Saksnr Utval Møtedato Ud-7/12 Utdanningsutvalet 07.03.2012 Fylkesutvalet 26.03.2012 Fylkestinget 16.04.2012



Like dokumenter
Nasjonal digital læringsarena, NDLA Godkjenning av vedtektsendring for samarbeidet

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Forfall skal meldast til koordinator på mobil , som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Foreldreundersøking i skule 2006

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Digitale læremidler - utforsking og vurdering. November 2011 Tonje H. Giæver og Louise Mifsud

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Bakgrunn for Kunnskapsløftet

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Kunnskapsdepartementet ynskjer ei trygg identifisering av elevar og lærarar. Løysinga er Feide (Felles Elektronisk IDEntitet)

St.meld. nr. 21 ( )

Vurderingsrettleiing 2012

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Ditt valg! Videregående opplæring Gjelder for skoleåret Side 1. Oppdatert

HANDLINGSPLAN Side 1

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

Kommunedelplan for oppvekst

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Strategi for kompetanseutvikling

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune Handlingsplan 2008

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Kvalitet i dagleg arbeid. Stolte fagfolk for framtida

Frå dikt til teikneserie

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Eksamen SAM3035 Økonomi og leiing / Økonomi og ledelse. Nynorsk/Bokmål


KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

KS: Utviklingsrettleiarane: Inger Marie Evjestad

GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE ETTER FEM ÅR Status, utfordringar og vegar vidare Elaine Munthe 18. mars 2015

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Årsplan for Norsk

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Mal for vurderingsbidrag

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Arve Hans Otterlei Medlem FRP Målfrid Mogstad Johannes J. Vaag

Praksiseksempel - Leseopplæring i samfunnsfag for elever med nynorsk som sidemål

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

VESTNES KOMMUNE Ikkje offentleg Off.lova 13 J.fr. Forvaltningslova 13, nr. 1

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Tiltaksplan

Vaksenopplæringa sin plass i Utdanningsforbundet. Kristiansund Solveig Eldegard

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Bjørnehiet SFO - informasjon

Fylkeskommunale styremedlemmer i private skular

Møteprotokoll. Møtestad: Hopen brygge, Smøla Dato: Tid: Protokoll nr: 2/2016. Faste medlemer som møtte:

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Leiing- Nøkkelen til betre helse- og omsorgstenester Flora som døme. Jan Helge Dale Kommuneoverlege

Endelig TILSYNSRAPPORT

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Informasjon til foreldre om regelverket i grunnskolen (nynorsk)

Ungdom engasjerar ungdom (Ref #ce92a3a7)

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 22.02.2012 10678/2012 Kristin Glæstad Vonheim Saksnr Utval Møtedato Ud-7/12 Utdanningsutvalet 07.03.2012 Fylkesutvalet 26.03.2012 Fylkestinget 16.04.2012 Digitale læremiddel i vidaregåande opplæring Bakgrunn Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret for utgifter til nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr til elevane, beskrive i 19-6 i forskrift til Opplæringslova. Gratis læremiddel vart innført for Vg2-elevar i 2007/2008, Vg3-elevar i 2008/2009 og for Vg1-elevar i 2009/2010. Saksopplysningar Det er fleire grunnar til at digitale læringsressursar er viktige i opplæringa. Tilgang til ulike medium, verktøy og tenester er ein føresetnad for å kunne følgje opp måla i læreplanane til Kunnskapsløftet. Læremidla er verktøy for å nå kompetansemåla og oppnå grunnleggjande ferdigheiter, i tråd med Læreplanverket for Kunnskapsløftet. I fleire læreplanar for Kunnskapsløftet er det lagt opp til at elevar/lærlingar skal samhandle med andre ved hjelp av digitale verktøy. Digitale læringsressursar gjer lærestoffet tilgjengeleg for fleire og det er lettare å differensiere fagdidaktisk lærestoff, både for dei svake og dei flinke. Læremidla skal i den grad det er mogleg vere utvikla etter prinsippet om universell utforming. Dette ligg inne som krav i anbodsdokument frå fylkeskommunen. For elevar som treng særskilte tilretteleggingar vil det vere nyttig om det er lagt til rette for å bruke ulike komponentar (tekst, lyd, bilete og video) frå både trykte og digitale læremiddel. Elevar kan då bruke trykt og digitalt materiell parallelt og tilpasse lærestoffet etter emne, fag og innhald. Dette vil støtte inkluderingstanken om deltaking i eit fellesskap og tilpassa opplæring.

