Ein tydeleg medspelar Arkeologisk rapport nr. 1/2011: Bø transformatorstasjon Øvre Bø, gnr. 96 i Rauma kommune Kristoffer Dahle
Innhald Forord 4 1,0 Samandrag 5 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga 6 3.0 Området 7 4.0 Kulturhistorisk riss 9 4.1 Automatisk freda kulturminne 9 4.2 Nyare tids kulturminne 9 4.3 Lausfunn 10 5.0 Strategi og metode 11 5.1 Visuell overflateregistering 11 5.2 Maskinell sjakting 11 6.0 Undersøkinga 12 6.1 Synlege strukturar 12 6.2 Sjakter 13 6.3 Dokumentasjon 15 7.0 Konklusjon 16 8.0 Litteraturliste 16 Forfattar: Kristoffer Dahle, Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturavdelinga Lay-out / førtrykk: Jostein Fuglset, info.seksjonen Digitaltrykk: Fellestenesta, Fylkeshuset xx - 04.2011 3
Forord Eit kulturminne er eit spor etter menneskeleg liv og virke i vårt fysiske miljø, som til dømes ein bygning, ein veg, eit gravminne, ein steinalderbuplass, ei kokegrop eller eit jarnvinneanlegg. Det kan også vere stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjonar til. Kulturminna representerer både uerstattelege kjelder til kunnskap om fortidige samfunn, og ein ressurs for oppleving og bruk i dag og i framtida. Kulturminne frå forhistorisk tid og mellomalder (eldre enn 1537) er automatisk freda i kraft av sin høge alder, jf. Kulturminneloven 4. Frå tida før skriftlege kjelder, er dei materielle leivningane dei einaste kjeldene til å forstå menneska og det samfunnet dei levde i. 1.0 Samandrag Denne arkeologiske undersøkinga blei føreteke på Øvre Bø, gnr. 96, bnr. 1 og 2 i Rauma kommune, i samband med søknad om konsesjon for 132 kv transformatorstasjon med tilslutningsveg til Fv 173. Feltarbeidet blei utført av Kristoffer Dahle den 11.11.2010 og 23.3.2011, og rapporten blei ferdigstilt 25.03.2011. Totalt blei det nytta 12,5 timar på saka. Av metodar blei det nytta visuell overflateregistrering og maskinell sjakting. Det blei ikkje funne automatisk freda kulturminne innanfor området. Kulturminne frå nyare tid (yngre enn 1536) kan også ha høg verdi. Særleg verdifulle kulturminne kan bli vedtaksfreda, jf. Kulturminneloven 15 og 19. Alle type kulturminne og kulturmiljø kan dessutan bli verna som omsynssonar, jf. Plan og bygningsloven 11-8. HOVEDPERIODE UNDERPERIODAR 14C-ÅR (før notid) KALENDERÅR Eldre steinalder Tidlegmesolitikum 10000 8500 b.p. 9200 7500 f.kr. Mellommesolitikum 8500 7500 b.p. 7500 6400 f.kr. Seinmesolitikum 7500 5200 b.p. 6400 4000 f.kr. Yngre steinalder Tidlegneolitikum 5200 4600 b.p. 4000 3300 f.kr. Mellomneolitikum A 4600 4100 b.p. 3300 2600 f.kr. Mellomneolitikum B 4100 3800 b.p. 2600 2300 f.kr. Seinneolitikum 3800 3500 b.p 2300 1700 f.kr. Bronsealder Eldre bronsealder 3500 2900 b.p. 1700 1100 f.kr. Yngre bronsealder 2900 2440 b.p 1100 500 f.kr. Eldre jarnalder Førromersk jarnalder 2440 2010 b.p. 500 f.kr. 0 Eldre romartid 2010 1840 b.p. 0 200 e.kr. Yngre romartid 2010 1680 b.p. 200 400 e.kr. Folkevandringstid 1680 1500 b.p. 400 570 e.kr. Yngre jarnalder Merovingertid 1500 1210 b.p. 570 800 e.kr. Vikingtid 1210 1000 b.p. 800 1030 e.kr. Mellomalder Mellomalder 1030 1536 e.kr. Nyare tid Nyare tid 1537 e.kr. Då kun eit fåtal av alle kulturminne er kjent, er kulturminneforvaltninga avhengig av arkeologiske registreringar for å kunne uttale seg til plansakar, jf. Kulturminneloven 9. Om ei planlagt utbygging kjem i konflikt med automatisk freda kulturminne, må tiltakshavar søke om dispensasjon frå lovverket. Ved ei slik «frigjeving» blir det føresett at tiltakshavaren dekkjer utgiftene til nødvendige arkeologiske undersøkingar, jf. Kulturminneloven 10. På denne måten vil ikkje kunnskapen om kulturminna gå tapt, men bli dokumentert for framtidige generasjonar. 4 5
