Vedlegg 3: Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) og Konsekvensutgreiing av 11.06.2015 1. KRAV OM KONSEKVENSUTGREIING OG RISIKO- OG SÅRBARHEITSANALYSE ( ROS-ANALYSE) Plan- og bygningslova set krav om at konsekvensane at nye tiltak i ein reguleringsplan skal utgreiast, jf. 4-2. Lova set også krav om at det skal gjerast ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), jf. 4-3. Analysen skal vise alle konsekvensar og risiko- og sårbarheitsforhold som er knytt til planområdet og eventuelle endringar som følgjer av planen eller tiltak som er heimla i planen. Formålet med 4-2 og 4-3 er å gi eit grunnlag for å førebygge risiko for skade og tap av liv, helse, miljø, viktig infrastruktur og andre materielle verdiar o.a. Såleis kan ein ved å kartlegge sannsynlegheit og konsekvensar av uønska hendingar prioritere risikoområde og planlegge tiltak for å hindre dei eller redusere konsekvensen. Bakgrunnen for kravet om risiko- og sårbarheitsanalyse rettar seg spesielt mot å hindre at det gjennom arealdisponeringa blir skapt særleg risiko. I utgangspunktet bør ein unngå å bruke areal der tiltaket kan få uønska konsekvensar eller som inneheld uønska risiko og sårbarheit. 2. METODE Konsekvensutgreiingar (KU) og Risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS-analyser) er systematisk kartlegging av fare basert på ein metode for innsamling av data. Denne KU og ROS-analysen er i hovudsak basert på ei kvalitativ risikovurdering som er bygd på mange ulike undersøkingar og ulikt kjeldemateriale. Styrken ved å bruke ein slik kvalitativ metode er at den gir eit heilskapleg bilde av konsekvensar og risiko- og sårbarheitsvurderinga for planen. Risiko uttrykker den fare som uønska hendingar representerer for menneske, miljø, økonomiske verdiar og samfunnsviktige funksjoner. Risiko er eit resultat av sannsynlegheiten (frekvens) for og konsekvens av uønska hendingar. Sårbarheit er eit uttrykk for eit system si evne til å fungere og oppnå sine mål når systemet blir utsett for påkjenningar. For å etablere ein felles systematikk som gjer kommunikasjonen mellom dei berørte partane i planprosessen enklare, har analysen tatt utgangspunkt i fleire ulike sjekklister som er framlagd som eksempel av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Sjekklista er supplert med omsyn til ny plan- og bygningslov og utvida med fleire aktuelle hendingar som kan medføre verknad for miljø og samfunn. Fleire moment er også henta frå Planskjema for Oppland, utarbeidd av Fylkesmannen i Oppland, Oppland fylkeskommune m.fl. Skjemaet i denne analysen er utvikla i samarbeid mellom Planråd AS og Nord-Fron kommune. I sjekklista er det lista opp fleire moglege hendingar som både isolert sett og heilskapleg synliggjer risiko- og sårbarheit med omsyn til konsekvens for og konsekvens av planen. Forhold som er vurdert til ikkje å vera til stades er kvittert ut i eigen kolonne. Hendingar som kan påverke planområdet er kommentert i eigen kolonne. Sannsynlegheit, konsekvens og risiko er vurdert etter følgjande kriteria: 1
