nr våren 2016 Sesongstart i Movika 13. april! 26 nærløp i 2016 Kvar og når? Terminliste og kart s. 16-18

Like dokumenter
Organ for Førde IL orientering

Orientering er friluftsaktivitet...o-folk gjer det i friluft!! nr april 2015

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Årsmelding for O-gruppa 2015

Stemnehandboka for NKSF

Arrangementsregler. for lokale o-løp i Salten

årsmelding

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

nr april 2014 Blir 2014 eit toppår for Førde IL Orientering? Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 38

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Brukarmanual.

INVITASJON til Etne Cup 2007

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Velkommen til. årsmøte!

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Brukarrettleiing E-post lesar

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Stord IL Orientering Årsrapport 2003

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

Trinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Bruk av driftsmidlar Frifond

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Friluftslivets år 2015

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 15. september.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INFORMASJON FOR OPPMENN

Rekruttere og beholde i o-idretten

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Årsmelding 2015 Sogndal Turlag

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Endringslogg. Fleire måtar å importere løparar på, direkte import frå Excel fil. Endring på seedingtrekning.

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Oppmannsperm. Skal innehalde alle relevante opplysningar for sesongen Rollebeskrivelse Arbeidsfordeling Alle skjema

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Førde IL. Årsmelding 2015 Rekneskap 2015 Budsjett 2016

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Årsmelding 2015 IL Gular, orienteringsgruppa

ÅRSMELDING FOR OPPLAND JOURNALISTLAG ARBEIDSÅRET 2006

«Ny Giv» med gjetarhund

Finansiering av søknaden

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Strategiplan

6-åringar på skuleveg

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Månadsplan for Hare November

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

Transkript:

1 nr våren 2016 orientering.fordeidrettslag.no Årets vakraste eventyr startar 13. april i Movika Sesongstart i Movika 13. april! Organ for Førde IL Orientering Nr. 1 - årgang 40 Storsatsing på rekruttering -Ny Råtass! -Faste treningar for ungdom! s.8-12 26 nærløp i 2016 Kvar og når? Terminliste og kart s. 16-18 O-posten 40 år! -Førde IL O-gruppe sitt meldingsblad siden 1976 s. 4 1

Leiaren har ordet I skrivande stund er det berre få dagar att til 2016-sesongen er i gong, og naturen byr opp til dans. Snøen ser ikkje ut til å verte til hinder for løpa utover våren, og allereie er det snøfritt for ivrige o-løparar mellom anna på Skjervane, Vieåsen og i Kletten på Vie. Kart får du ved å ta kontakt med nokon i teknisk råd. Det vert i år lagt opp til nokre endringar i tilbodet, og vi håpar og kunne tilby både yngre og eldre eit bedre tilbod, ikkje minst gjennom tilbod om tettare oppfølging og opplæring av trenar på nærløpa. Meir om tilboda vi har finn du vidare i O-posten. Samtidig håpar vi så mange som råd finn vegen ut på tur, med turorienteringskart i handa. Ta med familie og vener på tur og gje dei ein smakebit på kva det er vi driv med. Eg oppfordrar også alle løypeleggarar(meg sjølv inkludert) til å tenkje gjennom kva vi tilbyr nye og gamle løparar med løypene våre. Spesielt er det viktig at ferske løparar får gode løyper. Løyper som er tilpassa nivået orienteringsteknisk og i terreng og på stiar som gjer det kjekt å springe. Høgt tempo er kjekt og utfordrande og gjer sporten vår betydeleg meir attraktiv enn endelaust med stigning i våte myrsig. Heldigvis har vi mange gode løypeleggarar som gjerne delar av sine erfaringar, så det er berre å spørje om du lurer på noko. Til sist vil eg oppfordre alle til å vere med på løp også utanfor kommunegrensene(kvar no dei måtte vere i framtida ) Spesielt oppfordrar eg dykk til å delta på Fjord-O, og bidra til at Fjord- O slik forblir eit stort og viktig løp i Noreg. Vi snakkast på arena og i skogen Jon Anders Schei leiar Førde IL Orientering Innhaldsliste side 3 Medlemsskap i FIL orientering side 3 Førde IL Orientering Styre og Råd 2016 side 4 O-posten 40 år side 5 Sesongkort 2016 side 6 Informasjon frå Teknisk råd side 8 Tiltaksplan for Førde IL Orientering 2016 side 10 Informasjon frå trenings- og rekrutteringsrådet side 13 Løpsaktivitet for o-sesongen side 16 Tabell over nærløp og andre viktige løp side 18 Kart over nærløpsområdene side 19 Nye o-drakter side 20 Prosedyrer og rutiner for nærløp side 22 Informasjon frå turorienteringsrådet side 24 Oversikt EKT-utstyr og posteiningar side 25 Ny nettside 2

