Saksnr. Utval Møtedato 021/15 Formannskapet 19.03.2015. Arkiv: K1-033, K2 - K54



Like dokumenter
Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Samfunn og utviklingskomite /15 Bystyret /15. Arkiv: FA-K54

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

UTTALE TIL FORSLAG TIL FORVALTNINGSPLAN OG TILTAKSPROGRAM FOR VANNREGION ROGALAND

Merete Farstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune

HANDLINGSPROGRAM

Vik kommune Plan/forvaltning

Treng vi å betre vassmiljøet?

Regional plan for vassforvaltning. Vassforskrifta og organisering av arbeidet

Formannskapet. Innkalling. Møtedato: Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 12:00

Høyring Regional plan for vassregion Hordaland.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Uttale til høyring på Regional plan for Vassregion Hordaland med regionalt Tiltaksprogram ref, 2014/16490

Handlingsprogram for Regional plan for vassforvaltning Hordaland vassregion

Handlingsprogram Høyringsperiode 1. april 30. juni Regional plan for vassforvaltning Foto: Merete Farstad

Handlingsprogram

Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i

Handlingsprogram 2016 Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

Øystre Slidre kommune

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Møte i Sogn og Fjordane vassregionutval 4.okotber 2017

Sak Organisering, vidareføring av prosjekt og prosjektleiarstilling

Framlegg til Handlingsprogram

Sunndal kommune Plan-, miljø- og næringstjenesten

Regional plan for vassregion Hordaland utsending på 2. gongs avgrensa høyring

Uttale til Regional plan for vassforvaltning for og Handlingsprogram for

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Møre og Romsdal. PLANPROGRAM for utarbeiding av

Regional plan for vassforvaltning

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Postboks 3563 / / 07367

HANDLINGSPROGRAM

Regional plan for vassregion Hordaland gongs høyring

DRAMMEN KOMMUNE. Behandling: Enstemmig vedtatt. Side 1 av 1

Sak Organisering, vidareføring av prosjekt og prosjektleiarstilling. Bakgrunn

NVE sin uttale til Regional plan for vassregion Hordaland

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Forslag til endringar i naturmangfaldslova og vassforskrifta. Endringsforslag datert Framlegg frå KLD og OED

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Screeningsprosess innspel til forbetringar Prosess i Sogn og Fjordane. Foto Merete Farstad Foto Merete Farstad Foto: NVE Foto:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 095/2014 Formannskapet i Radøy PS

NVE sin uttale til Regional plan for vassregion Sogn og Fjordane

HØYRING AV REGIONAL PLAN FOR VASSFORVALTNING FOR OG HANDLINGSPROGRAM FOR HØYRINGSFRÅSEGN BØMLO KOMMUNE.

Vassførekomstar i Sogn og Fjordane kunnskap og overvaking

Fråsegn til regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

Sakspapir. Saksnr Utval Type Dato 153/14 Utval for landbruk, miljø og teknikk (LMT-utvalet) PS

ULVIK HERAD SAKSPAPIR

4. MÅL FOR AVLØP OG MILJØ Overordna mål Førebels mål for vasskvalitet... 3

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Saman for vatnet. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Høyringsuttale til forslag til endringar i vassforskrifta og naturmangfaldlova

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Regional plan for Vassregion Hordaland utsending på høyring

Status vassforskriftarbeidet i Hordaland

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Granvin herad Sakspapir

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 11/387 15/ RIF

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Utkast til høyringsutgåve. Tiltaksprogram for Sogn og Fjordane vassregion. Til handsaming i fylkeskommune/fylkesutval

Oppstartsmøte Ytre Sogn vassområde. Merete Farstad Sogn og Fjordane fylkeskommune Møte

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

3) Vassområdeutvala kjem med innspel om viktige utfordringar og prioriteringar i vassområdet til dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål

