NYTT FRÅ SOLUND FRIVILLEGSENTRAL Nr 1/2008 Årgang 1 I dette nummeret finn du: Informasjon om Solund frivillegsentral og Solund fokebibliotek Kulturkalender for 2008 Undervisningstilbod våren 2008 i musikk, bildande kunst og kulturminne (Kulturskulen) 1
Solund frivillegsentral/solund folkebibliotek OPNINGSTIDER: MÅNDAG FREDAG KL. 10.00 14.00 KVELDSTID: TYSDAG OG TORSDAG 17.00 19.00 Frivillegsentralen tlf: 57 78 62 25/412 43 087 e-post: frivillegsentralen@solund.kommune.no Biblioteket tlf: 57 78 62 37/415 58 672 e-post: bibliotek@solund.kommune INFORMASJONSSKRIV FRÅ SOLUND FRIVILLEGSENTRAL I handa held du no fyrste utgåva av eit større informasjonsskriv frå frivillegsentralen! Her vil me fortelje litt om både frivillegsentralen, biblioteket og noko av det som rører seg i lag- og organisasjonslivet m.m. i kommunen vår. Fyrst litt om frivillegsentralen og biblioteket Solund frivillegsentral har lokale saman med Solund Folkebibliotek under Hardbakke barnehage. Frivillegsentralen og biblioteket vil ha eit nært samarbeid. Ved eit slikt samarbeid kan vi ha ope 5 dagar i veka. Målet er at vi saman skal få biblioteket meir ut til folk. Dette vil vi gjere ved å sette ut hyller med bøker på ulike stader i kommunen. Ved å gå inn på www.solund.no finn ein link til biblioteket. Der kan ein finne utvalget av bøker til Solund Folkebiliotek. 2
Solund fekk frivillegsentral i 2005, og kunne då opprette ein 50% stilling som dagleg leiar. Frå driftsåret 2007 vart stillinga utvida til 100 %. Irene Lambrechts Vaulen er tilsett som dagleg leiar i 50% og Roar Moe arbeider i dei resterande 50% inntil vidare. Staten tok initiativ til å starte frivillegsentralar og dekkar difor 60% av lønna. Roar Moe har arbeidd på frivillegsentralen frå den opna. Dei første frivillegsentralane i Norge kom i 1990. I Sogn og Fjordane er det 70% av kommunane som har det. Fylkesordførar Nils R. Sandal stod for den høgtidelege opninga av frivillegsentralen 17. februar 2006, her saman med ordførar Gunn Åmdal Mongstad. ***** Mange lurer på kva ein frivillegsentral er og kva dei jobbar med. For å finne ut det vil må vi høyre med styreleiar i Solund frivillegsentral, Bjørn Magne Hansen. -Kvifor vart det oppretta frivillegsentralar? I eit moderne samfunn som stadig er i endring er ikkje den frivillege ildsjela like sjølvsagt lenger. Staten tok difor initiativet til å stimulere til det frivillege arbeidet -Kvifor heiter det frivillegsentral? Sentralen er eit kontaktpunkt og bindeledd mellom dei som ynskjer å yte ei ubetalt teneste i nærmiljøet eller lokalsamfunnet og dei som ynskjer å motta ein slik innsats. -Er sentralane like over heile landet? Arbeidsoppgåvene varierer mykje. T.d. i Fjaler pregar UWC (United World College) mykje av frivillegsentralen sitt arbeid. Med felles for alle er det frivillege arbeidet. -Kvifor har ikkje alle kommunar frivillegsentral? Ein må søke staten om tilskot for å opprette sentralar. Vi var ein av 11 nye kommunar som fekk tilskot i 2005. Det må vere ein godt grunna 3
søknad. Det er ikkje sjølvsagt at ein får tilskot. -Korleis er frivillegsentralen bygd opp? Solund kommune er eigar, formannskapet utgjer årsmøte og er øvste organ. Frivillegsentralen har eit eige styre på fem medlemmar. Styret har ansvar for drifta, og er samansatt slik: 2 politisk valde: Bjørn Magne Hansen, vara Bjarte Engevik og Sissel Beate Kråkås, vara Gunn Mongstad. Ein representant er oppnemnd av administrasjonssjefen: Hilde Marit N. Trovåg og to vald av det årlege kontaktmøte med lag og organisasjonar: Helga Marie Vangsnes, vara Tove Strand og Oddny Ravnøy, vara Arne Osland. Dagleg leiar har ansvar for den daglege drifta. -Kva er arbeidsoppgåvene til Solund Frivillegsentral? Vi har fått ansvaret for å lage system i høve integrering og oppfølging av tilflyttarar til Solund. Skape kulturaktivitet. Vere eit bindeledd mellom lag og organisasjonar, i tillegg