Hvor hender det? Egypt på kanten av stupet? Knut S. Vikør. 26. august 2013 Årgang: Red.: Ivar Windheim Nr. 1

Like dokumenter
Kvar går Saudi-Arabia? Religion og region

MEDBORGERNOTAT #12. «Med KrF i sentrum ei analyse av partisympatiane til KrFveljarar

Konklusjon for 4 grupper

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

HØYRING - NOU 2006:2 - STATEN OG DEN NORSKE KYRKJA

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Oppgåve 1 EMNEKODE OG NAVN* Samfunnsfag 2, SA-230

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Justitia Justitia er eit symbol for lov og rettferd. Sverdet står for å handheve lova Vekten står for den dømande verksemd Bindet står for

Tabu er årets tema, og tabu er saker vi ikkje snakkar om anten fordi vi er redde, fordi det er forbode, eller fordi det er skammeleg.

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

MEDBORGERNOTAT. «Ei oversikt over spørsmåla i Meningsfelle-testen» Marta Rekdal Eidheim Universitetet i Bergen August 2017

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar. 5 Barns rettar og foreldrerolla. 8 Demokrati og verdiar

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Finnøy og Rennesøy kommunar

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Til deg som bur i fosterheim år

Foreldregruppe i barnehagen

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Har gått frå langtidsledige til å bli faglærte i betongfaget

For auka elevengasjement i KRLE 8 10

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

2016 Det Norske Samlaget

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Refleksjon og skriving

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare.

Stillaste jenta i klassa

Å løyse kvadratiske likningar

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

100 ÅR MED ALLMENN FOR KVINNER

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Det juridiske fakultet

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Stadlandet 15. februar 2018 (Kontrollutvala i Eid og Selje hadde fellesmøte) Kommunesamanslåing. Dagleg leiar Arnar Helgheim, SEKOM-sekretariat

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Rødts landsmøte. Hjelpedokument fra vedtektskomiteen. Fordi fellesskap fungerer

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

8 Det politiske systemet i Noreg

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

I mørket, midt i kampens hete, er det ikkje sikkert du veit om det er Gud eller djevelen du kjempar mot.

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

tapte årsverk i 2011

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Vedtak Ordføraren si avgjerd om ikkje å setje saka om kommunereforma på saklista til møtet den er ulovleg og vert vert oppheva.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Samfunnsfag 10.kl / 2017

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Vel nynorsk for barnet ditt!

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Fem geometriproblem frå arkitekturen

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Fordelingseffektar av forslaget frå Pensjonskommisjonen

Aurland kommune Rådmannen

Årsplan i Samfunnsfag Trinn 8 Skoleåret Haumyrheia skole

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Transkript:

