseiningar eigd av fylkeskommunen (t.d. vidaregåande skule), i og med at dette blir fanga opp av eit eige prosjekt i regi av fylkeskommunen. Gitt presiseringane over har prosjektet følgjande problemstillingar: 1. Kva for konkrete utsleppskjelder som gjeld produksjon og forbruk kan omfattast av ein regional klimapolitikk? 2. Korleis kan ein måle regionale klimagassutslepp frå produksjon og forbruk på ein slik måte at det er mogeleg også å seie noko konkret om verknader av regionale tiltak for å redusere dei same utsleppa? 3. Korleis kan utsleppa for dei same utsleppskjeldene utvikle seg framover gitt ulike føresetnader om den samfunnsmessige utviklinga? 4. Kva for sektorvise utsleppsmål kan utviklast for å støtte opp under eit overordna mål om at Sogn og Fjordane fylke skal ta sin del for å nå dei nasjonale måla om å bli klimagassnøytral i 2030. 5. Kva for verkemiddel og tiltak kan utviklast for å realisere dei ulike sektorvise delmåla i klimaplanen? 6. Korleis kan eit indikatorbasert system for retningsanalyse av klimautviklinga integrerast i eksisterande fylkeskommunale styringssystem? Fagleg bakgrunn Det er viktig at systemet vi skal utvikle relaterar seg til gjeldande føringar og retningsliner for lokal og regional klimaplanlegging 5 og pågåande utviklingsarbeid i regi av KS og SSB når det gjeld å utvikle lokale og regionale berekraftindikatorar både innafor og utafor KOSTRA systemet 6. Usikkerheit og mangel på data i høve til å talfeste lokale og regionale klimagassutslepp er ei viktig utfordringane i arbeidet med lokal og regional klimaplanlegging. Dette gjer det vanskeleg å avdekke problemområda og å vurdere effekten av lokale og regionale tiltak. Dette forholdet vert omtalt av Statistisk Sentralbyrå (2008:5) på følgjande måte: Kvaliteten i kommunetallene vil i mange tilfeller være dårligere enn tilsvarende utslippstall for hele landet. Det henger sammen med at man har gode totaltall for eksempel for forbruk av ulike energivarer, men en har mindre kunnskap om hvordan dette forbruket fordeler seg mellom kommunene eller mellom ulike utslippskilder. Det må derfor tas i betraktning at de presenterte tallene kan ha mange feilkilder og at de ikke nødvendigvis gir et presist bilde av utviklingen i den enkelte kommune. Feilkildene kan eksempelvis føre til at det oppstår påfallende endringer fra år til år for en del (særlig mindre) kommuner. Effektene av lokale 5 Jf http://www.regjeringen.no/nn/dep/md/dokument/lover-og-reglar/retningsliner-og-juridiskerettleiingar/2009/planretningslinje-klima-energi.html?id=575764 6 Jf http://livskraftig.bedrekommune.no/more/reports/ 2

tiltak i kommunen vil ofte ikke komme til syne i statistikken for disse kommunene. Et eksempel på dette er at effekten av redusert oljefyring ikke finnes igjen i kommunens utslippsstatistikk siden vi bare har statistikk for oljeutsalget på fylkesnivå. Manglende kunnskap om lokale forhold er hovedårsaken til svakhetene i statistikken. Data frå Statistisk Sentralbyrå gir eit visst utgangspunkt for å få oversikt over energibruk og klimagassutslepp på lokalt og regionalt nivå, men dette gjeld i hovudsak produksjonsrelaterte utslepp 7. Det som gjeld forbruk er utslepp frå privatbilisme og utslepp frå oppvarming av private bustader. Dette heng naturleg saman med at det er slik den nasjonale rapporteringa av klimagassutslepp i samband med oppfølginga av Kyotoprotokollen er bygd opp, som igjen avspeglar korleis krava om nasjonale utsleppsreduksjonar er utforma. Desse rettar seg inn mot utslepp som skjer innafor kvart land sitt