Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane



Like dokumenter
Tittel: Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane

Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane

Regionreforma på Vestlandet - status

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane. Rapport frå ei faggruppe oppnemnd av KS og fylkestinget i Sogn og Fjordane

Kommunereforma. Utviklingsarbeid i kommunane

Regionreforma i Hordaland og Sogn og Fjordane. Nytt Vestland Nye muligheiter

Regionreforma i Hordaland og Sogn og Fjordane. Nytt Vestland. Nye muligheiter

Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/ / FE-026 ÅKR

Arbeidsretting av flyktningarbeidet litt om konsekvensar av anbodsprosessar og andre endringar i NAV Tore Thorsnes Direktør NAV Sogn og Fjordane

Saksbehandlar: Ole I. Gjerald, Fylkesrådmannen Sak nr.: 15 /

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Kommunereform. Ope møte i Volda

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

Regionreforma og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Oppgavemeldingen (St. meld 14) Oversikt på hva Stortinget har vedtatt Forkortet versjon fra Fylkesmannen i Aust-Agder 2015

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Regionreforma kva gjer vi? Tore Eriksen, fylkesrådmann Møte med Stortingsbenken, 23.oktober 2015

KS si rolle i kommunereforma sentralt og lokalt

SOGN driftig raus ekte

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Program OSTERØY HØGRE

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Fjell kommune Arkiv: 010 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Lillian Torsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

Saksnr. Utval Møtedato 021/15 Formannskapet Arkiv: K1-033, K2 - K54

Saksprotokoll. Tittel : Knutepunktoppdrag - høyringsuttale. Organ : Hovudutval for kultur Møtedato : Sak: 39/07.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

MØTEBOK. Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtedato Kl. 10:

Politisk program for Jølster KrF

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Saksnr Utval Møtedato

Overrca avtale samhandling mellom det kommunale barnevernet i omrle Fonna cget statlege barne i Region Vest

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Tertialrapport 2 tertial 2015

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Vestlandsrådet - Revisjon av politisk plattform, samarbeidsavtale og vedtekter

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2014/2206 Løpenr.: 12633/2014

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Rapport frå arbeidet i ekspertutvalet

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Velferdsteknologi erfaringar frå Sogn og Fjordane. Hilde G. Corneliussen Vestlandsforsking

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

INTERNASJONAL STRATEGI

Tittel: Budsjett 2016/Økonomiplan

MØTEPROTOKOLL (revidert ) Strategisk studienemnd

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Inn på tunet Samling Skei 3.mai ,2016 / O.Njøs

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Kommunane skal gjennomføre ein prosess mot ei eventuell større eining og førebu ei samanslåing.

Saks framlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 075/16 Formannskapet PS

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

Innkalling til Administrasjonsutvalet

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Samarbeidsavtalefor NAV fkmli

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 11/12 11/893 Søknad om bygging av landbruksveg - Baukasengvegen

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 09/1016

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 075/16 Formannskapet PS Offentleg høyring om regionreforma - fråsegn frå Flora kommune

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

5. Folkevalde regionar bør få overført oppgåver frå staten innafor følgjande område:

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - høyring

Tilbakemelding på FT-sak 7/14 Tryggleik og beredskap - Rapport

«Nye Vestland fylkeskommune» i endring og utvikling

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

Overføring av fiskerihavner til fylkene

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Kommunereforma. Forstudium

Kva er stoda? Kva gjer fylkeskommunen?

