Høringsuttale frå Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane



Like dokumenter
Møteinnkalling. Utval: Verneområdestyret for SVR Møtestad: Gjesdal gjestgiveri, Ålgård Dato: Tidspunkt:

RENEWABLE REINDEER. Per Ø. Grimsby Fagleder miljø INNSPILL BRUKERMØTE

Melding om vedtak. Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO

Vilkårsrevisjon i SVR vasskraftutbygginga sin verknad på villreinen forslag til avbøtande tiltak

Uttale til søknad: Eivindsvatn kraftverk og ombygging av inntak Eivindsvatn i Kvinesdal kommune, Vest-Agder

Sak 7/16 Høyring av revisjonsdokument for Sira-Kvina reguleringa i Sirdal og Kvinesdal kommunar

Villreinen, villreinfjellet og vilkårsrevisjonane korleis sikre ein heilskapleg tilnærming?

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 058/16 Formannskapet PS

Forslag til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane. Uttale frå villreinnemnda

Uttale: Søknad om overføring av Vestre Melraktjødn til Heimre Flogvatn, Sirdal kommune

Statskog SF innspill til revisjon av Sira-Kvina konsesjon.

MELDING OM VEDTAK. Besøksstrategi for SVR - høyringsuttale

Høyringuttale - Søknad om løyve til bygging av Borsæ kraftverk i Tokke kommune i Telemark

Vassdragsreguleringer i Nordfjella og vilkårsrevisjoner

Deres ref. Vår ref. (bes oppgitt ved svar) Dato Sak nr. 2017/11781 / AOD

Møteinnkalling. Utval: AU i verneområdestyret for SVR Møtestad: Møterom i Hovdetun, Hovden Dato: Tidspunkt: 10:00

Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 7/18 Verneområdestyret for SVR

Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utval 16/19

Uttale: Forslag til forvaltningsplan for Hovden landskapsvernomra de, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat i Bykle kommune

Møteprotokoll for SVR LVO

Dykkar ref. Vår ref. (oppgi ved svar) Dato Sak nr. 2014/859 / FMROAOD

Handsaming: Saka vart drøfta Ragnhild Bjåen sa seg ugild i saka då delar av tiltaka som er skissert berører henne som gruneigar.

Deres ref. Vår ref. (bes oppgitt ved svar) Dato Sak nr. 2017/8333 / AOD

ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: S /658 Jørn Trygve Haug. UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 14/2 Arbeidsutvalet i villreinnemnda

Setesdal Ryfylke Villreinlag sitt innspill til revisjon av Sira-Kvina konsesjon

Nytt villreinprosjekt i Setesdal Ryfylke

LØPENR/SAKSNR: SAKSBEHANDLER: DATO: 13833/ /262 Sven Sandvik UTV.SAKSNR: UTVALG: MØTEDATO:

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

KONGELIG RESOLUSJON. Klima- og miljødepartementet Statsråd: Vidar Helgesen Saksnr.: 15/3374 Dato: 21. juni 2017

Søknad om bygging av Bjørnevatn kraftverk i Valle kommune og Veringsåne kraftverk i Bykle kommune - uttale frå villreinnemnda for Setesdalsområdet

Møteprotokoll. Utvalg: AU i verneområdestyret for SVR Møtested: Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 14:30 Varighet: 1 time inkludert forberedelse

Villreinens bruk av heiområdene hva forteller GPSdataene

Nytt villreinprosjekt i Setesdal Ryfylke v/ viltforvalter Tor Punsvik Fylkesmannen i Vest-Agder

Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 3/18 Verneområdestyret for SVR

Villrein og fragmentering Utfordringer og muligheter forbundet med vannkraft og infrastruktur

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet

Besøksadresse Garaneset, 4230 Sand

Møtebok. Arbeidsutvalet i Villreinnemda for Setesdalområdet. Telefonmøte 17. oktober 2017, kl

BESØKSSTRATEGI FOR SVR Presentasjon på Heiplansamlinga, Eikerapen 5. september Alf Odden, Verneområdeforvaltar SVR

Besøksadresse Garaneset, 4230 Sand. Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 46/19

Deres ref. Vår ref. (bes oppgitt ved svar) Dato Sak nr. 2017/3930 / AOD

Svar på søknad om dispensasjon til helikoptertransport til Sloaros i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde, gnr/bnr, 1/4, Bykle kommune

Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2010/1134/26/K /12525 Anna Bilstad

RAPPORTERING FRA ARBEIDSGRUPPE 1 TIL STYRINGSGRUPPA FOR VILLREINPROSJEKT I SETESDAL-RYFYLKE

Møteprotokoll. Utvalg: Verneområdestyret for SVR Møtested: Kvæven, Bygdetun i Sirdal Dato: Tidspunkt: 11:

Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 6/18 Verneområdestyret for SVR

Villreinen, kulturarv og verdiskaping

Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 48/19

Møteprotokoll. Arbeidsutvalet. Utval: Møtestad: Telefonmøte Dato: Tidspunkt:

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Protokoll frå møte i Ottadalen Villreinnemnd

Saksframlegg. Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Nilsen, Haldis Karine K2 - K12 14/1240. Saksnr Utvalg Type Dato 074/18 Formannskapet PS

GPS-merkeprosjektet på villrein i Setesdal Vesthei

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Arealdelen til kommuneplanen , grunnlagsdokument 4, vurdering av innspel om område for fiskebuer og naust

SVAR PÅ SØKNAD OM DISPENSASJON OM MOTORFERDSLE TIL SANDVASSBU I FRAFJORDHEIANE LANDSKAPSVERNOMRÅDE, GNR/BNR, 11/1, SIRDAL KOMMUNE

Møteprotokoll. Utval:

