TRAFIKKTRYGGINGSPLAN FOR SKJÅK KOMMUNE 2015 2017
Innhald Forord.. 3 Visjon og målsetting... 4 Oversikt over vegnett.. 5 Organisering av trafikktryggingsarbeidet.. 5 Registreringar og problemanalyse.. 6 Innsatsområde, tiltak og ansvarlege 6 Handlingsplan Førebygging 9 Handlingsplan fysiske tiltak kommunalt vegnett 9 Prioriteringsliste fysiske tiltak riks- og fylkesveger 10
1. Forord Trafikksikringsutval for inneverande kommunestyreperiode har vore: Torgeir Ødegård (leiar) Eldri Frøyse (miljø- og næringsutvalet) Turid Eiesar (skule) Kari Bustad (skule) Representant frå lensmannen i Skjåk Sekretær: Per Dagsgard (Plan, miljø og beredskap) Utgangspunket for arbeidet har bl.a. vore statistikk over registrerte trafikkulykker i kommunen, noko som har gjeve utgangspunkt for spørsmål om kvifor ulykkene har skjedd, kven som har vorte råka og kven som kunne ha gjort noko for å hindre ulykkene. Dette har vore eit viktig utgangspunkt for arbeidet med planen. Utvalet skal sjå på alle sider ved trafikktrygginga i kommunen, også der vi kan samarbeide med bl.a. vegmyndigheitene og politiet. I tillegg har vi lagt stor vekt på haldningsskapande arbeid og opplæring, ikkje minst i barnehagane og skulane Planutkastet har vore ute til intern høyring, og vil nå bli lagt ut til generell høyring, slik at det blir høve for alle til å koma med innspel til planen. Torgeir Ødegård
2. VISJON OG MÅLSETTING 2.1 Visjon Skjåk kommune har nullvisjon i trafikktryggingsarbeidet. Dette inneber at alle trafikanter innafor kommunen skal kunne ferdast trygt i trafikken. Ingen skal bli drepne eller hardt skadd i trafikken i Skjåk. 2.2 Målsetting Trafikktryggingsplanen skal vera reiskap for kommunen til å planleggje tiltak langs kommunen sine veger, og føre til betre sikkerheit for trafikantane. Trafikktryggingsplanen skal leggje til rette og samordne arbeidet med trafikktrygging i kommunen. Trafikktryggingsplanen skal vera serleg retta mot haldningsarbeid, i tillegg til at handlingsplanen har prioritert fysiske tiltak. Kommunalt trafikktryggingsarbeid er avhengig av lokalt engasjement, samordning og tverrsektoriell tenking. Skjåk kommune skal delta i prosjekt Trafikksikker kommune og vera godkjent innan 2017.
3. OVERSIKT OVER VEGNETTET Skjåk kommune har eit areal på 2079 kvm2 og eit folketal pr. 01.10.2014 på 2264 innbyggjarar. Kommunen har vegar av ulike kategoriar riksvegar, fylkesvegar, kommunale vegar og private vegar. Riks- og fylkesvegane er eigd av stat og fylkeskommune, og er forvalta av Statens vegvesen. På desse vegane trengs det en god del midlar for betre trafikktrygging det går m.a. på ljossetting, skilje mjuke og harde trafikantar, fartsregulering m.m. Trafikktrygging vil også vere viktig i beredskapssituasjonar, med krav til samhandling mellom planverka. Barnehagebarna blir i stor grad kjørt til barnehagen av foreldra, likeeins blir ein del elevar også kjørt til skolen. Det må difor leggjast vekt på gode tiltak der av- og påstigning skjer for å unngå ulykker, dette gjeld både for privatbilar og busser. Vidare er haldningsarbeid viktig. Det skal i størst mogleg grad vere lagt til rette for at barn skal kunne gå til skolen, der avstand er innafor godkjent grense. Tabell 1 Oversikt over vegnettet. Riksveger Fylkesveger