Medlemskap i FIL orientering FIL Orientering var for året 2015 registrert med totalt 34 medlemmer. På våre nærløp i 2015 har vi registrert tilsaman 94 personar som medlemmer i Førde IL. Dette kan tyde på at ein god del av deltakarane på o-løpa av ein eller anna grunn ikkje har betalt medlemskontingent til Førde IL. Antall betalande medlemmer i Idrettsregistreringa har betydning for tilskotet vi får frå hovudlaget, og dei som deltek i våre aktivitetar blir oppfordra til å betale medlemskontingent. Førde IL nyttar Noregs Idrettsforbunds medlemsregistrerings- og betalingssystem «Min idrett» og medlem av FIL må være registrert der. Er du ikkje brukar (m.a.o. har ein profil og eit passord) av Min idrett? Gå til på nettsida til FIL Orientering og velg Bli medlem (Min Idrett) og registrer deg (eller din familie) der. Trinn-for-trinn-forklaring ligg på den same sida. Da vil du ved seinare høve få e- postvarsel om faktura og kan betale medlemskontingenten online med kredittkort, eventuelt betale med KID i nettbank/giro. Førde IL Orientering Styre og Råd 2016 Styret: Leiar Jon Anders Schei Kåsen 6D, 6812 Førde 90222482 jonandersschei@gmail.com Nestleiar Kenneth Husevåg-Lobben Tunavegen 6, 6819 Førde 91540458 husevaglobben@gmail.com Styremedlem Annina Lea Schenker HiSF, 6812 Førde nelonina@gmail.com Varamedlem Torodd Os Runnaleite 11, 6812 Førde 91395912 torodd.os@enivest.net Kasserar Egil Nestande Kvamane 7, 6812 Førde 90622156 egil.nestande@online.no Teknisk råd: Leiar Torodd Os Runnaleite 11, 6812 Førde 91395912 torodd.os@enivest.net Medlem Helge Schei Leabakken, 6812 Førde 90726290 helge.schei@mentor.no Medlem Egil Nestande Kvamane 7, 6812 Førde 90622156 egil.nestande@online.no Trenings- og rekrutteringsråd: Leiar Harald Hjellbrekke Angedalen, 6811 Førde 97712051 harald.olav.hjellbrekke@enivest.net Medlem Thale Eliassen Fink Langeberget 4, 6812 Førde 48221672 thale-fink@hotmail.com Medlem Knut Even Hole Moskog, 6819 Førde 90201994 knuteh@hotmail.com Medlem Annina Lea Schenker HiSF, 6812 Førde nelonina@gmail.com Medlem Asgeir Årdal Kvietunet 26, 6812 Førde 95776292 asgeir.ardal@sfj.no Turorienteringsråd: Leiar Kjartan Hauger Vassenden, 6847 Vassenden 91569300 kjartan@gmx.com Medlem Marius Dalin Flatabakken 3, 6810 Førde 48046592 marius.dalin@enivest.net Medlem Knut Steinar Lote Runnaleite 19, 6812 Førde 91347487 steinar.lote@nrk.no Medlem Egil Nestande Kvamane 7, 6812 Førde 90622156 egil.nestande@online.no 3

O-posten, FIL O-gruppe sitt meldingsblad gjennom 40 år Det var Kjartan Myklebust som tok initiativet til fyrste utgåva av O-posten i 1976. Kjartan var leiar i o-gruppa dette året, og av respekt til Øystein Ueland som året før hadde laga eit utkast til meldingsblad, fekk fyrsteutgåva slik heading: «NR. 1 - mars - 1976, 2. årg.». Dei fyrste åra levde O-posten opp til mottoet om å være seriøs og informativ. Bladet gav god informasjon om føreståande o-sesong i vårnummeret og tilsvarande god oppsummering i form av resultatstatistikk etter sesongen i haustnummeret. «NR. 1 - mars - 1976, 2. årg.»: Som redaktør venta Kjartan på tilbakemeldingar frå lesarane, men då desse uteblei vart han freista til å bruke sin velutvikla humor og krydra stoffet i O- posten med ulike historier. Til tider var humoren så provoserande og vulgær at nokre meinte han hadde gått over streken, og måtte gå tilbake til sakleg stoff. Opp gjennom åra har det vore ulike redaktørar av meldingsbladet. Dei som har bidrege mest er K.M, samt Egil Nestande og dei ulike leiarane av gruppa opp gjennom åra. For å kopiere opp bladet har det vorte nytta ulike offentlege kontor, samt arkitektkontoret ARKI. Som kulturhistorisk dokument er O-posten unik. Den fortel om miljøet i ei særgruppe over 2 mannsaldrar og skildrar humor, fakta og statistikk gjennom generasjonar. Det er verdt å merke seg at logoen som Kjartan laga i 1976 også bli nytta i dag. Egil Nestande har hatt hand om O-posten dei siste 10-åra og utgåvene er no modernisert Kjartan Myklebust og kjem ut med mange gode fargerike bilete. Egil har også mangla tilbakemeldingar og stoff frå lesarane, så mykje av stoffet har personleg og sarkastisk preg. Lagnaden til O-posten kviler no hjå nye redaktørar Oppsummert av Gunnar Gytri 4

