Eresfjord og Vistdal Statsallmenning Nesset Fjellstyre Nesset Fjellstyre administrerer bruksretter og herligheter (lunnende) i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning (EVS). Statskog SF er hjemmelshaver og administrerer grunneierretten. EEV er 214 km km2, det utgjer vel 20 % av arealet i Nesset kommune. Alt er høgfjell. Fjellstyret si verksemd er hjemla i Fjellova av 1975. I hovudtrekk gjeld bruksrettane jakt, fangst og fiske, og jordbrukstilknytta allmenningsrettar som seter og beite. Fjellovens paragraf 3 set ramme for fjellstyra si verksemd: «Fjellstyret skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenningen så langt ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. Det skal arbeide for å sikre at allmenningen vert brukt på ein måte som fremjar næringslivet i bygda og tek vare på naturvern- og friluftsinteresser.» Fjellstyret har eigen økonomi (fjellkasse), der mesteparten av inntektene kjem frå sal av jaktkort og fiskekort. Fjellstyret har og halvparten av inntektene av tomtefester frå hytter i statsallmenninga. Vi sel og oppsynstenester for mellom anna Statens Naturoppsyn. Omsetning i 2013 var på kr. 483 000. Av overskotet gir Fjellstyret tilskot til ymse lag og organisasjonar. Nesset Fjellstyre har ein ansatt i om lag 50 % stilling som sekretær og fjelloppsyn. Val av Fjellstyre Hovudregelen i fjellova er at det skal vere eit fjellstyre i kvar kommune som har statsallmenning. Styret skal ha anten 5 eller 7 medlemmar. Styret vert valt av kommunestyret for fire år om gangen (kommunevalperioden) Ved val av fjellstyre er kommunen pliktig til å følgje fjellovens bestemmelser for samansetting av fjellstyret: - Fleirtalet av medlemmane med personlige vara medlemmer skal vere frå området hvor allmenningen ligg. Grensene for «området hvor allmenningen ligger» er i Kgl. res. Av 24. juli 1964 fastsett til å gjelde vedkommende kommunes grenser pr. 1. januar 1956 (I Nesset gjeld det gamle Eresfjord og Vistdal kommune). - For fjellstyrer med fem medlemmer skal minst to medlemmer med varamedlemmer ha allmenningsrett som jordbrukere, for fjellstyrer med sju medlemmer skal minst fire medlemmer med varamedlemmer ha allmenningsrett som jordbrukere. - Jakt, fiske og friluftsinteressene skal vere representert i fjellstyret. Fjelloven set ikkje føring på at leiaren av fjellstyret skal ha allmenningsrett som jordbruker, men dette har vore praksis i Nesset i mange år. Sameleis har det vore praksis at alle styremedlemmane er busett i gamle Eresfjord og Vistdal kommune.
Jordbrukstilknytta allmenningsrett Alle gardsbruk i Eikesdal har jordbrukstilknytta allmenningssrett i EVS. Rett som er knytta til jordbrukseigedom kan berre utnyttast så langt det skjer til drifta av eigedommen som jordbruk. I dag er det ingen i Eikesdal som nyttar retten til dette (seter, eller beite av storfe). Innanbygdsbuande/utanbygdsbuande Innanbygdsbuande vert definert etter kommunegrensa frå 1956. (kgl. res 24. juni 1964). Dei som bur i gamle Eresfjord og Vistdal kommune vert soleis definert som innanbygdsbuande. I Fjelloven paragraf 23 og 28 står det: «-fast busett i området der allmenningen ligg - og som kongen fastsett grensene for - eller i bygd eller grend der innbuarane frå gamal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen.» Jakt og fiske. Småviltjakt utan hund Her har alle i Norge same rettar, men fjellstyret kan avgrense jakta i antall jaktkort og tid. Nesset Fjellstyre har fritt sal av kort utan omsyn til bustad. Kvote på to ryper pr. dag. Jakttid 20. sept.- 23. des. Småviltjakt med hund Her kan fjellstyret avgrense jakta til innanbygdsbuande, men fjellstyret har valt å selje til alle uansett bustad. Tre avgrensa område, to kort pr. periode. Kvote på to ryper pr. dag. Villreinjakt Fjellstyret kan bestemme om heile, eller delar av villreinkvoten, skal vere open for alle busett i Norge, eller kun til innanbygdsbuande. Fjellstyret kan t.d. ikkje opne for slik jakt kun for innbyggarar i Nesset. Nesset Fjellstyre har ikkje opna for villreinjakt for jegerar som ikkje er innanbygdsbuande i gamle Eresfjord og Vistdal kommune. Fiske utan garn Alle busett i Norge har like rettar. Fjellstyret kan og opne for sal til utlendingar. Nesset Fjellstyre har selt fiskekort til alle uansett bustad. Fiske med garn Innanbygdsbuande får fiske med fritt antall garn i alle vatn. Utanbygdsbuande får fiske med inntil tre garn i alle vatn. Jakt på rovvilt Alle som kjøper jaktkort (rein og småvilt) av Nesset Fjellstyre har automatisk løyve til å jakte på rovvilt i EVS. Dette under føresetnad av lovleg jakttid, våpen og eventuell godkjend lisens.