Kommunale veger Gang- og sykkelveger riksveg Gang- og sykkelveger, kommunale 69 km 60 km 34 km 5 km 4 km 4. ORGANISERING AV TRAFIKKTRYGGINGSARBEIDET. Staten: Samferdselsdepartementet har eit overordna ansvar for trafikktryggingsarbeidet i Norge. Vegdirektoratet er fagorgan for trafikktryggingsarbeidet, og har eit overordna ansvar for vegplanlegging, vegbygging, føraropplæring m.m. Fylkeskommunen: Fylkeskommunen har ansvar for å samordne trafikktryggingsarbeidet i fylket. Dette er i Oppland lagt til fylkestrafikksikkerhetsutvalget (FTU) Kommunen: Kommunen står fritt i korleis trafikktryggingsarbeidet er organisert. Det overordna ansvaret er lagt til kommunestyret, men har delegert ansvar til Miljø- og næringsutvalet som har Trafikktryggingsutvalet i Skjåk som underutval. Leiar for Plan, samfunn og miljø har det administrative ansvaret for det overordna arbeidet med trafikktrygging og er sekretær for trafikktryggingsarbeidet. Konkret oppfølging er lagt til sektorane slik: Barnestyrarane har ansvar for oppfølging i barnehagane. Rektorane har ansvar for oppfølging i skulane. Flyktningkonsulent i samarbeid med vaksenopplæringa har ansvar for oppfølging overfor flyktningar/asylsøkjarar. Helse og omsorg har ansvar for oppfølging innafor sine område Kultur har ansvar for oppfølging innafor sine område Eldrerådet har ansvar for oppfølging innafor sine område
Tekniske drift har ansvar for oppfølging på vegnettet i samarbeid med vegvesen og fylkeskommunen. 5. REGISTRERINGAR OG PROBLEMANALYSE Tabell 1: Verkemidler i det kommunale trafikktryggingsarbeidet. Virkemidler Direkte underlagt kommunen Kommunal deltaking gjennom samarbeid med og påverknad av fylke, stat og organisasjoner Tiltak på kommunale veger Tiltak på riks- og fylkesveger Trafikkopplæring i barnehage og grunnskule Trafikkopplæring i vidaregåande skule Overvaking og kontroll Tiltak utanfor det tradisjonelle trafikktryggingsarbeidet (tiltak mot rusmidlar, kriminalitet) I tabellen er det skilt mellom verkemidler som er direkte underlagt kommunen (løyving og utføring) og det som er forvalta av organ/organisasjonar på anna forvaltningsnivå. Kommunen har ansvar for tiltak og gjennomføring på det kommunale vegnettet. For riks- og fylkesvegnettet kan kommunen spela ei aktiv rolle ved å fremja forslag til tiltak, og påverke prioriteringar som blir gjort på fylks- eller nasjonalt nivå. Frå 2001 er det eit krav at kommunane har ein politisk vedteken trafikktryggingsplan for å få tildelt støtte til planlegging og gjennomføring av tiltak. Tabell 2: Retningsliner for tildeling av midlar. 1. Tiltak må vera omtala og stadfesta (område, strekning, punkt) 2. Tiltak må vera grunngjeve 3. Det er krav til kostnadsoverslag 4. Det må leggjast ved finansieringsplan 5. Tidsplan for gjennomføring 6. Tiltaka må vera prioritert Tabell 3: Skuleskyss Skule Elevtal 2015 Skysselevar 2015 Skjåk u-skule 86 58 Marlo skule 69 68 Nordberg skule 99 99 Regelverk for skoleskyss følgjer sentrale retningsliner Opplæringslova 7-1. Skyss og innlosjering i grunnskolen Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. I dag får alle skuleelevar på Marlo og Nordberg skule gratis busskyss uansett reiselengde. På ungdomsskulen er skyssgrensa 4 km før du får gratis busskyss.
