HJELMELAND KOMMUNE Møtebok SAKSGANG Saksnr. Utval Møtedato 015/13 Oppvekstutvalet 24.05.2013 072/13 Formannskapet 11.06.2013 038/13 Kommunestyret 19.06.2013 Arkivkode Sakshandsamar Arkivsak/j.post A22 Anita Heggebø 09/923 13/7662 BETALINGSSATSAR FOR SØSKENMODERASJON I BARNEHAGE OG SFO Forslag til vedtak: 1. barn - full pris 2. barn - 30 % søskenmoderasjon 3. barn 50 % søskenmoderasjon 4. barn 50 % søskenmoderasjon Hjelmeland, 16.05.2013 Sigve Hia Konst. rådmann 24.05.2013 OPPVEKSTUTVALET Behandling: Saka vart drøfta og utvalet stilte seg positive til føreslått forenkling av reglane i høve til dagens ordning. Forslaget inneber også at søskenmoderasjon for barnehage og SFO skal sjåast kvar for seg og ikkje saman, for at ordninga og satsane i Hjelmeland skal verte meir lik ordninga i andre kommunar. Utvalet la fram Fellesforslag om endring i ordlyden i punkt om søskenmoderasjon i Skulefritidsordninga (SFO):
Vert endra til: 2. barn - 25 % søskenmoderasjon 3. barn 25% søskenmoderasjon 4. barn 25% søskenmoderasjon OPPV-015/13 Framlegg: 1. barn - full pris 2. barn - 30 % søskenmoderasjon 3. barn 50 % søskenmoderasjon 4. barn 50 % søskenmoderasjon 2. barn - 25 % søskenmoderasjon 3. barn 25% søskenmoderasjon 4. barn 25% søskenmoderasjon 11.06.2013 FORMANNSKAPET Røysting: Samrøystes i samsvar med forslag til vedtak. FSK-072/13 Vedtak: 1.barn - full pris 2.barn - 30 % søskenmoderasjon 3.barn 50 % søskenmoderasjon 4.barn 50 % søskenmoderasjon 2. barn full pris 19.06.2013 KOMMUNESTYRET Røysting: Samrøystes i samsvar med forslag til vedtak. KST-038/13 Vedtak: 1.barn - full pris 2.barn - 30 % søskenmoderasjon 3.barn 50 % søskenmoderasjon 4.barn 50 % søskenmoderasjon
Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 19 X 11.03.2013 OPPVEKSTUTVALET SITT FRAMLEGG 060313 TIL ENDRA VEDTEKTER SFO Vedlegg: Samandrag: I samband med revidering av vedtekter for barnehage og SFO, fann rådmann det rimeleg å kome med merknader knytt til søskenmoderasjon og betalingssatsar. K-styret gjorde i KSAK 015/13 den 20.03.13 slikt vedtak: 6 siste setning utgår (søskenmoderasjon). Det vert lagt fram eiga sak om søskenmoderasjon før 01.08.2013 Merknad frå rådmann var ei påpeiking av at takstar i samband med søskenmoderasjon i stor grad er eit val for kommunen si inntektsstyring. Takstar for betaling av barnehage er lovregulert med maksimalpris. Fakta: Rådmann hadde denne presisering i sak om revidering av vedtektene som tok utgangspunkt i at Hjelmeland hadde ei dyr ordning for innbyggjarane. Rådmann er blitt oppmerksam på at dette ikkje stemmer med Hjelmeland kommune si utrekning og fakturering. Vår utrekning er basert samla pris på tal søsken og moderasjon ut i frå det. Ordninga med søskenmoderasjon var komen då betalingssatsane i vår kommune var dyrare, og før det nasjonalt vert sett krav om minstepris frå staten. Ordninga kan derfor vere skipa på andre føresetnadar. Vår utrekning er basert på samla pris på tal søsken og moderasjon ut i frå det. I Hjelmeland har me søskenmoderasjon som gjeld både barnehage og SFO, det fører til at svært mange har søskenmoderasjon, med dertil mindre inntekter. Våre vedtekter på moderasjon vert gitt samla på SFO og barnehage slik: For to barn 15 % av samla pris ifølgje sats For tre barn 26 % av samla pris ifølgje sats For fire barn 39 % av samla pris ifølgje sats Det betyr at frå og med det andre barnet, slår søskenmoderasjon inn og alle barna får moderasjon. Dvs at for 4 barn får alle dei 4 søskenmoderasjon med 39%. Dei andre