INFORMASJON OM ÅRSHJULET



Like dokumenter
Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Til deg som bur i fosterheim år

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Sandeid skule SFO Årsplan

Informasjonshefte Tuv barnehage

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Månadsbrev for ROSA mars 2015

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Informasjon til elevane

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Frå tre små til ein stor.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Brukarrettleiing E-post lesar

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vi lærer om respekt og likestilling

Plassebakken Barnehage

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Valdres vidaregåande skule

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)



Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Team Hareid Trygg Heime

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Hei alle sjøstjerneforeldre

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Kvalitetsplan mot mobbing

mmm...med SMAK på timeplanen

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Plassebakken Barnehage

Psykologisk førstehjelp i skulen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Frå novelle til teikneserie

Klepp kommune Tu skule

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Samansette tekster og Sjanger og stil

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Transkript:

INFORMASJON OM ÅRSHJULET Figur 1 Grunnmodell med barneillustrasjonar gjennom året. BAKGRUNN OG OPPBYGNING AV ÅRSHJULET: Årshjulet er først og fremst utvikla med bakgrunn i vår utviklingshemma dotter sine utfordringar med forståing av tid- og tidsomgrep, Den abstrakte tida, er jo svært vanskeleg for mange med utviklingshemming. Då me ikkje klarte å finna eit brukande kalenderhjelpemiddel, verken gjennom hjelpemiddelsentralen eller andre pedagogiske fora, begynte me å fundera på korleis me kunne løysa dette sjølv. Etter ein del prøving og feiling kom me fram til eit veldig bra resultat.

Det er ein sirkelforma kalender som kontinuerlig viser alle dagar, veker og månadar i eit år og som er inndela i årstidssektorar. Den har rette fargar og illustrasjonar som markerer dei ulike årstidene, samt symbol som viser viktige årlege begivenheitar, som;, jul, nyttår, påske, 17.mai, pinse etc.. Kalenderen er justerbar slik at ein får rett dato på rett dag og kan difor brukast år etter år. Det er ein såkalla evighetskalender som det er tilstrekkelig å justera 1.g i året, 2 g ved skotår. Me har fått innvilga patent på løysinga som gjer dette mogleg. Den er laga av kryssfinèr plater og magnetiske tynnplater i stål. Ytterst er det eit slitesterkt laminert folieprint, der me kan skriva direkte på kalenderen med whiteboard tusj. Ein grafisk designer har laga barneillustrasjonar i årstidssektorane. Det er eit naturlandskap som går igjen, gjennom dei 4 årstidene med eit vatn og eit epletre. Illustrasjonane viser ei gruppe barn som leiker gjennom året. Her kan ein t.d sjå at vatnet frys til is om vinteren og då kan dei t.d skeise på vatnet, kontra bading om sommaren. Vidare vil ein sjå epletreet i blomstring med bier som svermar rundt om våren og som på hausten ber eplefrukter. Bjørnen som går i hi tidleg vinter og som kjem ut igjen om våren og haren gjennom året i sine ulike årstidsdraktar. Fokuset har vore å få fram mest mogleg av naturens syklus på ein barnevennlig måte gjennom forteljande illustrasjonar. Den skil seg vesentleg frå andre kalenderframstillingar, først og fremst fordi den i større grad er pedagogisk "rett". Tida gjentek seg fordi kalenderen er sirkelforma, dette i motsetnad til den lineære kalendertypen som endar i intet og dermed manglar heilskapsoversikten over tida. BRUKEN I HEIMEN: Kvar dag markerer me dagens dato med whiteboard tusj, slik at det vert ei samanhengande linje, som til slutt bit seg sjølv i halen. På denne måten har ho mulighet til heile tida å orientere seg om kor langt me er komen i året. Slik dotter vår bruker den, heng me opp små symbol og bilete T.d ein lege, så veit ho at den dagen skal ho til lege. Eller t.d bilete av ei gebursdagskake(ho skal i selskap), Feriar bilete av Eifelltårnet (ho skal til Paris). På kalenderen er det bilete av alle familiemedlemmane på dagen dei har gebursdag. Slik orienterer ho seg i rekkefølgje og avstander mellom dei ulike tinga ho skal vera med på og opplevingar ho ser fram imot. Dette har auka motivasjonen hennar

