Det har vore mykje tvil og ulike beskjedar kring spørsmål om når barn bør vere heime frå barnehagen.



Like dokumenter
SJUKE BARN I BARNEHAGEN

Kan jeg gå i barnehagen i dag?

Kan jeg gå i barnehagen i dag?

BJERKREIM KOMMUNE HELSESTASJONSTJENESTEN utarbeidet av Eigersund kommune. Helseinformasjon til foreldre med barn i barnehage

Informasjon til foresatte med barn i barnehage.

KAN JEG GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

Kan jeg gå i barnehagen i dag?

Informasjon til foresatte med barn i barnehage.

INFORMASJONSBROSJYRE FOR FORELDRE OG BARNEHAGEPERSONELL OM BARNS SYKDOM OG HELSE

KAN BARNET MITT GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

KAN BARNET MITT GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

Kan eg gå i barnehagen i dag?

KAN BARNET MITT GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

KAN BARNET MITT GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

Helseråd for barnehagebarn

KAN JEG GÅ I BARNEHAGEN I DAG? Et lite hefte om barnesykdommer og hvilke forhåndsregler man bør ta

Kan jeg gå i barnehagen i dag?

GODE RÅD OM SYKDOM OG HELSE HOS BARN

Kan barnet mitt gå i barnehagen i dag? Råd om sykdommer hos barn helseinformasjon.

RÅD OM SYKDOM HOS BARN

Syke barn i barnehagen. Råd om sykdommer hos barn Barnehagen

Barn og sykdommer. Informasjonsbrosjyre til foreldre og barnehagepersonalet

KAN EG GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

VANLIGE SYKDOMMER HOS BARN

Lag riktige setningar

INFORMASJON FOR FORELDRE OG SKOLEPERSONELL OM BARNS SYKDOM OG HELSE

Folkehelsekontoret GODE RÅD OM SYKDOM OG HELSE HOS BARN I BARNEHAGE OG SKOLE

INFORMASJONSBROSJYRE FOR FORELDRE OG BARNEHAGEPERSONELL OM BARNS SYKDOM OG HELSE

EIGERSUND KOMMUNE HELSESTASJONSTJENESTEN. Helseinformasjon til foreldre med barn i barnehage

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

EIGERSUND KOMMUNE SKOLEHELSETJENESTEN. Helseinformasjon til foreldre med barn i skolen

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Kan barnet mitt gå i barnehagen i dag?

Helseråd for barnehagebarn

BØ KOMMUNE Helsestasjon og skolehelsetjenesten

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

RETNINGSLINJER FOR SYKE BARN I BARNEHAGE

FLEKKEFJORD KOMMUNE HELSESTASJONSTJENESTEN. Helseinformasjon til foreldre med barn i barnehage

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kom skal vi klippe sauen

Plan for Liabygda SFO

EIGERSUND KOMMUNE SKOLEHELSETJENESTEN. Helseinformasjon til foreldre med barn i skolen

mmm...med SMAK på timeplanen

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Fakta om hiv og aids. Nynorsk

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

BÆRUM KOMMUNE GODE RÅD OM SYKDOM OG HELSE HOS BARN Revidert ved Folkehelsekontoret i Bærum kommune juni 2010

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Til deg som bur i fosterheim år

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

GODE RÅD OM SYKDOM OG HELSE HOS BARN

Barnehager og smittevern Informasjonsbrosjyre til alle foreldre/foresatte og ansatte i barnehager.

Sandeid skule SFO Årsplan

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

De vanligste barnesykdommene

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Saksbehandling kva er no det?

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

KAN BARNET MITT GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

KVINNEKLINIKKEN TIL deg som skal TIL operasjon av skjede/livmor

KAN JEG GÅ I BARNEHAGEN I DAG?

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Kva er økologisk matproduksjon?