INNSPILL TIL UTREDNINGSPROGRAM FOR RØLDAL- SULDAL REGULERINGEN

Delegert vedtak. Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 68/19

Utvalgssak Møtedato. Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 33/18

Norges nest største kraftprodusent. Regionalplan for Nordfjella - En vassdragsregulants perspektiv

Interkommunalt styre for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Møteprotokoll. Medlem Leder

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteprotokoll. Saksliste. Utvalg: AU i verneområdestyret for SVR Møtested: Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 08:00 Møtegodtgjørelse: 1 time

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Telefonmøte

Møteprotokoll. Områdeforvaltar Områdeforvaltar Områdeforvaltar

Møteinnkalling. Utvalg: AU i verneområdestyret for SVR Møtested: Telefonmøte, Telefonmøte Dato: Tidspunkt: 08:00

Den kommende revisjonsprosessen

ÅRSRAPPORT FRÅ STATENS NATUROPPSYN TIL VERNEOMRÅDESTYRET I SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG FRAFJORDHEIANE 2016

Melding om vedtak. Høyring-Forslag til forvaltingsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.

Møteprotokoll. Fråverande medlemmer Namn Funksjon Representerer Torkel Myklebust Medlem Suldal kommune Oddmund Ljosland Medlem Åseral kommune

Møteinnkalling. Utval: Arbeidsutvalet Møtestad: Telefonmøte Dato: Tidspunkt: Side 1

Møteinnkalling. Utval: Stølsheimen verneområdestyre Møtestad: Myrkdalen Hotell Dato: Tidspunkt: 12:00 15:30

Løyvet gjeld fram til Andre vilkår går fram av standard løyve.

NAUSTDAL-GJENGEDAL VERNEOMRÅDESTYRE

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Uttale Søknad om løyve til å byggje 4 småkraftverk, og opprusting og utviding av eit kraftverk i Fyresdal kommune i Telemark

Møteprotokoll. Utvalg: Verneområdestyret for SVR Møtested: Evjemoen Dato: 1.desember 2016 Tidspunkt: 11:00. Følgende faste medlemmer møtte:

Tussa Energi sine kommentarar til høyringsinnspela for opprusting og utviding av Vartdal kraftverk

Valle, Referat frå møte mandag 2.september i arbeidsgruppe 1 Referatet er óg rapport til styret for prosjektet.

Møteprotokoll. Områdeforvaltar Områdeforvaltar Områdeforvaltar Områdeforvaltar

Høyring av forslag til endring i motorferdsellova med forskrift - opning for catskiing. Merknad frå villreinnemnda for Setesdalsområdet

Sti- og løypeplan, vedlegg til kommuneplan

Høring av revisjonsdokument for regulering av Einunna, Fundinmagasinet mv.

ARBEIDSUTVALET I VILLREINNEMNDA Mo laksegård, Suldal. Margit Smeland Leder ÅMLI Oddmund Ljosland Medlem ÅSERAL Leif Roholdt Olav Tveita

Klage på konsesjonsvedtak Hovatn Aust vindkraftverk, saksnr

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

2014/

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Delegert vedtak VERNEOMRÅDESTYRET FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE OG FRAFJORDHEIANE

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

Naturopplevelser for livet. Ferdsel i villreinfjellet Stavanger Turistforening / Den Norske Turistforening

RESTAURERING AV VILLREINTREKK OG BEITE I RONDANE NORD

Innspel til forvaltningsplanen i samband med oppstartsmeldinga pr

Deres ref. Vår ref. (bes oppgitt ved svar) Dato Sak nr. 2017/7924 / AOD

Melding om vedtak F-sak 14/30

KORLEIS LAGE BETRE BESTANDSPLANAR?

Transkript:

Høringsuttale frå Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane Høringsuttalen gjeld kapittel 12.3 Fjellområder med flerårsmagasin i øvre deler av Kvina- og Siravassdragene i SKK sitt revisjonsdokument. Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane har forvaltningsmynde for store areal som omfattast av revisjonen av konsesjonsvilkåra for Sira-Kvina reguleringane. Sjølv om sjølve reguleringsmagasina ikkje inngår i verneområda, ligg store delar av nedbørsfelta til mellom anna Svartevassmagasinet, Valevatn, Rosskreppfjorden, Øyarvatnet og Kvifjorden innafor grensene til Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Denne uttalen vil ta for seg fleire punkt i Sira-Kvina kraftselskap sitt revisjonsdokument, men vil og ta opp tema som i liten grad er omtalt i revisjonsdokumentet. Hovudfokuset vil være på villrein, men og tema som landskap, friluftsliv, rype og fisk vil bli vektlagt. Høringsuttalen vil ha tre hovuddelar; dokumentasjon av konsekvensar av Sira-Kvina reguleringane, forslag til avbøtande og kompenserande tiltak med vurdering av effekt og kost-nytte vurdering og tiltaka sin status i revisjonsprosessen. Sira-Kvina reguleringane har skore av fleire heilt sentrale trekkvegar for villreinen, og har ført til at attverande trekkorridorar er tungt belasta av tekniske inngrep og menneskeleg ferdsel. Resultatet er ei tredeling av villreinområdet og forsinka sesongtrekk. Mange av dei mest øydeleggande inngrepa er langt på veg irreversible, og kan ikkje avbøtast innafor rammene til denne revisjonen. Likevel kan det identifiserast fleire avbøtande og kompenserande tiltak som til saman vil medføre ein betydeleg forbetring av villreinstamma sine leveforhold. Det er verneområdestyret si klare oppfatning at desse tiltaka må gjennomførast i samband med revisjonen av konsesjonsvilkåra, og at Sira-Kvina kraftselskap må påleggast å finansiere desse tiltaka. Supplerande og ytterlegare spissa dokumentasjon av effekten av føreslegne avbøtande tiltak, vil komme i GPS prosjektet sin sluttrapport som vil være klar i 2018. Dokumentasjon av konsekvensar av Sira-Kvina reguleringane Etablering av reguleringsmagasina Rosskreppfjorden og Svartevatnet med tilhørande anlegg og anleggsvegar har medført ei dramatisk endring av desse fjellområda. Konsekvensane for landskap, friluftsliv og fisk har vore alvorleg, men det er særleg villreinen med sin nomadiske levemåte som verkeleg har vorte skadelidande. Friluftsliv Svartevassmagasinet Etableringa av Svartevassmagasinet (780-899 moh) i 1976 medførte ei total omlegging av Stavanger turistforening sitt rutenett i område. Tidlegare følgde turistruta Sira nordover frå Ådneram til Lysebu

