1905 - Lærdal kommune



Like dokumenter
Leikanger kommune

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årdal kommune

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Notat om historie og kulturlandskap

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Møteinnkalling for Valgstyre

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Info til barn og unge

Flaggreglement. for. Fjell kommune

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Forfattaren Lars Berg og arkivet etter han

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Frå dikt til teikneserie

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon

Om lokalaviser og lokalt engasjement

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Sandeid skule SFO Årsplan

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Saksnr.: 036/08-048/08. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel

VARSEL OM OPPSTART AV ARBEID MED DETALJREGULERINGSPLAN FOR HOVLAND BUSTADFELT, GBNR. 95/1 M.FL.- KAUPANGER I SOGNDAL KOMMUNE

Finansiering av søknaden

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Granvin herad Sakspapir

Tertialrapport 2 tertial 2015

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Høyanger kommune

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring"

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare.

Hyllestad kommune

«Ny Giv» med gjetarhund

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Møteprotokoll for møte i

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Vel nynorsk for barnet ditt!

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

Alderspensjonistar som bur i utlandet

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 72/12 12/1226 Endring av selskapsavtale for Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål»)

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Transkript:

Side 1 av 6 Tønjum kyrkje kring 1930. Kyrkja var vallokale i 1905. Tønjum kyrkje vart sett opp etter at den gamle stavkyrkja bles ned i 1824. Parti frå Lærdal. 1905 - Lærdal kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Lærdal kommune. Lærdal kommune i 1905 Det som i dag er Lærdal kommune omfatta i 1905 to kommunar: Lærdal og Borgund. I 1864 vart Borgund skild ut som eigen kommune, men heldt fram som eit sokn i Lærdal prestegjeld, som i tillegg hadde sokna Tønjum og Hauge. Dei to kommunane hadde og felles skule- og fattigstell. Tøger Ravn var ordførar i Lærdal i tre bolkar: 1880-1881, 1889-1901 og 1905-1907. Samla folketal for Lærdal og Borgund nådde eit høgdepunkt i 1855 med 3898 personar, av desse 1008 i Borgund. I 1900 var det samla folketalet kome ned i 2899, av desse 747 i Borgund. Dette var ein dramatisk nedgang som i hovudsak skuldast utvandringi til Amerika. 1905 la ingen dempar på lysta til å utvandra. Dette året drog 43 personar frå Lærdal og Borgund til Amerika. Året etter (1906), drog 39 personar, medan 51 drog i 1904. Samla for desse tre åra: 133. (Emigrantlistene, Bergen). Dei fleste som drog var ungdomar mellom 18-25 år. Desse hadde ikkje røysterett i 1905. Denne store folkeflukta må ha vore det store samtaleemnet i Lærdal og Borgund desse åra. Samla folketal for dei to kommunane heldt fram med å gå ned utetter 1900-talet, og var i 1930 nede i 2395 (Borgund 648). Lensmann Anders L. Nesse var ordførar i Borgund i åra 1902 til 1910. Både Lærdal og Borgund var jordbruksbygder i 1905. Kornavlinga stod sterkt tidleg på 1800-talet. Etter kvart tok dyrkinga av poteter over som hovudprodukt, serleg i Lærdal. Laksefiske og fruktdyrking var og viktige næringar. Året 1905 Året opnar dramatisk med eit stor posttjuveri nyttårsdagen: "Da Postføreren ved 6:Tiden om Morgenen kom i land fra Dampskibet "Lærdal", hvor han havde hentet den fra Bergen ankomne Post, opdagede han, at en Pose med Bankobreve var borte". "Af løse Bankbreve fandtes der et, der indeholdt

