Florø brannvesen, Flora kommune - Utsleppsløyve for nytt brannøvingsfelt ved Florø lufthamn - Endring i vilkåra



Like dokumenter
Det er sett krav til støvreduserande tiltak og rapportering kvar månad.

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Odda komposteringsanlegg 25. mars 2014

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Endret tillatelse til utslipp fra Tine meieriet Sem i Tønsberg kommune.

Fylkesmannen i Hordaland fann 2 avvik under inspeksjonen innan følgjande tema: Internkontroll Lagring av farleg avfall

Sunnfjord Bil AS - Utvida løyve for lagring av pressa og upressa vrak

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: FM: 2005/5323/BJOT/542.1 Bjarne Otnes,

Tilleggsvilkår til løyvet for mottak av betong og asfaltmassar ved Kjosås Maskin AS sitt anlegg i Tolomarka, Kvam herad

Rapport frå inspeksjon 7. november 2012

Disponering av avfall fra bygging, rehabilitering og riving

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Rapport frå inspeksjon 6. mai Resultat frå inspeksjonen. Fusa mekaniske industri AS 5640 EIKELANDSOSEN. Rapportnummer: I.

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Eidfjord slamkomposteringsanlegg

Rapport frå inspeksjon hos Bybanen utbygging 12. september 2014

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

Autopress AS Sunndal kommune LØYVE TIL MOTTAK AV KASSERTE KØYRETY OG GODKJENNING TIL Å UTBETALE VRAKPANT

Utsleppsløyve etter forureiningslova til Bergen kommune for bygging av ny dam ved Svartavatnet

Utsleppsløyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest for utfylling i Liavatnet

Påsleppskrav frå kommunen for næringsmiddelverksemd. Eksempel stort slakteri i Førde

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Rapport frå inspeksjon 7. juni Resultat frå inspeksjonen. Flage Maskin AS Flyplassvegen Voss. Rapportnummer: I.

Grunnforureining gbnr 97/2 - Luster - Oversending løyve

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Fylkesmannen i Vest-Agder Miljøvernavdelingen

Fylkesmannen i Rogaland har frå Haugaland Interkommunale Miljøverk IKS (HIM) motteke:

Fylkesmannen i Hordaland fant 6 avvik under inspeksjonen innan følgjande tema:

Retningslinje for utslipp av oljeholdig avløpsvann i Melhus kommune.

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved MILJØKVALITET AS Kontrollnummer: I.FMMR

Rapport frå inspeksjon ved Norsk Gjenvinning Industri AS avd. Knarrevik 25. august 2015 Rapportnummer: I.FMHO

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Rapport frå inspeksjon 18. april Resultat frå inspeksjonen. Gunnebo Anja Industrier AS 5282 Lonevåg. Rapportnummer: I.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved Pelagia Kalvåg Kontrollnummer: I.FMSF

Vass- og avløpsavgifter

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved TINE MEIERIET VEST BA, Vik Kontrollnummer: I.FMSF

Rapport frå tilsyn 17. juni 2016 ved Marine Harvest Norway AS sitt settefiskanlegg på lokaliteten Kvinge S i Masfjorden kommune

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Fylkesmannen i Hordaland fant 2 avvik under inspeksjonen innan følgjande tema:

10/ /K2-L32//AEM

Fylkesmannen i Miljøvernavdelinga

Kopi til: Rauma kommune Vollan 8a 6300 ÅNDALSNES Miljødirektoratet Administrativ faggruppe Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune

Vår ref. 2012/ Særutskrift - Dispensasjon frå reguleringsplan og kommuneplan - 70/3, 5 - Årsnes - Norsafe AS

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved Tenden Miljø as avd. Stryn Kontrollnummer: I.FMSF

Utsleppsløyve etter forureiningslova. Statens vegvesen Region vest. for E16 Vangstunnelen

Rettleiing til søkjar - søknad om utslepp under 50 pe kapittel 12 i ureiningsforskrifta

BERENDSEN TEKSTIL SERVICE AS - UTSLEPPSLØYVE FOR VASKERI I VADHEIM, HØYANGER KOMMUNE

Vår ref. 2012/ Særutskrift - DS - 144/229 - deling av eigedom - Borvika -

Kontroll ved. Sunnfjord Bil AS

JNR.: Sula kommune Prosjektering, bygg og drift. Søknad om utsleppsløyve for bustad-, fritids- og anna bygg eller mindre tettbusetnad.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