Side 2 Teknologisk utvikling Vi er oppe i ei rivande teknologisk utvikling som endrar premissane for IKT-basert læring. Det foregår mellom anna fleire forsøk på å bruke nettbrett i staden for bøker og eventuelt PC, der utviklarane tilrettelegg sine ressursar for brett. I vårt fylke har vi to skolar, Sunndal vgs og Fræna vgs, som deltek i eit ipad-prosjekt i samarbeid med Aschehoug. Erfaringane frå dei ulike prosjekta er mellom anna at det teknologiske kan kome meir i bakgrunnen, og den faglege læringa blir meir sentral fordi teknologien er meir intuitiv enn tidlegare. Dette kan vere med på å gjere lærebøkene tilgjengelege for fleire, og ein kan utnytte teknologien meir målretta til læring. Men også her spelar læraren og klasseleiinga ei sentral rolle. Det er ein del utfordringar knytt til denne type teknologi (flash og LMS), og det må avklarast om dette skal ut til skolane i stor skala. Meir bruk av digitale ressursar kan også medføre større behov for bandbreidde og eit behov for funksjonell programvare. På skolane i Møre og Romsdal er det ei utfordring i forhold til nettkapasiteten ved skolane pga svært høg bruk av til dømes nettressursen Youtube. Noko av denne aktiviteten er i undervisningssituasjonar, medan mykje av det blir bruka av elevane til utanomfagleg aktivitet. I februar 2012 gjekk Utdanningsavdelinga ut med ei undersøking med spørsmål om PC-ordning og tema knytt til pedagogisk bruk av IKT. Vi fekk 503 lærarsvar og 2309 elevsvar. I undersøkinga ba vi mellom anna om tilbakemelding på om denne ressursen var brukt i undervisninga. 1: Ja 2: Delvis 3: Nei 4: Veit ikkje

Side 3 1: Ja 2: Nei Resultata syner at redusert nettkapasitet spelar ei rolle for bruken av digitale læringsressursar, samtidig som den ressursen som er eit av hovudproblema bak den reduserte kapasiteten, Youtube, er i bruk i undervisninga i relativt stor grad. Opplæring Kompetanseheving av lærarane har vore lagt ut til skolane gjennom mellom anna arbeidet med IKT-strategiar. Fagnettverka har som ein del av mandatet å sørge for kompetanseheving innan bruk av IKT i faga, og har fått ansvaret for å arrangere kurs frå mellom anna Aschehoug. Fagnettverka har fått eit særskilt ansvar for å spreie informasjon om tilbodet frå NDLA i sine nettverk og for å vere med på å betre den faglege kvaliteten på fagnettstadane. I tillegg arrangerer skoleeigar konferansar og samlingar med tema knytt til pedagogisk bruk av IKT. På desse samlingane brukar vi lokale ressursar frå skolane for å styrke delingskulturen mellom skolane og for å få klasseromsnære eksempel. Forsking viser at det er behov for etter- og vidareutdanning innanfor pedagogisk bruk av IKT. Dette er også i samsvar med det som våre lærarar har svara i undersøkinga:

Side 4 1: Ja 2: Nei 3: Veit ikkje 1: Sentrale kurs 2: Lokale kurs på skolen 3: Kollegarettleiing 4: Kompetansegivande kurs

Side 5 Forsking viser at lærarane er tryggare i undervisningssituasjonar der dei kan bruke læreboka. Årsaka til at lærarane er utrygge, kan mellom anna vere for låg kompetanse på bruk av digitale læremiddel, eller låg kompetanse i generell bruk av digitale verktøy. I februar 2011 arrangerte utdanningsavdelinga i samarbeid med NDLA ein konferanse der lærarane fekk meir informasjon om dei ulike nettressursane samtidig med aktuelle fellesforedrag om temaet pedagogisk bruk av IKT. Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått eit samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune om å arrangere ein IKT-konferanse, Impulskonferansen. Dette er ein konferanse der lærarar lærer av kvarandre om pedagogisk bruk av IKT. Den første konferansen i samarbeidet vart arrangert i oktober 2011, og ny konferanse er planlagt i oktober 2012. I 2012 blir det arrangert samlingar for alle nye fag på NDLA der kvart fylke skal sende minst 2 lærarar per samling. Desse lærarane får ansvaret for å sørge for opplæring i eige fylke. Møre og Romsdal arrangererte samling for Service og Samferdsel 9. februar. 1: Trykte læremiddel 2: Digitale læremiddel 3: Kombinasjon av trykte og digitale læremiddel 4: Det varierer frå fag til fag Resultata frå undersøkinga i Møre og Romsdal viser at lærarane ønskjer å formidle faget gjennom ein kombinasjon mellom trykte og digitale læremiddel. Dette stadfestar det som forsking på læremiddelbruk viser. Forsking viser at lærarane brukar læreboka som grunnlag for undervisninga si. Læreboka blir brukt mest i førebuing og gjennomføringa av opplæringa, den legitimerer opplæringa og sikrar ifølgje lærarar og elevar den raude tråden. Andre typar læremiddel blir brukt, men som supplement til lærebøkene for å skape variasjon og sikre utdjuping eller differensiering. Og lærarane brukar digitale ressursar først og fremst til å førebu undervisning og i etterarbeidet, men mindre til å formidle faget. Det er heller ikkje mykje fokus på val og bruk av læremiddel i lærarutdanninga.

