Møteinnkalling Formannskapet Møtetid: Møtestad: 31.10.2011 kl Korrespondanse pr e-post Medlemer som ikkje kan møta, må melda frå til Kundetorget tlf 5349 6645 eller e-post: post@stord.kommune.no Varamedlemer møter berre etter nærare avtale. Stord, 01.11.2011 Liv Kari Eskeland ordførar Marit Annie Åkra møtesekretær
SAKER TIL HANDSAMING PS 45/11 Politiske saker Utgreiing av føretaksgrenser i indre Hardanger - utkast til mandat og prosjektorganisering. Uttale frå Stord formannskap. side
Politiske saker
Politiske saker
Arkivref: 2011/223-15138/2011 Saksh.: Lars Helge Sørheim Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato 45/11 Formannskapet 31.10.2011 UTGREIING AV FØRETAKSGRENSER I INDRE HARDANGER - UTKAST TIL MANDAT OG PROSJEKTORGANISERING. UTTALE FRÅ STORD FORMANNSKAP. Framlegg til vedtak: Stord formannskap viser til saksutgreiinga og ber om at også Stord sjukehus vert omfatta av utgreiinga av føretaksgrenser.
Rådmannen, 25.10.2011 Vedlegg Brev frå Helse Vest dat. 27.9.2011, om utgreiing av føretaksgrenser i indre Hardanger m/vedlegg. Bakgrunn / faktiske opplysningar I føretaksmøtet 28. april 2011 vart det lagt til grunn at den forsterka fødestova i Odda skal gjerast om til ordinær jordmorstyrt fødestove i tråd med Helsedirektoratet si tilråding. Det vart samstundes uttala at det i samband med omlegginga skal gjerast ein gjennomgang av kva for nye funksjonar som skal leggjast til sjukehuset og ei vurdering av om Odda sjukehus bør verta overført til Helse Bergen HF. Til utgreiing av spørsmålet om kva helseføretaksområde Odda sjukehus for framtida skal tilhøyra, vil Helse Vest etablera eit prosjekt. Prosjektet vil vera eigd av Helse Vest og organisert med ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe. Det er utarbeidd eit forslag til mandat og prosjektorganisering som vil verta lagt fram for styret i Helse Vest RHF for endeleg godkjenning, jf. vedlegg. Helse Fonna inviterer i brev av 27.9.2011, vedlagd Utgreiing av føretaksgrenser i Indre Hardanger, Forslag til mandat og prosjektorganisering, kommunane i Helse Fonna sitt opptaksområde i tillegg til Helse Fonna HF og Helse Bergen HF, til å koma med innspel og kommentarar innan 31. oktober 2011. Høyringa vert gjennomført m.a. etter oppmoding frå Stord kommune. Vurdering Rådmannen har i utgangspunktet ikkje sterke synspunkt på Stord sjukehus si føretakstilknyting. Men når dette no skal drøftast for indre Hardanger og det samstundes er kjent at det er sterke meiningar kring dette lokalt her på Stord, meinar rådmannen det er naturleg at utgreiinga vert utvida til også å omfatta Stord sjukehusområde. Utgreiinga bør gjelda både psykiatriske og somatiske tenester. Konklusjon Rådmannen meiner at Helse Vest bør utvida prosjektet til også å omfatta Stord sjukehus. I mandatet må kulepunkt 4-6 omfatta alle sjukehusa i føretaksområdet. Kulepunkt 7 og 9 må gjelda alle kommunane i føretaksområdet. I høve prosjektorganiseringa vil Stord kommune tilrå at styringsgruppa vert utvida med 1 representant frå Stord sjukehusområde eller at denne vert ein av dei 3 representantane frå kommunane i prosjektgruppa vert ein av dei 4 representantane frå kommunane frå Stord sjukehusområde Elles bør det presiserast at vernetenesta og dei tillitsvalde skal representera heile opptaksområdet for Helse Fonna. Framlegg til vedtak Stord formannskap viser til saksutgreiinga og ber om at også Stord sjukehus vert omfatta av utgreiinga av føretaksgrenser. 2 av 2
