Vanylven kommune OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret Møtedato: 06.02.2006 Tid: 14.30 15.10 (Møte i planutvalet kl. 15.10) 16.00 18.50. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 31.01.06 Desse medlemene møtte: Forfall: Varamedlemer: Varaordførar Tormod Hvattum Lasse Rindal Magne Vik Arset Nils Olav Moen Brita Hoel Drage Ordførar Jan Helgøy Einar Ebbesen For Jan Helgøy møtte Lena Landsverk Sande For Einar Ebbesen møtte Harald Søvdsnes Frå administrasjonen møtte: Rådmann Einar Vik Arset og møtesekretær Kåre Kvangarsnes. Dessutan møtte økonomisjef Hallvard Takset i sak 0021/06. Merknader: Brita Hoel Drage tok opp spørsmål vedk. handlingsplan for Vanylven Vekst. Rådmannen opplyste at det i vedtektene for Vanylven Vekst ikkje står at handlingsplanen skal vedtakast av kommunestyret. Kommunestyret vedtek næringsplanen. Ein må ha ein gjennomgang av vedtektene sak ut på våren 2006. Nils Olav Moen stilte spørsmål om ikkje B-sak 023/06 kunne vere opa. Formannskapet kom tilbake til spørsmålet under handsaming av saka. Rådmannen orienterte om: - KS strategikonferense i Molde 19-20 januar - Regionrådsmøte 03. februar - Adm. organisering og leiarutviklingsprosess. Formannskapet vert invitert til opningsmøte i leiarutvkling 16.02.06. - Kommuneplanarbeid samling 09.02.06. Formannskapet er invitert. - Stormøte 06.03.06 evt. 03.04.06. Postadresse: Besøksadresse: Rådhuset Telefon: 70 02 37 00 6143 Fiskåbygd FISKÅBYGD Telefaks: 70023737
Skriv og meldingar: Skriv av 16.12.05 frå Møre og Romsdal fylke vedk. forslag på kandidatar til fylkesprisen for årets bedrift 2005. Brev av 12.12.05 frå Vanylven kommune til NAF Motorsport Vanylven søknad om midlar til gokart. Særutskrift frå vedtak i Nordal kommunestyre 19.12.05: Økonomisk støtte til jordskjelvofra i Pakistan. Brev av 02.01.06 frå AS Vinmonopolet: Vedk. forslag om minipol til Vanylven klage på avslag på søknaden. B-sak Busetjing/tiltak: Nils Olav Moen orienterte om møte som nemnda har hatt med vidaregåande skule. ---------------------------------------- Punktet eventuelt vart teke opp før ein handsama B-sakene. Lasse Rindal fekk innvilga permisjon og forlet møtet under punktet eventuelt (før spm. vedk. møte med Vegsjefen) Han deltok då ikkje under handsaming av sakene 0021/06 0023/06. Saker som vart handsama: 0014/06-0024/06. Sak 0024/06 vart teken opp på møtet. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Stad, dato Side 2 av 10
SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 0014/06 00/02194 INTERKOMMUNALT INNKJØPSSAMARBEID 0015/06 05/00557 BREIBAND I VANYLVEN - AVTALAR OM KOMMERSIELL BRUK AV KOMMUNAL FIBER 0016/06 05/00611 KONTROLLUTVALET: VEDTAKSKONTROLL PÅ F-SAK 154/05 FISKÅ SENTRUM - UTSMYKKING/OPPRUSTING 0017/06 01/01104 OPPFYLGJING ETTER FELLESMØTE FORMANNSKAPETOG FELLESRÅDET - VAL AV PERSONAR TIL FELLES NEMND KYRKJELEGE EIGEDOMAR AVKLARING 0018/06 04/00387 OPEN SPØRJETIME - REGLEMENT 0019/06 01/01462 SANDE BÅTUTLEIGE AS SØKNAD OM TILSKOT TIL PENDLARRUTE 2006 0020/06 04/00813 TILSKOT TIL LAG OG ORGANISASJONAR 2005-2. HALVÅR FORMANNSKAPSPOSTEN 0021/06 05/00476 Ikkje offentleg 6.2 NÆRINGSSAK 0022/06 06/00101 Ikkje offentleg 5A SØKNAD OM STARTLÅN 2006 0023/06 04/01002 ARBEIDSRETTSDOM : SPØRSMÅL OM ANKE AV TINGRETTSDOM MED DISSENS. KJARTAN OTNEIM VANYLVEN KOMMUNE 0024/06 06/00179 SØRE SUNNMØRE LIKNINGSKONTOR - OPNINGSTID VED ETATSKONTORET I VANYLVEN Side 3 av 10