territorium, noko som difor utelet alle utslepp frå internasjonal luftfart og internasjonal båttransport. Vidare er utslepp som vert løyst ut av nordmenn sitt forbruk av importerte varer og tenester lagt til dei landa som er vertskap for denne produksjonen, på same måte som at utslepp i Noreg frå norsk eksport (t.d. produksjon av aluminium) vert lagt til Noregs utsleppsrekneskap og ikkje til dei landa som importerer denne aluminiumen. Desse forholda vert kommenter på følgjande måte av Statistisk Sentralbyrå (2008:3): Statistikken over utslipp til luft utgis i dag som landstall for Norges territorium, som landstall for norsk økonomisk aktivitet (NAMEA) og brutt ned på næringer (både standard Kyoto-avgrensning og (NAMEA) og som fylkes- og kommunetall. Kommunetallene er i stor grad utviklet som en top-downtilnærming ut fra nasjonale tall, og med ca. 431 kommuner av forskjellig størrelse og kjennetegn blir usikkerheten i tallene for hver enkelt stor. Med en top-down-tilnærming er tallene lite følsomme for tiltak kommunene gjør for å redusere utslippene. Det er et stort behov for at statistikken skal gjenspeile slike tiltak. I tabell 1 er vist eit nasjonalt rekneskap for produksjons- og forbruksrelaterte utslepp som Vestlandsforsking laga i 2008 på oppdrag frå Miljøverndepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet (Hille mfl, 2008). Av tabellen ser vi for det første at det samla utsleppet av klimagassar i 2005/06 var om lag like stor for dei tre gruppene innalandsk produksjon i Norge, norsk utanriks sjøfart og nordmenn sitt forbruk. Samstundes ser vi at det er innafor delar av dei forbruksrelaterte utsleppa at auken dei siste ti åra har vore størst, der utslepp frå nordmenns utalandsreise med fly og utslepp knytt til forbruk av andre varer enn mat har auka mest medan utslepp frå andre tenesteytande næringar enn transport og utslepp frå kommunale avfallsplassar er gått ned mest. Vårt prosjekt vil prøve å få fram tilsvarande tal, eventuelt må vi bryte ned på andre kategoriar av utslepp enn det som er vist under eventuelt også bruke indikatorar for endringar i einskilde forbrukskategoriar der det ikkje er mogeleg å få fram meir samla utsleppstal. Det er ei utfordringa å konkretisere måla (delmål) for utsleppsreduksjon i den enkelte sektoren i fylket. I dag har vi ikkje tilfredsstillande kunnskap som vi kan nytte til å differensiere mellom sektorar. Grunnen til dette er mellom anna at det ikkje er utarbeidd ei referansebane. Det vil seie ei framskriving av utsleppa slik vi trur dei vil bli dersom det ikkje blir sett inn tiltak for utsleppsreduksjon. I nokre sektorar vil utsleppa vekse og i andre sektorar vil dei gå ned. Dette uavhengig av kva klimapolitiske tiltak som blir sette inn. Det er med bakgrunn i denne referansebanen vi må vurdere reduksjonspotensialet i kvar sektor. Ei anna utfordring er å kjenne tilstrekkeleg til effekt og kostnader av ulike utsleppsreduserande tiltak. Det er ei rekkje faktorar som gjer det vanskeleg å etablere eit system for å vurdere i kva grad vi når måla i planen. Dei utfordringane prosjektet difor må gripe fatt i er m.a.: Det er svært krevjande å få ei direkte kopling mellom det overordna målet fylkeskommunen har sett om å bli klimagassnøytral i 2030 og underordna operative 7 Jf t.d. http://www.sft.no/artikkel 40919.asp 3