Side 6 Forsking viser at det er behov for eit systematisk arbeid med læremiddelspørsmål i utviklings-, evaluerings- og informasjonsarbeidet til skolane. Lærarane må ha kompetanse til å kunne vurdere kva type medium som eignar seg best i ulike læringssituasjonar og korleis dei bør brukast i forhold til ulike læringsstrategiar. Omsynet til variert og tilrettelagt opplæring bør vere avgjerande når ein vel læremiddel. Klasseleiing Forsking på teknologitette klasserom i vidaregåande opplæring viser at utfordringar knytt til elevane sin utanomfaglege bruk av PC i undervisninga er ein viktig grunn til at lærarar kjenner seg tryggare i klasseleiing utan PC enn med PC. Betre klasseleiing og større tryggleik i PC-bruk i teknologitette klasserom fører til redusert omfang av utanomfagleg PC-bruk i timane. Og også reglar for PC-bruk, og formidling av dei til elevane, viser seg å vere sentralt for god leiing av teknologitette klasserom. Dess høgare evne til klasseleiing, dess meir fokus på reglar for PC-bruk, og på å diskutere reglane med elevane. Mange lærarar opplever at dei ikkje lenger bestemmer kva for verksemd som skal gå føre seg i klasserommet. Samtidig viser forsking at lærarane sine undervisningshandlingar betyr særs mykje for læringa til elevane. Elevane ønskjer meir og strengare reglar, meir styring med PC-bruken frå lærarane, og klarare struktur i undervisningstimane. Nokre vidaregåande skolar har på/av-knapp for trådlaus internettilgang i klasseromma som læraren enkelt kan styre. Nokre fylkeskommunar har valt ein variant ved at dei har stengt tilgangen til t.d. sosiale medium ved dei vidaregåande skolane. Ein tredje variant er fylkeskommunar som har revidert ordensreglementet sitt for å forhindre den utanomfaglege bruken i undervisningstimane, slik at elevane er merksame på at det går utover orden/åtferda på vitnemålet om dei bryt dette ordensreglementet på ulike måtar. Alle alternativa har både moglegheiter og dilemma.

Side 7 Tilbod til dei vidaregåande skolane Digitale ressursar som fylket betalar for i dag er: Ressurs Insdustriskolen Ordnett Lokus Atekst Grunnleggjande norsk for språklege minoritetar NDLA Fronter Skolearena Om ressursen Læremiddel for teknikk og industriell produksjon Kunnskapsforlaget sine digitale ordbøker Aschehoug sine digitale læremiddel Mediearkiv Cyberbook Digitale læremiddel utvikla av fylkeskommunane i fellesskap (- Oslo) Læringsplattform brukt til kommunikasjon mellom elev og lærar, informasjon internt på skolane. I fagnettverka og mellom skolar og Utdanningsavdelinga. Verktøy for vurdering og fråversføring I tillegg er nokre skolar med på utviklingsprosjekt i samarbeid med TV2-skole (for samfunnsfag) og Kikora (oppgåveløysingsverktøy for matematikk). Bruk av ressursane I 2011 har Aschehoug sitt tilbod, Lokus, i snitt har hatt cirka 19 000 besøk per månad, medan NDLA har i snitt hatt cirka 13 000 besøk per månad(uklart om begrepet besøk er brukt likt i statistikken). Statistikk over bruk av ressursane viser at bruken av LOKUS er redusert med 12,63% sidan førre skoleår. Aschehoug sine digitale ressursar er knytt til trykte lærebøker og blir brukt som tilleggsressurs til desse. Bruken av NDLA har auka med 109% sidan i fjor. 26,9% av lærarane som svarte, var fornøgde med tilbodet frå NDLA, og 3,4% var svært fornøgde. 35,5% av respondentane i undersøkinga brukte tilbodet frå NDLA i undervisninga, medan 46,9% ikkje brukte tilbodet sjølv om dei hadde fag der det er utvikla ressursar for.

