Sjakk i monotypi Sidene 4-14. Hest er gøy Sidene 14-18. IKEA i sveitsarhus Side 36-41 Sidene.. Bautaen som vert 100 år. Side 20-22



Like dokumenter
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Jon Fosse. For seint. Libretto

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS


INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Brødsbrytelsen - Nattverden

6. trinn. Veke 24 Navn:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND


ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

FANTASTISK FORTELJING

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

/

Månadsbrev for Rosa september 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

mmm...med SMAK på timeplanen

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Plassebakken Barnehage

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev for ROSA mars 2015

OK, seier Hilde og låser.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Brannsår, rus eller friheit?

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Plassebakken Barnehage

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»


Informasjon til elevane

Månedsbrev april 2015

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Månadsplan for Hare November

Sandeid skule SFO Årsplan

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Med tre spesialitetar i kofferten

S.f.faste Joh Familiemesse

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Transkript:

Påska 2012 7. årgang Laussal kr. 50,- Sjakk i monotypi Sidene 4-14 Hest er gøy Sidene 14-18 IKEA i sveitsarhus Side 36-41 Sidene.. Bautaen som vert 100 år. Side 20-22

USKEDALSPOSTEN Side 2 Mannskapet på plass i Uskedalen Utvikling Av Ola Matti Mathisen Årsmøtet vart halde for stutt tid sidan, men mannskapet i Uskedalen Utvikling er allereie på plass. Den nye leiaren Kristian Bringedal har gjennomført ein effektiv jobb med organiseringa og kva som blir oppgåvene til den einskilde skal vi her sjå nærmare på. STYRET består i tillegg til Bringedal av Erlend Bjørnebøle, Jan Erik Olsson og Berit Harriet Døssland og vararepresentar er Ragnvald Myklebust og Henrik Lyse. Rekneskapsførar er Alf Hjønnevåg. Styret har det daglege driftsansvar og ellers mellom anna ansvar for medlemsskap, vertsrolle for nye tiltak og tilflyttarar og er høyringspart i plansaker. Under styret direkte ligg GAMLESKULEN med mellom anna Cafe TIaren, strikkekafeen, infotavla, kjellaren, renovasjon, ungdomsklubben og planlagt datakurs for seniorar. Ei gruppe med medlemmene Jan Erik Olsson, Berit Olsson, Asbjørn Olsen og Ragnvald Myklebust tek seg av desse oppgåvene. Innreiing av kjellaren er neste store prosjekt for denne gruppa, og skisse er under arbeid. Eit kulturføremål er sannsynleg. Trådlaust nettverk er klårt i Gamleskulen. Under styret direkte ligg også nettsida uskedalen.no som no får ei eigen gruppe med redaktør Ola Matti Mathisen, Tore Mathiesen, Hans Ordin Østebø, Anita Enes og Thor Inge Døssland som medlemmer. Gruppa får både redaksjonelle og tekniske oppgåver og held datakurs 28. mars. Rydding, oppdatering og lenkjer er nokre av dei, DIALOGFORUM held faste møter der ein melder inn saker. Første møte på programmet er om disponering av strandsona 11. april og Redaksjonen: Ingeborg Bjørnebøle Sunniva E. Myklebust Karen Pedersen Brede Emilie Bringedal Ola Matti Mathisen (leiar) Tore Mathiesen (leiar) Britt Torill M. Mathiesen (leiar) Trykkeri: Kvinnherad Bekst AS, Uskedalen Det var godt frammøte under det første fellesmøte i Uskedalen Utvikling. sentrumsplan ein annan viktig sak som bør påskyndast. Andre aktuelle stikkord for denne gruppa er busetnad, næring, oppvekst og trafikksikring. Med i gruppa er Sigurd Børve, Steinar Haugland, Bjørn Olav Tveit og ein representant for skule og barnehage. GRUPPE FOR KULTUR, TURISME OG PROFILERING har guida turar, opplevingspakkar, marknadsføring og aktiv nettsidebruk blant oppgåvene sine. I gruppa sit Gunn Mari Moberg, Morten Nilsen, Ola Matti Mathisen, Kjell Yri og Kristian Bringedal. Alle i mannskapet, som møtte fram utan fråfall i det første fellesmøte har ein generell målsetting å jobba utifrå. Samarbeid og samhandling for god utvikling i bygda står sentralt, likeeins nært og godt samarbeid med kommunen, verksemder og organisasjonar. Det er eit mål å bli besøksmål til Folgefonna Nasjonalpark og ei berekraftig turistbygd. Ellers strekar leiinga under at det er plass for fleire i gruppene. Kontakt: Hobbyklubben v/tore Mathiesen Muslandsvegen 144, 5463 Uskedalen Tlf: 93 83 94 45 Ola Matti Mathisen Tlf: 99 37 13 25 E-mail: uskedalen@knett.no Utgiver av Uskedalsposten er Hobbyklubben i Uskedalen som er ein barneog ungdomsklubb frå 5. kl og oppover. Vi har aktivitetar på bedehuset i Uskedalen anna kvar mandag frå kl. 19.00-20.30.