delmål. Det vil seie at dei operative måla skal kunne summere seg opp i det overordna målet. Til det er kunnskapsgrunnlaget for dårleg og tidsfaktoren for komplisert. Den offisielle utsleppsstatistikken ser i hovudsak på utslepp knytt til produksjon, mens han ikkje inkluderer forbruksrelaterte utslepp. Tilgjengeleg regional og lokal statistikk over klimagassutslepp er i hovudsak nasjonale tal som er brotne ned etter ulike prinsipp. Det er ikkje tal som har kome fram ved å summere dei faktiske utsleppskjeldene i dei ulike lokalsamfunna, og det er ofte nytta svært ulike prinsipp for korleis ein skal bryte ned dei nasjonale tala. Dette gjer det krevjande å tolke den offisielle utsleppsstatistikken for kommunar og fylke. Sogn og Fjordane er eit lite fylke rekna i folketal. Dette gjer at data som er generert frå nasjonale utvalsgranskingar ofte ikkje let seg bryte ned til vårt fylke med mindre vi bestiller ekstra omfangsrike datainnsamlingar. Vi vil adressere desse i utviklinga og utprøvinga av systemet. Desse problemstillingane er også i stor grad generelle for andre fylke, noko som gjer at prosjektet vil ha ein verdi også for andre fylke og for nasjonale styresmakter. Tabellen under viser utviklinga nasjonalt, der vi har skilt mellom utslepp knytt til produksjon og knytt til forbruk (medrekna forbruk av importerte varer og tenester). Som vi ser av tabellen er det innafor forbruk at auken har vore størst når det gjeld utslepp. Tabell 1 Utslepp av forbruks- og produksjonsrelaterte utslepp for Noreg 1997-2005/06 8 Sources of emissions 1996 (MtCO 2 e) 2005/2006 (Mt CO 2 e) Average annual change (%) 1) Domestic production 1996-2005: sum 45,3 47,3 +0,5 - Primary sector (CO 2 ) 2,5 2,2-1,4 - Production of oil and gas (CO 2 ) 10,7 13,4 +3,2 - Metallurgic, chemical, mineral, oil refinery (CO 2 ) 11,6 10,9-0,7 - Other sources from secondary sectors (CO 2 ) 3,0 2,8-0,7 - Domestic transport other than private car (CO 2 ) 6,0 7,1 +2,3 - Services other than transportation (CO 2 ) 2,4 1,9-2,8 - N 2 O from production of fertiliser and agriculture 4,4 4,8 +0,9 - CH 4 from agriculture and industry 4,7 4,2-1,3 2) Norwegian shipping 1996-2005 (CO 2 ) 63,8 50,0-2,7 3) Consumption-related emissions 1996 2006: sum 37,6 42,9 +1,6 Domestic transportation 6,6 6,9 +0,5 Transportation abroad by airplane 3,9 6,3 +6,8 Consumption of food 10,9 11,4 +0,6 Housing 3,4 3,6 +0,7 Commodities other than food 5,9 8,3 +4,6 Private and public services other than transportation 5,6 5,3-0,5 Emissions from municipal dumpsites 1,3 1,0-3,0 Tabellen over er eit eksempel på korleis utvikle nasjonale indikatorar for klimagassutslepp som får fram forskjellar mellom dei produksjons- og forbruksrelaterte utsleppa. Ei av utfordringane i dette prosjektet er å utvikle fylkesvise indikatorar som skal vise korleis den tilsvarande utviklinga er regionalt. 8 Tal tilpassa frå ein rapport laga av Vestlandsforsking på oppdrag frå Miljøverndepartementet og Barne- og familiedepartementet: http://www.vestforsk.no/www/show.do?page=12&articleid=2201 4

Metodisk tilnærming Vi legg til grunn ein aksjonsforskingstilnærming i prosjektet. Det inneber at forskarane må ha ein tett dialog med brukarane, og delvis vil inngå i utøvinga av dei aktivitetane og prosessane vi ønskjer å studere. Det er difor ein føresetnad at vi i starten av prosjektet identifiserar brukarane og at desse inngår i ein dialoggruppe. Det bør også vere høve til å supplere gruppa under vegs i prosjektet. Eit viktig arbeidsreiskap i prosjektet er å nytte den såkalla arbeidsbokmetoden. Det er ein metode for å etablere ein systematisk og dokumentert dialog mellom forskarar og brukarane. Ein arbeidsbok er eit notat som inneheld kunnskapsoppsummering kombinert med spørsmål retta til brukarane. Arbeidsboka vil vere i utvikling, anten