Forslag frå fylkesrådmannen

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Vestland samanslåing -

Vurdering av allianse og alternativ

Sunnfjord vassområde 27. februar 2012

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sbh Formannskapet /14 GIS Kommunestyret /14 GIS. Arkiv: N-540 Objekt:

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Aurland kommune Rådmannen

Melding om vedtak / særutskrift Regional plan for vassforvaltning i Vassregion Vest-Viken

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Nordfjord vassområde 16. mars 2012

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for Vassregion Sogn og Fjordane 25. august 2011

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Vurdering av tilstanden i alle vassdrag, fjorden og langs kysten

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

Vår ref. Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2009/66/13/ Laila Nersveen

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 048/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Høyring av regional plan etter vassforskrifta. Sølve Sondbø, seniorrådgjevar

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Transkript:

Årdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 021/15 Formannskapet 19.03.2015 Sakshandsamar: Stine Mari Måren Elverhøi Arkiv: K1-033, K2 - K54 Arkivsaksnr. 12/815-15/690 Høyringsinnspel - Framlegg til Regional plan for vassforvaltning og regionalt tiltaksprogram for vassregion Sogn og Fjordane, vassområde Indre Sogn for perioden 2016-2021 Saka gjeld Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion med tiltaksprogram er på høyring. Planen skal verne om vassresursane våre og fremme berekraftig bruk av vassdrag, kystvatnet og grunnvatnet. Målet er å sikre ei heilskapleg forvaltning av vassressursane. Planen føresleg miljømål og tiltak for å nå miljømåla. Kommunen er ansvarleg for å gjennomføre tiltaka for å nå miljømåla innanfor sine ansvarsområde. Tiltaka som skal gjennomførast i planperioden 2016 2021 må vere operative innan utgongen av 2018. Siste planperiode blir avslutta i 2033. Arbeidet etter vassforskrifta vil derfor fortsette å krevje eit stort engasjement og samordning frå kommunen, også etter at vassforvaltnings- og tiltaksplanane for perioden 2016-2021 er vedtekne.. Bakgrunn Forskrift om rammer for vassforvaltninga (vassforskrifta) trådde i kraft 1. januar 2007 og innførte EU s vassrammedirektiv i norsk forvaltning. Vassforskrifta stiller nye og tydelege krav til norsk vassforvaltning: All vassforvaltning skal samordnast på tvers av alle sektorar som forvaltar vatn

(økosystemtankegang). Alt vatn skal forvaltast innan sitt nedslagsfelt. Alt vatn skal minst ha god økologisk tilstand. Alt vatn skal minst ha god kjemisk tilstand. Samfunnsnytte skal vurderast kontinuerleg. Alt arbeid med oppfølging av vassforskrifta i Noreg er delt inn i vassregioner. Årdal kommune er med i vassregion Sogn og Fjordane og vassområde Indre Sogn. Kommunane har vore involvert og bidrege inn i arbeidet med tiltaksanalysane gjennom administrativ kontakt og møter i vassområda, samt innspel til grunnlagsdokument. Ifølgje forskrifta skal det utarbeidast regionale planar for forvaltning av vatn kvart 6. år (forvaltningsplan). Det er denne planen med tiltaksprogram som no er på høyring. Hensikta med ein regional vassforvaltningsplan er å gje ei enkel og oversiktleg omtale av korleis vi ønskjer å forvalte vassmiljøet og vassressursane i vassregionen på lang sikt og i alle sektorar, slik at vi når målet med vassforskrifta. Alle berørte myndigheiter er forplikta til å følgje opp ved å leggje planen til grunn for si planlegging og verksemd. Framlegg til regional plan gir ein miljøstatus for vassresurssane våre, basert på tilgjengeleg kunnskap. Planen føresleg miljømål og tiltak for å nå miljømåla for elver, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Planen legg føringar for når miljømåla skal vere nådd, anten i planperioden 2016-2021, i neste planperiode 2022-2027 eller i siste planperiode 2028-2033. Tiltaka som skal gjennomførast i planperioden 2016 2021 må vere operative innan utgongen av 2018. Unntak frå å nå miljømåla i planperioden 2016-2021 må grunngjevast i samsvar med vassforskrifta. Tiltaka i analysen kan delast opp slik: tiltak opp mot kommunale og private avløp tiltak i landbrukssektoren tiltak mot miljøgift og forureinande masser tiltak i samband med vassdragsreguleringane Statlege etatar, kommunar og fylkeskommunar er ansvarlege for å gjennomføre tiltaka for å nå miljømåla innanfor sine ansvarsområde. Private verksemder har ansvar innanfor sine områder. Kunnskapsgrunnlaget, status og tilstand for alle vassførekomstane i kommunen og regionen