USKEDALSPOSTEN Side 3 Fredag klokka tre. Av Oddbjørg Heimark Oddbjørg Heimark. Eit herleg tidspunkt. Ferdig med skuleveka. Ferdig med jobben. Fri heilt til måndag morgon! Slik opplev vel dei fleste fredag klokka tre. Fem dagar med plikt og strev ligg bak. Framfor deg ligg tre netter og to dagar som fritt kan fyllast med det du har lyst til. Fredag vert du fri. Ein fredag klokka tre døydde Jesus på krossen. Etter mange, lange timar med ufatteleg pine kom døden som ei utløysing. Endeleg fekk den krossfeste fred. Dei som hadde sett på torturen, gav seg på heimveg. Nokre av dei var Jesu vener. Dei hadde satsa alt på Jesus. No var han brutalt riven frå dei. Alt håp var ute. Nedslegne og livredde stengde dei seg inne med si sorg. Men eit rop frå den krossfeste ringde enno i øyro deira: Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer! Jesus bad Gud tilgje dei som krossfeste han. Enno skjøna ikkje Jesu vener noko av det forferdelege som hadde hendt. Men Jesu bøn for bødlane festa seg i minnet: Far, tilgjev dei------! Sidan skjøna dei at han døydde for at den bøna skulle gå i oppfylling. For bødlane og for oss. Dei skjøna at Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte. Jes 53, 5b Kvar fredag ber med seg minnet om langfredag. Då hende det som gjer at me kan gå fri den straffa me eigentleg fortener. Så sant vi vil at Jesu bøn skal gjelda for oss og: Far, tilgjev dei------!

USKEDALSPOSTEN Side 4 Kunstnarblikk på heimbygda Av Ola Matti Mathisen Sigrid presenterar ein ny monotypi, motivet er Ljosnes og ho har kalt det Det ljusnar Størrelse 65x50cm. Kunstnaren Sigrid Øyrehagen (55) som har røtene sine i Uskedalen og budde på Døsslandsido til ho var 16 år, har hatt utstilling nesten på heimebane i vinter. For tredje gong bad ho og lokale entusiastar inn til salsutstilling i Undarheim på Husnes. Ho fekk igjen sanne at ho er svært glad i og sterkt knytt til heimbygda og Kvinnherad. Det går då også tydeleg fram av produksjonen til Sigrid, som ikkje minst har eit stort innslag av Uskedalsmotiv. Men nokon samla presentasjon av desse har det ikkje vore før og Uskedalsposten har difor bede henne gjera eit utval. Det blir presentert i dette nummeret. Typisk nok vart det ei fin blanding av interiør og landskap. Det vart også ein dokumentasjon av den store spennvidda som Sigrid gjennom sine kunstnarår har hatt med omsyn til teknikkar, frå raderingar via akvarellar og fram til monotypiar. Denne spesielle grafikk-teknikken har ho landa på og har her ein framskote pionerposisjon som ho sjølv har lagt grunnsteinen til. For dei ikkje innvidde kan det enkelt opplysast at alle trykk blir ulike når ein jobbar med monotypi. Eller som ein ekspert, kunsthistorikar Jan Kokkin uttrykkar det etter å ha samanlikna Sigrid med sjølvaste Harriet Backer: De to kunstnerne deler den samme gleden over lysets fall inn i rommet og billedflatens oppbygging i pastose strøk. Bare med den ikke ubetydelige forskjell at i Øyrehagens endelige verk er det ikke malt et eneste strøk. Bildene er tryllet fram gjennom trykkplater og trykkfarger til saftige monotypier som til forveksling er lik nettopp oljemalerier. Med trykkplaten kan kunstneren så lage variasjoner over samme motiv der tettheten erstattes av en luftigere letthet. Sigrid imponerer med sin produktivitet og CV-en hennes er det ikkje så mange kunstnarar som kan visa

USKEDALSPOSTEN Side 5 fram maken til. Til dømes inneheld lista over separatutstillingar rundt 30 stoppestader og ho har også vore med i mange kollektivutstillingar. Moelv og Drammen er dei neste utstillingsplassane. Ho er innkjøpt av Nasjonalgalleriet og Haugesund Billedgalleri, Kvinnherad kommune og Haugesund kommune og har hatt fleire utsmykkingsoppdrag. Sigrid bur i Drammen og pendlar dagleg til atelieret sitt i Tøyen Kulturhus i Oslo der ho inngår i eit myldrande og inspirerande kunstnarmiljø. Der kjem ho til å halda fram, ikkje minst fordi husleiga er til å leve med. Når vi nemner økonomi seier Sigrid, som ikkje har nokon pengesterk støttespelar, at ho så vidt klarar seg. Og når vi har merka oss at ho med åra har vorte stadig meir fargerik i uttrykket sitt, er svaret dette: - Eigentleg veit eg ikkje kvifor. Men det kan ha noko med kjærleik å gjera. - Du som er så produktiv jobbar vel kvar dag? - Nei, eg ventar til eg har lyst og overskot. I sidane framover presenterar vi eit tverrsnitt av Sigrid sin produksjon. Det startar med raderingar, går over i akvarellar og sluttar med monotypi. Ho kaller monotopien ein enkel og direkte grafisk teknikk som straks gir resultat av trykkeprosessen. Sigrid har sin spesielle variant som ho kaller malerisk monotopi. Da jobber ho med full fargepalett og måler på metallplater for så å trykka. Monotypi frå Rødtunet som er kalla Dekket bord, størrelse 32x35cm. Laga i 2000.