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Brødsbrytelsen - Nattverden

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

nynorsk fakta om hepatitt A, B og C

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Transkript:

Seljord kommune Helsestasjon - og skulehelsetenesta Helsesenter: 350 65 250 Helsestasjonen: 350 65 256 INNLEIING Det har vore mykje tvil og ulike beskjedar kring spørsmål om når barn bør vere heime frå barnehagen. Denne brosjyre har helsesøster og helsestasjonslegen omarbeidd frå ei brosjyre laga i Trondheim. Vi meiner at ein kan bruke denne som ei rettesnor for både barnehagetilsette og foreldre i slike situasjonar. HÅPAR DETTE KAN VERE TIL HJELP!! Seljord helsestasjon, august 2011 Gunhild Kåsa Dehli Leiande helsesøster

INFORMASJON TIL FORELDRE MED BARN I BARNEHAGE. Du kjem sikkert mange gonger til å stille deg sjølv spørsmålet: Er barnet mitt friskt nok til å vere i barnehagen saman med andre barn? Tanken med denne brosjyra er å gje informasjon som gjer det lettare for foreldre å svare på spørsmålet. Det er viktig å gå ut frå barnet sitt behov. Det er ikkje foreldra eller personalet sitt behov som skal avgjere om eit barn skal vere heime eller ikkje. I ei gruppe med barn er det ofte mykje uro, og mange barn ønskjer merksemd frå personalet. Ditt barn kan vere i ei barnegruppe når det er så opplagt at det orkar å delta i dei vanlege aktivitetane. Generelt kan ein seie at det er allmenntilstanden til barnet, d.v.s. korleis det søv, et og klarar å vere med i leiken, som avgjer om det skal vere heime eller ikkje. Mange gongar kan eit barn vere i aktivitet heime, men orkar likevel ikkje å vere med i leiken i barnehagen. Som mor eller far er du ekspert på ditt barn og kan vurdere dette rett på heimeplan. Personalet som dagleg ser barnet i ei gruppe har til oppgåve å vurdere om barnet klarar å vere med i gruppesamveret eller ikkje. Det er viktig at du rådfører deg med personalet når du kjenner deg usikker. Etter langvarig sjukdom kan det vere rett å la barnet vere med i barnegruppa kortare tid dei fyrste dagane. Om du er i tvil om kva som feilar barnet og om det treng behandling kan du ta kontakt med lege eller helsesøster for å få råd og hjelp til å vurdere barnet. Du har rett på 10 dagar permisjon med løn når barn under 12 år er sjukt. Dette gjeld både for mor og far, slik at det til saman utgjer 20 dagar i året. Om du er aleine med omsorga for barnet har du rett på 20 dagar. Foreldre med fleire enn 2 barn under 12 år har rett på 15 dagar kvar. Har barnet ein alvorleg sjukdom kan dette tilbodet utvidas. Kontakt lege eller NAV for nærare opplysningar om dette. Ein treng legeattest etter 3 dagar. Mange infeksjonssjukdomar smittar mest like før og like etter at sjukdomen har brote ut. Ofte har barnet difor alt smitta sine leike- kameratar når det blir klart at eit barn er sjukt. Ein treng difor ofte ikkje halde eit barn heime av omsyn til smittefaren. - 2 -