til å orientere seg om tid. Me opplevera at bruken over tid har gitt ho fleire knaggar til betre tidsforståing utan at ho ser kalenderen føre seg. Ho har danna seg indre bilete av årets gong. T.d har eg gebursdag 21 Juli, om eg då spør ho kva tid eg har gebursdag, svarar ho: du har gebursdag på St.hans. Ho sjølv har gebursdag 27/8, dette forbinder ho med at fuglane på denne tida reiser sørover. Når me spør ho, svarar ho datoen sin, samt; når fuglane reiser til syden. BRUK I BARNEHAGE/SKULE: Dette med tid- og tidsomgrep er òg vanskeleg for born i før- og småskulealder. Me har snakka med ein del lærarar som hevdar at born ofte slit med den abstrakte tidsforståinga heilt fram til 8-9 års alderen. Eg (Grethe) arbeider som pedagogisk leiar i ein barnehage. Gjennom praksis i barnehagen har eg ofte sett at det vert jobba med å stimulera denne forståinga på ulike måtar. T.d gjennom kalendertrekking frå ein avrivingskalender, der borna etter tur får trekkja dagar medan det vert synge "hvilken dag er det i dag". Dette vil for dei fleste, iallefall i barnehagealder ikkje gje meining utover at det er stor stas å få vera den som trekkjer lappen med det abstrakte talsymbolet. Kalenderlappen gjev jo ingen oversikt over kor me er i året og stimulerer såleis ikkje forståinga til småborn. Me har teke i bruk ein forholdsvis stor variant av kalenderen (133cm) i avdelinga mi i barnehagen. Her tel me ned dag for dag i lag med barna. Kvar dag set me eit kryss med whiteboardtusj direkte på kalenderen på dagens dato. Dagens dato vert då mykje meir konkret enn eit abstrakt talsymbol. Markeringane med whiteboard tusj, som me gjer kvar dag, gir ei samanhengande linja, som kontinuerlig gir god oversikt over kor langt me er komen i året. Me har hengt opp bilder av borna ved datoen dei har gebursdag. Dette synes dei det er spennande og følgja med på og har no veldig god oversikt over kva tid dei sjølv har gebursdag og kven som har gebursdag neste gong. Alle dagar som er betydningsfulle for borna og som dei gledar seg til, slik som; gebursdagar, foreldrekaffi, marked, nissefestar, luciamarkeringar, høgtider etc, tel me oss fram til i lag, men dette er òg noko dei gjer på eige initiativ. Ut av dette oppstår mange interessante diskusjonar mellom barna der dei nyttar mange forskjellig tidsomgrep og prøver ut eiga tidsforståing på kvarandre. Borna som har skjøna mest og uttrykker best forståing viser og forklarar til dei mindre borna korleis det heile heng i saman. Årets gong, med dagar, veker, månadar og årstider har fått eit konkret visuelt bilde for borna. Dette ser me no, etter me har brukt den i eit år, gjev meir ro for