Sesongkort 2016 samme design og samme pris!!! Sesongkortet kom i fjor med ny «moderne» design, og med storleik som eit kredittkort (85 x 54 mm). Samme design og samme pris i år Utforminga på årets sesongkort er identisk med fjoråret, berre med oppdatering av årstall og nettadressa. Prisen på sesongkortet i 2016 er også den samme som i fjor for alle aldersgrupper: Under 12 år kr 100 Frå 12 til og med 19 år kr 200 Over 20 år kr 500 Også uendra startkontingent for enkeltløp Startkontingenten for enkeltløp i 2016 blir den samme som i 2015, og er: Under 12 år kr 20 Frå 12 til og med 19 år kr 40 Over 20 år kr 60 Sesongkort har fordelar Kjøp av sesongkort har fordelar både for deg som løpar og for arrangørane av nærløpa. Reknar du med å delta i dei fleste nærløpa gjennom sesongen vil det lønne seg å kjøpe sesongkort ved sesongstart. Er du under 12 år så tener du på å kjøpe sesongkort dersom du deltar på fleire enn 5 nærløp. Det samme gjeld for deg som er mellom 12 og 19 år. Er du over 20 år tener du på å kjøpe sesongkort dersom du deltar på minst 9 nærløp. Andre fordelar for degt er at du ikkje treng å ha med pengar til nærløpa. For løpsarrangørane er det også ein fordel dersom mange kjøper sesongkort. Det blir mindre veksling og styr med pengar, og påmeldinga kan gå raskare. I tillegg får vi ein større del av startkontingent inn på vår konto tidleg i sesongen. 5

Teknisk råd Torodd Os Helge Schei Egil Nestande leiar medlem medlem Kartarbeid i 2016 På grunnlag av anlegg som vi har fått registrert i «Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014-2017», skal vi i år ha oppstart på kartprosjektet «Kinna». I budsjettet for 2016 er det avsett ein sum på kr 25 000 til grunnlagskonstruksjon til anlegget. Synfaring og digital teikning av det 5 km 2 store området reknar vi med å kunne utføre delvis som dugnadsarbeid, supplert med innleigd profesjonell hjelp. Søknad om spelemidlar reknar vi med å sende i løpet av hausten. Nærmiljø-/skulekartet «Sunde skule», som også er tatt med i «Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014-2017», kan og vera aktuelt å begynne med i år. Vi vil lage kartet som sprintkart i ein utvida versjon, der også bustadområdet Farsundfeltet blir tatt med. Grunnlagsmaterialet for dette kartet vil vera digitalt kommunalt kart pluss del av kartet Digernesvatnet som dekker nærområdet omkring Sunde skule. Oppdatering av kart Årleg oppdatering av våre kart på grunn av ulike tekniske inngrep og/eller vegetasjonsendringar kan reknast som eit «Sisyfosarbeid» - det tar aldri slutt. Dette gjeld alt frå mindre korrigeringar og oppdateringar i samband med våre nærløp, til meir omfattande revisjonar på grunn av større inngrep. Utbygginga av skianlegget på Langeland vil i år medføre nokså store inngrep og dermed behov for vesentleg korrigering av karta som dekker dette området, løpskartet Bringeland og nærmiljøkartet Langeland skisenter. Stolpejakt kartgrunnlag På årsmøtet i FIL orientering vart det vedtatt å komme i gang med «Stolpejakt» i 2017, og at 2016 skulle nyttast til nødvendig tilrettelegging med sikte på dette. Med erfaring frå andre stader så meiner vi det er mest aktuelt å starte «Stolpejakt» i sentrumsnære område. Vi har fleire kart som kan nyttast: Førdehuset, Halbrend/Flatene, Hafstadparken, Vieåsen. Men til bruk i samband med «Stolpejakt» må karta vera vera georefererte, dvs. korrekt tilpassa koordinatsystem for bruk av GPS. Det kan også vera fordelaktig å kombinere fleire av våre mindre kart til eit felles kart som dekker eit større område. Vi er så smått i gang med dette, sjå utsnittet på neste side der karta Førdehuset, Halbrend/Flatene, Hafstadparken er sett saman til eitt kart. 6

Utstyr Til 2016-sesongen har vi kjøpt inn 11 nye posteiningar på stativ til erstatning for dei einingane som er meir enn 10 år gamle. Vi har nå 136 posteiningar på stativ inklusiv nokre dublettar, pluss 10 starteiningar og ein Joker-post. Joker-posten kan programmerast med ulike nummer etter behov. Vi har også ein epost som kan vidaresende stemplingsdata til elink og dermed høve til å registrere online mellomtider i orienteringsløp med vanlege o-brikker. Av utstyr elles har vi 4 stk. MTR4 komplett, ei startklokke, eitt Startdisplay ESD2, pluss 50del av Startdisplay ESD2. Av postskjermar er det i alt ca. 180 stk. der 2/3 er i A-kvalitet (nye eller lite brukte). EKT-brikker til utlån/leige har vi 82 stk. av. Utsnitt av kartet Førde Sentrum 7