STORD KOMMUNL Adressatar i følgje adresseliste 2 9 SEPT201 L.nr._ Vår ref.: Deres ref.: Saksbehandler: Dato: 2010/330-3988/2011 Ivar Eriksen, 51 96 38 14 27.09.2011 Utgreiing av føretaksgrensar i indre Hardanger I føretaksmøtet 28. april 2011 blei det lagt til grunn at den forsterka fødestova i Odda skal bli gjort om til ordinær jordmorstyrt fødestove i tråd med Helsedirektoratet si tilråding. Det blei samstundes uttala at det i samband med omlegginga skal gjerast ei gjennomgang av kva for nye funksjonar som skal leggjast til sjukehuset og ei vurdering av om Odda sjukehus bør bli overført til Helse Bergen HF. Til utgreiing av spørsmålet om kva helseforetaksområdet Odda sjukehus for framtida skal tilhøyre har Helse Vest til hensikt å etablere eit prosjekt. Prosjektet vil vere eigd av Helse Vest og organisert med ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe. Det er utarbeidd eit forslag til mandat og prosjektorganisering som vil bli lagt fram for styret i Helse Vest RHF for endeleg godkjenning, jf. vedlegg. Som vi tidlegare har orientert om vil vi som ledd i saksførebuinga leggje opp til ei hoyringsrunde der alle kommunane i Helse Fonna sitt opptaksområde samt Helse Fonna HF og Helse Bergen HF blir inviterte til å kome med innspel og kommentarar. Vi ber om at tilbakemeldingar på utkastet er oss i hende per e- post innan 31. oktober 2011. Tilbakemeldingar kan sendast til )ostmottak(c)helse-vest.no med kopi til ivar. eriksen(a-)h else-v es t.no. Med helsing Ivar Eriksen Eigardirektør 1 vedlegg
Adresseliste: Tysvær kommune Fitjar kommune Haugesund kommune Ullensvang kommune Stord kommune Vindafjord kommune Odda kommune Sveio kommune Suldal kommune Bomlo kommune Sauda kommune Karmøy kommune Bokn kommune Etne kommune Jondal kommune Kvinnherad kommune Eidfjord kommune Tysnes kommune Utsira kommune Helse Fonna HF Helse Bergen HF Side 2
H E LS E VEST Utgreiing av foretaksgrensar i indre Hardanger Forslag til mandat og prosjektorganisering (UTKAST 23. september 2011) Bakgrunn Føretaksmøtet i Helse Vest RHF 28. april 2011 la til grunn at den forsterka fødestova i Odda blir gjort om til ordinær jordmorstyrt fødestove i tråd med Helsedirektoratet si tilråding. Helse- og omsorgsdepartementet bestemte samstundes at det i samband med slik omlegging skal gjerast ei gjennomgang av kva for nye funksj onar som skal leggjast til sjukehuset og ei vurdering av om Odda sjukehus bør bli overført til Helse Bergen HF. Saka er også omtala i føretaksmøtet i Helse Fonna HF 31. mai 2011. Odda sjukehus er i dag ein del av Helse Fonna HF. Opptaksområdet for sjukehuset er kommunane Eidfjord, Ullensvang, Odda og Jondal (ca. 12.500 innbyggjarar). Mandat Prosjektet skal vurdere ei endring av føretakstilknyting for Odda sjukehus og eventuelle konsekvensar for ei slik endring. Prosjektet skal ha som mål å bidra til å sikre gode helsetenester, effektiv samhandling med kommunane og rett ressursbruk i spesialisthelsetenesta. I val av løysingar skal nasjonale og regionale føringar samt samhandlingsreforma leggjast til grunn og vere tufta på befolkninga sine behov for spesialisthelsetenester. Prosjektet skal særleg fokusere på å avklare behov/årsak til ønskje om å endre føretakstilknyting for Odda sjukehus vurdere ulike