før ruta gjekk vidare til Blåfjellhytta via Sandvatn. Neddemminga av Lysebu og deler av ruta førte til at det vart etablert ei ny rute på austsida av magasinet. Erstatningshyttene Kringlevatn og Grautheller kom på plass i 1970 og 1973, og turistruta følgde nå linja Ådneram-Grautheller- Kringlevatn-Gyvatn-Blåfjellhytta. Seinare vart denne ruta supplert med hyttene Storevatn (1986) og Taumevatn (1997). I tillegg vart Gyvatn (Statskoghytte) erstatta av Storsteinen i 1980. Litle Aurådal på vestsida av magasinet vart bygd i 1992, og ruta Grautheller-Litle Aurådal-Storsteinen vart etablert. Anleggsvegen frå Ådneram til Svartevassdammen gjennom Flatstøldalen har letta tilkomsten til område. Vegen er stengt med bom for allmenn ferdsel, men det er likevel mogleg å sykle og turen til fots er mykje lettare enn tidlegare. Elles har ferdsel med båt på Svartevassmagasinet letta tilgangen til turisthyttene og Statskog sine hytter i dei indre delane av magasinet. Det er ikkje opna for fri ferdsle med båt på magasinet, men det er tilgang for dei som kjøper jakt og fiskekort av Statskog. Rosskreppfjorden Etableringa av reguleringsmagasinet Rosskreppfjorden (890-929 moh) i 1968 medførte ikkje neddemming av turisthytter, men turistløypa mellom Håheller og Bossbu vart sett under vatn. Turisttrafikken vart derfor konsentrert til ei meir austleg rute frå Håheller og Øyuvsbu til Svartenut og vidare til Bossbu. Anleggsvegen frå Suleskard i Sirdal fram til dammen på Rosskreppfjorden, og forlenginga av denne vegen fram til Brokke i Valle, har letta ålmenta sin tilkomst til dette området i svært stor grad. Brokke-Suleskardvegen har nå status som fylkesveg og er open i tidsrommet 20. mai-1. november. Elles har ferdsel med båt på Rosskreppfjorden letta tilgangen til områda rundt dei indre delane av magasinet. Det er ikkje opna for fri ferdsle med båt på magasinet, men det er tilgang for grunneigarane i Valle og dei som kjøper jakt og fiskekort av grunneigarane eller Statskog. Villrein Setesdal-Ryfylke villreinområde er frå naturen si side ein vanskeleg plass å leve sjølv for reinsdyr. Andelen vinterbeite er den lågaste av alle villreinområda i heile Noreg, og den avgrensa beiteressursen er ofte vanskeleg tilgjengeleg på grunn av nedising eller svært store snømengder. Det er derfor heilt avgjerande at villreinstamma både har tilgang til områda med best vinterbeite, og at dei i krisevintrar har tilgang til lågareliggande område i skogen. Trekka mot vinterbeiteområda tek til i oktober og varer fram mot jul. Inngrep i samband med kraftutbygging har derfor gjort ein vanskeleg situasjon ennå vanskelegare. Regionalt er det stor einighet om funksjonsmåla for villreinstamma i Setesdal-Ryfylke villreinområde. Areala skal forvaltast slik at villreinen skal kunne ta i bruk alle delane av leveområdet, og bestanden skal forvaltast slik at villreinen på nytt tek i bruk områda i sør og vest (Heiplanen 2012, GPSprosjektet 2013, SVR 2015).