Tiltaksplan for Førde IL Orientering 2016 FIL Orientering har laga ein tiltaksplan som vart vedteken på årsmøtet. Den er i stor grad tilpassa aktivitetar som man søker om tilskot til. Nærløp og K-løp er difor ikkje lagt inn i planen. Nedanfor finn du ein del av punkta som ligg i planen. Heile tiltaksplanen finn du i filarkivet til nettsida vår. Rekruttering av barn Å rekruttere fleire barn i alderen 6-14 år som deltakarar på nærløpa er eit av hovudfokusa til FIL Orientering. Tidlegare år har det vore arrangert Råtassløype, der barn opp til 12 år kunne prøve seg i en enkel orienteringsløype. I år satsast det på eit nytt opplegg i «Råtassånd» for nybegynnere og dei aller yngste som ønsker å lære meir om orientering. Det vil bli enkel opplæring i kart og kompass, med stjerneo og korte sløyfer nær nærløpsarenaen. Det er utarbeidd ein aktivitetsplan, med ulike tema og aktivitetar kvar gong. Alle aktivitetane vil vere laga med tanke på barns trivsel og meistringskjensle. Tiltaket markedsførast via diverse kanalar for å nå fram til potensielle deltakarar. O-challenge vil dette året bli endra slik at skulane får laga eit enkelt orienteringsopplegg. Det er også eit mål å få inn eit orienteringsopplegg i samband med sommar-idrettsskulen. Rekruttering av vaksne og familiar Orientering er den perfekte familieidretten! Absolutt heile familien kan saman delta på ein orienteringaktivitet. Førde IL Orientering håpar at denne løyndomen avslørast i 2016! Oppfordringa til våre medlemmar må vere å ta med naboar og vener på nærløpa dette året. O-gruppa satsar på å lage arrangørkurs for vaksne denne sesongen. Den internasjonale o- dagen den 11. mai markerast. «Finn fram»-dagen den 20. mai er eit fellesarrangement, blant anna i lag med Barnas Turlag. Trening for ungdom Førde IL Orientering har som mål å få med enda fleire ungdomar dette året. Personleg oppfølging av ungdomane vil forhåpentligvis auke ungdomsgruppa. Det er sett opp til O-teknisk trening i tilknytning til nærløpa eller slik trenar planlegg det. Nye treningsløyper skal bli lagt ut på nettsida og Facebook. Deltaking på Sogn og Fjordane orienteringskrins sine ungdomssamlingar, i tillegg til O-landsleir og hovudløp er også eit mål. 8

Ungdomsleir (O-trolleir) O-trolleir er eit tilbod til born i alderen 10-14 år. Det tilretteleggjast for både nybegynnarar og til dei som kan litt om orientering. I år vert O-trolleir arrangert 3.-4. juni på Skihytta ved Langeland. Her vert det opplegg med O-teknisk trening og løyper av ulik vanskegrad, i tillegg til kjekke sosiale aktivitetar. Turorientering Deltakinga på turorientering har hatt ein dalande tendens dei siste åra. Målet for Førde IL Orientering er å få 20 fleire deltakarar per år dei neste tre åra. Her ynskjer vi å oppfordre våre medlemmar som deltek på turorienteringa om å ta med ein nabo eller ein ven på søndagstur med kart og kompass i handa. Det einaste du risikerer er å få ein konkurrent i løypa neste år! Kompetanse Kurs i løypelegging og arrangørkurs skal styrke kompetansen og bredden på Førde IL Orientering sitt arrangørkorps. Rekruttering/integreringstiltak for flyktningar Førde IL Orientering ynskjer også å aktivisere og integrere barn og unge flyktningar i asylmottak gjennom å tilby orienteringsaktiviteter i lag med norske barn og ungdommar. Deltakarane vil instruerast i kartforståing og bruk av kart og kompass, og vil kunne delta på orienteringsaktivitetar utover sesongen. 9

Trenings- og rekrutteringsrådet Harald Hjellbrekke Thale Eliassen Fink Knut Even Hole Annina Schenker Asgeir Årdal leiar medlem medlem medlem medlem Førde IL Orientering ønsker at fleire barn og unge skal oppdage gleden ved orientering. Framfor denne sesongen vert rekrutteringsopplegget vidareutvikla, og vil oppstå i ein ny og meir omfattande form. Råtassgruppa Tidlegare år har vi hatt Råtassløype, der barn opp til 12 år kunne prøve seg i ei enkel orienteringsløype. I år vil vi ha eit nytt opplegg for nybegynnarar og dei aller yngste som ønskjer å lære meir om orientering. I år vil det bli enkel opplæring i kart og kompass kvar onsdag frå kl 18.00 - ca. kl. 19.00. Dette kan variere litt etter kva tema vi skal ha. Oppmøtestad vil vere den samme som for nærløpa, og det er viktig at alle er klar kl. 18.00. Temaene dei forskjellige dagane står beskrevet i aktivitetsplanen. Det blir ulike tema og aktiviteter kvar gong, som gjennom året skal gje mange flinke Råtassar i orientering. Alle aktivitetane vil vere laga med tanke på barns trivsel og mestringskjensle. Det kan vere lurt å sjekke aktivitetsplanen med tanke på kva kle som passer dei forskjellige dagene. T.d dei dagene vi skal avslutte med «myr-fotball» blir vi garantert våte og skitne, så da det kan vere lurt med klebytte til bilturen heim. Nokre dager skal vi gå N-løypa, enten samla eller kvar for oss. Desse dagane er merka av i aktivitetsplanen, og det er viktig at løypelegger desse dagene legger N-løypene med tanke på temaet denne dagen. Som når vi t.d skal ha ledelinjer som tema, er det viktig at N-løypa blir lagt slik at vi kan bruke dei ledelinjene som er i området mellom postane. 10