kjem fram i databasen Vann-nett (http://www.vann-nett.no). Figuren i vedlegget er eit døme på at arbeidet med å nå mål etter vassforskrifta er omfattande og forutset eit samarbeid mellom mange aktørar. Figuren viser nokre påverknader som kan verke negativt inn på fisk og andre vasslevande organismar i ein vassførekomst. Raudt felt illustrerer ein vassførekomst med dårleg tilstand, t.d. fisk og anna biologisk mangfald som er negativt påverka. Gult og oransjefarga viser ulike påverknadar som kan gi dårleg økologisk tilstand i vassførekomsten. Grøn og blå farge viser kven som er ansvarleg for å gjere noko med påverknaden; kva for styresmakter som har verkemiddel til å gjere noko med påverknaden og kven som til sist blir tiltakshavar for å gjennomføre tiltak for å betre tilstanden slik at miljømålet blir nådd. Årdal kommune i forvaltningsplanen Ifølgje vassforskrifta er målet at alle vassførekomstar skal ha god eller svært god tilstand. Der dette ikkje er mogleg eller ønskjeleg grunna samfunnsnyttige inngrep som mellom anna vassdragsreguleringar og flaumforbyggingar, betyr det at inngrepa i vassførekomsten skal stå ved lag, men at ein skal prøve å oppnå best mogleg tilstand. Dette er forkorta til GØP eller GØT der GØT er god økologisk tilstand (standard miljømål) og GØP er godt økologisk potensiale (gjeld sterkt modifiserte vassførekomstar: SMVF). Vassførekomstane i Årdal er sortert i tiltaksprogrammet etter følgjande kategoriar: standard miljømål (Vassførekomstar som skal ha god økologisk tilstand, GØT, innan 2027), svært modifiserte vassførekomstar (SMVF), vassførekomstar med mindre strenge miljømål (GØP) og vassførekomstar med utsett frist. Dei viktigaste miljøutfordringane i Årdal kommune er: regulering av vasskraft, særleg svært modifiserte vassforekomstar (SMVF), miljøgifter (særskilt i Årdalsfjorden), mogleg lekkasje frå private avløp og moglege miljøgifter frå avfallsplass (mogleg forureina sigevatn og massar frå Farnesstranda søppelplass. Ikkje fare for ureining til grunnvatn). Kommunen er sektormynde for m.a landbruk, avløp og avfallsplasser, og har etter vassforskrifta derfor ansvar for å følgje opp forureining frå desse kildene. Rådmannen understreker at det i fyrste fase av forvaltningsplanen er kunnskapsinnhenting og problemkartlegging som er føreslege som tiltak for dei fleste vassførekomstane i kommunen. Om vi etter kartlegginga finn ut at det ikkje eksisterar problem med forureining, treng ikkje kommunen å gjennomføre tiltak i neste planperiode. Kostnadane er derfor i fyrste rekke knytt til kartleggingsarbeid for å få oversikt over om det i det heile tatt eksisterer eit problem.