Hvor hender det? 26. august 2013 Årgang: 2013 2014 Red.: Ivar Windheim Nr. 1 Egypt på kanten av stupet? Knut S. Vikør To år etter den «arabiske våren» kan det sjå ut som om Egypt nå er tilbake ved start. Dei militære sit igjen ved makta, demonstrantar blir skotne i større tal enn under det gamle styret, og opposisjonelle blir fengsla. Kven er aktørar i den egyptiske maktkampen? Kva står aktørane for? Kva har eigentleg skjedd? Har revolusjonen i Egypt lidd nederlag? Aktørane Dei revolusjonære som i 2011 sto skulder ved skulder bak kravet om at det gamle styret måtte bort, var eigentleg ein allianse av ganske ulike politiske krefter. Alle gjer dei krav på «arven frå revolusjonen» sjølv om dei nå står på kvar si side i ein bitter konflikt. Det tydelegaste skillet går mellom islamistar, som ønsker at religionen skal få større plass i politikk og samfunn, og dei «liberale» som ikkje gjer det. Dei meir konservative salafistane, som fram til 2011 vende ryggen til politisk arbeid og berre fokuserte på misjon for «rett praksis» mellom dei truande. Etter revolusjonen skifta dei meining og kasta seg inn i politikken med fleire ulike parti. LIBERALE. Dei vi kallar liberale, eller «ikkjeislamistane», er minst like samansett. Dei omfattar sosialistar og sosialdemokratar, nasseristar (jf tidlegare president Nasser), tradisjonelle liberalarar og fleire som hadde verv i det gamle Mubarak-styret, men hoppa av det i tide. I denne gruppa finn vi også nokre islamske grupper som har brote med Brorskapet og folk frå den koptisk kristne minoriteten. Nokre av desse liberalarane kallar seg «sekulære», dei fleste vil ikkje gå så langt. Første steg mot demokrati Då president Mubarak blei pressa til å gå av 11. februar 2011, var det etter massive protestar der liberale, ungdommar og Brorskapet sto saman. Den direkte årsaka til avgangen var likevel at dei militære leiarane pressa han ut. Det gamle styret var i kjernen militært med eit sivilt dekke, det hadde vore jamlege val og fleire opposisjonsparti, men berre Mubarak kunne vinne vala. Dei militære sat såleis med makta bak kulissane. Etter Mubaraks fall steig dei fram og tok over som eit «Høgare militærråd». ISLAMISTAR. Mellom islamistane må vi skilje mellom to retningar: Det muslimske brorskapet, som har vore forbode i nesten alle sine åtti år. Det har ein sterk og disiplinert, landsomfattande organisasjon, klart den best organiserte rørsla i landet med kanskje ein million medlemmer. Sidan 1970-talet har Brorskapet satsa på fredeleg parlamentarisk arbeid og vunne støtte m.a. gjennom å drive sosial velferd. Knut S.Vikør er professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Teikning: politicalcartoons.com Norsk Utenrikspolitisk Institutt Postboks 8159 Dep. 0033 Oslo tel. 22 99 40 00 www.nupi.no side 1

Eit splitta folk. Til v: demonstrasjon mot Morsi (nov. -12), til h: tilhengarar av Morsi demonstrerer for å få han tilbake i presidentstolen (aug -13), foto: creative commons Det viktige for dei militære var å trygge sine store økonomiske interesser, og korkje islamistane eller dei liberale har turt å utfordre desse privilegia. Militærrådet opna derfor for ein demokratisk prosess der alle politiske krefter, også islamistane, deltok. Det blei halde parlamentsval i januar 2012. Brorskapets nye «Fridoms- og rettferdsparti» blei som venta størst med 35 prosent av røystene. Men resten kom som eit sjokk: Dei liberale og venstreorienterte partia blei nesten utsletta med berre 20 prosent til saman. Den store vinnaren var dei som få månader før hadde sagt at politikk var noko ureint: salafistane. Dei fekk 25 prosent og utgjorde dermed saman med Brorskapet eit stort fleirtal i den nye nasjonalforsamlinga. Denne forsamlinga fekk likevel ei kort levetid. Ho hadde knapt komme saman og fått nedsett ein kommisjon til å utarbeide ny grunnlov som så skulle legge basis for nye val. Då greip Grunnlovsdomstolen inn. Den erklærte parlamentsvalet ugyldig og oppløyste nasjonalforsamlinga, ut frå ei usemje om eit mindre punkt i den gamle vallova. Brorskapet ved makta? Då var det langt viktigare presidentvalet alt i gang. Også her blei det lagt grenser for kven som fekk stille opp. Dei tre fremste kandidatane blei utestengde av formelle grunnar, mellom dei den einaste kjente salafist-kandidaten, Abu Ismail, men også Brorskapets Khayrat al-shatir, dei militæres Omar Sulayman og fleire andre. Brorskapet hadde likevel stilt opp ein «reservekandidat», parlamentarikaren Muhammad Mursi. Han fekk flest røyster i første valomgang, mens dei ikkje-religiøse var delt mellom fem-seks kandidatar. Samla oppnådde dei nær halvdelen av røystene, men ingen av dei meir enn Mursi (25 prosent) og den militærvennlege Ahmad Shafiq (23 prosent). Desse to gjekk derfor vidare til andre omgang i juni 2012, der Mursi vann med rundt 52 prosent. Dermed hadde Brorskapet, som året før hadde sagt at dei korkje ville søke fleirtal i parlamentet eller presidentstolen, vunne begge delar og sto på sitt høgste. Men sidan gjekk det jamt nedover, før Mursi altså blei fjerna med makt eitt år etter. Kva var det som gjekk gale, og kvifor? Det viktigaste problemet var økonomien. Egypt hadde vore vanstyrt under Mubarak, dominert av ein korrupt klasse av leiande militære og rikfolk. Arbeidsløysa var skyhøg og det var ofte mangel på vanlege forbruksvarer. Opprøret i 2011 var derfor både eit politisk og eit sosialt opprør, og dei fleste såg det som same ting: Når berre den korrupte klikken til Mubarak var borte, så ville alt rette seg raskt folk ville få arbeid og fattigdommen forsvinne. Håpa var klart heilt urealistiske, og uroa rundt opptøyane og skepsis hos investorar gjorde tvert om at økonomien stansa endå meir opp. Den nye presidenten fekk skulda for det, tildels urettvist, men han gjorde lite konkret for å rette opp det økonomiske uføret. Egypt forhandla med Det internasjonale pengefondet (IMF) om lån, men IMF forlangte strukturreformar som ville ført til sosial uro, slik som å fjerne subsidiane på forbruksvarer som brød og bensin. Allereie Militærrådet hadde derfor stansa forhandlingane, og Mursi tok dei heller ikkje opp att. Gulflanda (Saudi-Arabia Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Kuwait, Oman, og Qatar ) kom inn med store støttebeløp, men folk flest følte likevel at dagleglivet var blitt verre, ikkje betre. Politisk kaos Mest merksemd fekk likevel det politiske kaoset. Brorskapet jubla over at dei etter åtti år var komme Norsk Utenrikspolitisk Institutt Postboks 8159 Dep. 0033 Oslo tel. 22 99 40 00 www.nupi.no side 2

