RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET



Like dokumenter
PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Frå dikt til teikneserie

Årsplan i norsk for 1.årssteg

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Øystese barneskule April - 08

Ha ein flott vinterferie neste veke! Alle må ha underskrift + rette målsjekken kvar veke!

SJØPOSTEN. September 2012

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

INDIVIDUELL OPPLÆRINGSPLAN OG HALVÅRSRAPPORT Døme: TOR 1-3 klassing

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

BARNEVERNET. Til beste for barnet

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

Bjørnehiet SFO - informasjon

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

Halvårsplan, hausten 2011

SKULEFRITIDSORDNINGA ULSTEIN SKULE 2016/2017

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER

Tiltaksplan mot mobbing

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

Valdres vidaregåande skule

ORDENSREGLEMENT FOR SKULANE I VINDAFJORD

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vekeplan 9. klasse. Namn:.. Veke 38. Eng British English. RLE: Likeverd og likestilling Natur:

Sandeid skule SFO Årsplan

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

Vurderingsrettleiing 2012

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Fagplan i norsk 1. trinn

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Årsplan i Norsk for 3.klasse

Læringsmiljø Hadeland. Felles skoleutviklingsprosjekt for Gran, Lunner og Jevnaker. Vurderingsbidrag

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Månadsplan for Hare November

Norskfaget ved Sinnes skule - «Ein raud trå» - mål, metode og vurdering for læring

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Stasjonsarbeid Ulike gruppedelingar Samtale Syngje Klippe,lime og teikne Skrive Diktat Avskrift Lese dikt Dramatisere Rim og reglar.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Innhald. 1. Definisjon og formål for SFO side Retningslinjer side Reglement side Samarbeidsutvalet side 3. 5.

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Foreldreundersøking i skule 2006

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Årsplan i kroppsøving for 8.årssteg.

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

«Ny Giv» med gjetarhund

Heile året: Lærarstyrt Samtale Syngje Klippe, lime og teikne Skrive

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Med nynorsk til betre skriving med skriving til betre læring

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Månadsbrev for Oransje, mars 2016.

Ti tips for betre nynorsk Marita Aksnes Eksamensarrangement på Sølvberget, 23. mai 2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

BOKSTAVSOMMAREN Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Bokstavprøve. Forside. Lesesenteret. Edle Inga Bentsen Anne Elisabeth Dahle. Universitetet i Stavanger

BOKSMIA; SØKNAD OM TILSKOT TIL UTGJEVING AV NY OG OMARBEIDA UTGÅVE AV «HALLINGDAL I BILETKUNSTEN»

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Ulstein ungdomsskule Ligg i Ulstein kommune på Sunnmøre Noregs mest attraktive kommune 2012 Nybygd skule innflytta elevar rein ungdomsskule 1

Årsplan. for 4. årstrinn nynorsk

Heile året: Lærarstyrt Samtale Syngje Klippe, lime og teikne Skrive

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

1 Utgreiing av søknaden

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

Kåre Kverndokken 1-2 LESE- OG SKRIVESTART

Transkript:

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET Namn på institusjon: Kviteseid skule Rektor/fagleg leiar: Liv Sonja Flolid Telefonnummer: 350 55 300 Postadresse: 3850 Kviteseid E-postadresse: liv-flolid@kviteseid.kommune.no Namn på ansvarleg(e) for prosjektet: Øyfrid Garborg Sande Aufles Tidsrom for rapporten: August 06 juni 07 Føremålet med prosjektet Korleis fremje trygge, glade og stolte nynorskbrukarar i byrjaropplæringa i ein elles så bokmålsdominert skrivekultur. Prosjektet går ut på å starte lese- og språkopplæringa med verkstadpedagogikk. (Arne Trageton) Verkstaden er tenkt brukt ein dag i veka fram til og med 4. klasse. Elevane skal gjennom røynsler og opplevingar på verkstadane verte medvitne eige talespråk og talespråket i høve til nynorsk skriftspråk. Vidare er tanken at mykje arbeid med språk og tekstskaping skal gå føre seg med pararbeid på PC. Elevane skal taste seg til lesing og etter kvart tekstskaping. Med 11 elevar i 1. klasse hadde det då vore perfekt med sju PC-ar i dette opplegget. Mykje av lesestoffet ungane då får i grunnopplæringa er tekstar henta frå sjølvopplevde hendingar og eigen fantasi i tekstskapingsarbeidet. For å få til dette, må eg gjera om på det tradisjonelle 1. klasserommet til ein verkstad. Røynslene og ideane til ungane vert mykje av basisen i grunnopplæringa. Det dei sjølv skaper er morosamt og motiverande for både liten og stor. Organisering og gjennomføring Klasseromet er innreidd med ein høvelbenk, ei sandkasse, byggeklossar i tre med ulike lengder og plastilina på leireverkstaden. Fire berbare datamaskinar vert sett opp på ungdomskulepultar. Slik kan elevane stå og skrive, og ein treng ikkje stolar som stel plass i klasserommet. Kvar måndag har klassa verkstad. Me startar etter morgonsamling, ca. kl.9.00, og brukar resten av dagen til verkstadøktene. Klassa på 11 elevar er delt i tre grupper. Dei er blanda gutar og jenter, og skiftar verkstad ein gong i veka. Etter fire veker har alle arbeidd på alle verkstadane. Eg har med meg ein assistent i fire timar. Elles har me fylgd bokstavprogresjonen i Zeppelin ABC med ein ny lyd kvar veke. Fyrste økta skaper og leikar elevane på verkstaden. Andre økta presenterer verkstadgruppene dei ulike arbeida rundt på verkstadane. Etterpå ryddar elevane opp verkstadane. No har me ei lang matpause. Me har lagt føre- og ettermiddagsfriminutt inn i matfriminuttet, og får slik ein heil time pause. Etterpå er det tid for arbeidsøkt i Verkstadboka. Alle har ei A4 arbeidsbok med blankt ark på eine sida og linjer på motsett side. Her teiknar og etterkvart skriv dei frå verkstadane. I hausthalvåret skreiv oftast assistenten og eg tekst som eleven dikterte. Siste økta presenterar kvar elev si bildeforteljing. Dei får her konkret, positiv respons på teikninga og den munnlege forteljinga. Etterkvart (etter nyttår) må elevane og grunngje responsen dei gjev.

