STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saknr KOMMUNESTYRET FORMANNSKAPET 14.11.2011 120/11 FORMANNSKAPET 28.11.2011 133/11 FORMANNSKAPET 05.12.2011 136/11 Saksansvarleg: Rådmann Ann Kristin Langeland Saksbehandlar: Ann Kristin Langeland Arkiv: K1-150 Arkivsaknr 11/1866 Budsjett 2012/Økonomiplan 2012-2015 RÅDMANNEN SI TILRÅDING TIL FOR: 1. Budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda kommune vert vedtatt med netto løyvingar for kvart ansvarsområde / kvar eining som vist i vedlegg 1a og 1b. 2. Investeringsbudsjettet 2012 og økonomiplan investeringar for perioden 2012-2015 for Stranda kommune vert vedtatt som vist i vedlegg 2. 3. Stranda kommune tek opp lån på kr. til finansiering av investeringar 2012. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne lånevilkåra. 4. Godtgjersle til ordføraren vert sett til 8,2 G. Ein G er kr.79.216,- 5. Stranda Hamnevesen KF: a. Budsjettramme 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i vedlegg b. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan investeringar 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i vedlegg c. Stranda Hamnevesen KF tek opp lån på kr xxxxx,- til finansiering av investeringar 2012. Dagleg 6. Strandafjellet KF: a. Budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i vedlegg b. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan investeringar 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i vedlegg c. Strandafjellet KF tek opp lån på kr xxxxxx,- til finansiering av investeringar 2012. Dagleg 7. Stranda kommunestyre ber rådmann legge fram sak om innføring av eigedomsskatt frå 2013. 8. Stranda kommunestyre søkjer kommunal- og regionaldepartementet om forlenging av inndekningsperiode for underskot.
14.11.2011 FORMANNSKAPET FOR-120/11: Saka drøfta SAKSUTGREIING Bakgrunn for saka Saksopplysningar Vurdering Vedlegg i saka: Dok.dato Tittel Dok.ID 10.11.2011 U.off - Budsjett 2012 - arbeidsdokument 09 11 2011.xls 122818 10.11.2011 U.off - Samandrag 09 11 2011 - klipp frå excel.doc 122819 14.11.2011 Tekstdel - Framlegg frå rådmannen 14.11.11..doc 122923 14.11.2011 Vedlegg 1a og 1b- Investeringar 2012-2015.pdf 122922 16.11.2011 Budsjettkommentarar frå einingane.pdf 123066 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m. NYE OPPLYSNINGAR I SAKA TIL FOR 28.11.11 RÅDMANNEN SI TILRÅDING TIL FOR 28.11.11: 1. Budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda kommune vert vedtatt med netto løyvingar for kvart ansvarsområde / kvar eining som vist i budsjettskjema 1b. 2. Investeringsbudsjettet 2012 og økonomiplan investeringar for perioden 2012-2015 for Stranda kommune vert vedtatt som vist i budsjettskjema 2b. 3. Stranda kommune tek opp lån på kr 61 848 000,- til finansiering av investeringar 2012. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne lånevilkåra. 4. Godtgjersle til ordføraren vert sett til 8,2 G. Ein G er kr.79.216,- 5. Budsjettramme 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i vedlegg 1a og 1b. 6. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan investeringar 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i vedlegg 2. 7. Budsjettramme 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i vedlegg 8. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan investeringar 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i vedlegg 9. Strandafjellet KF tek opp lån på kr xxxxxx,- til finansiering av investeringar 2012. Dagleg 10. Stranda kommunestyre ber rådmann legge fram sak om innføring av eigedomsskatt frå 2013. 11. Stranda kommunestyre søkjer kommunal- og regionaldepartementet om forlenging av inndekningsperiode for underskot.
