TEIKNINGAR KVA VERT KRAVD?



Like dokumenter
TEIKNINGAR KVA KREVST?

TEGNINGER HVA KREVES?

PUBLIKUMSINFO BYGGESAK

Søknad om tiltak uten ansvarsrett

SØKNADSPAKKEN for søknad om tiltak utan ansvarsrett

KRAV TIL SITUASJONSPLAN OG TEGNINGSMATERIALE

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Tymbrålen - Endring

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 1. januar 2016

Føresegner. Reguleringsplan for Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Planid.: Område 2: Kyrkjeteigen

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

Føresegner. Reguleringsplan for Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Planid.: Område 3: Kyrkjegata

FELLESFØRESEGNER 7 Ein bør i størst mogleg utstrekning søkje å taka vare på eksisterande vegetasjon i området.

BYGGJEPLANAR - KVA ER UNNTATT OG KVA MÅ DU SØKJE OM?

Retningslinjer for fortetting

Skiltvedtekter Lom kommune

DEL 1 KRAV TIL BYGGESØKNAD

Sjekkliste for byggesak

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Planskildring med føresegn for bustadfelt Vassbakken på Utne.

1. Søkjar. 2. Namn, type anlegg og evt. anleggsnr på prosjektet. 3. Underskrift. For kommunen

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R O M R Å D E R E G U L E R I N G F O R K O R S M Y R A

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Merknader til tilråding i byggesak Gbnr25/57 Knut Olav Bukve og Jannicke Holmseth Bukve

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R O M R Å D E R E G U L E R I N G F O R K O R S M Y R A

LOM KOMMUNE SKILTVEDTEKTER

Hvem skal ha nabovarsel?

REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 33 BNR. 9.

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 143/16 Plan- og miljøutvalet PS

Reguleringsføresegner Reguleringsplan H6 Løefjødd hyttefelt, Valle kommune

Føresegner Reguleringsplan for Hansabakken, Sveio

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Nytt i pblog erfaring frå delingssaker

Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med grenseline på reguleringskart.

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

Søknadspakke. For søknad om tiltak uten ansvarsrett etter Plan og-bygningsloven 20-2

Reguleringsplan for Stavedalen

Hvilke tilbygg er unntatt søknadsplikt og hvilke må du søke om?

1 GENERELT 2 FELLES FØRESEGNER

Det regulerte område, som er synt på planen med grenseline, er nytta til:

DOKUMENTASJONSKRAV VED SØKNAD OM LØYVE TIL TILTAK ETTER 20-1

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon til påbygg og ombygging av bustadhuset på eigedomen gbnr. 17/90 i Sogndal kommune

VEILEDER TIL SØKNAD OM TILLATELSE TIL TILTAK UTEN ANSVARSRETT

Bygg utan å søkja. Her finn du meir informasjon: Kontakt oss. Dette må du undersøkja!

FØRESEGNER DETALJREGULERING JOGARDEN, ROALD, DELAR AV 1/17 MED FLEIRE, VIGRA

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Hei og god formiddag. Innleiingsvis finn kommunen grunn til å opplyse om følgjande for så vidt gjeld grenser:

Nabovarsling; Hvorfor? Når er det krav? Hvor lenge gjelder det?

Informasjonskveld byggesak. Tilbygg og garasje. Lilian Olsson, rådgiver Team byggesak

REGULERINGSFØRESEGNER I TILKNYTNING TIL REGULERINGSPLAN FOR BAKKEN II, TORPO, ÅL KOMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

for Kommunens Dato: Møtedato: 1. gangs 2. gangs Sak: 203/12 Side 1 av 5

1 REGULERINGSFØRESEGNER

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett etter plan- og bygningslova (pbl.

3/4-roms leilegheiter - 71/79 kvm (P-rom/BRA)

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

REGULERINGFØRESEGNER

REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA Gnr. 70 bnr. 48, 49, 50 og 51 ULVIK HERAD

Finnøy kommune. Føresegner til detaljregulering for Holmastø, Fogn. Plan nr Vedtatt , KS-sak 027/13.

Føresegner Detaljregulering for naustområde Strand, Sandeid. Del av gnr. 27 bnr. 3 og 7 og gnr 27 bnr 14, 22, 23, 27 og 29, Vindafjord kommune.

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Eksamen BY7089 VKI Tømrar / Tømrer. Nynorsk/Bokmål

Hvilke garasjer, boder og lignende er unntatt søknadsplikt og hvilke må du søke om?