Vurdering av sannsynlegheit for hending er delt i: 4 Svært sannsynleg kan skje regelmessig, forholdet kan vera kontinuerleg tilstades 3 Sannsynleg kan skje av og til, mogleg periodisk hending 2 Mindre sannsynleg kan skje, ikkje usannsynleg 1 Lite sannsynleg hending kan inntreffe, men det er lite sannsynleg. Vurdering av konsekvens av hendingar er delt i: 1 Ubetydeleg: Ingen person- eller miljøskadar. 2 Mindre alvorlig: Få/små person- eller miljøskadar. 3 Alvorleg: Alvorleg person- eller miljøskadar. 4 Svært alvorleg: Personskade som medfører død eller varig mén; mange skadd; langvarige eller varige miljøskadar. I risikomatrisa under er risiko gitt som ein sum av sannsynlegheit og konsekvens: Risikomatrise: Sannsyn: Konsekvens: 1. Ubetydeleg 2. Mindre alvorleg 3. Alvorleg 4. Svært alvorleg 4. Svært sannsynleg 3. Sannsynleg 2. Mindre sannsynleg 1. Lite sannsynleg Hendingar i raude felt: Tiltak nødvendig, eventuelt endringar i plan. Hendingar i gule felt: Tiltak må vurderast eventuelt endringar i plan. Hendingar i grøne felt: Tiltak må vurderast om dei skal gjennomførast. 3. OMFANG OG UTGREIINGA OG ANALYSEN Nedanfor er planområdet Rustmoen analysert i ei sjekkliste der alle aktuelle forhold er vurdert. I tillegg er det i eigne dokument (velegg 1 og 2 til planforklaringa) gitt utfyllande vurderingar om biologisk mangfald og flaumfare. 2
Sjekkliste for potensielle hendingar i planområdet Rustmoen. Kan utbygging i området føre til skader, ulemper? for: Hendingar - Situasjonar Aktuelt Sannsynlegheit Konse kvens Risiko Kommentar Tiltak 1 Naturforhold 1 Masseskred, ustabil grunn 2 Snø-, isras 3 Erosjon, utgraving Svært stabile grusmassar. ja 3 1 1-3 Frå evt. ekstrem flaum i Lundebekken. Krav til tiltak er sett i planen. Jf. også vurdering i eige vedlegg. 4 Flaum ja 3 2 1-4 Evt. ekstrem nedbør kan gi flaum i Lundebekken som renn gjennom planområdet. Krav til tiltak er sett i planen. Jf. også vurdering i eige vedlegg. 5 Oversvømming ja 3 2 1-5 Evt. ekstrem flaum i Lundebekken. Krav til tiltak er sett i planen. Jf. også eige vedlegg. 6 Radongass Overordna kartlegging viser ingen aktuelle bergartar i området. 7 Vindutsett 8 Nedbørutsett (ekstremver) 2 Naturmiljø 1 Biologisk mangfald 2 Verneområde, eksist. eller foresl 3 Villreinens leve-/ influensområde 4 Inngrepsfri sone 5 Snaufjell 6 Friluftsområde av nasjonal/regional/ lokal verdi 7 Friområde, viktig for nærmiljø, skule, barnehage ja 4 2 2-1 Raudlisteartar blir påverka, jf. eige vedlegg. Tiltak er innarbeidd i føresegnene. Men det er i planen sett av eit nytt friluftsomr i sørvest for Ruste barnehage. 3
Hendingar - Situasjonar Aktuelt Sannsynlegheit Konse kvens Risiko Kommentar Tiltak 8 Inngrep i vassdrag eller 100-meter langs vassdrag 9 Inngrep i eller ved verna vassdrag 10 Reduserer friluftslivet ved vassdrag ja 4 1 2-8 Det blir regulert for utbygging nærare vassdraget Vinstra enn 100 m, men eit grønt belte på minst 30 m er regulert langs vassdraget. 3 Forureining 1 Akutt forureining 2 Permanent forureining 3 Støv og støy frå industri ja 3 1 3-3 Krav mot støy er sett i føresegnene. 4 Støv og støy frå ja 3 1 3-4 trafikk 5 Anna type støy, støv ja 4 1 3-5 Masseuttak og bearbeiding av massane. Krav til tiltak er sett i føresegnene. 6 Forureina grunn 7 Forureining i vassdrag 8 Høgspentline (stråling, induksjonsfelt) 9 Risikofylt industri (kjemikaliar, eksplosivar mm) 10 Avfallsbehandlingsanlegg 11 Anna type forureining ja 4 1 3-8 Krav til tiltak og avstand frå høgspentliner er sett i føresegnene. ja 4 1 3-10 Krav til drift er sett i føresgnene. 4 Landbruk 1 Fulldyrka areal 2 Overflatedyrka areal 3 Dyrkbart areal 4 Skogareal, bonitet 4
