«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS I forbindelse med etablering av fylkesprisen for «Årets Bedrift» i 1991 uttalte Møre og Romsdal fylkesting: «Fylkestinget er av den oppfatning at næringslivet og industrien er grunnpilaren i den verdiskapinga som må til for å skape gode vilkår for oss alle som er busett i Møre og Romsdal. Fylkestinget er opptatt av at ein frå politisk hald skal bidra til å motivere og inspirere lokalt næringsliv til nyskaping og nytenking slik at eigarar og leiinga i næringslivet satsar tid og kapital til beste for fellesskapet.» I Møre og Romsdal har vi sterke bedriftsmiljø og næringsklynger som gjør det svært godt. Ingen fylker eksporterer meir per tilsett enn Møre og Romsdal, og dette seier og noko om korleis næringslivet vårt hevder seg i den globale konkurransen. Vi har betydelig eksport frå både marin, maritim, møbel, petroleum og prosessindustri. Innanfor fleire av desse næringane er vi nasjonale tyngdepunkt, og innan maritim og petroleum er Møre og Romsdal (fortsatt) til dels internasjonale tyngdepunkt. Fylkestinget skal bidra til gode rammevilkår for næringslivet i fylket vårt for å oppretthalde gode industrielle miljø, men og stimulere til utvikling av nye bærekraftige forretningsområder. Vi ønsker derfor å løfte fram og synleggjere
innovative og vekstkraftige bedrifter som betyr mykje for både lokalsamfunn og regionar, som har ein god miljøprofil og som hevder seg internasjonalt. Levande lokalsamfunn treng eit robust og konkurransedyktig næringsliv. Levande lokalsamfunn er og i seg sjølv ein føresetnad for næringsutvikling. Det vil si at næringane må vere attraktive både for etablering av nye verksemder og for tilflytting av høgt utdanna arbeidskraft. For å støtte vekst og omstilling, er det viktig at vi som politiske beslutningstakarar og regionale utviklarar, bidrar til gode og stabile rammetilhøve for næringslivet. Slettvoll møbler mottok fylkesprisen Årets Bedrift 2015 -Det er veldig kjekt at Slettvoll møbler får denne prisen akkurat i år, sa adm.dir. Kristine Landmark, då ho saman med fabrikksjef Petter Brunstad, og tillitsvald Harry Malmo mottok fylkesprisen Årets bedrift, under opninga av fylkestinget i dag. Landmark fortalde fylkestinget om ei bedrift som dei siste åra har vore igjennom store ombyggingar og omstillingar. Slettvoll møblar har i dag i tillegg til fabrikken på Stranda, 18 butikkar to i Sverige og 16 i Norge, og er ei bedrift i vekst. I sin møbelproduksjon er dei opptekne av å nytte underleverandørar lokalt og regionalt, og i 2015 hadde Slettvol møbler rekordomsetning på 310 millionar kroner. -Vi har noko unikt, og som folk vil ha, sa Landmark til fylkestinget. Til fylkesprisen «Årets Bedrift 2015», kom det inn i alt 30 forslag på 28 kandidatar. Det er ikkje lett å peike ut «Årets Bedrift» i Møre og Romsdal. I år hadde vi (som før) mange gode kandidatar å velje mellom. Vi håper at prisen
kan virke som en inspirasjon og motivasjon til å fortsette arbeidet for innovasjon og næringsutvikling i fylket vårt. Forslaga til årets vinnar er stilt av Per Ivar Lied og Harry Malmo. Slettvoll Møbler AS vart etablert i 1951 av Hans Slettvoll. I dag er det Kristine Landmark som er direktør. Dotter av Hans, Torill Slettvoll, er hovudaksjonær og kreativ leiar i bedrifta. Både hovudkontor og fabrikk er lokalisert på Stranda. Møblane blir dermed både designa og produsert ved eigen fabrikk på Stranda, som i dag har om lag 65 tilsette. Med 19 butikkar i Noreg og Sverige er dei ein av landets største og viktigaste møbel- og interiørkjeder. I butikkane finn du eit breitt utval av møbler, tepper, lamper, puter, pledd, og andre interiørvarer. Alle butikkane er heileigd av Slettvoll Møbler AS. Butikkane har i alt 120 tilsette. Slettvoll har gjennom mange år satsa på produktutvikling. Det er lagt mykje ressursar i marknadsføring, som m.a. kjem fram av ei innovativ bildebasert nettside. Produkta er blitt kjent for høg kvalitet. Slettvoll har ikkje flatpakka møblar. Varane blir frakta heim til kunden, pakka ut og satt på plass. I 2015 har Slettvoll fått mykje merksemd i media. Årsaken til dette har vert den sterke veksten i omsettinga. Dei både sel meir og tilsett fleire. Norsk
møbelbransje går godt for tida, melder Norsk Industri ved inngangen av 2016. Slettvoll Møbler er ein av aktørane som står i spissen for denne gode utviklinga. Den totale kjedeomsetninga kom i 2014 på om lag 270 millionar kroner, ein oppgang på 12,5 prosent frå året før. I 2015 auka omsettinga ytterlegare til om lag 300 millionar kroner. Kjeda er i sterk vekst både i Noreg og i Sverige. Fabrikken på Stranda er i ferd med å bli bygd om for å kunne ta unna veksten. I tillegg er fleire av butikkane blitt utvida. I grunngjevingane for forslaga blir det lagt vekt på den sterke veksten Slettvoll har hatt dei siste åra, og at det har toppa seg med ei rekordomsetning i 2015. Dei er flink i alle ledd og har tatt heim produksjonen i eit segment som elles i stor grad har gått utanlands. Dei leverer kvalitetsprodukt med godt renommé. Det er dyktige kvinner i leiinga. Vidare er det lagt vekt på at Slettvoll har klart å etablere ein sterk og eksklusiv vare i ein tøff marknad. Selskapet står i ein særstilling i møbelbransjen i dag, i form av at dei kontrollerer sin eigen distribusjon gjennom dei 19 Studio Slettvoll butikkane. Den sterke veksten blir følgt opp med ei investering på 6 millionar kroner, som går til effektivisering av fabrikkanlegget på Stranda. Prosjektet har motteke støtte frå Forskingsrådet gjennom ordninga Skattefunn. Slettvoll deltek og i PROFF (produksjon for fremtiden) i regi av Norsk Industri og Olje og Energi. Regional- og næringsutvalet la i si vurdering vekt på følgjande:
At Slettvoll har valgt ein litt anna veg å gå enn den tradisjonelle, med å utvikle eigne utsalg for produkta sine, gjennom flotte lokalar som gir produkta mulegheit til å verkelig komme til sin rett i et miljø dei fortener At leiinga er framtidsretta og ikkje er redd for å tenkje nytt i en tradisjonsrik bransje At dette er ei bevisst satsing med vilje til å følgje eit eige spor Fordi ferdigvareproduksjon er viktig å få til i et land som kanskje er meir prega av råvareproduksjon Slettvoll Møbler AS er slik sett ein verdig vinnar av fylkesprisen «Årets Bedrift 2015». Det handfaste beviset på fylkesprisen er ein statuett skapt av kunstnaren Ola Stavseng frå Stordal. Gratulerer med prisen!