M85 2013. Allemannsretten



Like dokumenter
Med fjellsko og ski. Allemannsretten

Direktoratet for naturforvaltning. Frå hav til himmel. T e l e f o n : , T e l e f a x :

Direktoratet for naturforvaltning. Fra hav til himmel. T e l e f o n : , T e l e f a x :

Med fjellsko og ski. Allemannsretten

Direktoratet for naturforvaltning. Fra hav til himmel. Allemannsretten

NYNORSK M Allemannsretten

NYNORSK M Allemannsretten

M Allemannsretten

M Allemannsretten

M Allemannsretten

«Allemannsretten» FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV

ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 FRILUFTSLOVA. - Dei viktigaste og utrykk - Kommunens rolle

Allemannsretten og reiselivsnæringen

Naturquiz. Foto: Kjell Helle Olsen

Allemannsretten er retten til fri ferdsel i utmark

Allemannsretten og friluftsloven Forelesninger i fast eiendoms rettsforhold våren 2014 v/ Marianne Reusch

Motorferdsel i utmark og vassdrag

Tilrettelegging for ferdsel

aturen er for alle! Et par ganger per måned En gang per uke

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

Forskrift om vern av Møysalen nasjonalpark, vedlegg 2, Lødingen, Hadsel og Sortland kommuner, Nordland.

BARNEVERNET. Til beste for barnet

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Allemannsretten. v/arild Sørensen

Stillheit i naturen. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 6

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ALLEMANNSRETTEN Fakta og myter. Håvard Steinsholt. Førsteamanuensis Institutt for Landskapsplanlegging

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Gjess biologi - forvaltning - organisere jakta?

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Kjenner du reglane for motorferdsel i utmark

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Konflikt eller sameksistens mellom jakt- og sykkelnæringa. Eivind Brendehaug 18. juni 2015

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

HOL KOMMUNE. Politivedtekter

Allemannsrettens grenser Nye aktivitetsformer og kommunens styringsmuligheter v/ Marianne Reusch Lillehammer, 23. oktober 2017.

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? NY DATO! Laurdag 19. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 11. september 2015.

REGULERINGSFØRESEGNER FOR HYLEBU, DEL AV ÅMLI NEDRE GNR. 132, BNR. 3 I TOKKE.

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

M PRODUSENT HVA ER DITT ANSVAR FOR SIKKERHET VED LEKETØY?

Område beskrivelse. Det vises forøvrig til «Turkart over Svelvikmarka, Østskogen og Røysjømarka» utgitt av Berger og Svelvik o-lag.

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Ola Tarjei Kroken Bengt Solheim-Olsen Medlem

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen

Motorferdsel i utmark

ETNE KOMMUNE FØRESEGNER E 134 STORDALEN, LAUAREID-HÅLAND-BAKKA PLANENDRING Utskrift

FORSKRIFTER OM POLITIVEDTEKTER STORD KOMMUNE, HORDALAND

JOSTEDALSBREEN NASJONALPARKSTYRE

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

Statsråden. Deres ref Vår ref Dato

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

Stillheit i naturen. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 5

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Ny forskrift om plantevernmiddel

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

RETNINGSLINJER FOR LINDESNES KOMMUNE SKOLETILHØRIGHET OG SKOLESKYSS. Vedtatt av Kommunestyret

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

FANGST OG SKJELPRØVAR I ERVIKELVA

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Førehandsgodkjenning av planar for prosjekt tursti «Venjesdalen «- Romsdalseggen

Hvem står bak Merkehåndboka

Rutinar for ferdsel i utløpsområde

Informasjonsgrafikk, Essay 2. Utvikling og design av skjema Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda,

FANGST OG SKJELPRØVAR I ERVIKELVA

SEILAND. Alpint øylandskap i Vest-Finnmark

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Praktisk tilnærming Kryss og avkjørsler. Planfaglig nettverk Arendal Herregård. 1 John Geir Smeland - Statens vegvesen

Høyring av søknad frå Statens vegvesen Region vest om driftskonsesjon for fjelluttak ved Torvmo i Lærdal kommune

