TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?



Like dokumenter
SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

G A M A L E N G K U L T U R

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i september 1959 TURKEINNRETNINGAR FOR KORN OG MALT

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

«Ny Giv» med gjetarhund

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Norsk etnologisk gransking November Emne nr. 124 MARKNADEN

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brødsbrytelsen - Nattverden

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Nr. 37. Høgtidsmat ved dei gamle årsfestane

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

Jon Fosse. For seint. Libretto

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Setring ved Håbakkselet Hareid

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Brannsår, rus eller friheit?

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

mmm...med SMAK på timeplanen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Notat om historie og kulturlandskap

Til deg som bur i fosterheim år

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Kva er økologisk matproduksjon?

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

10/60-14/N-211//AMS

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Eidegrend klyngjetun

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Plan for overgangar. for barn og unge

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Brukarrettleiing E-post lesar

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Samansette tekster og Sjanger og stil

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Kom skal vi klippe sauen

Saksbehandling kva er no det?

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Stemnehandboka for NKSF

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Transkript:

Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen? Er det kjent at dei var uviljuge til å vera dei første som tok til, og kva var i tilfelle grunnen til det? 2. Var det vanleg at dei tidlig på hausten (før haustflaumen) treskte noko av kornet slik at dei fekk nok mjøl til haustbaksten, og så venta med resten til dei var ferdige med baking, slakting og anna haustarbeid? 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette? 4. Er det forteljingar om at dei t. d. i naudår berre skar aksa av på åkeren, og korleis treskte dei då? (Til dømes ved å ha aksa oppi eit kjerald og rota rundt i det med ein spade, ei klubbe, ein kjepp e. likn.). 5. Var det nokon viss dag eller viss tid på året då dei helst skulle vera ferdig med treskinga, t. d. til jul, til Lofot- eller sildefisket byrja, eller slik at kornet var maleferdig når vårflaumen tok til o. l. Er det kjent at dei sette eit eller anna, t. d. gamalostholken, pålag midt i kornstaden når dei ladde, og så hadde det til mål at dei skulle ha treskt den fri t. d. til jul? 6. Er det kjent at grannane gjorde fantestykke med den som utan serleg grunn ikkje var ferdig med treskinga i rett tid? Kva gjorde dei i tilfelle, og kva kalla ein det? 7. Den som ikkje hadde treskt opp til rett tid, fekk seg sume stader ei låvekjerring som vart laga til og sett på låven ein stad. Det kunne òg vera ein løkatt eller ein løkall 1

som var laga av halm. Kjenner De dette eller noko liknande? (Kfr. Sp. 55) 8. Fekk treskjaren låvaskål eller anna gåve om han hadde vorte ferdig med treskinga i rett tid? Når fekk han den i tilfelle? 9. Når på dagen tok dei til med treskinga? 10. Hadde dei noko namn på dette tidspunktet (treskjeotta)? 11. Treskte dei heile dagen eller berre om morgonen og evt. kvelden? 12. Dersom dei treskte heile dagen, kor mange økter hadde dei då, kor lange var kvar av desse øktene og kva heitte dei? 13. Når på dagen slutta dei dersom dei treskte berre om morgonen? 14. Når på dagen tok dei til og når slutta dei dersom dei treskte om kvelden og ikkje om dagen? 15. Kva slag ljosgreie hadde dei når dei treskte medan det var mørkt; om kvelden og ikkje om dagen? 16. Dersom dei nytta tyristikke, korleis var den då fest? Mange stader, kan hende serleg på Austlandet, hadde dei ein peis som dei la tyristikka i. Er dette kjent frå Dykkar bygd? Korleis var i tilfelle denne peisen laga og kvar stod den? Var det ulikt med dette på store og mindre gardar? 17. Var det mannfolka eller kvinnfolka som treskte? 18. Kva kalla ein dei som treskte (treskjar, låvemann, -kar, barningskar)? Brukte dei same nemninga om ei kvinne som treskte? 19. Dersom det var kvinnfolka som treskte, kven var det då av dei som gjorde det, husmora, døtrene, tausa, husmannskona (-er) eller andre? 20. Dersom det var mannfolka som treskte, kven var det då som gjorde det, husbonden, sønene på garden, drengen (-ene), husmannen (-menn) eller leigekarar? Var det i så måte skilnad på større og mindre gardar? 2