Side 8 Kjelde: NDLA Det var i 2011 kjøpt inn cirka 12 000 lærebøker gjennom rammeavtalen med BS Undervisning AS. Bruken av Fronter er aukande, men det er vanskeleg å seie noko om det er dei same lærarane som brukar det oftare/meir eller om det er fleire innom. Talet på innloggingar og behov for meir lagringsplass aukar, men potensialet er ikkje utnytta i stor nok grad. I tillegg til kjøpsavtalene fylkeskommunen har, brukar skolane ei mengd andre gratisressursar som er tilgjengelege på nett (viten.no, youtube, sosiale media, gratisressursar frå forlag osb). 1: Ja 2: Nei

Side 9 NDLA Nasjonal digital læringsarena, NDLA, er eit fylkeskommunalt samarbeid for å tilby frie digitale læremiddel til den vidaregåande skolen. NDLA vart starta som eit prosjekt i 2007, initiert av Kunnskapsdepartementet og gjekk i 2009 over til eit interfylkeskommunalt samarbeid, IS. I Møre og Romsdal vart samarbeid med andre fylkeskommunar om vidare drift av NDLA vedteke i fylkestinget 15.6.2009. 18 fylkeskommunar deltek i samarbeidet med styre henta frå FFU, Forum for Fylkesutdanningssjefar. Bakgrunnen for etableringa av NDLA er den statlege avgjerda frå 2006 om å innføre gratis lærebøker i den vidaregåande skolen og å oppmuntre til bruk av digitale læremiddel. Fylkeskommunane vart samtidig bedne om å delta i innkjøp og utvikling av dei. Fylkeskommunen brukte i 2011 totalt 20,1 millionar på trykte og digitale læremiddel. PC-ordninga er ein del av dette og utgjorde cirka 9 millionar. 3,4 millionar gjekk til NDLA, og tilbodet frå NDLA skal vere eit supplement og medverke til eit auka utval av digitale ressursar til skolane. Noko av midlane til læremiddelinnkjøp blir brukt til felleslisensar frå kommersielle aktørar som Aschehoug, Kunnskapsforlaget og BS Undervisning AS. Resterande beløp er i hovudsak lagt inn i rammene til skolane, slik at skolane sjølve kjøper inn læremiddel etter lokale vurderingar. Ein stor del av tilbodet frå NDLA er også innkjøp frå kommersielle aktørar. NDLA har vore i utvikling og tilbyr i dag ei rekkje fag til vidaregåande opplæring (sjå tabell). VG1 VG2 VG3 Norsk Naturfag Norsk, kommunikasjon og kultur 1 Barne- og ungdomsarbeidarfag Norsk, kommunikasjon og kultur 1, 2 og 3 Romteknologi Engelsk Helsearbeidarfag Historie Kroppsøving Helse og sosialfag Restaurant og matfag Design og handverk Matematikk R1 og S1 Biologi 1 Markedsføring og ledelse 1 Medie og informasjonskunnskap 1

