Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø Glommens og Laagens Brukseierforening Postboks 1209 2605 LILLEHAMMER Delegert vedtak 117/10 Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2009/1071/89/N08 Bjørn Dalen 29.11.2010 bjorn.dalen@skjaak.kommune.no Saka gjeld: Søknad om kjøretillatelse med scooter i Reinheimen nasjonalpark og Ottadalen landskapsvernområde i forbindelse med snømåling og nødvendig tilsyn av linkstasjon Vi viser til brev dagsett 18.11.2010.Saka er handsama her og det er gjort vedtak i saka, som følgjer: Saksutgreiing Det blir søkt om å få nytte snøscooter i Reinheimen nasjonalpark og Ottadalen landskapsvernområde i samband med måling av snø. Det er vedlagt kart som viser køyreruter og målestrekk. Det blir søkt om løyve for perioden 2011-2015. Kva slags aktivitet? GLB har dreve målingar i området sidan Skjåk 1 var bygdt på 1960-talet. Dette er ein aktivitet som er nødvendig for å kalkulere framtidig vassføring i samband med drifta av kraftanlegget. Det har vore køyrt snømålestrekk som vist på vedlagt kart. Dette går frå Aursjoen, utanfor verneområde, gjennom Ottadalen LVO og inn til endepunkt i Reinheimen NP. Det gjeld 5 strekk. I tillegg blir det køyrt snømålestrekk ved austre enden av Torsvatnet. Det blir da køyrt inn Tordalen, opp Tverrådalen til Torsflya der strekka ligg. Heile dette området ligg i Reinheimen NP. Det blir søkt om løyve for 5 år, 2008-2010. Vurdering Vernereglar Følgjande paragrafar heimlar verksemnda: Forskrift for Reinheimen nasjonalpark: 6.3. c) Bruk av beltegåande køyretøy på snødekt mark etablerte traséar eller lufttransport for nødvendig motorferdsel i samband med snømålingar og drift av kraftanlegg. Forskrift for Ottadalen landskapsvernområde: 5.3. b) Nødvendig transport av ved, materialar eller varer til buer og hytter, utkøyring av båt og nødvendig Postadresse Heimeside Telefon Bank 61217000 2085.07.40004 2690 Skjåk Telefaks Org.nr E-post: post@skjaak.kommune.no www.skjaak.kommune.no 61217001 961381096
Side 2 av 2 motorferdsel i samband med snømålingar o.l. på snødekt mark langs etablerte traséar eller ved lufttransport. Motorferdselloverket Motorferdselloverket gjennom, Nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag heimlar verksemnda i 2e. Verneforskriftene har forrang ved avgjerd. Verksemnda har pågått i mange år. Tiltakhavar rapporterer til forvaltningsmynde ved sesongslutt når det er køyrt. Det har ikkje vore sett krav om bruk av leigekøyrar sidan arbeidet er såpass spesielt. Køyring skal i regelen brukast leigekøyrar, og ein ber tiltakshavar vurdere om dette er mogleg. Det er behov for inntil 3 turar til Torvatnet og inntil 5 turar i Aursjonområdet. Det er ikkje kjent at verksemnda har negativ verknad på natur og miljø. Det opplista mannskapet er og godt røynde i kva ansvar dei harved køyring i verneområde. Det er heller ikkje kjent at det er andre måtar å gjennomføre målingane på som er meir miljøvenlege. Ein vurderer derfor den samla lasta på natur og miljø som liten. Miljø- og næringsutvalget sitt vedtak: Skjåk kommune v/miljø- og næringsutvalget vedtek å gje Glommens og Laagen Brukseierforening løyve til å nytte snøscooter til snømåling ved Torvatnet og i området nord og aust for Aursjoen som vist på kart. Løyvet blir gjeve med heimel i forskrift for Reinheimen nasjonalpark 6.3 punkt c og Ottadalen landskapsvernområde 5.3 punkt b. Løyvet blir gjeve på følgjande vilkår: 1.Med henvising til 8 i lov om motorisert ferdsel i utmark og vassdrag skal ferdsla foregå aktsomt og omsynsfullt i forhold til natur og miljø. Det må takast omsyn til eventuell villrein området så han ikkje blir unødig skremt. 2.Køyreløype skal følgje mest mogleg den trase som er oppgjeven på kart vedlagt søknaden, men det må kunne takast omsyn til vær- og føreforhold. 3. Oppdraga må utførast før 20. april, evt 3.påskedag, kvart år. 4. Det skal førast køyrebok for snøscooter. Kopi av køyrebok skal sendast Skjåk kommune v/psm, 2690 Skjåk, innan 5.juni kvart år 5. Statens naturoppsyn skal varslast før kvar enkelt tur blir gjennomført. 6. Løyve skal følge køyretøyet under transporten og visast fram for oppsyn/politi eller andre om det blir kravd. 7. Løyvet gjeld for åra 2011-2012-2013-2014-2015. Det blir gjeve løyve til inntil 3 turar til Torsvatnet og 5 turar til området nord for Aursjoen, kvart år. Antal turar skal koordinerast slik at dei blir redusert til eit minimum. Tillatelsen avgrensar ikkje grunneigaren sin rett til å nekte motorferdsel på sin eiendom. Innehaveren av løyvet må sjøl innhente semje frå grunneigar. Bot på vilkår, forskrifter eller lover vil føre til straffeansvar. Klage Det kanklagast på vedtaket til Direktoratet for naturforvaltning. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen da brevet kom fram til påført adressat. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristens utløp. Klagen skal sendast skriftlig til den som har gjort vedtaket, oppgje vedtaket det vert klaga over, den eller dei endringer som er ynskt, og dei grunner du vil gje for klagen. Dersom du klagar så seint at det kan vere uklart for oss om du har klaga i rett tid, vert du beden om å oppgje når denne melding kjem fram. Med helsing Bjørn Dalen
Kopi til: Ottadalen villreinutval v/knut Granum 2690 SKJÅK Møre og Romsdal fylke 6404 MOLDE Statens naturoppsyn 2686 LOM Fylkesmannen i Oppland Serviceboks 2626 LILLEHAMMER Direktoratet for naturforvaltning 7485 TRONDHEIM Kontaktutvalet for Reinheimen 2665 LESJA Side 3 av 3
Side 4 av 4
Side 5 av 5