Side 2 av 6 ikke mindre end 2500 Kroner". Politiet hadde ein mistenkt i saka, og det var no opp til politimeisteren i Leikanger å avgjera om det skulle utskrivast arrestordre. (Sogningen, 11.02.1905). Sogns Tidende kan elles fortelja at ein "fæl storm" raste i Sogn den 30. januar. Lærdal var serleg ille ute: "Paa fleire stader fekk telegraflina skade, stolparne vart brotne i stykke. Baade på Æri og Tønjum gjorde han skade. Tønjumskyrkja slapp heller ikkje radt fri. Men paa Borgund ruska han daa verst - og helst paa Kyrkjevoll. Ein hestestall ved hotellet vart kasta burt, so der ikkje var ein pinne attende utan golvet". Skadane på garden vart rekna til 2000 kr. (Fjordenes Blad, 25.02.1905). Johan Ludvig Arnesen var sokneprest for Lærdal og Borgund i åra 1895-1906. Frå 1899 var han prost i midtre Sogn prosti. Nye Tønjum skule vart bygd i 1903. Fleire nye skular vart bygde tidleg på 1900-talet. Dei politiske hendingane gjer 1905 til eit merkeår i norsk historie. Landet samla seg om å oppretta eit eige norsk konsulatvesen, vedteke av Stortinget i mai. Då kong Oscar II nekta å godkjenna vedtaket, samla Stortinget seg på nytt 7. juni og erklærte unionen med Sverige for oppløyst. Denne kunngjeringa vart prenta i alle aviser og opplesen i kyrkjene 1. pinsedag, 11. juni, eller seinare. Svenskane gjekk med på ei oppløysing av unionen på det vilkåret at det vart halde ei folkerøysting. Eit samrøystes Storting vedtok då å halde ei slik folkerøysting søndag 13. august, der folket svara eit rungande ja til oppløysing av unionen. Deretter kom dei vanskelege forhandlingane med svenskane i Karlstad om korleis oppløysinga skulle gjennomførast. Utfallet av desse tingingane sette sinna i kok mange stader, og det var ei reell frykt for krig med Sverige. Dette vart unngått og Karlstadtraktaten vart vedteken av Stortinget og den svenske Riksdagen i fyrstninga av oktober. Neste akt i dramaet dette året var spørsmålet om republikk eller kongedøme. Stortinget vedtok 31. oktober at det skulle haldast ei folkerøysting om dette spørsmålet alt 12. og 13. november. Eit stort fleirtal (78,9 %) røysta for kongedøme, og Prins Carl av Danmark vart vald til norsk konge med namnet Haakon 7. Det er gunn til å tru at desse store nasjonale hendingane vart følgde med stor interesse, engasjement og spaning i Lærdal, som i andre bygder. Ønsket om å lausrive seg frå Sverige hadde vakse seg alt sterkare gjennom mange år. På kort varsel vart folk mobiliserte til å delta i to viktige val, og frammøtet vitnar om stort engasjement. 17. mai 1905 På Frønningen samla ungdommen seg til fest og feiring denne dagen. Klokka 2 om ettermiddagen "samlast alle skuleborni med sine flagg saman med ein stor hop vaksne ved skulehuset. Der heldt lærar Johan Austbø tale for dagen tilmaata serleg aat borni. Me song fedralandssalmen av Blix, og Austbø las upp ei landsmaalspreik til dagen, av bispen Bergessen. So gjekk heile fylgjet med barnetoget i fyreenden under kraftfull song nedetter Sagabakkarne og stogga paa den runde haugen beint yver eimbaatsbryggja, der Johan Austbø tala for fedraheimen".(sogn Tidende, 23.05.1905).

Side 3 av 6 Det vert elles i dette avisstykket retta kritikk mot folk på Frønningen, då avisa tykkjer det var "svært faae som "hadde tid" aa vera med og halda fest 17de mai. Det er svært kor seint det kann ganga upp for folk, kor mykje denne dagen hev aa segja for oss. I aar skulde me tenkt, at 17de mai hadde samla folk meir enn nokon gong fyrr, som han visst gjorde i alle andre bygder. Men her gjekk mange folk til arbeid og slutta arbeid same bil som andre dagar: Kom ikkje ihug, at dette skulde vera ein stor helgedag for det norske folk. Det store sagbruket her, der 20-30 mann er i arbeid, gjekk i sitt vanlege gjenge - dagen tilendes; ingen arbeidarar skofta. Men mange ungdomar her hev ogso aandelege hugmaal, og storparten av desse gjorde dagen til festdag for seg". 7. juni 1905 Dette er dagen då regjeringa Michelsen la ned embeta sine i Stortinget, og eit samrøystes vedtak innebar oppløysing av unionen. Melding om vedtaket vart sendt utover landet, gjennom aviser, prestane og på annan måte. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Lærdal valsokn omfatta både Lærdal og Borgund. Det var eit valstyre på 4 for kvart av dei tre sokna Tønjum, Hauge og Borgund. I Tønjum valstyre sat lensmann Claus Rumohr (formann), fanejunker Ole O. Wendelbo, gardbrukar Anders Anderssen Vold og gardbrukar Lars Anderssen Æri. I Borgund valstyre sat desse: Anders Næsset (ordførar i Borgund), Jakob Hofland, Lars Næsse og Knut Hegg. I Hauge valstyre: Tøger Ravn, (ordførar i Lærdal), Peder Stønjum, Anders Hauge og Anders A. Kvigne. Valet om unionsoppløysing vart halde søndag 13. august i dei tre soknekyrkjene. I alt var det i valsoknet 561 røysteføre. 525 røysta, og 511 røyster vart godkjende. Søndag 12. og måndag 13. november røysta folk for eller mot kongedøme. Same røystestader som ved fyrste valet. Til kongevalet var det registrert 578 menn med røysterett. 419 røysta, og 417 røyster vart godkjende. Det var berre menn som hadde allmenn røysterett ved stortingsval og folkerøystingar. Vilkåra var norsk statsborgarskap, minst 5 års opphald i landet og alder på minst 25 år. Folkerøystinga om unionsoppløysinga 13. august 1905 Av dei 561 røysteføre i Lærdal og Borgund røysta 511 ja til oppløysing av unionen, ingen røysta nei. 525 møtte til røysting, eller 93, 6 % (14 røyster vart forkasta). Denne frammøteprosenten er svært høg, og over gjennomsnittet for fylket. Av sognekommunane hadde Vik den høgste frammøteprosenten med 98,4, som også var høgst på landsbasis. Solund hadde det lågaste frammøtet, med 80,7 %. I heile Sogn og Fjordane var det berre 3 røyster for å halda på unionen med Sverige, 16 718 sa nei til unionen.