Side 10 Elektrofag Teknologi og industriell produksjon Service og samferdsel Teknologi og forskningslære 1 Internasjonal engelsk Historie Matematikk vg1t, vg1p Samfunnsfag Fleire fag er under utvikling og blir tilgjengelege frå skolestart 2012. Digitale læremiddel i vidaregåande opplæring NDLA starta som eit prosjektsamarbeid mellom 18 fylkeskommunar i 2007 (Oslo deltok ikkje). I 2009 gjorde alle 18 fylkesting likelydande vedtak om å etablere prosjektet som eit Interfylkeskommunalt samarbeid, IS, etter 27 i kommunalova. I Fylkestingets vedtak da saka var til behandling i 2009, vart det bestemt at fylkesrådmannen skulle være Møre og Romsdal fylkeskommune sin representant i styrande organ for IS-et. KS har i ettertid hatt ein gjennomgang av vedtektene for IS-et og avdekka at dei innheld ein feil når det gjeld kven som etter lova er styre for samarbeidet. KS er av den oppfatning at dette medfører behov for ny behandling av vedtektene. Problemstilling Vedtektene for eit Interfylkeskommunalt samarbeid, IS, etter 27 i kommunelova, må behandlast i fylkestinget, og vedtaka må vere likelydande frå samarbeidspartane. Dette er gjort for samarbeidet rundt NDLA; men på bakgrunn av ny forståing for kven som er styret i sarmarbeidet styre, må vedtektsendringa behandlast i fylkestinget. Utsatt utsending av godkjente vedtekter og signering av avtaler Etter fylkestingsbehandling av vedtektene i 2009, vart avtaler for kvar av eigarane klargjort for signering mellom avtalepartane. Då avtalene var utsendingsklare, kom meldinga om at Den Norske Forleggerforening, DNF, hadde meldt Kunnskapsdepartementet, KD, inn for den europeiske domstolen, EFTA Surveillance Authoroty, ESA, fordi dei meinte tildelinga av midlar frå KD til det fylkeskommunale samarbeidet NDLA var ulovleg. Dette førte til mykje uro, både i media og blant politikarar. Usikkerheita rundt utfallet av saka førte til at interimstyret i NDLA gjorde vedtak om å utsette utsending av avtalene. Svar frå ESA kom i november 2011, og tilbakemeldinga var tydeleg; finansieringa frå norske styresmakter av NDLA er ikkje i konflikt med statsstøttereglane til EØS-

Side 11 avtalen. ESA skriv at utvikling av digitale læremiddel fell inn under definisjonen av offentleg utdanning, som er det offentlege sitt ansvar. Gjennomgang av vedtektene hos KS Interimstyret i NDLA ba KS-advokatar om ei juridisk vurdering av vedtektene før endeleg utsending til avtalepartane. Denne vurderinga avdekte feil i forståinga av kven som er styret i samarbeidet. Det som i gjeldande vedtekter er nemnt som representantskap er i realiteten styret til samarbeidet, og dette er no nedfelt i nytt utkast til vedtekter, og endringa er gjenspegla i 7. Eit styre på 18 medlemmer for å leie den daglege drifta av NDLA, er lite hensiktsmessig, derfor blir det foreslått at styret vel eit arbeidsutval, AU, som på vegne av leiinga i styret leier samarbeidet mellom møta i styret. Denne ordninga må vedtektsfestast. Som følgje av endringa i 7, er det gjort nokre redaksjonelle endringar i dei påfølgjande paragrafane, og også føyd til ein paragraf om dagleg leiar. Vedtektsendring - 7 Forståinga av styret i samarbeidet har medført endring i 7, Organa i samarbeidet, og som følgje av dette er det gjort nokre redaksjonelle justeringar i dei påfølgjande paragrafane. 7 i gjeldande vedtekter har følgjande ordlyd: Driftsstyre Samarbeidet skal ha et driftsstyre på inntil 5 medlemmer og like mange varamedlemmer. Styret oppnevnes av samarbeidets representantskap som er Forum for fylkesutdanningssjefer, FFU. Ett av styets medlemmer skal være lederen av FFU, og styret skal ha minst ett medlem fra hver av opplæringsregionene Opplæringsregion Nord, Opplæringsregione Sør-Vest, og Østlandssamarbeidet. Styremedlemmenes funksjonstid er 2 år, og kan prolongeres for å ivareta styrets kompetanse. Styret konstituerer seg selv. Representantskap Representantskap for samarbeidet er FFU, der alle deltakerne er representert Representantskapet har den generelle styringskompetansen. Styret utøver sin myndighet på grunnlag av delegasjonsvedtak fra representantskapet. Representantskapet kan instruere styet og overprøve dets avgjørelser. Representantskapsmøte skal avholdes innen medio februar hvert år. Representantskapet skal godkjenne årsbudsjett, årsregnskap og årsrapport. Daglig ledelse Samarbeidet har en daglig ledelse som ivaretar daglig drift av samarbeidet. Leder rapporterer til driftsstyret, og representerer daglig ledelse i dette. Daglig ledelse har ansvar for at nødvendige tjenester som regnskap, arkiv, juridiske tjenester er tilgjengelige, gjennom avtaler med deltakende fylkeskommuner. Driftsstyret godkjenner avtalene.