6. INNSATSOMRÅDE, TILTAK OG ANSVARLEGE 6.1. Trafikkopplæring og trafikktrygging i barnehage Ansvarleg er barnehagestyrar For transport i barnehagen sin regi må det bli stilt krav og vere klare reglar både for eigne tilsette og ved innleigd transport, m.a. krav til sikring. Foreldra skal skrive under på skjema som syner på kva måte dei ønskjer at barna skal bli transportert på. Vaksne er rollemodellar og trafikktrygging skal ha fokus på personalmøte og foreldremøte. Hjelm stille krav til bruk av hjelm der private tohjulssyklar er i bruk i barnehagen. Trafikksikker bringing og henting av barn skal ha fokus. Trafikkopplæring blir lagt inn i årshjulet til barnehagen, dette gjeld også førebuing til skolestart der barna skal bli kjent med oppførsel på skolevegen. Trafikkopplæring i barnehagen bruke opplegg frå Trygg Trafikk (Tarkus) eller tilsvarande. Bruk av refleksvestar ved ferdsel i trafikken. 6.2 Trafikkopplæring og trafikktrygging i grunnskolen Ansvarleg er rektor Plan for trafikktryggingsarbeidet for alle skulane med vekt på kompetansemåla i Kunnskapsløftet etter 4., 7. og 10. trinn. Nytte ressurs frå www.trafikkogskole.no Haldningsarbeid for trygg ferdsel på skulevegen - anten dei går, syklar eller tek bussen. Stå for praktisk opplæring. Aktuelle opplæringstiltak: Oppførsel på haldeplass og av/påstigning buss Samarbeid skule/transportør (bilbelte, forhold sjåfør/elev) Fadderordning Hjelm stille krav om bruk av hjelm, ingen hjelm ingen sykkel. Refleks motivere til refleksbruk. Stå for demonstrasjonar. Samarbeid heim skule (FAU og KFU) Felles mål og tankar. Vaksne som rollemodellar bevisstgjering. Foreldrekjøring trygt fram og tilbake, og trygg av- og påstigning, avklare plass. Sikring av barn i bil og buss. Ingen bil eller buss er i gang før dette er på plass. Sikre tilkomst og av/påstigningsplass for bussane ved skulane. Bruke elevane som rollemodellar, som er ansvarleggjort m.a. gjennom elevrådet 6.3 Helsetenesta Kommunen har ansvar for førebyggjande helsearbeid ref. samhandlingsreformen Helsesøstertenesta - rettleie ved barnekontroll om utstyr for sikring av barn i bil Legetenesta gje informasjon om faren ved kombinasjon legemidlar og bilkjøring 6.4 Frivillige organisasjonar Leiarar og foreldre som gode rollemodellar Bruke bilbelte og leggje vekt på sikker kjøring til og frå aktivitetane Tilskot til frivillig arbeid kan evt. sette vilkår om forhold i trafikken 6.5 Eldre og funksjonshemma Auke oppslutning om 65 + (her kan eldrerådet ha ei rolle)
Større fokus på ruspåverka kjøring (medikamentbruk trekantmedisinar) Ta det opp med legane. Universell utforming Lett tilgjenge for alle (jf regionsenterprosjektet med vekt på universell utfordring) Auke fokus på refleksbruk (ta opp dette i eldrerådet ) 6.6 Risikogrupper Ulykkesutsett ungdom Ruspåverka sjåførar Innvandrarar få inn tiltak som gjeld bruk av bilbelte, sikring av barn i bil, refleks og sykkelhjelm i introduksjonsprogrammet 6.7 Trafikktrygging innan landbruket Kommunen skal vera aktiv med informasjon til landbruket for å få ned trafikkulykker som t.d.: Informasjon om vinterlagring av for ute for å hindre dyretrekk over trafikkerte veger. Salting av beitedyr må ikkje skje i nærleiken av riks- og fylkesveger Refleksbruk på beitedyr 6.8 Trafikktrygging som del av HMS-arbeidet i kommunen (internkontroll) Det må skapast ein trafikktryggingskultur i kommunen. Trafikktrygging blir innarbeidd som del av kommunale regelverk for tenestereiser, bruk av kommunebilane etc., med vekt på sikker kjøring og bruk av sikringsutstyr. 6.9 Rullering og rapportering Rullering skjer årleg innan 1. november Rapportering om tiltak blir lagt inn i eit årshjul, med frist for rapportering til rådmann innan 15.04. og 15.10.