Kva snakkar me om? Tog Brann Redning Flaum Snø, snøras og i store mengder Kriser

Transkript:

Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 25.11.2015 Sak nr.: 15/11996-2 Internt l.nr. 51548/15 Sak: 135/15 Tittel: Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane Behandling: Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: Fylkestinget i Sogn og Fjordane tek rapporten «Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane» til vitande, og sluttar seg til følgjande synspunkt og framlegg: 1. Kommunane bør gjennom kommunereforma kunne få tilført følgjande på ansvars- og a) Den ålmenne tannhelsetenesta krev eit innbyggargrunnlag på min. 50 000 for å kunne ivareta eit fagmiljø med kompletterande kompetanse. Innbyggargrunnlaget for spesialiserte tannhelsetenester og ansvarsforholda knytt til dei fem regionale odontologiske kompetansesentra må vurderast nærare. b) Eit større kommunalt ansvar for rehabiliteringstilbodet vil kunne gje eit meir heilskapleg ansvar overfor brukarane, og bør greiast nærare ut. Oppgåva krev eit innbyggartal på min. 15-20 000. c) Det er uklart kva for deler av hjelpemiddeltenestene som skal overførast til kommunane. Kravet til innbyggargrunnlag må vurderast i lys av oppgåvene som vert føreslegne. d) Bustadområdet kan ivaretakast av noverande kommunar. Det bør ikkje vere ein premiss at oppgåvene vert lovfesta ytterlegare, då kommunane set i verk tiltak etter brukarane sine behov. e) Kommunane bør overta ansvaret for varig tilrettelagt arbeid i skjerma verksemder med arbeidsoppgåver tilpassa den enkelte si yteevne (VTA) og tiltak som vert gjevne gjennom enkeltplassar i ordinære verksemder (VTO). Dette kan gjerast utan endringar i kommunestrukturen. f) NAV sitt ansvar for personar som har overgang til den vanlege arbeidsmarknaden bør overførast til kommunane for å sikre eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. g) Større kommunar bør overta ansvaret for sentrale deler av barnevernstenesta knytt til hjelpetiltak i heimen og fosterheimstilbodet. Dette vil krevje kommunar i storleiken opp mot 50 000 innbyggarar. h) Familieverntenesta er nært knytt til kommunane sitt ansvar innan sosial, barnevern og andre omsorgstenester. Kommunar med ein storleik på 15-20 000 innbyggarar bør overta desse oppgåvene. i) Frivilligsentralane og tilskota til desse bør overførast til kommunane. Dette kan gjerast utan endringar i kommunestrukturen. Oppgåvene bør finansierast gjennom rammetilskotet til kommunane. j) Kommunane bør få overført ansvaret for å forvalte tilskotsordningar til kulturarrangement, festivalar m.m. av lokal karakter. Noverande institusjonar og festivalar bør vurderast m.o.t krav til innbyggargrunnlag og nedslagsfelt i høve overføring til kommunalt eller regionalt folkevalt nivå. k) Oppgåver knytt til utmarksforvaltninga kan overførast kommunar i storleiken min. 15-20 000 innbyggarar. Kommunar med eit lågare innbyggartal kan overta oppgåvene, t.d. ved samanfall mellom utmarks- og verneområdeforvaltninga, eller om verneutfordringane er særleg store.

