Notat Går til: Styremedlemmar Føretak: Sjukehusapoteka Vest HF Dato: 15.10.10 Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld: Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Ingvild Våg Budsjett 2011 - første versjon Styresak 60/10 Budsjett 2011 Styremøte 21.10.2010 Forslag til vedtak Styret ber om at kommentarer som fremkom i møtet innarbeides i ny budsjettversjon. Neste versjon presenteres ved styremøtet 18.11. Bakgrunn Fyrste versjon av budsjett 2011 er utarbeidd både pr. apotek og pr. forretningsområde. Alle tal er samanlikna med prognosen for 2010 slik den låg føre ved utgangen av august månad. Avdelinga for steril/ikke steril produksjon ved Sjukehusapoteket i Bergen ( avdeling 145 ), viser betydelege underskott, og denne kostnadstaden vil verta gjennomgådd særskilt i det videre arbeidet med budsjettet. Gode anslag for inntekter eller kostnader føreligg per i dag, administrasjonen har difor vald å visa budsjett og prognose utan avdeling 145. Utan avdeling 145 legg budsjettet opp til å levere eit overordna resultat på 17.7 mill i 2011. Merk at 145 går med betydeleg underskott i 2010, og at det overordna resultatet er venta å gå ned når 145 blir innlemma i totalen. I påvente av meir robuste anslag for sal til helseføretaka har Sjukehusapoteka Vest (SAV) lagt inn ei forventa salgsauke til alle HF på 3,1% i 2011. Talet valt på bakgrunn i inflatoren statsbudsjettet legg inn for 2011. I tillegg er auke lagt inn for kjente auker i omsetninga ved kvart enkelt apotek, som til dømes auke i inntekter i Haugesund på om lag 5. mill som konsekvens av LAR, og overtaking av blodbank i Bergen (10. mill). Apoteka har ikkje hatt gjennomgang av sine budsjetterte inntekter mot sjukehusa sine budsjetterte kostnader enda. Dette kan derfor verta justert etter ein slik gjennomgang. Rådgjevingstenestene forventar og ei auke, mellom anna på bakgrunn av utviding av stillingar i Helse Bergen, i Stavanger og i Førde. - 1 -
1. Budsjett totalt Samla merknader, budsjett totalt: Driftsinntektene aukar med totalt 6,2%. Endringene vert gjennomgått i pkt. 2. Varekostprosenten er forventa å gå litt ned grunna fokus på auka omsetning av handelsvarer i publikumsavdelingane. Personalkostnadsprosenten har auka med 0,4% og antall årsverk mot 2010 prognose har auke på 10%. Dette skuldast nye stillingar innanfor farmasøytisk rådgjeving som i stor grad tilsvarer inntektene for desse stillingene. Det er også budsjettert med oppfylling av vakante stillingar i 2010 i Førde og Haugesund. Det vises for øvrig til punkt 3. Auken i andre driftskostnader er kommentert under pkt. 4. 2
2. Spesifikasjon av andre driftsinntekter i % av prognose Her er også tatt med budsjett og prognose for omsetning i avd. 145 (produksjonsavdelinga ved Sjukehusapoteket i Bergen). Dette gjeld linja varesalg andre apotek og grossist. Det er for varesalg til konsernsjukehus og øvrige sjukehus lagt inn generell vekst for 2011 på 3,1% som tilsvarer deflator iflg. Statsbudsjettet. Årsverkspris for farmasøytiske tenester er generelt justert med samme deflator på 3,1% Prisen for produksjonstenester er forutsatt uendra og det same gjeld basisprisen. 3