Side 12 7 Nytt utkast til vedtekter har følgjande ordlyd: Styre Samarbeidets styre er sammensatt av en fra hver fylkeskommune, og i samsvar med vedtak i den enkelte samarbeidspartners fylkesting. Arbeidsutvalg Styret oppnevner et arbeidsutvalg på inntil 5 medlemmer og like mange varamedlemmer. De tre opplæringsregionene; Opplæringsregion Nord, Opplæringsregion Sør- Vest og Østlandssamarbeidet, skal alle være representert i arbeidsutvalget. Arbeidsutvalgets medlemmer har en funksjonstid på 2 år. Funksjonstiden kan prolongeres for å ivareta arbeidsutvalgets kompetanse. Arbeidsutvalget konstituerer seg selv. Daglig ledelse Samarbeidet har en daglig ledelse som ivaretar daglig drift av samarbeidet. Leder rapporterer til styrets arbeidsutvalg, og representerer daglig ledelse i dette. Evaluering av NDLA I oktober og november 2011 vart det gjennomført ei evaluering på fire vidaregåande skolar blant lærarar og elevar i Akershus og Buskerud som er brukarar av NDLA. Her ønskte NDLA å få innspel frå lærarar og elevar om innhald, layout og brukarvenlegheit. Her er nokre oppsummeringar frå undersøkinga: - NDLA blir framleis brukt av nokre få lærarar ved kvar skole - Elevane brukar NDLA på anvisning frå læraren og mest på skolen - NDLA blir brukt som supplement til læreboka - NDLA blir brukt til å presentere nytt stoff - NDLA blir brukt for å motivere og engasjere elevane - Kvaliteten blir opplevd som god Undersøkinga peika på nokre utfordringar for NDLA: NDLA bør bli betre kjent blant fleire lærarar og elevar Bruk av pc-ar til utanomfagleg aktivitetar hindrar bruken av digitale læringsressursar NDLA bør framhevast som eit supplement til læreboka NDLA bør styrke det multimediale og interaktive elementet i ressursane sine

Side 13 Samarbeidsarena NDLA har som eitt av sine mål å fremje delingskulturen i skolen, og å bidra til å utvikle skolane som lærande organisasjonar. Til skolestart 2010 vart Arena lansert. Innanfor trygge rammer blir det tilbode eit verktøy som gir høve til medverknad og samarbeid for elevar og lærarar. Yrkesretting av faga Nygiv.ndla.no Kunnskapsdepartementet si satsing mot fråfall, Ny Giv (Overgangsprosjektet), involverer alle dei vidaregåande skolane i landet. Saman med fylkeskommunane har departementet etablert eit nettverk av skolar og lærarar som skal styrke yrkesrettinga og relevans i fellesfaga i yrkesfaglege studieprogram. Relevante opplegg og læringsressursar som viser yrkesperspektiv i fellesfaga norsk, engelsk og matematikk, skal delast på nettstaden nygiv.ndla.no Vurdering Bruken av digitale læringsressursar er viktig for å oppfylle krava etter læreplanen og for å oppnå tilgang til lærestoffet på ulike måtar som eit reiskap for inkludering og tilpassa opplæring. Dette føreset at læraren kjenner nettilbodet og brukar det planmessig. Som verktøy til dette har lærarane tilgang til læringsplattformen Fronter og vurderingsverktøyet Skolearena. Det er også viktig å bevisstgjere eleven i forhold til bruk av IKT. Dette går i stor grad under generell del av læreplanen i forhold til den femte grunnleggjande ferdigheita: digital kompetanse. Elevane må lære seg korleis dei skal opptre og handtere store mengder informasjon av ulik kvalitet på nettet. Teknologi Å stenge ressursar som youtube, facebook og liknande vil vere svært uheldig. Men det må tydeleggjerast for og i samarbeid med elevane, at nettkapasiteten på skolane også er deira ansvar. Mange av utfordringane som i dag blir knytt mot system er eigentleg mangel på eller ufullstendige retningslinjer lokalt på skolane. For eksempel når det gjeld Skolearena er det viktig at lærarane blir kursa i det tekniske rundt programmet, og minst like viktig at skolane har klare rutiner for bruken av programmet slik at lærarane kjenner seg trygge på kva som er forventa av dei. Skolane arbeider noko ulikt med å lage slike retningslinjer. Eksempel på slike kan vere: kor lang tid har ein lærar på seg til å føre fråver, rette opp fråver, kven skal føre når det er to lærarar, når må dei sette halvårsvurderingar, kor skal fagsamtalar registrerast osv. Det blir også viktig å involvere elevane og elevorganisasjonane i det vidare arbeidet for å finne reglar for bruken av digitale verktøy som kan lette læraren si klasseleiing. For dei små faga (særskilt innan yrkesfag) er det mangel på både trykte og digitale læremiddel. For Industriskolen på TIP vg2 og vg3 er bruken svært høg. NDLA har utvikla tilbod for mange av dei store fellesfaga. Det blir difor viktig at NDLA kan vere leverandør til ein marknad der det ikkje finst tilbod i det heile tatt. Opplæring og bruk av ressursane Sjølv om bruken av dei lisensbelagte læremidla er relativt låg, treng ikkje det bety at lærarane ikkje brukar digitale ressursar til formidlinga av faget. Det finst som