USKEDALSPOSTEN Side 6 Dette er ein radering som Sigrid har kalla Frå Rindo, størrelse 16x12cm. Laga i 1978. Dette er ein radering frå 1980, kalla Skipsverft, størrelse 38x28cm.

USKEDALSPOSTEN Side 7 Dette er ein radering frå 1982, kalla Sentrum, størrelse 34x23cm. Denne radering er frå Kapteinsgården og er det andre trykket Sigrid deltok på haustutstillingen med. Biletet er frå 1982, kalla Ettermiddag, størrelse 25x22cm.

USKEDALSPOSTEN Side 8 Dette er ein radering frå 1988, kalla Høstkveld. Dette er ein tidleg akvarell, frå ca. 1976, det er den første akvarellen ho opplevde å få til. Ho har kalla denne Junikveld, størrelse 40x30cm.

USKEDALSPOSTEN Side 9 Regn og uteløa er ein akvarell, størrelse 32x24 cm. Fjellandsbø er ein monotypi laga i 1990, størrelse 58x36 cm.

USKEDALSPOSTEN Side 10 På bordet er ein monotypi laga i 2011, størrelse 41x54 cm.

USKEDALSPOSTEN Side 11 Minne fra i dag er ein monotypi frå 2000, størrelse 65x50cm.

USKEDALSPOSTEN Side 12 Magisk kveld er en monotypi frå 2005, størrelse 39x66cm. Landskap er en monotypi, størrelse 54x41 cm.

USKEDALSPOSTEN Side 13 Sjakk er en monotypi frå 2004, størrelse 41x54 cm.

USKEDALSPOSTEN Side 14 Hestane på Musland Av Sunniva E. Myklebust, Ingeborg Bjørnebøle, Karen P. Brede og Emilie Bringedal Norah Kristoffersen på ridetur på Grim. På øvre Musland er det i alt 3 naboar som har stor glede av hestane sin. Ikkje berre dei heller, for dei av naboane som ikkje har hest sjølv har og hatt gleda av å få bruka dei oppi gjennom åra. Anders Kristoffersen laga til ein ridebane for nokre år sidan, og der kan alle hestane få trena. Den er i bruk fleire gonger i veka. Elles er det fleire fine stader å ri turar ute i naturen på Musland. At så mange naboar har hestar syntest vi var så spesielt at det var verdt eit stykke i Uskedalsposten.

USKEDALSPOSTEN Side 15 Anders Kristoffersen gir godbit til Grim og Tula. Anders Kristoffersen, Grim og Tula. -Kva heiter hestane, kor gamle er dei og kva rase er dei? -Tula er 19 år og nordlandshest. Grim er 10 år og er ein islandshest - Kvifor valgte du desse hestane? -Det var vel litt tilfeldig. Marte ville ha Tula, mot min vilje. Den kom frå Kåre Vetrus. Eg var litt lei hest. Eg dreiv så mykje med hest då eg var ung. Alle hadde traktor, mens vi hadde hest til eg var nesten 17. Grim er Andreas sin. Den er kjøpt i Røldal. Då var den ung og utemd. Det var mange løgne turar med den i starten. -Kor lenge har du hatt hestane? -Tula har vi hatt lengst. Rundt 17 år. Ellers er eg fødd og oppvaksen med hest. -Kva gjere du med hestane? -Alt for lite. Nokre rideturar sørover. Eit par turar på Hardangervidda og på fjellet her. Vi var 5 stykker på Harangervidda. Det var ein kjempetur! Vi brukte våre hstsar og og lånte 3 stykker. Naboer har opp gjennom åra lånt og stelt dei. -Kva forar du dei med? -Silo, tørrhøy, havre og kraftfor. -Er det noko dei likar godt av mat? -gulrøter, skiver og all slags frukt. -Skor du sjølv? -Ja. Dei brukar ikkje så mykje sko. Stor forskjell på rasane korleis dei klarar å gå utan sko. Sundt å få gå utan sko nokre månader i året når dei er minst brukte, minst ridd på. Mine rasar tåler det godt. -Korleis er det om vinteren? -Eg kler dei ikkje. Dei likar å vera mykje ute. Dei rasane eg har set meir pels enn kanskje andre. Må passa på når eg salar dei, så håra ikkje heng seg fast i selen. Då kan det lett bli nokre kromspring.dei har aldri vore sjuke. Med varmblodshest må ein tenkje meir på dekke og klede om vinteren. -Kvifor er det jenter som er mest interessert i hestar? -Det har eg lurt på og. Vi hadde hest når eg var 15-16 år. Naboene hadde ikkje hest. Jentene då var ikkje interessert i å stelle hesten. Var vel meir enn arbeidshest og ikkje ridehest. Når hestane vart brukt til hobby kom jentene. -Kva kostar det å ha ein hest i eit år? -Har aldri tenkt på det. Dei to eg har no kostar like mykje som ein hest. Hadde ein lett døl, og han åt like mykje som desse to til saman. Dei er godt i hold desse og. -Korleis er lynnet på hestane? -Tula er spesiell, egenrådig men og trygg og god. Likar ikkje å bli kost og stelt med. Kilen kanskje. Grim er ein kosegut. -Er hestane glupe? -Nokon er nok glupare enn andre får vi sei. -Kvifor har du hestar? -Kjekke dyr å ha. Veldig kjekt på tur. Ungane, Marte som er mest grunnen.