Nedanfor er vassførekomstar i tiltaksprogrammet med ansvar til organisasjonen Årdal kommune lista opp skjematisk. Oversikta omfattar problemstillingane i avsnitta over: Vassførekomst Mogleg påverknad Tiltak Ansvarleg Mål myndigheit Seimsdalselvi Fysiske inngrep (Vurdere tiltak Problemkartlegging og ÅK/NVE GØP 2027 for å fjerne masseoppbygging i gjennomføring av tiltak utløp som hindrar eller reduserer etter at tiltaksplan er oppgang av fisk til å gyte). utarbeidet (Biotoptiltak) Øvre Årdal Diffus avrenning frå tettstaden Kunnskapsinnhenting og ÅK GØT 2027 til Storelvi? problemkartlegging for å identifisere punktutslepp. Kan bruke hovudplan VAR for oppfølging Punktutslepp frå aluminiums-kunnskapsinnhentinindustri? og ÅK/Fylkesmannen. problemkartlegging for å Ansvarleg identifisere punktutslepp tiltakshavar: Hydro* Årdalsvatnet/ Øvre Årdal Sigevatn og masseforureining Kunnskapsinnhenting og Fylkesmannen GØT 2027 (Miljøgifter) frå Farnesstranda problemkartlegging søppelplass? Storelvi/ØÅ Fysiske inngrep (Flomverk. Manglar innspel frå ÅK/NVE GØP 2027 Noko sikringstiltak registert i sektormynde på konkrete database hjå NVE. Ikkje fått tiltak** (Døme på oversikt over andre moglege tiltak: konsesjonspålagte tiltak som er kartlegging, info, utført?) biotoptiltak og fisketiltak) Nysetelvi Fysiske inngrep (Flomverk og Manglar innspel frå ÅK/NVE GØP 2027 forbygningar: 780m forbygging, sektormynde på konkrete av dette 620m tosidig.) tiltak** (Døme på moglege tiltak: kartlegging, info, biotoptiltak og fisketiltak) Årdalsfjorden, Avrenning frå diffuse kjelder? Problemkartlegging av ÅK har ansvar GØT 2033 indre forureining frå saman med hamneverksemd, anna Fylkesmannen verksemd. Tilsyn og (Utslepp og nødvendige forureining frå aluindustri konsesjonsrevisjoner hjå er ikkje verksemder med utslepp kommunen sin til vatn. mynde eller ansvar) Lustrafjorden, Fysiske inngrep (Flomverk og Manglar innspel frå Kommune/ NVE GØT 2021 indre sidefelt forbygninger)? sektormynde på konkrete (Luster og Årdal) tiltak** (Døme på moglege tiltak: kartlegging, info, biotoptiltak og fisketiltak) *Det står ikkje oppgjeve i tiltaksprogrammet for vassførekomst med ID 074-798-G at ansvarleg tiltakshavar er Norsk Hydro. Rådmannen ber fylkeskommunen om at dette blir retta opp dersom dette stemmer. **Her har kommunen som sektormynde saman med NVE ansvar for å foreslå tiltak. Rådmannen meiner kommunen bør foreslå kartlegging som tiltak sidan vi ikkje har kunnskap