Nytt tilbod til unge orienteringsløparar i Førde I år ynskjer vi å gje dei unge løparane som har vore med på o-løp tidlegare eit betre tilbod. Dette gjeld i fyrste omgang for aldersgruppa 11-16 år, men her vil vi og vurdere kva nivå deltakarane ligg på. Dette tilbodet vil komme i tillegg til dei ordinære nærløpa som vi har. Du kan derfor være med på ca. 1 time med rekrutt-aktivitet eller treningsaktivitet før nærløpa på onsdagane. Det vil sei at ein møter opp på nærløpet kl. 18.00 presis, og avsluttar aktiviteten litt før kl. 19.00. Så då kan dei som ynskjer det også springe nærløpet. Kva skal vi tilby i denne timen på onsdagane? Orienteringsteknisk trening og øvingar. Det vil sei at vi kvar onsdag skal trene på orienteringstekniske element som skal gjere oss flinkare å lese og forstå orienteringskartet. På terminlista er det sett opp ein person som er ansvarleg for kvar trening. Denne personen har i forkant av treninga fått ei forklaring på kva ein skal trene/øve på denne onsdagen, og gjort dei nødvendige førebuingane. Vi håpar at mange vil nytte seg av dette tilbodet, slik at vi kan få større oppslutning om orienteringssporten, og at dei som er med kan meistre kartforståing betre, og såleis få større glede av å drive med orientering. O-trolleir O-trolleir er ein ungdomsleir for orienteringsinteressert born i alderen 10-14 år. I år vert O- trolleiren arrangert i helga 3.-4. juni på Skihytta ved Langeland. Harald Hjellbrekke og Annina Schenker er vertskap og har eit kjekt program for deltakarane. Ungdomsaktivitetar i regi av Sogn og Fjordane Orienteringskrins I 2016 legg Sogn og Fjordane orienteringskrins opp til fleire ungdomssamlingar rundt omkring i fylket. I tillegg vert det også satt opp ein felles tur til pinseløpa på Hamar eller Kongsberg. UNGDOMSSAMLINGAR 12-19 ÅR: Krinslagssamling 1: Krinslagssamling 2: Krinslagssamling 3: Krinslagssamling 4: 16. - 17. april Askvoll (Sprintløp i Askvoll sentrum inngår i samlinga) 14. - 16. mai Fellestur til pinseløp på Hamar eller Kongsberg 11. - 12. juni Hafslo (KM Mellom inngår i samlinga) 27-28. aug. Førde (KM Langdistanse inngår i samlinga) 11

HOVUDLØP/O-LANDSLEIR 2016 Dette årlege arrangementet er for ungdommar i aldersgruppa 14-16 år. I år er Hovudløpet og O-landsleiren lagt til Konnerud ved Drammen i tida 5. - 10. august 2016. Sogn og Fjordane O-krins legg opp til fellesreise for alle frå Sogn og Fjordane. Følg med på hl16.no og Facebooksida deira. På denne nettsida vil du finne meir informasjon om dette arrangemenet som du ikkje må gå glipp av! Er du i nokon som helst i tvil om at dette blir moro, må du sjå Hovedløpsfilmen 2016 på deira nettside. 12

Løpsaktivitet for o-sesongen 2016 Nærløp i 2016 Terminlista for året 2016 er ekstra fyldig: Medrekna Førdebodstikka og Romjulsløpet står det heile 26 nærløp på lista. Av desse er det fire sprintløp på vårsesongen og sju nattløp på hausten. Nytt på terminlista i år er at det på kvart einaste ordinære nærløp er lagt inn rekrutteringsaktivitetar med ulike tema. Dette er eit nytt opplegg for Råtass, og målet er å rekruttere fleire barn i alderen 6-14 år som aktive deltakarar på våre nærløp. Heile terminlista finn du i dette nummeret av O-posten og på våre nettsider. Alle nærløp annonserast med annonse i FIRDA. Det vert også lagt ut informasjon om kvart løp på våre nettsider og vår Facebook-side. I tillegg skal løpa omtalast i «Det skjer» i FIRDA. Dei nærløpsansvarlege oppfordrast til å lese og følgje 2016-utgåva av «Prosedyrer og rutiner for Nærløp». Nærløp på onsdagar Onsdag 13. april starter nærløpsesongen, og i år er det KickOff ved Sunnfjord museum i Movika. Onsdagsnærløpa vert deretter arrangert kvar einaste veke fram til den 29. juni. Etter ein velfortent sommarkvil set vi i gang igjen den 10. august ved Digernes i Sundsdalen. Siste løp før mørkret gjer nærløpa om til å bli nattløp er løpet ved Langeland Skisenter den 14. september. Dette er også siste gong for Råtass-treningane for i år. Nattløp I år gjennomfører vi heile sju nattløp utover hausten. Første nattløp er onsdag den 21. september i Angedalen. Kvar veke utover hausten blir det sett opp nye nattløp, fram til Tambarskjelvar arrangerer det siste nattløpet i Naustdal den 2. november. Informasjon om nattløpa blir lagt ut på nettsida vår og på Facebook. Nattløpa blir arrangert med mindre krav til sørvis og utval av løyper, og med redusert startkontingent. 13

Lagsmeisterskap Også i år gjennomførar Førde IL Orientering lagsmeisterskap i langdistanse, mellomdistanse og nattløp. Den 8. juni blir LM-mellomdistanse arrangert på Langeland Skisenter. Arrangørar er Egil Nestande og Merete Larsmon. LM-langdistanse vert arrangert den 24. august i Blomlia. Arrangørduen Andreas Haug og Johan Magerøy skal sørge for eit like prikkfritt arrangement som fjorårets to løp under Vestlandsmeisterskapet (DM 2015) i Kråkenesmarka var. Den 19. oktober blir LM-nattløp arrangert I Ulvedalane. Helge Schei er vertskap i mørkret oppe ved Bulingtjørna. K-løp i krinsen Førde IL Orientering vil i 2016 arrangere to K- løp. Den 21. mai vil Sunnfjordorienteringa bli arrangert ved Førde Vassverk (Sjå invitasjon) KM langdistanse blir arrangert 28. august. Arena er Etterli i Masdalen. Sunnfjordorienteringa Løyper og klassar: 14