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Motorisert. ferdsel. på barmark i Finnmark

Miljødirektoratetsfokus nå og framover. HMS-konferansen Kristiansund 30. september 2015

Lise-Berith Lian Friluftsrådenes Landsforbund

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Prisar på porto for 2015

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Kulturlandskapsarbeidet i Vesterålen landbrukstjenester

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Detaljplan for småbåthamn Haganesvika Gnr 52 bnr 227, 229 mfl, Haganes Fjell kommune REGULERINGSFØRESEGNER

Padleløyper i Lindås. Bergen og Omland Friluftsråd

Utkast til forskrift om auke av maksimalt tillaten biomasse for løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure

Transkript:

M85 2013 Allemannsretten

Med fjellsko og ski kan du ferdast fritt i utmark, sommar som vinter, både på stiar, langs vegar og i oppkøyrde skiløyper, men du kan òg gå utanfor stiane og løypene og finne dine eigne vegar. Om vinteren kan du òg ferdast på frosen eller snødekt åker og eng. Du kan ferdast på stiar og vegar i innmark heile året, men hugs å halde avstand frå gardstun, hus og hytter. Foto: Bård Bredesen, Naturarkivet.no Allemannsretten Ein viktig del av kulturarven vår er å vere ute i naturen. Vi har frå gammalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells uavhengig av kven som eig grunnen. Vi kan hauste av naturen ikkje berre saltvassfisk, bær, sopp og blomstrar, men òg inntrykk og opplevingar. Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Allemannsretten gjeld i utmark. Der kan du: ferdast fritt til fots og på ski raste og overnatte ri eller sykle på stiar og vegar bade, padle, ro og bruke seglbåt plukke bær, sopp og blomstrar fiske fritt etter saltvassfisk I utmark kan du stoppe og raste der du vil, men ikkje legg rasten inntil hus og hytter der det bur folk, og sørg for å ta nødvendig omsyn til andre som rastar. Du kan tenne bål når du er på tur, men ikkje i eller i nærleiken av skogsmark i tidsrommet 15.4. til 15.9. Ikkje skad tre når du skal finne ved til bålet, bruk tørre kvistar. Dersom du lagar bål i strandkanten, må du ikkje leggje bålplassen rett på svaberget, for då kan berget sprekke. Dersom du ferdast og rastar i utmark, må du hugse: å ikkje ta snarvegar over innmark, gjennom tun eller i nærleiken av hus og hytter der det bur folk å respektere ferdselsreglane i frilufts- og naturvern- område av omsyn til slitasje og sårbare område for dyr og plantar å ikkje forstyrre dyre- og fuglelivet, særleg ikkje i yngle- og hekketida å ikkje skade plantelivet, særleg ikkje trua og sårbare artar å nytte etablerte raste- og bålplassar og vere ekstra forsiktig med eld å respektere at andre brukarar kan ha behov for avstand og for å ha det stille rundt seg å ikkje setje opp telt inntil hus eller hytter der det bur folk (minst 150 meter dersom det ikkje er gjort unntak ved forskrift) å ikkje forstyrre husdyr på beite 2 3