konsekvensar ved ei endring for både Helse Bergen HF og Helse Fonna HF. Det må i vurderinga takast omsyn til: o heilskapelege pasientforløp o endringar i behovet for spesialisthelsetenester frametter o berekraftige fagmiljø o reisetid o samhandling med kommunane ( sarnhandlingsreforma) belyse verknad av endra kommunikasjonar med særleg vekt på ny Hardangerbro, tunnel opp Skjærvet (Granvin Voss), samt utbetringar elles av vegen frå Voss til broa (E13) med kortare reisetid frå Odda til Voss med 30 50 min. belyse eventuell ulikskap i moglegheitsrommet for Helse Bergen versus Helse Fonna i overføring av oppgåver til Odda sjukehus. belyse konsekvensen for Haugesund sjukehus kva gjeld framtidige funksjonar når opptaksområdet blir innskrenka. belyse konsekvensen av overflytting av Odda sjukehus til Helse Bergen for framtida for Stord sjukehus, og dermed også Haugesund sjukehus. Mandat Odda sjukehus - 230911 Side 1 av 3
HELSE VEST peike på og vurdere alternativ til overflytting av Odda sjukehus som til dømes avtalebaserte fleksible føretaksgrenser for aktuelle kommunar. endring i kommunikasjonar og kommunikasjonsmønster i indre Hardanger utvikling i demografi og busettingsmønster. Prosj ektet skal ha ein varigheit fram til ddmmåååå Prosjektorganisering Prosj ektet skal vere organisert med prosjekteigar, styringsgruppe og prosjektgruppe. Prosjekteigar er Helse Vest RHF. Prosjekteigar har ansvar for godkjenning av prosjektdirektiv og omfang behandling og godkjenning av endringar i prosjektets omfang godkj enne bruk av midlane etter tilråding frå styringsgruppa Styringsgruppe Det blir oppretta ei styringsgruppe for prosjektet leia av Helse Vest RHF med følgjande deltaking: 1 representant frå Helse Vest RHF 2 representantar frå Helse Fonna HF 1 representant frå Helse Bergen HF 3 representantar frå kommunane 1 representant frå vernetenesta 1 representant frå dei tillitsvalde 1 brukarrepresentant Prosjektgruppe Det blir oppretta ei prosjektgruppe leia av Helse Fonna HF med følgjande deltaking: 1 representant frå Helse Vest RHF 2 representantar frå Helse Fonna HF 2 representantar frå Helse Bergen HF 4 representantar frå kommunane 1 representant frå vernetenesta 2 representantar frå dei tillitsvalde 1 brukarrepresentant Arbeidsgrupper/delprosjektgrupper i prosjekt For deler av arbeidet under prosj ektet vil det kunne vere aktuelt å opprette eigne arbeidsgrupper for å løyse konkrete arbeidsoppgåver med eigne leveransar til prosjektgruppa undervegs i prosjektarbeidet. Arbeidsgruppene blir oppnemnde av prosjektgruppa og rapporterar til denne. Mandat Odda sjukehus - 230911 Side 2 av 3
HELSE i VEST Ved bruk av arbeidsgrupper/delprosjektgrupper er det føresett ein likeverdig deltaking frå helseføretaket og kommunane og at tillitsvalde, vernetenesta og brukarar frå både helseføretaket og kommunane er representert. Referansegrupper Referansegrupper kan opprettast når prosjektet treng spesiell kompetanse for å utvikle og / eller kvalitetssikre prosj ektet eller ved behov for særskilt forankring. Dette kan vere ein god måte å sikre brei deltaking og gode innspel i prosessen Sekretariat/ekstern bistand Til styringsgruppa skal det etablerast eit sekretariat som består av ein person utpeikt av Helse Vest RHF. Styringsgruppa tar stilling til eventuelt behov for ekstern bistand. Mandat Odda sjukehus - 230911 Side 3 av 3