Side 14 tidlegare nemnt mange andre ressursar som er gratis tilgjengelege på nett som kan brukast i undervisninga. Men det kan også bety at lærarane er tryggare i undervisningssituasjonar der dei kan bruke læreboka, slik forskinga viser. Lærarane har ikkje fått systematisk opplæring i bruk av digitale læringsressursar. Det har truleg vore for stort fokus på innkjøp av maskin- og programvare i forhold til opplæring av brukarane. Elevane i Møre og Romsdal kan velje ulike typar PC-ar. Dette er med på å skape enda fleire tekniske utfordringar for lærarane i klasserommet. Det er difor viktig med godt samarbeid med IT-avdelingane og klare avtalar med elevane på kva som er deira ansvar. Det må også avklarast om vi skal ha ein strategi der vi har alle med samtidig eller om vi skal bygge lokal kompetanse ute på skolane som kan vere spydspissar i arbeidet med pedagogisk bruk av IKT. Ordninga med e-pedagogar er under vurdering. Fleire andre fylkeskommunar har denne ordninga der lærarar blir frikjøpt for å arbeide med brei IKT-pedagogisk kompetanse lokalt på skolane. Dette kan vere ein måte å arbeide systematisk for å vri fokuset frå teknologi over til pedagogikk. Fylkesrådmannen ser på det som viktig å tilby eit stort spekter av digitale læringsressursar til skolane for å ivareta både valfridomen til lærarane og for å stimulere til mest mogleg bruk. Fylkesrådmannen går ut med eit anbod på vidareutdanning innan pedagogisk bruk av IKT som skal vere tilgjengeleg frå skoleåret 2012. Dette blir eit tilbod for cirka 40 lærarar per år. Følgjande tema skal vere ein del av tilbodet: - Digital danning og digital kompetanse - Det digitale nettsamfunnet og den digitale skolen - Digital didaktikk og digital praksis. Frå lærebok til digitale læringsressursar - Elevrollen og lærerrollen i den digitale skolen, klasseledelse - Nettvett, nettetikk og bruk av digitale kjelder - Bruk av web 2.0 og andre digitale verktøy i ein pedagogisk samanheng - Digital vurdering. Digitale mapper - Bruk av digitale læringsressursar - Bruk av multimedia (eks bilde, lyd, video) - Leserolla og skriverolla i den digitale skolen - Bruk av LMS i den digitale skolekvardagen Tilbodet skal vere nettbasert med nokre samlingar, klasseromsnært og relevant i forhold til dei behova som lærarane har i vidaregåande opplæring. Dette skal vere tilgjengeleg frå hausten 2012. Fylkesrådmannen vurderer det slik at det ikkje vil vere heldig å stenge sentralt for ressursar då dette kan gå ut over den faglege bruken av ressursane og dei didaktiske vala som lærarane kan ta. Og fordi det er svært vanskeleg å stenge no då mange av elevane har mobiltelefonar og liknande som dei kan kome seg på nett med likevel. Skolar har forsøkt å stenge og måtte opne igjen fordi elevar gjekk rundt systema. Dette er også den klare tilbakemeldinga frå elevane.

