Regelverket gjeld også folkevalde og vert brukt ved opplæringa av nye folkevalde.



Like dokumenter
1. Fylkestinget godkjenner denne verksemdsideen for fylkeskommunen: 2. Fylkestinget vedtek at det overordna verdisettet for fylkeskommunen er:

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

Aurland kommune Rådmannen

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Den nye seksjon for applikasjonar

Innhald. 1. Visjon og verdiar 2. Forord ved dagleg leiar 3. Etiske retningslinjer: slik vil vi ha det hjå oss 4. Openheit og varsling

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Rutine for varsling av kritikkverdige forhold i Seljord kommune.


HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Etiske retningslinjer Jølster kommune

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kvalitetsplan mot mobbing

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Internrevisjon i Helse Vest av bierverv STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Arbeidsreglement Sund kommune

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Strategiplan for Apoteka Vest HF

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Etisk reglement for tilsette og folkevalde i Radøy kommune

Luster kommune. Rådmannen sitt framlegg. Handsama:

Folkevalde har mange rollar. Du skal målbera veljarane sine ønskje Du skal leia utviklinga av bygda Du skal leia den største verksemda i bygda

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

ETISKE RETNINGSLINER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I FRÆNA KOMMUNE

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Vurdering av allianse og alternativ

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

«Nordhordland kommune»

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

RETNINGSLINJE FOR HANDTERING AV KONFLIKT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Samarbeidsavtalefor NAV fkmli

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

Etikkreglement for Gaular kommune

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Sandeid skule SFO Årsplan

Prosjektplan - Samarbeid om etisk kompetanseheving

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

ETISKE RETNINGSLINJER FOR FOLKEVALDE OG TILSETTE I HJELMELAND KOMMUNE (KSAK 039/17)

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Lokalavisa og politikken

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Forslag frå fylkesrådmannen

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Forsand kommune Personalkontoret

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

Forstudie Næringshage i Vinje

Transkript:

1 S A K S F Ø R E L E G G REVISJON AV VERDIGRUNNLAGET Bakgrunn Dei samla etiske styringsverktøya i fylkeskommunen består i dag av (1) etiske prinsipp og (2) etiske retningsliner (fastsett av fylkestinget i 1993), (3) verdigrunnlaget (fastsett av fylkesrådmannen i 2001), (4) regelverk for leiarar i fylkeskommunen (avleia av verdigrunnlaget) og (5) reglar for varsling. Styringsverktøya er distribuert til alle tilsette og nytta overfor alle nye tilsette. Dei seinare åra har regelverket vore teke inn i dei årlege budsjetta. Du finn også eit oversyn på portalen under fana «Styringssystem». Regelverket gjeld også folkevalde og vert brukt ved opplæringa av nye folkevalde. På leiarsamlinga i Florø i fjor haust tok fylkesrådmannen til orde for at vi kanskje bør revidere og forenkle det etiske styringssystemet. Dei samla etiske styringssverktøya inneheld svært mange ulike punkt, og det litt vanskeleg å skilje mellom alle «oppramsingane». Nokre punkt glir litt over i kvarandre, nokre ting kan vere utegløymd utan at dette er lett å oppdaga. Ve rdi gr un nla Retingsliner g for kvar verdi I innleiinga i Florø gjorde Konkrete døme for kvar retningsline/verdi Eit slikt to til tre-nivå hierarki må også gjelde for leiarane. I tillegg må vi kunne stille nokre ekstra krav til desse. fylkesrådmannen eit poeng av at vi i arbeidet med verdigrunnlaget bør kunne tenke oss eit hierarki slik:

2 Fylkesrådmannen sin presentasjon og ei kortfatta oppsummering av den påfølgjande grupperefleksjonen følgjer vedlagt. Verdi grunn lag Retingsliner for kvar verdi og konkrete døme for kvar retningsline/verdi Fylkesrådmannen legg no fram eit drøftingsutkast til revisjon av verdigrunnlaget som inneheld øvste delen av verdipyramiden; overordna verdiar og nærare forklaringar til desse. Vidare er det freista å gje døme og retningsliner for kvar verdi; altså har vi slege saman dei to nedste områda i trekanten: Utgangspunkt for eit verdigrunnlag Eksisterande verdigrunnlag I sak til Fylkestinget i 1993 om etiske retningsliner for folkevalde og tilsette i Sogn og Fjordane heiter det i føremålsparagrafen: «Føremål Føremålet med retningslinene (etiske retningsliner) er å skape betre medvit om haldningar og etikk og dermed å styrke innbyggarane sin tillit til administrasjon og politikk i fylkeskommunen.» Eg meiner at dette også er eit godt utgangspunkt for revisjonsarbeidet. Kommunelova Også kommunelova sine føremålsparagrafar er eit sentralt grunnlag for verdigrunnlaget. «1 Lovens formål. Formålet med denne lov er å legge forholdene til rette for et funksjonsdyktig kommunalt og fylkeskommunalt folkestyre, og for en rasjonell og effektiv forvaltning av de kommunale og fylkeskommunale fellesinteresser innenfor rammen av det nasjonale fellesskap og med sikte på en bærekraftig utvikling. Loven skal også legge til rette for en tillitskapende forvaltning som bygger på en høy etisk standard..