Andre løp i fylket Allereie 17. april arrangerar Askvoll og Holmedal IL KM sprint i Askvoll sentrum. Breimsbygda IL setter opp den tradisjonsrike «Rotekoppen» søndag 29. mai. KM mellom arrangerast i Sogndal søndag 12. juni. KM natt arrangerast av IL Tambarskjelvar laurdag den 24. september. Dagen etter, søndag den 25. september følgjer dei opp med «Haustbløyta». Løp utanfor fylket i 2016 Nokre aktuelle løp som O-folket kan merke seg er: 23.-24. april Halden, «Norwegian spring» (Vårspretten) 14.-15. mai Kongsberg, Pinseløpet 2016 14.-16. mai Hamar og Løten, Pinseløpene på Hedmarken 24.-26. juni Sarpsborg, O-festivalen 2016 7.-10. juli Lillesand og Høvåg, Sørlandsgaloppen 13.-17.juli Stryn og Ålesund, Fjord-O (Sjå eige sak) 5.-10. august Drammen, O-landsleir og Hovudløp 14-16 år 12.-13. august Oslo, Night Hawk 2016 8.-11. sept. Bodø, NM-veka i Orientering 9.-11 sept. Modum, Veteranmesterskapet For fleire løp og utfyllande opplysningar, sjå terminlista på Eventor. Fjord-O Vest 2016 i Stryn og Ålesund 13. 17. juli I år er det igjen på tide med Fjord-O. Denne gongen er det Emblem IL, Ålesund, og IL Veten, Stryn, som ynskjer velkommen til Fjord-O vest. Fjord-O vest er ein fire dagars konkurranse over fem dagar, med samanlagt premiering. Tre av løpa er mellomdistanse og eit løp går som langdistanse. Arrangørane av Fjord-O Vest 2016 lover at løpa går i nokre av dei mest spektakulære orienteringsterrenga i FjordNorge, under slagordet: «med utsikt til fjorden». Fjord-O Vest 2016 ynskjer alle velkomen til orienteringsløp i Stryn og Ålesund 13.-17.juli 2016! 15

16

17

Kvar går Nærløpa i 2016? Kartet under og lista til høgre viser om lag kvar arena for nærløpa er, og aktuelt kart for løpet. NB! Nattløpa i september og oktober er ikkje tatt med. 15 1) 13.04 Sunnfjord Museum, Movika 2) 20.04 Vieåsen, Vieåsen sør 3) 27.04 Førdehuset 4) 01.05 Hafstadparken 5) 04.05 Vieåsen, Ballbana Vieåsen 6) 11.05 Flatene/ Halbrend, Flatene skule 7) 18.05 Grimelandshaug, Angedalen skule 8) 25.05 Bjørkelia, Jøster skisenter 9) 01.06 Digernesvatnet, Høgda aust 10) 08.06 Bringeland, Langeland skisenter 11) 15.06 Digerne svatnet, Etterli 12) 22.06 Bringeland, Djupedalen 13) 29.06 Digernesvatnet, Masdalskrysset 14) 10.08 Digernesvatnet, Digernes 15) 17.08 Naustdal 16) 24.08 Kråkenesmarka, Blomlia 17) 31.08 Halbrendslia, Reset 18) 07.09 Bringeland, Høgda vest 19) 14.09 Bringeland, Langeland skisenter 7 16 17 3 6 4 2 5 8 1 8 9 1 14 12 10 19 11 13 18

Nye O-drakter Førde IL Orientering Vi har fått designa nye o-drakter! Draktene blir produsert i ulike størrelsar for både barn, ungdommar og vaksne. Prisane er for utøvarar under 20 år og utøvarar over 20 år. Overtrekksjakke: 250,-/370,- Løpstrøye: 150,-/280,- Kort løpsbukse 130,-/250,- Overtrekksbukse 180,-/300,- 19