Inspeksjonsrapport Inspeksjon ved Rauland avløpsrenseanlegg Kontrollnummer: I.FMVT

RAPPORT MED VEDTAK - ETTER TILSYN MED AKVAKULTUR FISK

Namning av vegar i Fræna Kommune

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Rapport frå inspeksjon ved Tor Henning Paulsen AS

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved Stranda Gjenvinning & Transport AS - Kjølen Kontrollnummer: I.FMMR

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 145/28 - frådeling av tomt - Husnes - Jorunn Marit Røsseland

Fylkesmannen i Oppland SKJÅK KO. Stadfester rapport etter tilsyn - Barneverntjenesten i Lom og Skjåk og 11. juni 2015

VASS- OG AVLØPSAVGIFTER

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Dykkar ref.: Dykkar dato: Vår ref.: Vår saksbehandlar: Vår dato: FM2003/3101/JOEI/542.1 Jon Ivar Eikeland,

Vedtak om samtykke og gebyr Handsaming av søknad om samtykke etter arbeidsmiljøloven 18-9

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kontroll ved. Halsvik Bil & Gjenvinning

Aurland kommune Rådmannen

Rapport frå inspeksjon 25. april Resultat frå inspeksjonen. Jakta Metall AS Lone 5282 Lonevåg. Rapportnummer: I.

Løyve etter ureiningslova til Johny Birkeland Transport AS AS for mellomlagring av farleg avfall i Sløvåg i Gulen kommune

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Rapport frå tilsyn av avløpsanlegga 2. juni Resultat frå tilsynet. FjellVAR AS Lonavegen Straume. Rapportnummer: I.

Løyve til tiltak etter forureiningslova. Kværner Stord AS

Endeleg rapport frå inspeksjon ved Stasjon for farlig avfall, Espehaugen, Bergen kommune

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLØPSGEBYR I LEIKANGER KOMMUNE

Løyve til utdjuping ved undervassprenging og utfylling i sjø på Nikøy for Brødrene Hillersøy AS

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Langlo AS - inspeksjonsrapport I.FMMR

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkiv: M74 Arkivsaksnr.: 12/1269

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Rapport frå inspeksjon ved FLO Vedlikehold, Bergen UVB 6. november 2014 Rapportnummer: I.FMHO

NGIR - løyve til mottak og mellomlagring av impregnert trevyrkje.

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 12/2,7 - fylling i sjø - Dalsjøen - Ølve - Kvinnherad kommune

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Transkript:

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 1/7 Vår saksbehandlar Vår dato Vår referanse Bjarne Nes tlf 57 65 51 49 05.12.2005 2005/1226-5/461.3 A E-post: bn@fmsf.no Dykkar dato Dykkar referanse 07.10.2005 Flora kommune Postboks 13 6901 Florø Florø brannvesen, Flora kommune - Utsleppsløyve for nytt brannøvingsfelt ved Florø lufthamn - Endring i vilkåra Vi viser til brev datert 07.10.2005 der de set fram klage/ønskje om å få omgjort kravet til konsentrasjon av olje i utsleppet. Florø brannvesen fekk den 07.07.2005 utsleppsløyve for eit nytt brannøvingsfelt ved Florø lufthamn. I vilkår 2.2 Utsleppsgrenser er det sett krav til at Konsentrasjonen av olje (upolare oljesambindingar) i avløpsvatnet skal ikkje overstige 20 mg pr. liter (stikkprøve). Konsentrasjonskravet vart sett i samsvar med SFT sin rettleiar for saksbehandling av brannøvingsaktivitetar frå mars 2001. Flora brannvesen ønskjer at kravet blir sett til 50 mg pr. liter. ------ o ------ Den formelle klagefristen etter forvaltingslova har for lengst gått ut. Vi finn likevel grunn for å ta spørsmålet om utsleppskonsentrasjon opp til ny vurdering. Dette ut frå opplysningane i brevet og anna informasjon om at ei utsleppsgrense på 20 mg pr. liter kan vere svært vanskeleg å oppnå i samband med brannøvingsfelt. Vedtak: Med heimel i 18 i ureiningslova endrar Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utsleppsløyve for Flora Brannvesen sitt brannøvingsfelt ved Florø lufthamn. Vilkår 2.2 Utsleppsavgrensingar skal etter dette ha slik ordlyd: Konsentrasjonen av olje (upolare oljesambindingar) i avløpsvatnet skal ikkje overstige 50 mg pr. liter (stikkprøve). Grunngjeving for avgjerda I følgje opplysningar frå søkjar blir brannøvingsaktviteten no lagt opp slik at det blir mindre søl enn ved tidlegare praksis med opne kar med flytande drivstoff. Utsleppet av reinsa avløp frå brannøvingsfeltet er planlagt ført til kommunalt avløpsnett med utslepp til god sjøresipient. Vidare tyder nyare opplysningar på at det i praksis vil vere vanskeleg å oppnå ein så høg utskiljingsgrad som føresett i løyvet. Adresse Njøsavegen 2, 6863 LEIKANGER Telefon 57 65 50 00 Landbruksavdelinga Telefon Org.nr 974 763 907 Telefaks 57 65 50 55 Postadresse 57 65 50 00 Bankkonto 7694 05 01608 E-post post@fmsf.no Postboks 14, 6801 FØRDE Telefaks Internett www.fylkesmannen.no/sfj Besøksadresse Hafstadvegen 48, Førde 57 72 32 50

