Utval Kommunestyret Møtestad: Rådhuset Møtedato: 25.02.2016 MØTEPROTOKOLL Start kl.: 09.00 (Temamøte kraft: 09-11.30) Slutt kl.: 15.00 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Stine Sandvik, Geir Arve Sandvik, Gunn Beate Thorsnes Lefdal (møtte 09.00 11.30). Per Jarle Molland, Tor Bremer Rådmann Jarle Skartun, politisk sekretariat v/anita Bjørk Ruud. På temamøtet om kraft møtte: Sognekraft v/terje Bakke Nævdal, Statkraft v/svein Ove Slinde, Luster Energiverk v/anders Molland, økonomisjef Kjell Sverre Snøtun og næringssjef Olav Grov. Møtet var kunngjort i lokalavisa og på www.luster.kommune.no Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 9/16 16/759 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 10/16 16/784 Årsmelding til kontrollutvalet 2015 11/16 16/517 Grunnlaget for handsaming av næringssaker 12/16 16/435 Eigarskapsmelding 2015 13/16 16/211 Tørvis hotell 14/16 16/592 Overordna beredskapsplan 15/16 16/597 Høyring - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane 16/16 16/760 Referat- og drøftingssaker 1
Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
9/16 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 28.01.16 vart godkjent. Kjersti Eikum Tang og Tor Bremer vart valde til å skrive under på møteboka. 10/16 Årsmelding til kontrollutvalet 2015 Kontrollutvalet si tilråding vart samrøystes vedteken. Kommunestyret tek kontrollutvalet si årsmelding for 2015 til orientering. 11/16 Grunnlaget for handsaming av næringssaker Framlegg frå Kjetil Hovland: «Industri vert eige avsnitt i grunnlaget: Industrien er ein viktig og veksande bransje i Luster. Det gjev eit breitt utval av arbeidsplassar. Det er verksemder som operer i både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er viktig for kommunen å vere ein offensiv aktør og tilretteleggar for industrien i Luster. Her bør unikt produkt kombinert med god forretningsidé og god forretningsplan være viktig del.» Framlegget vart samrøystes vedteke. Framlegg frå Marit Aakre Tennø: Næringsutvalet får i oppdrag å vurdere rentesatsen på lån i næringsfondet og legge fram sak for kommunestyret den 17.mars. Framlegget vart samrøystes vedteke. Næringsutvalet si tilråding med dei to endringsframlegga vart samrøystes vedteken.
Kommunestyret godkjenner dokumentet; «Grunnlaget for handsaming i næringssaker i Luster kommune» med følgjande tillegg: «Industri vert eige avsnitt i grunnlaget: Industrien er ein viktig og veksande bransje i Luster. Det gjev eit breitt utval av arbeidsplassar. Det er verksemder som operer i både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er viktig for kommunen å vere ein offensiv aktør og tilretteleggar for industrien i Luster. Her bør unikt produkt kombinert med god forretningsidé og god forretningsplan være viktig del.» Dokumentet, datert 12.02, skal vere førande for handsaming av næringssaker. Næringsutvalet får i oppdrag å vurdere rentesatsen på lån i næringsfondet og legge fram sak for kommunestyret den 17.mars. 12/16 Eigarskapsmelding 2015 Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteken. Kommunestyret tek eigarskapsmelding 2015, datert 31.12.15, til orientering. Innspel i drøftinga vert teke med i vidare arbeid. 13/16 Tørvis hotell Kjell Sindre Schmidt gjekk frå som ugild, jf. forvaltningslova 6 fyrste ledd. Næringsutvalet si tilråding vart vedteken med 20 mot 3 røyster. I samband med restrukturering av eigarskap og finansiering av Tørvis Eigedom AS avskriv Luster kommune kr 2.5 mill av sitt pantelån til selskapet. Det er ein føresetnad at Luster Sparebank avskriv same sum og at det vert etablert eit nytt selskap med kr 5 mill i ny kontant eigenkapital som kjøper hotelleigedommen «Tørvis hotell» for attverande pantegjeld ca 11.4 mill kroner. Det nye selskapet vert eigd 50/50 av syskena Schmidt og Ola Moe. Det vert vidare føresett at den nye aksjekapitalen skal nyttast til å gjere ferdig påbyrja rom på Tørvis hotell.
