Austevoll kommune TILEGGSINNKALLING Utval: UTVAL FOR OPPVEKST OG KULTUR Møtestad: Selbjørn skule, møterom administrasjonsavdelinga Møtedato: 11.02.2014 Kl. 16:00 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen. Møte er ope for tilhøyrarar. Saksdokument er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Offentleg servicekontor. SAKLISTE Sak nr. Saktittel 012/14 Kommunedelplan for kulturminne Storebø, 6. februar 2014 Renate Møgster Klepsvik Leiar Side 1 av1
SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 012/14 UTVAL FOR OPPVEKST 11.02.2014 Bjørn Wefring OG KULTUR Arkivsaknr. 14/207 Arkiv: FE- Kommunedelplan for kulturminne Tilråding frå rådmannen: Utval for oppvekst og kultur vedtek å setja i gang arbeid med utarbeiding av kommunedelplan for kulturminne og bed rådmannen sende søknad til fylkeskommunen innan fristen 12.02.2014 og søkja om støtte til registrering av kulturminne samt utarbeiding av kommunedelplan for kulturminne. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 05.02.2014 Kulturminneplaner.pdf Bakgrunn for saka: Hordaland fylkeskommune har sendt invitasjon til ein del kommunar i fylket for å få kommunane til å utarbeida eigne kommunedelplanar for kulturminne. Invitasjonen ligg til saka. Fylkeskommunen tilbyr inntil kr 100.000 til registreringsarbeidet og inntil kr 100.000 til sjølve planarbeidet. Vurdering: Austevoll kommune vil trengje fagleg bistand i dette arbeidet då slik plan aldri tidlegare har vore utarbeid i kommunen. Rådmannen reknar med at tilsvarande beløp, kr 200.000, i form av arbeidsinnsats vil bli kravd av kommunen. Det må difor gå fram av budsjettet som skal følgje søknaden til fylkeskommunen at slik innsats vil bli levert.
KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA Kulturminnevern og museum - Kultur- og idrettsavd Kommunane i Hordaland Dato: 27.01.2014 Dykkar ref.: Vår ref.: 2014/673-3 Prosjekt - Kulturminneplanar i kommunane 2013-2016 (KIK) - Invitasjon til samarbeid i 2014 og utlysing av midlar Kommunedelplan for kulturminne i kommunane Med ansvar heimla i plan- og bygningsloven er kommunen den viktigaste offentlege aktøren i det lokale kulturminnevernet. Å støtte opp om kompetansen i lokal forvalting er difor eit av innsatsområda i det nasjonale kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga, initiert av Miljøverndepartementet og Riksantikvaren. Dette er også aktuelt i Hordaland, og i 2013 vedtok fylkesutvalet ei målsetting om at alle kommunane i fylket bør utarbeide kommunedelplanar for kulturminne. I 2013 løyvde Riksantikvaren 1 million kroner til utvikling av kulturminnekompetansen i kommunane i Hordaland. Løyvinga gav Hordaland fylkeskommune grunnlag for å etablere prosjektet Kulturminneplanar i kommunane 2013-2014 (KIK). Prosjektet går over 4 år, med føresetnad om vidare løyvingar frå Riksantikvaren. I Hordaland fylkeskommune sitt årsbudsjett 2014 / økonomiplan 2014-2017 har fylkestinget lagt inn ei årleg ramme på 1 mill. kr til føremålet kvar av dei neste tre åra. I Hordaland har 8 av 33 kommunar vedteke kommunedelplan for kulturminne. I tillegg har 11 kommunar starta opp planarbeid. 8 kommunar fekk støtte i 2013 (Austrheim, Radøy, Fjell, Sund, Øygarden, Eidfjord, Ulvik, Kvinnherad) og 3 har fått støtte tidlegare (Sveio, Fitjar og Vaksdal). Desse kommunane er godt i gang med eigne prosessar, og fylkeskommunen har sett av ressursar til å stø opp om arbeidet i dei komande åra, både i den enkelte kommune og gjennom felles prosessar. Hordaland fylkeskommune oppmodar alle kommunar som ikkje har kommunedelplan for kulturminne eller som har ein plan som er moden for rullering om å ta del i prosjektet. Stønadsordningar I 2014 er det høve til å søkje tilskot til to ulike tiltak: 1) registrering av lokale kulturminne, og 2) utarbeiding av kommunedelplan for kulturminne. 