borna i forhold til kor lenge det er til ulike ting dei gledar seg til. Dei uttrykker forståing for at eit år er lenge i forhold til ein månad og at ein månad er lenge i forhold til ei veke. I November stod dei ofte og studerte kalenderen, observerte at det nærma seg jul, men konkludert likevel med at det faktisk var litt lenge til jul likevel. Dei har rett og slett utvikla eit mykje betre tidsperspektiv. Dei er òg veldig opptekne av kva dei ulike årstidene kan by på, både når det gjeld vær/temperatur, endringane som skjer i naturen ved temperaturforandringane og kva aktivitetar ein kan halde på med gjennom dei ulike årstidene. Me ser at årshjulet bidrar til å systematisera og setja naturopplevingane og årstidsteikna i ein meiningsfull samanheng for borna,når me gjennom året, heng opp bilete av borna sine personlege naturopplevingar direkte på kalenderen. Dette gir borna mulighet til dagleg å gjenkalla og samtala med både vaksne og andre born om opplevingane og erfaringane sine. Me har òg sett at kalenderen er eit svært godt utgangspunkt for oss til å snakka med borna om kva som har skjedd tidlegare og kva som skal skje i framtid. Alt blir veldig konkret og lettare og skjøna når me i lag kan peika på dagen det skjedde/skal skje. Den sirkelforma utforminga av året legg eit godt grunnlag for at borna kan tileigna seg forståing for at tida kontinuerlig gjentar seg. Ein del av borna i avdelinga uttrykker si forståing av dette gjennom utsagn som:"så begynna da på nytt og på nytt" medan dei viser med handa på kalenderen."da må gå heilt rundt sånn før eg har bursdag igjen, då blir eg 5 år" og"etter da har vore jul, e da nytt år, då må me viska vekk alt (tusjmarkeringane)å begynna på nytt igjen" Vidare erfarar me at den stimulerer til å skjøna samanhengar og trekkja logiske slutningar, både matematiske (rekkefølgje/ordning, avstandar, tallrekke, mengde, form) Eit godt eksempel på dette er då ein 5 åring i avdelinga, etter ca 1 års bruk av kalenderen ein dag i mars, sjølv fann ut at det var enklare å telje veker i staden for dagar fram til han skulle byrja på skulen. Som han sjølv så fornuftig sa; visst ikkje blir da så forferdeleg mange dagar å telje. Dette utan at me hadde hatt noko særleg fokus på veker når me jobba med kalenderen i formelle situasjonar. Rett og slett fordi me tenkte det ville væra for abstrakt og vanskeleg for denne aldersgruppa. Me ser at kalenderen på ein konkret og meiningsfull måte, stimulera svært mange av det Magne Nyborg har definert som grunnleggande omgrep systemer og som barn tidleg må få gjera seg erfaringar med. Me opplever at kalenderen er ein veldig god læringsstimulerande fysisk miljøfaktor i avdelinga, som borna oppsøkjer utanom dei formelle

læringssituasjonane i barnehagen. Me synest dette er ein veldig god indikator på at borna vert driven av ein indre motivasjon for å tileigna seg forståing, noko som er det beste utgangspunktet for læring. Etterkvart som me har fått bruka den over tid i avdelinga, får me fleire og fleire signal frå borna om at dette er eit svært godt pedagogisk verktøy Barnehagane vert no regulert under Utdanningsdirektoratet og Lov om barnehager med forskrifter (R06), gir oss eit mykje tydlegare uttalt samfunnsmandat om at barnehagen skal væra ei pedagogisk verksemd og at; ein ser barnehagen i samanheng med verksemda til skulen (R06:16). Årshjulet som pedagogisk verktøy i barnehagen, vil slik me ser det, stimulera til undring og gradvis oppbygging av kunnskap, særskilt innafor fagområda; Natur, miljø, teknikk og tal, rom og form. Desse fagområda representerer skulen sine realfag. Det er stor nasjonal satsing på å styrka realfagskompetansen i den norske skulen. I rammeplan for barnehagar står det vidare under fagområde natur, miljø og teknikk.: Gjennom arbeid med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barn lærer å iakta, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomener i den fysiske verda (R06:38) Årshjulet kan væra eit godt pedagogisk verktøy i 1.klassar. Det er mange 1.klassingar som ikkje har tileigna seg så godt tidsperspektiv og forståing av naturens syklus. Då kan årshjulet, som konkret og kontinuerlig viser alle dagar, veker, månadar og årstider, væra eit godt verktøy i ein overgongsfase til det indre bilete av årets gong/tida er etablert Jf. Jerome Bruner`s støttande stillas/scaffolding i Linden(1992). Me meiner dette er eit svært godt pedagogisk verktøy i byrjinga av utdanningsforløpet til barn i førskule og småskulealder. I grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa vil det òg alltid væra barn/unge som har særskilte vanskar med abstrakt tenking. Desse vil gjerne ha god nytte av årshjulet gjennom mykje større delar av utdanningsforløpet sitt. Kalenderen kan lagast og leverast i størrelsane;.60, 90 og 133cm. Prisen er kr 1500 for str.60 cm, 3000 for str. 90cm og 5000 for str. 133 cm.

Figur 2.Barneillustrasjons kalender i praktisk bruk i barnehage.

Figur 3.Enkel grunnmodell

Figur 4 Grunnmodell tilpassa personleg brukar.