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/7 Samla sett vil endringa frå 20 til 50 mg pr. liter truleg ikkje medføre merkbare miljøulemper i resipienten, samtidig som den nye grensa kan gjere det mogeleg å drive aktiviteten på brannøvingsfeltet på ein forsvarleg og lovleg måte. Den nye grensa er òg sett i samsvar med framlegg til kapittel 15 i forurensingsforskrifta, om utslepp av oljehaldig avløpsvatn. Om klageretten Partane og andre med klagerett etter forvaltningslova kan klage over avgjerda innan 3 veker etter at avgjerda er motteken. Eventuell klage bør grunngjevast og rettast til Statens forurensningstilsyn (SFT). Klagen skal sendast til Fylkesmannen som kan ta klagen heilt eller delvis til følgje, eller sende den til SFT for endeleg avgjerd../. Løyveskriv med endra vilkår er lagt ved. Med helsing Gøsta Hagenlund Assisterande fylkesmiljøvernsjef Bjarne Nes Senioringeniør Vedlegg Kopi m/vedlegg: Flora kommune, Postboks 13, 6901 Florø Avinor, Florø lufthamn, Postboks 357, 6901 Florø Internt: bn, gha

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 3 av 7 Utsleppsløyve for Flora Brannvesen Brannøvingsfelt ved Florø lufthamn Utsleppsløyvet er gitt av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med heimel i Lov om vern mot forurensninger og om avfall av 13. mars 1981 nr 6, 11, jf 16. Løyvet er gitt på grunnlag av opplysningar i søknaden datert 28.02.2005 og seinare samtalar og synfaring. Vilkår for etablering og drift av øvingsfeltet går fram på sidene 2 5 i dette skrivet. Dersom verksemda ønskjer å gjere endringar i høve dei opplysningane som er gitt i søknaden eller under sakshandsaminga, som for eksempel med omsyn på innsatsstoff og produkt, produksjons- eller reinseutstyr, skal dette vere skriftleg avklart med Fylkesmannen på førehand. Utsleppsløyvet gjeld frå d.d. Dersom heile eller vesentlege delar av løyvet ikkje er teke i bruk innan 2 år etter at løyvet er gitt, skal verksemda sende melding slik at Fylkesmannen kan vurdere eventuelle endringar i løyvet. Data om verksemda: Verksemd: Flora Brannvesen Lokalisering: Florø lufthamn Bransje: Brannøving Kommune: Flora Postadresse: Markegata 51 Fylke: Sogn og Fjordane Poststad: 6900 Florø Referanse: Arkivkode: 05/1226 / 461.3 Løyvet er gitt: 07.07.2005 Endringsnummer: Endra: 05.12.2005 Bjarne Nes Senioringeniør Gøsta Hagenlund Assisterande fylkesmiljøvernsjef