28.11.2011 FORMANNSKAPET FOR-133/11 Tilråding til kommunestyret: Ingvild Nykrem ugild i sak 133/11 1. Budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda kommune vert vedtatt med netto løyvingar for kvart ansvarsområde / kvar eining som vist i budsjettskjema 1b. 2. Investeringsbudsjettet 2012 og økonomiplan investeringar for perioden 2012-2015 for Stranda kommune vert vedtatt som vist i budsjettskjema 2b. 3. Stranda kommune tek opp lån på kr 61 848 000,- til finansiering av investeringar 2012. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne lånevilkåra. 4. Godtgjersle til ordføraren vert sett til 8,2 G. Ein G er kr.79.216,- Pkt. 1 4 Tilråding til kommunestyret med 5 mot 2 røyster 5. Budsjettramme 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i vedlegg 1a og 1b. 6. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan investeringar 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i vedlegg 2. 7. Budsjettramme 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i vedlegg 8. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan investeringar 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i vedlegg 9. Strandafjellet KF tek opp lån på kr xxxxxx,- til finansiering av investeringar 2012. Dagleg Pkt. 5 9 vert utsett 10. Ramme for Liabygda skule vert kr 3 775 000 i 2013 2015. Skatt og rammeoverføringar vert justert til kr 228 826 000 i 2013, kr. 233 421 000 i 2014 og kr. 236 797 000 i 2015 (budsjettskjema 1b er oppdatert med endringane) Pkt. 10 Tilråding til kommunestyret samrøystes (FRP med sine to røyster har implisitt stemt for punkt 10 gjennom sitt alternative budsjett). 11. Stranda kommunestyre ber rådmann utgreie sak om innføring av eigedomsskatt frå 2013. 12. Stranda kommunestyre søkjer kommunal- og regionaldepartementet om forlenging av inndekningsperiode for underskot. Pkt. 11 12 Tilråding til kommunestyret med 5 mot 2 røyster FRAMLEGG UNDER MØTET: Framlegg frå FRP v/fredmøy Wollen: 1. Budsjett 2012, og økonomiplan 2012 2015 for Stranda kommune vert vedtatt med netto løyvingar for kvart ansvarsområde/kvar eining som vist i vedlegg 1a og 1b alternativ Frp. 2. Investeringsbudsjettet 2012 og økonomiplan investeringar for perioden 2012 2015 for Stranda kommune, vert vedtatt som vist i vedlegg 2 alternativ Frp. 3. Stranda kommune tek opp lån på kr: 60 300 000,- til finansiering av investeringar 2012. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne lånevilkåra. 4. Stranda kommune sel kommunale aksjar i selskapet Stranda Energiverk as. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med nødvendig kompetanse for å gjennomføre ein salsprosess, og
legge fram sak for formannskapet, til godkjenning av prosessen for eit salg av anten 49% elle 100%. Kommunestyret skal godkjenne eit endeleg sal. 5. Kommunestyret ber rådmannen leggje fram sak ang. mulig sal av andre kommunale eigendelar. Ei slik sak skal til behandling i kommunestyret før 1 april 2012 Framlegget fekk 2 røyster Framlegg frå SP, KRF, AP, V: Nytt pkt. 10: 10. Ramme for Liabygda skule vert kr 3 775 000 i 2013 2015 Skatt og rammeoverføringar vert justert til kr 228 826 000 i 2013, 233 421 000 i 2014 og kr. 236 797 000 i 2015 (budsjettskjema 1b er oppdatert med endringane) Framlegget fekk 5 røyster Saksutgreiing: Innan utgangen av året skal det utarbeidast budsjett for 2012 og økonomiplan for perioden 2012-2015 i samsvar med reglane i kommunelova 44-47. Framlegg til budsjett og økonomiplan skal leggast ut til alminneleg ettersyn i minst 14 dagar før behandling i kommunestyret. Rådmannen har levert framlegg til budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015. Budsjettframlegget er vist i budsjettskjema 1b (Økonomiplan og Budsjett) og budsjettskjema 2b (Investeringar). I tillegg ligg budsjettskjema 1a for drift og 2a for investering ved saka. Rådmannen sine kommentarar til budsjettet ligg føre som eige dokument som vart presentert i møte i formannskapet 14.11.2011. Formannskapet drøfta saka og hadde arbeidsmøte den 18.11.11. Budsjettframlegg frå rådmann er eit arbeidsdokument som skal danne grunnlag for formannskapet si innstilling til kommunestyret. Frå rådmannen la fram budsjettframlegg for formannskapet 14.11.11, har det vore gjort ulike endringar som følgje av debatten i formannskapet, samtalar med revisjon og presiseringar knytt til samhandlingsreforma. Det er lagt inn kroner 4 704 000,- til samhandlingsreforma. 