eller sine eigne folk, aldri nokon frå opposisjonen. Dermed skapte dei inntrykk av å ville monopolisere makta til seg sjølv av ville å «brorskapisere» staten. Den djupe staten Raudt: Delar av Egypt med unntakstilstand, aug. 2013 til makta, mens dei liberale frykta å bli overskygga av den mektige partnaren. Samarbeidet skar seg, samtidig som salafistane spilte sine kort langt betre og la seg tett opp til Brorskapets politikk. I staden for ei brei samling over sentrum mellom Brorskapet og dei liberale, fekk vi derfor meir og meir ei todeling ei polarisering. Der står Brorskapet og salafistane på ei side, mens dei liberale kom i ufruktbar og stadig bitrare opposisjon til styret. Det kom tydeleg fram i arbeidet med ny grunnlov. Brorskapet meinte at grunnlova måtte bli prega av det synet folket hadde gitt fleirtal i vala, mens dei liberale meinte at grunnlova måtte gi lik vekt til alle utan omsyn til eit enkelt valresultat. Salafistane pressa på, og sjølv om Brorskapet heldt igjen mot deira mest ytterleggåande forslag, blei det for mykje for dei liberale som trakk seg frå grunnlovsarbeidet. Forslaget til slutt var nok mest ein revisjon av den eksisterande lova frå 1971, men særleg salafistane presenterte ho som at «Egypt har nå fått ei shariagrunnlov». Dei liberale gjentok dette i sine angrep, sjølv om det berre var eit par tvetydige setningar som eigentleg hadde blitt endra om shariaen i den nye lova. Denne mangelen på politisk samarbeid med dei liberale kreftene var heilt klart Brorskapets største feil. Dei oversåg at Egypt fortsatt var i ein overgangsfase, enn så lenge utan grunnlov, utan fungerande parlament, og med uferdige institusjonar. I 2011 forsto dei det, og understrekte det tverrpolitiske samarbeidet, men året etter var det gløymt. Dei tilbaud opposisjonen plass i regjeringa, men berre på mindre postar mens dei sjølve skulle ha alle dei viktige ministeria, noko som blei avvist. Dei skifta ut fleire av Mubaraks folk i administrasjonen, men sette inn enten teknokratar Mursi kom også i skarpare konflikt med fleire i statsapparatet, som i hovudsak var uendra frå Mubaraks tid og heldt fram som før. Brorskapet kalla dette for «den djupe staten» og anklaga dei for aktivt å ville sabotere revolusjonen. Det var påfallande at politiet, som var sterkt skandalisert etter Mubarakstyret, forsvann heilt frå gatene, og det førte til ein kraftig vokster i kriminalitet og sosial uro. Med det bidro politiet til å undergrave Mursi-styret. Skarpast var likevel konflikten med domstolane, som søkte å spille ei politisk rolle både ved å oppløyse parlamentet og gjere fleire forsøk på å begrense presidentens makt gjennom ulike pålegg. Det var i den samanhengen at Mursi gjorde sitt mest skjebnesvangre grep to veker før den nye grunnlova skulle til folkerøysting: Han erklærte at hans vedtak sto over domstolane og ikkje kunne settast til sides av dei, før den nye grunnlova var trådt i kraft to veker seinare. Det var altså berre meint som ei tidsbegrensa fullmakt som skulle hindre domstolen i å stanse folkerøystinga og dermed grunnlova. Akkurat dette eine vedtaket framsto likevel «for alle» som sjølve beviset på at Mursi nå hadde oppkasta seg til diktator og sett demokratiet til sides. Han trekte raskt erklæringa tilbake, men skaden var allereie gjort. På forsommaren 2013 skjerpa så tonen seg skarpt. Den nye alliansen av Brorskapet og salafistar kom med fleire lovframlegg som dei liberale oppfatta som forsøk på islamisering av samfunnet. Samtidig blei tonen skjerpa mot dei religiøse minoritetane. Dei kristne og dei få sjiaene i Egypt blei utsette for ulike angrep. Dei liberale reiste motstand, og ei ungdomsrørsle, Tamarrud, kravde at Mursi måtte gå av. Ifølge dei skreiv over tretti millionar under på dette, og 30. juni, årsdagen for maktskiftet, blei det arrangert massive demonstrasjonar. Igjen skal det ha vore titalls millionar i gatene tala lèt seg ikkje bekrefte, men det var utan tvil store folkemengder. Mursi nekta, men ganske overraskande greip hærleinga inn tre dagar seinare, avsette Mursi og utnemnte ei overgangsregjering. Brorskapet samla på si side til store og langvarige demonstrasjonar for at Mursi måtte gjeninnsettast. Mange hundre blei drept i dei samanstøyta med militære og politi som følgde i vekene etter. Norsk Utenrikspolitisk Institutt Postboks 8159 Dep. 0033 Oslo tel. 22 99 40 00 www.nupi.no side 3