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 4 av 7 1. Omfang av løyve Utsleppsløyvet gjeld for all drift av og aktivitet på brannøvingsfeltet. 2. Utslepp til vatn 2.1 Sikringstiltak Øvingsaktivitet skal skje på ein tett sole/platting som skal utførast slik at olje og oljehaldig vatn kan samlast opp og førast til reinseanlegg /oljeutskiljar. Lagertankar for brennstoff skal vere sikra i samsvar med bestemmelsane i Forskrift om brannfarlig vare. Det skal til ei kvar tid vere nok oljeadsorberande middel og anna oljesaneringsutstyr på øvingsområdet for å avgrense ev. uhell med oljesøl. Det skal utarbeidast detaljerte prosedyrar for bruk og vedlikehald av øvingsplattform. 2.2 Utsleppsavgrensingar Konsentrasjonen av olje (upolare oljesambindingar) i avløpsvatnet skal ikkje overstige 50 mg pr. liter (stikkprøve). Prøvetaking og analyse skal utførast etter Norsk standard så langt dette passar. 2.3 Utsleppsreduserande tiltak, reinseanlegg m.m. Reinseanlegg for utskiljing av olje skal vere installert ved oppstart. Ved dimensjoneringa skal det takast omsyn til regnvatn og kompensasjon av verknaden av ev. dispergerande eigenskapar ved sløkkemidla. Reinseanlegg (oljeutskiljar) skal ha regelmessig tilsyn slik at det til ei kvar tid er effektivt. Oljeutskiljar skal tømast regelmessig, minst ein gong pr. år. Utgåande vassmengder skal registrerast. Oppsamlingstank for utskilt olje skal vere utstyrt med nivåvarslar som gir signal i god tid før tanken er full. Ved tøming skal utskilt olje og slam disponerast på ein slik måte at det ikkje fører til ureining. Utskilt olje skal handterast og leverast som farleg avfall. Det skal liggje føre driftsinstruks for reinseanlegget. Ettersyn, kontroll og tøming av oljeutskiljar skal førast inn i driftsjournalen. 2.4 Utsleppsstad Etter reinsing skal prosessavløp førast til kommunalt avløpsnett med utslepp til sjøresipient. Dette løyvet grip ikkje inn i retten Flora kommune har som anleggseigar til å setje andre vilkår eller krevje gebyr for slik tilknyting. 2.5 Sløkkemiddel Det skal berre nyttast sløkkemiddel som er lite giftige og som gjer minst mogleg skade i omgivnadene. Det skal ikkje nyttast meir kjemiske sløkkemiddel enn det som er nødvendig for effektiv sløkking av brann. Det blir føresett at all lagring og handtering av kjemiske sløkkemiddel skjer i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 5 av 7 3. Utslepp til luft 3.1 Brennstoffbruk og utsleppsgrenser Følgjande typar og mengder brennstoff kan nyttast (liter pr. år): Fuel 13.000 Diesel/bensin 5.000 Reint trevirke Brennstoffet kan erstattast av tilsvarande mengde lettare brennstoff som gjev mindre røykutvikling/reinare utslepp. Ved bruk av kunstig røyk skal det brukast røyktypar som ikkje fører til skade på omgivnadene. Utslepp av støv/partiklar skal ikkje overstige følgjande verdiar for svevestøv ved nærast nabo, eller anna nabo som ev. blir meir utsett: PM 10 = 50 μg/m 3 (middel over 24 timar) 3.2 Bedriftsinterne tiltak, andre rammevilkår m.v. Øvingane skal som hovudregel haldast på vekedagane måndag fredag i tidsrommet 07.00 til 19.00 med unntak av heilagdagar og offentlege høgtidsdagar. Unntaksvis og inntil 5 kveldar om året kan brannvesenet halde øvingar for eige mannskap til kl 21.00. Det skal ikkje haldast øvingar med bruk av brennstoff i friluft på øvingsfeltet dersom vindretning og vindtilhøve er slik at røyken blir ført inn over dei næraste bustadene. Sløkking skal ta til så snart som mogeleg etter at væskeflata er overtent og slik at røykutviklinga vert minst mogeleg. Spreiing av sløkkepulver skal avgrensast mest mogeleg under sløkkinga (for eksempel ved bruk av vassgardin). Verksemda pliktar ved instruksar, opplæring og kontroll å syte for at drift av brannøvingsfeltet til ei kvar tid fører til minst mogeleg ulemper og skadeverknader. Det skal førast driftsjournal over: o Tal øvingar og øvingstype o Bruk av ulike typar brennstoff og sløkkemiddel o Vær- og vindtilhøve o Ev. naboklager 4. Støy 4.1 Maksimalt tillete støynivå Verksemda skal halde seg innafor grenseverdiane som går fram av Retningslinjer for begrensning av støy fra industri (TA-506) ved næraste nabo, eller annan nabo som ev. er meir støyutsett.