Kva er oppnådd i prosjektet? Gjennom leik og skapande arbeid har alle elevane lært å lesa utover skuleåret. Nokre las alt i haust. Ein opplever aldri at elevane ikkje forstår kva dei skal gjera, eller at dei har vanskar med å koma i gang. Eit av måla mine var samarbeid og konfliktløysing på barna sitt nivå på dei ulike verkstadgruppene. Her har elevane oftast samarbeidd med same kjønn, og stille vore einig om usynlege grenser i leiken. Sandkassa vart t.d. ofte delt av eit hav ca. midt på der det sumde delfinar og haiar. Elevane er no klar over at me har to skriftspråk i landet vårt, nynorsk og bokmål. Hausthalvåret brukte elevane store bokstavar når dei skreiv på datamaskinene. Dei byrja ofte med namnet sitt, deretter vart det hemmeleg skrift. Etterkvart skreiv dei og namnet på familiemedlemmar og andre elevar i klassa. Etter nyttår byrja om lag halvparten av elevane å velja små lesebokstavar i tekstskapinga på datamaskinene. Rundt påsketider vel alle små bokstavar. Elevane er godt kjende med knappen som vel store eller små bokstavar. Dei fleste byrja å skrive sitt eige namn, namn på venner og familie før dei byrja å skrive små forteljingar. Dei to fyrste vekene i haust opplevde eg at ikkje alle gutane lika å teikne noko særleg. Ein teikna berre eksos, ein annan vart fort ferdig med nokre få strekar i boka si. Forbausande fort vart dei ivrige til å arbeide med teikning og tekst i verkstadboka. Nokre tok til og med teikninga med ut i friminuttet for å gjera ho ferdig. Dette meiner eg kjem seg av at elevane gjennom leik og konkrete materialar har skapt sin eigen læringsarena. Dei får god tid til å gå i djupna på leik og arbeid når dei er på same verkstaden heile dagen. Eg, som lærar, går inn og pakkar på kunnskapar og omgrep frå alle fag inn i leiken deira. Eit anna viktig moment er kjensla av meistring frå dag ein på skulen. På verkstadane arbeider elevane ut frå indre motivasjon. Her er ingen ting feil eller gale. Alt er rett, og alle er stolte over det dei har skapt både på verkstaden og i arbeidsbøkene. Alle elevane gler seg til opplesing av eiga bildeforteljing, og i denne fasen skal dei og gje kvarandre positiv, konkret kommentar på bildeforteljingane. Etter nyttår skal dei i tillegg grunngje responsen. På denne tida byrja me og å skrive dato i verkstadboka. Eg skriv han fyrst på tavla. Uti februar/mars byrjar jentene å gå forbi gutane i mengde tekstproduksjon på datamaskinene. Elevane har lært at datamaskina er ein reiskap i skriving, nett som blyanten. Dei har og fått god trening i å slå på datamaskinene, opne, finne mappa dei skal skrive i og å slå av datamaskinene. Plan for vidareføring av prosjektet: Prosjektet med verkstadmetodikk og tastatur har vore svært positivt. Me vil halde fram med verkstad ein dag i veka neste skuleår. Den nye 1. klassa vil og ha ein verkstaddag i veka. Samla vurdering av prosjektet Elevane er motiverte, engasjerte, leikande og aktive produsentar i eiga byrjaropplæring. Alle opplever meistring frå fyrste dag. Dette styrkjer sjølvkjensla og gleda i å produsere og skape sjølv. Elevane vert trygge på eige arbeid og framføring av dette. Små lesebokstavar kunne elevane velja på datamaskinene når dei sjølve var klare for det. Me har eit nynorsk fokus på språk- og skriveutvikling i ein leikande læringsarena gjennom denne metoden. Slik håpar eg ungane på ein positiv måte vert medvitne nynorsk skriftspråk i høve til dialekten, og at dei i vår elles så bokmålsdominerte tekstverd vert trygge, glade og stolte brukarar av nynorsk skriftspråk.

Bilete frå verkstaden:

GOD SOMMAR. HELSING 1. KLASSE PÅ KVITESEID SKULE