2. 0 Bakgrunn og formål med undersøkinga Bakgrunnen for denne arkeologiske registreringa er søknad om konsesjon for 132 kv transformatorstasjon på Bø (gnr. 96, bnr.1 og 2) i Innfjorden i Rauma kommune. Tiltaket gjeld sjølve transformatorstasjonen, nytt tilslutningsveg og nedlegging av 22 kv kabel. 3.0 Området Tiltaket er planlagt på Øvre Bø i Innfjorden, på sørsida av Rauma kommune. Topografisk består bygda av eit dalføre innst i fjordarma ved same namn. Bøgardane ligg her sentralt på austre sida av dalføret. Figur 1. Oversiktskart Garden Bø er gamal, og jamfør gardsnamnet av dei aller eldste i Innfjorden. Det blei difor stilt krav om arkeologisk registrering før tiltaket kunne godkjennast, jf. Kulturminneloven 9. Figur 4. Kart over planområdet Geologisk består området av tjukk morenejord som er godt eigna til tidleg jordbruk. Som følgje av havstigning (transgresjon) og landheving (regresjon) har havnivået endra seg gjennom heile forhistoria. Då isen byrja å smelte etter sist istid steig havet relativt raskt, men samtidig byrja også landet å heve seg på grunn av mindre trykk frå isen. Resultatet blei ein påfølgande regresjon. I Møre og Romsdal ligg dei førhistoriske strandlinjene difor høgare enn dagens havnivå, men utviklinga er forskjellig frå område til område. David Simpson ved Bergen museum har utarbeida et program som gjer det mulig å skrive ut lokale strandforskyvingsdiagram (jf. Bondevik, Svendsen og Mangerud 1998). Om ein føresett at fangstfolk i steinalderen var busett nær sjøen, kan lokale strandlinjekurver både nyttast til å vurdere funnpotensial og til å datere eventuelle funn. Figur 2 og 3. Oversiktsbileter over transformatorstasjonstomta og kabeltraséen. 6 7
4.0 Kulturhistorisk riss Garden Bø er gamal. Namnet kjem av gno byr/bœr, som betyr gård, og som viser at garden er av dei eldste i Innfjorden. Gardar som Skjelbostad, Gjerde, Valved og Engen kan truleg være utskilt av denne. Bø skal også ha hatt ei kyrkje i mellomalderen, sannsynligvis eit privat kapell. Allereie på 1400-talet var garden delt, då Yttra Bø blir omtalt i Aslak Bolt si jordebok. Seinare har Øvre og Nedre Bø også fått to ulike gardsnummer, som igjen er delt opp i fleire bruk. Figur 5. Strandlinjekurve for Innfjorden, Rauma kommune (kurve 90), etter skjema utarbeidet av David N. Simpson, mars 2001 ( jf, Svendsen & Manglerud 1987, Bondevik, Svendsen og Manglerud 1998). Figur 7. Utsikt mot Nedre Bø Både på Øvre og Nedre Bø blei dei ulike bruka samla i klyngjetun, men etter utskiftingene har fleire bruk flytt ut. Det aktuelle området har i historisk tid lege heilt på grensen mot utmarka under Øvre Bø, jf. Utskiftningskartet fra 1881 (Søvik 1980) 4.1 Automatisk freda kulturminne Ei oversikt over freda kulturminne er å finne på www.kulturminnesok.no, eller som wmsteneste i ein andre nettportalar (t.d. www.gislink.no, www.kulturminneatlas.no) På Bø skal det ha vore fleire gravhaugar, mellom anna på Bøhaugen nedanfor tuna (ID 139658). På denne