Generelt Vi har ein løypeleggar (den som står fyrst på lista) og ein eller fleire medhjelpar(ar). Løypeleggaren har ansvaret for å legge ut ei A-løype ca.4-6 km og det kan lagast ei A-kort løype ca. 3 km, ei C-løype på 2-3 km og ei N-løype. (Sprintløyper skal leggast opp etter vinnartid på ca. 15 min og på eigne sprintkart). Om du som løypeleggar vil kvalitetssikre løypene med nokon i gruppa, ta kontakt med Torodd Os, Helge Schei eller Egil Nestande. Medhjelparen skal førebu ein del sosiale tiltak, som: lagstelt, informasjon og frukt, saft og ev. bollar. Dei to ansvarlege samarbeider om registrering av deltakarar, innkrevjing av startkontingent, sal av sesongkort og informasjon. Medhjelparen skal ved behov assistere Knut Even i rekruttopplegget I god tid før løpsdagen Prosedyrer og rutiner for Nærløp (Oppdatert april 2016) Prosedyre for løypelegging og tidtaking i 2016 Vi brukar også i år tidtakarprogrammet Etiming på nærløpa. Det medfører at løypene i OCADprogrammet må ha likt namn på kvart løp, slik: Løype 1 A lang Løype 2 A kort (løype 2 kan brukast som eit kortare alternativ) Løype 3 C Løype 4 N Når løypene er ferdig må løypefila og bakgrunnskartet sendast til Torodd, torodd.os@enivest.net, helst søndag kveld før løpet. Torodd vil framleis ha ansvar for Etiming, men fleire bør etter kvart lære seg å bruke det elektroniske tidtakarprogrammet. 1. Merk deg dato og stad for det løpet du skal ha ansvaret for, dersom du ikkje kan på oppsett tid må du byte med ein annan på lista. 2. Byte mellom løypeleggarar/medhjelpar må meldast nærløpsansvarleg. 3. Seinast fredag før løpet sjekkar nærløpsansvarleg at dei som er sett opp kan ta nær-o-løpet, han melder deretter inn rette opplysningar til standardannonsa i Firda. (frist fredag kl. 15:00) 4. Seinast søndagen før løpet legg løypeleggaren ut informasjon på www.fjordaglimt.no i Firda Namn: Nærløp orientering. Gjentaking: til løpsdato. Legg inn: Skildring (viktig) og gjerne bilde (mindre viktig). Regi: Førde IL orientering. Tilgang: alle. Huk av i boks Bruk ropert. Løypeleggaren legg ut tilsvarande info på www.fordeorientering.com 5. Planlegg løypene, ta minst ein tur i terrenget som planlegging. Bruk då utskrift av kartet som du får ved å vende deg til teknisk råd. 6. Legg gode løyper, 4-5 kilometer A-nivå (krevjande) og ca 2-3 kilometer C-nivå, dvs. løyper med klare haldepunkt ved postane. N-løypene kan ikkje bli for lette. 7. Bruk løypeleggarprogrammet i OCAD til å teikne inn løypene (alt. Purple Pen). Det er frå 2016 sett opp eigen kartkontakt som du som løypeleggar kan kontakte for hjelp vedrørande innlegging av løyper og utskrift, sjå terminlista. Skriv ut om lag 20 kart i kvar løype. 20

Koordinering mot rekrutterings-/treningsansvarleg 1. Samordne val av arena og tilrigging også med tanke på rekrutterings-/ trenigsaktivitet 2. Avklare med Knut Even og kartkontakt om ev. tilpassing av kart (kartutsnitt, målestokk, osv.) 3. Samordne henting og bruk av utstyr, info på arena m.m. NB! Rekrutteringsbanner viktig. Seinast dagen før løpet 1. Hent nødvendig utstyr (Utleigebrikker, MTR, kart, skjermar, plastlommer, plakatar) på lageret i Hafstadparken. (Jon Anders, Egil, Torodd, Harald har nøkkelkort og nøkkel) 2. Sett 2 stk. (MTR) Mini Time Recorder, på lading frå kveld til morgon (utan å røre batteriet) 3. Sett ut postane i A-løype og C-løypa, N-postane må ein sette ut løpsdagen. 4. Ha klar informasjonen du skal henge opp, informasjonsfoldarar, nye innbydingar til o-løp. 5. Hugs å kjøpe frukt, ev. bake eller kjøpe minst 40 bollar som du tek med på løpet. 6. Hent plastdunk med plass til 15 liter vatn, saft (må ev. kjøpast for kvar gong) og drikkebeger på lageret. 7. Hent lagstelt på lageret, eitt bord og 2 stolar, pluss infotavle på lageret. Løpsdagen, før løpet 1. Vere klar til å ta i mot løparane 15 minutt før oppsett tid.(17:45). Då må all førebuing vere ferdig. 2. Merk vegen fram til frammøtestaden med o-skjermar (viktig) 3. Ha sett ut alle postane med EKT-eining. Bruk ei vanleg EKT-eining til målpost. 4. Hugs eigen startpost (som er merka START). 5. Sett opp informasjon om sal av sesongkort og startkontingent. 6. Sette opp lagsteltet, (dersom regn eller fare for regn), stol og bord, ha klar frukt, saft og bollar. 7. Ha klart ein boks (pengeskrin) med vekslepengar. Under løpet 1. Løypeleggaren og medhjelparen tar imot påmeldinga og betaling på ulike løyper, kryssar av på revidert namneliste og fyller ut manglande opplysningar (telefon, e-post, m.m.) 2. Dei yter ulik service (frukt, ev. bollar, saft, trøyst og ros, påminning om neste løp) Oppslag Startkontingentar: Til og med 11 år kr 20 Brikkeleige : Til og med 19 år Gratis 12-19 år kr 40 frå 20 år kr 20 Over 20 år kr 60 Det er høve til å delta i Rekrutterings-treningsaktivitet og N-løype for same kontingent Etter løpet 1. Resultatliste: Ansvarleg for tidtakinga med Etiming programmet lagar til resultatliste og legg den ut på nettesida og Facebook-sida til FIL Orientering og sender deltakarliste til Harald Hjellbrekke, harald.olav.hjellbrekke@enivest.net 2. Økonomi: Betal den samla startkontingenten inn til konto 3700.07.15094 (Sparebanken Sogn og Fjordane), og send kvittering på innbetalt beløp, pluss liste over deltakarar som betaler via nettbank, til Egil Nestande, Kvamane 7, 6812 Førde. egil.nestande@online.no 3. Utstyr: Ta inn postar og utstyr slik at alt er tilbake på lageret seinast laurdagen etter løpet. Hugs at utstyret er svært verdifult når vi brukar EKT. Sett inn alt utstyr på lageret og lever nøkkel og nøkkelkort tilbake til den du har lånt dei av. Teknisk råd Torodd Os: Tlf: 913 95 912 e-post: torodd.os@enivest.net Egil Nestande: Tlf: 906 22 156 e-post: egil.nestande@online.no Helge Schei: Tlf: 907 26 290 e-post: helge.schei@mentor.no Trenings- og Rekrutteringsråd Harald Hjellbrekke Tlf: 977 12 051 e-post: harald.olav.hjellbrekke@enivest.net Thale Fink Tlf: 482 21 672 e-post: thale-fink@hotmail.com Knut Even Hole Tlf: 902 01 994 e-post: knuteh@hotmail.com Annina Schenker Tlf: 901 87 853 e-post: nelonina@gmail.com Nærløpsansvarleg Kenneth Husevåg-Lobben Tlf: 915 40 458 e-post: husevaglobben@gmail.com 21