Svartevassmagasinet Svartevassmagasinet utgjer ei 17 km lang nord-sør gåande barriere for villreinen. I tillegg utgjer anleggsvegen i Flatstøldalen, dei 18 kilometrane ned til Ådneram, ei ytterlegare forlenging av denne barrieren vidare sørover. Svartevassmagasinet har skore av tre heilt sentrale trekkvegar for villreinen. Dette dreier seg om det berømte trekket «Karl Johan» over Bergeheii, aust-vest trekket mellom Auråhorten og Loneknuten, samt aust vest trekket ved det gamle utløpet av Ytre Storevatn. Sør for magasinet gjer anleggsvegen med tilhørande ferdsle og verksemd at villreinen berre i svært sjeldne høve kryssar vegen og da berre om vinteren. Den einaste attverande trekkorridoren mellom aust og vest, og mellom nord og sør, går dermed nord for Svartevassmagasinet i det såkalla Steinbuskardområdet. Denne trekkorridoren er smal frå naturen si side, og har vorte ennå smalare på grunn av Blåsjømagasinet i Ulla-Førre reguleringa. I tillegg gjer vatn og terrengformasjonane at berre 3-4 tronge passasjer er aktuelle trekkområde for villreinen mellom Storsteinvatnet og Gyvatnet. Det er fysisk mogleg for villreinen å trekke på desse stadane og dei eldgamle trekkvegane går akkurat her, men trekket har i liten grad vore brukt av villreinen dei siste 20 årane. Det same gjeld for det sentrale nord-sør trekket som og er avhengig av den same trekkorridoren i Steinbuskardområdet. Dei tidlegare hovudtrekka frå før kraftutbyggingane i område er svært godt dokumentert (sjå mellom anna (Meidell 1937 og Skuncke 1950, samt Strand m.fl. 2011 for ei oppsummering). Dette gjeld både aust-vest trekket mellom områda i Sirdal og Valle og områda i Hjelmeland og Forsand og nord-sør mellom områda i Sirdal og områda i Suldal og Bykle. Det er minst like godt dokumentert at trekk aktiviteten gradvis har vorte redusert etter at reguleringsmagasina vart etablert, for så og nærast stoppe heilt opp dei siste 10 åra (sjå mellom anna (Jordøy & Kålås 1985, Bay 1994, Bay & Jordhøy 2001, Jordhøy & Strand 2009, samt Strand m.fl 2011 for ei oppsummering). Trekkaktiviteten frå 2007 er særleg godt dokumentert gjennom det avslutta GPS prosjektet (Strand m.fl. 2011) og det nye GPS prosjektet, kor GPS data er tilgjengeleg på www.dyreposisjoner.no. I dag har ein i praksis fått ei tredeling av villreinområdet og villreinstamma, med minimal utveksling av dyr mellom dei ulike delane. Ein del nord for Steinbuskardområdet med om lag 2000 dyr, ein del sør for Steinbuskardområdet med om lag 1000 dyr og ein del vest for Svartevassmagasinet kor det omtrent ikkje er dyr. Ei slik tredeling av område vil på sikt være kritisk for villreinstamma. Sentrale beiteområde er allereie gått tapt i reguleringsmagasina og det er derfor viktig at attverande beiteområde kan nyttast fullt ut. Om denne tredelinga av villreinområdet blir permanent, vil området få ei lågare bereemne og storleiken på villreinstamma må reduserast. Ein slik situasjon vil gjere både arealforvaltninga og bestandsforvaltninga i Setesdal-Ryfylke villreinområde mykje vanskelegare. Når villreinen ikkje trekker mellom delområda vil faren for overbeite bli større, noko som igjen vil føre til ytterelegare reduksjon av området si bereemne og storleiken på villreinstamma. Årsaken til den manglande trekkaktiviteten i Steinbuskardområdet ligg i tekniske inngrep og menneskeleg aktivitet i området. Etter at reguleringsmagasina vart etablert vart tilkomsten inn i område lettare med auka ferdsel og forstyrringar som resultat (Bay 1994, Strand m.fl. 2011). I tillegg tvang dei omfattande inngrepa fram ei flytting av Stavanger turistforening sine hytter og rutenett. Særleg kritisk er turisthytta Storsteinen, i nordre del av nedbørsfeltet til Svartevassmagasinet, som er plassert midt i trekkorridoren. Denne hytta ligg som eit nav i rutenettet med turistløyper inn frå alle

fire retningane. I tillegg blir den og brukt av jegerar og turfolk som kjem med båt over reguleringsmagasina eller med sykkel på anleggsvegen frå nord. Det er ingen tvil om at etableringa av Svartevassmagasinet er den direkte årsaken til den dokumenterte reduksjonen i trekkaktivitet og påfølgjande tredelinga av Setesdal-Ryfylke villreinområde. Svartevassmagasinet har skore av viktige trekkvegar og gjer at både villrein og menneskje blir pressa saman i resttrekket i Steinbuskardområde. Rosskreppfjorden Rosskreppfjorden (890-929 moh) utgjer ei 12 km lang nord-sør gåande barriere for villreinen, mens den 7 km lange reguleringsmagasinet i Øyarvatnet utgjer ei ytterlegare forlenging av denne barriera vidare sørover. I den 5 km breie landtunga mellom magasina medførar Rosskreppdammen og inngrep og forstyrringar i samband med Brokke-Suleskardvegen at barriereverknaden blir total. Rosskreppfjorden har skore av heilt sentrale trekkvegar for villreinen. Dette dreier seg særleg om det svært viktige aust-vest trekka over Ånesundet og Brokkesundet. Aust-vest trekket sør for Rosskreppfjorden har og gått heilt ut av bruk på grunn av massive inngrep og forstyrringar i området. Villreinstamma har til alle tider hatt eit omfattande sesongtrekk i dette området (Strand m.fl. 2011). I september-oktober trakk store deler av villreinstamma sørover til vinterbeiteområda i Byggland, Åseral og Kvinesdal. I april trakk simlene på nytt gjennom område på ved nordover til kalvingsområda i Bykle, mens bukkane trakk etter utover hausten. Før kraftutbygginga gjekk dette nord-sør trekket på begge sider av den opphavlege Rosskreppfjorden, spreidd utover ein korridor på om lag 25 km. To viktige aust-vest trekk kryssa den opphavlege Rosskreppfjorden ved Ånesundet og Brokkesundet, og sikra at heile trekkorridoren kunne brukast (NOU 1983:44). Etter etableringa av reguleringsmagasina er dette trekket konsentrert på austsida av Rosskreppfjorden og Øyarvatnet, og den attvarande trekkorridoren er snevra dramatisk inn. Ved Svarteløkfjellet og Vardsvatn-Kvislevassnuten, på aust og sør-aust sida av Rosskreppfjorden, har denne trekkorridoren nå berre ei breidde på 5 km. Denne valdsame reduksjonen i arealet som er tilgjengeleg for villreinen, gjer trekkaktiviteten svært sårbar i høve til tekniske inngrep og forstyrringar i den attverande korridoren. GPS data frå både avslutta og pågåande prosjekt (Strand m.fl. 2011, NINA under publisering) dokumenterer store hindringar for det sørgåande haustrekket og identifiserer to tydeleg årsaker til desse hindringane. I løpet av hausten trekker fostringsflokkane sørover mot Brokke-Suleskardvegen og når fram til området nær vegen i første halvdel av oktober. GPS data viser mange misslykka forsøk på kryssing av vegen og ei stor opphoping av dyr i dette området. Det er først etter 1. november når vegen vinterstengast at fostringsflokkane kryssar og fortsett trekket mot vinterbeiteområda lenger sør.