Facebook, Youtube og mobiltelefoni har spilt ei stor rolle under den arabiske våren. Bilde: creative commons Var det eit kupp? Det har vore stor usemje om det er rett å kalle avsettinga av Mursi eit «kupp». Dei som støttar maktskiftet, meiner dette er feil ordbruk. Dei meiner dei militære berre «følgde folkets vilje» uttrykt gjennom dei store protestane. Motstandarane peiker på at dei militære hadde tatt makta frå ein folkevald legitim president. Begge har nok delvis rett, i vanleg språkbruk er det kupp når dei militære tar makta, enten det er frå ein folkevald eller diktatorisk president. Men det er også rett at protestane mot det gamle styret var ekte og omfattande, slik at det var ein kombinasjon av eit militært initiativ og eit folkeleg opprør. «Folket» i Egypt er utan tvil ikkje samstemt, både Brorskapet og dei militære har stor støtte utover landet. Dei liberale er delt, hos mange er det nå ei hatsk stemning mot Brorskapet som «stal deira revolusjon» med krav om at dei må forbys. Andre, nok i mindretal, er uroa over valden og over at dei militære ser ut til å feste grepet i eit styre med same middel som under Mubarak. Salafistane var delt i synet på kuppet, men er samstemt i kritikk av valdsbruken. vare ved og i verste fall gi grobotn for islamske geriljagrupper som på 1990-talet. Truleg vil ikkje leiinga i Brorskapet sjå seg tent med det. I ein slik kamp vil dei tape det som er vunne i dei siste førti femti åra, men dei kan bli overkjørt av meir radikale straumdrag. Spørsmålet er om egyptarane er villige til å gå tilbake til eit militærstyre med ein ny sterk mann. Den nye statsleiaren, hærleiar al-sisi er, i motsetning til Mubarak, rekna som ukorrupt og er enn så lenge populær i vide kretsar. Men truleg vil heller ikkje han kunne løyse dei økonomiske og sosiale problema som folk dømmer styret etter. Og i dei to siste åra har egyptarane lært at det går an å gå ut i gatene og krevje at dei som ikkje innfrir, må gå av. Dei liberale må velje om, og kor lenge dei vil hekte si vogn til det militære, og salafistane må finne ut om dei er mest tent med å gå på barrikadane med Brorskapet, eller å prøve å arve deira religiøse stemmebasis. Det er fare for at det kan gå år før dette finn si løysing. Utviklinga framover er derfor uviss. Egypt er sterkt polarisert mellom «Brorskapet» og «hæren». Ein demokratisk prosess der begge er med, er nå vanskeleg å tenke seg. Uroa vil Morsitilhengarar med bilde av han. Innfelt hærsjefen al-sisi foto: creative commons Norsk Utenrikspolitisk Institutt www.hvorhenderdet.no e-post: pub@nupi.no side 4

