Nyopning av Ål kyrkjestugu En vakker dag... 3



Like dokumenter
Minnebok. Minnebok NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

6. trinn. Veke 24 Navn:

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Månadsbrev for Rosa september 2014

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.


VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Jon Fosse. For seint. Libretto

/

Velkomen som konfirmant!

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Månadsbrev for ROSA mars 2015

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Månadsplan for Hare November

Velkomen som konfirmant

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking


VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Sandeid skule SFO Årsplan

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Hei alle sjøstjerneforeldre

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Brødsbrytelsen - Nattverden

Leveld, Torpo og Ål sokneråd

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Informasjon til elevane

5. Soknerådsmøte mai Referat

Frå novelle til teikneserie

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

S.f.faste Joh Familiemesse

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Informasjonshefte Tuv barnehage

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Transkript:

NR. 1 - FEBRUAR 2013-54. ÅRGANG Innhald Fasteaksjon... 2 Fred over jorden... 3 Nyopning av Ål kyrkjestugu En vakker dag... 3 Gull, røkelse og myrra...4 Ny gudsteneste... 4 Nytt misjonsprosjekt... 5 Siste par ut Bente og Knut... 5 Ål kyrkjeakademi... 6 Vi går i kyrkja... 7 Ål kyrkjestugu er forvandla... 8 Foto: Audun Moen FOTO: MAGNY R. FOLKEDAL «Han er biletet av den usynlege Gud, den førstefødde før alt det skapte.» Kol. 1, 15. Stor var gleda på nyåret over på nytt å kunne ta Ål kyrkjestugu i bruk no nyrenovert og fin. Forventning låg i lufta både før og under festen den 10. januar kyrkjestugu var pynta med blomar og levande lys og festlyden talde nær 80 personar. Her var det medlemer i sokneråd, i ulike kyrkjelege utval, frivillige medarbeidarar og tilsette i kyrkja. Og kveldens gjest og kåsør var Odd J. Eidner frå Bodø som likevel var i Hallingdal på denne tid. Han gav forsamlinga mangt eit visdomsord og noko både til trøyst og oppmuntring. meir på side 8