21.11.11 fekk Stranda kommune melding frå Helsedirektoratet der det vart stadfesta at det frå januar 2012 skal betalast inn månadlege akonto beløp til RHF på kr 392 000,- som kommunal medfinansiering av spesialhelsetenesta. Årleg utgjer dette kr 4 704 000,- for Stranda kommune. Dette er no lagt inn som eigen post i budsjettet, foreløpig under kommuneleiinga. Stranda distrikt er redusert med kr 500 000,- som er flytta til samhandlingsreforma (trekket registrert på 3011.3000.10100). Helstad skule er redusert med kr 1 000 000 i 2012 og yttarlege kr 2 300 000 for åra 2013 til 2015. Dette betyr at Helstad skule vert lagt ned frå hausten 2012. Ringstad skule har fått styrka ramme som følgje av nedlegginga av Helstad skule. Det ligg inne dekning av tidlegare meirforbruk med kr 1 552 458 i 2013, kr 3 683 402 i 2014 og kr 5 363 221 i 2015. Det betyr at kjent meirforbruk i 2009 og 2010 er dekka inn både for Stranda kommune og Strandafjellet kf. For å klare inndekning av dette, har ein følgjande plan for inndekning:
Næringsavdelinga tilskot til DGT er ute frå og med 2014 (5010.5202.13700). Det er lagt inn eigedomsskatt med kr 3 mill. i 2013, 6 mill. i 2014 og 9 mill. i 2015. Frå hausten 2013 føreslår ein at Liabygda skule vert lagt ned. Utbytte frå Stranda energiverk er auka til kr 5 million i 2012 og kr 6 million dei påfølgjande åra. Rammeoverføringar er nedjustert i åra 2013 til 2015 med tall som ligg inne i KS sin prognosemodell. Ein har også revidert investeringsnivået for å redusere finansutgifter. Følgjande endringar er lagt inn: Prosjekt 2022 Sunnylven skule Oppstart rehabilitering er utsett til 2014. Prosjekt 2062 Stranda ungdomsskule: For åra 2012 og 2013 er totalbeløpet uendra, men beløpet er endra til kr 50 million i 2012 og kr 57 650 000,- i 2013. 3060 Psykiatribustadar Prosjektet er teke ut både i 2012 og 2013 Prosjekt 4100 kyrkjer Det vert ikkje avsett investeringar til kyrkjelege formål i 2012 Prosjekt 4102 kyrkjegardar Posten er redusere til kr 200 000,- i 2012, dei andre åra uendra Prosjekt 5100 Kartverk Inga løyvinga i 2012, oppjuster til kr 375 000,- i 2013, 2014 og 2015. Ut frå justeringar i investeringsnivået er momskompensasjonen berekna på nytt. 60% av momskompensasjonen er overført frå drift til investering i 2012, 80 % i 2013 og 100 % i 2014 og 2015. Oversikt momskompensasjon korrigert tabell i forhold til den som ligg inne i tekstdelen til budsjettet frå rådmannen: 2012 2013 2014 2015 Momskompensasjon 11 670 000 12 821 000 4 301 000 13 941 000 Driftsinntekt 4 668 000 2 564 200 0 0 Overført til investering 7 002 000 10 256 800 4 301 000 13 941 000 Det er gjort nye berekningar av renter og avdrag er oppdatert med justeringar av investeringsnivået som no ligg inne i økonomiplan. Ved berekning av lånegjeld er det teke omsyn til finansiering av investeringar frå momskompensasjon. Kommentarar frå einingane er samla i eige dokument. Styra for Stranda Hamnevesen KF og Strandafjellet KF har ikkje handsama budsjettframlegga. Når det gjeld Stranda Hamnevesen KF byggjer det på dagleg leiar sitt budsjettframlegg. Ein tek atterhald om at styret godkjenner budsjettframlegget. Dagleg leiar i Stranda Hamnevesen KF legg opp til eit budsjett i balanse både for 2012 og for økonomiplanperioden. Det er heller ikkje lagt til grunn nye investeringar i perioden. Slik framlegget er presentert vil det ikkje få konsekvensar for drifta til Stranda kommune og det vil heller ikkje medføre auka lånegjeld for konsernet Stranda kommune.