Kartet viser alle GPS posisjoner fra merkede simler i henholdsvis oktober (venstre) og november (høyre) perioden 2007-2015 i området ved Brokke-Suleskardvegen. Denne situasjonen forsenker trekket sørover med 2-3 veker og er svært ugunstig for villreinen. Dei mislykka kryssingsforsøka krev mykje energi i seg sjølv samtidig som dei medførar redusert beitetid. Dette er særleg kritisk i ein periode av året kor særleg simlene bygger opp feitreserver til vinteren. Den årlege opphopinga av dyr på nordsida av vegen reduserer og gradvis kvaliteten på beita i dette område. Den forsinka trekkaktiviteten i området er særleg knytt til inngrep som Brokke-Suleskardvegen og DNT-sør si hytte Øyuvsbu, og tilhørande menneskeleg ferdsel på vegen og turistforeininga sitt løypenett. Brokke-Suleskardvegen skjer rett gjennom trekkorridoren. Vegbanen i seg sjølv kan utgjere ei barriere, men dei mange strekningane med autovern og/eller bratte vegskjeringar utgjer eit ennå sterkare hinder (sjå Nellemann m.fl. 2003 og Penzacchi m.fl. 2011 for dokumentasjon av effekten av slike hinder). Biltrafikken på vegen og parkerte bilar langs vegen forsterkar barriereeffekten ytterlegare. Turisthytta Øyuvsbu ligg 1 km sør for vegen og er lokalisert midt i trekkorridoren. Frå Øyuvsbu går det turistløyper søraustover til Stakkedalen, sørover til Gaukhei og vestover til Håheller. Turistløypa frå Øyuvsbu og nordover til Svartenut går midt i den attverande trekkorridoren på austsida av Rosskreppfjorden (sjå Nellemann m.fl. 2009 for dokumentasjon av effekten turisthytter og turisløyper). Det er ingen tvil om at etableringa av reguleringsmagasinet Rosskreppfjorden er den direkte årsaken til den dokumenterte forseinkinga i trekkaktiviteten. Reguleringsmagasinet har skore over trekket i Brokkesundet og anleggsvegen/fylkesvegen har stengt for trekket mellom Rosskreppfjorden og Øyarvatnet. Den påfølgande innsnevringa av den tilgjengelege trekkorridoren, gjer at forstyrringa knytt til tekniske inngrep og menneskeleg ferdsel når eit kritisk nivå slik at trekkaktiviteten stoppar opp. Fisk Eit omfattande kultiveringsarbeid i regi av SKK har medført at ein nå har ei sjølvrekrutterande fiskestamme av god kvalitet i Svartevassmagasinet og Rosskreppfjorden. Verneområdestyret er svært nøgd med det arbeidet som er gjort og ønskjer at dette arbeidet vidareførast.

Rype Det er registrert ein sterk nedgang i bestanden av fjellrype og lirype både lokalt og nasjonalt. Dette har medført at begge rypeartane er oppført som nær truga (NT) i Norsk rødliste for arter 2015. Lokalt er det sannsynleg at nedgangen i rypebestanden har samband med kraftutbyggingane i område. Store område med heilårsbiotopar for lirype og vinterområde for fjellrype er sett under vatn i reguleringsmagasina Svartevatn og Rosskreppfjorden. I tillegg har ferdsla inn i område blitt lettare på grunn av anleggsvegar og bruk av båt på magasina. Dette har ført til fleire jegerar i område og auka jakttrykk. Auka menneskeleg verksemd i området førar og truleg til større bestandar av predatorar som raudrev og hardare predasjon på egg og rypekyllingar. Dei mange kraftlinjene i området kan og medføre auka dødelegheit på grunn av kollisjonar. Forslag til avbøtande og kompenserande tiltak med vurdering av effekt og kost-nytte vurdering Villrein Tiltak 1-6 Svartevassmagasinet Tiltak 1-5 har til hensikt å redusere tekniske inngrep og menneskeleg ferdsel og aktivitet i Steinbuskardet og må sjåast i samanheng. Tiltak 6 har ein sjølvstendig effekt. 1. Flytting av Storsteinen turisthytte og nedlegging av tilhørande turistløyper Alle tre bygningane som utgjer Storsteinen turisthytte blir revet og flytta 10-12 km mot nord vest til område aust for Blåfjell (sjå kart). Nedlegging av turistløypene Storsteinen-Kringlevatn, Storsteinen-Litle Aurådal, Storsteinen- Hovatn og Storsteinen-Eidavatn.

Kartet viser nedlagte turistløyper (grøn markering) og aktive turistløyper (raud markering) etter nedlegging av turisthytta Storsteinen. Effekt: Gjennomføring av tiltak 1 vil fjerne alle turisthytter og turistløyper frå trekkorridoren i Steinbuskardområdet. Erfaringar frå liknande tiltak andre stader i landet viser at fotturistane sin bruk av turistløypene vil bli redusert med 95% når løypene blir lagt ned og gamal merking blir fjerna. Tiltaket vil truleg ha mindre effekt på jegerane sin bruk av område så den totale reduksjonen i bruken av området vil bli på om lag 75%. Reduksjonen i ferdsla vil bli om lag like stor i tilgrensande område vidare sørover fram til områda ved Kringlevatn og Litle Aurådal. Fjerning av tekniske inngrep og sterk reduksjon i ferdsla vil med stor sannsynlegheit medføre at villreinen sin trekkaktivitet i Steinbuskardområdet aukar. Dette gjeld både aust-vest trekket og nord-sør trekket.