brinken skal det ha ligget 6 gravhaugar. Ein annen gravhaug skal ha ligget noko lengre nordøst og nær grensa mot Vik (ID 13966). Alle gravhaugane er no fjerna. Like ved, på det såkalla Nordbøfeltet, blei det i 2008 funne eit område med mange kokegroper og moglege busetjingsspor under markoverflata (ID 133187). Kyrkjestaden frå mellomalderen (ID 139657) låg truleg lengre oppe, i nærleiken av dei historiske tuna. Det er ikkje tidligare gjort funn av automatisk freda kulturminne innanfor tiltaksområdet. 4.2 Nyare tids kulturminne Ei oversikt over ein del verneverdige bygningar og andre byggverk frå nyare tid er å finne i det såkalla SEFRAK-registeret. Dette er tilgjengeleg som wms-teneste, mellom anna på www.gislink.no og www.kulturminneatlas.no. Figur 6. Flyfoto over planområdet 8 9
5.0 Strategi og metode Strategi og metode blei valt ut frå terreng, arealbruk og vegetasjon. I området der transformatorstasjonen skal stå er det dyrka mark. Her ble det nytta maskinell sjakting. Traséen for ny tilslutningsveg blei visuelt overflateregistert. Ved registreringstidspunktet var ikkje traséane for kabelgrøft klarlagt, og desse blei følgjeleg ikkje undersøkt. 5.1 Visuell overflateregistrering Metoden inneber at markoverflata blir registrert for å påvise funn av tufter, gravminner, dyrkingsspor o.s.b. Grunnen blir sondert ved hjelp av sonderingsbor, ei ca 1 meter lang metallstang der det er frest ut eit spor som gjer det mogleg å ta ut en profil av grunnen der ein stikk. Ved moglege funn blir det gjerne opna ei sjakt eller eit prøvestikk for å påvise eldstader, golvnivå, dyrkingslag el.l, avgrense kulturminna, og eventuelt ta ut kolprøver for datering. 5.2 Maskinell sjakting Metoden inneber at ein nytter gravemaskin med flatt graveskjær/pusseskjær til forsiktig å skrape av det øvste matjordslaget. Spor etter blant anna eldstader og stolpehol etter hus er ofte synlege rett i overkant av den sterile overgrunnen under. Sjaktene har ei bredde på om lag 3 meter. Ved undersøking av større område blir sjaktene lagt parallelt, med innbyrdes avstand på om lag 10-15 meter. Figur 8. Sommarfjøs ved vegtraséen Fleire av bygningane på Bøgardane er registrert i SEFRAK. Like ved starten på den nye vegtraséen ligg det eit godt bevart sommarfjøs (1539-008-144), men ingen bygningar ligg innanfor tiltaksområdet. 4.3 Lausfunn Ei oversikt over gjenstandar som er innlevert til museum er tilgjengeleg på www.unimus.no/ arkeologi. Ein del av desse er også kartfesta og fotografert. På Bø er det gjort fleire funn, deriblant eit gravfunn frå yngre jernalder (T2499-2501). Dette er truleg frå eit av gravfelta som er nemnt ovanfor (jf. kap 4.1). I same område skal det også vere gjort fleire funn av flint som tydar på menneskeleg aktivitet alt i steinalderen. 10 11
6.0 Undersøkinga Registreringsarbeidet blei utført av Kristoffer Dahle den 11.11.2010 og 23.03 2011, og utgjorde totalt 12,5 timeverk. Maskinfører var Jan Henrik Bruaset fra J. O. Moen som stilte med ei 14 tonns gravemaskin med ei ca. 120 cm bred pusseskuff. 6.2 Sjakter Det blei totalt åpna to sjakter med maskin i området der sjølve transformatorstasjonen skal stå. Det var snø og svært kaldt under sjaktearbeidet, slik at det var kort tid før grunnen fraus. Overflateregistreringa blei gjort under tungt regnvêr, men utan at dette verka inn på arbeidet. 