Lov å lære fagartikkel 8 KRAV OG PARTSBEGREPET Av Oddmund Roalkvam, fagfellevurdert av Olav Bruflot Kven som kan krevje sak I 1-5 i den nye jordskiftelova går det fram kven som kan krevje sak for jordskifteretten. I hovudsak vert reglane vidareført frå reglane i gjeldande jordskiftelov 5, 88 og 88 a, men det er gjort nokre justeringar. Desse kan krevje sak etter den nye lova: - Eigar av gunneigedom, eller den som påstår å vere eigar - Eigar av eigarseksjon, eller den som påstår å vere eigar - Den som har ein rett over fast eigedom, eller den som påstår å ha det - Den som festar ein eigedom - Offentleg styresmakt med ekspropriasjonsheimel eller med heimel til å regulere eigarrådvelde - Andre tiltakshavarar med ekspropriasjonsheimel - I område med reindrift: Distriktsstyret, siidastyret eller leiar av siidaandel Kven som kan krevje sak, må også sjåast i samanheng med sakstypen. Ein kan merke seg at formuleringa "eigar av særskilt registrert grunneigedom" er tatt ut. Grunnen til dette er at eigarar av umatrikkulert grunn også må kunne krevje sak. Det er framleis ein del areal som ikkje er matrikkulert (til dømes veggrunn, kaiområde o.a.). Dessutan kan til dømes hevd gi grunnlag for eigedomsrett. Omgrepet "alltidvarande bruksrett" er erstatta med omgrepet "rett". Det inneber at regelen har fått eit romslegare innhald enn tidlegare. "Rett" kan til dømes vere tidsavgrensa bruksrett eller "negativ servitutt" (til dømes byggeklausul). Verken tidsavgrensa rettar eller "negative servituttar" har vore omfatta tidlegare.
Reglane om det offentlege sin rett til å krevje sak er vesentleg forenkla. Det er i tillegg komen ein ny regel inn i samband med dette i 1-5 tredje ledd. Nemleg at også private tiltakshavarar med ekspropriasjonsheimel kan krevje sak. Grunngjevinga for dette er at det spelar lita rolle for dei som tiltaket rammar, om det er i offentleg eller privat regi. Når det gjeld reglane om kven som kan krevje sak om fordeling av utbyggingsverdiar (planskapt netto verdiauke), er desse også vesentleg forenkla. I den nye lova vert det ikkje stilt krav til semje eller kvalifisert fleirtal for å krevje sak. Det er nok at ein av rettshavarane krev sak. Dermed vert det dei same vilkåra, enten det gjeld dei tradisjonelle verkemidla eller om det gjeld planskapt netto verdiauke. Det er verdt å merkje seg at planmyndigheita i reguleringsplanen må gi føresegn om at planskapt verdiauke skal fordelast og må fastsette den geografiske avgrensinga av området for fordeling. Kven som kan vere partar Reglane om partar, prosessdyktigheit og stedfortredar i tvistelova kap. 2 skal gjelde så langt dei høver, jf. ny lov 6-1 andre ledd, tilsvarande som etter gjeldande jordskiftelov. I ny jordskiftelov 6-2 andre ledd, bokstav a, vert det skildra at så langt råd er skal det nemnast i kravet kva eigedomar saka gjeld. I 6-10 første ledd vert det skildra at retten skal forkynne innkalling til det første rettsmøtet for "alle saka vedkjem". Definisjonen på "part" vert difor omlag slik: "Den eller dei som saksbehandlinga og avgjerda er retta mot". Det må imidlertid skiljast mellom kven som kan krevje sak, og kven som kan vere part. Døme på at nokon kan vere part utan å ha heimel til å krevje sak: - Umyndige og mindreårige - Ein av fleire arvingar til avliden heimelshavarar (heimelen er ikkje overført og det ligg ikkje føre skifteattest) - Jordleigar i bruksordningssaker Er det fleire eigarar på ein eigedom (personleg sameige), kan kvar av dei krevje sak. Dette gjeld ikkje uoppgjorde dødsbu. Desse vert representert ved livsarvingane i fellesskap dersom ikkje gjenlevande ektefelle sit i uskifta bu eller buet er representert ved bustyrar. Livsarvingane må vere samde dersom dei ynskjer å krevje sak på vegne av den aktuelle eigedomen, jf. skiftelova 82 med Knophs kommentarar. Personar som ikkje er prosessdyktige samt ikkje-personlege rettssubjekt (stat, kommune, selskap) må verte representerte av ein stedfortredar. Han tar hand om parten sine rettar og plikter. For personar som ikkje er prosessdyktige (til dømes personar under 18 år), vil verge eller hjelpeverge vere stedfortredar. Verge for umyndige må imidlertid ha samtykkje frå Fylkesmannen for å kunne krevje jordskifte, jf. vergemålslova 39, fyrste ledd bokstav e. Myndige personar er i utgangspunktet prosessdyktige. For ikkje-personlege rettsubjekt er stedfortredaren den personen som kan motta forkynning på vegne av rettssubjektet. Til dømes ordføraren i ein kommune eller styreleiaren i eit aksjeselskap. Berre ein person om gongen kan opptre som stedfortredar (unntaket er mindreårige, der normalt begge foreldrene opptrer som verger).
Tilhøvet mellom "krav" og partar Ei jordskiftesak kan som kjent innehalde fleire problemstillingar, og det kan nyttast ulike verkemiddel og takast fleire avgjerder i ei og same sak. Ikkje alle avgjerdene vedkjem alle partane i saka. Det nye saksbehandlingssystemet legg opp til å skilje mellom dei ulike sakstilhøva som det skal takast avgjerd om, og kven som er partar i dei ulike avgjerdene. Som i dag legg det nye saksbehandlingssystemet opp til å ha eit hovudkrav (hovudverkemiddel). Eit hovudkrav kan imidlertid innehalde fleire ulike delkrav, både materielle og prosessuelle. Desse delkrava vert definert som "krav" i det nye saksbehandlingssystemet. Dette inneber at ein part kan vera oppført i eit eller fleire "krav". Dokumenta i saka vert knytt til dei ulike "krava", og partane vil berre få tilsendt dei dokumenta som er knytt til det eller dei "krava" som vedkjem dei. Tilsvarande vil ein anke i eit "krav" verte forkynt for dei andre partane i "kravet". Omgrepet "nabo" fell vekk. Eigar av ein tilstøytande eigedom til eit jordskiftefelt (til dømes eit sameige det er kravd oppløysing for) vert behandla som part. Grensa mellom naboeigedomen og sameiga vert såleis eit eige "krav". Den som krev sak for jordskifteretten vert kalla "rekvirent". Nemningane "saksøkjar" og "saksøkt" vert ikkje nytta. Spørsmål til refleksjon og diskusjon: "Kva for avgrensingar er det i eksproprianten sin kravskompetanse?" "Drøft tilhøvet mellom omgrepa "rett", "bruksrett" og "alltidvarande bruksrett"