2.1. Spesifikasjon av budsjettert omsetning pr. apotek med avvik i % av prognose for 2010 Bergen: Varesalg publikum har i 2010 ca. 5% auke i forhold til budsjett. Tendensen er fallande i perioden august-oktober og auken i forhold til prognosen er difor svakt budsjettert. Den same vurdering er gjort for H-resepter, der utviklinga for komande år er ukjent. Varesalg konsern inneheld salg til Blodbanken med 10 mill. Varesalg øvrige sjukehus har auke på 200 for salg til resepter til pasienter ved Solli institusjon. Det er lagt inn 2,2 stillinger farmasøyttjenester til konsernet. Det er lagt inn 1,6 årsverk i salg til andre sjukehus og 4,5 årsverk for salg til kommuner. Det er forventa litt auke på cytostatikaproduksjonen. Førde: Publikumssalget er venta å auke grunna innbemanning av 1 vakant farmasøytstilling. For H-resepter er målet å oppretthalde dagens nivå. Rådgjevingstenester er budsjettert til å auke ved innføring av Apotekstyrt Legemiddellager (ASL) på 2 pasientposter og rådgjevingstenester kommune er forutsatt skal auke med 0,4 stilling. Stavanger: Publikumssalget er budsjettert med både auka volum og meir handelsvarer. Det er også venta auke i salg av H-resepter Det er forutsatt volumnedgang i varesalget til konsern. Farmasøytiske tenester er forutsatt auka med 2,2 til konsern. Det er også lagt inn 1,4 stillinger til kommunehelsetenesten Det er forventa volumauke både i cytostatika produksjonen og i anna tilsetning. Haugesund: Auken i publikum skuldast satsing på reseptinnhenting for fedmepasienter. Auken i konsernsalget skuldast overtakelse av LAR som er forutsatt vekst på 5 mill. Rådgjevingstenester er fortsatt forutsatt 3,3 farmasøyt og 3,8 apotektekniker. 4
Tenestesalg kommune er lagt inn med dagens avtaler sjølv om anbud er levert for fleire kommuner i 2010. Auken i cytostatikaproduksjonen skuldast overgang til lengre kurer. 3. Personalkostnader 3.1 Årsverksforbruk med tilhøyrande lønnskostnader Lønnskostnader er relatert til årsverk og denne viser fylgjande utvikling frå budsjett 2010, prognose 2010 og budsjett 2011. Det er lagt inn lønnsvekst i h.h.t. deflator for 2011. Utviklinga i antalet årsverk i verksemda visest i tabell nedanfor. Budsjettet slik det føreligg legg opp til ei auke i forhold til budsjett 2010 på om lag 14 stillingar. På dette punktet visest det til vedlegg til styresaka, notat frå dei tillitsvalgte. Alle auker er målt mot budsjett 2010. Ikkje alle stillingar ventast fylt frå 1. januar, difor er det ikkje direkte samstemming mellom det totale antallet ekstra stillingar per apotek, og det totale antallet auke i årsverk i tabellen ovanfor. Bergen: o Sykehusekspedisjonen: Auke med 1 stilling i sykehusekspedisjonen og videreført 2 vikarstillinger grunnet økt kompleksitet og innføring av ASL o Publikum: Inga auke o Tilsetning: auke med 0,25 tekniker og 0,25 driftsingeniør. Disse er delt med avd. for steril/ikke steril slik at det totalt sett er 1 stilling. o Farmasøytiske tenester: 2,3 nye stillinger fra 1. mars. I tillegg vil det verte ansatt sekretær i 50% stilling som no er innleigd. Førde: o Ventar å fylle opp ei vakant stilling for farmasøyt i publikum og auke med 0,6 stilling på farmasøytiske tenester til både kommuner og helseføretak. Stavanger: o Sykehusekspedisjonen: auke med 1,2 tekniker o Publikum: auke med 0,6 farmasøyt o Produksjonen auke med 0,5 o Rådgivning auke med 3,3 farmasøyt Haugesund: o Auken er på 0,4 nye farmasøytstillinger I foretaksadminstrasjonen (FAD) er det lagt inn 60% stipendiatstilling og delt 20% stilling med Universitetet i Bergen begge frå 1 april 5
3.2. Øvrige personalkostnader Pensjonskostnader aukar i takt med auke i lønnskostnader, men i 2010 er det lagt inn 800.000 i ekstra pensjonskostnader for pensjonert personalsjef. Innleid arbeidskraft skuldast i stor grad innleie av AD i store deler av 2010, dette forklarar den venta nedgongen i denne budsjettposten. Kurs- og rekrutteringskostnader auker med 0,5 mill. grunna stor satsing på kompetanseheving for alle leiarar. Omfanget av dette vil verta gjennomgått og vurdert. Det er også lagt inn satsing på utdanning innan klinisk farmasi med 170.000. 4. Øvrige driftskostnader Auken i avskrivninger er relatert til investeringsbudsjettet, i pkt. 5 Auken i andre kostnader lokaler skuldast avsatt husleie fra tidlegare år som det ikkje er kome rekning på og som no er forelda og er inntektsført i 2010. 6
