Jnr. 1289.12 gjg Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen Uttale skulebruksplan Samarbeidsrådet for Sunnhordland har drøfta framlegg til ny Skulebruksplan. For Samarbeidsrådet for Sunnhordland er det avgjerande at regionen skal kunna gje fullgode tilbod i alle undervisningsprogram. Samarbeidsrådet har forståing for at Hordaland fylkeskommune vurderer skule og tilbodstrukturen, både ut frå økonomiske og skulefaglege perspektiv vurderingar. Samarbeidsrådet meiner at det er naturleg at det må kosta meir å driva skule i Sunnhordland enn i Bergen og Rogaland. Samarbeidsrådt har følgjande merknader og kommentarar til planen: Planen gjer eit godt bilde av viktige moment ved Hordaland fylkeskommune sin skule og tilbodsstruktur. Planen peike på framlegg til framtidige prioriteringar og endringar. Grunngjeving for føreslegne endringar er blant anna følgjande: Skule og tilbodstrukturen syner at dei fleste utdanningsprogramma er fordelt på for mange skular og at det difor vert ein konkurranse mellom naboskular der begge kan verta taparar. Fylkeskommunen bruker store ressursar på å halda oppe ein desentralisert skule Alternativ for framtidig skule og tilbodstruktur er utarbeidd med grunnlag i ei kriterieliste som gjer føringar for kva som vert vurdert som viktig for skule og tilbodstrukturen. Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at det er for lite samanheng mellom ein del av Hordaland fylkeskommune sine andre planar og satsingsområder og skulebruksplanen i framlegg 1 og 1B i høyringsframlegget. Dette er blant anna planar som Regional Næringsplan, LUK satsinga, Klimaplan for Hordaland og Rekruttering i marin sektor 2011-2014. For Sunnhordland er det viktig å sjå skulestrukturen i høve til ønska utvikling av regionen. Regionen har ein geografi og ein samferdslestruktur som gjer at noko av dei endringane som er framlagt i Regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes A Postboks 444, 5403 Stord T 53 45 67 90 Orgnr. 971 492 910 E firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no W samarbeidsraadet-sunnhordland.no
planen ikkje let seg praktisk gjennomføra ut i frå dei kriteria som ligg til grunn i utkast til plan. Dette gjeld blant anna reisetid. Planen legg for stor vekt på sentralisering og for lite vekt på desentralisering. Eit spørsmål vert då kva konsekvensane ei nedlegging /samanslåing av skular i distrikta vil verta, samanlikna med tilsvarande i sentrale strøk. Ei sentralisering vil kunna påverka busetjingsmønster og elevane si tilknyting til heimstaden. Ikkje minst den gode tilknytinga ein har i dag til lokalt arbeidsliv. Dette vil igjen kunna påverka framtidige val av arbeidsplassar. Ei slik sentralisering vil og føra til auka transportbehov og gå ut over elevane sine fritidsaktivitetar. Sunnhordland er ein region med variert næringsliv med ein sterk industri, og yrkesfaga er sterkt knytt til eksisterande industri. Næringslivet konkurrerer internasjonalt, og yrkesfaga har ein høgare status her enn mange stader det er naturleg å samanlikna seg med. Regionen ynskjer å oppretthalda denne kompetansen, og det må difor leggast til rette for at skuletilboda finnes i regionen. Elevane må sleppa å reisa ut for å få kompetanse. Det syner seg og at elevar som bur på hybel har større fråfall i motsetnad til dei som kan bu heime. Teknisk fagskule er eit døme på at bedriftene i regionen prioriter utdanning. Tilbodet er utvikla i tett samarbeid mellom skule og industri og er tilpassa eit regionalt behov. Dette tilbodet må verta permanent. Rekrutteringa til helse- og omsorgsfaga må ha høg prioritet sidan det er stor mangel på slik arbeidskraft i regionen innanfor dette fagfeltet. Det er viktig å halda på dei gode fagmiljøa ein har i Sunnhordland mtp. rekruttering. Det ligg mykje kompetanse i eit tett samarbeid mellom skule næringsliv. Ved fleire av skulane har ein lukkast med eit slikt godt, lokalt samspel. Fagmiljøet er ikkje berre på lærarrommet, men i heile samfunnet. Difor er det god distriktspolitikk å oppretthalda og utvikla dette samarbeidet. Samarbeidsrådet har drøfta framlegg til endringar i høve til kvar skule i skulebruksplanen og har følgjande kommentarar og innspel til utvikling av desse: Austevoll Samarbeidsrådet meiner at det er viktig å oppretthalda eit brett kompetansemiljø innan nautikk og akvakultur som er Austevoll sine skular sine hovudfelt. Austevoll vgs og Austevoll maritime fagskule framstår i dag på ein god måte med svært god dialog med næringslivet skulen skal utdanna for. Samarbeidsrådet kan ikkje godta framlegg om å ikkje ha fagskule for nautikk i Austevoll med eit komplett maritime cluster, og med store internasjonale rederi som ein del av fagmiljøet rundt skulen. Austevoll vgs er nyleg utbygd og er viktig som lokal skule for Austevoll kommune sine innbyggjarar, då kommune ikkje er landfast. Samarbeidsrådet kan difor ikkje godta dei framlegg som svekker tilboda i Austevoll.