Ulemper: Stavanger turistforening får ekstra kostnadar og arbeid med innføringa av eit nytt rutenett. Auka motorferdsle og aktivitet i samband med byggeperioden vil medføre auka forstyrring av villreinen i ein avgrensa periode. Kostnad: Kalkulert til 6 millionar NOK for riving av eksisterande hytte, oppføring av ny sjølvbetent turisthytte, fjerning av gamal merking og merking av nye turistløyper. 2. Utviding av turisthytta Litle Aurådal Litle Aurådal må utvidast for å kunne ta i mot auka trafikk når alle turistløypene blir samla i ein trase. Effekt: Nord-sør sambandet i Stavanger turistforening sitt løypenett oppretthaldast. Nytte: Sjå vurderingane under tiltak 1. Ulemper: Sjå vurderingane under tiltak 1. Kostnad: Kalkulert til 5 millionar NOK for ny sjølvbetent turisthytte. Eksisterande hytte vil få funksjon som sikringshytte. 3. Utviding av turisthytta Eidavatn Eidavatn må utvidast for å kunne ta i mot auka trafikk når alle turistløypene blir samla i ein trase. Effekt: Nord-sør sambandet i Stavanger turistforening sitt løypenett oppretthaldast. Nytte: Sjå vurderingane under tiltak 1. Ulemper: Sjå vurderingane under tiltak 1. Kostnad: Kalkulert til 5 millionar NOK for oppgradering av eksisterande sjølvbetent turisthytte og bygging av ny sikringshytte sikringshytte. 4. Innføring av jaktfri sone i Steinbuskardområdet Ferdsleforbodssona i Steinbuskardet biotopvernområde blir utvida med ei mindre jaktfri sone i trekkorridoren (sjå kart). Dette vil omfatte mindre deler av jaktfelta Auråhorten, Sandvatn og Smalevatn.

Effekt: Nytte: Ulemper: Kostnad: 100% reduksjon av ferdsle knytt til jakt og 20% reduksjon av ferdsla totalt i Steinbuskardområdet Reduksjon i ferdsla vil med stor sannsynlegheit medføre at villreinen sin trekkaktivitet i Steinbuskardområdet aukar. Tapte inntekter for Statskog. Redusert tilgang på jakt for ålmenta. Kalkulert til 1 million NOK for kultivering og klargjering av alternative jaktfelt 5. Flytting av Statskoghytta ved Gyvatnet Effekt: Nytte: Ulemper: Kostnad: Fjerning av teknisk installasjon og bortfall av ferdsel knytt til tilsyn og vedlikehald av hytta. Ytterlegare styrking av effekten til tiltak 1 og tiltak 2 Færre tekniske inngrep og reduksjon i ferdsla vil med stor sannsynlegheit medføre at villreinen sin trekkaktivitet i Steinbuskardområdet aukar. Meirarbeid for Statskog. Sjølv om hytta vart sett opp så seint som i 1939 har den verdi som eit minnesmerke etter Heibergepoken. Auka motorferdsle og aktivitet i samband med riving og transport vil medføre auka forstyrring av villreinen i ein avgrensa periode. Kalkulert til 1 million NOK for riving, uttransport og oppattbygging av hytta. Gjennomføring av tiltak 1-5 vil redusere menneskeleg ferdsel i Steinbuskardområdet med 95%. Dei vil og fjerne alle fysiske installasjonar i området som ikkje er relatert til kraftproduksjon. Til saman vil desse tiltaka med svært stor sannsynlegheit medføre at villreinen sin trekkaktivitet i område aukar. Det er og overvegande sannsynleg at trekkaktiviteten vil auke i ein slik grad at utvekslinga av dyr mellom dei tre delområda kjem opp på eit tilfredsstillande nivå. Ein vil da få

villreinen tilbake til områda på vestsida av Svartevassmagasinet og villreinstamma vil da kunne nytte ein større del av det tilgjengelege beitearealet. Nytten av tiltaket vil særleg være knytt til at gjeldande bestandsmål vil kunne oppretthaldast og at målsettingane i GPS prosjektet om å få villreinen tilbake til randområda i vest blir oppfylt. Nasjonale målsettingar og internasjonale plikter i høve til ivaretaking av villreinstamma vil og være oppfylt. 6. Bygging av terskel/landbru ved utløpet av Ytre Storevatn Utløpet av Ytre Storvatn ligg 889 moh og 10 meter under HRV i Svartevassmagasinet. Ein 10 m høg terskel vil sikre ein permanent passasje for villreinen. Ein lågare terskel vil sikre passasje for villreinen mindre deler av året. Ein lågare terskel kombinert med restriksjonar i kjøringa av Svartevassmagasinet vil kunne sikre ein permanent passasje for villreinen. På bakgrunn av kurvene for magasinfylling for Svartevatn i perioden 1985-2009 (SKK 2015) vil ein 3 m høg terskel kunne sikre ein passasje for villreinen om lag halvparten av årene i den viktigaste trekkperioden (1. oktober-1. februar). Kombinert med eit pålegg om at vasstanden i magasinet ikkje må overstige 7 m under HRV i denne perioden vil passasjen bli så godt som permanent. Effekt: Data frå GPS prosjektet viser at villreinen tek opp att bruken av dette trekket når vasstanden i Svartevassmagasinet er under kote 889 (Strand m.fl 2011). Det er og dokumentert at villreinen brukar ein liknande terskel/landbru i Blåsjø. Alt tydar derfor på at villreinen vil bruke terskelen når den kjem på plass. Gjennomføring av tiltak 1 vil sikre villreinen uforstyrra trekkvegar fram til terskelen og bidra til auka bruk.