til å rekruttere og stimulere til det frivillege arbeidet.samarbeide med kommunen, Solundheimen, heimetenesta og psykiatritenesta. -Kva arbeid kan ein frivilleg utføre? Det kan vere det meste. Hjelpe nokon som treng det. Td. handle, følge i kyrkja eller ulike arrangement, gå ein tur med nokon som treng hjelp til det, følge til lege, måke snø, hjelpe til på ulike arrangement osv. -Kven kan være frivilleg? Det kan alle som ynskjer det. Berre ta kontakt med Roar eller Irene på frivillegsentralen. Solundheimen og heimesjukepleien har behov for frivillege td. å ta brukarar med ut på tur. -Kven kan nytte frivillege? Alle som har eit behov for hjelp. Men frivillege skal ikkje erstatte eit lønna arbeid. Takk for informasjonen! 4
Frivillege, integrering og kultur Solund Frivillegsentral har pr.d.d ni frivillege. I tillegg har konfirmantane som ei av sine oppgåver i konfirmantførebuinga si å vere frivilleg. Ynskjer du å melde deg som frivilleg? Eller treng ein. Ta då gjerne kontakt med oss på tlf. 57 78 62 25/412 43 087 Frivillegsentralane vert dreven ulikt i dei forskellige kommunane. Alt etter kva behov som er der. I Solund har ein valgt å arbeide med desse oppgåvene i tillegg til den frivillege hjelpa: Lage system for integrering og å få i gang kulturtilbod. Vi skal og ha eit godt samarbeid med lag og organisasjonar. For tida arbeider vi med: - Arrangert skitur til Voss for ungdomar på vidaregåande skule frå Solund. - Få til kulturtilbod. Brosjyre vil komme ut i næraste framitd. - Lage informasjonshefte og oppfølging til nye innbyggarar som kjem til Solund. - Skape møteplassar i dei ulike delane av kommunen. - Laga aktivitets- og arrangement kalender. Vi har tatt mål av oss å få ut eit informasjonsskriv fire gonger i året, der det m.a. er ynskje å ha ein oppdatert aktivitets/kulturkalender. Difor er vi avhengig av å få inn informasjon for å gje ut informasjon. Vi oppmodar difor alle som veit om ein aktivitet eller arrangement om å sende det inn til oss! Irene Lambrechts Vaulen Roar Moe Dei to som leier frivillegsentralen: Irene Lambrechts Vaulen og Roar Moe 5
Kulturkalender vår 2008 Faste aktivitetar i kvar veke TID AKTIVITET ALDER STAD Bygdehuset, Ytre MANDAG 17.00-18.00 Barnetrening Solund 17.00-18.00 Barnefotball 1. - 4. KL Idrettsbygget 18.00-19.00 Barnefotball 5. - 7. Kl Idrettsbygget 10 år, 9 år 18.00-20.00 Skytetrening m/følge Barneskulen 19.00-20.30 Volleyball frå 8. Kl Idrettsbygget 20.30-21.30 Sirkeltrening frå 8. Kl Idrettsbygget TYSDAG 17.00-21.00 Offentleg bading alle Idrettsbygget 17.00-17.45 Handballtrening 5. - 7. kl Idrettsbygget 19.30-22.30 Bridge frå 8.kl Gjestehuset 20.00-22.00 Volleyball frå 8.kl Bygdehuset, Ytre Solund ONSDAG 15.00-17.00 Skulemusikkøving Idrettsbygget 17.30-19.00 Fotball 8. - 10. kl Idrettsbygget 18.00-20.00 Norskkurs Ungdomskulen 19.00-20.30 Bordtennis Idrettsbygget 20.30-22.00 Fotballtrening vaksne Idrettsbygget TORDSAG 09.00-15.00 Arbeidstove alle Aldersbustadane "Flittige Hender" bak Kyrkjetunet 17.30-19.00 Barneidrettskule 5 år - 4. kl. Idrettsbygget 18.30-20.30 Korøving Barneskulen 20.00-21.00 Aerobic frå 8.kl Idrettsbygget FREDAG LAURDAG 20.00-22.00 Volleyball frå 8.kl Utstilling, LILLS SØNDAG 12.00-16.00 galleri Bygdehuset, Ytre Solund Skulehuset, Strand 6
Aktivitetskalender vår 2008 Månad for månad Aktivitet/arrangement Stad MARS 04. mars Senior-bading, kl. 11.30-12.30 Idrettsbygget 05. mars Babysymjing, 0-4 år, kl 17.30-18-15 Idrettsbygget 06. mars KINO, sjå: bygdekinoen.no Grendahuset 07. mars Fredag i Solund, 13-17 år. Idrettsbygget/kyrkjetunet 09. mars Barnas Turlag, familietur Rongeneset, Ytre Solund 19. mars Trubadurkveld Solund Bryggje 20. mars Basar kl 16.30 Ytre Solund Bygdehus 20. mars Påskebasar kl 16.00 Nord Solund Bygdehus 28. mars Bedriftskyting kl 18.30 Barneskulen APRIL 01. april Senior-bading, kl 11.30-12.30 Idrettsbygget 02. april Babysymjing, 0-4 