SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 1 Partifinansiering 2015, RA-0604 Rettleiing: Hente, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald Informasjon om rapportering av partifinansiering... 1 Hente skjema... 1 Fylle ut skjema... 4 Gi opp kven som skal signere... 5 Signering når personen som fyller ut, skal signere... 7 Signering når personen som fyller ut, ikkje skal signere... 8 Signatur nr. 2... 10 Hente kvittering på fullført innsending... 13 Informasjon om rapportering av partifinansiering Gå til Partiportalen, www.partistotte.no. Logge inn Informasjon om rapporteringa: Sjå «Økonomirapportering» Rettleiing til kvart spørsmål ligg i webskjemaet. Under valet «Økonomirapportering» finst rettleiing til dei enkelte spørsmåla for dei som vel å nytte papirversjonen (identisk med informasjonen som ligg i webskjemaet). ei oversikt over samanheng mellom Norsk Standard kontoplan og spørsmåla standard e-post om rapporteringsplikta ein «dummy» av papirutgåva av skjemaet til orientering rettleiing til kvart spørsmål for dei som bruker papirskjema (ligg i webskjema) Hente skjema Klikk på «Logg på Partiportalen» og «ID-porten v3» i neste bilde. Bruk ein av påloggingsmetodane som blir vist. Du kjem til bildet på neste side. Der finn du parti-id og passord som må nyttast for å få versjonen av skjemaet som høyrer til partileddet ditt. Merk deg ID-en og passordet før du vel «Til rapporteringsskjema».
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 2 Innlogga: SELLE VEMUND Merk deg Vemund Selle parti-id og passord Vel: Til rapporteringsskjema Dermed kjem du automatisk inn i Altinn. Alternativt kan skjemaet bli henta ved å logge på i Altinn. Søk RA-0604 i skjemakatalogen i Altinn. Du treng uansett passordet som blir vist i Partiportalen eller du må få det frå SSB. SSB må i så fall sende passordet til ei autorisert e-postadresse eller brevpostadresse for partileddet. Det er meir tungvint.
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 3 Du kjem til den sida i Altinn som gir tilgang til skjemaet. Klikk på svart felt. Du kjem til Altinn-bildet som vist nedanfor - eller rett til bildet med «Logg inn». Dersom bildet ovanfor blir vist, skal ditt namn stå i feltet, ev. bruk knappen her. Klikk «Hald fram >» Du kjem til «Logg inn»-bildet. Tast inn parti-id (sju siffer) og passord (fire små bokstavar og to tal) som blei vist på www.partistotte.no Vel «Logg inn» Du kan gå tilbake til Partiportalen, klikk på fanen til Partiportalen øverst i bildet på skjermen.
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 4 Fylle ut skjema Du kjem til første sida i skjemaet. Der går det fram kva for partiledd du skal svare for. Du finner forklaringar ved å klikke på?-ikon. Straks du har tasta eit svar, blir felta nedst på sida aktive, f.eks. «Neste >>». Bruk «museklikk» eller 2 x TAB for å velje svaralternativ og svarfelt. ENTER-tasten sender deg til neste sida sjølv om du ikkje har svart på alle spørsmåla på sida. Det du tastar inn, blir lagra kvar gong du går til neste side eller klikkar «Kontroller skjema». Du kan avbryte utfyllinga undervegs og logge deg på att seinare. Skjemaet beheld opplysningane. Opplysningane forsvinn heller ikkje om det blir teknisk brot. Klikkar du «Kontroller skjema», får du opp feilmeldingar og beskjed om korleis du kan rette. Feilmeldingane gjeld også spørsmål som du ikkje har kome til enno. Sjå bort frå feilmeldingane til du har svart på spørsmålet. Det er ikkje sikkert du ser alle spørsmåla på skjermbildet, så «rull/scroll» deg nedover i bildet med piltast eller «rullefeltet/scrollaren» i den høgre bildekanten. Klikk på «Neste >>» for å komme til neste side. Mottatt grunn- og stemmestøtte og dei bidraga som partileddet har rapportert i valkampen som og skal bli spesifisert i rapporten (spørsmål 34), er fylt ut på førehand i web-skjemaet. Grunn- og stemmestøtte blir bare vist om partileddet svarer ja på spørsmål 1 om inntekter utanom offentleg stønad. Spørsmål om spesifisering av bidrag, spørsmål 34, blir bare vist om partileddet har svart ja på spørsmål 1 og oppgitt verdi på mottatte i bidrag i minst ein av postane 11a t.o.m. 15b i resultatrekneskapen. På siste sida av skjemaet starter signeringsprosedyren.