Side 4 av 6 Folkerøystinga om kongedøme eller republikk 12. og 13. november 1905 Til røystinga om kongedøme i november var det i Lærdal og Borgund 578 røysteføre. 419 av desse møtte fram til røystinga, eller 72,5 %. Langt mindre frammøte enn til unionsvalet i august. 278 røyster for kongedøme, 139 sa nei (2 røyster vart forkasta). Av godkjende røyster gjev dette 66,7 % ja til kongedøme. Snittet i fylket var 80,4 % ja til kongedøme. Dette plasserer Lærdal/Borgund eit godt stykke nede på lista over "kongevenlege" kommunar i Sogn og Fjordane, og av sognekommunane er det berre Lavik, Leikanger og Jostedalen som har lægre oppslutnad om kongedøme. Mest "kongevenlege" var kommunane Hyllestad og Solund med 96 % ja-røyster. I Hornindal og Stryn var oppslutnaden nede i 53 %. Nøkkelpersonar Proprietær Tøger Ravn var ordførar i Lærdal i 1905. Kaptein og lensmann Anders L. Nesset var ordførar i Borgund. Johan Ludvig Arnesen var soknepsrest i Lærdal i 1905, tilsett i 1895. Claus Rumohr var lensmann i 1905. Alle desse hadde på ulike måtar mykje å gjera med hendingane i 1905. Andre saker og hendingar i kring 1905 Utbygging av skular var i Lærdal og Borgund ei viktig oppgåve. Alt i 1838 kom det fyrste skulehuset på Øyri. Dei fleste skulekrinsane fekk eigne skulehus i 1860- og 70 åri. Erdal fekk ny skulestove i 1898. Lærdalsøyri og Tønjum fekk nye skulehus i 1902 og 1903. Strendene og Vindedalen fekk eigne skulehus i 1905 og 1907. Striden om nynorsk i skulen var kvass i Lærdal og Borgund. Alt i 1898 hadde det lokale lærarlaget teke til ordet for nynorsk (eller landsmål som det heitte den gongen) i skulane. Også ungdomslaget på Lærdalsøyri arbeidde for dette. I 1899 kom Bjørnstjerne Bjørnson på vitjing for å halda foredrag mot landsmålet. Ungdomslaget hadde førebudd seg, og ungdomen reiste seg under møtet og song "Gud signe Norigs land", til Bjørnsons store harme. Formannen i laget, klokkar Olaus Dahle, hadde motinnlegg mot Bjørnson. Møtet vart omtala i avisene over heile landet, og bilete av Dahle kom på prent i hovudstadspressa. Etter mykje strid fekk dei foreldra som ville det la borna sine ha bibelsoge på nynorsk. Dette var i 1903. Etter kvart fekk nokre krinsar nynorsk, andre bokmål. Den nye rettskrivingi i 1907 førte til ny beisk strid. Kommunevalet i 1910 kom heilt til å handla om målstriden, der eit eige parti, "Riksmålspartiet" fekk mange representantar. Etter kvart vart det nynorsk i dei fleste krinsane, men det gjekk seint med å få nynorsk i Borgund. Arbeidet med å få Blix-salmane inn i kyrkja tok til i 1902. Det kan elles nemnast at ein lærar i småskulen i 1910 hadde ei vekesløn på kr 19, medan ein lærar i storskulen hadde kr 24.

