MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtested: Rådhuset Møtedato: 21.01.2010 Start kl.: 12.00 Slutt kl.: 13.30 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Fra adm. (evt. andre): Torodd Urnes, Anders Bolstad, Geir Arve Sandvik, Ivar Kvalen. Stein Olav Njøs, Bergljot Buskaker, Sølvi Fretheim Steig. Morten Simonsen, Anette Stegegjerdet, Jon Ove Lomheim. Rådmann Tore Eriksen. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE Saksnr. Tittel 1/10 10/11 Godkjenning av møtebok 2/10 09/3280 Søknad om lån i næringsfondet til bruksutbygging 3/10 09/2352 Forprosjekt Sogn Brannvern 4/10 09/3190 Sogndal kommune. Revisjon av samfunnsdelen av kommuneplanen for 2010-2022. Høyring av framlegg til planprogram. Nær 5/10 10/11 Referat- og drøftingssaker 6/10 10/212 Økonomisk støtte til hjelpearbeid på Haiti Underskrifter: 1
Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
1/10 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 9.12.09 vert godkjent. Underskrifter: Anders Bolstad og Geir Arve Sandvik. 2/10 Søknad om lån i næringsfondet til bruksutbygging Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Arne Lad, 6873 Marifjøra, får innvilga eit rentefritt lån gjennom næringsfondet på kr 253 000,- til bruksutbygging på bruket han er eigar og drivar av, Lad gnr. 93, bnr. 1. Lånet skal vera avdragsfritt dei første to åra og skal deretter nedbetalast over dei 13 neste. Lånet skal sikrast med pant i eigedomen. 3/10 Forprosjekt Sogn Brannvern Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 1. Luster kommune tek utarbeidd forprosjekt om Sogn Brannvern av 28.12.09 til orientering. 2. Luster kommune vil delta i det vidare arbeidet for å få etablert eit felles brannvern i regionen. I dette arbeidet skal styringsgruppa sine vurderingar leggjast til grunn, jf saksutgreiinga.
4/10 Sogndal kommune. Revisjon av samfunnsdelen av kommuneplanen for 2010-2022. Høyring av framlegg til planprogram. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken med føljande endring: Sogn Regionråd bør vere høyringsinstans i planarbeidet vert endra til: Sogn Regionråd bør i tillegg vere høyringsinstans i det vidare planarbeidet. Luster kommune viser til framlegg til planprogram for revidert samfunnsdel av Sogndal kommune sin kommuneplan for åra 2010-2022. Framtidig interkommunalt samarbeid bør gå inn som eit tema ved utarbeiding av revidert samfunnsdel av kommuneplanen. Sogn Regionråd bør i tillegg vere høyringsinstans i det vidare planarbeidet. Luster kommune har elles ikkje merknader til innhaldet i planleggingsprogrammet. 5/10 Referat- og drøftingssaker Framlagt: Rapport delegerte vedtak Ordføraren opplyste at heile formannskapet er påmeldt LVK sin regionkonferanse i Bergen i slutten av januar. Ordføraren minna om næringsutvalet sitt program (besøksrunde) 3. februar. Ordføraren orienterte om arbeidet med å finansiere Luster bad. Rådmannen opplyste i høve same sak at det vil bli naudsynt å gjennomføre avtalebasert grunnerverv før vi hentar inn anbod. Dette for ikkje å miste tid. Ingen merknader. Rådmannen orienterte om arbeidet med å følgje opp kommunestyret sitt vedtak av 26.11.09, i sak 91/09, om busetting av flyktningar. Ingen merknader. Rådmannen orienterte om arbeidet med å følgje opp helse- og omsorgsplanen og tilhøyrande budsjettvedtak. Arbeidet har fokus på dei nye einingane (Luster sjukeheimsteneste og Luster heimeteneste), ny leiarkabal, nytt turnussystem, nye inntakssystem, leiarutvikling og intern og ekstern informasjon. Det er etablert ei eiga prosjektgruppe, der nye leiarar og tillitsvalde er med. Førebels plan er at ny organisasjon skal setjast i drift seinast måndag 21.juni 2010. Frå same dato vil arbeidet med å leggje til rette for omsorgsplassar på Hafslo starte. Ingen merknader. Rådmannen orienterte om arbeidet med å følgje opp kommunestyrevedtak av 26.11.09, i sak 93/09, og formannskapet sitt etterfølgjande vedtak (sak 155/09) om ambulansestasjon i Luster. Ingen merknader.
Rådmannen orienterte om status når det gjeld kommunen sitt konsesjonskraftvolum 2010. Ingen merknader. Rådmannen opplyste status for kommunen sine investeringar i aksjefonds. Ingen merknader. Rådmannen orienterte om det regionale samarbeidet i høve arbeidet med nytt løns-, personalog økonomisystem. Ingen merknader. Rådmannen orienterte om ledig stilling (folkehelsekoordinator/ungdomskontakt) og planar om oppfølging/vidareføring. Formannskapet har ikkje merknader til at dei to funksjonane vert skilde; folkehelsedelen lagt til ei stilling hos rådmannen og ungdomsarbeidet vidareført ved samarbeidsavtaler og/eller eigen/eigne ungdomskontakt(ar). Formannskapet er oppteken av å få vidareført Luster danseverkstad. Vidare at tiltaket ME N U vert vurdert av ungdomen sitt kommunestyre. Det vart ikkje gjort vedtak i saka. 6/10 Økonomisk støtte til hjelpearbeidet på Haiti. Saka vart teken opp direkte i møtet. Framlegg i møtet vart samrøystes vedteke. Formannskapet løyver kr. 5000,- til Kirkens Nødhjelp til hjelpearbeidet på Haiti. Løyvinga vert dekka av 1.100101.4740.107.