som eitt dokument eller som nye dokument. Poenget er at arbeidsboka stadig blir vidareutvikla ved at ein fyller inn svar og avklaringar etter kvart, legg inn nye kunnskapsoppsummeringar og formulerar nye spørsmål under vegs i prosessen. Vidare vil vi nytte ein kombinasjon av deltakande observasjon, intervju og dokumentlesing for å systematisere erfaringane undervegs i prosjektet. Innleiingsvis i prosjektet vil vi lage ein caseprotokoll som omtalar korleis dette skal gjerast gjennom prosjektet. Prosjektet vil bli dokumentert gjennom arbeidsnotat (dei ferdig utfylte arbeidsbøkene) og ein vitskapeleg artikkel som oppsummerar erfaringane frå utviklingsarbeidet og drøfter sterke og svake sider ved det indikatorsystemet som fylkeskommunen til slutt ender opp med. Gjennomføring I klimaplanen er det lagt opp til eit toårig prosjekt for å utvikle og prøve ut eit system for retningsanalyse med klimaindikatorar som kan seie noko om kva retning utviklinga går i høve til overordna mål og delmål. Prosjektet er organisert i fem fasar (jf figur 1): 1. Prosjektetablering 2. Første utprøving 3. Systemutvikling 4. Andre utprøving 5. Konklusjon Kvar av fasane er sett saman av ulike arbeidspakker - i alt 13 arbeidspakkar. I det vidare vil vi omtale gjennomføringa av dei ulike fasane og dei ulike arbeidspakkane. Fase 1: Prosjektetablering AP1: Lage caseprotokoll Prosjektet vert innleia med å utvikle ein detaljert caseprotokoll som i detalj gjev ei omtale av korleis prosjektet skal gjennomførast med tanke på framdrift (avtale av datoar med oppdragsgivar) og korleis hente inn erfaringar undervegs i prosjektet. Til det siste inngår m.a. å lage sjekkliste for deltakande observasjon og ulike intervjuguidar. I dette arbeidet inngår også å etablere ein dialoggruppe (jf omtale over) i dialog med oppdragsgjevar. AP2: Systemavgrensing Sjølve utviklingsarbeidet vert innleia med ei første systemavgrensing. I dette ligg at vi må avklare forhold som: 5

Kva skal vi måle i forhold til (kva mål frå fylkesdelplanen skal vi etablere indikatorar opp mot; er måla klare nok)? Kva skal indikatorane nyttast til (informasjon, rapportering, evaluering, styring)? Kven er målgruppene for indikatorane (publikum generelt, tilsette i fylkeskommunen, folkevalde, elevar osb)? Kva prosessar skal bruken av indikatorar inngå i? Kva typar indikatorar er aktuelle? Vi vil her lage den første arbeidsboka med våre framlegg til avklaringar ut frå Fylkesdelplan for klima og miljø, der vi så føyer til spørsmål som dialoggruppa må ta stilling til. Fase 1: Prosjektetablering AP1: Lage caseprotokoll AP2: Systemavgrensing AP3: Vurdering av datatilgang og trong for meir data AP4: Avgrensing av første utprøving Fase 2: Første utprøving AP5: Etablering av prosedyrar AP6: Første utprøving av (del)systemet Fase 3: Systemutvikling AP7: Innsamling av nytt datagrunnlag AP8: Utvikling av referansebanar for klimagassutslepp A9: Vurdering av erfaringar Fase 4: Andre utprøving AP10: Etablering av prosedyrar AP11: Andre utprøving av (heile) systemet Fase 5: Konklusjon AP12: Vurdering av erfaringar AP13: Konkludering og sluttrapportering Figur 1 Fasar og arbeidspakker (AP) i prosjektet AP3: Vurdering av datatilgang Ut frå konklusjonane frå AP2 gjer vi så ein vurdering av tilgangen på data og eventuell trong for nye data. Vidare vurderar vi korleis data kan hentast inn, samt gjer framlegg om fordeling av ansvar for innhenting av data. Vi må her skilje mellom data som kan hentast inn utan for stor ressursinnsats og data som føreset etablering av nye system for innhenting og samanstilling av data (jf AP7). 6