USKEDALSPOSTEN Side 16 Venstre: Terese Omvik på tur i vogn med Chiefo. Over: Ingvill og Sunniva E. Myklebust på tur med Erna. Terese Omvik, Chiefo og Erna. -Namn, alder og rase? -Lady Cief (Chiefo) er 16 år og er svensk varmblods. Erna er 28 år og er ein fjording. -Kvifor valgte du desse rasane? -Det var heilt tilfeldig. Eg fekk Chiefo av ein som ikkje kunne ha den. Då var ho 6 år. Erna har eg ilag med svigerfar. Erna kom for å vera ein selskapshest til Chiefo. -Kor lenge har du hatt hestane? -Chiefo har eg hatt i 10 år og Erna har eg hatt i 2 år. Før Erna kom, leigde eg ut boksen. -Terese, fortell om 28- åringen. -Erna har vore brukt til hesteskyss i Rosendal for turistane. Ho har og vore arbeidshest, kjørt møkk, sett poteter og drege plogen. Ho er nesten som eit menneske for ho held seg så sprek. Ho er også super bestemt og kjempe selskapssjuk. Samtidig så er ho kjempekjekk! -Kva gjere du med hestane? -Eg rir på tur, kjører på tur og litt på bane. Når eg kjører på tur, brukar eg ei maratonvogn. Den er firhjula og ledda. Den er kjempegod og kjøra med. Då ho er ledda, treng eg ikkje så stor plass for å snu når eg må det. -Kva forar du dei med? -Høy, kraftfor, betfiber, vitaminar, biotin noko som gjev sunne hovar, salt oge gulrot. -Er det noko dei likar godt av mat? -Dei liker gulrot, eple og tørre brødskiver. -Skor du sjølv? -Ja! Eg skor Chiefo kvar 6. veka. Då skjera eg hoven og sett skoen fast med saum. Eg har på dei broddsko om vinteren. Desse har piggar som får godt feste på glatt underlag. Erna blir skodd sjeldnare for hovane veks seinare på gamle hestar. -Kvifor er det jenter som er mest interessert i hestar? -Jenter er meir smartere enn gutar, og veit kor kjekt det er med hest. -Kva kostar det å ha ein hest i eit år? -Det varierer veldig. Stallplass, skoing, høy og kraftfor og alle andre slike ting. Vaksinering og tannrasp bør ein gjere minst ein gong i året, tannrasp. Vaksinering og tannrasp gjer dyrlegen. Så har vi forsikring. -Korleis er det om vinteren? -Kjempegøy når det er snø! Då må ein ha varme og gode kler! Hesten kosar seg. -Korleis er lynnet på hestane? -Dei er veldig snille begge to og veldig trygge og stødige i trafikken. -Er hestane glupe? -Hestar er flyktdyr og har ikkje logisk sans. Dei er ikkje dumme, men det er å gå for langt å kalla dei smarte. Hestar er snille så dei har ikkje tenkt til å vera stygge eller ondskapsfulle mot folk. Så det er opp til oss at hestane forstår kva vi vil.