FRED OVER JORDEN menneske fryd deg, oss er en evig frelser født! ANDAKT AV RANDI SIGRUN S. JENSEN Kyrkjekaffi Skikken med kyrkjekaffi er kome for å bli. Det er triveleg med ein kaffikopp, litt å bite i, og ein prat med kjente eller ukjente på veg ut frå ei gudsteneste. Det er noko magisk med denne kaffien folk blir i godt humør når dei kjenner kaffilukta. Men om det er kaffien eller kontakten med sidemannen i kyrkjebenken som er viktigast, skal vera usagt. Kvar kom skikken ifrå? Kven fann på å servere kaffi i kyrkja? For nokre tiår attende var det uhøyrt. Eg veit ikkje. Men eg reknar med at dei mange sjømannskyrkjene har vore til inspirasjon. Sjømannskyrkja er jo kjent for sine gode vaflar, og mang ein nordmann har besøkt ei sjømannskyrkje i framant land og fått servert kaffi. Sjømannskyrkja er ein forlenga arm for Den norske kyrkja i utlandet. Når ein kjem inn i ei sjømannskyrkje set ein pris på å møte landsmenn, få prate norsk og gjerne få seg ein kaffidråpe. Som turist har ein rimeleg god tid både til det eine og det andre. Tidlegare sjømenn i framande hamner hadde truleg større behov ved slike besøk enn det ein moderne turist har. Kyrkja vart som ein heim for mang ein sjømann. Men også i nyare tid har kyrkja fungert slik, ikkje minst ved ulykker og katastrofar då har det ikkje vore nok å få seg kaffi, behovet for ein sengeplass har somme gonger vore større. Det å bli møtt og fått dekka sine behov har gjort godt. Så har nokon tatt med seg skikken med kaffiservering i kyrkja heim til Norge trur eg. Også her ynskjer kyrkja å vera ein heim for folk. Alle døypte har ein heim i Guds hus. Alle skal få kjenne seg heime. Det er mange måtar å arrangere kyrkjekaffi på, alt frå duk og dekka bord i eit dertil eigna rom til å få koppen i handa på kyrkjebakken. Kva som fungerer best kjem alt ann på Ein varm sommardag, høver det best med kaffiservering ute, men slike dagar har vore mangelvare her hjå oss dei siste åra. Skal me bruke vår fine og renoverte kyrkjestugu meir att til kyrkjekaffi? Nei, seier somme det har ikkje folk tid til. Kaffikoppen skal serverast kjapt, slik i forbifarten Ja, då må det bli i kyrkja. I våpenhuset blir det fort for trongt, og trekken frå døra kan vera sjenerande. Og skal det vera heimebakst, eller berre kjøpekjeks. Dette er det sikkert ulike meiningar om. Variasjon, trur eg, er tingen den eine gongen slik og den andre slik. Dei som har ansvar for kyrkjekaffien må gjerne vera med i gudstenestegruppa som har planleggingsmøte nokre dagar på førehand, finne ut i samråd med prest, klokkar og andre kva som er mest høveleg ved komande gudsteneste. -mrf- Fasteaksjon med fokus på forbilde Martha Gezahegn (28) selde kroppen sin til framande menn. No er ho gift, mamma og lærar for andre tidligare sexarbeidarar i Etiopia. Ho er eitt av forbilda som utfører norske kyrkjelydar sitt internasjonale diakoniarbeid. Vi har sett det før, i dei nattemørke gatene heime i Oslo og i byar over heile verda: Ei kvinne som forhandlar med ein framand mann om prisen på det mest sårbare ho eig. Ei jente som gjev bort ein liten bit av seg sjølv i byte mot ein bunke skitne sedlar, natt etter natt, til det ikkje er meir att å gje. Eller til ho møter ein engel som ikkje vil ha noko frå henne, men som tilbyr henne håp. Eit nytt liv. Gjev håp Ei natt kom det nokre menneske bort til meg på gata, og ein av dei gav meg ein liten papirlapp. Det var ein invitasjon til lunsj på eit senter som heitte Nytt liv. Det hadde aldri falle meg inn at det kunne finnast noko nytt liv for meg. Dei fortalde meg at Gud framleis elska meg, men eg trudde ikkje det kunne finnast ein slik kjærleik, fortel Martha Gezahegn. Martha fekk verkeleg eit nytt liv gjennom senteret som blir drive av Mekane Yesus, den evangeliske kyrkja i Etiopia. Kyrkja sin diakonale organisasjon er ein av Kirkens Nødhjelps lokale partnarar. Kvart år får 60 nye jenter bli med inn i eit toårig program som gjev dei eit underhaldsbidrag, yrkesopplæring, helsehjelp og terapi. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 19. mars Vi møter kvardagsheltar i Kirkens Nødhjelp sine prosjekt over heile verda. Dette er menneske som er fødde på feil side av urettferda. Men dei vil forandre verda, og dei veit korleis. Dei er forbilde. Støtta frå norske kyrkjelydar gjev forbilda høve til å skape verkeleg og varig forandring. For seg sjølv, for andre og for kvarandre. Det er kyrkjelydar landet rundt som står for gjennomføringa av Kirkens Nødhjelps fasteaksjon. Kyrkjelydane i Ål, Leveld og Torpo arrangerer aksjon 19. mars og treng bøsseberarar og sjåførar. Ta kontakt med diakon Bente på tlf. 958 23 129, eller på e-post: bente.sletten@hallingnett.no dersom du vil vere med. Pengane som blir samla inn går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda. Støtt aksjonen direkte ved å: Nytte kontonummer 1594 22 87493 Overskrifta er ord frå julesalma Deilig er jorden. No er jula over, og folk har pakka julehygga ned i øskjer for denne gong. Likevel har eg lyst til at vi skal dra med oss dette ordet fred. Englane på Betlehemsmarka helsa hyrdingane med orda: Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i (Luk. 2.14.) Altså kom Jesus saman med eit løfte om fred til oss som bur på jorda. Når ein les dagsavisene, så er det lite som tyder på at dette løftet er oppfylt enno. Ja, vi kan også iblant ha ufred i mindre samanhengar; som i familien vår eller inne i oss sjølve. Så kva skal vi då tenkje om dette? Er det berre fagre ord? Bibelen seier at Jesus kom for å vise oss vegen. Eg trur derfor at nøklane til fred finst i Guds ord. Jesus seier: Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk, ikkje den fred som verda gjev. La ikkje hjarta bli gripe av angst og motløyse (Joh.14.27). Den freden Jesus kjem med, finst ikkje gjennom det mange av oss søkjer: popularitet, velstand, eller suksess. Den finst Godtfolk! Nå vet jeg hva «en vakker dag» er: det er riktig nok mange vakre, - men en av de vakreste - er jeg helt sikker på - må være å få delta på folkemusikkgudstjeneste i Ål kyrkje 1ste juledag - med den beste organisten, fantastiske musikere, en framifrå god prest og gode, trivelige sangere, - det kan ikke bli bedre! Også fortsette dagen med skitur på Veståsen, hvor Vår Herre har pyntet skogen så fin - så fin - og tråkkemaskina har kjørt de flotteste skispor. Rett og slett en vakker dag! Et riktig godt nytt år til alle! - Karin heller på tre andre plan: fred med Gud, fred med kvarandre, fred i vårt indre. Fred med Gud får vi når vi vender oss til han og erkjenner det vi har gjort galt både mot andre og oss sjølve, og ber om tilgjeving. Då høyrer han oss og tek oss inn i sin nærleik. Mange har kjent denne nærleiken nesten på ein fysisk måte når dei er saman med Gud i bønn. Denne kjensla av Guds nærleik kan best beskrivast som nettopp fred - og glede. Fred med medmenneske oppnår vi på same måten: be om tilgjeving når vi har såra nokon. Vi er flinke til å lære borna våre å seie unnskyld når dei har fått eit anna barn til å gråte. Når vi blir vaksne, er det ikkje alltid så lett å få seg sjølv til å gjere det som ein lærte som barn. Tersklane mellom oss kan bli så høge at det er vanskeleg å nærme seg den ein har fornærma, eller den som har fornærma ein sjølv. Likevel er det ingenting som opnar opp relasjonane så godt som eit oppriktig unnskyld!, og å få høyre tilbake: det er i orden!. Å få høyre: eg er lei for at DU opplever det slik er berre å bære meir eld til bålet, og ingenting er oppgjort. Fred inne i oss sjølve kan vi få både av å ha fred med Gud og med medmenneske, men også ved å tilgje oss sjølve. Kvar enkelt av oss møter mange krav i kvardagen. Vi skal meistre det eine og det andre, og ofte kan ein kjenne at ein ikkje når måla sine på alle område. At mange av oss har same nyttårsforsett i år som i fjor, kan tyde på det! Då blir det kanskje viktig å forsone seg med sin eigen kapasitet, og legge lista der vi kan ha fred med oss sjølve. Kanskje nokre av oss ikkje burde ha eit nyttårsforsett om å bli betre (og helst like god som naboen), men om å bli fornøygd med å gjera vårt beste? Då ønskjer eg alle Guds Fred i 2013! Ikkje den fred som verda gjev, men fred med Gud, medmenneske og seg sjølve. FADDERTIPS Sende GAVE på sms til 2468 (200 kroner) Ringje gjevartelefon 820 44 088 (200 kroner) Ver eit forbilde for fadderbarnet ditt - i haldning og handling! KYRKJEBLAD FOR ÅL 1/13 3