Turorienteringsrådet Kjartan Hauger Marius Dalin Knut Steinar Lote Egil Nestande leiar medlem medlem medlem Turorientering - det nærmeste vi kommer innomhusorientering? Her kan du se ann været til det er flott nok for deg! Løypene ligger der uansett. Turorientering er ein aktivitet utan tidtaking og utan faste turdagar. Du kan springe aleine, eller gå saman med heile familien. Vi legger turorienteringa opp som turar med ferdige løyper, graderte med fargeskala etter vanskegrad. «Grøn tur» er den lettaste typen der postane er plasserte langs sti og veg i lett terreng. Vanskegraden og utfordringane vil auke gradvis via «Blå tur» og «Raud tur» opp til «Svart tur». Og blir tida for kort eller turen for lang, så kan du dele opp turen i fleire mindre deler og ta dei over fleire dagar. Her er ikkje dårlig vær ein kime til dårlig klima... Barnevennleg og hensyn til snøsmeltinga Nytt av i år er at vi tek hensyn til snøsmeltinga. Siden nokre nok vil starta så fort som mulig, så er tre av turane tilgjengelige frå 1. mai og dei to siste fra 1. juni. Turane er tilgjengelige til midten av oktober. Tre av turane er grønne og passer ypperlig å ta med selv de minste barna på. La det bli en skattejakt! Foto-orientering Også i år tilbyr vi fotoorientering. Fotoorientering går ut på å finne «postar» ved hjelp av fotoutsnitt av ymse detaljar i terrenget/gatene. Her er det ikkje sett ut postar eller merke på den aktuelle «posten». Turer 2016 Grøn tur frå Førslia med ein kulturminnepost, tilgjengeleg frå 1. mai. Grøn tur frå Tefre med ein kulturminnepost, tilgjengeleg frå 1. mai. Grøn tur Førde sentrum med ein kulturminnepost, tilgjengeleg frå 1. mai. (fotoorientering) Raud tur frå Bringeland/Djupedalen, tilgjengeleg frå 1. juni. Svart tur frå Langeland, tilgjengeleg frå 1. juni. Bonus: fjorårets fotoorientering. 22

Kjøp turorienteringsposar hos Erdal Sport eller last ned frå turorientering.no/forde Også i år legg vi opp til sal av tur-o-konvoluttar gjennom Erdal Sport AS. Med tanke på at alle løypene ikkje er klare til same tid, så kan dei som kjøper konvoluttar hjå Erdal Sport, seinare komme og hente dei to siste karta på same sted. I tillegg vil alle turane med kart og klippekort kunne lastast ned frå turorientering.no. Jamvel om du kjøper konvolutt med ferdige kart, kan du registrere dine klipp via nettet ved å logge inn på turorientering.no. Foto: K. Lillealtern 23

24

Ny nettside for FIL orientering Ved årsskiftet 2015/2016 vart den nye nettsida til Førde IL orientering oppretta. Dette er ein del av ei ny felles nettløysing for Førde IL, som har inngått avtale med IdrettenOnline (Bloc AS) om ny nettside for Førde Idrettslag. Systemet skal ha eit relativt lågt brukargrensesnitt, er bra integrert med sosiale media som Facebook, Twitter og Instagram, og er gratis for særidrettsgruppene å ta i bruk. Adressa til FIL orientering er: orientering.fordeidrettslag.no Under menyane ligg det stoff som nyhende, arrangementsinformasjon og ein del linkar til relevante nettsider. Under «Filarkiv» finn du ulike dokument og bilete som er lagt ut på nettsida. Her vil du også finne løpsresultat. På høgre side ligg det også ein arrangementskalender, med kort informasjon om kommande arrangement. Alle medlemmane i råda skal også få tilgang til å publisere stoff på nettsida. Egil Nestande har gjort ein kjempeinnsats i å overføre dokument og bilete frå den gamle nettsida. Dei fleste i styret er fortsatt under opplæring på nettsidene, med utprøving og feiling. Rykta fortel at det truleg vil bli tilbod om kursing i dei nye nettsidene etter kvart. Ei oppfordring til slutt: Kom gjerne med forslag til kva slags innhald vi bør ha på nettsida vår! NB! Store bildefiler (over 1 MB) bør krympast før opplasting slik at dei ikkje fyller opp unødvendig mykje av lagringsplassen som inngår i vårt domeneabonnement. For vising på skjerm gir filstorleik på 200 kb god nok kvalitet. Tilsvarande bør store dokument lagrast og lastast opp i komprimert PDFformat. 25