kommunane har ei anna utrekningsmetode. I tillegg til at føresette vert vurdert etter inntekt gjer dei fleste moderasjon for det andre barnet. Dersom me reknar dette ut slik dei andre praktiserer dette med våre moderasjonar ser det sett slik ut: 1. barn = full pris 2. barn = 30% 3. barn = 48 % 4. barn = 78 % I forskrift om foreldrebetaling i barnehagar er det heimla korleis kommunen skal gi moderasjon, slik at kommunen har ikkje val på dette. Lover, føresegner, rundskriv: Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar 3:
Kommunen skal sørgje for at foreldre får tilbod om minimum 30 % søskenmoderasjon i foreldrebetalinga for barn nummer to og minimum 50 % for tredje eller fleire barn. Moderasjonen skal omfatte søsken som bor fast i samen, og gjelder i de tilfeller søskena går i barnehage innan same kommune. Etter forskrifta 3 første ledd siste punktum skal barnehageigar få dekka reduksjon i foreldrebetalinga knytt til søsken moderasjon av det offentlege (gjeld private barnehagar). Det er ikkje sett krav om moderasjon i betaling når det gjeld SFO. Dei fleste kommunar gir heller ikkje rabatt ut i frå barnehage og skulefritidsordninga samla. SFO sats Finnøy kommune 20 % søskenmoderasjon frå og med barn nr. 2 Suldal kommune 50 % søskenmoderasjon for 2. barn og 75 % frå og med barn 3 Strand kommune 25 % søskenmoderasjon for 2. barnet Rennesøy kommune 40 % søskenmoderasjon frå og med barn nr.2 Sauda kommune 30 % søskenmoderasjon for barn nr.2 Hjelmeland kommune 15 % av samla pris for 2barn, 26% av samla pris for 3, 39 % av samla pris for 3 barn Økonomiske konsekvensar: Rådmannen vil ikkje finne det eksakte talmateriale på kor mykje dette utgjer per i dag, då me ikkje har eit program som me enkelt kan ta ut rapporter. Me kjenner ikkje korleis barnegruppa er fordelt (etter søsken) i barnehage og SFO. Med dagens dataverktøy må ein gå inn på kvar einskild familie manuelt for å finne rett talgrunnlag. Dette ville vore eit svært tidkrevjande arbeid. Tal SFO og barnehage i Hjelmeland skuleåret 2012/2013 har slik fordelting : SFO 86 elevar Barnehage 186 barn Hjelmeland 45 80 Årdal 22 47 Fister 15 37 Jøsneset 4 10 Jøsenfjorden 12 Full pris i SFO er kr. 2.255,- over 14 timar, og pris for full barnehageplass er kr. 2.329,- Inntekter SFO frå rekneskapsåret 2012: kr.1,13 mil Inntekter Barnehage frå rekneskapsåret 2012: kr. 4,3 mil. Dersom en forutset at det er 50 % av inntektene i SFO vert redusert med 5% (frå 30% på 2 barn- til 25% på 2 barn) i SFO ville gitt et estimert beløp på kr. 30.000,- Det må presiserast at me ikkje kjenner fordeling av barnegrupper og fordeling mellom SFO og barnehage. I tillegg til dette kjem auke i inntekt for dei foreldre i SFO som ikkje vil få med søskenmoderasjon i forhold til barnehage, dei må betale full pris. Vurdering og konklusjon: Rådmann meiner at det er uheldig å kome med endring av takstar midt i eit budsjettår. Særleg med tanke på at dei som no allereie har fått plass i barnehage og SFO til hausten, er kjent med eksisterande betalingssatsar. Rådmann rår derfor til at endring i satsane i barnehage og SFO vert sett i samanheng med budsjettsak til hausten og får verknad i neste budsjettår dvs. 1.januar 2014. For barnehagane er det ikkje eit reelt val og ein må følgje forskrift om søskenmoderasjon. For SFO er det eit reelt val, og rådmann finn det rimeleg å rå til å gje 25
% frå og med det andre barnet. Rådmann rår og til at søskenmoderasjon og SFO ikkje vert sett i samanheng, dette er også mest vanleg praksis.