å bruke etablerte raste- og bålplassar og vere ekstra forsiktig når du bruker eld å ikkje setje opp telt inntil hus eller hytter der det bur folk (minst 150 meter der det ikkje er gjort unntak ved forskrift) Foto: Bente Rønning/DN Med sykkel kan du sykle etter vegar og stiar i låglandet og fritt i høgfjellet. Du kan sykle der det er allmenn ferdselsrett. Dersom det ikkje er snakk om organisert eller kommersiell ferdsel, kan du òg sykle på vegar og tilrettelagde stiar gjennom innmark for å komme til utmark. Hugs at vegen, stien eller terrenget der du syklar, skal kunne tole slik bruk. I nokre markaområde, friluftsområde og naturvernområde kan det vere forbode å sykle, eller området kan ha spesielle reglar for sykling. Du bør undersøkje om det finst spesielt tilrettelagde sykkelruter og sykkelkart for området. Dersom du syklar i utmark, må du hugse: at du ikkje må sykle i sårbart terreng, og at høgfjellsnaturen er utsett for terrengslitasje (myr, tørrberg o.a.) at ikkje alle stiar er eigna for sykling bruk dei stiane som toler det å leggje sykkelturen til dei minst brukte turstiane for å unngå konfliktar med turgåarane å sykle slik at du ikkje forstyrrar vilt og husdyr å sykle med ein fart som er tilpassa turferdsel og ikkje forstyrrar dei som går Med hest......kan du ferdast etter vegar og stiar i låglandet og fritt i høgfjellet. Du kan ri der det er allmenn ferdselsrett. Du kan òg ri på vegar og tilrettelagde stiar gjennom innmark for å komme til utmark, men det gjeld ikkje organisert og kommersiell ferdsel. Hugs at vegen, stien eller terrenget der du rir, skal kunne tole slik bruk. I nokre markaområde, friluftsområde og naturvernområde kan det vere forbode å ri, eller området kan ha spesielle reglar for riding. Du bør undersøkje om det finst spesielt tilrettelagde ridestiar og vegar i området. Omfattande organisert bruk av utmark i samband med rideskular o.l. bør berre skje etter avtale med grunneigaren. Ver òg klar over at grunneigaren kan nekte ferdsel med hestekøyretøy på veg. Foto: Sigve Reiso, Naturarkivet.no 4 5

Dersom du rir i utmark, må du hugse: at høgfjellsnaturen er utsett for terrengslitasje, og at du ikkje må ri i sårbart terreng (myr, tørrberg o.a.) at det ikkje er alle stiar som er eigna for riding, så bruk vegar og stiar som toler det å ri i skritt når du skal passere turgåarar å unngå å ri i skiløyper og løypespor på skogsvegar om vinteren, trakk heller dine eigne spor å vere høfleg og ta omsyn til gåande og syklande, slik at ingen blir skremde eller skadde å ikkje forstyrre dyre- og fuglelivet, særleg ikkje i yngle- og hekketida å ikkje bade hesten på badeplassar og i drikkevasskjelder Foto: Kim Abel, Naturarkivet.no Med telt kan du fritt overnatte på same staden i utmark i inntil to døgn i låglandet utan å spørje grunneigaren. På høgfjellet og langt frå busette område kan du telte i meir enn to døgn. Dersom ikkje anna går fram av forskrift, skal du aldri setje opp teltet nærmare enn 150 meter frå hus eller hytter der det bur folk, og du må passe på at du set opp teltet slik at det ikkje skadar ungskogen. NB! På innmark kan du ikkje setje opp telt utan løyve frå grunneigaren. Du kan tenne opp bål når du er på tur, men ikkje i eller i nærleiken av skogsmark i tidsrommet 15.4. til 15.9. Ikkje skad tre når du skal finne ved til bålet, bruk tørre kvistar. Dersom du lagar bål i strandkanten, må du ikkje leggje bålplassen rett på svaberget, for då kan berget sprekke. Dersom du set opp telt i utmark, må du hugse: å ta omsyn til ferdsels- og teltreglane i friluftsog naturvernområde med tanke på slitasje og sårbare område for dyr og plantar å bruke etablerte raste- og teltplassar der det finst slike å leggje teltplassen slik at du ikkje forstyrrar dyre- og fuglelivet, særleg i yngle- og hekketida å ikkje lage varige spor i vegetasjonen eller terrenget å respektere at andre brukarar kan ha behov for avstand til nabotelt og for å ha det stille rundt seg å bruke etablerte bålplassar og vere ekstra forsiktig når du bruker eld å ikkje forstyrre husdyr på beite 6 7