Spørsmål og arbeidsoppgåver 1. Kva meiner vi med eit polarisert samfunn? 2. Kva meiner vi med ein islamist? 3. Kva var Tamarrod-rørsla; kven deltok i den? 4. Kva meiner vi med sekulær? 5. Alle islamistar er islamske, men er alle islamske islamistar? 6. Kven er hovudaktørane i det egyptiske dramaet? Kva står dei for? 7. Korleis skiljer Brorskapet seg frå salafistane? 16. Det har vore stor usemje om det er rett å kalle avsettinga av Mursi for eit «kupp». Diskuter kva de meiner. 17. Diskuter kva som må til for å oppnå forsoning og nedtrapping av konflikten i Egypt. 18. Diskuter kor klok det vil vere av dei nye styresmaktene i Egypt å forby Det muslimske brorskapet. 19. Diskuter korleis det siste årets hendingar i Egypt illustrerer problem ved demokratisering av eit land? 8. Kor stor oppslutning fekk Brorskapet og salafistane til saman ved parlamentsvalet i 2012? 9. Drøft påstanden: President Mursi hadde ingen sjanse til å endre det egyptiske samfunnet på mindre enn eitt år. 10. Gjer greie for korleis det egyptiske samfunnet i dei siste to åra er blitt meir og meir polarisert. 11. Diskuter kva for grunnar de ser som dei viktigaste til at Mursi blei kuppa ut av presidentsetet. 12. Forfattaren legg stor vekt på at folk følte at dei under Mursi fekk det verre i dagleglivet snarare enn betre. Diskuter dette forholdet som forklaring på den andre revolusjonen dei store demonstrasjonane i juni 2013. 13. Ut frå ei tenkt lærebok i demokrati: Diskuter eventuelle feil de meiner Mursi og Brorskapet gjorde dei månadene dei satt ved makta. 14. Diskuter kor klokt det var av liberale krefter i Egypt å ønske seg dei militære til makta. 15. Diskuter kva vestlege land kunne ha gjort meir av eller annleis for å støtte opp om den arabiske våren. Bruk medier. Norsk Utenrikspolitisk Institutt www.hvorhenderdet.no e-post: pub@nupi.no side 5