GPS data frå bukk nr. 7181 som brukte den gamle trekkvegen ved utløpet av Ytre Storvatnet når Svartevassmagasinet var lågere enn 889 moh i 2010 Nytte: Ulemper: Terskelen vil med svært stor sannsynlegheit medføre at villreinen sin trekkaktivitet i område aukar. Det er og overvegande sannsynleg at trekkaktiviteten vil auke i ein slik grad at utvekslinga av dyr mellom områda sør for Steinbuskardområdet og vest for Svartevassmagasinet delområda kjem opp på eit tilfredsstillande nivå. Ein vil da få villreinen tilbake til områda på vestsida av Svartevassmagasinet og villreinstamma vil da kunne nytte ein større del av det tilgjengelege beitearealet. Terskelen vil bli eit teknisk inngrep som vil bli godt synleg når vasstanden i Svartevassmagasinet er under kote 892. Terskelen vil hindre båttrafikken i Ytre Storevatn. Om ein ønskjer slik båttrafikk kan dette delvis avbøtast med bygging av ein kulvert. Auka motorferdsle og aktivitet i samband med byggeperioden vil medføre auka forstyrring av villreinen i ein avgrensa periode. Kostnad: Kalkulert til 8 millionar NOK for ein 3 m høg og 40 m lang terskel. Kostnadar ved eventuelle magasinrestriksjonar kjem i tillegg. Kostnadsramma for alle dei sju skisserte tiltaka vil være på om lag 25 millionar NOK. For å oppnå tilsvarande effekt, av andre avbøtande tiltak, må ein restaurere dei neddemte villreintrekka ved Karl Johan og Aurahorten. Dette kan gjerast ved ein kombinasjon av høge landbruer og periodevis senking

av vasstanden i Svartevassmagasinet. Prislappen på eit slik tiltak vil bli svært høg på grunn av store anleggskostnadar og kostnadar knytt til restriksjonar i drifta av reguleringsmagasinet. Tiltak 1-2 Rosskreppfjorden Tiltak 1-2 har til hensikt å redusere tekniske inngrep og menneskeleg ferdsel og aktivitet i trekkorridoren aust og søraust for Rosskreppfjorden og må sjåast i samanheng. 1. Fjerning av autovern og utjamning av vegskjeringar langs Brokke-Suleskardvegen Fjerning av autovern på dei strekningane der omsyn til trafikktryggleiken gjer det mogleg. Autovern kan og erstattast med stabbesteinar på nokre strekningar. Utfylling og utjamning av vegskjeringar som er så bratte at villreinen ikkje vil krysse. Slakare vegskjeringar vil og redusere behovet for autovern mange stader. Det er ikkje naudsynt med tiltak der vegen går langs vatn eller stader derterrenget langs vegen er svært bratt. Aktuell strekning for tiltak blir da om lag 2 km. Effekt: Gjennomføring av tiltak 1 vil fjerne mange av dei fysiske hindra i samband med Brokke-Suleskardvegen, i ei strekning på 5 km i trekkorridoren ved Vardsvatn-Kvislevassknuten. Erfaringar frå liknande tiltak ved anleggsvegen i Uråjuvet og anleggsvegen til Store Urar, lengre nord i villreinområdet, viser at villreinen tek opp att gamle trekk når slike hinder blir fjerna (GPS-data for 2015 i www.dyreposisjoner.no ). Alt tydar derfor på at villreinen i større grad vil krysse vegbana når tiltaka er gjennomført. Fjerning av tekniske inngrep ved Brokke-Suleskardvegen vil lette villreinen si kryssing av vegbanen. Det er derfor svært sannsynleg av villreinen sin kryssing av Brokke-Suleskardvegen vil kunne skje før 1. november. Ulemper: Auka motorferdsle og aktivitet i samband med anleggsperioden vil medføre auka forstyrring av villreinen i ein avgrensa periode. Tiltaket vil medføre lysregulering og ventetid for dei som ferdast etter Brokke-Suleskardvegen i anleggsperioden. Kostnad: Kalkulert til 8 millionar NOK for fjerning av autovern, erstatning av autovern med stabbesteinar, samt utfylling og utjamning av bratte vegskjeringar. 2. Flytting av turisthyttene Øyuvsbu og Håhelleren, og nedlegging og flytting av tilhørande turistløyper og parkeringsplasser Turisthyttene Øyuvsbu og Håhelleren blir lagt ned og verksemda blir flytta 6 km mot vest til Håhellervatnet (sjå kart). Flytting av alle turistløypene ved Øyuvsbu til sør for Øyuvsvatnet.

Nedlegging av eksisterande turistløype Øyuvsbu- Svartenut og Håhelleren-Svartenut nord for Brokke-Suleskardvegen. Etablering av ny turistløype nærare Rosskreppfjorden nordover frå ny hytte ved Håhellervatnet. Flytting av parkeringsplass for Øyuvsbu ved Brokke-Suleskardvegen til ny hytte ved Håhellervatnet Kartet viser nedlagte turistløyper (grøn markering), oppretthaldne turistløyper (raud markering) og mogleg plassering av nye turistløyper (blå korridor) etter nedlegging av turisthyttene Øyuvsbu og Håhelleren. Effekt: Gjennomføring av tiltak 2 vil fjerne alle turisthytter og turistløyper frå trekkorridoren i ved Vardsvatn-Kvislevassknuten. Erfaringar frå liknande tiltak andre stader i landet viser at fotturistane sin bruk av turistløypene vil bli redusert med 95% når løypene blir lagt ned og gamal merking blir fjerna. Tiltaket vil truleg ha mindre effekt på jegerane sin bruk av område så den totale reduksjonen i bruken av området vil bli på om lag 80%. I trekkorridoren ved Svarteløkfjellet blir turistløypa flytt frå midten av korridoren ut mot kanten ved Rosskreppfjorden