USKEDALSPOSTEN Side 17 Linda Matre og Angilina brukar ridebanen på Musland flittig. Linda Matre og Angilina. -Kva heiter hesten, kor gamle er den og kva rase er det? -Angilina, 13 år og er dansk varmblod. Ho kjem frå Danmark. Dansk varmblods er ein egen rase. - Kvifor valgte du denne hesten? -Fordi eg ville ha ridehest, spranghest. Er utdanna spranghest. Stallen eg kjøpte ho frå utdanna spranghestar. -Kor lenge har du hatt hesten? -Sidan eg var 12 år tenkjer eg. 21 år faktisk. Då fekk eg Njål, som føll. Hadde han heilt til for 1 år sidan. -Kva gjere du med hesten? -Trener i sprang og dressur og deltek på kurs i Rosendal. Elles halde ho i form. -Kva forar du den med? -Høy og masse kraftfor. -Er det noko ho likar godt av mat? -Ho er veldig glad i gulrot, epler og kraftfor. Likar å lukte på det ho får før ho et det. Bananer likar ho og faktisk. -Skor du sjølv? -Nei, det gjer eg ikkje. -Korleis er det om vinteren? -Stortsett bra, så lenge ikkje snøen blir for djup. I vinter har det vore topp. Ikkje hardt og frose men mjukt og fint å ri i. Har meir kler på henne. Når ho blir skodd om vinteren får ho fyrst ein snøsåle og så skor med piggar. -Kvifor er det jenter som er mest interessert i hestar? -Vanskeleg spørsmål. På uproft nivå er det mest jenter. Men, på toppnivå er det like mange menn som kvinner. Mest jenter i ung alder. -Kva kostar det å ha ein hest i eit år? -Kostar ganske mykje. For min del kostar det fort 30.000 kroner i vanlege utgifter. Så kjem utstyr utanom. -Korleis er lynnet på hesten? -Ho er vel litt nervøs og veldig aktiv og framadgåande. Mykje energi. Ligg nok litt i rasen. -Er hestane glupe? -Ja, det er eit klokt dyr. Ho forstår mange ord og kva dei betyr. Skjønnar kommandoar, både når ho er laus og når ho longerer. Trav, snu, galopp, holt og skritte er komandoar ho skjønar.

USKEDALSPOSTEN Side 18 På hesteryggen over Hardangervidda Av Møyfrid Kristoffersen Sommaren 2001 var Anders Kristoffersen med familie og kjenningar på tur over Hardangervidda. Her skor Andreas og Anders ein av hestane under turen over vidda, frå stølen på Haukli og ned Valldalen til Røldal. Her er heile turfølget på vei vidare etter overnatting på Litlos. Hårteigen i bakgrunnen. Her må dei leie hestane ned over ei snøfonn, då snøen var blaut og det var steinur under

USKEDALSPOSTEN Side 19

USKEDALSPOSTEN Side 20 Frå lokale markeringar i Uskedalen til Grunnlovsjubileet i 2014. Av Kristian Olav Bringedal Trykk av Grunnloven frå 1814 Dette er ein artikkel om Grunnloven frå 1814 og lokale lag, organisajsonar og hendingar med jubileum i 2013 og 2014 Riksjubileet i 2014 med 200 år sidan vi fekk Grunnloven skal markerast med historiske bokverk, signalbygg, restaureringar og oppussing av historiske bygg. Ja, Grunnloven skal jamvel reviderast med eit nytt kapittel om menneskerettane. Eidsvollsbygningen er ein sentral arena og ei omfattande renovering skal vera ferdig i 2014. Det same gjeld oppussinga av Norsk Folkemuseum. Arbeidet med Norsk Ordbok i 12 bind skal vera ferdig same året. Eit historieverk om naboskapet mellom Noreg og Russland er klart for lansering i 2014. Som vi ser, eit jubileum opnar opp for profilering og det er eit høve til å visa seg fram. Ei nasjonal markering er ein kamp om merksemd og pengar. Eit jubileum er også kamp om definering av fortida. Fortida er ikkje avslutta. I tolkinga av fortida ligg føringar og forståing av notida og framtida, synet på kven vi er og kor vegen går vidare. Grunnlovsjubileet vil gjera sitt til at vi vert historisk medvitne og lokalt vil vi leita fram frå gløymsla lokale hendingar og bygg som har sine jubileum i åra 2013 og 2014. Lag og organisasjonar, som ikkje har runde år i 2013 og 2014, er ikkje nemnde her. Her er ein oversikt i kronologisk rekkjefylgje: Forening for Norsk misjonsselskap frå 1844 Det Norske Misjonselskap vart skipa i Stavanger i 1842. Den fyrste foreninga i Kvinnherad kom same året. Dette var ein forening fot heile Kvinnherad. Men alt i 1844 skilde Uskedalen seg ut med eigen Kvinnherred forening nr.2 Fram til 1860 talet var det berre menn med. Vi kjenner heller ikkje til kven som var leiar dei fyrste åra. Seinare var Hans

USKEDALSPOSTEN Side 21 Uskedalen Kyrkje 100år i 2014. Foto Tore Mathiesen Døssland, Helge J. Feet og Jørgen Thunol sentrale personar og leiarar fram til 1900. Laget var laust organisert utan skrivne medlemer. Vi må likevel rekna dette som den fyrste organiserte foreningen i Uskedalen. 170 års jubileum i 2014. Uskedal Indremisjon frå 1863 Ser vi bort frå Norsk misjonsselskap sin forening i Uskedalen frå 1844, er Uskedal idremisjon det eldste laget i bygda, skipa i 1863. Bakgrunnen var arbeidet til Hans Nilsen Hauge og oppheving av konventikkelplakaten i 1842. Tormod Myklebust skriv om framvoksteren av lekmannsrøsla og om bygging av bedehuset i Uskedalen i Kvinnhersminne, årbok 15, 2011. 150 års jubileum i 2013 Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad frå 1864 Etter mykje førearbeid vert Sønhordland, Hardanger og Voss Fellesforening for Indre Mission skipa i løa til Hans Døssland i 1864. Namnet vart seinare endra til Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad, forkorta til Samskipnaden. Samson T. Stueland var fyrste formannen. Etter han kom Tormod Myklebust frå Uskedalen. 150 års jubileum i 2014 Ljosje Uskedølen frå 1913 Uskedal Fråhaldslag var skipa alt i 1885 og var sterkt prega av arbeidet i misjonslaga. Ljosje Uskedølen frå 1913 med barneljosen Solfjell henta medlemer frå den frilynde ungdomsrørsla. Øvstetemplar har vore: Andreas Haugland, Brigt Rød og meieristyrar Kristen Døssland. Barneljosen var i drift fram til 1954 Om Ljosje Uskedølen hadde vore aktiv i dag, hadde dei hatt 100 års jubileum i 2013. 17. mai ved bautasteinen. Foto Ola Matti Mathisen. Bautasteinen frå 1914 Bautasteinen er ein minnestein for utkommanderte i striden 1807 1814.

