Kløvheim skule, ein trafikksikker skule 1 Trafikksikringsplan, Kløvheim skule 2016
Kløvheim skule er ein fådelt 1 7 skule i Lindås kommune, plassert på Kløve, med elevar heilt frå Bjørnevoll, via Dalsgrend, Kløve, Fammestad, Tveitegrend, Reikerås og Gydalen. Tiltak for å ha ein trafikksikker skule: Det er utarbeida ein eigen trafikkplan for skulen, der kompetansemåla er synleggjort for kvart steg. Denne planen skal vere kjent for alle i skulemiljøet; elevar, tilsette og føresette. Den vert teken opp i felles foreldremøte kvar haust. Den ligg også på skulen si heimeside. FAU tek opp planen på 1.møte om hausten. Dette er lagt inn i årshjulet til FAU. Alle elevar i 1. klasse får refleksvest tidleg på hausten. Desse er til bruk til og frå skulen. I tillegg har skulen klassesett til 1.-4. klasse som vert brukt i samband med turar i skuletida (eks. uteskule). Sykkel og sykleopplæring er hovudtema i 4. klasse, og dette blir repetert i 5., 6. og 7. klasse. Her brukar vi skuleområdet, eller Trekanten aktivitetspark som ligg rett ved skulen og er tilrettelagt med sykkelløyper. Alle elevar SKAL bruke sykkelhjelm til og frå skulen dersom dei brukar sykkel som framkomstmiddel. Dersom elevane brukar sykkel i samband med utflukt i regi av skulen, skal sykkelen vere godkjent, og alle SKAL bruke hjelm. I november er bruk av refleks felles tema for heile skulen. Skulen oppmodar også alle elevar til å vere med på Bygdelaget sin aktivitetskveld i Trekanten «Refleksjakten». Der er m.a. politi og Trygg Trafikk med. 2 Trafikksikringsplan, Kløvheim skule 2016
Om Kløvheim skule: TRAFIKKPLAN FOR KLØVHEIM SKULE Dei fleste av elevane ved skulen har ikkje rett på skuleskyss etter 1. klasse, og det tyder at dei fleste kjem til skulen gåande, syklande eller vert køyrd. Elevane tek buss i samband med symjeundervisning på Ostereidet. Då er det alltid vaksne med i bussen. Hovudvegen ved skulen er fylkesveg 397, ein gjennomfartsveg frå Eikanger til Vågseidet, dvs. frå E 39 til Fv 57. Dei andre vegane som elevane nyttar for å komme til skulen er kommunale vegar. Ingen av vegane har dobbel køyrebreidde, og det er heller ikkje eit einaste gang- / sykkelveg. På delar av nokre av vegstrekningane er det bergvegg på eine sida og bratt skrent ned på andre sida, og plass til berre ein bil. Dette tyder at det for nokre av elevane, særleg dei minste, er utfordrande skuleveg og til dels trafikkfarlege strekningar å ferdast i. Kløvheim skule har ein stor skuleplass, og det kan vere freistande å køyre bilar heilt inn på skuleplassen i samband med levering og henting av elevar. Dette er det forbod mot. Det er mange område utanfor skulen sitt område der ein kan levere og hente barna før og etter skuletid. Likevel skjer det at det kjem bilar inn på skuleplassen, både foreldre som leverer/hentar, og i samband med varelevering. Kvifor ein trafikkplan? K06 har klare kompetansemål også når det gjeld å vere trygg i trafikken. Elevar ferdast på vegar til og frå skulen. Desse vegane er på ingen måte avskjerma frå anna trafikk, og det å kunne trafikkreglar, korleis ein skal oppføre seg i trafikken som gåande, syklande og også som passasjer i buss, er difor ei viktig oppgåve for skulen. Å trene på ulike situasjonar slik at ein kjenner igjen trafikkbilete og handle deretter, er også eit viktig moment. Kunnskapsløftet 2006, seier: 1-4. steg: Etter 4. årssteg skal elevane kunne følgje trafikkreglar for fotgjengarar og syklistar. 5-7. trinn: Etter 7.årsteg skal elevane kunne praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel. 3 Trafikksikringsplan, Kløvheim skule 2016
ÅRSHJUL TRAFIKKOPPLÆRING 1. 7. KLASSE Elevane ved Kløvheim skule går i samanhaldne klassar, og difor er det naturleg å lage ein 3-delt plan, ein for 1.-2-årssteg, ein for 3.-4.årssteg og ein for 5.-7. årssteg Steg Tid på året Mål Aktivitetsforslag 1.