BAKTERIEINFEKSJONAR. Bakterieinfeksjonar kan føre til at barnet sin allmenntilstand blir meir påverka enn ved virusinfeksjonar. Barnet kan trenge behandling med antibiotika. I desse tilfella er det best at barnet er heime nokre dagar, dels p.g.a. den reduserte allmenntilstanden og dels avdi to dagar antibiotikabehandling vanlegvis gjer barnet smittefritt. TREDAGARSFEBER (4. BARNESJUKDOM): Er mest vanleg det fyrste leveåret. Det er også då dei aller fleste barn får den - om dei i det heile får den. Sjukdomen artar seg slik: Barnet blir plutseleg sjukt med høg feber - rundt 40 grader - men har få andre symptom. Barna er oftast temmeleg kvikke trass i feberen, og dei vil gjerne vere oppe som vanleg. Etter 3-4 døgn forsvinn feberen like raskt som den dukka opp, og samstundes kan ein sjå eit svakt raudt utslett på kroppen. Etter omlag eit døgn er utslettet borte. Trass i feberen er tredagarsfeber ein mild sjukdom, og ein ser sjeldan komplikasjonar. Det er ein virusinfeksjon, og barnet treng inga særskild behandling - bortsett frå at det kan vere klokt å senke feberen. VANNKOPPAR. Virusinfeksjon med små væskefylte blemmer(koppar). Desse kjem i ulike stadier, ferske blemmer opptrer på same tid som dei inntørka. Barn med utprega kløe risikerar å få ein bakteriell infeksjon der det klør seg. «Kvitvask» (apoteket) kan lindre kløen. Når utslettet har byrja å tørke inn, kan barnet vende attende til barnehagen. VORTER. Det er virus som er årsak til vorter. Dei forsvinn oftast av seg sjølv, men det kan ta opptil 2 år. Behandling kan vere nødvendig om vortene sitt på utsette stader og/eller blør. Nei. SKARLAGENSFEBER. Skarlagensfeber skuldast streptokokkbakteriar. Symptoma er vondt i halsen, «bringebærtunge», finprikka utslett og feber. Antibiotikabehandling. Ja, minst 1-2 dagar etter at antibiotikabehandlinga er starta. Barnet kan vende attende når allmenntilstanden tillet det. - 3 -

SMÅMARK. er smal, kvit, ca. 1cm lang og liknar ein bomullstråd. Det vanlegaste symptomet er nattekløe rundt endetarmsopninga. Behandlinga er ormemiddel som ein får utan resept på apotek. Når barnet får behandling er det ingen grunn til å halde det heime frå barnehagen. SOPPINFEKSJONAR. Hos heilt små barn er det ikkje uvanleg med soppinfeksjonar i huden, t.d. i bleieområdet. Om ein har husdyr, t.d. marsvin, kan barn også få ein soppinfeksjon kala «ringorm». Hudforandringane er typisk med ringforma utslett. Behandlinga er soppdrepande salve, oftast langvarig. Nei. VIRUSINFEKSJONAR. Virus er orsak til dei fleste infeksjonar hos barn. Virusinfeksjonar smittar som regel mest før og like etter at symptoma har oppstått. Ut frå smittefaren aleine er det liten grunn til å halde barnet heime. Virusinfeksjonar kan ein ikkje behandle, men ein kan lindre symptoma. Det som gjer at barnet skal vere heime eller ikkje er: * Allmenntilstanden til barnet? * Har barnet feber? * Søv barnet dårleg? * Er appetitten merkbart redusert? * Er barnet generelt slapt? - 4 -

NOKRE RÅD OM VANLEGE SYMPTOM. FEBER. Feber skuldast ein infeksjon med virus eller bakteriar. Temperaturen bør ein måle i endetarmen, feber reknar ein ved temperatur på 38 grader eller meir. Nokre barn har litt høgare temperatur enn dette, noko som kan vere normalt for dei. Eit barn med feber bør vere lett kledd, opphalde seg i eit ikkje for varmt rom, å få rikeleg med drikke. Barn med feber skal vere heime. Oftast bør barnet ditt få ein feberfri dag heime før det vender attende til barnehagen. HOSTE. Ein del barn får lett hoste i samband med vanleg forkjøling. Om barnet ikkje verkar sjukt, kan det gå i barnehagen som vanleg. Hoste kan for mange bli verre ved fysisk aktivitet, og ein bør difor halde seg orientert om korleis barnet greier dagen i barnehagen. Ved langvarig hoste bør ein lege vurdere barnet med tanke på eventuell allergisk årsak. Eit barn med hoste, men utan feber og med god allmenntilstand kan vere i barnehagen. VONDT I HALSEN. Når ein har vondt i halsen skuldast det ein infeksjon i svelget. Små barn kan ikkje alltid fortelja at dei har vondt i halsen. Teikn på halsinfeksjon kan vere at barnet ikkje vil drikke, ete eller har feber. Iblant kan barnet få brekningar og magesmerter. Om barnet har vondt i halsen og i tillegg feber meir enn eit par dagar, kan det vere ein bakteriell infeksjon med streptokokkar. Du bør då oppsøkje lege med barnet ditt. Streptokokkar kan iblant gje plagsame epidemiar blant barn, gje difor melding til personalet i barnehagen dersom ditt barn har ein slik infeksjon. HEIME. Etter 1-2 dagar med antibiotika kan barnet gå i barnehagen att om det orkar å delta i gruppesamveret med dei andre barna. - 5 -