6.1 Synlege strukturar Det blei ikkje funne synlege strukturar som er tolka som kulturminner innanfor tiltaksområdet. Figur 11. Kart over sjaktene, med nummer Sjakt 1 Sjakta var negativ. Det blei verken funne strukturar eller funn som er tolka som automatisk freda kulturminne. Figur 9. Mogleg bauta Figur 10. Vegtraséen Ein mogleg bautastein som blei funne i området ved transformatorstasjonen, men steinen skal ha blitt funne under nydyrking i seinare tid. Figur 12. Sjakt 1, oversikt Figur 13. Sjakt 1, oversikt 12 13
Lengde: 58 m Bredde: 3 m Dybde: 25-70 cm Retning: Lag nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar S-N, på langs av terrenget Sjakt 2 Sjakta var negativ. Det blei verken funne strukturar eller funn som er tolka som automatisk freda kulturminne. 1 10 cm Torvdekke 2 10-70 cm Mørk brun matjord, en del omroting. Nydyrket, delvis uklar overgang mot lag 3. 3 Leiregrunn. Store delar av sjakta (9-39 m frå S) besto av omrota massar, med mykje kvist. Mindre parti med grus. To dreneringsgrøfter kryssar sjakta i nordre del. Str. Nr. Type Beskrivelse Prøve Kommentar 1 Fyllskifte Brunt til mørk brunt heterogent fyllskifte, om lag 12 meter fra nordlige sjaktende Snitta, avskrive som gamal markoverflate 2 Fyllskifte Mørk brunt heterogent fyllskifte, om lag 9,5 meter fra nordlige sjaktende 3 Fyllskifte Mørk brunt heterogent fyllskifte, om lag 9 meter fra nordlige sjaktende Snitta, avskrive som gamal markoverflate Snitta, avskrive som gamal markoverflate Figur 17. Sjakt 2, oversikt Figur 18. Sjakt 2, oversikt Lengde: 22 m Bredde: 3-4 m Dybde: 30-60 cm Retning: N-S, på langs av terrenget. Avslutta ved omrota masse (jf sjakt 1) Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 10 cm Torvdekke 2 10-50 cm Brun matjord, en del omroting. 3 5-10 cm Mørk brun organisk lag, utan eller med lite kol, langs dei nordlegaste 12 m av sjakta. Rest etter gamal mark-overflate 4 Leiregrunn. To diagonale dreneringsgrøfter. Figur 15. Struktur 2, sjakt 1, rest av markoverflate. 6.3 Dokumentasjon Sjakter og strukturer blei fotografert og kartfesta. Det blei nytta eit Canon EOS 1000D digitalt speilreflekskamera, og teke 46 bilete. Bileta er sortert, merka og arkivert ved bruk av Fotostation. Kartfestinga blei gjort av Kristoffer Dahle, ved bruk ArcPad med Holux GPS, og bearbeida ved hjelp av ArcMap. Figur 14. Lag 3, sjakt 2, rest av markoveflate. Figur 16. Struktur 1, sjakt 1, rest av markoverflate 14 15
7.0 Konklusjon Heile området er registrert jf. Kulturminneloven 9, med unntak av sjølve kabeltraséen. Av metodar blei det både nytta visuell overflateregistrering og maskinell sjakting. Undersøkinga resulterte ikkje i funn av nye automatisk freda kulturminne. 8.0 Litteraturliste Bondevik, Stein, John Inge Svendsen Jan Mangerud (1998): Distinction between the Storegga tsunami and the Holocene marine transgression in coastal basin deposits of western Norway. Journal of Quaternary Science, 13(6):529-537. Svendsen, John Inge Jan Mangerud (1987): Late Weichselian and Holocene sea-level history for a cross section of western Norway, Journal of Quaternary Science, 2:113-132. Søvik, Olav (1980): Bygdeboka for Voll II. Gards- og ættesoge. Bygdeboknemnda for Voll. Tingvoll. 16
Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Telefon: 71 25 80 00 E-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no 18