3 4 Informasjon om kommunens og fylkeskommunens virksomhet. Kommuner og fylkeskommuner skal drive aktiv informasjon om sin virksomhet. Forholdene skal legges best mulig til rette for offentlig innsyn i den kommunale og fylkeskommunale forvaltning» Desse to paragrafane var nye då vi fekk ny kommunelov i 1993. Verdisett i endring Profilen på verdisettet i offentleg forvaltning har endra seg mykje på 20 år. Fokus i vårt eige eksisterande har i stor grad vore prega av eit internt fokus med særleg vekt på medarbeidarar og organisasjon. I høve eit meir moderne heilskapleg verdisett er det minder fokus på verdiar som openheit, service, korrupsjonsutfordringar og intern kontroll. Eit eksempel på ein nyare tilnærming til verdi- og idégrunnlag i offentlege organisasjonar finn vi m.a. hjå Domstolane i Norge(sjå figur til venstre) Ved utarbeiding av eit revidert verdigrunnlag for fylkeskommunen, kan dette vere ei openberr kjelde til inspirasjon Ei anna slik kjelde kan vere KS sin etikkportal. Sentrale stikkord frå denne portalen er habilitet, etikk og tenestekvalitet, antikorrupsjon, varsling, eigenkontroll, openheit og tillit. Verdiar basis og verkemåte Ei verksemd kan ikkje styrast berre med mål og reglar. Eit idégrunnlag og ein visjon dekker eit immaterielt styringsbehov og skapar større fleksibilitet i leiing og styring. Idégrunnlaget er summen av verksemdsideen (grunnlaget for at vi er til) og verdigrunnlaget. Til hjelp i arbeidet med å utvikle eit revidert verdigrunnlag tek vi utgangspunkt i ein slikt tenkt( av di vi ikkje tidlegare har utarbeidd det) verksemdsidé for fylkeskommunen: Demokratisk forankra og vernar om demokratiet Leverer gode tenester og bidreg til utvikling av fylket Har høg tillit i samfunnet Eit verdigrunnlag verkar ikkje i eit vakuum. Fylkeskommunen sitt verdigrunnlag handlar om tilhøvet til: Samfunnet

4 Organisasjonen Veljarane Tilsette Brukarane Miljøet Verdigrunnlaget utgangspunktet for visjon, mål og resultatstyring God informasjon om eigne resultat er ein føresetnad for at organisasjonar skal kunne tilpasse seg samfunnsendringar og prestere i forhold til måla for verksemda. Krava frå politiske styresmakter, samarbeidspartar og brukarar er store. Samstundes er ressursane våre avgrensa. Klare prioriteringar og god styring er nødvendig for å oppnå god kvalitet på tenestene og utnytte ressursane effektivt. Mål- og resultatstyring inneber at overordna politisk fastsette mål for verksemda vert konkretiserte på ein slik måte at resultata kan målast, vurderast og følgjast opp gjennom nødvendige utviklings og forbetringstiltak. Verdigrunnlaget vårt bør vere plattforma som organisasjonen sine visjonar og mål spring ut frå. Det er difor viktig at vi i utforminga av verdigrunnlaget har med oss tankar om korleis dette konkret skal vere med på å prege utforminga av heilt konkrete målsettingar som vert lagde inn i målekartet for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Verdigrunnlaget for Sogn og Fjordane fylkeskommune Dei grunnleggjande verdiane våre er innsikt, integritet, respekt og openheit Verdigrunnlaget er eit uttrykk for det vi arbeider for å oppnå og ønskjer å halde fast på. Det gjeld for både folkevalde og tilsette i fylkeskommunen. Alle har eit sjølvstendig ansvar for sine eigne handlingar, og alle skal ta avstand frå og aktivt motarbeide all uetisk praksis. Verdigrunnlaget er eit felles sett av verdiar som skal hjelpe oss å utvikle og nå måla, visjonane og strategiane til fylkeskommunen. Verdiane er basis for alle handlingane våre, så vel internt som andsynes omverda. Verdigrunnlaget gjeld difor forholdet til samfunnet og veljarane, fylkeskommunen som organisasjon, tilsette, brukarar og miljøet. Samfunnet og veljarane Fylkeskommunen skal utvikle og forpakte verdiar i vidaste meining og til beste for samfunnets. Det skal vi gjere utan å gjere skade på menneske, miljø, materielle verdiar eller samfunnet elles. Vi skal forvalte midlane og ressursane i fylkeskommunen så rasjonelt, berekraftig og økonomisk som mogleg. Både tilsette og folkevalde pliktar å følgje lover, forskrifter og reglement som gjeld for fylkeskommunen. Det betyr at alle lojalt skal følgje både politiske og administrative vedtak. Som folkevalde og tilsette kan vi kome i situasjonar som gir oss sjansen til å misbruke posisjon, tillit og makt. Personar utanfor fylkeskommunen kan også fremje særinteresser og utøve press som kan vere vanskeleg å handtere, og som kan setje den integriteten til den enkelte på prøve.