l) Kommunane kan overta ansvaret for å tildele konsesjonar til småkraftverk under 1 MW. Saksbehandlinga bør sjåast i samanheng med ansvarsområde som arealforvaltning, miljøpolitikk og næringsutvikling. Noverande kommunar kan ivareta denne oppgåva. m) Kommunar med min. 15 000-20 000 innbyggarar vil kunne leggje til rette for lokalt næringsliv og avgjere søknader om mindre økonomiske tilskot til lokale bedrifter og etablerarar. n) Kommunane bør overta eigarskapen til aktuelle noverande fylkeskommunale vegar uavhengig av innbyggargrunnlag. 2. Det regionale folkevalde nivå bør gjennom regionreforma kunne få tilført følgjande på ansvars- og a) Fylkesavdelingane i Statens vegvesen sine regionvegkontor kan overførast til noverande fylkeskommunar. Dersom regionale folkevalde regionar blir vesentleg større, bør også fagadministrasjonane i vegregionane overførast til det regionale folkevalde nivået. b) Musea, Opera Nordfjord, Sogn og Fjordane teater og ulike tilskotsordningar til arrangement og institusjonar er døme på oppgåver der fylkeskommunen bør få eit heilskapleg ansvar. c) Kommunar på 15-20 000 innbyggarar bør få overført oppgåver innan utmarks- og miljøforvaltninga. Fleire oppgåver til kommunesektoren vil medverke til å integrere og tilpasse miljøvernet i høve all anna regional og lokal utvikling, samferdsle, kulturminne, planlegging og arealforvaltning. d) Fylkeskommunen kan overta oppgåver knytt til landbruk og bygdeutvikling som i dag ligg til Fylkesmannen, med unnatak av kontroll-, tilsyns- og klagesaker. Kommunar med 15-20 000 innbyggarar kan få eit større ansvar for nærings- og bygdeutvikling. e) Folkevalde regionar bør ivareta ansvaret for forvaltning av mineralske ressursar og tildele konsesjonar til vind- og vasskraftverk mellom 1-10 MW. Det regionale nivået bør samarbeide med kommunane for å ivareta kystsoneplanlegginga. f) Det regionale folkevalde nivået bør få større innverknad i nasjonale forskingsprogram, t.d. knytt til korleis VRI-programmet (verkemidlar for regional innovasjon og FoU) kan førast vidare frå 2017. g) Forvaltninga av prosjektskjønsmidlar og andre prosjektmidlar bør overførast til regionalt folkevalt nivå, som bør ha ansvaret for å tilpasse tildelingane i tråd med lokale behov, regionale forhold og i samsvar med nasjonale føringar. Midlane bør fordelast ut frå nasjonale vurderingar, tilsvarande overføringa av KMD-midlar til fylkeskommunane retta mot regional utvikling. h) Regionalt folkevalt nivå bør overta oppgåver som ikkje kan leggjast til kommunane, slik situasjonen var før 2004. Overføring av ansvar som i dag ligg til BUF-etat må medføre at stillingsressursar og fagkompetanse følgjer med til nivået som overtek oppgåvene. i) Det vert arbeidd for oppretting av eit nasjonalt kompetansesenter for busetjing og integrering i Sogn og Fjordane. Flora kommune har alt i dag har etablert dette som eige satsingsområde, og bør vere ein aktuell lokaliseringsstad for ein slik nasjonal funksjon. Det er i tillegg relevant å vurdere om regionalt folkevalt nivå bør få eit tydeleg ansvar for integrering, mangfald og busetjing, og slik ivareta løpande rettleiing, dialog og sektorovergripande arbeid overfor kommunane. Dette bør sjåast nærare på gjennom ei offentleg utgreiing om korleis eit regionalt folkevalt nivå kan overta oppgåver som IMDi har i dag. 3. Fylkestinget sluttar seg til faggruppa sine tilrådingar i høve utviklingsmulegheiter for etablering av nye offentlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane: a) Både på politisk og administrativ side i fylket er det framover høg bevisstheit i høve konkrete vekst- og utviklingsinitiativ frå statlege fag- og kompetansemiljø. b) Det bør opprettast eit «Nasjonalt kompetansesenter for busetnad og integrering» i Sogn og Fjordane. c) Vi bør i Sogn og Fjordane arbeide for at Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) utvidar sin strategiske regionale kunnskap i tillegg til den kompetansen Fylkesmannen og DSB representerer i dag. d) Det bør arbeidast for ei snarleg etablering av eit større nasjonalt fengsel i Sogn og Fjordane. e) Fleire funksjonar som i dag ligg til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sentralt bør flyttast til NVE sitt regionkontor i Førde. f) Leiinga ved statlege regionale etatar og verksemder bør primært fokusere på faglege kvalifikasjonar og eigne kompetansefortrinn når dei skal sannsynleggjere etablering av nye oppgåver, tenester og funksjonar i fylket. g) I tillegg bør vi særleg i politisk arbeid for utflytting og etablering av statlege arbeidsplassar halde fram reelle argument som syner fylket sine mange fortrinn. h) For å imøtekome etterspurde kvalitetar som større fagmiljø og faglege utviklingsmulegheiter, er det eit viktig verkemiddel at offentlege verksemder etablerer operative og effektive fagnettverk.