om dei fysiske inngrepa påverker vassførekomsten på ein slik måte at god økologisk tilstand (GØT) ikkje blir oppnådd. Tyin, Torolmen, Nysetelvi, Tya, Storelvi (Utla) og alle vatn i fjellområda rundt Torolmen og Mannsberg som er nytta til kraftutbygging er alle i kategorien svært modifiserte vassførekomstar, SMVF. Det skal definerast eigne tilpassa miljømål for desse vassforekomstane. Målet blir sett ut i frå kva for avbøtande tiltak som er realistisk å få gjennomført i kvar enkelt vassførekomst med tanke på ein positiv kost nytte-effekt. Dette er eit omfattande og ressurskrevjande arbeid som ikkje er gjennomført for denne planperioden, men vil bli gjennomført i neste periode. Dette er stort sett regulant, NVE og Fylkesmannens ansvar. Årdalsfjorden midtre, indre og ytre og Øvre Årdal er på lista over utsett frist. Påverknaden her er ureining frå industrien. Det er anteke at miljømåla blir oppnådd i 2027 eller 2033. Dette er Hydro Aluminium og Miljødirektoratet sitt ansvar. Det er 23 vassførekomstar i Årdal som er på lista over førekomstar med forslag om mindre strenge miljømål. For ein oversikt viser rådmannen til vedlegg 3 i forvaltningsplanen. Dette er t.d avløp frå/mellom regulerte vatn, der vassførekomsten er så påverka at det er umogleg eller urimeleg kostnadskrevjande å nå miljømåla. Dette er også stort sett regulant, NVE og Fylkesmannens ansvar. Drøfting Det er gjort ein stor og grundig jobb for å systematisere eksisterande kunnskap og supplere kunnskap om vassressursane i kommunen i forkant av denne høyringa. Likevel er det enda ein del vi ikkje har nok kunnskap om. Kartleggingsarbeidet for å auke kunnskapsgrunnlaget vårt om miljøtilstanden i vatn vil derfor fortsetta i åra framover. Rådmannen ser at det er stort sett kartleggingstiltak som er føreslegne for Årdal kommune. Det er negativt for kommunen at kostnadene knytt til kartlegging og organisering av arbeidet med å kjøpe desse tenestane ikkje er omtala tilfredsstillande i planen. Meir om dette er drøfta under Økonomi. Av dokument i kommuen med særleg verdi i arbeidet med vassdirektivet finn vi all planlegging etter plan- og bygningslova, men også kommunal hovudplan for avløp som må setjast i verk og følgjast opp. Kartlegging og registrering av avløpsanlegg frå spreidd busetnad, samt tilsyn og kontroll med små avløpsanlegg må utførast. Planperioden for hovudplan for avløp i Årdal er frå 2014-2021. Planen gir oss god oversikt og er eit godt instrument for å følgje opp tilsyns- og kontrollarbeidet. Tiltaksplanen peiker til slutt i kapittel 6, s 63 på trong for nye verkemiddel knytt til følgjande

område: 1. Auka middel og heimel for opprydding av miljøgifter 2. Verkemiddel i landbruket 3. Forenkla innføring av standard naturforvaltingsvilkår for konsesjonar 4. Nasjonal satsingsplan på vassforvaltning 5. Verktøy for kost-nytte vurderingar 6. Sakshandsaming av ny aktivitet og mye inngrep 7. Avløp tilskotsordningar Rådmannen stør framlegga til nye verkemiddel. Økonomi Det er store manglar knytt til kostnadsberekningar til tiltaka i planen, i tillegg til at ein del tiltak ikkje er føreslege av sektormynde (T.d innspel på moglege tiltak for Storelvi). Det gir ikkje tilfredsstillande forutsigbarheit for kommunen i åra framover. Rådmannen meiner det er ein ulempe at grunnlaget for å vurdere kostnadane av tiltaka og dei totale kost-nyttevurderingane er lagt til sekormynde. Kommunen er sektormynde etter fleire lover, men har ikkje nok ressursar eller kunnskapar til å vurdere tiltak og kost-nytte aleine. Rådmannen peiker derfor på dette i eit eige punkt (nummer 2) i tilrådinga. Ei mogleg løysing på dette kan vere å fortsette med ein prosjektleiar for vassområdet. Det blei tilsett ein eigen prosjektleiar for Indre Sogn Vassområde før arbeidet med utarbeiding av forvaltningsplanen, og administrasjonen har god erfaring med denne løysinga. Ein prosjektleiar vil t.d kunne bestille og organisere konsulentar for kartleggingsoppdrag eller sjå på løysingar for å gebyrfinansiere oppfølging og oppgradering/sanering av eldre avløpsanlegg som fører til utslepp. Det er fornuftig samfunnsøkonomisk at arbeid alle nabokommunar også skal gjennomføre blir koordinert og samordna av ein prosjektleiar. For detaljar om kostnadar viser rådmannen m.a til tiltaksprogrammet på side 58 under kapittel 5.1. Tilråding: 1. Årdal kommune er positiv til arbeidet med å sikre ein felles, berekraftig bruk av vassressursane på tvers av sektormyndigheitene, og ønskjer å vere ein aktiv bidragsyter til at mål i vassforskrifta blir nådd. Kommunen sluttar seg til hovudinnhaldet i forvaltningsplanen.

