Kvifor og korleis bruke kjelder? Akademisk skrivekurs for studentar 28. september 2015 Kirsti Langstøyl, Biblioteket 1
Oversikt Biblioteket si nettside «Skrive og referere» (APA, oppgåveskriving) Fjerntilgang (tilgang heimanfrå) Planlegge søk, finne kjelder og litteratur, Oria Kjeldekritikk Kvifor bruke kjelder APA referansestil, sitat, litteraturliste Litt om andre stilar "Søk og Skriv" 2
Planlegg søket ditt Kva er tema eller problemstilling for oppgåva Skriv ned ord og emne knytta til dette Finn søkeord på norsk (bokmål/nynorsk), engelsk og eventuelt andre språk du har behov for. Skriv også ned synonym (bruk gjerne ordbøker). Kombiner søkeorda dine på ulike måtar Vurder kva for type informasjon du treng (t.d. bøker, rapportar, tidsskriftartiklar, norsk/utanlandsk) Kvar finn du kjelder - bibliotekdatabasar (t.d. Oria), nettsider, trykt/elektronisk 3
Dersom du sit heime og jobbar (utanfor HVO sitt datanettverk), må du i tillegg hugse å logge på via Fjerntilgang for å få lese elektroniske tidsskriftartiklar og e- bøker Skrive og referere: Her finn du ei omfattande eksempelsamling for APA referansestil 4
Oria (Oria.no)- biblioteket i eitt søk Søk på t.d. forfattar, tittel eller emne her Logg deg på og lagre søk eller treff undervegs, sjå lån og bestillingar, fornye låna dine. 5
Søketips i Oria FOR Å FINNE alle orda frase ord som startar med minst eitt av orda eksludere ord/uttrykk gruppere søkeord EKSEMPEL internett personvern "samisk språk" demokrat* sport OR idrett musikk NOT blues (sport OR idrett) skade* 6
Kjeldekritikk Kjeldekritikk handlar om å vurdere kvaliteten på dei kjeldene du har funne fram til Sjå på kjeldene med eit kritisk blikk, og samanlikne helst fleire ulike kjelder for å vurdere kvaliteten på informasjonen Kor stor relevans har kjelda for det arbeidet du skal gjere? 7
Relevante spørsmål du bør stille: Kven er forfattaren? Kven er målgruppa? Når er det skrive? Kven har publisert? Verkar informasjonen påliteleg? Er det fakta eller meiningsytringar? Er teksten objektiv? Blir det referert til andre kjelder? 8
Kvifor bruke og referere til kjelder? Krav i akademisk arbeid Vanleg å forankre eige arbeid i tidlegare forsking All forsking og alt akademisk arbeid skal kunne etterprøvast All bruk av andre sitt materiale skal dokumenterast Ved bruk av ikkje-skriftlege åndsverk som t.d. lyd og bilete må ein også hugse på opphavsretten, sjå http://www.clara.no/ 9
Korrekt bruk av kjelder viser at du: Anerkjenner andre forfattarar sitt arbeid Har lese litteratur om emnet Set arbeidet ditt inn i ein større fagleg samanheng Meistrar teknikken med å oppgi kjelder Minskar sjansane for å bli mistenkt for juks og plagiering 10
Kva er plagiering? Plagiering = feil eller manglande bruk av kjelder Plagiering er å framstille andre sitt arbeid som ditt I følge universitets- og høgskulelova 4-7 og 4-8 kan plagiering medføre stryk, ikkje rett til å ta eksamen, utvising m.m. 11
Korrekt bruk av kjelder gjer at lesaren: Identifiserer og finn att dei kjeldene du har brukt Ser kva som er dine avsnitt, tankar og konklusjonar Kjeldelista seier ofte meir om kvaliteten på ei oppgåve enn kva tittelen gjer 12
APA referansestil Utvikla av American Psychological Association, brukt innanfor psykologi og samfunnsfag Anerkjend og mykje brukt refereransestil til bruk ved sitering av kjelder og oppsett av litteraturliste Biblioteket brukar APA-stilen når vi rettleier studentar om kjeldebruk, og eksempla i denne presentasjonen er etter APA-stilen Pensumlistene på HVO er også etter APA-stilen Spør faglærar kva referansestil som skal brukast på ditt studium. 13
Kjeldetilvising, å referere til kjelder i teksten Kan gjerast på to måtar: Indirekte, ved å gje att med eigne ord noko du har lese i ein fagtekst (parafrasering) Direkte, ved å bruke ordrette sitat 14
Indirekte sitat - to måtar å vise til kjelder på: Du skriv heile referansen i parentesen:... (Haug, 2010) Du nemner forfattarnamnet i teksten, og skriv deretter årstalet i parentes: Haug (2010) skriv at 15
Dersom vi set forfattarnamnet i parentes, ligg tyngdepunktet i høgare grad på den teoretiske diskusjonen rundt emnet. Dersom forfattaren sitt namn blir nemnt i sjølve teksten, og berre årstalet står i parentes, blir det skarpare fokus på den siterte forfattaren. 16
Indirekte sitat bruk av sidetal: Det er ikkje eit krav i APA-stilen å ha med sidetal i indirekte sitat, men det blir meir vanleg at faglærarar ønskjer det. Til dømes slik:... (Haug, 2010, s. 127) Haug (2010, s. 127) skriv at 17
