SULA KOMMUNE Valstyret INNKALLING MØTE NR. 5/15 Møtedato: 22.06.2015 Møtestad: Rådhuset. møterom 4. etg. Møtetid: Kl. 17:00 Eventuelt forfall skal meldast til servicetorget, tlf 70 19 91 00. Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen. Møtet er ope for publikum. Sula kommune 17.06.15 Geir Ove Vegsund Utvalsleiar
Sakliste Saksnr. Sakstittel Gradering 014/15 Godkjenning av møtebok nr. 4/15 Ikkje offentleg 015/15 Fellesannonsering ved valet 2015
SAKSFRAMLEGG Ikkje offentleg 13 Saksbehandlar: Kirsti Øien Blomvik Arkivsaksnr: 15/673 15/9983 Arkiv: Godkjenning av møtebok nr. 4/15 Utval: Møtedato: Saksnr.: Valstyret 22.06.2015 014/15 Møteprotokollen vert godkjent. Tittel Dok.ID Protokoll - Valstyret - 19.05.2015 241610 1
SULA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL NR. 4/15 VALSTYRET Møtedato: 19.05.2015 Møtetid: Kl. 21:30-22:00 Møtestad: Rådhuset - møterom 4.etg Følgjande medlem møtte Trygve Holm Geir Ove Vegsund Jostein Molvær Liv Kjersti Finholt Parti AP H KRF V Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Lise Furu Jensen FRP Ronny H. Blomvik FRP Møteleiar: Geir Ove Vegsund Frå administrasjonen: Rådmann Leon Aurdal, formannskapssekretær Åge Erstad Remvik Innkalling: Ingen merknad. Sakliste: Ingen merknad. Utlevert i møtet: Ingen dokumenter til sakene. Behandla saker: 11/15-13/15 Orientering: Ingen. Sp.mål/interpell.: Ingen. Diverse: Ingen. Underskrifter: Liv Kjersti Finholt Geir Ove Vegsund Jostein Molvær Åge Erstad Remvik referent
Saksliste Saksnr. Sakstittel Gradering 011/15 Godkjenning av møtebok nr. 3/15 012/15 Kommunestyrevalet 2015 - godkjenning av listeforslag 013/15 Førehandsstemming Side 2
011/15: Godkjenning av møtebok nr. 3/15 Møteprotokollen vert godkjent. Behandling i Valstyret 19.05.2015 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt. VALS- 011/15 Vedtak: Møteprotokollen vert godkjent. 012/15: Kommunestyrevalet 2015 - godkjenning av listeforslag 1. Med heimel i vallova 6-6 godkjenner Sula valstyre følgjande listeforslag til kommunestyrevalet 2015, for valperioden 2015-2019: Arbeidarpartiet Fremskrittspartiet Høgre Kristeleg Folkeparti Senterpartiet Sulalista Venstre Partiet De Kristne Miljøpartiet De Grønne 2. Valstyret godkjenner dei endringar i listeforslaga som er forhandla fram mellom forslagsstillarane og valsekretariatet, slik det er gjort greie for i saksutgreiinga. Valsekretariatet får fullmakt til å rette eventuelle skrivefeil på stemmesetelen. 3. Vallistene vert godkjend slik det går fram av vedlegg i saka. 4. Vedtaket kan påklagast med heimel i vallova 6-8. Klage må vere sett fram innan sju dagar etter at listeoverskriftene for dei godkjende listene er kunngjort. Behandling i Valstyret 19.05.2015 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt. VALS- 012/15 Vedtak: 1. Med heimel i vallova 6-6 godkjenner Sula valstyre følgjande listeforslag til kommunestyrevalet 2015, for valperioden 2015-2019: Side 3
Arbeidarpartiet Fremskrittspartiet Høgre Kristeleg Folkeparti Senterpartiet Sulalista Venstre Partiet De Kristne Miljøpartiet De Grønne 2. Valstyret godkjenner dei endringar i listeforslaga som er forhandla fram mellom forslagsstillarane og valsekretariatet, slik det er gjort greie for i saksutgreiinga. Valsekretariatet får fullmakt til å rette eventuelle skrivefeil på stemmesetelen. 3. Vallistene vert godkjend slik det går fram av vedlegg i saka. 4. Vedtaket kan påklagast med heimel i vallova 6-8. Klage må vere sett fram innan sju dagar etter at listeoverskriftene for dei godkjende listene er kunngjort. 013/15: Førehandsstemming Sula valstyre vedtar at den ordinære førehandsstemminga skal haldast på rådhuset i Langevåg. Opningstida skal vere kl. 08.00 15.30. Siste torsdag og fredag føre valet skal opningstida vare fram til kl. 18.00. Valstyret vedtar vidare at det skal haldast førehandsstemming etter 8-3 pkt. 2a. på Sulatunet og Sloghaugvegen 28 (Kveldsro). Administrasjonen får fullmakt til å fastsette dato og opningstid etter samråd med dei tilsette på desse to stadane. Søknader frå sjuke og uføre om å få stemme heime, må vere innkomne til valstyret seinast onsdag 9. september. Valstyreleiaren får fullmakt til å oppnemne stemmemottakarar for førehandsstemminga. Behandling i Valstyret 19.05.2015 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedtatt. VALS- 013/15 Vedtak: Sula valstyre vedtar at den ordinære førehandsstemminga skal haldast på rådhuset i Langevåg. Opningstida skal vere kl. 08.00 15.30. Side 4
Siste torsdag og fredag føre valet skal opningstida vare fram til kl. 18.00. Valstyret vedtar vidare at det skal haldast førehandsstemming etter 8-3 pkt. 2a. på Sulatunet og Sloghaugvegen 28 (Kveldsro). Administrasjonen får fullmakt til å fastsette dato og opningstid etter samråd med dei tilsette på desse to stadane. Søknader frå sjuke og uføre om å få stemme heime, må vere innkomne til valstyret seinast onsdag 9. september. Valstyreleiaren får fullmakt til å oppnemne stemmemottakarar for førehandsstemminga. Side 5
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Åge Erstad Remvik Arkiv: K1-014 Arkivsaksnr: 14/473 15/10229 Fellesannonsering ved valet 2015 Utval: Møtedato: Saksnr.: Valstyret 22.06.2015 015/15 Sula valstyre vedtar at Sula kommune skal delta i fellesannonseringa i regi av Sunnmøre Regionråd vedkomande valet 2015. I tillegg skal annonse om valting settast inn i Sulaposten. Informasjon skal også leggast ut på kommunen si heimeside. Bakgrunn for saka: Ved dei siste vala har kommunane i Sunnmøre Regionråd fått tilbod om å delta i fellesannonsering. Ei større annonse har betre gjennomslagskraft og blir lettare lagt merke til enn fleire småannonsar. Dersom vi får slikt tilbod også i år rår valsekretariatet til at Sula kommune deltar. Dersom Sunnmøre regionråd ikkje koordinerer fellesannonse som tidlegare, eller tilsvarande initiativ ikkje kjem frå Ålesund kommune, vil kunngjeringsannonser knytt til datoar, opningstider mv. bli sett inn på ordinært vis for Sula sin del (i Sunnmørsposten og Sulaposten). 1