Tysnes OPPLEV TYSNES GRATIS SOMMARMAGASIN TIL FASTBUANDE OG TURISTAR SOMMAREN 2016. Med alt du treng å vita om TYSNESFEST



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Teknikk og konsentrasjon viktigast

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

5. Soknerådsmøte mai Referat

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Kva er økologisk matproduksjon?

«Ny Giv» med gjetarhund

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Sandeid skule SFO Årsplan

I N N H O L D. Forord

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

Jon Fosse. For seint. Libretto

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

INFORMASJON om førestellinga:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

mmm...med SMAK på timeplanen

Kom skal vi klippe sauen

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Valdres vidaregåande skule

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald


BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Brødsbrytelsen - Nattverden

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Månadsbrev for ROSA mars 2015

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Stemnehandboka for NKSF

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Sjekkliste for regatta-ansvarleg på Ran Eintypeserie 2015

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

De ufrivillige Regi: Ruben Östlund (Sverige 2008) 1t 38min

SULA KOMMUNE Formannskapet

Månadsplan for Hare November

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Velkomen til Mork barnehage

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Transkript:

GRATIS SOMMARMAGASIN TIL FASTBUANDE OG TURISTAR SOMMAREN 2016 Med alt du treng å vita om TYSNESFEST Tysnes OPPLEV TYSNES

Tysnes 6 1 0 2 t s e f s e Tysn INNHALD Ti om ti år med Tysnesfest 4-5 Fann jaktparadiset dei drøymde om 26-27 Vil ha nytt liv i den gamle skulestova 49-51 Lokalprodusert mat og nære gardsopplevingar 7-9 Myteomspunnen øy ventar på deg og meg 28-29 Flaggmannen på toppen av Såto 52-53 Tysnesfest i ei veke endå meir til ungane 10-11 Neshamn: Gamal bru får nytt liv 31-33 Haaheim Gaard: Har bookingar langt ut i 2017 Utvekslar kultur på kjøkenet 12-13 Onarheim: Husdraumen nærmar seg 34-35 Onarheimsgilde for tiande gong 80-81 Bonde på livstid 14-15 Sommarseglas med «Seladon» 36-37 I harmonisk ubalanse på sjøen 82-83 Tysnes viktig for Lerøy Sjøtroll 18-21 Ferjenes stolte «stamfar» 40-43 Barneside og sommarmix 24-25 Heiltidskunstnar i over 40 år I ein liten kjellar hadde Skorpo sin eigen butikk 85-87 44 54 OPPLAG: 28.000. TRYKK: NR 1 TRYKK A-MEDIA TRYKK FRAMSIDEFOTO: CAMILLA KORSNES REDAKSJONEN REDAKTØR Ole Skaten ole@tysnesbladet.no JOURNALISTAR Randi Kleppe randi@tysnesbladet.no Kristine Næss Thorsen kristine@tysnesbladet.no Camilla Korsnes redaksjonen@tysnesbladet.no Lars Mæland redaksjonen@tysnesbladet.no Vidar Alfarnes redaksjonen@tysnesbladet.no PRODUKSJONSSJEF Morten Haaland morten@tysnesbladet.no GRAFIKAR/LAY OUT Marita Bakke marita@tysnesbladet.no ANNONSESAL Marita Bakke, Svanhild Hjørnevik, Morten Haaland og Ole Skaten redaksjonen@tysnesbladet.no SOMMAR PÅ TYSNES 3