2. Årdal kommune meiner det er ein svakheit ved planen at han i så liten grad har estimert dei konkrete kostnadane og kost-nyttevurderingane knytt til ulike tiltak i tiltaksplanen og at dette er utsett til sektormynde i si sakshandsaming. Vi vil i denne samanheng framheve behov for styrka økonomiske ressursar frå statleg hald, t.d til en prosjektleiar innanfor vassområdet, for å sikre implementering av direktivet i vassforvaltninga, bestilling og gjennomføring av kost-nyttevurderingar og aktuelle tiltak innanfor ulike sektorområder. 3. Årdal kommune føreset at tiltak for å oppnå miljøforbetringar i regulerte vassdrag blir prioritert etter kost-nytteprinsippet slik at dei ikkje gir betydeleg redusert produksjon eller redusert reguleringsevne der det ikkje kan påvisast større effektar på miljøet. 4. Årdal kommune føreslår at kartlegging blir oppført som tiltak for vassførekomstane med ID 074-142-R (Seimsdalselvi), 075-103-R (Lustrafjorden, indre sidefelt), 074-148-R (Nysetelvi) og om ikkje NVE har andre forslag. 5. Det står ikkje oppgjeve i tiltaksprogrammet for vassførekomst med ID 074-798-G at ansvarleg tiltakshavar er Norsk Hydro. Vi ber fylkeskommunen om at dette blir retta opp dersom dette stemmer. 19.03.2015 Formannskapet Tilråding frå rådmann vart teken opp til røysting. Røysting. Tilråding frå rådmann vedteken samrøystes. FS-021/15 Vedtak: 1. Årdal kommune er positiv til arbeidet med å sikre ein felles, berekraftig bruk av vassressursane på tvers av sektormyndigheitene, og ønskjer å vere ein aktiv bidragsyter til at mål i vassforskrifta blir nådd. Kommunen sluttar seg til hovudinnhaldet i forvaltningsplanen. 2. Årdal kommune meiner det er ein svakheit ved planen at han i så liten grad har estimert dei konkrete kostnadane og kost-nyttevurderingane knytt til ulike tiltak i tiltaksplanen og at dette er utsett til sektormynde i si sakshandsaming. Vi vil i denne samanheng framheve behov for styrka økonomiske ressursar frå statleg hald, t.d til en prosjektleiar innanfor vassområdet, for å sikre implementering av direktivet i vassforvaltninga, bestilling og gjennomføring av kost-

nyttevurderingar og aktuelle tiltak innanfor ulike sektorområder. 3. Årdal kommune føreset at tiltak for å oppnå miljøforbetringar i regulerte vassdrag blir prioritert etter kost-nytteprinsippet slik at dei ikkje gir betydeleg redusert produksjon eller redusert reguleringsevne der det ikkje kan påvisast større effektar på miljøet. 4. Årdal kommune føreslår at kartlegging blir oppført som tiltak for vassførekomstane med ID 074-142-R (Seimsdalselvi), 075-103-R (Lustrafjorden, indre sidefelt), 074-148-R (Nysetelvi) og om ikkje NVE har andre forslag. 5. Det står ikkje oppgjeve i tiltaksprogrammet for vassførekomst med ID 074-798-G at ansvarleg tiltakshavar er Norsk Hydro. Vi ber fylkeskommunen om at dette blir retta opp dersom dette stemmer. Vedlegg: figur_forvaltning