Bømlo Bømlo kommune avviser alternativ 1 og 1b i Hordaland fylkeskommune sin skulebruksplan. Samarbeidsrådet støttar dette. Skulebruksplanen vitnar om for lite kunnskap om Bømlo kommune hjå planleggjarane. Ei gjennomføring av planen vil gje alvorlege negative ringverknader for Bømlosamfunnet, for næringslivet, for unge sine moglegheiter til å delta i organisasjons- og samfunnsliv, for folketalsutviklinga og for kommunen si utvikling generelt. Ei slik negativ utvikling vil ikkje gagna Sunnhordlandsregionen Samarbeidsrådet vil ikkje stille seg avvisande til ei samanslåing av Bømlo Vidaregåande skule og Rubbestadneset vidaregåande skule, lokalisert til Rubbestadneset under følgjande føresetnader: Alle noverande tilbod på Rubbestadneset vgs vert oppretthalde og at Rubbestadneset vidaregåande skule vert utvida til eit regionalt opplærings og kompetansesenter for TIP faget. Helse og sosialfag vert vidareført og lagt til Rubbestadneset. Studiespesialiserande retning inkludert påbyggingskurs til studiekompetanse vert vidareført og lagt til Rubbestadneset. Service og Samferdsel vert vidareført og lagt til Rubbestadneset Tilbod til minoritetsspråklege og vaksenopplæring som i dag vert gjeven på Bømlo vgs må følgje over til ny Rubbestadneset vgs. Tilbodet om særskilt tilrettelagt opplæring må vidareførast ved ny Rubbestadneset vgs Samlokalisering må skje i eit tidsmessing pedagogisk eigna bygg som har kapasitet for over 600 elevar (jamfør prognosane for folketalsutviklinga på Bømlo) Dersom Hordaland Fylkeskommune ikkje finn å kunne gjera ei slik endring, er det viktig å oppretthalde Bømlo Vidaregåande skule og Rubbestadneset Vidaregåande skule med dei opplæringstilboda desse skulane har i dag. Bømlo kommune høyrer heime blant dei 10 største kommunane i Hordaland Fylke og er ein kommune i vekst. Å byggje ned dei vidaregåande studietilboda i kommunen harmonerer ikkje med det. Etne Etne Vidaregåande skule har hatt ei positiv utvikling dei seinare åra, og har fått eit nytt løft etter ny lokalisering i Skakke senteret. Ei utfordring for skulen i Etne er at det er oppretta mange like linjer ved Ølen Vidaregåande skule. Her bør skuleleiingar og fylkeskommunane setja seg saman og laga ei fordeling av linjer som gjer at det ikkje vert konkurranse om elevane. Dette vil tena alle. Fitjar Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at Fitjar Vidaregåande skule må vidareførast og styrkjast. Samarbeidsrådet meiner at det er viktig å oppretthalda det sterke og breie kompetansemiljø ein har på skulen. Ein må vurdera om Fitjar kan bli et kompetansesenter innan helse og oppvekstfag,
restaurant og matfag. Fitjar har eit godt samarbeid med næringslivet i kommunen og arbeider godt og aktivt med ungt entreprenørskap. Fitjar har og ein fagskule innan m.a. eldreomsorg, som vil vera med på å forsterka statusen som eit oppvekst og kompetansesenter innan helse- og oppvekstfag. Skulen har i tillegg ansvar for eit desentralisert tilbod. Dette tilbodet er med på å auka andel tilsette med fagbrev innan helse og i barnehagar, og er svært viktig for kommunane i regionen. Kvinnherad I framlegg til skulebruksplan er Kvinnherad Vidaregåande skule føreslege nedbygd frå 400 til 364 elevplassar. Det er føreslege å sentralisera linjer til Stord og eventuelt Fitjar. Samarbeidsrådet meiner at denne løysinga ikkje kan gjennomførast, då dette vil føra til alt for lang reisetid for elevane. Tilboda ved Kvinnherad Vidaregåande skule må styrkjast, og for arbeidslivet i kommunen er det viktig at det studiespesialiserande utdanningsprogrammet vert vidareført på same nivå som no. Og at det også vert gjeve tilbod innan dei yrkesfaga skulen har. For mange av elevane frå dei yrkesfaglege programområda er VG3 påbyggingsåret eit like naturleg fagval som det å gå ut i lære. Påbyggingsåret medverkar både til god breidde i programfagstilbod for elevar på VG2 og VG3 studiespesialiserande, og til eit større fag- og lærarmiljø innan studiespesialiserande programområde. Det må nødvendigvis kosta meir å driva skule i Sunnhordland enn i Bergen og Rogaland. Stord Stord Vidaregåande skule er ei samanslåing av tidlegare Stord Vidaregåande og Stord Yrkeskule. Samarbeidsrådet føreset at ei samlokalisering av skulen kjem inn i planen. Skulen er blant dei største i Hordaland og det er lite rom for større utviding av elevtalet. For smale linjer er det likevel viktig at desse vert lagt sentralt i regionen, og då peikar Stord Vidaregåande skule seg ut. Anna Regionen må få på plass ei linje med studiespesialisering innan formgjeving. Dette er ei linje som og har design. Dette er kompetanse som og er viktig innan industri. Det må arbeidast for å få til ei eller fleire samlokaliseringar av elevar med framandspråk. "I regional plan for senterstruktur og lokalisering av service og handel i Hordaland er Haugesund definert som regionsenter for Sveio. Skulebruksplanen må difor omtala kjøp av skuleplassar over fylkesgrensa, slik at elevar frå Sveio også i framtida kan søkje plass ved vidaregåande skular i Rogaland.
Sunnhordland,