i) Det vert arbeidd for å etablere eit regionalt samarbeidsforum på tvers av forvaltningsnivåa knytt til rekruttering og etablering av attraktive fagmiljø. j) Dersom den nasjonale evalueringa av fylkesmannsembetet kjem fram til at embeta bør slåast saman i ein ny regional struktur, bør Fylkesmannen i Sogn og Fjordane få i oppgåve å leie den nye regionale tilsyns-, klage-, kontroll- og beredskapseining for Vestlandsfylka. Endringsframlegg: Fylkesutvalet sette fram slikt framlegg til innleiing i vedtaket: «Fylkestinget legg til grunn at generalistkommuneprinsippet står fast for det vidare arbeidet knytt til oppgåvefordelinga i ein modernisert kommune- og regionstruktur.» Fylkesutvalet sette fram slikt framlegg til vedtak som nytt punkt under punkt 3 i tilrådinga frå fylkesrådmannen: «Det er varsla utflytting av (funksjonar i) Norsk kulturråd. Fylket bør posisjonere seg for at desse vert lagde til Førde.» Fylkesutvalet sette fram slikt framlegg til endring i punkt 3d i tilrådinga frå fylkesrådmannen: «Det bør arbeidast for ei utbygging og styrking av fengselet i Vik.» Fylkesutvalet sette fram slikt framlegg i høve «matrisetabellane» i den vedlagde rapporten: «Desse tabellane vert tekne inn innleiingsvis i vedtakspunkta 1 og 2.» Avrøysting: Tilrådinga frå fylkesrådmannen med endringsframlegga frå fylkesutvalet vart samrøystes vedtekne. Dette gir følgjande endeleg vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak: Fylkestinget i Sogn og Fjordane tek rapporten «Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane» til vitande, og sluttar seg til følgjande synspunkt og framlegg: Fylkestinget legg til grunn at generalistkommuneprinsippet står fast for det vidare arbeidet knytt til oppgåvefordelinga i ein modernisert kommune- og regionstruktur. 1. Kommunane bør gjennom kommunereforma kunne få tilført følgjande på ansvars- og Oppgåve Den ålmenne tannhelsetenesta Rehabilitering Hjelpemidlar Bustadar NAV - arbeidsretta tiltak Barnevern tillagt BUF-etat Familievern Frivilligsentralar Kultur Natur-, miljø- og ressursforvaltning Konsesjonar for småkraftverk Lokal næringsutvikling Mindre fylkesvegar Minimum kommunestorleik 50000 15-20 000 10 000 < 5000 i i