5 Vi må vere medvitne om risikoen for korrupsjon og arbeide med å førebygge og hindre at korrumperande åtferd utviklar seg. Kontroll og oppfølging er viktig for å førebygge og avdekke utilbørlege handlingar eller korrupsjon. Kontroll skjer mellom anna gjennom openheit og innsyn i den fylkeskommunale verksemda. Det sikrar også rettstryggleiken til den enkelte og sikrar god etisk standard. Gjennom å vise omverda at vi tek risikoen for korrupsjon på alvor, signaliserer vi at vi vil sikre høg etisk standard. Vi markerer at det ikkje løner seg å misbruke posisjon og tillit for å tilgodesjå seg sjølv aller andre eller å setje fram tilbod om det. Fylkeskommunen Fylkeskommunen er eit arbeidsfellesskap der både folkevalde og tilsette må yte sitt for å realisere visjonane, måla og verdiane til organisasjonen. Saman skal vi skape ein organisasjon som vi kan vere stolte av, og som er respektert av andre. Effektiv ressursbruk er naudsynt for at fylkeskommunen skal oppfylle mål og plikter overfor samfunnet og brukarar. Når vi utøver mynde som forvaltarar er det viktig at vi er lojale mot skrivne og uskrivne lover om god forvaltingsskikk. Vi skal handsame saker grundig utan unødig tidsbruk, samstundes som vi respekterer ålmenne krav på innsyn i sakshandsaminga. Vi skal utnytte ressursane effektivt utan å misbruke fylkeskommunale verdiar, og vi skal opptre profesjonelt i alle forretningstilhøve. Det er viktig å utøve myndigheit på ein trygg måte. Slik skaper vi eit levande lokaldemokrati og ei tillitsskapande forvaltning. Folkevalde og tilsette Fylkeskommunen skal medverke til at tilsette og folkevalde utviklar seg fagleg og menneskeleg. Slik kan dei utvikle potensialet sitt til beste for både seg sjølve og fylkeskommunen. Forholdet mellom folkevalde og tilsette og innbyrdes dei imellom bør vere prega av tillit, ansvar, engasjement, entusiasme, integritet, ærlegdom, rettferd og lojalitet. Kvar og ein har plikt til å stå for og praktisere dei etiske verdiane til fylkeskommunen. Tenestemenn og folkevalde er inhabile dersom dei har tilknyting til ei sak eller til partar i saka som kan skape tvil om dei vil handsame saka på en objektiv og upartisk måte. Føremålet med inhabilitetsreglane er å sikre korrekte avgjerder, oppretthalde tilliten til dei som avgjer, og trygge avgjerdstakarane mot at det kan reisast tvil om truverdet deira. Objektivitet er avgjerande for at ålmenta skal ha tillit til at det skjer ei forsvarlig saksbehandling.. Både tilsette og folkevalde skal varsle om kritikkverdige forhold i fylkeskommunen. Det er både lovleg og ynskt og gjeld også når varslinga kjem i konflikt med, eller kan skade interessene til fylkeskommunen. Hemn eller straff for forsvarleg varsling er forbode. Det er viktig for å sikre trygge rammer for varslaren. Vernet gjeld alle former for irettesettande tiltak som til dømes trakassering, ugrunna omplassering, dårlegare lønsutvikling, fråtak av arbeidsoppgåver, oppseiing og avskil.