Framlegga blir presentert i arbeidsboka og lagt fram for dialoggruppa for avklaring. AP4: Avgrensing av første utprøving Ut frå konklusjonane i AP3 gjer vi så framlegg om første utprøving av systemet. Vi må her avklare val av utslepp, val av indikatorar, datagrunnlag, målgruppe, prosess og kva aktørar som skal inngå i utprøvinga og då ikkje minst avklare ansvarsfordeling i gjennomføring av forsøket. Framlegga blir presentert i arbeidsboka og lagt fram for dialoggruppa for avklaring. Fase 2: Første utprøving AP5: Etablering av prosedyrar for første utprøving Ut frå avklaringane i AP4 vert det så utarbeidd prosedyrar for gjennomføring av sjølve forsøket. Prosedyrane skal omtale korleis gjennomføre (og kven som skal gjennomføre det) følgjande operasjonar: samle inn data, samanstille data til indikatorar, analysere måloppnåing og rapportere. Vidare skal prosedyrane omtale korleis rapporten skal bli nytta overfor dei definerte målgruppene, t.d. om rapportane skal handsamast politisk, nyttast som grunnlag for ekstern informasjon osb. Det er ønskjeleg at den første utprøvinga vert avgrensa til delar av systemet som vert avklara i AP2, og slik sett er ei delutprøving av systemet. Vidare inneheld ikkje første utprøving elementet som gjeld framskriving av utslepp ved hjelp av referansebanar (jf AP8). Framlegga blir presentert i arbeidsboka og lagt fram for dialoggruppa for avklaring. AP6: Første utprøving av systemet Ut frå avklaringane i AP5 vert data så samla inn, systematisert, omrekna til utslepp og analysert. Vidare vert dette dokumentert i eitt eller fleire delnotat, avhengig av kva som blei avklart i AP5. Fase 3: Systemutvikling AP7: Innsamling av nytt datagrunnlag Parallelt med arbeidspakkane 5 og 6 vil vi samle inn nye data (jf avklaring i AP 3). Avhengig av kva som vert bestemt i AP3 vil dette kunne omfatte både innsamling av nye primærdata, supplering av eksisterande system for datainnsamling (t.d. reisevanegranskingar, forbruksundersøkingar o.a.) og nedskalering og tilpassing av eksisterande nasjonale datasett. Det er aktuelt her å leige inn ekstern kompetanse (som t.d. Norsk Gallup) for nokre type datainnhenting. Arbeidspakken vert dokumentert i eit eige notat. AP8: Utvikling av referansebanar for klimagassutslepp Parallelt med arbeidspakkane 5 og 6 vil vi også utvikle eit system med referansebanar for dei aktuelle klimagassutsleppa som inngår i klimarekneskapen for Fylkesdelplanen. Vi vil ta utgangspunkt i det verktøyet som er utvikla av Statens forureiningstilsyn 9. Utfordringa for oss blir å supplere og utvide denne med ei måte å skilje mellom dei produksjons- og forbruksrelaterte utsleppa, samt å skalere ned framskrivingane til fylkesnivå ut over det som alt ligg i verktøyet. Ei særleg utfordring er å lage ei mest mogeleg direkte lenke mellom dei 9 Jf http://www.sft.no/artikkel 40919.asp 7

sektorane som Fylkesdelplanen omtalar når det gjeld utsleppsreduserande tiltak og framskrivingar av utslepp. Vidare er det ei utfordring å utvikle føresetnadar om endringar i utslepp som gjenspeglar på den eie sida variasjonane i FN sitt klimapanel sine framskrivingar, og på den andre sida fangar opp effekten av gjennomførde og planlagde regionale tiltak for å redusere utsleppa. Arbeidspakken vert dokumentert i eit eige notat. Fase 4: Andre utprøving AP9: Vurdering av erfaringar frå første utprøving Vi vil her evaluere gjennomføringa av AP6. Vi vil gjennomføre intervju med dei involverte aktørane både dei som var med å produsere sjølve materialet