14/16 Overordna beredskapsplan Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteken. Kommunestyret vedtek overordna beredskapsplan for Luster kommune, datert 12.02.16. 15/16 Høyring - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane Formannskapet si tilråding vart samrøystes vedteken. Uttale frå Luster kommunestyre; Utforminga av nytt inntektssystem må gjerast nøytralt utan direkte tilknytning til kommunereforma og debatten om kommunesamanslåingar. Dei tilrådde endringane i kostnadsnøklane kompenserer ikkje distriktsutfordringar og strukturkostnader like godt som i dag og må rettast opp. Vekting av sone og nabokriterie må minst oppretthaldast på nivå med tidlegare. Vekting av dei eldste eldre og psykisk utviklingshemma blir for låg i kommunar med lågt folketal og relativt høg andel eldre og psykisk utviklingshemma. Delkostnadsnøklane for barnehagar kan med fordel baserast på tal heiltidstilsette og utvida barnehagegruppe 1-5 åringar. Km kommunal veg bør innarbeidast i kriteriesettet. Kommunestyre støttar ikkje framlegget om å differensiere basistilskotet etter avstandskriterium. Om det likevel vert innført bør reiselengd for å oppnå fullt basistilskot vera mindre enn 25,4 km. Kommunestyre støttar ei omlegging av dei distriktspolitiske tilskota gitt ein reelt vektar opp dei distriktspolitiske utfordringane. Ein må nytta kriterier som synleggjer ekstra kostnader knytt til avstandar, spreidd busetnad, kommunestorleik og distriktspolitiske utfordringar. Skatteandelen av kommunane sine inntekter må ikkje aukast. Skatte- og avgiftsordningar som i dag vert haldne utanfor inntektsutjamninga, til dømes eigedomsskatt, konsesjonsavgifter og konsesjonskraft, må også haldast utanfor i framtida. Dersom det skal gjennomførast endringar i selskapsskatten, må det føreligga betre kunnskap om samanhengen mellom selskapsskatt og kommunane si tilrettelegging for næringsutvikling. Tilrådd modell vil m.a. grunna konjunktursvingingar gi store variasjonar og uføreseielege råmevilkår. Ein alternativ modell for selskapsskatt bør også omfatte auka verksemd innan
naturressursbaserte næringar. Dette kan gjerast ved å verdisikre naturressursskatten, som har stått uendra på 1,1 øre/kwh sidan innføringa i 1997. I sum er det endringar i inntektssystemet som favoriserer større kommunar og der innbyggartalet tel meir og struktur mindre. Dei kompenserande ordningane, for smådriftsulemper, desentralisert busetnadsstruktur og avstandar vert dårlegare og med dette og grunnlaget for å oppretthalde det tenestetilbodet som kommunar som Luster har valt. Dette er svært negativt og må rettast opp. 16/16 Referat- og drøftingssaker Framlagt: Folkehelseprofil for Luster kommune 2016 Oslo Tingrett. Dom i sak om momsrefusjon Lustrabadet. Høyringsbrev og høyringsdokument: Råd i kommunar for ungdom, eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Årsrapport 2015 Skatteoppkrevjaren. Skatteetaten sin kontrollrapport til Skatteoppkrevjaren sin årsrapport. Sogn Regionråd møteprotokoll frå møte den 10.02.16. Gjeld framlagde skriv: Tor Bremer viste til protokollen frå Sogn Regionråd og spurde korleis saker av prinsipiell karakter vert forankra i kommunestyret. Ordførar svara at prinsipielle saker vert handsama i kommunestyret. Før møte i regionrådet vert saksdokument vidaresendt formannskapet for informasjon og ev. tilbakemelding til ordføraren. Kommunestyret vert oppmoda om å sjå på saksdokumenta til regionrådet, ordføraren kan formidle desse til kommunestyret. Det er fint om kommunestyrerepresentantar kjem med innspel til ordføraren. Rådmann Jarle Skartun viste til dommen i saka om momsrefusjon Lustrabadet der kommunen ikkje nådde fram. I