21. Dersom husmannen eller andre frå husmannsstova treskte, var dette då pliktarbeid som var skriftfest i husmannskontrakta eller var det arbeid som var gjort for betaling? 22. Var det i tilfelle betaling i samsvar med husmannsdagløna, eller var det serleg lønssystem for dette arbeidet og korleis var då det? 23. Treskte husmennene på eigen kost eller på husbondens? Dersom dei treskte på eigen kost, var det då visse dagar han likevel skulle ha anten kosten eller eit (fleire) måltid mat? Kva for (eit) mål var det i tilfelle, og kva dagar galdt det (dei dagane då dei reinska og kasta kornet)? 24. Var det lage ved tresking, og kor stort var i tilfelle det? Kven var det som treskte på lage? 25. Hadde dei noko mål på kor mykje ein dugande treskjar skule treskja på ein dag? 26. Var det vanleg at dei i veggen eller ein annan stad skar merke for kor mange tunner dei hadde treskt for året? Skar dei skorer for kvar tunne, eller skar dei inn det samla talet? 27. Dersom det var leigefolk som treskte, var det då bygdefolk og i tilfelle kva slag folk, eller 28. var det folk frå andre bygder? Kva bygder kom dei i tilfelle frå? 29. Kan De seia så nokolunde kor mange som kom kvart år? 30. Var det dei same som kom kvart år, eller skifte det? Kva slag folk var det som kom frå andre bygder? 31. Kom dei etter avtale eller på vona? 32. Dersom dei ikkje kom etter avtale, gjekk dei då kring i bygdene og spurde etter arbeid, eller var det visse tider og stader der begge partar møttest, og når og kvar var i tilfelle dette? 33. Tok dei anna arbeid dersom dei ikkje fekk tresking? 3

34. Var det vanleg at folk frå Dykkar bygd drog til andre bygder på tresking? Kva bygder drog dei til, kva slag folk var det som drog, når kom dei att og kva slag løn fekk dei? 35. Vart leigetreskinga gjort på dagløn eller på akkord? 36. Kor stor var i tilfelle dagløna? Vi vil gjerne at lønsoppgåver skal vera tidfeste, på ti-året eller så. 37. Dersom leigetreskinga vart gjort på akkord, rekna dei då løna ut etter kor mange band dei hadde treskja (trevar, stabbe e.a.), eller kor mange tunner korn dei hadde treskja? 38. Rekna dei akkordløna i pengar eller in natura? 39. Dersom det har vore eit skifte i så måte, når gjekk då det for seg? 40. Kor store var i tilfelle akkordsatsane i pengar? Jfr. sp. 36. 41. Dersom løna var in natura, kva varer fekk då treskjaren (halm, korn e.a.)? Kor mykje fekk han? Kjenner De til at treskjaren i løn skulle ha det kornet som kom oppi treskorne hans medan han treskte? 42. Fekk treskjaren kosten eller heldt han den sjølv? Kjenner De til at treskjaren skulle få eit måltid mat på låven ved 15-tida? Kva slag mat var det (eit par kaker med rjome på) og kva kalla dei det målet (nonsbisk, kvesse)? 43. Kor mykje skulle treskjaren gjera for løna (treskja, reinska og bera på bua)? 44. Var desse treskjarane med i kveldseta, og var det noko visst arbeid dei skulle gjera då? II 45. Var det visse seremoniar den dagen dei tok til med treskinga og korleis var i tilfelle desse? Det er kjent at dei sume stader gjekk over låven med eld og stål. 46. Skulle dei helst treskja på veksande måne? Flo sjø? I kaldver? 4

47. Er skikken med låvevisa ( flyglevisa, tustavisa ) kjent i Dykkar bygd? Korleis var i tilfelle skikken; vart alle som kom inn på låven, spurt om dei ville høyre visa, var det berre visse personar (og i tilfelle kven), budeie om ho hadde trødd ned dråsen, eller personar som kom til ei viss tid, t. d. medan dei heldt på med siste laget i loa (staden)? Korleis gjekk det for seg når vedkomande fekk høyra låvevisa (dei la tusten kring nakken hans og klemde til så han skreik)? Kjenner De til om dei spurde borna om dei ville låna hønsa til Vår Herre (eller eit anna ordlag) og så gjorde som ovanfor om dei svara ja? (Jfr. eller sp. 7) 48. Sume stader hadde dei ein liknande skikk som dei kalla å ta i tusta ; det var serleg gjentene dette gjekk ut over. Treskjaren gjekk ut på tunet (ofte når han var ferdig med treskinga) og fanga ei av gjentene med tusten, drog henne inn på låven og klemte henne kring livet eller over hoftene med tusten til ho gåve tustaløn (ein kyss) eller lova å gjera det. Kjenner De denne skikken? (Jfr. sp. 52) 49. Er det kjent at dei slo ein kross i dråsen med handvolen eller skar (teikna med kritt e.a.) ein kross på veggen over den, og når gjorde dei det (når dei slutta treskinga for dagen)? Vart dette gjort med kornet og, og i tilfelle når? Sa dei noko medan dei gjorde dette? 50. Er det kjent at dei gøymde eit eple, ein ost eller anna i dråsen? Var det siste dråsen dei gjorde dette med? Var det treskjarane som skulle ha epla eller oste (finna dei)? 51. Mange stader var det skikk at treskjaren eller treskjarane skulle ha ein serleg rett eller eit serleg måltid mat når dei var komne ned til det nedste laget i loa (støa) eller var ferdig med treskinga. Er dette kjent får Dykkar bygd? Kva slag mat eller rett var det, og kva kalla dei den (støkling, låvakling, stødebeten, stødemylje, kjøtsodd)? Fekk dei den inne, eller vart den boren ut på låven til dei, og kven var det i tilfelle som bar den ut? Var det serlege ordlag eller seremoniar som vart nytta ved det høvet? 5