7. HANDLINGSPLAN FOREBYGGING Målgruppe Tiltak Ansvar Kostnad År Alle barnehagane har Styrar Eigeninnsats trafikktryggingsopplegg i årshjul i samsvar med pkt. 6.1. 1 Barn i barnehagane 2 Elevar i grunnskulen Alle skulane har trafikktryggingsopplegg i årshjul i samsvar med pkt. 6.2. 3 Brukarar av medikament Info om medikamentbruk og bilkjøring 4 Innvandrarar Trafikkunnskap i norskopplæringa for å skape gode haldningar jf. Pkt 6.6 5 Eldre bilførarar Oppfriskingskurs for eldre bilførarar. Bruk av refleks. 6 Søke om kommunle trafikktryggingsmidler 7 Tilsette Haldningsarbeid i trafikken, jf pkt 6.7 9 Personer med Universell utforming info om nedsett regelverket funksjonsevne 10 Tiltak for ferske foreldre 11 Landbruksnæringa Rektor Eigeninnsats Kommuneoverlegen Vaksenopplær inga Eldrerådet Eigeninnsats Eigeninnsats Leiar Plan, miljø og beredskap Rådmann Eigeninnsats Kommunen v/byggesaksan svarleg. Fylkeskommu nen Vegvesen Eigeninnsats Info om bilbruk og småbarn. Helsestasjon Eigeninnsats Ligg i driftsbudsjett Informasjon til landbruksnæringa i samsvar med pkt 6.7 Næringssjefen Eigeninnsats Kontinuerleg Kontinuerleg 8. HANDLINGSPLAN FYSISKE TILTAK KOMMUNALT VEGNETT Prioritet Tiltak på vegnettet Ansvar År Kostnad (tusen kr) 1 Gatelys industrivegen i Bismo SK 2016 500 2 Utskifting av kommunale SK 2017-19 1500 gatelysarmatur 3 Tiltak Almenningsvegen ved u- SK 2016 10 skulen, t.d. stenging i skulea 4 Fartsdempande tiltak på SK Plan 2016 150 kommunale veger i Bismo Utføring 2017 (Fartsdumper) 5 Skilting og markering av parallellveg til rv. 15 ved Statoil/Skjåk kjøpesenter 6 Fartsdempande tiltak på kommunale veger i Aurmo (Fartsdumper hovedveg) 7 Samanhengande sykkelstig utanom rv. 15 på strekninga Dønfoss Langvatnet. 8 Fartsgrens 30km/t v/ofossen mølle SK 2016 25 SK Plan 2016 Utføring 2017 SK/Skjåk almenning 50 3000
9. PRIORITERINGSLISTE OVER FYSISKE TILTAK RIKS- OG FYLKESVEGER Denne lista dannar grunnlaget for kommunen sine innspel til fylkeskommunen og Statens vegvesen Prioritet Tiltak på vegnettet Ansvar 1 Gang- og sykkelveg langs rv. 15 Lom grense Statoil Nordberg 2 Gang- og sykkelveg langs Fv 486 FK Skamsar bru Bokodden bru 3 Standardheving rv. 15 gjennom Skjåk. 4 Gang- og sykkelveg langs Fv 484 FK Skjoret - Garvarstugu 5 Veglys gang- og sykkelveg rv. 15 Bismo- Skjoret 6 Nye busslommer ved Industrivegen i Bismo. 7 Busslomme i krysset FK Solsidevegen/Marlosgjeilen 8 Vurdere fartsreduksjon til 40 km/t ved Dønfoss samt fotgjengerovergang 9 Vurdere bedring av siktforhold i krysset rv. 15/bellingsdalsvegen i Bismo og opphøgda gangfelt over rv. 15 på same stad 10 Forlenging av 50/km/t sone aust i Bismo for å få sona lenger frå fotgjengerfeltet. 11 Forlenging av 60/km/t sone vest for Grotli for å auke avstand til kryss, evt vurdere 50 og 70 km/t 12 Vurdere fartsgrense på rv. 15 Bismo Nordberg krk. Og rv. 15 i omr. Vollungsbru/Ofossen mølle 70 km/t der det i dag er 80 km/t? 13 Rydding av vegetasjon for å hindre viltpåkjørsler 14 Tiltak for å få villrein bort frå rv. 15 i Breiddalen 15 Adkomst til gang- og sykkelveg langs rv 15 frå Skeisvegen 16 Siktbedrande tiltak langs fylkesveg 484, Lundavegen