Gull, røkelse og myrra Tradisjonen tro var det også i år invitert til helligtrekongersfest 13. dag jul. Du kjenner sikkert historien om de vise menn, eller hellige tre konger, som de også kalles, - men du har kanskje glemt at disse kongene het Kaspar, Melchior og Balthazar? Vi hører ikke så mye mer til disse kongene seinere i Bibelen, men i Ål har de likevel dedikert en juletrefest til kongene som kom med kostbare gaver til Jesusbarnet. Årets helligtrekongersfest startet med familiegudstjeneste, og ble avslutta med fakkeltog til Evjens Minne og juletrefest. Julekaker, saft, god kaffe, leik og gang rundt juletreet-, her var alt som hører med. Mange fikk nok også tømt kakeboksene sine denne kvelden med spleiselag av kaffemat. Ivrige barn og kreative voksne gjorde dette til ei flott avslutning på årets julefeiring. Borghild Ulshagen NY GUDSTENESTE Første sundag i advent var det snorklipping i Ål kyrkje. Vi markerte innføringa av ny lokal grunnordning for gudstenestene. Gjennom ein lang prosess, har Ål sokneråd arbeidd seg fram til 5 hovudgudstenester. To gudstenester som tilsvarar den tidlegare høgmessa, ein med og ein utan nattverd. Så er det to forenkla gudstenester; ein med og ein utan nattverd. Dette tilsvarar den tidlegare familiemessa. Den femte gudstenesta er folkemusikkmessa. Soknerådet ønskjer med dette å stimulere til ei mangfaldig gudstenestefeiring. Endringane er ikkje så mange, men vi har til dømes bestemt at vi heretter skal stå og synge første og siste salme. Vi skal sitje og høyre lesetekstane frå Bibelen, bortsett frå evangelieteksten for sundagen. Vi har valt ordlyd til samlingsbøner og syndsvedkjenning, og vi har bestemt at vi skal bruke den nyaste omsetjinga av Fader vår når vi les bøna i gudstenesta. Når vi syng Fader vår, nyttar vi omsetjinga frå 1978 inntil ny melodi er avklara. Ordlyden i bøna følgjer av den siste omsetjinga av Det nye testamente, dvs Bibelselskapet si utgåve frå 2005. Sjå Matteus 7, 9-13. Vi har vidare bestemt at brød og vin skal berast fram til altaret saman med takkofferet. Dette for å markere at Guds gåver til oss heng saman med våre gåver til Guds rikes arbeid på jorda. Dette er nokre eksempel på vedtak som er gjort. Så får vi håpe at endringane blir opplevd på ein god måte. Det tek tid å innarbeide endringar i noko som er kjend. Vi ønskjer gjerne tilbakemeldingar på det som fungerar godt eller dårleg. Ordninga skal evaluerast om to år. Torpo og Leveld har hatt ein tilsvarande prosess. Dei har i tillegg hatt den nye gudstenesta som prøveordning fram til ho vart vedteke med biskopen si godkjenning. Det som kan hende er den viktigaste endringa, er at det no er oppretta såkalla «gudstenestegrupper» i alle tre sokn. Det innebér at nokon kjem saman for å førebu gudstenesta ein time ein kveld i veka før den aktuelle sundagen. Klokkar, kyrkjevert, prest og andre frivillige. Kan hende er dette noko du kunne ha lyst til? I så fall kan du kontakte kyrkjekontoret! Vi treng óg folk til å styre powerpoint-framsyning med liturgi og songar ved nokre gudstenester. Slike grupper betyr at fleire blir involvert i både førebuing og gjennomføring av gudstenesta. Dette gjer at fleire får eit eigarforhold til det som skjer. Det betyr óg at fleire blir inspirerte og har forventningar til vekas viktigaste samling for kyrkjelyden. Vi håpar at endringane vil bidra til fornying og glede i gudstenestefeiringa! Vigdis Moen Storhaug NYTT MISJONSPROSJEKT I ÅL, TORPO OG LEVELD 2013 2015 Det er Misjonsalliansen i Norge vi vil støtte i denne perioden. Misjonsalliansen er en diakonal og tverrkirkelig misjonsorganisasjon med prosjekter i storbyer og i fattige minoritetsbefolkninger på landsbygda. Deres engasjement er i Sør-Amerika, Asia og Afrika. Velkommen som prosjektgiver til Kambodsja. Hva vi vil støtte? 