a) Den ålmenne tannhelsetenesta krev eit innbyggargrunnlag på min. 50 000 for å kunne ivareta eit fagmiljø med kompletterande kompetanse. Innbyggargrunnlaget for spesialiserte tannhelsetenester og ansvarsforholda knytt til dei fem regionale odontologiske kompetansesentra må vurderast nærare. b) Eit større kommunalt ansvar for rehabiliteringstilbodet vil kunne gje eit meir heilskapleg ansvar overfor brukarane, og bør greiast nærare ut. Oppgåva krev eit innbyggartal på min. 15-20 000. c) Det er uklart kva for deler av hjelpemiddeltenestene som skal overførast til kommunane. Kravet til innbyggargrunnlag må vurderast i lys av oppgåvene som vert føreslegne. d) Bustadområdet kan ivaretakast av noverande kommunar. Det bør ikkje vere ein premiss at oppgåvene vert lovfesta ytterlegare, då kommunane set i verk tiltak etter brukarane sine behov. e) Kommunane bør overta ansvaret for varig tilrettelagt arbeid i skjerma verksemder med arbeidsoppgåver tilpassa den enkelte si yteevne (VTA) og tiltak som vert gjevne gjennom enkeltplassar i ordinære verksemder (VTO). Dette kan gjerast utan endringar i kommunestrukturen. f) NAV sitt ansvar for personar som har overgang til den vanlege arbeidsmarknaden bør overførast til kommunane for å sikre eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. g) Større kommunar bør overta ansvaret for sentrale deler av barnevernstenesta knytt til hjelpetiltak i heimen og fosterheimstilbodet. Dette vil krevje kommunar i storleiken opp mot 50 000 innbyggarar. h) Familieverntenesta er nært knytt til kommunane sitt ansvar innan sosial, barnevern og andre omsorgstenester. Kommunar med ein storleik på 15-20 000 innbyggarar bør overta desse oppgåvene. i) Frivilligsentralane og tilskota til desse bør overførast til kommunane. Dette kan gjerast utan endringar i kommunestrukturen. Oppgåvene bør finansierast gjennom rammetilskotet til kommunane. j) Kommunane bør få overført ansvaret for å forvalte tilskotsordningar til kulturarrangement, festivalar m.m. av lokal karakter. Noverande institusjonar og festivalar bør vurderast m.o.t krav til innbyggargrunnlag og nedslagsfelt i høve overføring til kommunalt eller regionalt folkevalt nivå. k) Oppgåver knytt til utmarksforvaltninga kan overførast kommunar i storleiken min. 15-20 000 innbyggarar. Kommunar med eit lågare innbyggartal kan overta oppgåvene, t.d. ved samanfall mellom utmarks- og verneområdeforvaltninga, eller om verneutfordringane er særleg store. l) Kommunane kan overta ansvaret for å tildele konsesjonar til småkraftverk under 1 MW. Saksbehandlinga bør sjåast i samanheng med ansvarsområde som arealforvaltning, miljøpolitikk og næringsutvikling. Noverande kommunar kan ivareta denne oppgåva. m) Kommunar med min. 15 000-20 000 innbyggarar vil kunne leggje til rette for lokalt næringsliv og avgjere søknader om mindre økonomiske tilskot til lokale bedrifter og etablerarar. n) Kommunane bør overta eigarskapen til aktuelle noverande fylkeskommunale vegar uavhengig av innbyggargrunnlag. 2. Det regionale folkevalde nivå bør gjennom regionreforma kunne få tilført følgjande på ansvars- og Oppgåve Statens vegvesen (regionvegkontor) Kultur Den regionale miljøvernforvaltninga ii Den regionale landbruksforvaltninga iii Naturressursforvaltning Forsking Prosjekt og prosjektskjønsmidlar Statleg barnevern (BUF-etat) Integrering, mangfald og busetjing Regionstorleik Større regionar tilnærma Fylkeskommunane landsdelane a) Fylkesavdelingane i Statens vegvesen sine regionvegkontor kan overførast til noverande fylkeskommunar. Dersom regionale folkevalde regionar blir vesentleg større, bør også fagadministrasjonane i vegregionane overførast til det regionale folkevalde nivået. ii iii