USKEDALSPOSTEN Side 22 Steinen er reist i 1914 etter initiativ frå Uskedal ungdomslag. Til vigslinga 17. mai same året skreiv Kristen Døssland diktet Ei takk til fedrane. Kvar 17. mai er det minnemarkering og elevar frå Uskedal skule les Olaf Agnar Gausvik si helsing Ved bautasteinen. Dei tjueni namna er hogne inn av Abel Eik og Johannes Wang. Til 100 årshøgtida bør steinen reingjerast og alle namna må friskast opp. 100 års markering i 2014 Uskedal kyrkje frå 1914 Kyrkja er bygd i 1914 etter teikningar av domkyrkjearkitekt Olaf Nordhagen. Byggmeister var Engel Sundfjord frå Strandvik i Fusa. Kyrkja hadde si opphavelege form fram til restaureringa i 1965 då mellom anna det særeigne kuppelforma tårnet vart skifta ut med ein spiss hjelm. Ei skriftnemnd er alt i arbeid med ny jubileumsbok. Kaare Skaala er forfattar. 100 års høgtid i 2014 Uskedalen bedehus, Foto Tore Mathisen Helgheim, Foto Tore Mathisen Vonheim, Foto Ola Matti Mathisen Vonheim frå 1933 Vonheim er forsamlingshuset på flyttefot, frå uthus på garden Nedre Sandvik i Dimmelsivk, via skulehus i Uskedalen fram til 1902, det fyrste Helgheim til det Vonheim vi ser i dag frå 1933. Les meir: Britt Torill Mykelbust Mathisen sin artikkel i Kvinnhersminne 15, 2011 80 års jubileum i 2013 Uskedal bedehus frå 1933 Førebuingsarbeidet for bedehus i Uskedalen tok til alt i 1919 med innsamlingslister og tilrådingar frå Bertel B. Myklebust, Ivar Arnesen d.e. og lærar Jørgen Thunold. Huset stod ferdig i 1933. 80 års høgtid i 2013. Helgheim frå 1934 Det nye Helgheim vigsla 11. mars 1934 av skuledirektør Knut Markhus. Mykje arbeid er gjort med huset fram til i dag, - nye vindaugo, påbygg med nytt saniteranlegg, handikaptoalett, rullestolsinngang, nytt kjøkken, oppussa matsal og enøktiltak med to varmepumper. Det føreligg planar om renovering av kjøkkenet. Meir informasjon finn du i boka Uskedal ungdomslag 1888 1988. 80 års jubileum i 2014 Til slutt tek vi med at H. Sætre bakeri starta i 1934 i Skaale sine butikklokale på Seimsfoss. Han flytta verksemda til Uskedalen i 1338/39. Sætre kjøpte tomta av Kristian O. Bringedal. Grunnmuren var alt sett opp. Tanken var at Konstanse Bringedal skulle driva handel her. Ho døydde ung og H. Sætre bygde bakeri og butikk på tomta. Nedlagt 1971. 80 års jubileum i 2014 om bakeriet hadde vore i drift i dag Jacobine Haugland eftf. ( Mollo ) opna ny butikk i 1963 tvers over riksvegen. Den velkjende manufaktur og matvarebutikken hadde då vore i drift sidan 1927. Nedlagt 31. desember 1994. 50 år i 2013 om butikken hadde vore i drift

USKEDALSPOSTEN Side 23 TI PÅ GATA TEKST OG BILDE: Av Sunniva E. Myklebust, Ingeborg Bjørnebøle, Karen P. Brede og Emilie Bringedal Spørsmål: - Har du påskeegg, og kva har du i det? - Kva betyr påsken for deg? Ronya Lakselv -Ja eg har påskeegg. Godter. -Jesus dø på korset og stod opp igjen Ingrid Schwenke -Eg hadde det før, og då var det godteri i det. -Koselig å vera med familien og dra på hytta. Ann Helen Rød -Nei -Jesus dø og stod opp igjen Karoline E. Myklebust -Ja.Har snop i det. -Ha fri og kosa meg med familien og stå på ski. Sivert E. Myklebust -Ja. Snop og leiker. -Ha fri og og vera med familien. Leita etter påskeegg Tor Eik -Nei, men eg har til barnebarna med godteri i. -Eg slappar av og går til fjells. Maren H. Gundersen -Ja, og eg har godteri i. -Veit ikkje. Oskar Langballe -Nei, men visst eg hadde hatt hadde eg hatt marsipan. -Ei religiøs høgtid Harald Berg - Nei. - Eg har fri og slappar av. Knut Lie -Nei - Å fiske i båten. Brekketoppen, 5463 Uskedalen Vakttelefon 926 40 546 - Tlf: 53 48 63 22 Bilutleie Understellsbehandling Viking/NAF redningstjeneste Sal av Tysse-tilhengarar Vi leverar ut blomar i Uskedalen og omegn. Gjennom Interflora kan vi formidla blomehelsningar til heile verda.