-2.kl Oppstart haust i 1. og i 2.kl (trafikkveke) Repetisjon i løpet av skuleåret. Kunnskapsmål: Eleven skal forstå kor viktig det er å vere forsiktig i trafikken. Eleven skal forstå at sjølv om du ser bilen/bussen, så er det ikke sikkert at den som køyrer ser deg. Eleven skal forstå enkle trafikkreglar som gjeld for fotgjengarar. Eleven skal kunne kjenne igjen og forklare nokre grunnleggende skiltregler Ferdighetsmål: Eleven skal vite korleis ein sikkert skal krysse en gate/veg. Eleven skal kunne følgje reglar for passasjerar i bil og buss. Eleven skal kunne riktig bruk av refleks. Eleven skal bruke riktig trafikktryggleiksutstyr. Haldningsmål: Eleven skal lære om korleis ein skal ta omsyn til andre ved ferdsle i trafikken. Eleven skal ta omsyn til andre fotgjengarar i trafikken. - Samtale med elevane om kva trafikkferdigheiter dei har. - Repetisjon av kunnskap om trafikksikkerhet. -Bruk av bilbelte -Bruk av hjelm -Skulevegen min (går du den tryggeste veien?) Elevene får i lekse å merke opp på eit kart den tryggaste vegen til skulen. Fokusområde: Krysse veg, kjenne igjen skilt. Å gå langs ein veg utan fortau, gang- og sykkelsti. Elevene skal oppfordrast til å bruke refleks på skulevegen og skal bruke refleksvestar på turar i skulen sin regi (spesielt i den mørke årstida). - Enkel statistikk, telje bilar, lage søylediagram. - Å vere fotgjenger - Skulevegen - Passasjer i bil - Passasjer i buss - Tryggleikssutstyr - Sykkel - Kart over nærmiljøet - Å krysse ein veg - Ser vi alt? - Ulike årstider-ulike utfordringar - Trene på bussreglane. 4 Trafikksikringsplan, Kløvheim skule 2016
3.- 4.kl. Oppstart hausten i 3.-4.klasse (trafikkveke). Repetisjon i løpet av skuleåret. Kunnskapsmål: Eleven skal kjenne til dei ulike skilttypane; påbodsskilt, forbodsskilt, opplysningsskilt. Eleven skal ha kjennskap til skulen sine sykkelreglar og følgje dei. Eleven skal kunne bruke sykkelreglane når dei ferdast i trafikken. Eleven skal kunne følgje regler for bruk av hjelm. Eleven skal vise forståing for korleis han blir oppfatta av motorføraren. Dugleiksmål: Eleven skal kunne forstå kor viktig det er å følgje påbods- og forbodsskilta. Elevane skal kunne bruke sykkelhjelm og anna trafikktryggleiksutstyr rett. Haldningsmål: Eleven skal ta omsyn til og vise respekt for andre trafikantar, også dyr, når dei ferdast i trafikken. Eleven skal kunne sjå seg sjølv i trafikkbiletet. -Trafikkboka frå Trygg Trafikk -Klassetur: Med trafikkoppgåver, t.d. gå skulevegen. Med fokus på å krysse veg, forstå skilt (gang- og sykkelsti). - Gje elevane innsyn i korleis dei blir oppfatta av motorføraren. - Statistikk - Påbud forbud - Skilt - Trafikkundersøking - Hjelm - Skulen sine sykkelreglar - Trafikklys - Dyr i trafikken Sykkelhefte 1, og filmsnutter fra nettsidene til Trygg Trafikk. - Trene på bussreglane. 4.klasse vår: - Gjennomføring av Sykkelprøve 1. Først teori, så praksis. Sykkelkontroll med eventuelt besøk av politiet eller Statens Vegvesen for godkjenning av syklar - Bruke Trekanten aktivitetspark til sykkeltrening. 5 Trafikksikringsplan, Kløvheim skule 2016
5.-7.kl Oppstart hausten i 5. 7.klasse. (trafikkveke). Repetisjon i løpet av skuleåret. Kunnskapsmål: Eleven skal kjenne til kva reglar som gjeld for bruk av sykkel i trafikken. Eleven skal kjenne til kva slags sykkelutstyr /tilbehør ein må og bør bruke når ein syklar. Eleven skal kunne følgje trafikkreglar som gjeld for fotgjengarar og syklistar. Dugleiksmål: Eleven skal kunne ferdast trygt på sykkel i trafikken, og ha kontroll over sykkelen ved sykling i komplisert trafikk. Eleven skal bruke hjelm ved sykling. Eleven skal bruke riktig trafikktryggleiksutstyr. Bruke Trygg Trafikk sitt materiell / sine nettsider - Sykkelhefte 1 repetisjon - Sykkelhefte 2 - Repetere trafikkreglane for fotgjengarar. - Repetere bussreglane. - Grunnleggjande trafikk- og sykkeldugleik. - Trafikkreglar for syklistar. - Vektleggje bruk av hjelm - Sykkelprøve 1 og 2. - Først teori, så praksis, samt sykkelkontroll. - Sykkeltur. - Filmsnuttar fra Trygg Trafikk si nettside. - Bruke Trekanten aktivitetspark til sykkeltrening. Alle Refleksaksjon November kvart år. Haldningsmål: Ved sykling i trafikk skal eleven alltid vise omsyn til andre trafikanter. Hovudmål: Få alle elevane til å bruke refleks i den mørke årstida. TIPS til undervisninga: - Sjå film frå Trygg Trafikk om bruk av refleks - Gjere ulike refleksforsøk i mørkt rom eller ute i mørket. - Lage refleks i kunst og handverk. - Registrere kor mange elever som brukar refleks. Statistikk, premiar. - Vaksne må vere gode rollemodellar for elevane. - Vere med på «Refleksjakten» i regi av Bygdelaget. 6 Trafikksikringsplan, Kløvheim skule 2016
Undervisningsmateriell: www.tryggtrafikk.no www.trafikkogskole.no www.barnastrafikklubb.no Trafikkboka frå Trygg Trafikk Sykkelhefte frå Trygg Trafikk Trafikkfilmar frå Trygg Trafikk si heimeside/youtube Læreverket i samfunnsfag GAIA 7 Trafikksikringsplan, Kløvheim skule 2016