1. Bygge brønner for rent drikkevann. 2. Utstyre barnehager og skoler med drikkevannsbeholdere. 3. Lese- og skrivekurs for familier som mangler kompetanse. Hvorfor? Kambodsja er et fattig land med ca. 14,7mill. innbyggere. 28 % lever i ekstrem fattigdom og nesten 50% mangler rent vann, noe som vi i Norge tar som en selvfølge og vi tenker lite over konsekvensene om vi skulle mangle det. Menigheten utfordres til diakoni også utenfor våre grenser. Misjonsalliansen startet sitt arbeid i Kambodsja i 2008 og har prosjekter i 34 landsbyer. De samarbeider tett med lokale kirker, myndigheter og lokale organisasjoner for at mennesker skal få mulighet til å forbedre egen livssituasjon. Bakgrunn: Alle i Kambodsja er på en eller annen måte påvirket av landets brutale historie. Ved Røde Khmer og diktator Pol Pot mistet landet ca.1,7mill mennesker og mer enn en halv million mennesker ble henrettet! Resten døde som følge av tvangsarbeid og mangel på medisiner og mat. Det er nå en ung befolkning og fred i landet, som er under oppbygning. Misjonsalliansen jobber målrettet for å øke tilgangen til vann og bedre hygiene, gi barna økte sjanser til å fullføre barne- og ungdomsskole og miljøvern og matvaresikkerhet. Samarbeid: Utsendinger i Kambodsja er Bente og Knut Iversen Foseide som har kontor i Phnom Penh. De er våre kontaktpersoner. De besøkte Ål kyrkje sommeren 2012. Diakon Bente og Tor Sletten Bente og Knut Iversen Foseide, begge 30 år gamle og fra Molde, reiste sommeren 2010 til Kambodsja som utsendinger for Misjonsalliansen. Bente har en mastergrad i freds- og konfliktstudier og arbeidet før hun reiste ut, som informasjonskonsulent i KRFU, Knut har en mastergrad i komparativ og besøkte dem og deres arbeid i Kambodsja i jan-12. Vi vil sende rapporter dit fra menigheten i Ål og få rapporter fra arbeidet i Kambodsja. Hva får vi gjort gjennom vårt felles bidrag? 1. Det koster 6000 kr pr brønn 2. For 7500 kr får de en regnvannsbeholder. Dette gir bedret helse og bedrede forutsetninger for læring og regelmessig skolegang. 3. For 20000 kr kan du være med å hjelpe familier til å få et lese- og skrivekurs ved å skaffe læringsmateriell og undervisning for familier, spesielt kvinner. Gjennom dette bygges det bro mellom foreldre og barn som mangler grunnleggende ferdigheter. Hvordan støtter DU arbeidet? Menighetens giverkonto er: 2320.15.52893 - opprette fast trekk i banken - bidra ved ofring - bønn for arbeidet og utsendingene - bestille Misjonsalliansens blad «Tsjili» og få mer info - invitere venner på en middag og sette en gavepris på den. - la en åremålsgave gå til prosjektet, en utlodning, bruktsalg mv. LA OSS LØFTE I FLOKK FOR KAMBODSJA SISTE PAR UT BENTE OG KNUT internasjonal utdanning og kom fra en stilling ved Hero kompetanse. I Kambodsja har de ansvar for å følge opp Misjonsalliansens prosjekter og organisasjonens samarbeidspartnere. Høsten 2012 kom lille Anna til verden så familien Iversen Foseide består nå av tre medlemmer. 4 KYRKJEBLAD FOR ÅL 1/13 KYRKJEBLAD FOR ÅL 1/13 5