løpet av ei veke vil kommunen ta stilling til om kommunen skal anke dommen. Me ventar sakkunnige vurderingar. Rådmannen/ordførar vil kommunisere mot formannskapet. Open post: Rådmannen informerte om at rekneskapen 2015 er avslutta. Vil bli sak i kommunestyret i april. Brutto driftsresultat er på 2,3 mill kroner. Det er 7,5 mill dårlegare enn 2014 og gir grunn til uro for den økonomiske utviklinga. Ernst Veum viste til referat frå formannskapet den 12. februar der det ikkje vart gjeve løyve til skjenking i Lustrabadet. Tidlegare formannskap gav løyve ved eit arrangement hausten 2015. Vart det ein fyllefest? Vart det skadar på badet? Var det andre uheldige ting som skjedde? Ordføraren svara at det ikkje er meldt om skadar etter det arrangementet. Ernst Veum viste til at Nasjonal transportplan (NTP) er på høyring. Sogn Regionråd har handsama denne og gått inn for Hemsedal i val av trasè aust-vest. Har Luster kommune handsama den som eiga sak? Ernst Veum viste også til fylkesveg 55. Vegen var tidlegare riksveg, og kommunen har
påpeikt at strekninga Sogndal Lom bør omklassifiserast til riksveg att. Har Luster kommune teke initiativ til omklassifisering på denne vegen? Vil ordføraren syte for at reguleringsarbeidet på deler av strekninga slik at det er klart for opprusting den dagen det er sett av midlar til arbeidet.
Ordføraren svara at Luster kommune ikkje har sendt fråsegn åleine på høyringa om aust-vestsambandet. Sogn Regionråd har vore tydelege i sitt val. Regionrådet har ei samferdslegruppe som tok initiativ til oppstart av eit interesseselskap for Hemsedalalternativet. Dei har gjort ein stor innsats. Me må alle oppmode våre parti om å løfte denne saka i sine fylkesårsmøte. Ordføraren sa vidare at Luster kommune har peikt på at me ynskjer omklassifisering av fylkesveg 55. Ordføraren sa han er usikker på kvar me har størst gjennomslagskraft, statleg eller i fylket. Kampen om statlege vedlikehaldskroner er minst like hard som i fylket. Kommunen har teke initiativ overfor fylket fleire gonger for oppstart av reguleringsplan. Fylket regulerer ikkje viss ikkje vedlikehaldstiltaket er kome inn i planverket. Kommunen kan regulere og betale sjølv. Ernst Veum oppmoda om at kommunen startar regulering sjølv dersom ikkje fylket vil gjere det. Ordføraren sa at han vil ta med seg innspelet vidare. Regulering er i so fall ei budsjettsak i kommunestyret. Jon Ove Lomheim viste til trafikktryggleiksplanen der kommunen har teke initiativ til å setje ned fartsgrensa ved krysset i Marifjøra. Har me fått svar på dette initiativet? Rådmann Jarle Skartun sa at kommunen skal ha eit møte med Statens Vegvesen. Då vil dette og fleire tema bli drøfta. Anette Stegegjerde informerte om at Parken arrangerer Lustrabalder for 5 året på rad no i juni, same helg som Lustramarknaden. Sist sommar var det over 2000 som møtte, fleire tilreisande. Det er eit stort arrangement med mykje dugnad, det skapar stor synergi-effekt i kommunen og arrangøren samarbeider med fleire verksemder. Til sommaren er det venta fleire store artistar, mellom anna Staut og Eva and the heartmaker. Er Luster kommune interessert i å bidra med tilskot. Stegegjerdet utfordra ordføraren til å setje saka på saklista til næringsutvalet. Ordføraren lova at saka vil bli drøfta i næringsutvalet. I møtet vart det informert om eldrerådet sitt val av leiar og nestleiar. Leiar: Johannes Lad Nestleiar: Sigrid Hamre Nyseth Interpellasjon frå Arne Johannesen om overordna arbeidsgjevarpolitikk og svar frå ordførar følgjer vedlagt protokollen. Interpellasjon frå Elin Hauge om leksehjelp og skuleskyss og svar frå ordføraren følgjer vedlagt protokollen. Det vart ikkje gjort vedtak i saka.