MOLLUSKAR 1 5 mm. store blanke opphovningar i huda som etter nokre veker får ei inndraging på midten. Molluskar skuldast virus og barnet smittar seg sjølv når det klør. Molluskane smittar sjeldan til andre personar og forsvinn oftast utan behandling, men av og til kan det vere nødvendig å skrape dei bort. Nei. «FARANG» Symptoma er diare og/eller brekningar. Barnet kan tape mykje væske, og det er difor svært viktig å passe på at det drikk mykje. Lege eller helsesøster kan gje råd om diett. I det akutte stadiet skal barnet vere heime. Når allmenntilstanden tilseier det, kan barnet vende attende til barnehagen. Barnet skal då kunne innta fast føde og vere opplagt. Avføringa treng ikkje vere fast fordi det kan ta opptil fleire veker før avføringa igjen er normal. SKABB Skabbmidden grev seg ned i huda og gir etter nokre veker intens kløe og noko utslett. Diagnosen kan vere vanskeleg, og bør helst vere stilt gjennom påvisning av skabbmidd. Barnet skal vere heime inntil behandlinga er gjennomført. MESLINGAR - KUSMA - RAUDE HUNDAR. Dei fleste barn over 15. mnd. er vaksinera mot desse virusinfeksjonane. Difor er det ikkje vanleg i dag at barn får nokon av desse barnesjukdomane. Mange gonger er det vanskeleg å stille diagnosen sjølv, og foreldra bør difor kontakte lege om dei mistenker at barnet skulle ha ein av desse sjukdomane. Ja, barnet skal vere heime i sjukeperioden. Barnet kan starte i barnehagen så snart allmenntilstanden tillet det. - 6 -

HAND - FOT - OG MUNN- SJUKDOM. Dette er ein virussjukdom som gir lett feber, vondt i halsen og blemmer/utslett i munnen, på randa av handflatene og fotsolane. Barnet kan gå i barnehagen ved god allmenntilstand, uavhengig av utslett. NOKRE RÅD OM VANLEGE SJUKDOMAR. BRENNKOPPAR Dette vert også kalla impetigo og er ein bakteriell infeksjon med sår oftast rundt nase og munn. Behandlinga er å vaske bort skorpa med t.d. Pyrisept, eventuelt dekke til med eit plaster og bruke ei bakteriedrepande salve. Barn bør vere heime om infeksjonen er utbreidd og vert behandla med antibiotika. Etter 1-2 dagar med behandling kan barnet vere i barnehagen att. Ved lokalbehandling av små område som kan tildekkast, kan barnet gå i barnehage. FORKJØLING / SNØRR. Snørr er i byrjinga klart og kan gå over til tjukt, grønt snørr etter ei tid. Ved kortvarig snørr utan påverka allmenntilstand er det ingen grunn til å halde barnet borte frå barnehagen. Det kan vere nødvendig å få barnet legeundersøkt ved langvarig blankt snørr fordi dette kan vere eit symptom på allergi. Barn med snørr utan feber eller redusera allmenntilstand treng ikkje isolerast frå gruppa. - 7 -