Er du heime med små barn, 0-5 år, og har lyst til å treffe andre?? Bli med på SMÅBARNSSANG i Kyrkjestugu på Ål Kvifor småbarnssang? Musikk stimulerar sansane våre og er ei viktig kommunikasjonsform mellom liten og stor. Gjennom song og musikk, rim og rytme, dans og rørsle blir barnet si språklege og motoriske utvikling stimulert. Me har fyrst ei samlingsstund på golvet med song, rim og regler. Etterpå samlast me rund bord til ein enkel lunsj og god tid til prat og kos. Treffet er åpent for alle, sjølv om du ikkje har høve til å vere med kvar gong. Me har ingen påmelding, men om du veit at du kjem, må du gjerne sende ein sms på førehand eller eit hint på facebook, så får me kanskje ein liten oversikt over kor mange me kan bli Ta med eit teppe, me sit på golvet. Kr 30 pr samling for mat og kaffi/te. kyrkjefredag felles middag for heile familien kl. 16.30 (pris på middag: 50kr per person eller maks 200 for ein familie) samling med bibelforteljing kl. 17.1515 17.45 formingsaktivitet eller «høgt og lågt» kl. 17.45 18.15 kaffi og sosialt samvær for dei vaksne kl. 17.15 18.15 felles song-avslutning kl 18.15 18.30 VINTER/VÅR 2013: sundag 6. jan. Heilagtrekongarsfest! - Juletrefest for alle på Evjen s Minne etter gusteneste i Ål kyrkje, kl. 17.00. fredag 18.jan.- kyrkjefredag på Evjen s Minne kl. 16.30 18.30 fredag 9.feb. vaksenkveld på Laa :-) frå kl. 20.00 fredag 15.feb. - kyrkjefredag på Evjen s Minne kl. 16.30 18.30 sundag 3.mars friluftsgudsteneste på Nystølen (Opheimsåsen) kl. 11.00. Der kan me grille, ake og/eller gå på ski i lag etterpå. :-) fredag 15.mars - kyrkjefredag på Evjen s Minne kl. 16.30 18.30 fredag 12.april kyrkjefredag kl. 16.30 18.30 sundag 21.april me syng på gudsteneste i Ål kyrkje kl. 11.00. fredag 3.mai kyrkjefredag på Evjen s Minne 16.30 18.30 sundag 9.juni - sundagsskulestemne og prostidag på Ål! Velkomen! ANDAKT kvar fredag kl. 11.00 i Kårstugu, Ål bu og behandlingssenter. Både brukarar og andre er hjarteleg velkomne! Helsing Småbarnstreff-komiteen; Datoar våren 2013: 31.jan 14.febr 21.febr 14.mars 21.mars 11.april 25.april Alle dager kl 11.00-ca 12.30 Gunhild Rotvik Tunestveit, Astrid Warberg, Tone I Anthun og Johanne Marie Jordet, (97173937) Facebook-gruppe: «SMÅBARNSSANG 2013» Du finn og info på www.aal.kyrkja.no VELKOMMEN! Samlingane er ein del av trusopplæringstilbodet i Ål kyrkje Ål kyrkjeakademi i Ål kulturhus Fredag 8. februar kl. 19.15: Pilegrimsvandring Anne Hilde Øigarden, prost i Valdres og pilegrimsprest, vil gje oss innsikt i temaet. Ekteparet Liv Marit Medgard og Bjarne Thoresen frå Ål brukte hausten 2012 på ei pilegrimsvandring frå Le Puy i Frankrike til Santiago de Compostella i Spania. Dei har røynsler, tankar og refleksjonar om denne vandringa som dei vil dela med oss. Fredag 22. februar kl. 18.30: Filmkveld. Sjå filmen «De andre» og møt regissøren Margreth Olin Filmregissøren Margreth Olin har laga fleire kjente og viktige dokumentarfilmar. I sin nyaste film, DE ANDRE møter me ungdom som har flykta åleine frå Afghanistan, Irak, Somalia og andre krigsherja land. I Noreg blir dei gitt midlertidig opphaldsløyve, men dei skal sendast attende til heimlandet når dei blir 18 år. Margreth Olin vil utdjupa bakgrunnen for filmen og temaet etter visinga. Publikum får også høve til å spørja og kommentera filmen og temaet. Torsdag 14. mars kl. 19.15: Spennande vandring i vev Tekstilkunstnaren Karin Stang frå Nesbyen vil denne kvelden visa fram eigne kunstverk og fortelja om veving, inspirasjon og arbeid. Karin Stang har hatt fleire separatutstillingar og delteke på fleire kollektivutstillingar. Ulike institusjonar har kjøpt inn hennar arbeid. Ho har vore med og laga tekstilane til vegger og benkar i Håkonshallen i Bergen, ho har designa til OL på Lillehammer, strikka kåper til jubileum på Maihaugen m.m. Hennar mest kjente arbeid her i Hallingdal er altarteppet og -duken i den nye Gol stavkyrkje. NB! Møtestaden denne kvelden er den nye kyrkjestugu v/ål kyrkje. Karin Stang har i alle år arbeidd som kunstnar og samstundes vore lærar ved Gol vidaregåande skule. Hennar ekte, direkte og humørfylte måte å formidla kunnskapar på og møta elevar (og publikum!) på, gjer varige inntrykk. Gled dykk! Fredag 12. april kl. 19.15: Om Jobs bok og den nye bibelomsetjinga v/professor Terje Stordalen Hausten 2011 fekk me ei ny omsetjing