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 5 Gi opp kven som skal signere Du MÅ fylle ut etternamn og 11-sifra fødselsnummer på dei to personane som skal signere, dvs. leiaren av partileddet og eitt anna styremedlem. Følg rettleiinga som står i sjølve skjemaet. Etter at alle felt i skjemaet inklusiv sida ovanfor er fylte ut, vel «Kontroller skjema». Er det framleis logiske feil i skjemaet, kjem det feilmelding. Nokre få feil må korrigerast før innsending, f.eks. namn og fødselsnummer til dei som skal signere, og nokre få andre spørsmål, andre feil vil ikkje stoppe innsendinga. SSB anbefaler likevel å korrigere andre logiske feil som blir vist. Nokre kontrollmeldingar (feilmeldingar) kan henge saman med spesielle rekneskapsmessige tilhøve, det er mogleg, men svært lite sannsynleg (f.eks. kr 0 i føremålskapital eller grunn- og stemmestønad som er ulikt beløpet som blei vist på førehand).
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 6 Når skjemaet er kontrollert og klart for signering, vel «Lukk» i bildet nedanfor. Deretter kjem du tilbake til det førre bildet. Nå er «Vidare til signering» aktiv. Vel «Vidare til signering» selle@xxx.nn 09090990909 11 22 33 44 9090990900 glad@xxxx.nn
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 7 Signering når personen som fyller ut, skal signere Neste bilde, «Steg 1 av 3», stadfester kven som skal signere. Vel «Hald fram til signering». I neste bilde, «Steg 2 av 3», kan du hente opp skjemaet med svar, som PDF og signere elektronisk, vel «Signer» (eitt klikk). I neste bildet står det «Ja» for at du har signert, bildet heiter framleis «Steg 2 av 3» (sjå neste side). Skjemaet er ikkje sendt inn sjølv om det står «og innsending» i overskrifta, men Altinn har sendt ein e-post til partikollegaen som skal signere saman med deg. Samstundes er det opna for at han/ho kan signere. Du er nå ferdig og kan logge ut. Logg deg og ut av Partiportalen.
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 8 Gå berre «Tilbake til utfylling» dersom du ønskjer å korrigere opplysningane. Signeringsstega må i så fall gjerast på nytt. Før du logger ut, kan du sende e-post til andre partikollegaer for å informere om kva som er gjort. Vel «Varsle andre per e-post» til høgre i førre bildet, sjå ovanfor. Skriv beskjeden og vel «Send e-post». Deretter blir det førre skjermbildet vist igjen, nå med beskjed om at e-post er sendt. Logg ut. Personen du har «varsla» på denne måten, får e-posten med ei lenke til skjemaet. Det er berre personen som du har tasta inn fødselsnummeret til (sjå side 5 og 6), som kan nytte den lenka. Vi anbefaler likevel ikkje å bruke denne måten å varsle nr. 2 på. Signering når personen som fyller ut, ikkje skal signere Personen som fyller ut skjemaet, skriv inn fødselsnummer etternamn e-post-adresse og gjerne mobiltelefonnummer til styreleiar og den eine styremedlemen som skal signere, i skjermbildet som er vist på side 5, klikkar «Kontroller skjema» og deretter «Vidare til signering» (sjå side 6 i denne rettleiinga).