I strålande solskin ligg båten der og duppar, fredfull og vakker. Snart skal eg finna ut om idyllen er ein illusjon eller ikkje. I harmonisk ubalanse på sjøen Nærkontakt med vatn har så lenge eg kan hugsa vore noko som eg har frykta. Det har for det meste gått greitt å vera ombord i båtar, då dei som regel ikkje søkk. Men den fyrste gongen eg var ombord i ein oselvar, for vel ti år sidan, vart eg fort skeptisk. Sjøen kom stundom litt for nærme ripa på båten, meinte eg. Sidan den gong har eg ikkje sett fot i ein oselvar. Før no. Balanserer båten med mannskapet For dei som kan båtar, og kan ein del om segling, er oselvaren ein fantastisk båt. Med lange tradisjonar, og eit design som går attende til vikingtida, er det ikkje rart at oselvaren i 2009 vart kåra til Norge sin nasjonalbåt av Redningsselskapet. Men for dei som berre er ute etter å halda ein trygg avstand mellom sjøen og seg sjølv, er oselvaren eit fartøy som tilsynelatande ikkje oppfyller eit ganske naudsynt krav om balanse. Oselvaren har nemleg ikkje vekt i botn eller kjøl, så båten blir balansert utelukkande ved at mannskapet er levande ballast. Det vil seia at dei ofte må lena overkroppen ut over ripa. Kjell Magnus Økland og Vegard Aslaksen er to som heilt klart kan noko om både oselvaren og om segling. Aslaksen er leiar i Båtlaget Njord/Tysnes, og Økland er eigar av oselvaren. Begge to seglar oselvarregatta, og ynskjer at fleire unge skal ta opp seglarsporten. Det er sosialt å segla oselvar. Me løyser mange verdsproblem, dei gongane me sit i båten og ventar på vind, seier Økland spøkefullt. 81-åring på sjøen «Ola Dilt», står det på namneskiltet ombord i båten som ligg og duppar i vika på Økland denne flotte solskinsdagen. Som med dei fleste oselvarar, er namnet kort og konsist, og det ligg ei historie bak det. Då den fyrste eigaren av båten skulle avgjera kva båten skulle heita, vart det ein diskusjon blant heile slekta. Dei vart ikkje samde, og då var det til slutt ein av dei som utbraut: «Ola Dilt, Ola Dalt, Ola spekesild og salt!» Og då vart det namnet, fortel Økland, medan han og Aslaksen justerer storseglet og fokka, og båten svaiar alarmerande frå side til side. «Ola Dilt» er unekteleg ein flott båt. Det er nesten ikkje til å tru at den vart bygd i 1935, i Lysefjorden i Os. Den har vore i Økland si eige sidan 1996. Han er den fjerde eigaren. Er du ofte ute med båten? Nei, det blir ein fire-fem gongar i året, men det skulle helst vore ti-tolv. Men det er ikkje for seint med eit nyttårsforsett! I år skal eg segla mykje meir med denne båten, seier Økland med eit smil. Ubalanse snur til harmoni Etter dei fyrste, vinglete minuttane på sjøen, byrjar den sjønære båten å kjennast tryggare. Det hjelper nok å ha eit erfarent mannskap om bord, men det er uansett ikkje til å koma frå at det går eit lite adrenalinrush gjennom kroppen i det dei snur båten, og seglar i medvind. Kjensla av at båten gjer akkurat det den er bygd for, får meg til å gløyma kor nærme ripa på båten vasskorpa faktisk er. Vinden tek tak i både hår og segl, og sjøen glitrar i solskinet. Lukta av sjø og lydane frå båten harmonerer godt i lag, og det som fyrst kjendest ut som eit fartøy heilt ute av balanse, er plutseleg ein naturleg del av noko større. Allsidig bruksområde «Ola Dilt» vart opphavleg bygd 82 SOMMAR PÅ TYSNES

som ein konkurransebåt. Men etter at Økland flytta den heim til naustet på Økland, har det blitt fleire koseturar enn regattaar med båten. Noko som eigentleg er litt fint. Det er meir enn det som er mellom start og mål på ein regatta. Ein må mellom anna rigga opp og ned og segla til området, seier Økland. Det er viktig å kosa seg når ein er på sjøen, presiserer Aslaksen. Det er normalt å ha eit mannskap på tre personar for å segla ein oselvar. Denne dagen er det berre to som gjer alt arbeidet, men det går bra, det også. Oselvar er ein fin familiebåt, der det er plass til ein vaksen og to-tre born. Det er ikkje alle born som vil ut i ein optimistjolle aleine, og då er oselvaren god å ha, seier Økland. Oselvaren er dessutan ein båt som ikkje ligg ute heile året, noko som gjer at ein etter bruk berre treng å spyla av den og setja den i naustet, og så er den klar for ny tur. Ein båt med karakter Kjell Magnus Økland og Vegard Aslaksen har segla saman sidan dei var små. Begge to rosar opplæringa som dei fekk gjennom båtlaget Njord/Tysnes, då spesielt juniorregattaane dei hadde før i tida. Då måtte nemleg alle deltakarane segla alle dei ulike båtane. Både «dei gode» og dei «mindre gode». Då fekk me augo opp for kva båtar som var gode på ulike måtar. Dei er litt som folk eller dyr, båtane. Dei har karakter, seier Økland. Det å læra seg dei ulike styrkane og svakheitene til båten sin er spesielt viktig viss ein seglar regatta, fordi båtane er bygd ganske likt, legg Aslaksen til. I år skal «Ola Dilt» på sjøen fleire gongar. Under Siglarveka til båtlaget i august skal den vera til stades. Det skal den også under NM i oselvar, som går av stabelen rett etterpå. Skiljast med tungt hjarte Turen er over, og det er med eit overraskande tungt hjarte eg gjer meg klar til å gå i land igjen. Det er ikkje den mest elegante ilandstiginga, men det går greitt. Korkje båten eller eg kvelvar. Båten blir deretter halt forsiktig opp på land og inn igjen i naustet. Litt spyling, litt lakking i løpet av året, og «Ola Dilt» er klar for mange fleire turar med både erfarne og mindre erfarne seglarar. RANDI KLEPPE randi@tysnesbladet.no SOMMAR PÅ TYSNES 83