52. Er det kjent at treskjaren, når han var komen til nedste laget i loa, skulle freista setja budeia eller tausa på støstein? Korleis vart dette gjort (heisa henne opp under taket, binda henne til låvedøra, binda hendene hennar på ryggen, setja henne til skrevs over låvebrikjet e.a.)? Skulle han i tilfelle binda med halm? Kunne ho fri seg på nokon måte, t.d. ved å gi treskjaren eit par sokkeband? Feste treskjaren desse i hatten sin? Var det berre dei ugifte som sette og kunne verta sett på støstein? 53. Er det kjent at dei trudde dei kunne missa kornlukka dersom det kom nokon framand medan dei treskte nedste laget (støa)? 54. Er det kjent andre skikkar i samband med neste laget i loa? (Om løkatt, løkall, o. l., sjå dei neste sp.). 55. Var det i Dykkar bygd snakk om at løkatten, løkallen, stødkallen, stødkjerringa, stødkøysa eller eit anna liknande vesen var i dei siste banda? Kva heitte dette vesenet i tilfelle? 56. Var det visse skikkar i samband med dette, og korleis var dei i tilfelle? Mange stader tala dei om å treskja ut katten (evt. kallen) når dei var komne til dei aller siste banda. Sume stader treskte dei laus på desse banda så hardt dei kunne. Andre stader hadde dei laga til ein figur av halm som dei kom stikkande fram med under stor jubel. Når dei var ferdige med treskinga, sa dei at katten eller kallen var reist til ein annan namngjeven grannegard der dei ikkje var ferdig med treskinga. Dersom nokon av grannane ikkje var ferdig med treskinga til den tid dei burde vera det, kunne ein eller fleire av grannane laga ein løkall av halm og hengja op ein stad på garden hans. Jfr. og sp. 6. Dersom noko av dette eller noko liknande er kjent frå Dykkar bygd, ville vi svært gjerne at De skulle fortelja om det så utførleg som De kan. Det vert òg fortalt sume stader, at borna, når dei kom på låven vart spurt om dei ville sjå løkatten. Dersom dei svara ja, fekk dei tusten kring nakken, og treskjaren klemde til så dei skreik. Då hadde dei sett han. (Sjå sp. 47.) Var borna redd løkatten? 6

57. Var det vanleg at dei siste eller dei to siste banda vart tatt av til juleband? Hadde dei noko sers namn på dei (stødeband)? Kunne husmannen eller andre som ikkje hadde korn, få juleband av husbonden eller ein annan bonde? 58. I fleire bygder var det skikk at den første kvinna som kom i huset eller på låven etter at dei hadde tatt til å treskja over nyår, ho vart låvekjerringa til treskjaren. (Jfr. sp. 7). Dersom det var ei kvinne som treskte, kunne ho få seg ein låvekall på same måten. Kjenner De denne skikken? Kva kalla dei i tilfelle vedkommande (låvekjerring, låvefrue, låvedompe, treskjebresje)? Dersom det var fleire treskjarar på låven, vart det då rekna med fleire låvekjerringar (ei til kvar treskjar)? Kven skulle då ha den første (den eldste treskjaren, husbonden)? Skulle vedkommande koma inn i stova, kjøkkenet eller på låven? Var det slik at vedkommande ikkje måtte ha vore på garden mellom julafta og nyår? Skulle ho (han) opp på låven og slå nokre slag med tusten først? Hadde ho (han) visse plikter, t. d. å gi ei gåve, kva kalla dei denne gåva, og kva var det dei gav? Var det stas med å verta låvekjerring eller låvekall? 59. Kunne dei ta varsel av låvekjerringa for neste haust, og korleis gjorde dei det (var ho tjukkfallen og stor, vart det god haust; var ho mager og lita, vart det dårleg)? 60. Lika dei det ikkje dersom det kom magre, vanføre eller uhamslege folk inn på låven medan dei treskte? Korleis kunne ein berga seg mot vond verknad frå dei (sputte etter dei når dei gjekk)? 61. Tok dei andre slag varsel under treskinga for neste hausten, t. d. ved å sjå om siste berja vart full eller ikkje? 62. Var det skikk at dei sikra seg god haust ved å la det liggja att noko ukasta korn på låven julaftan? Skulle det kornet vera treskt vesel julaftan? 63. Var det nokon serleg skikk med tistel og anna ugras som dei fann i kornbanda? 64. Kjenner De noko treskjemannsvise frå Dykkar bygd, og korleis lyder den? Var det noko rim eller regler i samband med treskinga? 7