av heile Bibelen, ein prosess som opnar opp for nye tolkingar og nye problemstillingar. Med utgangspunkt i Jobs bok ei av perlene i verdslitteraturen - vil professor Terje Stordalen ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo, ta oss med på ei reise gjennom dei mange problemstillingane og oppgåvene i omsetjingsarbeidet. Stordalen som sjølv var ein av omsetjarane, vil også fortelja litt om det som vart diskutert i denne prosessen. ÅL KANTORI - bli med og syng i kor! Koret øver jamt over annankvar tysdag og dirigent og musikalsk leiar er Audun Flaen, tlf. 920 34 437. Møt opp i Ål kyrkjestugu - som er nyrenovert og fin - kl. 19.00. Korsang er helsebringane, det er sosialt og det er artig. Nye medlemer er spesielt velkomne! REDAKSJONSKOMITE: Magny Reinton Folkedal Borghild Ulshagen Arne Jensen Bankgiro: 2320.20.70272 ÅL PRESTEGJELD KYRKJEKONTORET Ope måndag-fredag kl 9 14. 6 KYRKJEBLAD FOR ÅL 1/13 7 ADRESSE: Postboks 140, 3571 Ål UTGJEVAR: Sokneråda i Ål, Torpo og Leveld GRAFISK PRODUKSJON: Kreator Kommunikasjon AS 3570 Ål Telefon 3208 2560 Telefon: 3208 6161 FAMILIEVERNKONTORET Telefon: 3208 1175 Prost: Vigdis M. Storhaug Sokneprest: Frank Vorhaug Rådgj./prest: Arne Lie Prostiprest: Arne Jensen Kantor: Audun Flaen Organist: Kåre Sørum Kyrkjeverje: Kjellfred Dekko Sekretærar: Magny R. Folkedal Guro Stave Diakon: Bente K. Sletten Kyrkjetenarar: Per Hermann Kolsrud Nils Medgard Håkon Tveito Reinhaldar: Gro Thoen Kyrkjelydsped. Johanne Marie Jordet Familiearbeidarar: Liv Solberg Heidi Langegard Børge Bekkestad SOKNERÅDSLEIARAR: Terje Nordal Torpo: Anne Torild Grødum Leveld: Ingvard Solberg FELLESRÅDSLEIAR: Ingvard Solberg VI GÅR I KYRKJA 10.02.13 Fastelavnssundag Leveld kyrkje 11.00 Torpo kyrkje 17.00 13.02.13 Askeonsdag 17.02.13 1. s. i fastetida Torpo kyrkje 11.00 20.02.13 onsdag 24.02.13 2. s. i fastetida Leveld kyrkje 11.00 27.02.13 onsdag Heimeside: www.aal.kyrkja.no E-postadresse: aal.kyrkje@hallingnett.no Familievernkontoret Samtaler for par, familiar og enkelt personar Kommunikasjon Konflikt løysing Foreldre rettleiing med meir Tilbodet er gratis Tlf 32 08 11 75 Kirkens familievern kontor Hallingdal Torget 5, 3570 Ål kf.hallingdal@bufetat.no Lause stolar i kyrkjene 03.03.13 3. s. i fastetida Nystølen, Torpo 11.00 Friluftsgudsteneste Sportsandakt 06.03.13 onsdag 10.03.13 4. s. i fastetida 13.03.13 onsdag 17.03.13 Maria bodsk.dag Sportsandakt 20.03.13 onsdag 24.03.13 Palmesundag Neste nr. av kyrkjebladet kjem ut til påske. Stoff til redaksjonsnemnda må leverast kyrkjekontoret seinast torsdag 21. feb. Ved høgtider og store gravferder er det ofte så mykje folk i kyrkjene at ikkje alle får plass i benkane. Ved slike høve får me innspel om å sette ut stolar. I ein nødsituasjon der kyrkja må evakuerast vil lause stolar stenge rømningsvegane. Difor er det totalforbod mot å sette lause stolar i midtgangen, og på sidene i Ål kyrkje! Det står nokre lause stolar i kyrkjene, desse står der me har lov til å ha dei ståande, og skal ikkje flyttast til andre plassar. Me håpar på forståing for at kyrkjetenarane må handheve dette strengt. Det er eit pålegg frå brannvernstyresmakta, det er tryggleiken til deg som er i kyrkja me skal ivareta. -kyrkjetenarane- DØYPTE 02.12. Oliver Holo-Pedersen Leveld: 13.01. Vilde Skarsgard Breibrenna DØDE 03.12. Ola N. Roen f. 1946 08.12. Bjarne Moen f. 1955 30.12. Marie Tingvoll f. 1919 15.01. Olav Hefte f. 1922 Torpo: 15.12. Merethe Kolsrud f. 1969 03.01. Lars T. Bjella f. 1922 DIAKONITILTAK: 1. Pensjonisttreff i Leveld og Vats: 6. februar hjå Kari og Odd Oleivsgard i Gunnarhaugen, Leveld 6. mars hjå Gunn Britt og Tormod Skarsgard i Gunnarhaugen, Leveld 24.april hjå Kari Midtlund og Odd Skarsgard, Vats. Treffa varer frå kl.12-14. Arr. Diakoninemnda i Nordbygdene. 2. Formiddagstreff i Ål kyrkjestugu: Fyrste torsdagen i månaden kl.11-13. Arr. Ål diakoninemnd. 3. Tro og Lys Har samling kvar siste måndag i månaden i Ål kyrkjestugu og i Kyrkja. Kl 18-20. 4. KIA Ål (Kristent interkulturelt arbeid) Har samlingar desse sundagane i vårsemesteret: 20.januar, 17.februar, 17.mars, 14. april, 12.mai og 16.juni. Samlingane blir stort sett på Evjens Minne (men følg me i avisa) kl.17-19. KIA er ein stad for interkulturelt fellesskap med song og musikk, aktivitetar, kaffe og prat. Bente K. Sletten diakon i Ål Mobil 95823129