og dei som mottok og nytta materialet (t.d. overliggande administrative organ, politiske organ, grupper utafor den fylkeskommunale organisasjonen o.a.). Vidare vil vi analysere dei skriftlege dokumenta som vart produserte. Vi vil også oppsummere resultata frå AP7 og AP8 med omsyn til kva type data og framskrivingar som det har vist seg praktisk mogeleg å framskaffe. Erfaringane vil bli samanfatta i eit notat og lagt fram til diskusjon for dialoggruppa. AP10: Etablering av prosedyrar for andre utprøving Basert på erfaringane frå AP9 og diskusjonen i dialoggruppa vert det så utarbeidd prosedyrar for gjennomføring av det andre forsøket i prosjektet. Vi vil for det første utvide forsøket til å omfatte heile det systemet som vert avklara i AP2. Vidare vil vi justere prosedyreomtalen ut frå erfaringane som kom fram i AP9. Framlegga blir presentert i arbeidsboka og lagt fram for dialoggruppa for avklaring. AP11: Andre utprøving av systemet Ut frå avklaringane i AP10 vert data så samla inn, systematisert, omrekna til utslepp og analysert. Vidare vil vi ta med elementet som gjeld framskrivingar av klimagassutslepp basert på resultata frå AP8. Arbeidet i AP11 vert dokumentert i eitt eller fleire delnotat, avhengig av kva som blei avklart i AP10. Fase 5: Konklusjon AP12: Vurdering av erfaringar frå andre utprøving Her vil vi gjenta (og utvide i tråd med systemutvidinga frå AP6 til AP11) arbeidet gjort i AP9. I tillegg vil vi forsøke å få fram i kva grad dei eventuelle justeringane i forsøket mellom første og andre utprøving (på bakgrunn av erfaringane samla inn i AP9) har hatt nokon effekt. Erfaringane vil bli samanfatta i eit notat og lagt fram til diskusjon for dialoggruppa. AP13: Konkludering og sluttrapportering Avslutningsvis vil vi samanfatte erfaringane frå prosjektet på to måtar: Vi vil lage ein sluttrapport til oppdragsgjevar som vil ha karakter av å vere ein handbok, der vi gjer framlegg om eit samla indikatorbasert system for vurdering av måloppnåing i forhold til Fylkesdelplan for klima og miljø og omtalar korleis fylkeskommunen sjølv kan operere dette systemet vidare. Så vil vi skrive ein vitskapeleg artikkel som oppsummerar erfaringane frå prosjektet og drøfter sterke og svake sider ved den indikatorsystemet fylkeskommunen enda opp med å ta i bruk. 8

Publisering Prosjektet vil ha tre typar publikasjonar: Notat under vegs i prosjektet. Notata skal dokumentere gjennomføringa av prosjektet og vil byggje på to typar interne arbeidsdokument: Dei ulike arbeidsbøkene som vert nytta og dokumentasjon av intervju og anna form for observasjonar av prosessen. Ein sluttrapport som gjev ei detaljert omtale av sjølve indikatorsystemet og korleis systemet kan opererast. Sluttrapporten skal ha fylkeskommunen som si primære målgruppe og vil ha preg av ei handbok. Ein vitskapleg artikkel som oppsummerar erfaringane frå prosjektet og drøfter sterke og svake sider ved den indikatorsystemet fylkeskommunen enda opp med å ta i bruk. Alle publikasjonane skal vere offentleg tigjengelege og vil bli presenterte på Vestlandsforsking sine heimesider. I tillegg kan det vere aktuelt å presentere prosjektet og dei konkrete resultata frå prosjektet undervegs på fylkeskommunen sine nettsider. Dette vil i tilfelle vere fylkeskommunen sitt ansvar, men prosjektet vil hjelpe til med å leggje til rette for dette. Organisering Prosjektet vert utført av Vestlandsforsking. Dr. Carlo Aall er fagleg ansvarleg for prosjektet medan Eli Heiberg er prosjektkoordinator. Vidare vil Ingrid Sælensminde og Frida Ekström delta. Heiberg