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 9 Nå blir bildet «Steg 1 av 3: Utfylling og førebu signering» vist: Namnet på dei to som skal signere, blir vist. Personen som har fylt ut, vel «Hald fram til signering». Dette bildet blir vist: Her kan «utfyllaren» ikkje gjere meir, det er nå sendt beskjed til dei to som skal signere. Personane som skal signere, følgjer rutinen slik han er beskriven for «Signatur nr. 2». Utfyllaren får kvittering på innsending i sin meldingsboks når skjemaet er sendt..
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 10 Signatur nr. 2 VIKTIG: Alt som etter dette skal gjerast for å fullføre signering og innsending, blir gjort ved å logge på direkte i altinn.no. NB Det er ikkje mogleg å fullføre signering mv. gjennom www.partistotte.no Nr. 2 får ein slik e-post: VIKTIG: E-posten kan komme fram til nr. 2 før signeringa er tilgjengeleg i Altinn. Derfor er det føremålstenleg at nr. 2 ventar 10 til 30 minutt etter at e-posten har blitt teken imot, før han/ho loggar seg på Altinn for å fullføre signering og innsending. Nr. 2 må a) logge seg på www.altinn.no på vanleg måte, f.eks. med BankID eller MinID. b) Klikke på fana «Min meldingsboks» c) Der finn han/ho «RA-0604 Finansiering av politiske parti til signering». d) Klikk på «RA-0604 Finansiering av politiske parti til signering»
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 11 I det neste bildet vel nr. 2 «Åpne skjema/tjenesten for å signere» Nr. 2 kan sjå det utfylte skjemaet før signering og innsending, vel «Utskriftsversjon (PDF)» (sjå neste side). Nr. 2 må velje «Signer og send inn», skjemaet er nå signert av begge og sendt til SSB. Etter at nr. 2 har vald «Signer og send inn», blir bildet på neste side vist.
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 12 Nr. 2 er ferdig og kan logge ut. Den som fylte ut skjemaet, har oversikt over signeringsstatus. Om lag eit døgn seinare blir innsendinga bekrefta i Partiportalen. Har nr. 2 vald «Utskriftsversjon (PDF)», blir bildet nedanfor vist. Nr. 2 må velje «Åpne». Dermed blir skjemaet vist, det kan skrivast ut og/eller bli lagra på eigen PC.
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 13 Hente kvittering på fullført innsending Den som har fylt ut skjemaet, ev. nr. 1 som signerte om det er same person, får ikkje automatisk beskjed om at innsendinga har lukkast. 10 til 30 minutt etter at nr. 2 har signert og sendt skjemaet, kan «nr. 1» logge seg på Altinn (NB denne gongen på altinn.no!). Opne fana «Min meldingsboks» og deretter «Arkivert» (sjå til venstre i bildet). Dette gir tilgang til kvittering på og kopi av innsendinga. Referansenummeret (AR-nr.) finn du fleire stader, blant anna, her. Vel «RA-0604 Finansiering av politiske parti, 2015» for å sjå kvitteringa på at skjemaet er signert og sendt (AR-kvittering). Du kjem til eit nytt bilde: Referansenummer som bekreftar innsendinga (AR-nummer). a) Du kan skrive ut AR-kvitteringa på papir. b) Du kan sende AR-kvitteringa til deg sjølv med e-post. c) Du kan ta utskrift eller lagre skjemaet med AR-kvittering (trykt på kvar side i skjemaet). Vel «Utskriftsversjon (PDF)». Du får opp skjema med kvittertingstrykk i raudt, sjå neste side. Logg ut. Dei ulike formene på kvitteringane a, b og c blir vist på de neste sidene.
SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 14 a) Utskrift av kvitteringa: b) eller som e-post, slik:
c) Utskrift av skjema med AR-kvittering: SSB, Partifinansiering rapport for 2015, 04.04.2016, s. 15