HODELUS. Lusa er 2-3 mm stor og vert spreidd gjennom direkte kontakt. Lus/luseegg vert behandla med eit spesielt middel som ein kjøper på apoteket utan resept. Når t.d. eit barn har fått lus bør også resten av familien få undersøkt hovudbotnen med tanke på lus, men berre den som har lus skal ha behandling. Sengeklede og klede som er i kontakt med håret må vaskas på 60 grader eller leggast i djupfrysaren i nokre timar. Kammar og børstar må også reingjerast. Meir detaljert informasjon om lus og lusebehandling finn du i eit eige skriv som du kan få i barnehagen. Barnet må vere heime inntil førstegongsbehandling er gjennomført. Personalet må varslast. NB!! Det kan vere plagsamt å ha hovudlus, men det er inga skam, alle kan få det. KIKHOSTE. Det er i Noreg vanleg å vaksinere spedbarn mot kikhoste ved 3,5 og 12 månads alder og i 2 klasse. Større barn som får kikhoste, får oftast lettare symptom om dei er vaksinerte. Kikhoste smittar mest i byrjinga før det typiske symptomet «kiking» kjem, men det kan vere ei viss smittefare under heile sjukdomsperioden. Det er difor viktig å gje personalet melding dersom barnet får diagnostisert kikhoste. Allmenntilstanden til barnet avgjer om det skal vere heime. Dårleg søvn og hoste/kikingar med brekningar kan gjere at barnet ikkje orkar å vere i barnehagen. Med omsyn til smitterisiko, kan barnet gå i barnehagen 5 dagar etter igangsett antibiotikabehandling. Vaksinen mistar effekten etter nokre år, og det har difor år om anna, vore periodar der mange vaksne har fått kikhoste. I slike periodar kan også enkelte barn få infeksjonen. - 8 -

AUGEINFEKSJON Augeinfeksjon kjem oftast i samband med forkjølingar. Dei går vanlegvis over av seg sjølv på same vis som forkjølingar. Ein gjer reint i og omkring auga ved å tørke og ev. skylle med fysiologisk saltvatn. Behandling med antibiotika (augedråpar eller salve) kan vere naudsynt om augeinfeksjonen blir langvarig eller er kombinert med andre symptom. Barn som har redusert allmenntilstand eller der det kjem mykje verk frå auga skal vere heime. Barn som får augedråpar/salve, bør vere heime 1-2 dagar etter at behandlinga tek til. ØYREVERK Øyreverk er oftast eit resultat av trykkauke i mellomøyret under vanleg forkjøling. Behandlinga er då vanlege nasedråpar/-spray. Kraftig øyreverk, ev. med feber, og øyreverk som varar meir enn nokre få dagar, bør legen vurdere. Dette m.a. for å vurdere antibiotikabehandling i tillegg. Om allmenntilstanden er upåverka, kan barnet vende attende til barnehagen sjølv om antibiotikabehandling nyleg er starta opp. BARN OG KULDE. Kvar vinter melder spørsmålet seg: Skal barnet vere ute når det er kaldt, og kva for ei temperaturgrense skal ein halde seg til? Det fins ikkje noko enkelt svar på dette. Den temperaturen som ein kjenner, vil vere avhengig av både vindstyrke og fukt så vel som sjølve lufttemperaturen. Ved sterk vind bør kan hende barna vere inne sjølv om temperaturen ikkje er så låg. Det som barn har på seg, er også avgjerande for om dei kan vere ute eller ikkje. Fylgjande retningsliner er rimelege: Det vert sett ei grense på minus 10-15 grader for uteleik, men her må ein ta omsyn til eventuell vind. Kor lenge barna skal vere ute, må ein vurdere i kvart einskild tilfelle. Nokre barn får tørr hud om vinteren (p.g.a. låge temperaturar, låg luftfuktigheit) - spesielt om det blæs. Det vert anbefala å ikkje vaske barna om morgonen i ansiktet. Dette for å behalde det naturlege feittlaget i huda. - 9 -