Informasjon til alle husstandar i Ål Ål kyrkjestugu er forvandla Vigdis Moen Storhaug opna festen den 10. januar med fylgjande historikk: «1937 tok Ål husmorlag initiativ til å bygge gravkapell ved Ål kyrkje. Byggearbeidet startet høsten 1940. Aal Sparebank kosta huset. Rente- og avdragsfritt lån var på 10.000, i tillegg innsamling v/ husmorlaget og byggenemnda med kr. 7927,-. Det holdt til innlagt elektrisk lys, orgel, altertavle og annet nødvendig utstyr. Kapellet ble vigsla 7. oktober 1945. Sommeren 1947 ble huset malt utvendig, vinteren etter malt innvendig. I 1950 kom vedtak om å sette kapellet i stand til å kunne brukes til kyrkjelege handlinger og kveldsmesser. På 50-tallet ble Ål kyrkje ombygd. Så gjorde kapellet tjeneste som kyrkje fra høsten 1956 til våren 1959. På 60-tallet ble huset lite brukt som gravkapell. Flere ønsket huset omgjort til bruk for kyrkjelydsarbeid og i 1973 ble dette gjort. Koret ble revet, koråpningen kledd igjen. Der koret hadde vært, kom det nå kjøkken. Galleriet ble også ombygd og det kom tett vegg til taket. Aal Sparebank ga 50.000, Ål kommune 21.000. Mange gaver kom inn, bl.a. til piano og nytt navn ble Ål kyrkjestugu. Huset ble mye brukt - til søndagsskole, konfirmantundervisning, eldretreff, møter m.m. Etter hvert modent ny renovering. Huset ble etter hvert nedslitt, det var mørkt og kaldt. Og nå huset er ikke bare forandret, men forvandlet! Rommet er åpent, fargene er lyse, vi har fått nye vinder og ny belysning. Veggen til det opprinnelige koret er fjernet igjen. Kjøkkenet har fått ny plassering og er et påbygg, trappen opp til «galleriet» er ny - det er større garderobe og bedre toalettrom med både kaldt og varmt vann!» På tampen av fjoråret fekk me kjøpt inn 60 stolar takk vera respons på innstikk i Kyrkjebladet - veldig takksam for alle som har bidratt. Til festen den 10. januar vart det dekka bord, då måtte ein ta i bruk stolar frå kyrkja og bord frå Borgstugu. Med 80 personar i salen vart det ikkje for trongt. Difor er det ynskje om å kunne bestille 30 stolar til, samt høvelege bord. Det er framleis høve til å gi ei gave til dette formålet ved å nytte konto nr. 2320.20.70272.