Fjerning av tekniske inngrep og sterk reduksjon i ferdsla vil medføre redusert forstyrring av villreinen. Det er derfor svært sannsynlig av villreinen sin kryssing av Brokke-Suleskardvegen vil kunne skje før 1. november. Ulemper: Den nye turistløypa nordover frå hytta ved Håhellervatnet, vil forstyrre villrein som står i områda ut mot Rosskreppfjorden DNT Sør får ekstra kostnadar og arbeid med innføringa av eit nytt rutenett. Auka motorferdsle og aktivitet i samband med byggeperioden vil medføre auka forstyrring av villreinen i ein avgrensa periode. Kostnad: Kalkulert til 7 millionar NOK for nedlegging av to eksisterande hytter, oppføring av ny turisthytte og dekking av utgifter ved etablering av ny parkeringsplass og omlegging av løypenettet. Gjennomføring av tiltak 1 og 2 vil redusere ferdsla etter turistløypene i trekkorridoren ved Vardsvatn- Kvislevassknuten med 95% og den totale ferdsla i området med 80%. Dei vil og redusere barriereeffekten av Brokke-Suleskardvegen på dei mest kritiske kryssingspunkta for villreinen i trekkorridoren. Til saman vil desse tiltaka med svært stor sannsynlegheit medføre at villreinen sin trekkaktivitet i område aukar. Det vil bli færre mislykka kryssingsforsøk og langt fleire villrein vil krysse Brokke- Suleskardvegen før 1. november. Det er og overvegande sannsynleg at trekkaktiviteten vil auke i ein slik grad, at sesongtrekket til vinterbeiteområda sør for vegen ikkje blir nemneverdig forsinka. Villreinstamma vil dermed kunne utnytte beiteressursane betre enn i dag og unngå forstyrringar som medførar fluktreaksjonar og redusert beitetid. Nytten av tiltaket vil særleg være knytt til at gjeldande bestandsmål vil kunne oppretthaldast og at målsettingane i GPS prosjektet om å få villreinen tilbake til områda i sør blir oppfylt. Nasjonal målsettingar og internasjonale plikter i høve til ivaretaking av villreinstamma vil og være oppfylt. Kostnadsramma for dei to skisserte tiltaka vil være på om lag 15 millionar NOK. For å oppnå tilsvarande effekt, av andre avbøtande tiltak, må Brokke-Suleskardvegen stengast 1. oktober i staden for 1. november. Dette vil ramme mange tusen bilistar og kostnadane knytt til omkjøring vil bli svært høge. Fisk Verneområdestyret ser ikkje for seg behov for ytterlegare kompenserande og avbøtande tiltak for fisk i verneområdet.

Rype Verneområdestyret er positive til at SKK vil bidra i eit forskingsprosjekt om lirype etter mønster av GPS prosjektet for villrein, men meiner at SKK og bør finansiere andre tiltak for å betre rypebestanden. 1. Rydding og sviing av rypebiotopar i Holmavatnområde og Taumevatnområde For å kompensere for areal som er tapt i reguleringsmagasina bør SKK finansiere kultivere liknande område som eit kompenserande tiltak. 2. Kartlegging av beiteressursar for rype SKK bør finansiere utarbeidinga av eit bonitetskart på grunnlag av vegetasjonskartlegging og satellittfoto. Eit slik kart vil være eit viktig grunnlag for forvaltninga av både rype og villrein. 3. Forskingsprosjekt og bestandsovervaking Friluftsliv SKK bør finansiere eit forskingsprosjekt på rype i tråd med prosjektskisse utarbeida av NINA. SKK bør finansiere eit bestandovervakingsprogram for rype basert på årlege takseringar. Verneområdestyret er positive til at båtslippane ved Svartevassmagasinet og Rosskreppfjorden utbetrast, til dømes med fast dekke ned til LRV. Det er samstundes svært viktig at det ikkje gjerast tiltak som vil auke båtferdsla på magasina. Auka ferdsel på magasina vil føre til meir forstyrring av villreinen i område og må derfor unngåast. Verneområdestyret er positive til at SKK vil bidra med finansiering av ei utstilling knytt til formidling av temaet vasskraft-vern-klima på Sirdal Fjellmuseum. Verneområdestyret er positive til at SKK vil bidra med 2 millionar NOK over ein periode på 5 år til kompenserande friluftslivstiltak i SVR. Verneområdestyret meiner likevel at SKK bør finansiere slike kompenserande tiltak uavhengig av realiseringa av Storå kraftverk. Verneområdestyret vil handsame dispensasjonssøknaden om Storå kraftverk som ein eigen sak på styremøtet 24.05.2016. Tiltaka sin status i revisjonsprosessen Verneområdestyret vil be om at forslaga til avbøtande og kompenserande tiltak blir tekne direkte inn i konsesjonsvilkåra. Etter verneområdestyret si meining er det framleis uklart om standard naturforvaltningsvilkår kan omfatte såpass omfattande tiltak, og prosessen med å fastsette standard naturforvaltningsvilkår kan først ta til etter at revisjonen er sluttført. Å få tiltaka direkte inn i konsesjonsvilkåra vil derfor gje eit tryggare fundament og raskare gjennomføring, av tiltak som er heilt naudsynte for å betre tilhøva for villreinstamma i Setesdal-Ryfylke villreinområde.