DET SKJER PÅ TYSNES I SOMMAR JUNI 5. Botanisk vandring, Vågsnes i Nedrevåge på Årbakka. Arr. Tveit Bygdalag. 5. Open bowling i Tysneshallen 8. Open bowling i Tysneshallen 11. Open bowling i Tysneshallen 11. Trubadurane Årstein Tislevoll og Tom Wagtskjold 12. Open bowling i Tysneshallen 13.-15. Tine Fotballskule på Reiso. Arr. Njardar/Tysnes 15. Open bowling i Tysneshallen 18. Trubadurkonsert med Jan Inge Kvilshaugsvik 18. Open bowling i Tysneshallen 18. Opning av sommarutstilling ved Galleri Elisabeth G. Måleri, grafikk, skulptur og glas frå mange kjende kunstnarar. Stengt måndagar, elles ope alle dagar. 19. Opning av Tysnes skulemuseum i Solheimsdalen. 19. Open bowling i Tysneshallen. 20. Tysnes Bygdekvinnelag. Avslutning på Amundstølen, Våge. 22. Open bowling i Tysneshallen. 24.-25. «Jojo» 25.-26. Open bowling i Tysneshallen 29. Open bowling i Tysneshallen. JULI 1. Disco i musikkteltet 1.-3. Fotballcup (Tysnes Sparebank cup) på Reiso gras- og kunstbane. For damer og menn frå 15 år og oppover. Ulike klassar. Arr. Njardar/Tysnes. 2. «Goggen» og Peter Nordberg i musikkteltet 4. Tysnesfest opnar. «Feira livet», gudsteneste i Uggdal kyrkje tilrettelagt for baby, småborn og storfamilie. Stort sjørøvarshow i Kjevikjo. 5. Tysnesfest. Aune Sand i Saga på Årbakkasanden. Stort sjørøvarshow i Kjevikjo. 6.-9. Live-musikk inne og ute på Mandelhuset 6. Tysnesfest. Dags- og kveldsprogram. Sjå eige program. 6. Open bowling i Tysneshallen 7. Tysnesfest. Dags- og kveldsprogram. Sjå eige program. 7.-8. Marknad v/brukthandelen i Uggdal. Salsboder av mange slag. Moro for born, og kafé med varm mat. 8. Tysnesfest. Dags- og kveldsprogram. Sjå eige program. 9. Tysnesfest. Dags- og kveldsprogram. Sjå eige program. 10. Tysnefest. Avslutningsdag. Sjå eige program. 13. Open bowling i Tysneshallen 11.-15. Sjøsportveko i regi av Båtlaget Njord/Tysnes. Jollesigling og sjøsport for born i alderen 8-13 år. 16. Duoen «Ørnes & Bjelland» underheld 16.-17. Ope hus, Gjøvåg, Reksteren. Gardsmuseum, utstilling/sal av handverksprodukt, kafè, sjå på dyr. 20. Open bowling i Tysneshallen 22.-23. Cato Thorsen Trubadur med høg allsongfaktor. 27. Open bowling i Tysneshallen 29. Livemusikk ved Ingvald Alvseike 29. Onarheimsgildet. Laksefest på Alsaker Brygge. Servering av grilla laks m/tilbehør samrøde dans. 30. Onarheimsgildet. «Gildesamkome i Kulturkyrkja på Onarheim». Om Olavsgildet på Onarheim og om Heilag Olav. Religionshistorikar Øystein Morten fortel om si omfattande leiting. 30. Mor Di II konsert med Raititaibndet frå Fitjar Ingvald Alvseike inne etter konserten. 31. Onarheimsgildet. Motbakkeløpet «Blåbærhaugen opp». Pilgrimsvandring over fjellet til Onarheim kyrkje. Presteskyss, prestemottak og prosesjon til kyrkja. Kveldsmesse i Onarheim kyrkje ved sokneprest Aksel Lygre. «På kyrkjebakken», med kåseri av Olav Skjellevik. AUGUST 5.-6. Jim Jacobsen 9.-12. Siglarveko i regi av Båtlaget Njord/Tysnes. Oselvarsigling for folk i alle aldrar frå 13 år. 12.-14. Båtlaget Njord/Tysnes inviterer til NM i Oselvar. Kåring av noregsmeister i Nasjonalbåtklassen. 12. Livemusikk på Mandelhuset i samband med NM i Oselvar 13. Bryggedans og feiring av NM i oselvar. 20. «Seilingens dag». Arr. Njord/Tysnes 20. Dansegalla, Tysneshallen, Hanne Mette Band og Bris spelar. Arr. Tysnes musikklag. SEPTEMBER 3. Galleriet på Breidablikk (Dokkegalleriet). Folkedrakter på Tysnes frå 1800-talet. Føredrag v/britt Kjellesvik Rage. 4. Galleriet på Breidablikk (Dokkegalleriet). Folkedrakter på Tysnes frå 1800-talet. 11. Føredrag ved Anders Haugland på Skorpo skule: «Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland». Arr. Tysnes sogelag. 25. Hausttur til Tretteskjeret. Tema: Skorpetretta i 1327/28 og Tretteskjeret. Arr. Tysnes sogelag.