6 Brukarar og publikum Brukarane er ofte avhengige av tenestene frå fylkeskommunen. Det kan gjere dei sårbare og gir oss stor makt. Ein fylkeskommune med høg etisk standard, har folkevalde og tilsette som reflekterer over etiske spørsmål og jamleg har etikk på dagsorden I møtet med brukarane skal du vise respekt for den enkelte, ta vare på velferden og tryggleiken deira og ta omsyn til teieplikta. Vi skal levere det brukaren treng til rett tid og til rett kvalitet. Vi skal legge vekt på nærleik, menneskeleg behandling, kvalitet, kompetanse og effektivitet. Tillit og truverde står sentralt i forhold til brukarane våre. Miljøet Vi har ansvar for å forvalte ressursane vi har, på ein god måte, spesielt dei ikkje-fornybare ressursane. Vi vil ei berekraftig samfunnsutvikling, som sikrar livskvaliteten og livsgrunnlaget både i dag og for komande generasjonar. Aktivitetane i lokalsamfunna skal skje innan bereevna til naturen både lokalt og globalt, og vi ønskjer difor å redusere ressursforbruket og miljøbelastninga. Vi skal ta omsyn til verknadane handlingane våre kan ha for det globale miljøet. Vi skal unngå ureining og bør arbeide for å minske øydeleggingane dersom ulukker skjer. Døme på retningsliner for kvar verdi. Nedanfor er det gjort eit forsøk på å vise døme for kva verdigrunnlaget konkret betyr for kvar verdi. Innsikt; vi skal aktivt skaffe oss innsikt i noko For å kunne vere ein god tenesteytar eller ein viktig samarbeidspart i utviklingsarbeidet er det viktig med innsikt i samfunnstilhøva og -utviklinga i fylket. Det krev særeigen innsikt i det å arbeide eller vere ombodsmann i ein politisk styrd organisasjon For at fylkeskommunen skal oppfylle mål og plikter overfor samfunnet og brukarar, krev det innsikt i arbeidet(-prosessane) for å sikre effektiv ressursbruk. Ein fylkeskommune med høg etisk standard, har folkevalde og tilsette som set seg inn i og reflekterer over etiske spørsmål og jamleg har etikk på dagsorden Integritet; vi har vilje til og evne til å halde på viktige prinsipp og vere og vere sjølvstendige Både tilsette og folkevalde skal varsle om kritikkverdige tilhøve i fylkeskommunen. Varsling er også ønskjeleg sjølv om den kjem i konflikt med eller kan skade interessene til fylkeskommunen. Som folkevalde og tilsette kan vi kome i situasjonar som gir oss sjansen til å misbruke posisjon, tillit og makt. Personar utanfor fylkeskommunen kan fremje særinteresser og utøve press som kan vere vanskeleg å handtere, og som kan setje integriteten til den enkelte på prøve. Vi må vere medvitne om risikoen for korrupsjon og arbeide med å førebygge og hindre at korrumperande åtferd utviklar seg. Vi skal markere at det ikkje løner seg å misbruke posisjon og tillit for å tilgodesjå seg sjølv aller andre eller å setje fram tilbod om det.

7 Objektivitet er avgjerande for at ålmenta skal ha tillit til at det skjer ei forsvarlig saksbehandling. Respekt; vi har respekt for noko(n), viser respekt og tek omsyn Fylkeskommunen skal utvikle og forpakte verdiar i vidaste meining og til beste for samfunnet Alle skal vere lojale mot både politiske og administrative vedtak. Tilhøvet mellom folkevalde og tilsette og innbyrdes dei imellom bør vere prega av tillit, ansvar, engasjement, entusiasme, integritet, ærlegdom, rettferd og lojalitet. I møtet med brukarane skal vi vise respekt for den enkelte, ta vare på velferda og tryggleiken deira, og ta omsyn til teieplikta. Vi ønskjer ei berekraftig samfunnsutvikling, som sikrar livskvaliteten og livsgrunnlaget både i dag og for komande generasjonar. Openheit; fylkeskommunen er demokratisk forankra og vi vernar om demokratiet Kontroll skjer mellom anna gjennom openheit og innsyn i den fylkeskommunale verksemda. Det sikrar også rettstryggleiken til den enkelte og sikrar god etisk standard. Det er viktig å utøve myndigheit på ein trygg måte. Slik skaper vi eit levande lokaldemokrati og ei tillitsskapande forvaltning. Fylkeskommunen skal drive aktiv informasjon om si verksemd. Vi skal legge tilhøva til rette for eit funksjonsdyktig fylkeskommunalt folkestyre, for offentlig innsyn i fylkeskommunen si forvaltning og for ei rasjonell og effektiv forvaltning. Forankring av eit nytt verdigrunnlag/etisk styringssystem Saka skal til fylkestinget og at regelverket skal gjelde for folkevalde og for tilsette. Eit suksesskriterium for etikkarbeid er forankring hjå leiinga og dialog med alle grupper internt er heilt naudsynt. Fylkesrådmannen si leiargruppe drøfta framlegget både til verksemdside, verdigrunnlag og døme på retningsliner for kvar verdi i møte 16.juni 2014 og vidare i utvida leiargruppe i sentraladministrasjonen 19.august 2014. Vidare er revidert verdigrunnlag forankra og utarbeidd i dialog med alle administrative grupper : Rektormøta, klinikksjefmøte, avdelingane i sentraladministrasjonen, partssamansette utval. Framlegg til nytt verdigrunnlag har fortløpande vore oppdatert etter denne møterunden.