1. Støtte til registrering av kulturminne (inntil kr 100.000,- i kvar kommune) Kva: Inntil kr 100.000,- til kvar kommune (frå Riksantikvaren) for å stø opp om arbeid med lokale kulturminneregistreringar. Tilskot kan også brukast til landskaps- og/eller stadsanalysar (DIVE analyser). Hordaland fylkeskommune bidreg med vegleiing, opplæring eller arrangerer kurs om kulturminneregistrering i samråd med kvar kommune. Fylkeskommunen kan også utarbeide/overføre lister over alle kjende kulturminne i kommunen. Dei kommunane som er i gong har god erfaring med samarbeid med frivillig sektor for å få gjort registreringane. Riksantikvaren har utarbeidd ei handbok for lokale registreringar, jf Håndbok for lokal registrering og Hva kan registreres? på www.ra.no. KULTUR- OG IDRETTSAVDELINGA PB 7900 Kontonr. [5201 06 74239]
Side 2/3 Korleis: Søknad med kortfatta prosjektplan med opplysingar om politisk forankring i kommunen, opplegg for registreringsarbeidet, kobling til vidare arbeid med kulturminneplan og framdriftsplan. Søknad sendast til Hordaland fylkeskommune. Fylkeskommune koordinerer søknadene frå kommunane og vidaresender felles søknad til Riksantikvaren frå Hordaland. 2. Støtte til utarbeiding av kommunedelplan for kulturminne (inntil kr 100.000,- i kvar kommune) Kva: Inntil kr 100.000,- til kvar kommune (frå Hordaland fylkeskommune) til arbeid med kommunedelplan for kulturminne. Dersom eldre plan er mogen for rullering kan det søkjast om tilskot til slik prosess. Kommunar som har ein kulturminneplan kan også søkje om støtte til å få dei prioriterte kulturminna kartfesta og lagt inn i den nasjonale kulturminnedatabasen, Askeladden. I tillegg til økonomisk stønad kan Hordaland fylkeskommune bidra med kompetanse og opplæring i mal for kulturminneplan, bruk av digitale kulturminneregister, sakshandsaming, digitalversjon av SEFRAK-register for kommunane, verdivurdering av kulturminne, definering av omsynsoner, forslag til føresegner for kulturminne mv. Riksantikvaren har utarbeidd vegleiar for kommunane sitt arbeid med kommunedelplaner for kulturminne og kulturmiljø: Veileder kulturminne i kommunen kulturminneplan. Sjå www.ra.no. Kommunane kan sjølv vurdere om det er hensiktsmessig å gjennomføre planarbeidet saman med ein eller fleire nabokommunar. Korleis: Søknad med kortfatta prosjektplan med opplysingar om opplegg for planarbeidet og framdriftsplan. Søknaden må vise korleis planarbeid er politisk forankra i gjeldande kommunale planstrategi eller vedtak om å utarbeide kommunedelplan for kulturminne. Søknad sendast til Hordaland fylkeskommune for handsaming. Retningsliner for begge ordningane: Kven kan søkje: Alle kommunar i Hordaland som: a) har behov og har lagt plan for å registrere kulturminne eller gjere analysearbeid som førebuing til utarbeiding av kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø, b) har gjort vedtak om utarbeiding av ny kommunedelplan for kulturminne eller rullering av gjeldande plan. Det er eit vilkår for tilskot frå begge støtteordningar at kulturminneregistreringar vert gjort tilgjengelege i databasen Kulturminnesøk eller andre baser som kan utveksle data med Kulturminnesøk og /eller Askeladden. Årleg rapport om gjennomført arbeid skal sendast til fylkeskommunen. PB 7900 Kontonr. [xxxx xx xxxxxx]
Side 3/3 Søknad sendast: Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga, Postboks 7900 Søknadsfrist: 12. februar 2014 Dersom dette er for knapp tid til å utarbeide fullstendig søknad, ber vi om førebels søknad innan fristen og at kommunen sender etter utfyllande informasjon. For dei kommunane som ikkje har gjort politiske vedtak om utarbeiding av plan vert det mogleg å søkje støtte også i 2015, under føresetnad av vidareføring i neste års budsjett hos Riksantikvaren og i Hordaland fylkeskommune. Kontakt i Hordaland fylkeskommune: Seniorrådgjevar Elizabeth Warren - eliwarr@hfk.no 95895468 Med helsing, Per Morten Ekerhovd fylkeskonservator Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Elizabeth Warren Seniorrådgjevar Vedlegg: Kopi av brev frå Riksantikvaren dagsett 18.12.2013 PB 7900 Kontonr. [xxxx xx xxxxxx]