Side 15 Sitat frå undersøkinga til elevane: Youtube brukes ikke bare av elever, men også av lærere som bruker det til undervisning, og det er også nyttig å ha youtube i for eksempel gruppearbeid der det kan være nyttig å vise en filmsnutt. Det er forferdelig dumt, da vi bruker facebook-grupper i skolesammenheng for å dele informasjon om lekser og oppmøtetider og annen informasjon, og Youtube fil framføringer med lytte- og videoeksempler, mye i sammenheng med undervisningen vi har på Musikk, dans og drama. Å stenge nettsider har lite virkning, majoriteten av elevene kan veien rundt sperrene. NDLA Fylkesrådmannen ser på tilbodet frå NDLA som ei utviding av handlefridomen til lærarane. På grunn av gratisprinsippet vil lærarane ha langt mindre høve til å bruke læremiddel som medfører kostnader, og på NDLA finn ein kvalitetssikra gratis ressursar tilrettelagt for fag og kompetansemål. Fylkesrådmannen har som mål å ta ut potensialet som ligg i NDLA som digital læremiddelbase, og vil i 2012 fortsette arbeidet med å gjere ressursane kjente. Ein del av utfordringa for tilbodet både gjennom Lokus og NDLA er at tilboda ikkje er kjent hos alle lærarar. Fylkesrådmannen har informert om undervisningstilbodet frå NDLA gjennom Ungweb, opptrykk av plakatar til alle skolane med informasjon om dei ulike tilboda og på aktuelle samlingar med skolane. Vi ser i undersøkinga at dette arbeidet har lukkast delvis og at det fortsatt er eit stort behov for informasjon ut til lærarane. Sitat frå undersøkinga til lærarane: For å ta alle ressursane i NDLA i bruk, må ein først vite om dei. For nokre er kanskje NDLA sitt tilbod ein godt bevart løyndom. Kva gjer skolane for å orientere om/presentere NDLA, og gjere NDLA-innhald og funksjonalitet synleg for lærarar og elevar? Orientering med jevne mellomrom, avdelingsmøter, fellesøkter på kursdager/planleggingsdager Kollegiet fortel kvarandre Eg har ikkje fått noko informasjon frå leiing/fagnettverk Det har blitt gjort på ein tilfredsstillande måte av både skulane lokalt og skuleeigar

Side 16 Noko av utfordringa til NDLA, som også evalueringa viser, er at den faglege kvaliteten ikkje blir oppfatta som godt nok ute på skolane. Dette er også tilbakemeldingar frå skolane i Møre og Romsdal. Her må fagnettverka utfordrast til å ta eit større ansvar for å gi tilbakemeldingar til redaksjonane i NDLA. Fylkesrådmannen vurderer samarbeidet om NDLA som en god modell for å få fram frie digitale læremiddel for videregåande opplæring, og anser etablering av samarbeidet som eit interfylkeskommunalt selskap etter 27 i kommunleova for ferdig behandla. Fylkesrådmannen vurderer det nye forslaget til vedtekter til å vere i samsvar med bestemmelsar i kommunelova om interfylkeskommunalt samarbeid i 27. Fylkesrådmannen tilrår godkjenning av vedtektsendringa som framgår av denne saka. Forslag til vedtak: Fylkestinget tek orienteringa til vitande. Fylkestinget ønskjer at arbeidet med kompetanseheving og informasjonsspreiing skal fortsette for å stimulere til auka bruk av digitale læringsressursar. Fylkestinget ønskjer at NDLA skal prioritere å utvikle tilbod for fag som har få eller ingen læremiddel. Fylkestinget vedtek Vedtekter for det interfylkeskommunale samarbeidet Nasjonal Digital Læringsarena, NDLA, slik dei no ligg føre med den endringa som kjem fram i 7: Styre Styret for samarbeidet er sett saman av ein frå kvar fylkeskommune, og i samsvar med vedtaket i fylkestinget til kvar av samarbeidspartane. Arbeidsutval Styret Set ned eit arbeidsutval på inntil 5 medlemmer og like mange varamedlemmer. Dei tre opplæringsregionane; Opplæringsregion Nord, Opplæringsregion Sør- Vest og Østlandssamarbeidet, skal vere representert i arbeidsutvalet. Medlemmene har ei funksjonstid på 2 år. Funksjonstida kan prolongerast for å ivareta kompetansen til arbeidsutvalet. Arbeidsutvalet konstituerer seg sjølv.

Side 17 Dagleg leiing Samarbeidet har ei dagleg leiing som har ansvar for den daglege drifta av samarbeidet. Leiar rapporterer til styret sitt arbeidsutval, og representerer dagleg leiing i dette. Fylkesrådmannen representerer Møre og Romsdal i styret for NDLA Per Hoem fylkesutdanningssjef Vedlegg: Godkjente vedtekter 2009 Forslag til vedtekter 2011 Nyheitsbrev frå NDLA