KÅRDAL HYTTEGREND Mjølfjell, Voss kommune

REGULERINGSFØRESEGN - REGULERINGSPLAN VÅGSMYRAN

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Kvasshaug II, Haugsvik hyttefelt

FORSLAG TIL ENDRING AV REGULERINGSPLAN FOR RISSUNDET. PLANID , LINDÅS KOMMUNE

3/4-roms leilegheiter - 71/79 kvm (P-rom/BRA)

ØRSTA KOMMUNE Byggesak og oppmåling

Informasjon og brukarrettleiing

Transkript:

Når må du senda inn teikningar? Du må senda inn teikningar til kommunen når du skal utføra byggje-/anleggsarbeid som er søknadspliktige etter plan- og bygningslova 20-2 20-4 og byggesaksforskrifta (SAK10) kapittel 2 og kapittel 3. Teikningane skal etter SAK10 5-4 sendast som vedlegg til søknad om løyve til tiltak (tiltak = det du skal byggja/gjera.) Det er viktig at kommunen får teikningar av alle endringane som skal utførast/ alt nytt som skal byggjast, utforma slik at det er lett å sjå kva du søkjer om. Kva for teikningar skal du senda inn? Vanlegvis skal plan-, snitt- og fasadeteikningar følgja søknaden. Kva du må ha med på desse teikningane vil variera noko avhengig av type tiltak. Nokre gonger kan det vera behov for å supplera med fleire teikningar, som til dømes terrengprofilteikningar, perspektivteikningar og liknande. Teikningane skal generelt verta slik utforma: Planteikningar, snitt-teikningar og fasadeteikningar skal vera i målestokk 1:100. For større bygg kan dei vera i målestokk 1:200. Målestokken til teikninga vert valt ut frå kva som er mest føremålstenleg, sett i høve til storleiken til tiltaket. 1:100 tyder at 1 cm på papiret er 1 m i verkelegheita. Valt målestokk vert oppgjeve på teikninga. Teikningane skal vera fagmessig utført og gje eit korrekt bilde av bygningen/ konstruksjonen. Det vil blant anna sei at o teikningane skal ha rette strekar, dei skal til dømes ikkje teiknast for hand utan linjal. o teikningane skal ha alle relevante mål. Kvar teikning skal ha eit tittelfelt som inneheld følgjande informasjon: o gardsnummer og bruksnummer, og eventuelt festenummer eller seksjonsnummer, for eigedomen der du skal byggja o byggeadresse o namn på tiltakshavar / ansvarleg søkjar (tiltakshavar = du som skal byggja / byggherre) o tiltaket sin art altså kva som skal byggjast o type teikning (til dømes planteikning 1. etasje, snitt-teikning eller fasade aust) o teikningsnummer o målestokken til teikninga o datoen til teikninga o eventuelt revisjonsdato o nummeret til vedlegg som stemmer med det som er opplyst i søknaden Norsk Kommunalteknisk Forening www.kommunalteknikk.no 1

Når tiltaket gjeld fasadeendring, tilbygg, påbygg, underbygg eller innvendig endring, må teikningane visa tydeleg kva som er eksisterande tilhøve og kva som er nytt. Område med endringar vert markert, til dømes med tjukkare strekar eller eigen farge på teikninga. Teikningar skal vanlegvis leverast på ark i storleik A4 eller A3. Leverer du søknaden elektronisk må du leggja kvar teikning som vedlegg i eiga fil (pdf filformat). Namn på kvart vedlegg må forklara kva dokumentet inneheld, til dømes "Fasade nord" eller "1. etasje". Ved elektronisk innsending gjev du teikninga og fila same namn På planteikningane skal du visa: Alle etasjar. Teikningane skal påførast riktig etasjenemning (til dømes kjellar, 1. etasje) Med piler kva for ein del av bygget snitt-teikninga viser (sjå døme) Dei utvendige måla til bygget. Vert det søkt om tilbygg er det viktig at du set mål på dette òg. Yttervegger med rett tjukkelse. Planløysing - altså rominndelinga - med påskrift av kva alle romma skal nyttast til (til dømes bad, soverom, stove). Kva som er separate brukseiningar / bueiningar dersom bygget har fleire brukseiningar / bueiningar. Når tiltaket omfattar innvendige endringar i eksisterande bygg, skal du levera inn planteikning av heile etasjen der endringane skal skje. Marker tydeleg kva som er endring. Søkjer du om tilbygg/påbygg skal planteikning visa heile etasjen, både eksisterande areal og tilbygg/påbygg. Marker tydeleg kva som er tilbygg/påbygg. På fasadeteikningane skal du visa: Heile bygget, ei teikning av kvar fasade, påført kva for ei himmelretning fasaden vender seg mot (nord, sør, aust, vest). Eksteriørkarakteren til bygget / arkitektonisk utsjånad, og materialval. Terrenglinjer som viser eksisterande og framtidig planert terreng. Terrenglinjene skal ha tilvising til høgd etter kotene (meter over havet) på situasjonskartet og visast fram til skjæringspunktet mellom eksisterande og framtidig planert terreng. Teikn eksisterande terreng med heiltrekt strek og teikn det framtidige med stipla strek. Der tiltaket eller terrengendringar ligg nær eigedomsgrensa skal du òg visa eigedomsgrensa. Ved tilbygg og påbygg skal du senda inn teikningar av alle synlege fasadar. På snitt-teikning skal du visa: Innvendige høgder; fri høgd i kvar etasje. Måla vert påført teikninga. Utvendige høgder; møne- og gesimshøgde, inklusiv taktekking. Desse høgdene skal målast frå gjennomsnittshøgda for ferdig planert terreng. Måla for gjennomsnittshøgd ferdig planert terreng (gjeve i meter over havet) og dessutan høgdene for møne- og gesims, verta påført teikninga. Norsk Kommunalteknisk Forening www.kommunalteknikk.no 2