b) Musea, Opera Nordfjord, Sogn og Fjordane teater og ulike tilskotsordningar til arrangement og institusjonar er døme på oppgåver der fylkeskommunen bør få eit heilskapleg ansvar. c) Kommunar på 15-20 000 innbyggarar bør få overført oppgåver innan utmarks- og miljøforvaltninga. Fleire oppgåver til kommunesektoren vil medverke til å integrere og tilpasse miljøvernet i høve all anna regional og lokal utvikling, samferdsle, kulturminne, planlegging og arealforvaltning. d) Fylkeskommunen kan overta oppgåver knytt til landbruk og bygdeutvikling som i dag ligg til Fylkesmannen, med unnatak av kontroll-, tilsyns- og klagesaker. Kommunar med 15-20 000 innbyggarar kan få eit større ansvar for nærings- og bygdeutvikling. e) Folkevalde regionar bør ivareta ansvaret for forvaltning av mineralske ressursar og tildele konsesjonar til vind- og vasskraftverk mellom 1-10 MW. Det regionale nivået bør samarbeide med kommunane for å ivareta kystsoneplanlegginga. f) Det regionale folkevalde nivået bør få større innverknad i nasjonale forskingsprogram, t.d. knytt til korleis VRI-programmet (verkemidlar for regional innovasjon og FoU) kan førast vidare frå 2017. g) Forvaltninga av prosjektskjønsmidlar og andre prosjektmidlar bør overførast til regionalt folkevalt nivå, som bør ha ansvaret for å tilpasse tildelingane i tråd med lokale behov, regionale forhold og i samsvar med nasjonale føringar. Midlane bør fordelast ut frå nasjonale vurderingar, tilsvarande overføringa av KMD-midlar til fylkeskommunane retta mot regional utvikling. h) Regionalt folkevalt nivå bør overta oppgåver som ikkje kan leggjast til kommunane, slik situasjonen var før 2004. Overføring av ansvar som i dag ligg til BUF-etat må medføre at stillingsressursar og fagkompetanse følgjer med til nivået som overtek oppgåvene. i) Det vert arbeidd for oppretting av eit nasjonalt kompetansesenter for busetjing og integrering i Sogn og Fjordane. Flora kommune har alt i dag har etablert dette som eige satsingsområde, og bør vere ein aktuell lokaliseringsstad for ein slik nasjonal funksjon. Det er i tillegg relevant å vurdere om regionalt folkevalt nivå bør få eit tydeleg ansvar for integrering, mangfald og busetjing, og slik ivareta løpande rettleiing, dialog og sektorovergripande arbeid overfor kommunane. Dette bør sjåast nærare på gjennom ei offentleg utgreiing om korleis eit regionalt folkevalt nivå kan overta oppgåver som IMDi har i dag. 3. Fylkestinget sluttar seg til faggruppa sine tilrådingar i høve utviklingsmulegheiter for etablering av nye offentlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane: a) Både på politisk og administrativ side i fylket er det framover høg bevisstheit i høve konkrete vekst- og utviklingsinitiativ frå statlege fag- og kompetansemiljø. b) Det bør opprettast eit «Nasjonalt kompetansesenter for busetnad og integrering» i Sogn og Fjordane. c) Vi bør i Sogn og Fjordane arbeide for at Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) utvidar sin strategiske regionale kunnskap i tillegg til den kompetansen Fylkesmannen og DSB representerer i dag. d) Det bør arbeidast for ei utbygging og styrking av fengselet i Vik. e) Fleire funksjonar som i dag ligg til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sentralt bør flyttast til NVE sitt regionkontor i Førde. f) Leiinga ved statlege regionale etatar og verksemder bør primært fokusere på faglege kvalifikasjonar og eigne kompetansefortrinn når dei skal sannsynleggjere etablering av nye oppgåver, tenester og funksjonar i fylket. g) I tillegg bør vi særleg i politisk arbeid for utflytting og etablering av statlege arbeidsplassar halde fram reelle argument som syner fylket sine mange fortrinn. h) For å imøtekome etterspurde kvalitetar som større fagmiljø og faglege utviklingsmulegheiter, er det eit viktig verkemiddel at offentlege verksemder etablerer operative og effektive fagnettverk. i) Det vert arbeidd for å etablere eit regionalt samarbeidsforum på tvers av forvaltningsnivåa knytt til rekruttering og etablering av attraktive fagmiljø. j) Dersom den nasjonale evalueringa av fylkesmannsembetet kjem fram til at embeta bør slåast saman i ein ny regional struktur, bør Fylkesmannen i Sogn og Fjordane få i oppgåve å leie den nye regionale tilsyns-, klage-, kontroll- og beredskapseining for Vestlandsfylka. k) Det er varsla utflytting av (funksjonar i) Norsk kulturråd. Fylket bør posisjonere seg for at desse vert lagde til Førde.