0014/06 INTERKOMMUNALT INNKJØPSSAMARBEID Samrøystes vedtak som framlegget. Formannskapet viser til det utvida samarbeidet vi har sett i regionen på Søre Sunnmøre i den seinare tida. Rådmannen blir bedt om å vurdere om innkjøpssamarbeidet med Ålesund kommune er hensiktsmessige for Vanylven samt vurdere innmelding i Søre Sunnmøre Innkjøpsforum. 0015/06 BREIBAND I VANYLVEN - AVTALAR OM KOMMERSIELL BRUK AV KOMMUNAL FIBER Samrøystes vedtak som framlegget. Formannskapet godkjenner følgjande tre avtalar: 1: Avtale med Tussa Telit om leige av kommunal fiber 2: Avtale med Tafjord Mimer om kjøp av fast internettaksess til kommunen 3: Avtale med Tafjord Mimer om bruksrett på kommunal fiber 0016/06 KONTROLLUTVALET: VEDTAKSKONTROLL PÅ F-SAK 154/05 FISKÅ SENTRUM - UTSMYKKING/OPPRUSTING Spørsmål om nokon var ugilde vart teke opp. Alle vart kjende gilde. Side 4 av 10
Framlegg frå Tormod Hvattum: Saka vert utsett. Nemnd på 2 personar frå formannskapet: Brita Hoel Drage og Tormod Hvattum svarar på spørsmåla frå kontrollutvalet. Svara vert lagde fram i neste formannskapsmøte. Framlegget frå Tormod Hvattum vart vedteke med 4 røyster mot 3 røyster. Saka vert utsett. Nemnd på 2 personar frå formannskapet: Brita Hoel Drage og Tormod Hvattum svarar på spørsmåla frå kontrollutvalet. Svara vert lagde fram i neste formannskapsmøte. 0017/06 OPPFYLGJING ETTER FELLESMØTE FORMANNSKAPETOG FELLESRÅDET - VAL AV PERSONAR TIL FELLES NEMND KYRKJELEGE EIGEDOMAR AVKLARING Nils Olav Moen foreslo Magne Vik Arset frå formannskapet. Brita Hoel Drage foreslo Magne Løvoll frå driftsutvalet. Begge vart samrøystes valde. Til nemnd som skal sjå på vedlikehaldsbehov, praktisk avklaring av ansvarsområde for kommunalt areal som grensar til/vert nytta av kyrkje, og heimelsoverføringar for kyrkjelege eigedomar frå kommunen til kyrkja vert desse valde: Magne Vik Arset frå formannskapet og Magne Løvoll frå driftsutvalet. Side 5 av 10
0018/06 OPEN SPØRJETIME - REGLEMENT Framlegg frå Tormod Hvattum: Punkt c i 9 - open spørjetime i reglement for kommunestyret: Spørsmåla skal vere forelagt ordføraren skriftleg seinast 1 time før møtet. Spørsmålet vert lese opp av spørsmålsstillaren eller ein på vegne av spørsmålstillaren. Ordføraren avgjer om han sjølv eller rådmannen svarar. Framlegg frå Magne Vik Arset: Punkt c i 9 - open spørjetime i reglement for kommunestyret: Spørsmåla skal vere forelagt ordføraren skriftleg seinast 1 dag før møtet. Spørsmålet vert lese opp av spørsmålsstillaren eller ein på vegne av spørsmålstillaren. Ordføraren avgjer om han sjølv eller rådmannen svarar. Votering: Punkt a), b), d) og e) i reglement for open spørjetime vart samrøystes tilrådd. Punkt c): Framlegget frå Tormod Hvattum fekk 4 røyster. Framlegget frå Magne Vik Arset fekk 3 røyster. Formannskapet tilrår: REGLEMENT FOR KOMMUNESTYRET: 9 OPEN SPØRJETIME a. Det vert halde inntil 30 minuttar med offentleg spørjetime rett før kommunestyret si ordinære saksbehandling startar. b. Alle innbyggarar i kommunen kan stille spørsmål. c. Spørsmåla skal vere forelagt ordføraren skriftleg seinast 1 time før møtet. Spørsmålet vert lese opp av spørsmålsstillaren eller ein på vegne av spørsmålstillaren. Ordføraren avgjer om han sjølv eller rådmannen svarar. d. Spørsmåla må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse for kommunen sine innbyggarar. Personlege saker, og saker som etter lov skal behandlast for stengde dører, kan ikkje takast opp. e. Dersom det ikkje ligg føre spørsmål ved møtestart, går spørjetimen ut. Side 6 av 10