Side 5 av 6 Johan Lindstrøm skriv i boka "Lærdal" (Mittet, Oslo, 1946, s. 54) at "I denne hølen [Bjørkum] fisket den senere kong Georg den V og Fridtjof Nansen i 1905". I kommunestyremøte i april 1905 kom følgjande sak opp: "Spørgsmaal om Anskaffelse af 2 Flag til Brug ved Heste og Kvægudstillingerne. Man besluttede at anskaffe et Flag af Ulddug til Kr 25 og ansøge Sparebanken om at anskaffe et lignende. Derhos valgte man Lars A Æri og Lasse L Hauge at foretage det Fornødne til Udstillingspladsens Udstyr baade til kommende Hesteudstilling og Ungkvægskuet". Jernbane i Sogn Heradstyret i Lærdal drøfta i april 1905 om det skulle løyvast pengar til jernbana Myrdal - Flåm. Det var snakk om eit tilskot på kr 5000,-. Heradstyret ville ikkje løyva pengar til dette tiltaket då det "er ligegyldigt ligeoverfor Spørsmaalet jernbane Myrdalen - Flom, i det man anser dens Betydning for Herredet og overhodet ogsaa for Amtet af liden eller ingen Værd". Heradstyret var meir interessert i ei forlenging av Valdresbana til Sogn, og ber amtmannen om å arbeida for ei slik line, og "bevilgede i denne anledning enstemming 100 000 kroner". Dei andre bygdene i Sogn var ikkje så negative til jarnbana Myrdal - Flåm som Lærdal. På eit møte i februar 1905, som amtmannen hadde kalla inn til, var det utsendingar frå dei fleste bygdene i Sogn. Frå dette møtet kom det fråsegn om "at man ser det absolutt nødvendigt saavel for Bergensbanens trafik som for Sognefjordens benyttelse af Bergensbanen, at der snarest mulig sørges for bygning af sidelinje til Sognefjorden". (Sogns Tidende, 20.02.1905). R. Helland frå Lærdal røysta mot denne fråsegni. Lærdal sjukehus Arbeidet med å få eit sjukehus i Lærdal kom i gang tidleg på 1900-talet. I 1901 sende "sundhetskommisjonen" eit brev til heradsstyret og bad om at kommunen fekk råderett over det gamle skulehuset på Øyri "saa dette kan indrettes til et sygehus for distriktet". Den nystifta "Sygepleieforeningen" (1902) i Lærdal arbeidde og for å få eit sjukehus til bygda. Heradstyra i Lærdal og Borgund slutta seg til tanken, og tok opp saka med amtmannen. Det kom ikkje noko meir ut av dette før Lærdal i 1905 fekk ein ung energisk distriktslækjar, Dr. Einar Andersen. Han fekk fart i saka, saman med ordførar Ravn. Det gamle skulehuset vart sett i stand, og Lærdal Sjukehus kunne opna i januar 1906, utan at amtet hadde drøfta saki. På amtstinget same året kom det framlegg om å løyva kr 400 til sjukehuset, men framlegget fall mot 11 røyster. Lærdal Sjukehus var likevel i gang på heradet si rekning, med 8 sengeplassar. Fyrst i 1914 vart sjukehuset teke over av fylket, og no med nytt bygg på Mjelde, der sjukehuset framles ligg. Artikkelnummer: KAL/SFF-426.1422

Side 6 av 6 Forfattar og datering: Oddvar Natvik, 2005. Prenta kjelder: Avisa Fjordenes Blad. Avisa Sogn Tidende. Avisa Sogningen. Laberg, Jon: Lærdal og Borgund. Bygd og ætter. Bergen, 1938. Hjermann, P. S.: Ungdomslaget på Lærdalsøyri 80 år. Lærdal, 1964. "Været dem til megen Hjelp". Lærdal Helselag 90 år. Lærdal Helselag, 1992. Lindstrøm, Johan: Lærdal. Oslo, 1946. Espe, Alfred: Skulesoge for Lærdal og Borgund. Lærdal, 1989. Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Avskrifter av møteboka for valstyret til Lærdal valsokn. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no