Det er fortsatt betydeleg behov for ombygging og utbetring av SAV s lokaler. Det er for 2011 avsatt 1,3 mill. til utbetring i tilsetningsanlegga, herav er 1 mill. avsatt for ombygging i Stavanger. I sjukehusekspedisjonen i Stavanger er det satt av 470.000 til oppgradering av plukkeautomatene og 200.000 til ombygging av sluse i varemottaket. Vedlikeholdskostnader fra HV IKT er forutsatt auka med 400.000. Reisekostnadene auker og desse er relatert til kompetanseheving for ledere og master studenter i klinisk farmasi. I andre driftskostnader er det lagt inn kostnader til ansattesamling og nærværprosjektet Arbeidsplassen min 2. 5. Budsjett og prognose pr. forretningsområde. Vi har 4 forretningsområder. Det er: Sjukehusekspedisjonen som leverer varer og LIS-tenester til sjukehusa Publikumsutsalget som sel legemidler, handelsvarer og apotekvarer til publikum Tilsetningen som produserer cytostatika, næringsblandinger, smertepumper og antibiotikapumper både til sjukehusa og til publikum. Farmasøytiske tenester som leverer tenester både til sjukehusa og til kommunehelsetenesta. Oppstillinga viser ulik varekostprosent grunna ulik produktmiks innanfor det enkelte forretningsområde. Personalkostnadsprosenten er også ulik grunna reseptekspedering i publikum er meir ressurskrevande enn vareforsyning til sjukehusa. Ein ser også at resultatgraden er ulik og dette vert kommentert i det følgande punktet: 7
5.1 Resultat sjukehusekspedisjonen: Denne bidreg med 12,8 mill. i budsjettet for 2010 og har resultatgrad på 3%. Prismodellen følgjer i stor grad SLV sine satser og LIS-rabatten blir uavkorta gjeve vidare til sjukehuset. Salg av dyre legemidler medfører høg varekostprosent, men høgt bidrag i kroner. Det kan difor vera naudsynt å sjå på om prismodellen i tilstrekkeleg grad støtter opp under SAV sine føremål. 5.2 Resultat publikum: Denne bidreg med 4,2 mill som er 1,7% resultatgrad. Auka satsing på salg av handelsvarer som i stor grad har fri prisdannelse bidreg til å auka resultatet. 5.3 Resultat tilsetningen: Prismodellen her er at produksjonstenestene skal dekke personalkostnader og basispris produksjons skal dekke dei øvrige kostnadene. Bruk av cytodose og fleire kurer medfører lågare ressursforbruk enn det som er innarbeidd i kalkylen, mens høgare faste kostnader medfører for lite inndekking frå basispris. Det må derfor verta diskutert om kalkylen skal justerast ned og basispris justerast opp, eller om kalkylen skal dekka inn ein del av basisprisen slik at denne ikkje vert auka. Foreløpig har sjukehusapoteka i budsjettet ikkje beregna auke i basispris. 5.4 Resultat farmasøytiske tenester: Denne skal i stor grad gje kostnadsdekning + 1% forteneste. 6. Investeringsbudsjett 2011 Budsjettet inneheld ombygginger i Haugesund med tilsaman 13,2 mill. Beløpet kan bli endra og det må også diskuteres andre løsninger for produksjonen i Haugesund. Avskrivninger for dette er ikkje innarbeid i budsjettet. Det er ikkje lagt inn summer for investeringer i IKT-løsninger for elektronisk bestilling og produksjonsplanlegging 8
7. Foreløpig budsjett for avdeling 145 i Bergen, 2011 Avd. 145 Steril ikke steril i Bergen slik den føreligg før full gjennomgang 9