For ein kortare tidsperiode kan du dra i land båt eller anna fartøy på strandstrekningar i utmark. Ønskjer du å leggje inntil ein privat kai eller ei privat bryggje, må du spørje eigaren eller brukaren om løyve. Du kan bruke fortøyingsringar, boltar o.l. i utmark i ein kortare tidsperiode så sant det ikkje er til vesentleg ulempe for eigaren eller brukaren. Foto: Kim Abel, Naturarkivet.no Med årer og segl... kan du ferdast fritt på sjøen, på innsjøar og i elvar og du kan i hovudsak ferdast gratis etter alle vassdrag. For enkelte vassdrag med kanalar og sluser kan det vere unntak. Generelt kan du òg ferdast med motorbåt på sjøen, på elvestrekningar dersom det er ein del av eit farbart vassdrag, og i vatn som er større enn 2 km 2. Ver likevel merksam på at det finst lokale reglar som kan avgrense tilgangen til motorisert ferdsel i innsjøar og vassdrag, jf. vassressurslova. Dersom du padlar i utmark, må du hugse: å gjere deg godt kjend med vassdraget med tanke på sikkerheit og regelverk før du legg ut på tur å alltid bruke redningsvest å tørke båten, årene og støvlane før du flyttar til eit anna vassdrag, for ikkje å spreie sjukdom å desinfisere fiskereiskapar, båt, årer og støvlar som er brukte i vassdrag med smittsam fiskesjukdom å ta omsyn til fiskarar og andre brukarar langs vatn og vassdrag å la fiskegarn og annan fangstreiskap som blir brukt til fiske, få stå i fred å ferdast roleg utan å lage unødig støy å ikkje forstyrre dyre- og fuglelivet, særleg ikkje i yngle- og hekketida å nytte raste- og bålplassar der det er etablert, og vere ekstra forsiktig når du bruker eld å ikkje setje opp telt i nærleiken av hus og hytter der det bur folk (minst 150 meters avstand dersom det ikkje er gjort unntak ved forskrift) 8 9

Med stong eller handsnøre kan du fiske etter saltvassfisk heile året både frå båt og land. Du kan òg fiske gratis i sjøen etter laks, sjøaure og sjørøye med stong frå land heile året, men det kan i forskrift vere unntak frå denne hovudregelen. Det er ikkje lov å fiske nærmare enn 100 meter frå grensa til elv/sjø i fredingstida for vassdraget. Ved fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i elvar og vassdrag må du løyse fiskaravgift til staten og vanlegvis betale fiskekort til grunneigaren. Er du under 16 år, kan du fiske gratis etter innlandsfisk i perioden 1.1. til 20.8. Det gjeld ikkje vassdrag med laks, sjøaure eller sjørøye og heller ikkje krepsefangst eller fiske i kunstige fiskedammar. Enkelte vatn og vassdrag kan vere unnatekne regelen, og for desse skal det vere sett opp skilt om at gratis fiske ikkje gjeld. Før du begynner å fiske, må du setje deg inn i fiskereglane. Dersom du fiskar i utmark, må du hugse: å ha løyve til å fiske eller legitimasjon som viser at du er under 16 år å ikkje bruke levande fisk som agn å ikkje flytte levande fisk til anna vassdrag å tørke fiskereiskapar, støvlar og vadarar før du flyttar til eit anna vatn, for ikkje å spreie levande organismar og sjukdom å desinfisere fiskereiskapar som er brukte i vassdrag med smittsam fiskesjukdom å sløye og vaske fisken i det vatnet han er fanga i å nytte etablerte raste- og bålplassar å ikkje forstyrre andre fiskarar eller brukarar, også ved ferdsel til og frå fiskestaden Foto: Bård Bredesen, Naturarkivet.no Ikkje sprei fiskeartar og fiskesjukdommar! 10 11