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 6 av 7 5. Avfall 5.1 Generelt Avfall som oppstår i samband med aktiviteten på øvingsfeltet og som ikkje kan gjenvinnast, skal leverast til godkjent mottak eller innsamlingsordning. Området skal haldast ryddig og det er ikkje tillate å brenne eller deponere avfall utan etter særskilt løyve frå ureiningsstyresmakta. 5.2 Farleg avfall Farleg avfall skal handterast i samsvar med Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 11. Farleg avfall. Ved lagring skal farleg avfall vere merka slik at avfallet lett kan identifiserast. Avfallet skal sikrast slik at det ikkje fører til avrenning til grunnen, overflatevatn eller til avløpsnettet. Lageret skal dessutan vere sikra mot at uvedkomande kjem i kontakt med eller får tilgang til avfallet. 6. Beredskap mot akutt ureining 6.1 Førebygging av akutte utslepp Verksemda pliktar å gjennomføre tiltak for å unngå, ev. avgrense risikoen for akutte utslepp. Tiltaka skal byggje på ein systematisk gjennomgang av aktiviteten ved verksemda. Dette gjeld også lagertankar og røyrsystem for olje og kjemikaliar. 6.2 Beredskapsplikt Verksemda skal ha nødvendig beredskap for å hindre, oppdage eller stanse akutt ureining. Plikta omfattar også å ha utstyr for å fjerne og avgrense verknaden av ureininga. Verksemda sin beredskap skal stå i rimeleg forhold risiko og omfang av den skade og ulempe som kan oppstå. 6.3 Varslingsplikt Akutt ureining eller fare for akutt ureining skal varslast i samsvar med Forskrift om varsling av akutt forurensning eller fare for akutt forurensning. Dette skal vere omtalt i verksemda sin internkontroll. 7. Vidare granskingar og utgreiingar 7.1 Utslepp til luft Dersom Fylkesmannen finn det naudsynt kan verksemda bli pålagt å utføre nærare granskingar av utslepp til luft. Resultata kan gje grunnlag for tiltak. 7.2 Utslepp til vatn Dersom Fylkesmannen finn det naudsynt kan verksemda bli pålagt å gjennomføre økotoksikologiske testar og kjemisk karakterisering av avløpsvatnet. Resultata kan gje grunnlag for tiltak. Fylkesmannen tek atterhald om at det i framtida kan bli sett ytterlegare krav til reinsing av avløpsvatnet. 8. Målingar av utslepp, rapportering til Fylkesmannen Det første driftsåret skal det gjerast minst 4 målingar av avløpsvatnet. Etter det første driftsåret skal det takast ut 2 stikkprøver pr. år. Prøvene skal takast av avløpsvatnet etter reinsing og vere representative for normal drift. Prøvene skal analyserast med omsyn på oljeinnhald. For kvart driftsår skal verksemda rapportere til Fylkesmannen bruk av brennstoff (mengde og type), tal øvingsdøgn og resultat av avløpsprøvene. Rapporten skal sendast innan 1. mars året etter.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Side 7 av 7 9. Utskifting av utstyr Dersom verksemda skal gjere vesentleg utskifting av utstyr som gjer det teknisk mogeleg å motverke ureining på ein vesentleg betre måte enn då løyvet vart gitt, skal den ansvarlege på førehand gje melding til Fylkesmannen, jf. 19 i ureiningslova. 10. Nedlegging Dersom anlegget blir lagt ned eller aktiviteten stansar for ein lengre periode, skal den ansvarlege gjere det som til ei kvar tid er nødvendig for å motveke ureining. Ved nedlegging eller stans skal verksemda syte for at kjemikalierestar og ubrukelege kjemikaliar blir teke hand om på ein forsvarleg måte, jf. òg Avfallsforskrifta sitt kapittel 11 om Farleg avfall. Tiltak som blir sette i verke etter nedlegging eller driftsstans skal rapporterast til Fylkesmannen innan 3 månader. Rapporten skal m.a. innehalde dokumentasjon av disponering av kjemikalierestar/farleg avfall. Dersom verksemda ønskjer å starte opp att på nytt, skal det gjevast melding til Fylkesmannen i god tid før oppstart er planlagt.