Jakt på elg, hjort og rådyr Nesset Fjellstyre hadde godkjend vald for slik jakt på 1990 talet, men dette løyvet gjekk ut. Nesset Fjellstyre har fleire gonger søkt om igjen å få godkjend slik jakt, men fått avslag av TNM i Nesset Kommune. Det vert stadig observert elg og hjort i EVS, og tilsvarande jakt foregår i statsallmenningane i Lesja, Sunndal og Rauma. Kommunesamanslåing - Rett til beite og setring er ikkje knytt til kommunegrenser, og vil ikkje bli påvirka av ei eventuell kommunesamanslåing. - Ei kommunesamanslåing vil ikkje påverke retten til villreinjakt, småviltjakt eller fiske, av di innanbygdsbuande vert definert etter kommunegrensene frå 1956. - Jakt på elg, hjort, rovvilt og rådyr vil bli påverka av kommunesamanslåing då innanbygdsbuande vil bli definert etter gjeldande kommunegrenser. Norges Fjellstyresamband har imidlertid sendt forslag til regjeringa om at dagens kommunegrenser vert gjeldande som definisjon for innanbygdsbuande i høve til jakt på elg, hjort, dådyr, rådyr, bever og rovvilt. Ein vil då få ein tilsvarande definisjon som Kgl. res av 1964. - Dersom det vert gjort vedtak om kommunesamanslåing bør det forhandlast om det skal vere eit eller fleire fjellstyre. Dersom dette vert tatt opp etter kommunesamanslåinga er det det nye kommunestyret som kjem med tilråding. Statskog SF er delegert mynde til å avgjere om det skal vere eit eller fleire fjellstyre i ei kommune med fleire statsallmenningar. Dette etter uttale frå kommunen. - Dersom det vert aktuelt å slå saman fleire fjellstyre bør ein m.a. diskutere økonomi (fjellkasser), hytter og ansatte. - Nesset Fjellstyre har overgangsavtaler i reinsjakta med rettshavarane i Rauma, Lesja og Sunndal og dei andre rettshavarane i Nesset. Ved eventuell kommunesamanslåing må kanskje nokre av desse avtalane reforhandlast. Normalt er ikkje det noko problem. - Dersom fleire fjellstyre skal slåast saman må ein og diskutere antall styremedlemmar i det nye styret. Med sju styremedlemmar skal dei med jordbrukstilknytta allmenningsrett ha fire av sju medlemmar i styret. Med fem styremedlemmar skal dei vere representert med to i styret. Uansett skal fleirtalet av styret kome frå der allmenningane ligg. Dette styret må halde seg til dei rettane som rettshavarane i dei ulike statsallmenningane har. - Det til ei kvar tid valgte fjellstyre kan bestemme om småviltjakt med hund, garnfiske og reinsjakt heilt eller delvis skal vere open for utanbygdsbuande.
Dette skrivet tek utgangspunkt i dagens situasjon. Vi er kjent med at regjeringa har lagt fram forslag om «Forenkling av utmarksforvaltningen» til uttale. Her er det forslag som kan endre på dagens situasjon. Eresfjord/Eikesdal 2.2.2015 Nesset Fjellstyre Dag Ringstad Sekr. Nikolai Finset Leiar Vedlegg: Oversiktskart over Eresfjord og Vistdal Statsallmenning.
Oversiktskart Eresfjord og Vistdal statsallmenning.