Med spann og korg kan du plukke bær, sopp, blomstrar og røter av ville urter i utmark. Du kan plukke/sanke det du vil ha, og ta det med deg heim. Ver klar over at det er spesielle regler for å plukke molter i Nordland, Troms og Finnmark. Her kan eigar eller brukar legge ned forbod mot bærplukking. Eit slikt forbod må bli varsla ved å skilte tydeleg, kunngjere det i avis eller liknande. Dersom eigar eller brukar ikkje har nedlagd eit slikt utrykkeleg forbod, kan ein plukke fritt. I desse fylka kan eigar berre forby hausting på moltebærland. Det vil seie kvar førekomst av molteplantar uansett voksestad, sett føre at den dekker eit område av noko størrelse og har ein visst rikdom, slik at utnyttinga har økonomisk betyding for grunneigaren. Sjølv om det er forbod mot å hauste på moltebærland, kan allmenta alltid plukke molter når dei vert etne på staden. På staten sin grunn i Finnmark kan alle plukke molter til eige bruk, men berre dei som bur i Finnmark kan plukke for sal. Ver forsiktig med å samle andre typar naturprodukt som stein, mineralar, torv, mose og lav. Få løyve frå grunneigaren dersom du ønskjer å samle kristtorn, rirkuler, tæger, never og bark. Dersom du er på sanketur i utmarka, må du hugse: å gjere deg kjend med vernereglane på førehand dersom du skal ferdast innanfor eit natur vernområde (enkelte område kan ha forbod mot å plukke blomstrar, sopp, kjuke og lav) Foto: Kim Abel, Naturarkivet.no å gjere deg kjend med freda og trua planteartar, slik at du ikkje plukkar dei å ikkje ta røter, never og rirkuler frå levande tre utan først å spørje grunneigaren å ikkje forstyrre vilt eller husdyr å ikkje plukke bær heilt inntil gardstun og hus der det bur folk 12 13

å ta omsyn til andre brukarar/sankarar Generell informasjon om allemannsretten Dersom du ønskjer å fiske i innlandet, må du skaffe deg nødvendig løyve frå grunneigaren. Er du under 16 år, kan du fiske gratis mellom 1.1. og 20.8. i vassdrag der det ikkje finst laks, sjøaure og sjørøye. Jakt er ein grunneigarrett som krev løyve frå grunneigarane, og i tillegg er det krav om gjennomført og bestått jegerprøve og betalt jegeravgift. Utmark er udyrka mark og omfattar det meste av vatn, strand, myr, skog og fjell i Noreg. Udyrka mindre areal i dyrka mark blir ikkje rekna som utmark. Innmark er all dyrka jord: åker, eng, kulturbeite, hage, gardsplassar, hustomter og industriareal. På visse typar innmark som åker og eng kan du likevel ferdast på frosen eller snødekt mark i tidsrommet 15.10. til 30.4. Ver merksam på at innmark ikkje treng å vere inngjerda. Du skal alltid, anten du ferdast i innmark eller i utmark, lukke grinder etter deg og vise omsyn til dyr som er på beite. Har du hund, må du respektere bandtvangen i tidsrommet 1.4. til 20.8. Ver òg forsiktig med eld hugs at du ikkje kan tenne bål i eller i nærleiken av skogsmark i tidsrommet 15.4. til 15.9., jf. forskrift av 26. juni 2002 nr. 842, 8-2 om brannforebyggende tiltak og tilsyn. Gjer deg kjend med dei lokale reglane om bandtvang og bålbrenning; ofte er dei strengare enn reglane som Foto: Kim Abel, Naturarkivet.no gjeld for heile landet. Ver nøye med å rydde rasteeller teltplassen når du dreg. Avfall tek du med deg, ingenting skal liggje igjen! Du finn meir informasjon: www.miljødirektoratet.no www.frifo.no 14 15

Miljødirektoratet Telefon: 03400/73 58 05 00 Faks: 73 58 05 01 E-post: post@miljodir.no Nett: www.miljødirektoratet.no Post: Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim Besøksadresse Trondheim: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim Besøksadresse Oslo: Strømsveien 96, 0602 Oslo Miljødirektoratet ble opprettet 1. juli 2013 og er en sammenslåing av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forurensningsdirektoratet. Vi er et direktorat under Miljøverndepartementet med 700 ansatte i Trondheim og Oslo. Statens naturoppsyn er en del av direktoratet med over 60 lokalkontor. Miljødirektoratet har sentrale oppgaver og ansvar i arbeidetmed å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Våre viktigste funksjoner er å overvåke miljøtilstandenog formidle informasjon, være myndighetsutøver, styre og veilede regionalt og kommunalt nivå, samarbeide medberørte sektormyndigheter, være faglig rådgiver og bidra i internasjonalt miljøarbeid.