Bok med to forfattarar i teksten: (Heggen & Øia, 2005) eller Heggen og Øia (2005) har undersøkt Siter begge namna kvar gong dei blir nemnde i teksten Bruk «&«mellom namna inne i parentesen. I teksten brukar du «og» mellom namna. 18
Bok med to forfattarar i litteraturlista: Heggen, K., & Øia, T. (2005). Ungdom i endring: Mestring og marginalisering. Oslo: Abstrakt forlag. Bruk "&" mellom namna Boktittel i kursiv 19
Kapittel i bok med redaktør i teksten: Slike førestellingar er ein del av det som vert kalla profesjonell identitet (Heggen, 2008). I teksten skal du vise til kapittelforfattaren og ikkje til redaktøren for boka 20
Kapittel i bok med redaktør i litteraturlista: Heggen, K. (2008). Profesjon og identitet. I: A. Molander & L. I. Terum (Red.), Profesjonsstudier (s. 321 332). Oslo: Universitetsforlaget. Kapittelforfattar og kapitteltittel skal refererast først, deretter redaktør(ar) og tittel på boka Boktittel i kursiv Tilvising til boka skjer med "I:" 21
Tidsskriftartikkel med to forfattarar i teksten I følgje undersøkingar besøkjer naboar på bygdene kvarandre oftare enn det dei gjer i byane (Haugen & Villa, 2005). eller Haugen og Villa (2005) viser at... Siter begge namna kvar gong dei vert nemnde i teksten. Bruk "&" mellom namna i parentesen. I teksten brukar du "og" mellom namna. 22
Tidsskriftartikkel med to forfattarar i litteraturlista Haugen, M. S., & Villa, M. (2005). Naboskap i bygda. Sosiologisk tidsskrift, 13(3), 213-231. Tidsskrifttittel og årgang/volum i kursiv Aldri «s.» framfor sidetala når ein refererer til tidsskriftartiklar 23
Nettside med personleg forfattar i teksten: Forskingsprosjektet "Familie, arbeid og velferd" viser at auka fødselspermisjon for mor har ei rekkje positive verknader på barna (Ellingsen, 2010). 24
Nettside med personleg forfattar i litteraturlista: Ellingsen, B. (2010, 14. januar). Permisjon gir pluss. Henta 15. januar 2010 frå http://www.forskning.no/artikler/2010/januar/239298 Tittel på nettsider skal ikkje skrivast i kursiv Datoar: Den første viser til når nettsida sist blei oppdatert, den andre til når informasjonen blei henta frå nettet. Hentedato: Skal vere med når det er sannsynleg at innhaldet endrar seg/blir oppdatert. Oppgi nøyaktig URL/nettadresse 25
Direkte sitat Direkte sitat = ordrett attgjeving av ei kjelde Sitatet skal vere heilt likt kjelda du siterer frå, både når det gjeld språk, ord og teiknsetjing Ved direkte sitat skal tilvisinga i teksten alltid innehalde sidetal 26
Kort sitat (mindre enn 40 ord) Skal skrivast i løpande tekst med hermeteikn/sitatteikn «Dersom man bruker henvisninger i teksten skal forfatter, årstall og sidetall oppgis i parentes.» (Bårnes & Løkse, 2011, s. 62) eller «Dersom man bruker henvisninger i teksten skal forfatter, årstall og sidetall oppgis i parentes.», seier Bårnes og Løkse (2011, s. 62). 27
Langt sitat (meir enn 40 ord) Start sitatet på ei ny linje Sitatet skal alltid skrivast med marginnrykk Bruk dobbel linjeavstand Bruk ikkje hermeteikn/sitatteikn 28
Litteraturliste (referanseliste) Alfabetisk oversikt over alle kjeldene/referansane som er brukte All litteratur som er referert eller sitert i teksten skal vere med i litteraturlista. Det skal ikkje stå noko i litteraturlista som det ikkje er referert til i teksten. Dersom same forfattar har fleire referansar, skal dei førast opp kronologisk med den eldste først 29
Andre viktige ting å hugse på Full linjelengde på første linje av referanse. Etterfølgjande linjer skal ha innrykk på 1,5 cm Boktittel i kursiv Tidsskrifttittel og årgang/volum i kursiv Aldri «s.» framfor sidetala når ein refererer til tidsskriftartiklar 30
Litteraturliste døme Ellingsen, B. (2010, 14. januar). Permisjon gir pluss. Henta 15. januar 2010 frå http://www.forskning.no/artikler/2010/ januar/239298 Haugen, M. S., & Villa, M. (2005). Naboskap i bygda. Sosiologisk tidsskrift, 13(3), 213-231. Heggen, K. (2008). Profesjon og identitet. I: A. Molander & L. I. Terum (Red.), Profesjonsstudier (s. 321-332). Oslo: Universitetsforlaget. Heggen, K., & Øia, T. (2005). Ungdom i endring: Mestring og marginalisering. Oslo: Abstrakt forlag. 31
Nyttig på nett APA eksempelsamling på HVO-biblioteket sine nettsider under «Skrive og referere»: http://www.hivolda.no/hivolda/biblioteket/skrive-ogreferere-/apa-eksempelsamling Søk og skriv nettkurs i informasjonssøk og oppgåveskriving, og informasjon om fleire ulike referansestilar: http://sokogskriv.no/ 32