har gjennom fleire år undervist i landskapsplanlegging ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, i tillegg til at ho dei siste to åra har arbeidd full tid som forskar ved Vestlandsforsking m.a. i prosjektet NORADAPT. Sælensminde har arbeida med kommunal klimatilpassing i prosjektet NORADAPT 10 og har delteke i arbeidet med å gjere førebelse vurderingar av dei forbruksrelaterte utsleppa frå Sogn og Fjordane (underlagsmateriale til Fylkesdelplan for energi og miljø). Ekström har gjennom eit prosjekt for Innovasjon Noreg (Arena innovativ fjordturisme) 11 arbeidd med å utvikle og prøve ut berekraftindikatorar for ulike reiselivsverksemder i Hordaland og Sogn og Fjordane, m.a. ved å ta i bruk arbeidsbokmetoden. I tillegg vil vi knyte John Hille (frittståande konsulent) til prosjektet på timebasis som kvalitetssikrar når det gjeld utrekning utsleppsfaktorar for dei forbruksrelaterte utsleppa. John Hille var hovudforfattar av den rapporten som gjev mykje av det kunnskapsmessige grunnlaget for å fastslå klimagassutslepp frå forbruk 12. Vidare vil vi knyte til oss amanuensis Torbjørn Årethun ved Høgskulen i Sogn og Fjordane på timebasis som kvalitetssikrar når det gjeld bruk av og vidareutvikling av fylkesstatistikk som datagrunnlag for indikatorane i prosjektet og utvikling av modellar for framskriving av klimagassutslepp. Vi føreset at oppdragsgjevar etablerar ein prosjektgruppe. Gruppa er tiltenkt ein sentral rolle i gjennomføringa av prosjektet. Følgjande bør delta i prosjektgruppa: Fylkeskommunen, Fylkesmannen ved miljøvern- og landbruksavdelinga og Vestlandsforsking. 10 Jf http://www.vestforsk.no/www/show.do?page=10&articleid=1900 11 Jf http://www.vestforsk.no/www/show.do?page=10&articleid=2286 12 Ein rapport laga av Vestlandsforsking på oppdrag frå Miljøverndepartementet og Barne- og familiedepartementet der vi samanlikna dei nasjonale klimagassutsleppa frå produksjon og forbruk for perioden 1987-2007: http://www.vestforsk.no/www/show.do?page=12&articleid=2201 9

I og med at prosjektet kan ha relevans for andre fylkeskommunar i prinsippet også kommunar ønskjer vi i tillegg å etablere ein referansegruppe som vi vil halde fortløpande orientert via epost om prosjektet og som vert samla to gonger i prosjektperioden. Vi ønskjer å invitere følgjande institusjonar til å delta i ei slik gruppe: Miljøverndepartementet, KS, SFT og SSB. Vidare ønskjer vi å invitere ulike regionale aktørar som tidligare har vore involvert i arbeidet med Fylkesdelplan klima og miljø. Det er vidare viktig å etablere eit fagleg samarbeid med firmaet MiSA 13 som har fått oppdraget å kartlegge dei direkte og indirekte klimagassutsleppa frå den fylkeskommunale verksemda. Framdriftsplan Under er vist framdriftsplan for prosjektet. Tabell 2 Framdriftsplan Fase/arbeidspakke 2009 2010 2011 4 kv 1 kv 2 kv 3 kv 4 kv 1 kv 2 kv 3 kv 4 kv Fase 1: Prosjektetablering AP1: Lage caseprotokoll AP2: Systemavgrensing AP3: Vurdering av datatilgang AP4: Avgrensing av første utprøving Fase 2: Første utprøving AP5: Etablering av prosedyrar for første utprøving AP6: Første utprøving av systemet Fase 3: Systemutvikling AP7: Innsamling av nytt datagrunnlag AP8: Utvikling av referansebanar for klimagassutslepp Fase 4: Andre utprøving AP9: Vurdering av erfaringar frå første utprøving AP10: Etablering av prosedyrar for andre utprøving AP11: Andre utprøving av systemet Fase 5: Konklusjon AP12: Vurdering av erfaringar frå andre utprøving AP13: Konkludering og sluttrapportering 13 Sjå http://www.misa.no/ og http://www.klimakost.no/ 10