Frå dagleg leiar i Strandafjellet KF, har ein ikkje motteke budsjettframlegg. Vurdering: Budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 er lagt fram i balanse. I tillegg til rådmann sitt budsjettframlegg, datert 14.11.11, vil rådmannen understreke at dette er eit krevjande budsjett med stramme rammer både i forhold til drift og investering. I framlegget som no vert presentert, er det lagt inn ein føresetnad om innføring av eigedomsskatt, og rådmann vil rå til at Stranda kommunestyre behandlar sak knytt til dette i løpet av 2012. Vidare syner budsjett og økonomiplan at sjølv med eigedomsskatt vil det måtte gjennomførast store kutt for å klare inndekning av tidlegare års underskot. Inndekninga som er lagt til grunn byggjer på kjende tal per november 2011. Det betyr at det kan kome ytterlegare underskot i 2011 som må innarbeidast i perioden. Då vil ein få store kutt i tenestetilbodet, noko som igjen vil føre til store samfunnsmessige konsekvensar for Stranda kommune. Med dette som bakgrunn vil rådmann rå til at det vert søkt om forlenga inndekningsperiode utover 4 år. Vedlegg: Dok.dato Tittel Dok.ID 23.11.2011 Vedlegg til FOR 28.11.11.pdf 123292 23.11.2011 Notat frå rådmannen -Budsjett 2012 - Økonomiplan 2012-123277 2015.pdf 23.11.2011 Innsparing ved nedlegging av Helstad skule august 2012.doc 123286 16.11.2011 Samarbeidsutvalet v/stranda ungdomsskule - Kommentar til budsjett 2012 123042 08.11.2011 Stranda Hamnevesen KF - budsjett 2012 og økonomiplan 2012 122739-2015 23.11.2011 STHA vedlegg - Budsjett.pdf 123302 NYE OPPLYSNINGAR I SAKA TIL FORMANNSKAPET 05.12.11: RÅDMANNEN SI TILRÅDING TIL FOR: 5. Budsjettramme 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i vedlegg 1a og 1b. 6. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan investeringar 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i vedlegg 2. 7. Budsjettramme 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i vedlegg 8. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan investeringar 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i vedlegg 9. Strandafjellet KF tek opp lån på kr xxxxxx,- til finansiering av investeringar 2012. Dagleg
05.12.2011 FORMANNSKAPET FOR-136/11 Tilråding til kommunestyret: Jan Ove Tryggestad og Fredmøy Wollen ugild i sak 136/11, pkt. 7, 8 og 9 5. Budsjettramme for 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i budsjettskjema 1b drift Stranda Hamnevesen KF. 6. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i budskjettskjema 2b investeringar Stranda Hamnevesen KF. Pkt. 5 og 6 Tilråding til kommunestyret med 5 mot 2 røyster 7. Budsjettramme for 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i budsjettskjema 1b drift Strandafjellet KF. 8. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i budsjettskjema 2b investeringar Strandafjellet KF. 9. Strandafjellet KF tek opp lån på kr 1 520 000 til finansiering av investeringar 2012. Dagleg Pkt. 7, 8 og 9 Tilråding til kommunestyret samrøystes Etter dette føreligg såleis følgjande samla framlegg frå formannskapet til kommunestyret den 21.12.11: 1. Budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda kommune vert vedtatt med netto løyvingar for kvart ansvarsområde / kvar eining som vist i budsjettskjema 1b. 2. Investeringsbudsjettet 2012 og økonomiplan investeringar for perioden 2012-2015 for Stranda kommune vert vedtatt som vist i budsjettskjema 2b. 3. Stranda kommune tek opp lån på kr 61 848 000,- til finansiering av investeringar 2012. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne lånevilkåra. 4. Godtgjersle til ordføraren vert sett til 8,2 G. Ein G er kr.79.216,- Pkt. 1 4 Tilråding til kommunestyret med 5 mot 2 røyster 5. Budsjettramme for 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i budsjettskjema 1b drift Stranda Hamnevesen KF. 6. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Stranda Hamnevesen KF vert vedtatt som vist i budskjettskjema 2b investeringar Stranda Hamnevesen KF. Pkt. 5 og 6 Tilråding til kommunestyret med 5 mot 2 røyster 7. Budsjettramme for 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i budsjettskjema 1b drift Strandafjellet KF. 8. Investeringsbudsjett for 2012 og økonomiplan 2012-2015 for Strandafjellet KF vert vedtatt som vist i budsjettskjema 2b investeringar Strandafjellet KF. 9. Strandafjellet KF tek opp lån på kr 1 520 000 til finansiering av investeringar 2012. Dagleg Pkt. 7, 8 og 9 Tilråding til kommunestyret samrøystes 10. Ramme for Liabygda skule vert kr 3 775 000 i 2013 2015. Skatt og rammeoverføringar vert justert til kr 228 826 000 i 2013, kr. 233 421 000 i 2014
og kr. 236 797 000 i 2015 (budsjettskjema 1b er oppdatert med endringane) Pkt. 10 Tilråding til kommunestyret samrøystes (FRP med sine to røyster har implisitt stemt for pkt. 10 gjennom sitt alternative budsjett). 11. Stranda kommunestyre ber rådmann utgreie sak om innføring av eigedomsskatt frå 2013. 12. Stranda kommunestyre søkjer kommunal- og regionaldepartementet om forlenging av inndekningsperiode for underskot. Pkt. 11 12 Tilråding til kommunestyret med 5 mot 2 røyster Saksutgreiing: Med bakgrunn i at det ikkje var lagt fram budsjettframlegg frå dei to kommunale føretaka, fann formannskapet å ville kalle inn til nytt formannskapsmøte den 05.12.11 for å behandle budsjett 2012 og økonomiplan 2012 2015 for Stranda Hamnevesen KF og Strandafjellet KF. I styremøte den 29.11.11 vedtok Strandafjellet KF tilrådinga som låg føre frå dagleg leiar. Som omtala til formannskapet tidlegare så er budsjettet og økonomiplan lagt fram i balanse. Det er heller ikkje varsla lånebehov. Stranda Hamnevesen KF sitt budsjett og økonomiplan vil såleis ikkje negativt påverke økonomien til konsernet Stranda kommune. Når det gjeld Strandafjellet KF har rådmann ikkje motteke framlegg til budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015. Dette vert ettersendt så snart styret i foretaket har behandla sak. Vedlegg: Dok.dato Tittel Dok.ID 06.12.2011 Tekstdel - Framlegg frå rådmannen 14.11.11..doc 122923 06.12.2011 Budsjettkommentarar frå einingane.pdf 123066 06.12.2011 Stranda kommune - Budsjettskjema 1a-1b-2a-2b - 28 11 123896 2011.pdf 06.12.2011 Notat frå rådmannen -Budsjett 2012 - Økonomiplan 2012-123277 2015.pdf 06.12.2011 Innsparing ved nedlegging av Helstad skule august 2012.doc 123286 08.11.2011 Stranda Hamnevesen KF -Sakspapir- Budsjett 2012 og 122739 økonomiplan 2012-2015 06.12.2011 Stranda Hamnevesen KF - Budsjettskjema 1b og 2b - 123907 05.12.11..pdf 01.12.2011 Strandafjellet KF - Sakspapir - Budsjett 2012/økonomiplan 123709 2012-2015 06.12.2011 Strandafjellet KF - Budsjettskjema 1b og 2b - 05.12.11.pdf 123908 01.12.2011 Strandafjellet KF - Kommentarar til budsjettframlegg 123717 2012..doc 06.12.2011 Strandafjellet KF - Notat frå fråmannen i KOM sak 123627 119/11.doc 06.12.2011 Strandafjellet KF - Notatsvar 28112011.doc 123628 07.12.2011 Budsjettframlegg frå Stranda FRP.pdf 123920