år, kl 17.30-18.15 Idrettsbygget 03. april KINO, sjå: bygdekinoen.no Grendahuset 04. april Fredag i Solund, 13-17 år Idrettsbygget/kyrkjetunet 06. april Basar, Solund Skulemusikk Grendahuset 17. april KINO Grendahuset 22. april Senior-bading, kl 11.30-12.30 Idrettsbygget 23. april Senior-bading, kl 11.30-12.30 Idrettsbygget 27. april Sulemarsjen Ulvegreina MAI 01. mai konfirmasjon, kl 12.00 Solund kyrkje 04. mai Barnas Turlag Båttur, Gåsvær 11. mai Konfirmasjon, kl.13.30 Husøy kyrkje 15. mai KINO, sjå: bygdekinoen.no Grendahuset 23. mai Fredag i Solund Idrettsbygget/Kyrkjetunet 29. mai KINO, sjå: bygdekinoen.no Grendahuset JUNI 01. juni Barnas Turlag Råkeneset 07. juni Dans, Birger Meland7 Solund Bryggje
12. juni KINO, sjå: bygdekinoen.no Grendahuset 13. juni Fredag i Solund Idrettsbygget/Kyrkjetunet 14. juni Familieaktivitet, Hardb båtlag Valen 21. juni Sommardans, pensjonistlaget Grendahuset? 23. juni Jonsokfeiring, Sogelaget Hersvik 28. og 29. Skytestemne Skytebana JULI 09. - 13. Losnaspelet Losna 28. juli Kranspålegging, minnesmerke Ospa 29. juli Olsokmesse Kverhella AUGUST 03. august Basar, pensjonistlaget?????? 16. august Familiedag, Sogelaget Indrøy handelstad 23. august Næringsdag Hardbakke 23. - 30. Næring og kulturveke Solund 22/8-07/09 Kunstutstilling Barneskulen SEPTEMBER 14. september Barnas turlag Tangeneset 20. september Oddvar Torsheim/Birger Meland Solund Bryggje OKTOBER 19. oktober Barnas turlag Ramnenipa NOVEMBER 23. november Barnas turlag Skumringstur i Gylteskogen 30. november Julemesse, skulemusikken Grendahuset DESEMBER 07. desember Julemesse Bygdehuset, Ytre Solund 8
SOLUND FRIVILLEGSENTRAL UNDERVISNINGSTILBOD VÅREN 2008 Frivillegsentralen i samarbeid med Solund kommune og Solund sokneråd vil i vårsemesteret 2008 utvide tilbodet om undervisning i musikk, kunst-, og kulturfag for innbyggjarane i kommunen. Rammene og retningslinene for undervisninga vert som for dei kommunale kulturskulane. Dette inneber at undervisninga i vårsemesteret vert 20 timar. Tilboda no i vår vert: 1. Piano eller kyrkjeorgel Lærar: Kantor (organist) i Lavik. Tony Rozendaal Stad: Dersom mange nok deltakarar vil vi prøve å få til undervisning i Solund kommune onsdagar eller torsdagar på ettermiddag/kvelds-tid. Undervisning: I snitt 20 minutt for veka Alder: Frå 3. klasse 9
2. Fele Lærar: Fylkesmusikar Vidar Underseth Stad: Musikkrommet på Solund ungdomsskule Undervisning: Ca. kvar tredje laurdag Alder: Frå 3. klasse 3. Rockeverkstad Tilbod om samspel i gruppe. Deltakarane må ha grunnleggande ferdigheit og kunnskap på instrumentet sitt. Lærar: Lærarar frå Kulturskulen i Fjaler Undervisning: To helgar (laurdag og sundag) i april/mai. Me vonar å halde fram med rockeverkstaden med lokale aktørar etter kurset. 4. Keramikk Tilbod om kurs i keramikk. Kreativitet i fri utfalding. Små skulpturar og veggbilete. Lærar: Lill Nicolaysen Stad: Formingsrommet ved Solund ungdomskule Undervisning: 3 timar i veka i 7 veker i april og mai månad Alder: Frå 3. klasse 10
5. Slektsgransking Dette er eit kurs der ein ikkje treng kunnskap på førehand for å vere med. Ein treng heller ikkje eigen datamaskin. Lærar: Stad: Mary Ann Hersvik Strøm Datarommet på Solund Ungdomskule Undervisning: 4 kveldar i løpet av april månad Alle tilboda har avgrensa tal på plassar Eigenandel pr. halvår: - kr 1.100 for born og ungdom under 16 år - kr 1.300 for vaksne Utover våren kan det kome tilbod om kortare kurs Påmelding: Til: Adresse: Straumpost: Sendast innan onsdag 26. mars Solund frivillegsentral Solund kommune, Postboks 73, 6921 Hardbakke roar.moe@solund.kommune.no Har du spørsmål,- ta kontakt med Roar Moe, tlf. 992 33 857 11
PÅMELDING Musikk- og kulturundervisning våren 2008 Eg melder meg med dette på følgjande tilbod: - piano.. - kyrkjeorgel.. - fele... - rockeverkstad.. - keramikk.. - slektsgransking.. Namn:... Adresse:... Telefon:. Alder:... 12