Høgdeplasseringa til bygget i meter over havet (kotehøgd). Oftast vil det vera føremålstenleg at du viser dette for overkant av fundament eller golv. Høgdeplassering reknar du ut frå kotehøgder angjeve på kart. I einskilde tilfelle, som til dømes ved innvendige endringar og mindre tilbygg, treng du ikkje visa høgdeplasseringa. Terrenglinjer, på same måte som skildra for fasadeteikningane. Yttervegger og tak med riktig tjukkelse. Takvinkel vist med tal grader. Terrengprofilteikning: Nokre gonger vert ikkje høgdeplasseringa vist til tiltaket i tilhøve til omkringliggande busetnad, naboeigedom, veg og liknande godt nok på fasade- eller snitt-teikninga. I slike tilfelle kan det vera at du må visa dette på ein eigen terrengprofilteikning. Nokre gonger er det òg ønskeleg at du viser høgd for eventuell tilkomstveg på denne. Perspektivteikning: Perspektivteikning kan ikkje erstatta verken planteikningane eller fasadeteikningane, men kan i nokre saker vera eit godt supplement til fasadeteikningar for å illustrera korleis det som skal byggjast vil verta sjåande ut. For andre detaljar om krav til teikningsinnhald, sjå NBR Spesifikasjon for teikningsmaterial - endeleg utgåve vedteke 10.10.2002. Norsk Kommunalteknisk Forening www.kommunalteknikk.no 3

Sjekkliste: Har du huska følgjande? Ja Uaktuelt Teikningar av alle fasadar Teikningar av alle etasjar / plan Snitt-teikning(ar) Eventuelt terrengprofilteikningar, perspektivteikningar m.m. Teikningane er i målestokk (vanlegvis 1:100 eller 1:200) Teikningane skal vise både eksisterande og nytt, og tydelig kva som er nytt Teikningane er fagmessig utført. Det vil blant anna sei at det er teikna med rette strekar, ikkje for hand utan linjal. Planteikningane viser: Fasadeteikningane viser: Snitt-teikning viser: Eksempel på korleis måle møne- og gesimshøgd: Kva for etasje det er (for eksempel kjellar, 1.etasje) Kvar snittet for snitt-teikninga er laga Alle utvendige mål Yttervegger med riktig tjukkelse Planløysning, altså rominndeling, der det står kva kvart rom skal brukast til (for eksempel bad, soverom, stove) Plassering av dører og vindauge Kva som er eigne brukseiningar / bueiningar dersom fleire Heile etasjen med endringane tydeleg markert, dersom det er innvendige endringar i eksisterande bygg For tilbygg/påbygg vises heile etasjen, eksisterande og nytt areal Heile bygget, påført riktige himmelretningar Ved tilbygg / påbygg: alle fasadar som blir endra Bygget sin utsjånad og materialval Linjer for eksisterande og framtidig ferdig planert terreng i hele tomta si utstrekning fram til eigedomsgrense. Overgang til nabotomt/veg er vist. Mål for innvendige høgder; fri høgde i kvar etasje Mål for utvendige høgder; møne- og gesimshøgde Yttervegger og tak med riktig tjukkelse Takvinkel med grad oppgitt Terrenglinjer slik som for fasadeteikningane Kotehøgde for gjennomsnittleg ferdig planert terreng Sokkelhøgd / høgde overkant ferdig golv eller liknande oppgitt i meter over havet Alle teikningar har eit tittelfelt med følgjande informasjon: Gardsnummer og bruksnummer, eventuelt festenummer eller seksjonsnummer Veg-/gateadresse til eigedomen Tiltakshavar / ansvarleg søkjar sitt namn Kva som skal byggjast / gjerast (for eksempel einebustad, garasje, tilbygg, bruksendring, støttemur) Type teikning (for eksempel fasade, plan, snittteikning) Teikningsnummer Teikninga sin målestokk Teikninga sin dato Dato for når teikninga eventuelt er revidert Vedleggs nummer (det same som i søknaden) Norsk Kommunalteknisk Forening www.kommunalteknikk.no 4

Eksempel på teikningar (NB! Dei er ikkje i målestokk): Planteikning: (På desse teikningane kan du i tillegg gjerne vise faste innreiingar.) Fasadeteikningar: Snitt-teikning: Terrengprofil: Norsk Kommunalteknisk Forening www.kommunalteknikk.no 5