Hendingar - Situasjonar Aktuelt Sannsynlegheit Konse kvens Risiko Kommentar Tiltak 5 Arrondering av landbruksareal 6 Seterområde 7 Utmarksbeite 8 Kulturlandskap av lokal, regional, nasjonal verdi 5 Kulturvern 1 Fornminne, automatisk freda kulturminne 2 Kulturminne, kulturmiljø 6 Samferdsel 1 Vær/føre avgrensar tilgang til området 2 Ulykke i inneller utkøyrsler 3 Ulykke med gåande, syklande 4 Er vegen til næraste skule, barnehage særleg trafikkfagleg 5 Ulykke med farleg gods 6 Andre ulykkespunkt 7 Fører tiltaket til auka biltrafikk? ja 4 2 5-1 Eitt kulturminne i MS og eitt ved L5 kjem i konflikt med utbygging. Avhengig av dispensasjon. ja 1 2 6-2 Lagt vekt på gode kryss. ja 1 4 6-3 Planlagt fortau, gang- og sykkelvegar ja 4 1 6-7 Ny bru over Vinstra-elva vil redusere avstanden mellom næringsområda. 7 Strategiske område og funksjonar 1 Brannvesen, politi 2 Veg, bru, bane ja 3 1 7-2 Utbygging av Rustmoen utløyser behov for ny lokalvegsbru over elva Vinstra. Økonomisk konsekvens. 3 Kraftforsyning 5
Hendingar - Situasjonar Aktuelt Sannsynlegheit Konse kvens Risiko Kommentar Tiltak 4 Vassforsyning ja 4 1 7-4 Utbygginga skapar behov for utvida vassforsyningsnett. Økonomisk kons. 5 Avlaup ja 4 1 7-5 Utbygginga skapar behov for utvida avlaupsnett. Økonomisk konsekvens. 6 Område for idrett, leik 8 Andre forhold 1 Regulerte vassmagasin 2 Naturlege terrengformer, stup mm 3 Gruver, opne sjakter, steintipper mm ja 4 1 8-2 Uttak av massar endrar terrengforholda vesentleg. 9 Spesielle forhold ved utbygging, gjennomføring 1 Rasfare 2 Trafikkulykker 3 Kablar, leidningar i grunnen Konklusjon: 17 aktuelle hendingar er vurdert som lite sannsynlege til svært sannsynlege og med ubetydelege til svært alvorlege konsekvensar i planen: Sannsyn: Konsekvens: 1. Ubetydeleg 2. Mindre alvorleg 3. Alvorleg 4. Svært alvorleg 4. Svært sannsynleg 2-8, 3-5, 3-8, 3-10, 6-7, 7-4, 7-5, 8-2 2-1, 5-1 3. Sannsynleg 1-3, 3-3, 3-4, 7-2 1-4, 1-5 2. Mindre sannsynleg 1. Lite sannsynleg 6-2 6-3 6
Ut frå samanhengen mellom sannsynlegheit og konsekvens er det i matrisa over konkludert med at det er risiko knytta til følgjande hendingar: Hendingar som krev tiltak (gul/raud): Risiko for hending av punkt 1-4: Flaum. Tiltak: Krav er sett i føresegnene pkt. 6.1. Risiko for hending av punkt 1-5: Oversvømming. Tiltak: Krav er sett i føresegnene pkt. 6.1. Risiko for hending av punkt 2-1: Konsekvensar for fleire raudlisteartar. Tiltak: Krav til tiltak i føresegnene pkt. 3.1 og 4.2. Risiko for hending av punkt 2-8: Inngrep i vassdrag eller 100 m langs vassdrag. Tiltak: Krav er sett i føresegnene pkt. 3.1, 4.2 og 6.1. Risiko for hending av punkt 3-5: Anna type støy, støv (frå massetak). Tiltak: Krav er sett i føresegnene pkt. 1.7.2 e og f. Risiko for hending av punkt 3-8: Høgspentline. Tiltak: Krav er sett i pkt. 6.2 i føresegnene. Risiko for hending av punkt 3-10: Avfallsbehandlingsanlegg. Tiltak: Krav er sett i pkt. 1.4 i føresegnene. Risiko for hending av punkt 5-1: Fornminne, automatisk freda kulturminne. Tiltak: Dispensasjon for å frigje eitt kulturminne i området MS. Risiko for hending av punkt 6-3: Ulykke med gåande, syklande. Tiltak: Gang- og sykkelveg og sikre kryss er ein del av planen. Risiko for hending av punkt 6-7: Auka trafikk. Tiltak: Ny bru over Vinstra-elva vil redusere avstanden mellom Lomoen og Rustmoen. Risiko for hending av punkt 7-4: Vassforsyning. Tiltak: Krev økonomisk og teknisk oppfølging. Risiko for hending av punkt 7-5: Avlaup. Tiltak: Krev økonomisk og teknisk oppfølging. Risiko for hending av punkt 8-2: Naturlege terrengformer, stup. Tiltak: Krav er sett i pkt. 1.7 i føresegnene. 7
Hendingar som ikkje krev tiltak (grøn): Risiko for hending av punkt 1-3: Erosjon, utgraving Risiko for hending av punkt 3-3: Støv og støy frå industri Risiko for hending av punkt 3-4: Støv og støy frå trafikk Risiko for hending av punkt 6-2: Ulykke i inn- eller utkøyrsler Risiko for hending av punkt 7-2: Veg, bru, bane Vinstra 11.06.2015 Arne Skuterud Planleggjar 8