0019/06 SANDE BÅTUTLEIGE AS SØKNAD OM TILSKOT TIL PENDLARRUTE 2006 Nytt skriv av 26.01.06 frå Sande Båtutleige AS vart utdelt. Framlegg frå Nils Olav Moen: Formannskapet ser positivt på søknaden og sender saka over til Vanylven Vekst med positiv innstilling til støtte til hurtigbåt, med kopling til hurtigbåt til Ålesund. Framlegget frå Nils Olav Moen vart samrøystes vedteke. Formannskapet ser positivt på søknaden og sender saka over til Vanylven Vekst med positiv innstilling til støtte til hurtigbåt, med kopling til hurtigbåt til Ålesund. 0020/06 TILSKOT TIL LAG OG ORGANISASJONAR 2005-2. HALVÅR FORMANNSKAPSPOSTEN Framlegg frå Tormd Hvattum: Det blir utifrå økonomiske grunnar, og fordi ingen av søkjarane har lokal tilknytning, ikkje gitt støtte til nokon av søkjarane. Framlegget frå Tormod Hvattum vart samrøystes vedteke. Det blir utifrå økonomiske grunnar, og fordi ingen av søkjarane har lokal tilknytning, ikkje gitt støtte til nokon av søkarane. Side 7 av 10
0021/06 Ikkje offentleg 6.2 NÆRINGSSAK Punkt 1 i tilrådinga frå adm. pluss framlegget frå Tormod Hvattum (pkt. 2 og 3) vart vedteke med 5 røyster mot 2 røyster. 0022/06 Ikkje offentleg 5A SØKNAD OM STARTLÅN 2006 - Alternativ II vart samrøystes vedteke. 0023/06 ARBEIDSRETTSDOM : SPØRSMÅL OM ANKE AV TINGRETTSDOM MED DISSENS. KJARTAN OTNEIM VANYLVEN KOMMUNE Med 5 røyster mot 1 røyst vart det vedteke at saka skulle handsamast i lukka møte. Dom i Sunnmøre Tingrett forkynt for Vanylven kommune 1.2.06 skal ikkje ankast. Formannskapet ber administrasjonen legge fram ei sak på kva som skal skje med tilsettingsforholdet til Kjartan Otneim, og finansieringa i saka Side 8 av 10
0024/06 SØRE SUNNMØRE LIKNINGSKONTOR - OPNINGSTID VED ETATSKONTORET I VANYLVEN Saka vart teken opp på møtet. Repr. Lena Landsverk Sande fekk fullmakt til å utforme uttale/skriv som formannskapet seinare i møtet slutta seg til. Vi viser til brev motteke den 14. desember 2005, vedrørande opningstid ved etatskontoret i Vanylven. Formannskapet i Vanylven ser på Dykkar forslag som ei forringing av dei offentlege tenestene for innbyggjarane våre. Vi ynskjer å vere serviceinnstilte overfor våre innbyggarar, og kan ikkje sjå at ei slik omlegging vil gjere oss betre på dette området. Søre Sunnmøre Likningskontor viser til betre utbygde elektroniske tenester. Sett i lys av dette burde det vere mogleg for Dykkar tilsette å ha sitt kontor her i Vanylven, og samtidig vere knytt til dykkar kontor i Volda. Vi ber Dykk difor om å gjere om planane dykkar om å redusere opningstida i Vanylven. Eventuelt: Tormod Hvattum tok opp sak vedk. erstatning etter flaumskadar. Varaordførar og adm. tek kontakt med kommunane Ørsta og Nordal får fullmakt til å sende skriv til sentrale styremakter. Nils Olav Moen tok opp følgjande: - Hamneavgift ferjer. Nytte pengane i sambandet Årvik Koparens. Rådmannen ser nærare på saka. - Kvifor ikkje redusert arbeidsgievaravgift for Vanylven fråflyttingskommune. Rådmannen opplyste at avgifta er regionbasert. Vil sjå nærare på problemstillinga. - Prosedyrar i kommunale utval vedk. handsaming av framlegg til vedtak frå medlemar av utvalet. - Møte med Vegsjefen kva tid, førebuingsmøte, kva saker skal ein ta opp? Tormod Hvattum opplyste at det vert eit kommunestyremøte der samferdsel er einaste tema. Vegsjefen vert invitert. Formannskapet vil drøfte saker til dette k.styremøtet. - B-sak Side 9 av 10
Lena Landsverk Sande tok opp følgjande: - Breiband til alle alle har ikkje tilgang. Rådmannen opplyste at alle telefonsentralar er utbygde. - Stengd kafe på Combisenteret. Tormod Hvattum opplyste at det pågår ombygging etter pålegg frå Mattilsynet. Gjenopning med det første. Magne Vik Arset tok opp sak vedk. vegen om Maurstadeidet ikkje utbetring av heile vegen. Han får fullmakt til å utforme eit skriv der kommunen støttar Vågsøy kommune i saka. Rett utskrift 07.02.06 Kåre Kvangarsnes Side 10 av 10