USKEDALSPOSTEN Side 24 Så, du skal verta millionær? Av Tormod Vågen vart skrive på 1960 tallet ein gong. Arna og Tormod Vågen. Biletet er teke i USA i 1946 Han Ola var ein luring, Men han tala med oss borna, og vi tykte godt om han. Nå såg eg på lang fråstand at han hadde noko særleg på hjarta. Det var slikt eit lurt glimt i høgre auga. God dag, Tormod, er du ute og går? Ja, eg skal eit ærende til krambua. Så klukklo han litt, og eg skjøna det var noko særleg i vente. Så du skal værta millionær, du, far? Det kom ironisk og spottande. Eg kjende at eg vart sprutande raud og svara kjapt at eg aldri hadde hatt slike planar. Men Ola heldt på sitt, og straks fekk eg vita kven kjelda var. Ein av skulekameratane mine hadde fortalt at eg ville verta millionær. Eg hadde sagt det i fullt alvor. Eg var stum. Samanhengen og mistydinga skjøna eg snart. Men skulle eg fotelja han Ola sanninga, eller skulle eg teia? Den vesle hjernen arbeidde med snøgg fart. Eg kunne i alle fall ikkje lata han og andre tru at eg var stormannsgalen. Han Ola tala med all slags folk, og snart ville denne mistydinga fara dalen rundt. Nei, skuldinga måtte avlivast straks, og før eg visste ordet av det, glapp det utor meg: Eg har ikkje sagt millionær, men misjonær. Ola vart ståande med open munn og tok opp att liksom for seg sjølv det eine ordet: misjonær, misjonær. Eg kjende det som vegen sokk under meg, og sekunda var lange som timar. Ola bad meg helsa heim, og eg for av stad så snøgt dei små føtene kunne bera meg. Eg korkje såg eller høyrde. Mi eiga verd vart så stor. Eg fekk kjøpt varene på krambua og sprang oppetter vegen for å koma åleine. Eg kjende det som alle såg på meg Først då vegen gjekk attom det store steingjerdet på Dønhaug, kunne eg anda fritt og tenkja over kva som hadde hendt. Her var eg åleine og let tankar og kjensler få fritt laup. Eg kjende det som verda var ny. Ei uventa, uhyggeleg og stor oppleving hadde ført meg inn i eit nytt tilvære. Misjonærtankane var nok ikkje nye, dei hadde litt etter litt festa seg i barnesjela. Mor hadde sått misjonssæden, og hennar bror hadde nørt han. Sjølv tenkte Albert Myklebust å verta misjonær, men han var for gammal. Han arbeidde som forkynnar heime, og vi borna kjende varmen av misjonselden, som brann i hans sjel. Misjonærtankane mine var såleis ikkje nye, og i ei fortruleg stund hadde eg fortalt eit par kameratar om mine framtidsdraumar. Eg fekk høyra deira planar, og dei mine. Men at dei skulle fortelja dette til vaksne folk, hadde eg aldri tenkt. Ikkje eingong mor kjende til misjonærtankane mine. Men no vart altså dette ei offentleg sak. Eg såg for meg dei som til vanleg tala med han Ola. Ofte sat han på krambua med pipa om kveldane og drøfta alt som gjekk for seg i dalen. Enn om han skulle fortelja det der. Eg vart både kald og varm. No ville både store og små tru at eg var stormannsgalen. Kanskje desse to kameratane hadde bore det utover heile bygda? Var det dei som hadde rengt, eller var det han Ola som hadde høyrt feil? I alle fall ville no sanninga koma fram. Alt i kveld ville kanskje Ola lata bomba springa i piperøyken på krambua. Då ville han Gunnar høyra det og. Han satt ofte der, og han kjende meg godt frå fabrikken. Han ville sikkert seia at eg ikkje var betre enn dei andre. Når han skulle ausa opp sild og brisling or laken, trengde vi på han frå alle kantar. Ofte vart han sinna og kravde at vi kom ein etter ein med korga vår. Han hadde jaga meg også eit par gonger, den eine gongen bruka han endå til vonde ord. Siste gongen han ausa

USKEDALSPOSTEN Side 25 Tormod Vågen vaks opp i Uskedalen og Vågenhuset i Vågabrekka. opp, fekk eg ikkje sild. Han visste at vi arbeidde på akkord og skulle skifta silda rettferdig ut. Men elles måtte eg nok erkjenna at Gunnar likevel hadde rett. Eg hadde vore like pågåande som dei andre, og det var gale av meg som tenkte å verta misjonær. No skulle alt verta annelis, ja, no måtte det verta annleis. Etter denne dagen kunne eg rekna med at heile dalen visste om mine framtidsplanar. Ei kjensle av noko stort og verdfullt, Nesten høgtidsamt la det seg innover livet, der eg gjekk i mine einge tankar langs steingjerdet. No var eg komen fram på bakkekanten, nesten ned til stabburet hans Nils. Der låg dalen framom meg. Nei, kor fager han var. Som ein krans omkring låg Ulvanåsa, Solfjell og Ådnaklett. Dei to siste var grøne og blide, men den første reiste seg majestetsisk og snau opp mot den evige snø. Men så kom dei grøne liene nedanfor, og på begge sider av elva i dalbotnen låg gardane. Mange hagar var raude av kirsebær, og folket var ute på markene. I dag gjekk det mykje turrhøy i hus. Eg let augo gli frå gard til gard og fann snart ut kven av dei som var lengst komen med slåttonna og kven som hadde mest att å gjera. Eg kjende både gardane og folket. Men alt dette måtte eg ta farvel til. Med eitt kjende eg som om hjarta var knytt til dalen og folket med tusen band. Augo mine gleid oppover åsen. Attom låg heimen min. Kanskje det var ei styring at eg ikkje kunne sjå han nett no. Eg kjende at noko snørde seg til der inne og ein klump sette seg fast i halsen. Kunne eg makta seia farvel til far og mor og til alle mine? Med eitt kjende eg kor glad eg var i dei alle saman. Skulle eg reise til misjonsmarka, måtte alle omsyn fara. Eg måttte risikera livet og rekna med å aldri å sjå dei att. Nei, eg var nok for veik likevel. Eg kunne nok ikkje verta misjonær, eg var berre ein vanleg liten gut i ein trong dal. Misjonærane var store menn med stor tru. Eg hadde stogga ovanfor stabburet hans Nils. Det var som eg ottast for å møta menneske. Kva skulle eg svara om dei gav meg same spørsmålet som han Ola? Eg kunne ikkje fara rundt i dalen og fortelja at eg skulle verta misjonær. Eg måtte stansa her og finna svaret eg skulle gi. Ei stund var det som om eg stod i skårfeste oppe i fjellet. Ikkje kunne eg gå attende. Eg hadde sagt det sjølv til han Ola at eg skulle verta misjonær. Om eg svikta mitt ord, vart eg ærelaus i heile dalen. Men kunne eg våga spranget frå den siste fjellskrenten utover det store stupet? Torde eg seia ope til dei som spurde, at eg skulle verta misjonær? Som eg stod der rådvill og redd, var det ei røyst som kviskra stilt ein stad der inne: Du har gløymt å tala med Jesus om saka Eg vart reint redd meg sjølv. Her gjekk eg med misjonærtankar utan å nemna det med Jesus. Det måtte vel vera påfunn og stormod alt i hop. Eg falda hendene og bad. Det kom ikkje mange ord, for alt sprengde på samstundes. Eg visste ikkje kvar eg skulle taka til. Bøna var berre halve setningar. Men eg fekk nemna samtalen med han Ola, og bad om hjelp til å verta misjonær. Og etter som eg bad, kjende eg meg roleg, og ein still, lun fred fylte sjela. Det kjendest som å koma inn frå eit stormande hav til ei lun hamn. No kunne eg gå vidare. Snart var eg framom huset hans Nils. Han og kona arbeidde med høyet og håtta ikkje eingong at eg kom framom. Eg kjende meg så merkeleg no, så ny og sterk og glad. Eg var liksom komen inn i ei onnor verd, der eg levde åleine. Dei andre var komne så på fråstand. Eg såg dalen og folket og arbeidet utanfrå, frå ei onnor verd, ei verd eg lika å leva i. Eg ottast det berre var ein overgang. Eg kjende at eg ynskte å halda fast på den nye opplevinga. Eg torde nesten ikkje stiga i vegen. Kan det vera berre ein overgang? Nei, eg vert aldri den same som før, men eg må visst ha alt dette nye for meg sjølv. Eg får vona dei andre gløymer det, så vert løyndomen min åleine. Seinare skal løyndomen verta openberra og kjend. Det var så underleg å koma heim. Eg kjende meg så framand. Eg høyrde nok heime der, men berre for ei lita stund. Den kvelden vart eg liggjande lenge og tenkja. Då eg hadde bede kveldsbøna mi, måtte eg til att. Spørsmålet arbeidde seg innetter i sjela, dette eine, store spørsmålet: Er det Guds vilje at du skal verta misjonær? Eg hadde inga openberring fått. Misjonskallet måtte sikkert vera noko mykje meir. Men før eg sovna om kvelden, lova eg å fylgja Jesus kvar han vile føra meg.